2016-2017 KOMPETANSEPLAN barnehagane ephorte 2016/1434
Side 1 INNHALDSLISTE Innleiing - Sentrale føringar for kompetansesatsing i barnehage - Samarbeidspartnar FOS/Forum for oppvekst i Sunnhordland side 2 Kompetanseplanar - - Barnehagane i Kvinnherad - Einingsnivå 3 Kompetansesatsing 2016 Barnehagebasert kompetanseutvikling Læringsmiljøet i barnehagen Vera Saman Barnehagens språkmiljø og barns språkutvikling Tett på realfag i barnehagen 4 4 5 8 9 Kompetansemidlar 2016 2017 11 Sentrale dokument og ressurssider 12 Bilde i kompetanseplanen: Undarheim barnehage
Side 2 INNLEIING Sentrale føringar for kompetansesatsing Ein god barnehage krev kompetente leiarar og fagleg reflekterte vaksne. Tilsette sin kompetanse er den viktigaste einskildfaktoren for at barn skal trivast og utvikla seg i barnehagen. Eit kompetent personale vil kunna sjå, anerkjenna og fylgja opp barna i deira utvikling. Å investera i dei tilsette sin kompetanse er derfor å investera i barna. Jf. Kunnskapsdepartementets Kompetanse for framtidens barnehage Strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020. Lokale kompetansebehov I er barnehagen første steg i utdanningsløpet for om lag 90 % av barna i alderen 1-5 år. Barn i våre barnehagar skal møta kompetente tilsette som ser kvart barn og møter barnets behov på god måte. Barnet skal få utvikla seg til den beste utgåva av seg sjølv. Sentrale satsingsområde og mål er grunnlag for lokale satsingar og prioriteringar. Kompetanseplan 2016 2017 syner korleis føringane frå Kunnskapsdepartementet skal omsetjast til praksis i Kvinnheradbarnehagane. Kompetansebehov i barnehagane er styrande for dei prioriteringane som kommunen har valt. Barnehagebasert kompetanseutvikling skal prioriterast, og tiltak er drøfta med styrarane i kommunale og private barnehagar. Barnehagane i Kvinnherad satsar tungt på Være sammen - Kompetanseløft i barnehagen. Tilsette i 15 barnehagar tok førre barnehageår rettleiarutdanning. Tilsette frå to barnehagar vil ta rettleiarutdanning hausten 2016, og då vil 16 av 17 barnehagar i Kvinnherad arbeida med Vera Saman. 5 av 6 kommunar i Forum for oppvekst i Sunnhordland/FOS deltek i Vera Saman. Kompetanseheving, lokalt og regionalt, vil i stor grad vera retta inn mot felles satsting. Midlar til kompetanseheving søkjer årleg Fylkesmannen om midlar til kompetanseheving. Sentrale midlar skal koma kommunale og private barnehagar til gode. For vår kommune medfører dette at kurs og deltaking i nettverk er sterkt subsidiert. I tillegg avset kommunen årleg ein sum som er tenkt til etter- og vidareutdanning for tilsette i kommunale barnehagar. Forum for oppvekst i Sunnhordland/FOS FOS er ein viktig samarbeidspartnar når det gjeld tilrettelegging av nettverk, etter- og vidareutdanning.
Side 3 KOMPETANSEPLANAR sin kompetanseplan er ein plan på systemnivå. Planen gjev informasjon om støtte til etter- og vidareutdanning. Personalhandboka har informasjon om støtte til etter- og vidareutdanning for kommunalt tilsette. Barnehagane i Kvinnherad Sentrale føringar og lokale behov ligg til grunn for kompetanseplanen. som barnehagemynde skal sikra at kommunen har eit heilskapleg barnehagetilbod av god kvalitet. Kommunale og private barnehagar er involverte i arbeidet med kompetanseheving. Barnehageeigar skal sikra at tilsette forstår og arbeider i tråd med sentrale føringar. Styrar og pedagogiske leiarar er nøkkelpersonar for utvikling av kvaliteten i barnehagen. Styrar har ansvar for at felles satsingsområde vert rotfesta i barnehagekvardagen og at det vert arbeidd systematisk med barnehagebasert kompetanseutvikling. Målgruppe for kompetanseplanen er dei tilsette i barnehagane. Einingsnivå Kompetanseheving er sentralt for å styrkja tilsette sin yrkesstatus og barnehagen som pedagogisk institusjon. Heile personalgruppa skal vera involvert i tiltak i den einskilde barnehagen. Om ein finn det føremålstenleg, kan barnehagar samarbeida om kompetansesatsing. Barnehagane skal knyta lokale behov og utfordringar opp mot sentrale satsingsområde når dei lagar sin kompetanseplan.
