BREMANGER KOMMUNE FORMANNSKAPET Møteinnkalling Møtedato: Møtestad: Møtetid: 18.06.2015 Rådhuset Etter møteslutt Kst Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå snarast råd på tlf. 57 79 63 00, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare varsel. Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av på rådhuset. Bremanger kommune 10.06.2015 Karl Vidar Førde Ordførar Hilde Jenssen Midtbø Sekretær Side 1 av2
Sakliste til møte den 18.06.2015 Sak nr. 060/15 061/15 062/15 063/15 Saktittel Godkjenning av innkalling og sakliste Referatsaker Handsaming av framlegg til vegnamn i kommunen før utlegging til offentleg høyring Revisjon av forskrift om hausting av tare, kommunen si fråsegn Dokumenta ligg til ålment gjennomsyn på rådhuset i Svelgen, og på heimesida til kommunen: www.bremanger.kommune.no Side 2 av2
BREMANGER KOMMUNE Sakspapir Styre, råd, utval Behandlingsdato Formannskapet 18.06.2015 Avgjerd av: Saksansv.: Hilde Jenssen Midtbø Arkiv: K1- Saksnr. Sakshands. 060/15 HJM Arkivsaknr.: 15/1581 Godkjenning av innkalling og sakliste Kva saka gjeld: Innkalling og sakliste til møte i Formannskapet den 18.06.2015 til godkjenning. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Innkalling og sakliste til ver Formannskapet den 18.06.2015 vert godkjende slik dei ligg føre..
BREMANGER KOMMUNE Sakspapir Styre, råd, utval Behandlingsdato Formannskapet 18.06.2015 Avgjerd av: Saksansv.: Hilde Jenssen Midtbø Saksnr. 061/15 Arkiv: K1- Referatsaker Det er vet utsending av saker ikkje meldt inn referatsaker til møtet. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Sakshands. HJM Arkivsaknr.: 15/1580
BREMANGER KOMMUNE Sakspapir Styre, råd, utval Behandlingsdato Sogenemnda Formannskapet 18.06.2015 Avgjerd av: Saksansv.: Magnhild Myklebust Arkiv: K2-L32 Saksnr. 062/15 Sakshands. MM MM Arkivsaknr.: 13/2593 Handsaming av framlegg til vegnamn i kommunen før utlegging til offentleg høyring Vedlegg : Dok.nr 105207 Tittel på vedlegg Vegparsellar med innkomne namneforslag.pdf Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Sogenemnda rår formannskapet til å leggje ut fylgjande namneframlegg til offentleg høyring: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Matrikkellov og -forskrift Forskrift for adressering, namnsetjing og adresseforvaltning for Bremanger kommune Saka gjeld: Handsaming av innkomne framlegg til adressenamn, og val av namn på kvar einskild parsell. Saksopplysningar: Kommunen har oppmoda grendalag og enkeltpersonar om å komme med framlegg på namn til dei ulike adresseparsellane i kommunen. Fristen for innspel var 21.mai 2015, men ein har også teke med innspel som er komme til etter fristen. Det er komme inn 94 innspel om vegnamn, og mange av desse inneheld framlegg til namn på fleire vegparsellar. Sogenemnda skal gjere ei vurdering av kva namn som er best eigna, ut frå lokalhistorie og geografi, og gje tilråding til formannskapet før dei vedtek å legge framlegga ut til offentleg høyring. I høyringsperioden skal også namneforslaga sendast over til stadnamntenesta for godkjenning av skrivemåten.
