Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Engelsvoll skule
Status Engelsvoll skule har eit langsiktig fokus på å halde oppe og vidareutvikla eit godt læringsmiljø for elevane, med vekt på relasjonsbygging og sosial kompetanse, klasseleiing og fagleg utvikling. Brukarundersøkingar syner at me over tid har eit stabilt godt miljø på skulen. Elevane får god rettleiing og tilbakemeldingar ift. dei sosiale og faglege måla ein jobbar mot. Skulen har gode rutinar for å følgja opp utfordringar i elevmiljøet, noko som underbyggjer gode klassemiljø der elevane er trygge på kvarandre, og vert motivert for arbeid med fag. Fokus på heim/skulesamarbeidet står sterkt, med gode rutinar for tilbakemeldingar til heimen. Skulen har òg eit tett og godt samarbeid med FAU og eit aktivt elevråd. Skulen har det siste året arbeidd med 3 utviklingsområder, der status for arbeidet er slik: Sosial kompetanse Me har hatt eit godt trykk på arbeidet med sosial kompetanse. Me vidareutviklar arbeidet med vårt sosiale årshjul kvart år, og me har tydelege forventningar til elevar og føresette. Me har eit aktivt og godt elevråd som deltek aktivt i arbeidet med å utvikla skulemiljøet. I samarbeid med FAU har me òg fått etablert eit felles foreldremøte med aktuelt tema ein gong i året, med godt oppmøte. Tema dette året var psykososialt miljø. Me har gode erfaringar med aldersblanda opplegg som ein faktor for å skapa tryggleik hjå dei mindre elevane. Trivselsleiarane våre står for eit variert og positivt aktivitetstilbod i friminutta. Dei eldste elevane på skulen er gode rollemodellar for dei yngre elevane. Arbeidet med sosial kompetanse står sentralt i skulekvardagen hjå oss, og er eit område me vil ha med oss som utviklingsområde òg i åra som kjem. Digital kompetanse Dette utviklingsområdet er vidareført frå førre skuleår, og vidareutvikla ift implementering av læringsbrett på nokre av stega, og i heile personalet. PU-tid har vorte nytta systematisk på kompetanseutvikling, modellering og praktisk bruk i undervisning. Det har òg vore prioritert med ein styrka ressurs med IKT-rettleiar på kvart team. Skulen er òg med i fleire utviklingsprosjekt for kommunen ift. utvikling av web-plattform (Aski-Raski) og ny digital kommunikasjonsløysing heim/skule. Arbeidet med digital kompetanse står sentralt i skulekvardagen hjå oss, og er eit område me vil ha med oss som utviklingsområde vidare. Lokalt læreplanarbeid Dette utviklingsområdet er òg vidareført frå førre skuleår, og fokus har vore på å ivareta tidlegare arbeid i fag og arbeidet med vurdering for læring på ein slik måte at det syner att i den daglege undervisninga vår. Fokus på mål for undervisninga og bruk av felles malar for dei lokale læraplanane, mellom anna gjennom bruk av den gode økta. Lokalt læreplanarbeid vert vidareført som utviklingsområde, då generell del av læreplanen er under revisjon.
Trendutvikling Resultat rekning - utvikling: Født: 1.steg 2.steg 3.steg 5.steg - nasjonale prøvar prosentfordeling Prosent under kritisk grense: Nivå 1 Nivå 2 Nivå 3 2004 14,3 11,6 20,9 13,2 55,3 31,6 2005 23,3 27,6 15,6 31,3 43,7 25 2006 16 15,6 15,6 25 52,3 22,7 2007 17,1 22,2 24,2 2008 28,6 14,6 13,5 2009 25,9 14,8 2010 9,1 Resultat lesing - utvikling: Født: 1.steg 2.steg 3.steg 5.steg - nasjonale prøvar prosentfordeling Prosent under kritisk grense: Nivå 1 Nivå 2 Nivå 3 2004 17,5 11,6 15,7 21,1 55,3 23,7 2005 3,9 18,7 32,6 * 26,7 60 13,3 2006 8,3 13,3 * 7,0 18,2 51,1 15,9 2007 23,6 * 23,6 21,9 2008 23,5 29 21,8 2009 26,9 21,3 2010 3,8 *nye kartleggingsprøvar våren 2014 Resultata på dei nasjonale prøvane syner variasjonar frå førre år, men me følgjer landsgjennomsnitt i fag, og ligg over det kommunale snittet. Variasjon over år vil være naturleg sidan det er nye elevgrupper ein ser på. Både for dei som ligg på nivå 1 på nasjonale prøver, og dei som kjem under kritisk grense på kartleggingsprøvane, vert det sett inn målretta tiltak som kurs i matematikk og lesing. Gjennom drøftingar på steg og team set ein i gong tiltak på både elev- og systemnivå, og reflekterer i lag om korleis ein kan gje elevane eit best mogleg uviklingstilbod. For nokre av desse tiltaka må ein ha langsiktige mål, og ser kanskje ikkje resultat umiddelbart ved neste kartlegging.
