Halvtårsrapport Raud gruppe, haust 2016

Like dokumenter
Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Månadsbrev for Februar

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Halvtårsrapport grøn gruppe haust 2017

Undring: Sjå det er tre røyr, eit stort, eit mellomstort og eit pittelite. Kvifor? Det renn vatn ut av dei.

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Månedsbrev for April

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK. Sverdet oktober 2014

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

JEG KAN! " PERIODE: September, oktober og november 2011 for REODOR

NATUR, MILJØ OG TEKNIKK HVA GJØR VI I BARNEHAGEN? BARNEHAGENS MÅL

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Furumohaugen Familie Barnehage.

HAKKEBAKKESKOGEN. Lillevollen barnehage KORT OM PROSJEKTET. 1-3 år Billedkunst og kunsthåndverk, litteratur

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

SKOLE- FORBEREDENDE AKTIVITETER

PROGRESJON betyr å avansere. Det betyr det du ikke får til nå, får du kanskje til om 1 time, 1 dag eller 1 år! Alle ønsker vi å komme.

Periodeplan for avdeling Lykke, januar til juni 2013

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Kommunikasjon Språk Tekst

Månadsbrev Januar 2017

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

VENNSKAP OG LEK PERIODE:VÅR 2013

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn.

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

torsdag, 20. januar 2011 Progresjonsplan Øye barnehage Plan som visar kva barnehagen vil legge vekt på innanfor kvart fagområde.

Trollnytt for januar og februar

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss:

PERIODEPLAN FOR KREKLING

Månedsbrev for Steingrua! Februar Foto: Helén Eliassen

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Årsplan for. Hjartevarmen

Barnehage Arkitektur 2-3 åringer 2016

Mehamn barnehage Årsplan 2007/2008. Årsplan

PEDAGOGISK PLAN FOR SEPTEMBER, 0KTOBER OG NOVEMBER Gruppe STOREBJØRN

Periodeplan for Kardemommeby og Lønneberget høst/vinter 2013.

Sjå Rammeplanen for meir informasjon om kvart fagområde, mål for å fremje barnas utvikling og læring, samt presisering av personalets ansvar.

Halvårsplan for Trestubben, Maurtuå og Steinrøysa. Høst 2017

Årsplan. Klinga familiebarnehage 2014 / 2015

Holten barnehage avd. Villabyen

Hvordan skal vi jobbe med rammeplanens fagområder på Tyttebærtua i 2013/2014?

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Årsplan for Frikultbarnehagen Avd. Gransjura 2014/2015

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

Progresjonsplan Trollungene

AUGUST Tema: Tilvenning. Tilvenning. Tilvenning

Året rundt. Gjennomgangstema for året er vennskap, mobbing og anerkjennende kommunikasjon. 1. august 18.november: Nye vennskap

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Hakkebakkeskogen. Utarbeidet av Lillevollen barnehage, Bodø BAKGRUNN FOR PROSJEKTET PROSJEKTTITTEL MÅLSETTING MED PROSJEKTET

PROGRESJONSPLAN FOR FAGOMRÅDENE I RAMMEPLAN FOR BARNEHAGEN GYLDENPRIS BARNEHAGE 2018/2019

Periodekalender 2017 Kunst, kultur og kreativitet

GJENNOM ARBEIDET VÅRT MED FAGOMRÅDET KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST ØNSKER VI AT BARNA SKAL:

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Barna på Humor tok spikkesertifikat 1.november 2011 På lang, lang rekke mot livslang læring.

ÅRSPLAN KLINGA FAMILIEBARNEHAGE

Årsplan for Furumohaugen familiebarnehage 1

ÅRSPLAN FOR KREKLING

Periodeplan for avdeling Glede, august desember 2013

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Årsplan for Jakobsli Familiebarnehage

- et godt sted å være - et godt sted å lære

Halvårsplan for Voll og Nerskogen barnehager, avd. Nor`stuggu.

Månadsbrev for Blå, april 2016

AUGUST Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag. Ingen kan alt - alle kan noe! Små ting er ikke småting!

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Pedagogisk plan

Årsplan Klinga familiebarnehage 2015 / 2016

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Årsplan Venåsløkka barnehage

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017

Årsplan Trygghet og glede hver dag!

