Periodeplan for Blåklokke September 2016 -Februar 2017 ØYRA BARNEHAGE 1
Evaluering Vi har så vidt kome i gang med kvardagen vår på Blåklokke. I august og september har vi tilvenning av nye born. Nokre av borna har gått her før, men dei aller fleste er heilt nye. Det er viktig å gje dei nye borna ein trygg og roleg start samtidig som dei gamle borna skal bli ivaretatt slik som dei er vant med. Og vi er ei heilt ny gruppe. Dette er spennande både for store og små. For borna har det handle om å bli kjent med nye ansikt og nye rutiner. Nokon skal kanskje forlate mamma og pappa for første gong. Og det kan vere skremmande. Vi har hatt fokus på å la dei nye borna ha ei primærkontakt som bornet først skal bli kjent med. Dette for å gjere denne overgangen mest mogeleg trygg og oversiktleg for barnet. Vi har brukt dagane på å bli godt kjent med kvarandre og la borna få den tida dei treng på å finne seg til rette her på basen. Vi har lagt inn meir og meir faste rutiner i kvardagen etter kvart som borna har blitt meir trygge. Slik det ser ut no er vi på god veg til å bli godt kjent. Borna har funnet seg til rette og vi skal så smått starte med litt meir struktur på veka. Vi tek det sakte og i borna sitt tempo. Vi vaksne skal vere tilgjengeleg i borna si utforsking og leik. Vi ser allereide konturane av ei gruppe som er fylt med leik, utforsking, inntrykk og uttrykk. Og borna syner stor interesse for kvarandre. Vi har samlingsstund der vi snakkar om ting som opptek oss, syng songar vi likar godt og eventyr som er spennande å høre. Vi likar godt å vere ute og ein kan ane ei gruppe som er glad i å vere ute i all slags vær. Etter kvart kjem vi til å gå på tur ein til fleire gongar i veka. Dette avhengar på vær og born sine interesser. Vi har dagleg samlingstund der vi syng og rører oss til musikk og song. Vi har starta med nokre få songar som vi vil at borna skal bli kjent med. Personalet på Prestekrage Kristin Ertresvåg, Mette Lise Øyen, Bente Kiperberg, Barnegruppa på Prestekrage Født 2014-2015 Emilie Linnea Lukas Pedagogisk leiar Assistent Assistent Daniel Sigurd Oskar 2 David Mindor Filip
Prosjektarbeid på Blåklokke: Eit prosjekt gir rom for mange slags aktivitetar, vi kan teikne, måle, ha fysisk aktivitet. Alle fagområda vil naturleg kome til syne gjennom prosjekt arbeid. Vi kjem til å legge til rette for ulike småprosjekt på funksjonsromma og i gruppene. Nokre vert satt i gang av oss vaksne og andre er det interessa til borna som avgjer kva prosjekt vi skal jobbe med. Vi jobbar med temaet «På Veg». Dette er eit tema som kan by på mykje spennande. Vi på Blåklokke skal jobbe med «utvikling gjennom bruk av sansane». Borna lærer gjennom smak, lukt, kjenne på, høre og sjå på. Gjennom dei ulike funksjonsromma og dei aktivitetane og leikene som er der, kan vi legge til rette for ny og spennande oppdaging. Gjennom dei ulike turane og opplevingane vi gjer både ute i barnehagen og utafor barnehagen, får borna bruk for sansane sine i læringa. For oss vil temaet framover vere «å bli kjent». Vi brukar alle sansane våra på bli kjent og trygge på alt og alle som er rundt oss. Det gjeld både menneske, romma, leikene, rutinene, nærmiljøet og mykje meir. Kor lang tid vi treng på dette prosjektet er uvisst. Men det er mykje spennande som kan skje på vegen. Kvar vil dette prosjektet ende? Sosial kompetanse: Vi jobbar med Sosial kompetanse. Sosial kompetanse er viktig for å motvirke utvikling av diskriminering og mobbing i barnehagen. Barnehagen har ein samfunnsoppgåve med omsyn til førebygging på dette området. Vi vaksne er rollemodellar og bidreg gjennom eigen væremåte til borna si læring av sosiale ferdigheiter. Anerkjenning og støttande relasjonar er eit grunnlag for utvikling av sosial kompetanse. Vennskap: På Blåklokke jobbar vi for at alle borna skal utvikle vennskapsrelasjonar. Vennskap skjer først og fremst gjennom den frie spontane leiken og eit godt samspel. I det sosiale samspelet gjer borna seg erfaringar som er viktige faktorar i den sosiale læringsprosessen. 3