Vurdering: Nokre av vegnamna som er foreslått er allereie brukt i Svelgen. Dette gjeld m.a Hjortevegen, Bakkevegen, Skulevegen og Strandvegen. Desse namna kan såleis ikkje brukast. Det er også nokre vegparsellar der vi ikkje har motteke namneframlegg. Dette vart dessverre oversett då vi sende ut dei siste påminningane om innspel. Før utlegging til offentleg ettersyn må det vere eitt framlegg for kvar parsell, og det vil kanskje vere naturleg å ta utgangspunkt i lokale stadnamn i området for desse vegane for å finne framlegg til vegnamn. Flora kommune (kultur og oppvekstutvalet) har gjort vedtak om at vegen frå Årebrot til kommunegrensa mot Bremanger skal heite Årebrotsvegen, og at fv 614 mot kommunegrensa til Bremanger skal heite Magnhildskarvegen. Elles må vegnamna vurderast opp mot dei kriteria som er sett i den lokale adresseforskrifta: Adressenamn skal følgje reglane i stadnamnlova. Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Dei skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og ålment kjende stadnamn i adresseområdet. Adressenamnet bør høve staden, verke lokaliserande og bygge på lokal namnetradisjon. Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk. Gjennom namnsetjinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv. Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn. Namn på avdøde personar skal berre brukast når det er spesielle grunnar for dette. Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemåten på staden der adresseparsellen ligg. Unngå i størst mulig grad like namn i nabokommunar/same «utrykkingsområder». Kommunen har motteke ein del innspel på endring av parsellinndelinga. For å få eit mest mogleg heilskapleg og oversiktleg system er det viktig at ikkje hovudvegane vert for mykje oppdelt og vegparsellane har ei logisk inndeling. Ein veg bør berre endre namn i vegkryss eller tilsvarande. På hovudvegane gjeld innspela i hovudsak inndelinga på strekninga BortneKolset-Skatestraumen-Oldeide-Struen. Ut frå innspela har vi gjort endringar i inndelinga, slik at hovudvegen frå Bortne til Oldeide vert ein parsell, og Oldeide-Struen vert ein parsell.
BREMANGER KOMMUNE Sakspapir Styre, råd, utval Behandlingsdato Formannskapet 18.06.2015 Avgjerd av: Saksansv.: Inger Hilde Saksnr. 063/15 Arkiv: K3-&13, K2-U41 Sakshands. IH Arkivsaknr.: 15/1224 Revisjon av forskrift om hausting av tare, kommunen si fråsegn Dokumentliste: Nr. T. 1 I Dok.dato 04.05.2015 Avsendar/Mottakar Sogn og Fjordane Fylkeskommune Tittel Revisjon av forskrift om hausting av tare Vedlegg : Dok.nr 105231 105232 105233 Tittel på vedlegg Brev frå Fylkeskommunen om arbeid med revisjon.pdf Forskrift om hausting av tare, Sogn og Fjordane 2011.pdf Referat frå første møte 11.12.14 om revisjon av forskrift.pdf Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: FOR-2011-10-04-989, forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane. Havressurslova. Sentral forskrift om hausting av tang og tare. Saka gjeld: Revisjon av føresegna. Saksopplysningar: Med heimel i sentral føresegn om hausting av tang og tare, og havressurslova, blir det i regi av fylkeskommunane utarbeidd regionale (fylkesvise) føresegner om kvar og når det er lov å hauste tare. Føresegnene blir fastsette av Fiskeridirektoratet. Det er store tareførekomstar langs kysten, og det har i mange tiår vore hausta tare frå Rogaland til Sør-Trøndelag. I år er
det og opna for hausting i Nord-Trøndelag. Stortare er den arten som blir hausta. Det er eit stort potensiale for produksjon og bruksområde for alginat som blir laga av taren. Alginat blir brukt i medisin, næringsmiddel og industri, mest som tjukningsmiddel og for å gje struktur. Eitt firma, FMC BioPolymer AS, er rådande i alginatproduksjon i Noreg, med fabrikk ved Haugesund, og er del av eit større selskap med fabrikkar m.a. i USA og Filippinane. Langs kysten blir det hausta 140.000 til 170.000 tonn årleg, av den samla biomassen på anslagsvis 50 60 mill tonn stortare. Fylkeskommunen har hatt eit oppstartmøte 11.12.14 i Florø i samband med