Til: Frå: Harald Eikenes Johannes Henrik Myrmel Dato 2017-04-03 Reguleringsplan for Naustdal sjukeheim Reguleringsplanen for Naustdal sjukeheim låg med utgangspunkt i vedtak gjort av Utval for plansaker i sak 16/28 den 16. juni 2016 ute til offentleg ettersyn. Kommunen har motteke 8 merknader. Kommunen har ikkje motteke motsegn til planen. Dei vesentlege punkta i merknadane er kort oppsummert og vurdert i dette notatet. For meir informasjon vert det synt til merknadane. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Planen er ikkje eintydig i forhold til om det er ein område- eller detaljreguleringsplan. Kommunen må vurdere kva konsekvensar dette vil ha for ev. klage. Fylkesmannen legg til grunn at kommunen rettar opp dette. Dei rår kommunen til å vurdere å legge ut eit revidert og eintydig planmateriale til nytt offentleg ettersyn. Natur og miljø har ikkje merknader til planen. Samfunnstryggleik og beredskap syner til at det er utarbeidd ROS. Det går ikkje fram at det er gjort vurderingar i høve sløkkevatnkapasitet. Dei føreset at kommune forsikrar seg om at det er tilstrekkeleg kapasitet. Havnivåstigning er ikkje omtalt som aktuelt, samtidig som det går fram av omtala i høve flaum at lågpunkt ligg på om lag kote + 2. Dette må justerast slik at den klargjer dei faktiske tilhøva i området. Vidare rår dei kommunen til å nytte rettleiaren som vart gitt hausten 2016 i vurderinga av stormflo. I føresegnene om flaum står det at det i fareområdet ikkje kan gjennomførast tiltak i klasse F2 og S3. Fylkesmannen legg til grunn at det her er meint klasse F2 og F3. Planen vart utarbeidd og oversendt til kommunen i april 2016 til gjennomgang. Den var ikkje ferdigstilt for bruk. I ROS-en var lagt til grunn det grunnlaget som låg føre når ROS-en vart utarbeidd. Ny rettleiar i høve stormflo og havnivåstigning vart gitt ut hausten 2016. Uklarheiter i høve flaum, stormflo og grunnlag bør rettast. I tillegg må revidert dokument gjevast revisjonsnummer - for bruk. I planen er det lagt til grunn at det er eller vil verte etablert tilstrekkeleg sløkkevatnkapasitet før tiltak vert gjennomført. Plandokumenta er føresett revidert slik at dei vert eintydige. Uklarheita knytt til bruken plantypane område- og detaljreguleringsplan er ikkje vesentleg. Det heng saman med at det ikkje er noko forskjell på kva desse to plantypane treng å innehalde, og det framstår ikkje som ein feil som påverkar verken innhaldet eller utfallet av planhandsaming. Spørsmålet om manglande varsling ved varsel oppstart vart vurdert ved utlegging av planen. Statens vegvesen I følgje planomtalen legg ikkje planforslaget til rette for kapasitetsauke, men talet på institusjonsplassar skal kunne aukast frå 22 til om lag 34, utan vesentleg endring av bygningsmassen. Statens vegvesen viser til at det er det samla utbyggingspotensiale som ligg inne i planforslaget som 2017-04-03 Side 1 av 5
skal leggast til grunn for vurderingar av trafikk, og dei kan ikkje sjå at dette er omtalt spesielt i planforslaget. Det vert vist til tidlegare uttalar til ulike bustadprosjekt aust for Nausta, sist i uttale datert 23.03.2017 til detaljreguleringsplan for bustadblokk ved Øyravegen. Trafikken til og frå sjukeheimen skil seg frå anna trafikk gjennom at den i stor grad vil vere avhengig av tidspunkt for vaktskifte. Ein legg til grunn at trafikken til og frå området ikkje vert vesentleg endra. Fokuset gjennom arbeidet har vore å betre dei trafikale tilhøva innafor planområdet, for å betre trafikktryggleiken. Det er ikkje gjort særskilde vurdering av kva trafikk og trafikkauke planen legg til rette for og korleis det påverkar kapasiteten i kryss mot riksveg 5. Noregs vassdrags- og energidirektorat Det vert synt til at sjukeheimen ligg på tjukke hav- og fjordavsetningar. I slike områder kan ein ikkje utelukke førekomstar av kvikkleire. I ROS-en vert førekomsten av havavsetningar drøfta utan at faren for områdeskred av kvikkleire er tema. Det er føresett at før tiltak vert gjennomført skal naudsynt geoteknisk prosjektering vere gjennomført i samsvar med føresegnene i teknisk forskrift. Dette er ikkje følgt opp i ROS-en. Av uttala går det konkret fram: Vi tolkar ROS analysen slik at det er fjell i overkant av sjukeheimen (i nordaust). Ut frå dette skal ikkje sjukeheimen kunne ligge i utlaupsområdet for noko kvikkleireskred. Tomta der sjukeheimen