Kviteseid kommune Interkommunalt plankontor «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «KONTAKT» MELDING OM VEDTAK Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: «REF» 2014/1215-36 Sveinung Seljås,35048430 L12 23.09.2015 sveinung.seljas@nissedal.kommune.no K - Reguleringsplan detaljregulering - g/s-veg Vrådal sentrum - Straumsnes - godkjenning - særutskrift Her fylgjer særutskrift av kommunestyresak 036/15. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan fristen. Klaga skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket, oppgje vedtaket det blir klaga over, den eller dei endringar du ønskjer, og dei grunnar du har for klaga. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for oss om du har klaga i rett tid, må du også oppgje når denne meldinga kom fram. Godkjent planomtale, plankart og planføresegner m.m. ligg på heimesida til kommunen; www.kviteseid.kommune.no under Arealplanar Reguleringsplanar. Ønskjer nokon derimot desse mottatt i papirutgåve, kan dei sendast på førespurnad. (Dette oversendingsbrevet er sendt elektronisk til fylkesmannen, fylkeskommunen, og Statens vegvesen, jf. melding av 13.05.13.) For dei rettslege verknadene av planvedtaket, sjå vedlagte kopi av annonsetekst for vedtaket. Med helsing Sveinung Seljås -plansjef Postadresse: Treungvegen 398 Telefon: 35048400 Bankgiro: 27140700016 3855 Treungen Telefaks: 35048410 Org.nr: 964964343 E-post: info@nissedal.kommune.no www.nissedal.kommune.no
Kviteseid kommune Arkiv: L00 Saksmappe: 2015/3-31 Sakshand.: Sveinung Seljås Dato: 08.09.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 36/15 17.09.2015 K - Reguleringsplan detaljregulering - g/s-veg Vrådal sentrum - Straumsnes - godkjenning Søkar: Statens vegvesen Region sør Postboks 723 Stoa 4808 ARENDAL Vedlegg: 1 K - Reguleringsplan g/s-veg Vrådal sentrum - Straumsnes - planomtalen 2 K - Reguleringsplan g s-veg Vrådal sentrum - Straumsnes - Plankartet 3 K - Reguleringsplan g s-veg Vrådal sentrum - Straumsnes - Planføresegnene 4 K - Reguleringsplan g s-veg Vrådal sentrum - Straumsnes - ROS-analysen 5 K - Reguleringsplan g/s-veg Vrådal - kommentarar til innkomne innspel/høyringsuttalar 6 K - Reguleringsplan g/s-veg Vrådal - innspel/høyringsuttalar, vedlegg 1-17 7 K - Reguleringsplan g/s-veg Vrådal - innspel/høyringsuttalar, vedlegg 18 8 K - Reguleringsplan g/s-veg Vrådal - innspel/høyringsuttalar, vedlegg 19-26 9 K - Reguleringsplan g/s-veg Vrådal - ettersendt høyringsuttale frå Sanden Ringsrød Faktiske tilhøve: Det har lenge vore arbeidd med å få gang- og sykkelveg på strekninga Vrådal sentrum Straumsnes. Kommuneplanen har frå 2006 vist ein framtidig g/s-veg langs sørsida av fv.38 på denne strekninga. Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) laga i 2012 i samarbeid med Vrådal vel og Vrådal idrettslag ein «forstudie» knytt til aktuelle problemstillingar og moglege løysingar. Det blei i denne synt tre alternative framføringar av g/s-veg mellom sentrumsområdet og skuleområdet på Straumsnes; Ei såkalla strandline, og to andre som fylgde meir eller mindre fv.38 på kvar si side av vegen. Planforslaget som nå er utarbeidd som ein reguleringsplan, detaljregulering av Statens vegvesen, har g/s-vegen langs sørsida av fv.38, og utan at lineføringa av fylkesvegen er justert. Planområdet går frå midten av fylkesvegen og ut mot Nisser, men ikkje lenger enn til fyllingsfoten for g/s-vegen eller felles/privat køyreveg, med ei naturleg buffersone, planbreidde 20-30 m. I lengderetninga går planen frå aust der fortau/g/sveg sluttar i dag og til avkøyringa til Straumsnes, ca 740 m. Innanfor planområdet ligg det private eigedomar med bygningar (hus, uthus, garasjar etc) og eksisterande avkøyringar til desse som vil bli rørt av plantiltaket. Forutan areal avsett til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur, har planen reguleringsføremåla friområde/ grønstruktur (kommunal grunn) og LNFområde for spreidd busetjing (privat grunn). - 2 -