Vi vil at borna både skal utvikle seg som individ og til å kunne fungere i ei gruppe. Vi ynskjer at borna utviklar positive holdningar til det å hjelpe, oppmuntre og dele med kvarandre. Vi vil oppmuntre dei til å hevde seg sjølv og eigne meiningar på ein god måte. Borna skal lære seg å bry seg om kvarandre, løyse konfliktar og ta andre sine perspektiv. «VI ER STADIG PÅ VEG!» Språk: Småbarnsalderen er den grunnleggande perioda for språkleg utvikling. Kroppsspråk og leike med lydar er ein vesentlege del av måten barnet nærmar seg andre menneske på. Vi skal gi borna varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Vi legg stor vekt på å stimulere borna sitt språk. Både talespråket og kroppsspråket. Språket utviklar seg best gjennom her og no situasjonen. Samtale med borna der vi vaksne er medvitne på korleis vi ordlegg oss, er viktig for utviklinga. Bornet utviklar språket gjennom song, lese bøker og samtalar. Øyra barnehage i eit fleirkulturelt perspektiv: Vi har born med ulike nasjonalitetar og tru, derfor er det viktig at vi syner toleranse og er opne med kvarandre. Borna skal lære å respektere kvarandre og at vi alle er ulike. Markering av høgtider: Borna skal få kjennskap til vår kulturarv, ved at vi marerar dei største og viktigaste kristne høgtidene. Og at dei få kjennskap til dei kristne grunnverdiane og dei kulturelle tradisjonane som er i barnehagen. I julehøgtida får borna kjennskap til det kristne innhaldet og tradisjonen ved jula. Vi har fokus på å glede kvarandre. I påsketida har vi fokus på nytt liv. Vi snakkar om at naturen vaknar til lit, dyr vert født og fuglane kjem tilbake. Dei ulike funksjonsromma: Vi har fokus på å etablere gode funksjonsrom. Vi har delt romma inn i ulike aktivitetar. Gjennom funksjonsromma skal vi prøve å gjere leikekvardagen til borna meir innbydande og oversiktleg. Samtidig har vi fokus på at personalet er tilstade, engasjerande og leikande i tillegg til å la borna har vore med å bestemme kva aktivitet dei ville holde på med. Vi vaksne er fordelt utover romma og syt for at borna får ei interessant og engasjerande oppleving på funksjonsrommet. 4
Formingsrom: Vi skal bruke mykje tid på la borna å bli kjend med dei ulike materiala og gjere det meir tilgjengeleg for dei. Borna skal gjennom dei ulike sansane gjer seg kjente og bruke ulike materiell for å uttrykke seg. Med hovudtemaet «på veg» er eit av måla å gjere borna kjente med forming og materiell. Det som er unikt med forming og skapande aktivitetar, er at gjennom aktivitetar har borna moglegheit til å utvikle heile seg. Oppleving har gitt inntrykk som stimulerer språket, den motoriske, spesielt den finmotoriske utviklinga blei stimulert og kjenslene kunne få utløp. Lesestund: Ei lesestund saman med borna gir ei lita og koseleg hyggjestund i kvardagen. Å ha ei god lesestund er avhengig av at vi vaksne kan formidle teksten og bilete på ein levande måte, slik at borna kan få danne seg indre bilete av det som skjer. Vi har ulike bøker som har bilete og lite tekst. Men vi har peikebøker som let borna få trene på ulike omgrep. Dette styrkar språket deira. Å lese høgt til borna styrkar relasjonen mellom oss og binder oss tettare saman. Å lese er også å gje borna språkets gåve! Difor er det viktig at vi må ta tid til å lese saman med borna og bøkene skal vere tilgjengeleg og å ha bøker som fengja deira si leselyst Musikk-, drama- og rolleleikrom: Borna er veldig glad i song og musikk, spesielt songleik. No i byrjinga legg vi vekt på at borna skal få kjennskap til nokre songar og at dei etter kvart vil sitte. Så kjem vi til å introdusere stadig nye songar etter kvart. Vi brukar mykje songkorta og songar med rørsle til. Dette likar borna svært godt. I tillegg har vi leita fram ulike instrumentar som borna har fått leike seg med og har prøvd å spele ulike lydar og korleis dei ulike instrumenta hørtes ut. Det er 5