ligg på er av finare massar, og ligg på kanten av ein 7-9 meter høg bratt skråning. Ein kan ikkje utelukke at sjukeheimen ligg på ein potensielt lausneområde for skred. Det er tett busetnad under skråninga, og ein sjukeheim er i seg sjølv ein bygning i ein høg tiltaksklasse. Dette talar for å syne aktsemd i området. Planen legg opp til fleire brukarar og utelukkar ikkje vidare utbygging. NVE meiner at vurderinga av fare for områdeskred er for dårleg utgreia på dette plannivået, og syner til NVE sin rettleiar 7/2014. NVE rår til at det vert gjennomført ei fagkyndig vurdering av fare for områdeskred av kvikkleire før planen vert slutthandsama og at konklusjonar frå denne vurderinga vert teke inn i plankart og føresegner. Området med lausmassar er i stor grad bygd ut. Eksisterande bygningsmasse er ført opp i fleire etappar. Basert på det som er opplyst frå kommunen, så er det gjennomført tiltak for å ivareta stabiliteten i området. Det er i planen lagt til grunn at naudsynt geoteknisk prosjektering vert gjennomført før nye tiltak vert gjennomført i samsvar med det som følgjer av føresegnene i teknisk forskrift. Det må ein legge til grunn vert ivareteke både ved oppføring av bygg, ombygging av utomhusanlegg og ved etablering av veg og parkeringsanlegg. I planføresegnene vil det vere klargjerande, å ta inn krav om fagkunnig geoteknisk vurdering og prosjektering før tiltak vert gjennomført, med slik ordlyd: Geoteknisk vurdering og prosjektering må gjennomførast før det vert gjeve løyve til tiltak. Ut frå beredskapsmessinge omsyn vil det vere ein fordel om kommunen ser nærmare på utfordringa som NVE har peikt på. 2017-04-03 Side 2 av 5
Sunnfjord Energi Nett Nettselskapet syner til at dei har områdekonsesjon i Naustdal, noko som inneber at dei etablerer og driftar straumnettet i kommunen. Fokuset i planarbeidet er betring av dei trafikale tilhøva. Planen opnar ikkje for vesentleg kapasitetsauke. I utala vert det gitt info. om anlegg og tiltak nær anlegget. I tillegg ber dei om at planen vert oversendt på SOSI når den er vedteken. I tillegg syner dei til at det vil vere nyttig for dei å få kart som syner planlagde tekniske anlegg. Kostnader med bygging og ombygging/tilpassing må utbyggar normalt ta. I god til før det skal gjennomførast tiltak, må utbyggar ta kontakt med nettselskapet for påvising av anlegg. Tatt til orientering. Henning Svoen på vegne av Astrid Svoen eigar av gnr 99, bnr 122 Eigedommen er lokalisert innanfor arealet som er merka BFS1. Svoen ber om at all korrespondanse i saka vert retta til Henning. Eigedommen er omfatta av planframlegget utan at kommunen har teke direkte kontakt med eigaren. Planen fører til vesentlege inngrep i denne eigedommen og legg store bindingar for eigaren i høve utnytting Svoen har følgjande merknader: 1. Det kan sjå ut som bustadane innafor BFS1 er føresett fjerna, noko som ikkje er omtalt i planframlegget 2. Planen manglar forklaring av forkortinga SVT. Det er nytta på arealet ved sida av vegarealet. Det må klargjerast kva som ligg i forkortinga. 3. Planen fører til vesentlege fysiske inngrep på eigedommen gnr 99, bnr 122 både mot Ospeteigen (fortau og anna veggrunn) og Nedre Ospeteigen (anna veggrunn) som fører til vesentleg forringing av verdien på eigedommen. Det vert ikkje akseptert. 4. Grad av utnytting er for området BFS1 sett til %-BYA= 35. I gjeldande kommuneplan er den på 50 %. Reduksjonen er ikkje grunna. For eigedommen vert følgjene ekstra urimelege når det både vert lagt opp til reduksjon av tomta og grad av utnytting. Bustadane innanfor område BFS1 er ikkje føresett fjerna. I samsvar med det som går fram av 3.4 i føresegnene til kommuneplanen, er grad av utnytting på %-BYA=35 innarbeidd for bustadtomtene. Teiknforklaringa syner at arealet som er markert som SVT på plankartet er «anna veggrunn tekninske anlegg». Fargesettinga på plankartet og i teiknforklaringa er tydeleg, men forkortinga manglar i teiknforklaringa og føresegnene. Planen opnar for utviding av veg og etablering av fortau langs Ospeteigen. Gjennomføring av vegtiltaka vil føre til tiltak på eigedommen. Tiltaka kan ikkje gjennomførast før naudsynt areal og ev. rettar er sikra. Tiltak vil sikre eigedommen betre og tryggare veg. 2017-04-03 Side 3 av 5
