Nynorsk språkstimulering i barnehagen Nynorskkonferansen 2015 Eli Bjørhusdal
Spørsmåla mine Kvifor treng barnehagane tiltak og aktivitetar som fremjar ei særleg stimulering av nynorsk skriftspråk? Korleis fremjar aktivitetane i prosjektet vårt nynorsk språkstimulering? Kva for hindringar eller motstand kan ein tenkje seg slike tiltak møter, og korleis kan dei møtast?
Føremål Born som veks opp med nynorsk som opplæringsmål, har rett til å møte sitt eige skriftspråk i barnehagen i større grad enn dei gjer i dag? Born som veks opp med bokmål som opplæringsmål, har rett til å møte det norske språkmangfaldet i barnehagen. Inkludert nynorsk!
Kvifor trengst tiltak og aktivitetar som fremjar ei særleg stimulering av nynorsk skriftspråk i barnehagen?
Forsking konkluderer iallfall med: Språk er grunnlag for all kunnskapstileigning og kunnskapsutvikling. Me er ikkje fødde med eit språk, me må laste det ned frå kulturen vår.
Ungar utviklar språk frå innputt
Frå Rammeplanen Morsmålet er viktig for opplevinga av eigen identitet og meistring på mange område. Eit godt utvikla morsmål er ein grunnleggjande føresetnad for den vidare språklege utviklinga, også når det gjeld skriftspråk og leseforståing. Barnehagen må sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Alle barn må få eit rikt og variert språkmiljø i barnehagen.
Kvifor høgtlesingsaktivitetar med born? Nærvær, ein måte å vise omsorg på Motivasjon for skrift Inviterer til vidare samtale Strukturen til forteljinga er enkel å bruke Illustrasjonar støttar meiningsskaping Vaksenspråklege modellar Relatere bokstav til lyd
Ungane treng skriftspråk-innputt òg seier Hoel, Trude og Lise Helgevold 2007 Høigård, Anne 2013 Utdanningsdirektoratet 2013 Men: På kva for skriftspråk skal me lese høgt?
Samisk er ikkje norsk
Nynorsk er ikkje bokmål (grammatikken)
Nynorsk er ikkje bokmål (orda)
Kva for språk skal det lesast på? Ikkje hipp som happ om det er nynorsk eller bokmål Tidleg innsats på bokmål, også for ungar som skal lære nynorsk?
Bokmålsbad for nynorskborn => språkleg usikkerheit => dårlegare morsmålsmeistring og svakare språkidentitet => språkskifte
Måla i Rammeplanen ikkje oppnådde Morsmålet er viktig for opplevinga av eigen identitet og meistring på mange område. Eit godt utvikla morsmål er ein grunnleggjande føresetnad for den vidare språklege utviklinga, også når det gjeld skriftspråk og leseforståing. Barnehagen må sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Alle barn må få eit rikt og variert språkmiljø i barnehagen.
Korleis kan tiltak i prosjektet vere med å fremje nynorsk språkstimulering?
Barnehagelærarutdanninga på Avdeling for lærarutdanning og idrett, Høgskulen i Sogn og Fjordane + Nynorsksenteret = Prosjektet Nynorske biletbøker i praksisbarnehagen
Les borna teksten! Vegen til barnets skriftspråk går igjennom øyret => Høgtlesing av forfattarens eigen nynorske tekst. Ikkje omsetjing til munnleg bokmål/bokmålsnært Ikkje opplesing frå a til å, stopp og snakk trengst => Førebu spørsmål og tema til litterær samtale med ungane
Arbeidsmåtar Studentane nyttar logg til å rapportere om planlegging og gjennomføring = praksisoppgåve Studentane trenar seg på høgtlesing og litterær samtale i grupper med rettleiing Ei viss tilpassing til dialekt er ok, omsetjing av boka til munnleg bokmål er ikkje så ok
Vis borna teksten! Meiningsstøtte frå illustrasjonar Forståing av at bokstavar er viktige Medvit om samanheng lyd-skrift
Vanskelege ord Ord som er viktige for historia, kan oppklarast. Men ungane bør ikkje dynkast i forklaringar av alt me trur dei ikkje forstår.
Kva for motstand kan ein tenkje seg tiltak for nynorsk i barnehagen får, og korleis kan motstanden møtast?
Nokre svar legitimere tiltaka i omsynet til ungane sine språklege behov legitimere tiltaka i omsynet til språkleg mangfald
Kven var studentane i prosjektet? 35 studentar på 1blu heiltid 2014-15 Av desse 12 bokmål- og 23 nynorskbrukarar
Kva sa studentane? (1) Tre studentar: vanskeleg å lese nynorsk høgt To av dei: => «Så kanskje litt mye på teksten men det er nok grunnet at jeg ikke har lest den veldig mange ganger og er ikke vandt til å lese så mye nynorsk. Til neste gang vil jeg prøve å ha en litt bedre nynorsk uttale på de vanskelige ordene.» => «Jeg syns høytlesingen gikk litt trått, ettersom jeg ikke er noe flink med det nynorske språket. Jeg følte jeg ikke fikk lest fullverdige setninger og det stoppet ofte opp pga. uvante ord.»
Kva sa studentane? (2) Tre andre studentar: Høgtlesinga gjekk fint trass i at boka var på nynorsk. To av dei: «Språket i boken er lett å forstå selv om det er på nynorsk som ikke er mitt skriftspråk.» «Jeg syns høytlesinga gikk veldig bra. Nynorsken gikk også bra, og fikk ingen tilbakemeldinger på det.» Alle dei seks nemnde studentane bruker bokmål Elles ingenting om nynorsk ikkje frå dei andre bokmålsbrukarane eller frå nynorskbrukarane.
Konklusjon Det trengst medvit i forskingsfeltet om at nynorsk språkstimulering er noko anna enn språkstimulering på bokmål. Det trengst politiske reguleringar for nynorsk språkstimulering i barnehagen.