Mange utfordringar med meir beiting Av Dagfinn Ystad, Norsk Landbruksrådgiving Østafjells Beiteressursane har historisk sett vore fundamentet for det grovfôrbaserte husdyrhaldet i Noreg, der knapt 4% av arealet er dyrka, og hovuddelen er skog og vidde. Målsettinga i Stortingsmelding 9 om framtidig landbruk frå 2011-12, er at «Noreg skal fortsatt vera eit husdyr-/beiteland der utmarksbeita dannar grunnlag for næring, busetting og kulturlandskap». I husdyrhaldet har beitebruken gått ned dei siste ti-åra grunna endringar i struktur og driftsopplegg i landbruket: Det er blitt større driftseiningar og auka krav til effektivitet. Regjeringa vil forsterke denne utviklinga. Men kva vil fleirtalet på Stortinget? Tidlegare var det vanleg at dei same bruka både nytta utmarksbeite og samstundes dreiv planteproduksjon på innmark. Her har det skjedd ei endring når mange avviklar husdyrhaldet. No er det færre brukarar med beitedyr, færre eigarar som er interessert i å halde gjerder, meir attgroing og ny utnytting av utmarka gjennom hytteutbygging o.l. I dei fleste tilfella er det nok utmarksbeite. Hovudutfordringa er oftast den praktiske beitebruken som fører til utfordringar og konfliktar: - Dyra vandrar meir, dyra beitar eller oppheld seg på område dei ikkje har rett til å vere - Lite beitetrykk - Einsidig beitetrykk - Det er ofte dei beste beita som fyrst vert omregulert til andre formål enn beiting, t.d. hyttebygging, ofte utan at beiteretten er avløyst - Tilsåing langs vegar og hytter dreg til seg beitedyr - Inngjerding sperrar etablerte og naturlige dyretråkk - Lokalt store rovdyrplager - Færre dyrehaldarar aukar arbeidspresset m.o.t. tilsyn for dei som er att - Redusert kunnskap og forståing om beitebruk og gjeldande lovverk - Konflikt med jakt og sank av dyr i utmark - Skader på dyrkamark og skog - Auke i beiteande ammekyr av kjøttferasar stiller større krav til gjerda Beiting krev reguleringar og avgrensingar Det å ha god kontroll på dyra ein slepper på beite er avgjerande i praktisk beitedrift. Dette har vore nedfelt og utvikla i norsk lovverk i meir enn 1000 år. I dei fleste tilfelle trengst gjerding, også om dyra blir gjeta. Historisk vart ein gard utan beiterett sett på som verdilaus, og i utgangspunktet har alle bruk ein beiterett som er ein del av grunneigedomsretten. Men beiteretten kan òg vere ein bruksrett på annan manns grunn, ein kan ha åleine eller saman med andre (sameige), lagt til i eit bestemt område med ein rett til å sleppe eit visst tal dyr. Beiteretten er oftast ikkje kartfesta eller avklart geografisk, ikkje matrikkelført og har ofte uavklart storleik. Den blir heller ikkje borte om han ikkje blir nytta, eller ved ei om regulering av areal som t.d. hytteutbygging. Då kan retten bli erstatta eller avløyst.
Beiterett på framand grunn er regulert på ulike måtar. Grunnlag for beiterett kan vere;- avtale, hevd, alders tids bruk og lokal sedvane. Streif beiting er beiting på tvers av beiterettsgrenser og er ikkje omfatta av noko lovverk. Dyr må derimot sleppast der eigar har beiterett. Fram til 1860 galdt prinsippet; «kvar fredar si innmark». Etter den tid er prinsippet endra og er no regulert av to lover frå 1961 som i praksis ikkje er samstemte og dels opplevast motstridande; - beitelova og gjerdelova. Dette har ført til ufred og mange tvistar som igjen har gitt løn til mange advokatar. Hovudregelen i beitelova er at husdyreigar har plikt til å sørgje for at dyra ikkje oppheld seg på stader dei ikkje har rett til å vere,- altså ei vaktarplikt. Brot på denne plikta kan føre til erstatningsansvar og dyre eigaren kan bli bøtlagt for dei skadane dyra har gjort,- om det har skjedd med forsett eller i vanvare. Gjerdelova handlar om retten til å sette opp og plikta til halde gjerde. Alle har rett til å sette opp eller oppretthalde gjerde mot granneeigendom dersom ein kostar det sjølv. Gjerdeplikt gjeld når gjerde er til nytte for begge partar. I tillegg må summen av nytte for begge eigedomar overstige kostnadene ved oppsetting. Men lova omhandlar òg plikt til å vedlikehalde gjerde, sjølv om ein sluttar med dyr. Vilkåret er at kostnadene er mindre enn nytta for begge eigedomane til saman,- uavhengig av om berre den eine har økonomisk nytte av gjerdet. Med nytte i loven meiner ein: For dyre eigar;- reduserte utgifter til vakthald, redusert fare for erstatningsansvar. For innmarkseigar;- reduserte skadar på åker/eng, hindrar tråkk av uvedkommande. For bustad eigar;- markerar eigedomsgrensa, hindrar innsyn, hindrar trakk av uvedkommande, auka marknadsverdi. Gjerdelova gjeld òg for beiterettsgrenser, men ikkje for sperregjerder. Kven og kva gjerder ein for?