Progresjonsplan 2016/17

NORBANA BARNEHAGE ÅRSPLAN

HOVEDTEMA: JEG ER EN VENN PERIODE: JANUAR AUGUST 2013 AVDELING: GRUMLEREN

Månedsplan, april. Grøn gruppe

- et godt sted å være - et godt sted å lære

Transkript:

Halvtårsrapport Raud gruppe, haust 2016 Gruppa har bestått av 11 barn, 4 jenter og 7 gutar. Me har vært to vaksne på gruppa; Tina Almås, pedagogisk leiar og Berit Nylund, assistent. Samarbeidet har vore bra, og me er nøgde med arbeidet me har gjennomført. Me har hatt eit spanande og flott halvår, med mykje utflukter. Eg vil nå opp summera kva me har gjort innanfor dei forskjellige områda i rammeplanen. Omsorg, medverknad og inkludering «Barnehageinnhaldet skal utformast slik at både det enkelte barnet og gruppa opplever det som meiningsfullt. Omsorgs- og læringsmiljøet i barnehagen skal fremje trivsel, livsglede og kjensla av eigenverd hos barnet». Rammeplanen og innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Me har arbeida med ei gruppe der det er forskjellar både i utvikling, språk og interesser. Gruppa er godt samansveisa, og me opplev god toleranse og omsorg mellom barna. Det har me og lagt stor vekt på i arbeidet, og me har hatt mykje gode samtalar med barna. Til dømes har me snakka mykje om at me er forskjellige i utsjånad, at me er gode på forskjellige ting, interesserar oss for forskjellige ting og at me snakkar ulike språk. Me legg vekt på at kvart enkelt barn er unikt, og at me er alle like mykje verdt. I det daglege arbeidet legg me vekt på å sjå og anerkjenne enkeltbarnet, og sjå gruppa som heilheit. Barnas ynskjer, følelsar og opplevingar betyr noko, og me som vaksne skal anerkjenne det og være gode førebilete for barna. Me snakkar om opplevingar i ettertid, kva som var kjekt og ikkje, samt at me legg planar saman med barna. Me snakkar om og jobbar med inkludering og empati. Korleis er det å bli stengt ute frå leiken? Korleis kan me leika slik at alle synes leiken er gøy? Må alle alltid væra med, og korleis kan me seia nei på ein måte som ikkje sårar?

Kommunikasjon, språk og tekst Dette halvåret har me hatt mykje gode samtalar. Me har øvd på å vente på tur når me snakkar saman i større grupper, samt korleis me brukar stemma vår. Me har jobba litt i små språkgrupper med nokre av barna som har behov for det, og har konkludert med at dette er noko me må prioritere meir i neste halvår. I starten av barnehageåret jobba me strukturert med snakkepakken, og såg at fleire av barna hadde godt utbytte av dette. Dette er noko me ynskjer å ta opp igjen etter nyttår. I kvilestunda har me hatt mange flotte lesestunder, og nokre magiske samlingsstunder. Me har lest bøker som Den store boka om Lotta, Hakkebakkeskogen, Det store spøkelse Laban, Gummitarzan, Monsterboka, Den fantastiske Mikkel Rev, Albert Åberg, Maia, og mange tynne bøker i tillegg. Barna har spelt mykje spel, både med og utan vaksne. Alias, lotto og trafikkspelet er nokre spel som har vært svært populære. Me jobbar med å følgje spelereglane, vente på tur, snakke om det me ser i spelet og ikkje å jukse. Kropp, rørsle og helse «Barnehagen skal bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler», og at dei får «gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider». Dette fagområdet har me jobba ganske mykje med. Me har gått mange flotte turar, både lange og korte. Me har gått turar til stranda med Sæbøgård, grotta i Alnavågen, fleire turar i skjepåsen, Ekornskogen og til Langeland. Me har og vært på større utflukter som fjelltur på Kattnakken og kanotur på Storavatnet. På desse turane har me opplevd forskjellig vær, og me har sett naturen forandra seg. Me har sklidd på isen, vassa i sjøen, padla på vatnet, og kjent på kor sterk kroppen er som klarar å bæra oss opp på fjellet. Me har pressa grensene våre både psykisk og fysisk, og nokon gonga har me nådd grensa og måtta stoppa. På turane har me ofte laga mat ute, og det har vært veldig kjekt. Me har hatt med oss kokte egg til stranda, grilla pølser og karbonadar, laga kakao, pølse og pinnebrød på bålpanna og hatt smørelunsj på fjelltoppen.

