Ørskog kommune. Budsjett Sunnmørsperla ved Storfjorden - Saksmappe: 15/950 Saksbehandlar: Magny Hauge Dyrkorn. Rådmannen

Like dokumenter
Samandrag: Saka gjeld budsjett 2018 for Ørskog Kommune, samt økonomiplan for perioden

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Økonomiplan

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2019 og økonomiplan behandling i formannskapet

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Møteinnkalling SAKLISTE 19/13 08/864 GODKJENNING AV SAKLISTE OG PROTOKOLL FRÅ MØTE I ELDRERÅDET

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Administrasjonsutvalet /15 Formannskapet /15 Arbeidsmiljøutvalet

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Budsjett 2019 og økonomiplan

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 117/17 Formannskapet PS Kommunestyret

Investeringsbudsjettet for 2018, og for økonomiplan perioden vert godkjent slik det ligg føre.

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

Saksnr. utval Utval Møtedato 18/023 ELDRERÅDET /019 RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandlar: Åge Erstad Remvik Arkiv: K1-150 Arkivsaksnr: 16/838 16/ Budsjett 2017 og økonomiplan

Reguleringsplan for næringsareal ved K&S Stavseng - 2. gongs handsaming.

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

Saksframlegg Valle kommune

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Saksnr. utval Utval Møtedato 040/18 Rådet for eldre og menneske med nedsett

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Behandlet av Møtedato Saksnr. Formannskapet /16. Mappe JournalID ArkivID Saksbehandler 16/ / Eli Marit Fuglesteg

Møteprotokoll for Formannskapet

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

Skodje arbeiderparti. Side 1 av 5. Endrings forslag til vedtak i Sak 104/12 Formannskapet

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:00. Møtested: Kommunehuset, 2. etg. Saksnr.

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

SELJE KOMMUNE Råd for eldre og funksjonshemma. Møtebok

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Møteprotokoll SAKLISTE 78/13 13/778 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I FORMANNSKAPET

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

1. Kommunestyret vedtek budsjett for 2017 og økonomiplan for i samsvar med vedlagte budsjettskjema.

Saksgang Møtedato Saknr 1 Økonomiplanutvalet (Formannskapet) /16 2 Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Overføring på webtv frå kl 19:00

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2018/Økonomiplan

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Møteprotokoll. Formannskapsmøte med innstilling i budsjett/økonomiplan og skulestruktursak

Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 10:00 13:30. Møtested: Kommunehuset, 2. etg. Saksnr.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 174/17 Formannskapet Kommunestyret. Sakshandsamar: Anne Marie Mo Arkiv: K1-150 Arkivsaksnr.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

SAKSPAPIR. *Økonomiplan *Notat konsolidering av økonomiplanane

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 28 / 16. Ge ir Paulsen gjekk frå som ugild, då har er gift med leiar i sjukeheimstenesta kommunen.

TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET:

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Sakspapir. Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Anny Bastesen FE /2782

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Utvalet for plan og utvikling, landbruk, næring og teknisk støttar rådmannen si tilråding som gjeld ansvar 600 og 601, med følgjande merknader:

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Budsjett 2012, økonomiplan

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 11:00 13:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet i Fræna kommune 19/ Formannskapet i Fræna kommune 22/ Kommunestyret i Fræna

Tertialrapport 2 tertial 2015

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /18 Kommunestyret /18

MØTEPROTOKOLL FORMANNSKAP/PLAN- OG ØKONOMIUTVALET

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.

Offentleg møteprotokoll

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord Nestleder

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 14433/2015

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet. Møteinnkalling

Saksnr. utval Utval Møtedato 17/103 Formannskapet /093 Kommunestyret /022 Rådet for eldre og mennesker med nedsett

Transkript:

Ørskog kommune Arkiv: FE - 151 - Sunnmørsperla ved Storfjorden - Saksmappe: 15/950 Saksbehandlar: Magny Hauge Dyrkorn Rådmannen Dato: 01.11.2015 Budsjett 2016 Utvalssaksnr. Utval Møtedato 56/15 Ørskog tenesteutval 09.11.2015 10/15 Eldrerådet 17.11.2015 11/15 Råd for menneske med funksjonshemming 16.11.2015 19/15 Arbeidsmiljøutvalet 23.11.2015 13/15 Administrasjonsutvalet 23.11.2015 90/15 Formannskapet 24.11.2015 Kommunestyret 07/15 Ungdommens kommunestyre 16.11.2015 Samandrag: Utgangspunktet for forslag til årsbudsjett 2016 bygger på vedteken økonomiplan 2016 2019, vedteke årsbudsjett for 2015, rådmannen sitt rundskriv til einingane, datert 31.08.15 og statsbudsjettet for 2016 (Prop. 1 S 2015-2016). I tillegg er samanlikningstal (KOSTRA) brukt som grunnlag for budsjettarbeidet. Rådmannen har lagt opp til eit stramt budsjett. Ørskog kommune har dei siste åra hatt overforbruk i forhold til driftsbudsjett, og det er iverksett naudsynt omstillingsarbeid på alle tenesteområde for å oppnå samsvar mellom budsjett og rekneskap. Årsaker til manglande samsvar mellom driftsrammer/budsjett og faktisk driftsnivå kan vere mange. Generell auke i etterspurnaden av kommunen sine tenester, og ønskje om betre og meir omfattande tenestester er nok ei viktig årsak. Andre årsaksfaktorar kan vere auka pensjonskostnader, samhandlingsreformen og større rente- og avdragskostnader. Ørskog kommune har hatt romslege driftsrammer samanlikna med andre kommunar, og både innbyggarar og organisasjon har tilvent seg eit høgt tenestenivå. Når dei økonomiske tidene no vert tøffare, må ein vere budd på at tenestetilbodet må leggast på eit noko lågare nivå. Ørskog kommune legg opp til eit investeringsnivå som vil gjere driftsøkonomien til dei kommunale tenestene vanskelegare i åra som kjem. Saksdokument: Forslag til betalingsregulativ 2016 Budsjettdokument 2016 Verksemdsplan butenesta 2016 Verksemdplan 2016 - Storfjorden PPT.

Verksemdplan Verksemd-plan Skule Verksemdsplan sjukeheimen Budsjett 2016 - Storfjorden kyrkjelege fellesråd Budsjettprosess 2016 Ørskog Kommune Vedlegg; Dok.dato Tittel DokID Budsjettrundskriv 2016.doc 106645 Forslag detaljbudsjett 2016 108968 Forslag til betalingsregulativ 2016 109085 Verksemdplan Heimetenestene 2016 107998 Verksemdplan butenestene6.doc 109031 Budsjett 2016 - Storfjorden kyrkjelege fellesråd 108019 budsjett 2016.pdf 108020 Samla budsjett 2016.pdf 108021 Investering-forslag 2016.xls 108022 Verksamdsplan 2015-2016.pdf 108023 Økonomiplan-Ørskog-søknad 2016-19.doc 108024 Verksemdplan for Helseavdelinga 2016 108060 Verksemdsplan 2016, sjukeheimen 108182 Verksemd-plan Skule 108265 Verksemdsplan 2016 Sørviskontor 108414 Verksemdplan 2016 - Storfjorden PPT. 108758 Verksemdplan 2016, Nordre Sunnmøre Landbrukskontor. 108692 (L)(93546_1_P).doc Budsjettdokument 2016 18.11 109830 Saksopplysningar: Saksframlegget skal saman med vedlegga legge grunnlag for ein vidare budsjettprosess der rammene for einingane vert fastsett, og investeringstiltak prioritert og vedtekne. Utgangspunktet for forslag til årsbudsjett 2016 bygger på vedteken økonomiplan 2016 2019, vedteke årsbudsjett for 2015, rådmannen sitt rundskriv til einingane, datert 31.08.15 og statsbudsjettet for 2016 (Prop. 1 S 2015-2016). I tillegg er samanlikningstal (KOSTRA) brukt som grunnlag for budsjettarbeidet. Det vert vist til: 1. Budsjettdokument 2016 med forslag til driftsbudsjett og investeringsbudsjett, samt