revisjonen av tareføresegna, der m.a. Fylkesmannen, Fiskeridirektoratet, FMC deltok. FK har sidan etablert ei arbeidsgruppe der Fylkesmannen, miljøvernavdelinga, Fiskeridirektoratet, Fiskarlaget, FMC, repr frå haustefarty og èin repr frå ein kystkommune er representerte. Havforskningsinstituttet (HI) skal følgje arbeidet som observatør. Målet med arbeidet er å innhente kunnskap om hausting, utarbeide haustekart, etablere referanseområde, før framlegg til føresegn. Denne blir handsama av hovudutval for plan og næring før endeleg vedtak hos Fiskeridirektoratet. Sogn og Fjordane er delt i haustefelt med kode A til E, der kvart felt blir hausta kvart femte år. Arbeidsgruppa ynskjer ikkje å endre dette, men å vurdere kva område som bør stengjast for taretråling. Det er gjort lite feltundersøkingar i Sogn og Fjordane. Havforskningsinstituttet overvakar nokre få, fastsette område i Solund, Bremanger og Selje ved stikkprøvebaserte videogranskingar. I Bremanger har det tradisjonelt vore god gjenvekst, men for dei seinare åra er videoobservasjonar førebels ikkje granska. Undersøkingane gjev for lite grunnlag for kunnskap om effektar av tråling på tareskogen og livet der, jfr HI. I Bremanger er det fire naturvernområde som omfattar sjøområde. Desse er (delvis) stengde for taretråling. Det gjeld Frøyskjera (innskrenka hausting), Veststeinen, Vengane og Førspollen. I Bremangerpollen er det stengt eit større område frå Førspollen til Iglandsvik, og det er og eit stengt område ved Ryland. Underståande kart viser haustesonene og dei stengde sonene. Dei grøne felta blir hausta samstundes.
Vurdering: Bremanger kommunestyre har vedteke å delta i prosjektet «Aktiv forvalting av marine ressursar, ei lokalt tilpassa forvalting», jfr vedtak KST-016/14. Prosjektet i regi av Fiskeridir. og HI har som mål å kartleggje ressursar og biologisk mangfald i utvalde område. Sjå utdrag saksutgreiing denne saka: «Forskingsprosjektet, som vert basert på uttesting av soneplanlegging, byggjer på behovet for ein heilskapleg og økologisk planlegging og forvaltning av det marine miljø basert på lokal forankring. Prosjektet skal evaluere forbods- og evalueringsoner for å styrke bestanden av utvalde marine nøkkelartar i eit i eit økosystemperspektiv. Det skal samlast inn data før, under og etter at tiltaka vert gjennomført. Utviklinga i bevaringsområda må samanliknast med utviklinga i referanseområde som ikkje har same restriksjonar på menneskeleg aktivitet. Då det er store forskjellar i både økosystem og utnytting av de langs kysten skal det etablerast eit nettverk av forbods- og bevaringssonar i ein nord-syd akse i dei fire økoregionane Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. I alle primærkommunane vil det bli etablert ein forbodssone som dekker verifiserte gyteområde for kyst-/fjordtorsk som felles måleart for kommunane. Utover kyst-/fjordtorsk vil kommunane kunne velje målartar i ei viss utstrekning. Føremålet er å auke verdiskaping frå ressursane over tid, utnytte lokal kunnskap og lokalt engasjement, avklare arealbruken og forhindre konfliktar, studere effekten av menneskeleg påverknad på økosystemet og minimere dei negative sidene av forbods- og bevaringssonar». Ved utarbeiding av ny tareføresegn er det viktig at denne er utforma slik at den ikkje er til hinder for gjennomføring av dette prosjektet. Taretråling har vore noko konfliktfylt særleg i Bremangerpollen, både i høve hummarfangst og torskegyting. Stortaren har ein bølgjedempande effekt (ref HI), og det har vore hevda at taretrålinga kan ha auka erosjon av bølgjeslag langs nordsida av Bremangerpollen. I dette området er det til dels fjell i strandsona, men store deler av strandsona er lausmassar, til dels sand, som lett eroderer. Konklusjon: Bremanger kommune bed om at det ved revisjon av forskrift for hausting av tare i Sogn og Fjordane blir lagt til rette for gjennomføring av prosjektet «Aktiv forvalting av marine ressursar», og at stortaren sin bølgjedempande effekt blir del av totalvurderinga ved utarbeiding av hausteplan.