Side 4 BARNEHAGEBASERT KOMPETANSEUTVIKLING Prioriterte område Kompetanse for framtidens barnehage Strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020 vektlegg eit felles løft for tilsette, administrasjon og styresmakter. Strategiplanen har fire tematiske satsingsområde som er førande for lokale satsing og prioritering. 1. Pedagogisk leiing barnehagen som lærande organisasjon 2. Danning og kulturelt mangfald 3. Eit godt språkmiljø for alle barn 4. Barn med særskilte behov LÆRANDE ORGANISASJON Ein organisasjon som har ein kultur, system og leiarstil som motiverer medarbeidarane til å læra av handlingane sine, dela lærdommen med andre og bruka den til å løysa framtidige problem og utfordringar på eit strategisk-, taktisk- og operativt nivå. Kunnskapssenteret Kultur for læring krev struktur for læring. Føresetnad for barnehagebasert kompetanseutvikling er å forankra utviklingsarbeidet i eiga verksemd. Alle tilsette må vera engasjerte med å tileigna seg og dela kunnskap om korleis dei best kan nå organisasjonen sine mål. Tilsette må ha endringsvilje- og kompetanse. Det må vera ei tydeleg leiing av prosessane, og det må inkludera heile personalgruppa. Berre på denne måten kan verksemda bli ein god lærande organisasjon, der summen av dei tilsette sin kompetanse er avgjerande ein lærer av feil og suksessar ein brukar lærdommen til å koma med nye idear, løysa problem og effektivisera ein «gjev merksemd til det ein vil skal veksa» Sentrale midlar skal nyttast til barnehagebasert kompetanseutviklingstiltak etter nasjonalt prioriterte område. Dette skal stimulera til å utvikla barnehagen som ein lærande organisasjon. Prioriterte område 2016/2017 1. Læringsmiljøet i barnehagen 2. Barnehagens språkmiljø og barns språkutvikling 3. Realfag i barnehagen Kompetente tilsette er grunnleggjande og avgjerande for godt innhald og god kvalitet i barnehagane våre. har i samarbeid med barnehagane vurdert kva tiltak som må iverksetjast for å auka og styrkja tilsette sin kompetanse innan dei prioriterte områda. Satsinga innan Vera Saman vil gå som ein raud tråd i all barnehagebasert kompetanseutvikling, og det er eiga omtale av dette under læringsmiljøet i barnehagen.