For å prestera og gjera det godt resultatmessig på skulen, må ein trivast og vera klar for læring. Fokuset på samanhengen mellom læringsmiljø og læringsresultat er særs viktig for alle ved Engelsvoll skule det siste året har me hatt eit særleg fokus på psykisk helse i tillegg til sosial kompetanse. Resultata på elevundersøkinga for 7.steget viser at me har ei positiv utvikling på indikatorar som gjeld læringsmiljøet. Me opplever likevel at elevane treng tid til å tilpassa seg det å gå på skule, og spesielt på dei yngste stega bruker ein mykje ressursar på dette arbeidet. Når eit godt klassemiljø og læringskultur er innarbeidd, vert det òg lettare å ha fokus på læring. Utviklingsområder På Engelsvoll skule ligg utviklingsplanen til grunn for arbeidet som vert gjort i organisasjonen gjennom året. Arbeidet med utviklingsområda styrer innhald i utviklingsgruppe, på Team og i PU-tid gjennom året. Det medfører at me jamnleg evaluerer status for kvart utviklingsområde, og dermed òg har høve til å korrigera kursen undervegs. Me nyttar dermed ikkje datofesta milepælar i planen for dei ulike tiltaka innanfor utviklingsområda det er ein pågåande prosess og ein arbeidsform me har godt innarbeidd på vår skule. Neste skuleår vil me jobba med følgjande utviklingsområde (jf. vedlegg for utdjupande planar): Sosial kompetanse - er eit område som alltid vil stå sentralt i vårt arbeid med relasjonsbygging, klasseleiing og samhandling grunnlaget for eit godt klasse- og læringsmiljø. Ein del av arbeidet som er gjennomført her er sett over i drift, men det er likevel vidareført som utviklingsområde nettopp fordi det er eit område me må vera i stadig utvikling på for å laga gode rammer for læring og utvikling på skulen. Hovudmålet for arbeidet er at elevane skal oppleva at skuletida er prega av respekt, tryggleik og trivsel. Digital kompetanse - er og ei vidareføring, og er naturleg å ha som eit sentralt utviklingsområde ift at me er i ein implementeringsprosess der me ruller ut læringsbrett 1:1. Hovudmålet for utviklingsområdet er at både elevar og tilsette skal verta aktive og sjølvstendige IKT-brukarar, som kan nytta IKT på ein god pedagogisk måte i undervisning, arbeid med fag og læring. Lokalt læreplanarbeid - vert òg vidareført, fokus er framleis på at me kan ivareta det me har innarbeidd som praksis gjennom tidlegare utviklingsarbeid, og kvalitetssikra at me følgjer opp kompetansemåla i læreplanen. Den generelle delen av læreplanen er òg under revisjon, og vil kunne ha innverknad på våre lokale læreplanar.