Det blei varsla planoppstart ved annonse i VTB, og ved varslingsbrev til aktuelle partar, dat. 28.11.14. Det kom inn åtte innspel/merknader til planvarselet. Hovudinnhaldet i desse er attgjevne og kommenterte i avsnitt 3.1 i planomtalen. I punkt 4 i planomtalen kommenterer og utdjupar forslagsstillar planinnhaldet, med ei kort konsekvensvurdering av forslaget. Vurderinga bygger m.a. på ein eigen risiko- og sårbarhetsanalyse av samfunnsrisikoen ved å gjennomføre tiltak i samsvar med planen. Konklusjonen som er trekt ut frå analysen, er at det ikkje er noko risikohinder for ei gjennomføring av planen. Vegvesenet orienterte om planinnhaldet i formannskapsmøtet 24.06.15. I samråd med formannskapet blei planforslaget i medhald av plan- og bygningslova (pbl) 12-10, lagt ut til offentleg ettersyn / sendt på høyring, høyringsfrist 16.08.15. Vegvesenet inviterte til eit ope møte om planen. Dette blei arrangert 12.08. i Vrådal grendehus. Til høyringsfristen kom det inn sju nye uttalar. Vegvesenet har i brev til kommunen dat. 04.09. gitt eit fyldig samandrag av desse (og tidlegare innspel). I brevet er det også gitt ei grunngjeving for kva omsyn det er teke til desse i planforslaget. Etter at dette brevet var skrive, er det kome ytterlegare ein uttale, frå eigar av g/bnr 14/58, Sanden Ringsrød. Vegvesenet har ikkje kommentert innhaldet i denne uttalen. Kommunestyret skal nå ta planen opp til godkjenning. Planen kan avvisast og sendast tilbake til forslagsstillar for omarbeiding, planen kan eigengodkjennast, men på vilkår av rettingar i planføresegner og/eller plankart, eller planen kan eigengodkjennast slik han ligg føre. Ved at kommunen har samtykka i å legge planen ut til offentleg ettersyn/sende han på høyring, kan det seiast at kommunen også har akseptert hovudtrekka i planen. Vurdering: Planprosessen Arbeidet med reguleringsplanen har tatt noko lenger tid enn det den fyrste tidsplanen tyda på. Vegvesenet blei ikkje ferdig med planforslaget slik at dette kunne saksførebuast og behandlast på ordinært vis i siste formannskapsmøte før ferien. Som alternativ til å utsetje fyrstegongsbehandlinga av planen til augustmøtet, blei løysinga at vegvesenet orienterte formannskapet grundig om planen/planinnhaldet i møtet 24.06., for deretter, i samråd med kommunen, å legge planforslaget ut til offentleg ettersyn/sende det på høyring. Diverre var heller ikkje den kommunale møtefrekvensen tilpassa framdrifta av planprosessen etter høyringsrunden. Vegvesenet fekk ikkje bearbeidd høyringssvara slik at saka ikkje kunne ha blitt tatt opp i ordinært formannskapsmøte før i møtet 30.09., med etterfylgjande eigengodkjenning i kommunestyret 15.10. Alternativet, for å spare viktig tid for ein raskare oppstart av vidare arbeid, blei difor å ta planen direkte til godkjenning i kommunestyremøtet 17.09. Sjølv om planprosessen på denne måten ikkje har fylgd opplegget for ein formell saksgang for godkjenning av reguleringsplan, er det reelt liten skilnad på prosessen. Det viktige er at partar med rettsleg interesse i utfallet har fått høve til å kome med innspel og uttalar til arbeidet og til dialog med planleggar. Alt tyder på at prosessen i så måte har fungert godt. Også for politisk nivå har saka vore opplyst tilstrekkeleg. Det er difor ikkje noko i planprosessen som tilseier at spørsmålet om eigengodkjenning av planen ikkje kan avgjerast av kommunestyret 17.09. Planinnhaldet Plandokumenta syner at plantiltaka er vurdert opp mot- og avklara for avgjerande tema som kulturminne, naturmangfald, friluftsliv, samfunnstryggleik og born og unges interesser. Det er m.a. gjennomført arkeologisk registrering utan at det er registrert automatisk freda kulturminne. Tilsvarande er det utarbeidd ei risiko- og sårbarhetsanalyse. Denne har gitt grunnlag for planføresegn om teknisk plan som og omfattar overflatevatn, og føresegn om den svartelista arten hagelupin. - 3 -