Side 5 LÆRINGSMILJØET i barnehagen Barnehagen skal vera ein lærande organisasjon som skal vera i stand til å møte nye krav og utfordringar. Målsetjing er god kvalitet på barnehagens innhald og læringsmiljø. Den einskilde sin kunnskap blir ikkje fellesskapet sin kunnskap av seg sjølv. Alle organisasjonar treng system og arbeidsmåtar som sikrar at kunnskap og kompetanse vert dokumentert, delt og betra. Styrarar og pedagogiske leiarar er sentrale i arbeidet. Gjennom leik, sosial kompetanse og læring skal tilsette gje barna eit grunnlag for resten av livet. Tiltaka i kompetanseplanen er valt for å gjera tilsette i stand til å møta utfordringane og ha dei verkemidla som er naudsynt for å fylgja barna opp på ein god måte. Barnehagelova 1 understrekar barndommens eigenverdi og barnets behov for omsorg, trivsel og glede i leik og læring. Å få god erfaring med å delta i lek er viktig for allsidig utvikling, utforskning og læring, jf. Meld.St.19 (2015-2016). Leik er barna si grunnleggjande læringsform og skal ha ein viktig plass i barnehagen. Leiken har først og fremst eigenverdi; den er ein av barns viktigaste uttrykksformer. Leik er barns måte å prøva ut, erfara, bearbeida, uttrykkja seg på. Det er i aktiv samhandling med ting og menneske at barn skapar seg sjølv og sin kunnskap, jf. NOU 2010:8. Med forskertrang og lekelyst. Leik skjer oftast i samspel med andre, og leiken er den viktigaste arenaen for utvikling av språk og omgrep. Kvinnheradbarnehagane skal ha kompetente og engasjerte tilsette som ser eigenverdien i leik, men som også brukar leik som innfallsporten til læring og barns medverknad. Eit kompetanseløft i barnehagen Barnehagen arbeider målretta i høve til tidleg innsats, sosial kompetanse, handtering av utfordrande åtferd og relasjonsbygging på alle nivå. 12 kommunale og 4 private barnehagar vil dei komande åra satsa på Være sammen Kompetanseløft i barnehagen. Vera Saman har fokus på tidleg innsats og endringsarbeid i barnehagen. Barnehagen er ein viktig arena der barn tileignar seg sosial kompetanse. Djupedalutvalet påpeika at mobbing også førekjem blant barn i barnehagen, og at arbeid for eit godt psykososialt barnehagemiljø er heilt avgjerande. Gode relasjonar mellom vaksne og barn i barnehagen dannar grunnlaget for eit godt omsorgs- og læringsmiljø ( ), jf. Meld.St.19 (2015-2016). Vera Saman har stort fokus på kor viktig relasjon er for barnets sjølvbilde og tidlege normdanning. Forsking syner at dette er ein vernande faktor mot negativ åtferd og utestenging/mobbing.
Side 6 Vera Saman har som undertittel «kompetanseløft for barnehagen». Opplegget er utvikla av Universitetet i Stavanger, Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, Være sammen og Idéhospitalet. Kjernekomponentane i Vera Saman: 1. Autoritative vaksne 2. Kommunikasjon og samspel 3. Tidleg innsats 4. Handtering av utfordrande åtferd 5. Implementering og organisasjonsutvikling Det er lagt vekt på leiing og gode prosessar for å rusta barnehagane til å lukkast med implementering og endring. Det handlar om å gjera teori om til kollektiv praksis, knytt til den varme, grensesetjande vaksenstilen. Fixen et al 2005: Rammeverk for implementering Barnehageåret 2015/2016 tok 35 styrarar og pedagogiske leiarar veilederutdanning i Vera Saman. Av desse har over 20 tilsette i etterkant teke 10 studiepoeng ved Universitetet i Stavanger. Rettleiarutdanning for tilsette i kommunale barnehagar som ikkje var med førre år, vert prioritert. Barnehagane er i implementeringsfasen. Praksis, forankra gjennom teori og forsking, skal verta ein del av barnehagekvardagen. Kollegarettleiing og nettverksarbeid er viktig for å kunna gjennomføra programmet i Vera Saman. Dette opnar opp for faglege samtalar. Først når alle tilsette er med, skapar ein grunnlag for endring og utvikling i organisasjonen.