Jordskiftelova frå 1979 er resultatorientert og eit verktøy for å få til praktiske løysingar mellom to eller fleire partar i landbruket. Får ein til løysingar her utanom det ordinære rettsapparatet vil ein kunne minske konfliktar og spare store summar. Her er nokre stikkord: Jordskifteretten gir hjelp ;- i tvist om rettar, -når ein er usamde om tiltak, til bistand til rettsavklaring/organisering. Jordskifteretten har verkemiddel til; -rettsfastsetting (avklare grenser /beiterett),- rettsendring til fellestiltak (sperregjerde) og bruksordning /reglar om beitebruk utan endring av eigedomstilhøva Saksgangen i jordskifte; - avklare beiteretten, - avklare gjerdeplikta, fastsette beitebonitet, vurdere egna trase for gjerde, vurdere kostnader og ulemper ved etablering og vedlikehald av gjerde og nytteverdi. Viktige moment ved gjerding: Gjerding handlar om kvalitet, kunnskap og tilsyn. Oppsett og vedlikehald bør utførast av kompetent personell. Ansvarleg for vedlikehald bør vere definert. Gjerdehald vert regulert gjennom m.a. gjerdelova, men også dyrevelferdslova. Lovene inneheld reglar om utføring, oppsetting og vedlikehald av gjerder samt rettar og plikter for grunneigar og husdyreigar. Gjerde skal vere slik at dyr ikkje vert utsett for unødige påkjenningar og belastningar. Den ansvarlege skal føre naudsynt tilsyn og gjennomføre naudsynte tiltak «for å kunne oppdage, førebygge og avhjelpe fare for unødige påkjenningar og belastningar.» Gjerde med sjeldan tilsyn bør vere av typen permanent gjerde utan straum. Ikkje berre vakkert,--også farleg. Dyrevernlova vart i 2009 erstatta av Lov om dyrevelferd. Etter lova sin 15 er det forbod med piggtråd i gjerde for å regulere dyr sin ferdsel. Lova har ikkje tilbakeverkande kraft, men forbodet gjeld også eksisterande gjerde som treng vedlikehald der gjerdetråd skal skiftast ut,- heilt eller delvis. Piggtråd i gamle gjerder som har falle ned bør fjernast for å hindre at dyr blir skada. Fleire kommunar har hatt lokale forskrifter, men desse er no fjerna.
Piggtråd i gjerder som har falle ned, bør fjernast for å hindre at dyr blir skada. Gjerdeskipnad mellom eigedommar står ved lag så lenge ikkje anna er fastsett ved gjerdeskjønn eller anna. Men alt varar ikkje evig Også geita har respekt for god gjerding.
Tilskot til gjerding/beitebruk Det er tre mogelege søknadskjelder: Tilskot til tiltak i beiteområder Fylkesmannen(FM) Tilskot til førebyggjande tiltak mot rov vilt skader og konfliktdempande tiltak FM Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) Kommunane I tillegg kan nokre kommunar ha sine støtteordningar Ny offentleg forskrift har slikt formål: legge til rette for best mogeleg utnytting av beite i utmark redusere tap av dyr på utmarksbeite fremje fellestiltak i beiteområda Vilkåra er at tilskot kan bli gitt til lag eller foreiningar (beitelag, grunneigarlag mv.) føretaket må vere registrert i Enhetsregisteret føretak som har rett til produksjonstilskot der det ikkje ligg til rette for samarbeid Ta elles kontakt med lokalt landbrukskontor for informasjon og hjelp til søknad. Beitedyr og solid gjering gir eit vakkert kulturlandskap.