ekstra spennande med tromma som vi prøvar å holde takta til songane med. I drama/rolleleik skal borna få kjennskap til ulike eventyr og fortellingar. Her vil vi introdusere eit og eit eventyr og gjere borna godt kjent med det. Vi startar med «Dei tre Bukkane Bruse». Konstruksjonsrom: I konstruksjonsromet skal borna få moglegheit til å bygge med mange ulike material og størrelsar. Det kan vere klossar, lego, puttekasser, bilar, togbane. Vi prøvar å ha tilgjengeleg ulike materiell som gir borna høve til å bruke fantasien. For å få til å konstruere krev det planlegging og erfaring gjennom prøving og feiling. Kva skal til for å få ei lang bilkø? Korleis får ein eit torn til å bli høgt? Borna utforskar, bygger opp og ned, lagar lange rekker og gjer seg erfaringar. Vi vaksne skal vere med å hjelpe bornet i si utforsking og læring. Turdag og friluftsliv Onsdagar har vi turdag. Denne hausten har vi fokus på å gjere oss kjent med nærmiljøet. Kva er det som er å sjå utafor barnehagen. Det er så mykje ein kan studere langs vegkante når ein går på tur. Vi kjem til å vere på Tuespretten, i sentrum, på leikeplassen i sentrum og elles det som er av interesse når vi går på tur. Borna kan undre seg over kva som skjer i naturen og bli betre kjend med landskap, dyr, årstider og vèr. Det er så spennande å sjå korleis vennskap vert utvikla og nye leikar blir til på turane vår. Borna er oppdagar stadig noko nytt for kvar tur. Og vi vaksne følgjer med på deira ferd. Det er mykje spennande å oppleve på tur. Småbarn elskar å vere ute. Her får dei automatisk trening i å bruke kroppen på ulike måtar i og med at der er ulendt terreng. Dei treng den oppleving det gir å vere ute i all slags ver. Dei treng å vere mykje ute for å bli sunne, friske og robuste. 6
I tillegg til vore eigne funksjonsrom, har vi høve til å bruke dei ulike funksjonsromma på storbarnsbasen. Organisering av dagen og veka Opne- og lukketid i barnehagen: Barnehagen opnar kl. 7.15 og held open til kl: 16.45. Det er viktig at ein respekterar desse opningstidene. Frukost i barnehagen: Frå kl 07.15 og fram til ca kl 09.00 har vi frokost i barnehagen. Borna har med seg mat i matboks. Vi har fokus på ei roleg morgonstund der vi snakkar saman rundt bordet før vi sett i gang med leik. Organisering av dagen: Frukost og leik på funksjonsromma: Frå 07.15-09.30. Dei av borna som enten har ete frukost heime eller er ferdige og ete frukost, gir vi eit godt og meiningsfullt tilbod der me delar inn i små grupper på tvers av alder fordelt på dei ulike funksjonsroma på basen. Her er det vaksne på kvart rom som er med i leiken til borna og organiserar ulike aktivitetar etter borna sine interesser og ynskje. Vi har leik på funksjonsromma på ettermiddag også Gruppetid: Gruppetida startar frå 09.30-11.30. Vi deler oss i Prestekrage og Blåklokke. I denne tida har vi ulike prosjekt og aktivitetar for gruppa. Vi legg vekt på å sjå an borna og det dei er interessert i. Noko er vaksenstyrt og noko får borna vere med å påvirke. Måltid: Vi har to måltid i løpet av dagen. Eit kl:11 og eit kl:14. Borna får to fullverdige måltid med både brødmat/varmmat og frukt. Sovetid: Borna har med vogner og utstyr dei treng for å sove. Det er opp til foreldra sjølv å bestemme kor lenge deira born skal sove. Vekerytme for Blåklokke: 7
MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG TURDAG for Prestekrage: Blåklokke er igjen i barnehagen og deler seg i grupper. Vi får heile basen for oss sjølv. Vi delar i grupper og leikar. Vi har fokus på å vere nær borna i leiken. TURDAG for Blåklokke: Vi går på tur i nærmiljøet, snakkar om det me ser og utforskar i lag. Alle må vere komne til kl. 09.30. Vi delar i grupper og leikar. Vi har fokus på å vere nær borna i leiken. Varmmat; Vi lagar god og sunn varmmat. Menyen varierer frå veke til veke. Nokre gongar bakar vi og. Vi har ordens-mann og 2 åringane skal vere med å lage til. Felles samlingsstund kvar tredje veke OVERSIKT 8
HAUSTHALVÅR TID AUGUST TEMA Tilvenning- Vi brukar dagane til å bli godt kjent og trygge. SEPTEMBER 15. September Linnea 2 år 20. September David 1 år 22. september Foreldremøte kl 18-20 OKTOBER 1. oktober 17. Oktober Veke 41 Veke 42-45 Peroideplan er klar og på nett. Planleggingsdag: Barnehagen er stengt. Haustferieveke 3. kl barnehagelærar-studentar 29. Oktober Emilie 2 år NOVEMBER 17. November DESEMBER 3. Desember Filip 1 år 26. Desember JANUAR 2. Januar Brannøving vi trenar oss på å evakuere barnehagen. FORUT-kafè 2. Juledag: Barnehagen stengt Planleggingsdag: Barnehagen er stengt. 9