Side 7 LÆRINGSMILJØET I BARNEHAGEN - område for kompetanseheving Læringsøkter og røynsleutveksling på styrarmøte/leiarmøte sektor Arbeidsmetode vert i all hovudsak IGP/individuell gruppe plenum Leiing i ein lærande organisasjon Organisasjonskultur Prosessleiing Refleksjon, rettleiing og vurdering Bevisstgjering og motivasjon i personalgruppa Implementering av Vera Saman Innhald og moglege innfallsvinklar til dei ulike kjernekomponentane. Byggja kompetanse hos dei tilsette som grunnlag for arbeid/samhandling med barn og foreldre Leik og læring Hand i hand i Kvinnheradbarnehagane Ny barnehagelov og rammeplan for barnehagen Lærande nettverk Kommunenettverk Vera Saman: 14.09.2016 og 2.02.2017 Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar Regionalt nettverk/fos Vera Saman: 5.10.2016 og 24.03.2017 Spesialpedagog: medio november 2016 og medio mars 2017 Fagdagar og leiarkonferanse i regi av FOS 28.10.2016 Vera Saman: Omsorgsfulle relasjonar og barns behov for trygg tilknyting (Svanaug Lunde/UIS) Den livsviktige leiken (Terje Melaas/HIT) Relasjonar med barn (Eva Allison Sollie, Relasjonssenteret) 23.01.2017 Den viktigaste ressursen er DU! (Nina Nakling/Nakling entusiasme) Den undervurderte barndommen (Herdis Palsdottir/Relasjonssenteret Dei yngste barna (Line Melvold/STYD-kompetanse) Leiarkonferanse 2017, felles for barnehage og skule. Dag 1: Fokus på leiarrolla. Innleiar Pål Roland/Sigrun Ertresvåg Dag 2: Fagleg innhald retta mot dei ulike praksisfelta (barnehage, skule ) Vidareutdanning Støtte vert vurdert ut frå satsingsområde Styrarutdanning Vera Saman Veilederkurs for tilsette i Mauranger barnehage og Åkra barnehage Veilederutdanning ved UIS: støtte til 10 studiepoeng Læringsmiljø og pedagogisk leiing/hsh Tverretatleg samarbeid (barnehage skule PPT barnevern helsestasjon ) «Samhandling på tvers i organisasjonen vil vera avgjerande for at oppgåver vert løyste effektivt og godt», jf. framlegg til ny organisasjonsplan Kommunal satsing på BTI/betre tverrfagleg innsats Den vanskelege samtalen sept. og okt. 2016 (FMH og RVTS)
Side 8 BARNEHAGEN SPRÅKMILJØ OG BARNS SPRÅKUTVIKLING Barnehagane skal vektleggja eit godt språkstimulerande miljø for alle barn. Det er ei målsetjing om at barna skal få utvikla sitt språklege potensiale og at ein skal førebyggja språkvanskar på eit tidleg stadium. Barnehagetilsette skal ha kompetanse om kor grunnleggjande språk er for barns utvikling og læring, og at det er viktig å arbeida systematisk med språkmiljøet i barnehagen. Dette krev tilsette som er språkmedvitne, gode språkmodellar og som legg vekt på språkstimulering gjennom leik og kvardagsaktivitetar. Rammeplanen: Mange barn har eit anna morsmål enn norsk og lærer norsk som andrespråk i barnehagen. Det er viktig at barna blir forstått og får høve til å uttrykkja seg. Barnehagen må støtta at barna brukar morsmålet sitt og samtidig arbeida aktivt med å fremja den norskspråklege kompetanse hos barna Språkløyper/nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016 2019) har som mål at alle barn og elevar sine språk, lese- og skriveferdigheitar vert styrka. Barnehagar kan gjera seg nytte av digitale kompetansepakkar. Verktøyet er utvikla i samarbeid med forskarar, barnehagepedagogar og lærarar. For barnehage er nokre grupper spesielt framheva i strategien: - minoritetsspråklege - barn og elevar med spesifikke språkvanskar - gutar Inspirasjon, idear og verktøy Språk i barnehagen. Mykje meir enn prat Språk og språkmiljø. Refleksjonsverktøy for barnehagen Språkløyper. Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016 2019 Språkleg og kulturelt mangfald - RP temahefte Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen - RP temahefte Refleksjon som metode i barnehagens språkarbeid Språklige rollemodeller. Hvordan barnehageansattes kompetanse om språk kan styrkes Leseporten GODT SPRÅKMILJØ område for kompetanseheving Læringsøkter og røynsleutveksling på styrarmøte/leiarmøte sektor Arbeidsmetode vert i all hovudsak IGP/individuell gruppe plenum Kjennskap til og bruk av nettressursar Språkløypa Bevisstgjering og motivasjon i personalgruppa