Øystein Vasset på vegne av Kjersti Reiakvam Vasset eigar av gnr 99, bnr 111 Eigedommen er lokalisert innanfor arealet som er merka BFS1. Vasset ber om at all korrespondanse i saka vert retta til Øystein Vasset. Eigedommen er omfatta av planframlegget utan at kommunen har teke direkte kontakt med eigaren. Planen fører til vesentlege inngrep i denne eigedommen og legg store bindingar for eigaren i høve utnytting Vasset har følgjande merknader: 1. Det kan sjå ut som bustadane innafor BFS1 er føresett fjerna, noko som ikkje er omtalt i planframlegget 2. Planen manglar forklaring av forkortinga SVT. Det er nytta på arealet ved sida av vegarealet. Det må klargjerast kva som ligg i forkortinga. 3. Planen fører til vesentlege fysiske inngrep på eigedommen gnr 99, bnr 111 både mot Ospeteigen (fortau og anna veggrunn) og Nedre Ospeteigen (anna veggrunn) som fører til vesentleg forringing av verdien på eigedommen. Det vert ikkje akseptert. Det vert opplyst at eigedommen i 1998 avsto 50 m 2 til veg for å få rydda opp i ein etablert situasjon. 4. Grad av utnytting er for området BFS1 sett til %-BYA= 35. I gjeldande kommuneplan er den på 50 %. Reduksjonen er ikkje grunna. For eigedommen vert følgjene ekstra urimelege når det både vert lagt opp til reduksjon av tomta og grad av utnytting. Uttala er nærmast likelydande uttala frå Svoen, og det vert synt til vurderinga av uttala frå Svoen. Det særskilte for denne eigedommen, er lokaliseringa ved krysset mellom Ospeteigen og Nedre Ospeteigen. Garasjen er lokalisert inn mot krysset og vert liggande delvis innanfor byggegrensa, men utanfor frisiktsona i krysset. Tilkomsten er over anna trafikkareal. Løysinga er ikkje optimal, men ei tilpassing til dagens situasjon. Geir Løkke Tomassen, eigar av gnr 99, bnr 422 (Øyravegen 113) Eigedommen vil verte sterkt rørt av vegtiltaka som planen opnar for. Det femnar om areal sett av til gangveg og anna veggrunn. Inngrep på eigedommen vil bety; at garasjebygget må rivast og erstattast, bjørkealleen langs Ospeteigen og Øravegen må fjernast, gjerde må rivast og erstattast, reiskapsbu må rivast og erstattast, levegg må rivast og flyttast, opparbeidd indre tun vert mindre og må byggast om og parkringsplassane framfor eksisterande garasje vert fjerna. Utviding av veganlegget vil dessutan føre til gangtrafikk tettare på eigedommen, noko som vil verke inn på kvalitetane på uteområdet. Tomassen kan ut frå det som er vanleg i sentrum ikkje sjå at det er naudsynt med gangfelt på begge sider av vegen i nedre del av Ospeteigen. Tomassen ber kommunen ta ut dei planlagde tiltaka som rører ved eigedommen gnr 99, bnr 422. Dersom det er ønskjeleg å forbetre situasjon, kan kommunen i staden få på plass fartsdumpar i Øyravegen i 30-sona, sette ein elektronisk bom ved Gamlebrua og få på plass gangbru over Nausta. 2017-04-03 Side 4 av 5
I område der tiltak er gjennomført tett inn på veg, fører normalt gjennomføring av planer til inngrep. Arealet er regulert for å trygge eit samanhengande og einsarta trafikksystem. Det ligg ikkje føre konkrete planer for realisering. Før tiltak kan realiserast må det detaljprosjekterast. Gjennomføring føreset at naudsynt areal og rettar er sikra. Dei som vert rørt av tiltak skal vere skadeslaus. Jone Ottar Erdal og Bjarte Erdal, eigarar av gnr 99, bnr 41 Det vert synt til at det i planen både er nytta omgrepet områdereguleringsplan og detaljreguleringsplan. Eigaren av gnr 99, bnr 41 har ingen merknader til tiltak som det er gjort framlegg om i planframlegget. Dei uttalar seg ikkje til den skisserte løysing for fase II, dvs. veg om Jarane. Samtidig vert det stadfesta at dei er opne og interessert i at det vert bygd veg om Jarane i samsvar med linja i gjeldande kommunedelplan. Planen er både omtalt som område- og detaljreguleringsplan i plandokumenta. Planen er ei detaljreguleringsplan. Det må rettast i dei endelege plandokumenta. Innleiingsvis i planarbeidet vart det jobba med å utvikle ei løysing med veg om Jarane. Når kommunen mottok merknaden frå Erdal valte rådmannen å avslutte arbeidet med det alternativet. Bakgrunnen var at det gjennom dialogen med Erdal kom fram at løysinga som kommunen jobba med var i strid med arealbruken i kommuneplanen. Ein valte i staden å skissere veg via Jarane som fase II. Fase II er ikkje regulert i planframlegget. J01 2017-04-03 For bruk JOHM AKR JOHM Versjon Dato Omtale Utarbeidd Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. 2017-04-03 Side 5 av 5