Kommunen sluttar seg til dei vurderingane og konklusjonane som er gjort ut frå den framlagte dokumentasjonen. I brevet vegvesenet har sendt kommunen 04.09. er innspel og høyringssvar frå grunneigarane som blir berørt av veginngrepet, kommentert og det er trekt konklusjonar på kva det er tatt/kan takast omsyn til. Fleire av innspela/høyringssvara syner at det vil vere behov for ein tett og god dialog mellom grunneigar, entreprenør, vegvesen og kommune i gjennomføringsfasen. Det vil m.a. gjelde tilretteleggingstiltak for tilkopling til kommunalt v/a-nett, trekkrøyr for breiband m.m. og utformingar av nye avkøyrsler, støttemurar og liknande. Alt tyder på at planen legg opp til gode fortsetjingsprosessar her. Men fleire av innspela/høyringssvara er også kritiske til dei løysingane som er valde. Særleg kjem det fram at det i tiltaket også burde vore vurdert ei flytting av lineføringa av fv.38 mot nord for å kunne ta areal på begge sider av vegen. Det kjem også fram at g/s-vegen og dei nye tilførselsvegane synest overdimensjonerte og for dei siste også feilplasserte. I møte med vegvesenet har kommunen tatt opp både spørsmålet om flytting av senterlina for fv.38 mot nord, og eit lågare plan på g/s-vegen enn fylkesvegen. Vegvesenet har vore klare på at dei avsette midlane til gjennomføringa av prosjektet ikkje vil kunne dekke ei løysing med flytting av fv.38, og heller ikkje ei ca 200 m forlenging av g/s-vegen mot Vråliosen slik mange har uttrykt ønskje om. Vegvesenet er også klare på at planen som er lagt fram, er i samsvar med kva som er standardkrav for ein g/s-veg, og at det ikkje er noko å gå på her. Støyskjerming er til dømes avvist ut frå låg årsdøgntrafikk. Kommunen har små mogleghetar til å påverke finansieringsramma nå, og ikkje grunnlag for å overprøve dei vurderingane vegvesenet har lagt i krava til teknisk utforming. Når det gjeld det ettersendte høyringssvaret frå Jacob Sanden Ringsrød, er det ikkje noko som tilseier at dette endrar konklusjonen vegvesenet har trekt ut frå dei andre innspela/ høyringssvara. For kommunen er det derimot grunn til å ta avstand frå delar av argumentasjonen til Sanden Ringsrød: Det har vore eit samstemt ønskje om å prioritere denne strekninga for g/s-veg. Å bruke manglande trafikkulykker her, eller at andre vegstrekningar treng dette meir, er eit usmakleg overspel. Avsluttande merknader Inngrepa som må til for å føre fram g/s-veg på strekninga kan synast store. Uttalane frå dei som blir direkte berørt talar for seg. Den beste løysinga hadde vore ein kombinasjon av å flytte på lineføringa av fv.38 saman med bygging av ny g/s-veg på sørsida av denne. Ut frå dei klare signala om at det ikkje vil bli gitt økonomiske rammer for eit slikt prosjekt, kan det difor seiast at kommune har kome i ein tvangssituasjon. Alternativa nå vil vere å seie nei til å godkjenne planen med den fylgje at prosjektet ikkje blir gjennomført, og der det vil vere knytt stor uvisse til om det nokon gong kan takast opp igjen, eller godkjenne planen slik han nå ligg føre, med dei uheldige verknadene dette vil få for eigedomane som blir direkte berørt. Rådmannen må tilrå det siste. Rådmannen si tilråding: Kommunestyret eigengodkjenner i medhald av pbl 12-12, reguleringsplanen G/s-veg Fv.38 Vrådal sentrum - Straumsnes, detaljregulering, slik han ligg føre. Saksprotokoll i Kommunestyret - 17.09.2015-4 -
Behandling i møtet: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Vedtak: Kommunestyret eigengodkjenner i medhald av pbl 12-12, reguleringsplanen G/s-veg Fv.38 Vrådal sentrum - Straumsnes, detaljregulering, slik han ligg føre. - 5 -