Side 9 TETT PÅ REALFAG i barnehagen Arbeidet med realfag i barnehagen er forankra i Rammeplan for barnehagen og fagområda Tal, rom og form og Natur, miljø og teknikk. Rammeplanen: Barn er tidleg opptekne av tal, og teljing, dei utforskar rom og form, og dei argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntra utforskinga og leggja til rette for tidleg og god stimulering. I tråd strategien Tett på realfag. Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015-2019) skal tilsette stimulera barnehagebarn sine interesser for realfag. Dette skjer både gjennom det spontane i leik/samhandling med barn og i meir planlagde aktivitetar. Barnehagebarn skal møte et tydelig realfaglig innhold og ansatte som sikrer ar alle barn deltar i og har glede av læringsarbeidet. Barn skal gå ut av barnehagen med evne til å kommunisere, samhandle og delta, og de skal ha med seg lærelyst, skaperglede og utforskertrang over i skolen, jf. Tett på realfag Vi må la barna oppleve realfag allerede i barnehagen gjennom lek. (.) Alle barn er naturlig nysgjerrige og interessert i naturen rundt seg. De grubler over hvordan ting henger saman og søker svar. Denne nysgjerrigheten og lærelysten må vi ta vare på. ( ) Torbjørn Røe Isaksen. Det er ei sentral målsetjing at barnehagelærarar sin kompetanse i realfag skal styrkjast. Barnehagane vil leggja vekt på «leikande læring». Inspirasjon, idear og verktøy Ståstadanalyse UDIR - Natur, miljø og teknikk - Tal, rom og form Matematikksenteret Naturfagsenteret Forskerfrø Tal, rom og form - RP temahefte Natur, miljø og teknikk - RP temahefte Nysgjerrigper Naturpilotene
Side 10 REALFAG område for kompetanseheving Læringsøkter på styrarmøte/leiarmøte sektor Arbeidsmetode vert i all hovudsak IGP/individuell gruppe plenum. Ståstadanalyse realfag Vidareutvikla pedagogisk praksis gjennom røynsleutveksling. Bevisstgjering og motivasjon i leiargruppa skal vera grunnlag for vidare arbeid i eigen barnehage Etter- og vidareutdanning Det kan bli sett i verk etter- og vidareutdanning innan matematikk og naturfag. Støtte vert vurdert ut frå lokale behov Lærande nettverk Kommunenettverk, dersom barnehagane ynskjer dette
Side 11 KVINNHERAD KOMMUNE KOMPETANSEMIDLAR 2016 2017 Inntekter Utgifter Kommunale midlar 295 000 Statlege midlar 129 088 Vera Saman 70 000 - Kursutgifter deltakarar Mauranger og Åkra barnehage - Studiestøtte ved 10 stp/uis Leiarkonferanse i regi av FOS 50 000 Rettleiing nyutdanna 10 000 Førstehjelpskurs kommunale barnehagar 35 000 Støtte til vidareutdanning 100 000 - Styrarutdanning - Læringsmiljø og pedagogisk leiing Implementering av ny lov og rammeplan 60 000 Diverse tiltak, jf. sentrale satsingsområde/plan 99 088 424 088 424 088
Side 12 SENTRALE DOKUMENT OG RESSURSSIDER Lov om barnehager m/forskrifter Kompetanse for framtidens barnehage Strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020 Meld.St. 24 (2012-2013) Framtidens barnehage Meld.St.19 (2015-2016) Tid for lek og læring Med forskertrang og lekelyst Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn NOU 2010:8 UDIR sine nettsider har mykje nyttig i høve til refleksjonsverktøy, forsking, rettleiarar mm. - Ressursar - Statistikk og forsking - Nasjonale senter - Vetuva 2016 Tett på realfag Språkløyper/UIS Læringsmiljøsenteret Skrivesenteret RTVS/Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Skolekassa.no. Ei nettside for å læra norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Denne sida kan også vera nyttig i barnehagesamanheng Være sammen Roland. P. & Westergård E. (2015). Implementering. Å omsette teorier, aktiviteter og strukturer i praksis. Oslo: Universitetsforlaget Nysgjerrigper Forsking.no Naturpilotene - Handlingsplan mot mobbing Barnehagane i Kvinnherad 2014/2690 - Beredskapsplanar kommunale barnehagar 2016/508 - Leik og læring hand i hand. Kvalitet i kommunale barnehagar 2011/1908 - Klar til skulestart 2015/2186 - Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule 2012/979 - Tenkja det, vilja det, ynskja det.. og gjera det. 2012/1583 Rapport frå prosjekt om likestilling i barnehage 2012/1583