kommentarar til disse. 2. Verksemdsplanar frå sentraladministrasjon og einingane. Verksemdsplanane har mål for tenesteytinga for 2016. Vurdering: Ørskog kommune er i ein situasjon der ein må redusere ressursbruken for å kome i budsjettbalanse. Til grunn for administrasjonen sitt budsjettarbeid ligg vedteken økonomiplan for 2016-2019. På nokre område viser det seg at vi får høgare kostnader. Dette kjem i tillegg til at driftsnivået allereie ligg på eit noko for høgt nivå. Ørskog kommune har eit stort meirforbruk på einingane hittil i 2015, samt ein svikt i inntektene. For å balansere budsjettet ser rådmann at driftsreduserande tiltak er naudsynte. Tiltaka er innarbeidd i rådmann sine framlegg til driftsrammer for 2016: Driftsforbetrande tiltak i økonomiplanperioden Nedlegging av Vaksvik barnehage frå hausten 2016 Effektivisering kommunale barnehagar Estimat årleg innsparing 1,6 årsverk: kr. 900 000 Tiltak tilsvarande 4,25 årsverk er skissert og iverksett frå hausten 2015 Konsekvens Kan gi eit godt pedagogisk tilbod til barna i kommunen. Ein vil framleis ha svært god barnehagedekning. Tilpassing til gjeldande bemanningsnorm, 3 vaksne pr. gruppe med 18 barn. Meir rasjonell drift av kommunale barnehagar får direkte konsekvens for kostnad til privat barnehage. Samordning av skular frå hausten 2016 Kr. 3 200 000 Kan gi eit minst like godt pedagogisk tilbod til elevane i grunnskulen. Drift svømmebasseng Kr. 200 000 Svømmeundervisning ikkje aktuelt i ein byggeperiode. Reduksjon butenesta, jfr. nedtrapping vertskommunetilskotet Kr. 600 000 Dagtilbodet for vertskommunebrukarane vil falle bort i løpet av planperioden. Andre samordningstiltak. Nedbemanning kjøkken, 1 årsverk Kr. 500 000 Tilbod om lag som før Reduksjon talet på sjukeheimsplassar Reduksjon av institusjonsplassar Reduksjon eigedomsforvaltning Kr. 300 000 Auke husleigeinntekter. Reduserte vedlikehaldskostnader med nyare bygningsmasse. Reduksjon administrasjon, tilsvarande 0,8 årsverk Nytt betalingsregulativ for godtgjersle politisk arbeid Sum Kr. 400 000 Kr. 200 000 Gevinst i forhold til digitalisering av tenester. Gjeld mot slutten av økonomiplanperioden. Jfr. kommunestyrevedtak.

Nye driftstiltak/auka kostnader i Estimat Konsekvens økonomiplanperioden kostnad Auke med 1,8 årsverk heimetenestene Kr. 1 000 000 Styrking av heimetenesta i ein overgangsperiode i samband med reduksjon av institusjonsplassar og etablering av omsorgsbustadar med heildøgns omsorg Nye brøytekontrakter Kr. 500 000 Det er i dette budsjettframlegget foreslått investeringstiltak på kr 59,9mill. Samla lånefinansiering er i forslaget kr 47,92 mill. Gebyr og betalingstenester: Auke i betalingssatsane vert 2,7% (deflatoren) der ikkje anna vert vedteke. For utleige av kommunale bustader må vi nytte konsumprisindeks. Satsane for VAR-området er justert i høve berekningar for sjølvkost. Rådmannen legg saka fram med slik Innstilling: 1. Ørskog kommumestyre vedtek slik inntekts- og finansside for 2016:

2. Ørskog kommunestyre vedtek slike netto driftsrammer for 2016:

3. Ørskog kommunestyre vedtek betalingsregulativ slik det ligg føre i vedlegg til saka. Der anna ikkje er nevnt vert auken sett lik deflator (2,7%). 4. Husleige kommunale bustader: Vert auka med konsumprisindeks der ein ikkje har anledning til å nytte gjengs leie ( 4-3 i husleigelova). 5. Ørskog kommunestyre vedtek slik netto investeringsrammer med finansieringsplan for 2016:

09.11.2015 Ørskog tenesteutval Tore Tenfjord sette fram følgjande endringsforslag til punkt 3 betalingsregulativ - renovasjonsavgift for hytter og fritidsbustader:

ØTU har merka seg stor uro og motstand knytt til innføring av renovasjonsavgift for hytter og fritidsbustader. ØTU ser at det er for mange av eigarane er dette ei svært høg avgift der bruken av objektet kan vere liten. Slik bruken er for dei fleste er at dei sjølve tek avfallet med heim og leverar dette med den ordinære renovasjonsordninga. ØTU vedtek difor å ta ut innkrevjing av renovasjonsavgift for hytter og fritidsbustader i Ørskog kommune. Tore Tenfjord sette fram følgjande forslag til punkt 5 - investeringsbudsjett: ØTU viser til at driftsrekneskapen pr. 31.8.2015 viser eit rekneskapsmessig meirforbruk på over 8 millionar kroner. Det er fare for at det negative resultatet for heile 2015 vil verte mykje høgare. Forbruket må difor reduserast vesentleg. Det vert lagt opp til investeringar som er svært høge, der ny grunnskule krev mest alt, utan det enno er kjent kva sluttsummen kjem på. Her er all grunn til å frykte at kostnaden blir vesentleg høgare enn det som no vert lagt til grunn. ØTU vedtek å oppmode Ørskog kommunestyre om å stoppe prosjektet av utbygging av Sjøholt skule og ber om at dette vert teke opp som eiga sak med ei samla ramme på 60 til 80 millionar kroner med føresetnad om ein grunnskule for heile kommuna og utbygging av klasserom i tilknytning til eksisterande Sjøholt skule som dekkjer dette behovet. Vidare vedtek ØTU at det ikkje skal rivast nokon av eksisterande bygg før ny vurdering har blitt føreteke og ny sak ligg føre. Rådmannen orienterte innleiingsvis om budsjett 2016. Det vart røysta punktvis over innstillinga frå rådmannen. Punkt 1 - vart vedteken med 5 røyster, 2 røysta imot. Punkt 2 - vart samrøystes vedteken. Punkt 3 - det vart røysta over forslag frå Tore Tenfjord på endring av renrenovasjonsavgift for hytter og fritidsbustader opp mot rådmannens innstilling i betalingsregulativet. Innstillinga frå rådmannen vart vedteken med 5 røyster - 2 røysta imot. Det vart røysta over punkt 3 i innstillinga, som vart samrøystes vedteken. Punkt 4 - vart samrøystes vedteken. Punkt 5 - det vart røysta over forslag frå Tore Tenfjord til investeringsbudsjett. Forslaget falt med 2 røyster, 5 røysta imot. Det vart røysta over rådmannens innstilling punkt 5, som vart vedteken med 6 røyster - 1 røysta imot. ØTU-56/15 Vedtak: 1. Ørskog kommumestyre vedtek slik inntekts- og finansside for 2016:

2. Ørskog kommunestyre vedtek slike netto driftsrammer for 2016:

3. Ørskog kommunestyre vedtek betalingsregulativ slik det ligg føre i vedlegg til saka. Der anna ikkje er nevnt vert auken sett lik deflator (2,7%). 4. Husleige kommunale bustader: Vert auka med konsumprisindeks der ein ikkje har anledning til å nytte gjengs leie ( 4-3 i husleigelova). 5. Ørskog kommunestyre vedtek slik netto investeringsrammer med finansieringsplan for 2016:

16.11.2015 Ungdommens kommunestyre Innstillinga til rådmann vart samrøystes vedteken.

UKS-07/15 Vedtak: 1. Ørskog kommumestyre vedtek slik inntekts- og finansside for 2016: 2. Ørskog kommunestyre vedtek slike netto driftsrammer for 2016:

3. Ørskog kommunestyre vedtek betalingsregulativ slik det ligg føre i vedlegg til saka. Der anna ikkje er nevnt vert auken sett lik deflator (2,7%). 4. Husleige kommunale bustader: Vert auka med konsumprisindeks der ein ikkje har anledning til å nytte gjengs leie ( 4-3 i husleigelova). 5. Ørskog kommunestyre vedtek slik netto investeringsrammer med finansieringsplan for 2016:

16.11.2015 Råd for menneske med funksjonshemming Kjetil Heggem fremma fylgjande forslag:

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne godkjenner budsjett for perioden 2016, og ber om at tenestene til dei svake gruppene og eldre vert kvalitetssikra i forhold til budsjettet. Forslag frå Kjetil Heggem vart samrøystes vedteke. RMF-11/15 Vedtak: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne godkjenner budsjett for perioden 2016, og ber om at tenestene til dei svake gruppene og eldre vert kvalitetssikra i forhold til budsjettet. 17.11.2015 Eldrerådet Grethe Leikny Gjerde fremma fylgjande forslag: Ørskog eldreråd bed om kr. 30.000,- til arrangement for eldre og markering av eldredagen 1. oktober. Ørskog har lang tradisjon med dette. Eldrerådet fremma samla fylgjande forslag: Investering/tenestetilbod. Ørskog kommune har vedteke store investeringar. Ørskog eldreråd stiller spørsmål korleis konsekvensane for drifta er utgreidd. Det vert ikkje akseptert lavare tenestetilbod som konsekvens av kommunen sine store investeringar. Forslag frå Grethe Leikny Gjerde vart samrøystes vedteken. Felles forslag vart samrøystes vedteken. ER-10/15 Vedtak: Investering/tenestetilbod. Ørskog kommune har vedteke store investeringar. Ørskog eldreråd stiller spørsmål korleis konsekvensane for drifta er utgreidd. Det vert ikkje akseptert lavare tenestetilbod som konsekvens av kommunen sine store investeringar. Ørskog eldreråd bed om kr. 30.000,- til arrangement for eldre og markering av eldredagen 1. oktober. Ørskog har lang tradisjon med dette.

24.11.2015 Formannskapet Geir Peter Aure sette fram følgjande endringsforslag til punkt 3 betalingsregulativ - renovasjonsavgift for hytter og fritidsbustader: Ørskog formannskap har merka seg stor uro og motstand knytt til innføring av renovasjonsavgift for hytter og fritidsbustader. Ørskog formannskap ser at det er for mange av eigarane er dette ei svært høg avgift der bruken av objektet kan vere liten. Slik bruken er for dei fleste er at dei sjølve tek avfallet med heim og leverar dette med den ordinære renovasjonsordninga. Ørskog formannskap vedtek difor å ta ut innkrevjing av renovasjonsavgift for hytter og fritidsbustader i Ørskog kommune. Geir Peter Aure sette fram følgjande forslag til punkt 5 - investeringsbudsjett: Ørskog formannskap viser til at driftsrekneskapen pr. 31.8.2015 viser eit rekneskapsmessig meirforbruk på over 8 millionar kroner. Det er fare for at det negative resultatet for heile 2015 vil verte mykje høgare. Forbruket må difor reduserast vesentleg. Det vert lagt opp til investeringar som er svært høge, der ny grunnskule krev mest alt, utan det enno er kjent kva sluttsummen kjem på. Her er all grunn til å frykte at kostnaden blir vesentleg høgare enn det som no vert lagt til grunn. Ørskog formannskap vedtek å oppmode Ørskog kommunestyre om å stoppe prosjektet av utbygging av Sjøholt skule og ber om at dette vert teke opp som eiga sak med ei samla ramme på 60 til 80 millionar kroner med føresetnad om ein grunnskule for heile kommuna og utbygging av klasserom i tilknytning til eksisterande Sjøholt skule som dekkjer dette behovet. Vidare vedtek Ørskog formannskap at det ikkje skal rivast nokon av eksisterande bygg før ny vurdering har blitt føreteke og ny sak ligg føre. Rådmannen orienterte innleiingsvis om saka. Det vart røysta punktvis: Punkt 1 - innstillinga vart samrøystes vedteken. Punkt 2 - innstillinga vart samrøystes vedteken. Punkt 3 - det vart røysta over innstillinga opp mot forslag frå Geir Peter Aure. Innstillinga vart vedteken med 5 røyster, 2 røysta imot. Punkt 4 - innstillinga vart samrøystes vedteken. Punkt 5 - det vart røysta over innstillinga opp mot forslag frå Geir Peter Aure. Innstillinga vart vedteken med 4 røyster, 3 røysta imot. FS-90/15 Vedtak:

1. Ørskog kommumestyre vedtek slik inntekts- og finansside for 2016: 2. Ørskog kommunestyre vedtek slike netto driftsrammer for 2016:

3. Ørskog kommunestyre vedtek betalingsregulativ slik det ligg føre i vedlegg til saka. Der anna ikkje er nevnt vert auken sett lik deflator (2,7%). 4. Husleige kommunale bustader: Vert auka med konsumprisindeks der ein ikkje har anledning til å nytte gjengs leie ( 4-3 i husleigelova). 5. Ørskog kommunestyre vedtek slik netto investeringsrammer med finansieringsplan for 2016:

Rådmannen i Ørskog Synnøve Vasstrand Synnes Økonomisjef Magny Hauge Dyrkorn