Satsingsområde for skuleåret 2017-2018 Sosial kompetanse Mål Tiltak Korleis Ferdig Evaluering Skuletida er prega av respekt, tryggleik og trivsel. Elevar og vaksne viser respekt, omtanke og tek ansvar. Sikre at fysisk og psykososialt arbeids- og læringsmiljø fremmar helse, trivsel og læring for elevar og tilsette. Målretta arbeid med relasjonsbygging. Sosialt årshjul. Våre elevar Målretta arbeid med klassemiljø Kompetanseheving blant lærarane. Helsesyster Sosial kompetansegrupper Praktiske ferdigheitsgrupper Fokus på psykisk helse -Undervisning som kan byggja relasjonar på alle nivå. -Aktivt arbeid rundt kvar periode i det sosiale årshjulet med ei fellessamling i starten av kvar periode. -Meir informasjon og samarbeid rundt enkeltelevar. -Nytta "klassetrivsel" for å kartlegge relasjonar mellom elevar. -Team 1: Zippy kurs, Team 2: Psykisk helse. -Lese og drøfte litteratur. -Opparbeida materiell og undervisningsbank for 5.-7.steg knytt til psykisk helse (bl.a. psykologisk førstehjelpsskrin og Heispelet. -Nytta "Jentesnakk" i samtaler med helsesyster og sosiallærar. Elevråd PU-tid
Digital kompetanse Mål Tiltak Korleis Ferdig Evaluering Elevane skal verta aktive og sjølvstendige IKT-brukarar, som kan nytta IKT og ulike digitale mediar på ein god måte i eiga læring og arbeid med fag. Personalet på skulen skal verta aktive og sjølvstendige IKTbrukarar, i stand til å nytta IKT som eit pedagogisk verktøy ut i frå mål om digital kompetanse frå læreplanen. - Basiskunnskap om tilgjengeleg programvare - Læra å bruka ulike digitale presentasjonsformer - Læra å bruka skrive- og presentasjonsprogram - Nettvett og søkestrategiar - Kritisk tenking - Kompetanseheving - Superbrukarar dreg med andre - Deling av undervisnings opplegg og aktuelle ressursar - Jobba mot kompetansemåla i fag knytt til digitale ferdigheiter - Bruka digitalt elevarbeid aktivt i undervisninga -Aktuelle Ipad-appar -Office 365 -Presentasjon- og produksjonsprogram, filmredigering, lyd, rekneark og geometriprogram, digital forteljing -Samansette tekstar, fagretta program og nettressursar -Digitale lærebøker / Smart øving -Spes.ped retta program -Nettvett for elevane og føresette (team 1 og team 2) -Kurs/opplæring/modellering på aktuelle områder (Office 365, aktuell programvare og nettressursar, kjeldekritikk) -Ressursperson som er med i starten på steg når elevane får læringsbrett (Både for elevar og for tilsette) -Erfaringsdeling -Setja seg inn i og drøfta innhald og kompetansemål retta mot digital kompetanse i fagplanane -Rutinar for bruk av utstyr -Lage felles reglar og rutinar på kvart team. Kontinuerleg gjennom året Kontinuerleg gjennom året På team og i PUtid gjennom året. På steg, team og i PU-tid gjennom året.
Lokalt læreplanarbeid Mål Tiltak Korleis Ferdig Evaluering Bli kjend med ny overordna del. Å utvikle elevane til sjølvstendige og uavhengige personar med evne til å verke og arbeide ilag. Å ha fokus på kompetansemål og grunnleggjande ferdigheiter. Dei 4 prinsippa for vurdering for læring skal vera grunnlaget for vår undervisning. Elevane viser positiv utvikling i årlege kartleggingsprøvar. Auke lærarane sin praktiske og teoretisk undervisningskomp. Lese og drøfte den nye overordna delen. Lære elevane strategiar for å kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre. Stimulere elevane til lærelyst og evne til å halde ut. Setja seg inn i kompetansemåla, dei grunnleggjande ferdigheitene og verba i gjeldande læreplan. Læra elevane å bli medvitne si eiga læring. Djupnelæring Systematisk oppfølging av kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar. Kompetanseheving blant lærarane -Dele tankar og erfaringar korleis ein kan konkret arbeide med dette i klasseromet. -Frå modellering til sjølvstendig arbeid. -Læringstrategiar fagleg og sosialt. -Kombinera sosiale og faglege mål. -Læring gjennom leik og aktivitet. -Læraren sitt ansvar i arbeidet med fag ein underviser i -Laga halvårsplanar etter malen -Løfte frem element til drøfting på team -Drøfte forventningar og progresjon ift verba -Dei 4 prinsippa skal vera synlege og i bruk -Bevisstgjere elevane måla og vurdera om dei er nådde -Bruke den gode økta i planlegging og i undervising. -Bruka Vokal i analyse av elevresultat. -Elevar under kritisk grense får tilbod om ekstra oppfølging -Følgje skulen sin plan for kartleggingsprøvar -Bruke bl.a. Aski-Raski og Relemo i oppfølging av elevar. - Drøfta teori, dela erfaringar og reflektera over eigen praksis på steg, i team og PU-tid gjennom året -Dei som har vore på kurs delar med andre. -Drøfte praksis i lys av nyare forsking -Fokus på tekstskaping -Lese og drøfte leseopplæringsteori (bl.a Leselos og Salto) -Kollegarettleiing Juni 2018 Kontinuerleg arbeid gjennom året I arbeidet med elevane og på team Etter arbeidet. Steg, team og i utviklingsgruppa PU-tider gjennom året