Kunst, kultur og kreativitet «Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet gjeld uttrykksformer som biletkunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design». Me har mala med bein, armar og penslar, teikna, klypt og limt. Me laga vår eigen bursdagskalender, små kunstverk og me har veva mykje. I november og desember har me laga mykje julepynt og presangar, som toving, stjernelaging, perling, lagt lykter og dryppa lys. Musikk har me høyrt ein del på i kviletida, og me har hatt filmdagar nokon gongar. Gjennom venskapet vårt til kjellarnissen Trygve har me utfordra oss med å teikna rommene våre til han, skrevet brev til han og latt fantasien ta av. Me har dramatisert eit kapittel frå boka om Lotta, og opplevd mange fellessamlingar med drama, song, film og dans. Natur, miljø og teknikk «Fagområdet skal bidra til at barna blir kjend med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og vær». Me har vært ute i all slags vær, alt frå strålande solskin og varme, til ekstrem nedbør og torden. Me har dusja oss i vatn frå takrenna og samla naturmateriell til ting me skal laga. Me har sett forskjellige dyr på turar me

har vært på, og hatt hunden til Tina med oss på nokre turar. Ein død fugl fann me på isen og ulike landskap har me erfart på kroppen. Me har gjort lite eksperimentering dette halvåret, og det er noko me må ta meir fatt på neste halvår. Noko av det me har gjort er å blande maizenna og vatn, som blir ei rar røre som er blaut og rennande om den er i ro, men blir hard viss me trykkjer på den. Etikk, religion og filosofi Etikk er eit emne som har prega halvåret. Kva er rett og galt, kva er rettferdig og urettferdig? Me har hatt mange gode diskusjonar saman med barna om etiske dilemma, og me opplev at dei resonnerer seg fram til gode svar. Nokon gongar ser me at det går eit lite «lys» opp for dei når dei skjønar kva som er urettferdig, eller ser ei anna side av saken. Me har markert ulike høgtida som til dømes jul i desember, der me blant anna var på kyrkevandring. Og me gjekk luciatog i barnehagen. Nærmiljø og samfunn «Barn skal få utforske og oppdage nærmiljøet sitt». Me har vært på fleire utflukter i nærmiljøet, blant anna besøk hos Dyrlege Slettebø, der me fekk væra med på undersøkingsrommet for å sjekke ein hund og sjå røntgenbilete. Me har vært på vandring i kyrka og hatt to songoppvisninga i kulturhuset. I barnehagen har me fått besøk av både brannbil og sjukebil i forbindelse med brannvernveka og førstehjelpsveka.

Tal, rom og form Former jobba me mykje med i starten då me brukte snakkepakken. Me blei kjent me ulike geometriske former, og fekk teikna dei sjølv. Me spelte spel me forskjellige former, og laga oss ein eigen terning. Me telte hjørna for å finne ut kva form me såg. Hytter har me bygd i legokroken, og me har nytta vassrommet på forskjellige måtar. På bakedagar har me nytta oss av forskjellige måleeiningar, og gjennom spel har me øvd oss på å vente på tur, telle antall auger på terninger og å flytte brikkene. I mange av dei gode samtalane me har hatt er det ofte deling me har snakka om. Er det rett om du får 3 og eg berre får 1? Her må me tenke, for viss eg får 3 så synes eg kanskje det er rett, men om eg er den som berre får 1 så opplev eg det som urettferdig. Foreldresamarbeid Foreldresamarbeidet har vært godt denne hausten, og foreldra har hatt mogelegheit og ynskje om å medverke. Dette set me stor pris på, og er glad for foreldras medverking. Fleire foreldre har bidratt med køyring til og frå, nokon har vært med på turar der me treng fleire vaksne, og mange har bidratt med innspel. Det var godt oppmøte på foreldremøte og foreldresamtalar, og me opplev at me har god kommunikasjon med foreldra.