Fjell kommune Arkiv: 102.1 Saksmappe: 2012/1636-22412/2012 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: 25.10.2012 SAKSDOKUMENT



Like dokumenter
SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Saksframlegg Valle kommune

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2018/ /2018 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: SAKSDOKUMENT

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Oversyn over økonomiplanperioden

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr. utval Utval Møtedato 040/18 Rådet for eldre og menneske med nedsett

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Budsjett 2019 og økonomiplan

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Fjell kommune Arkiv: 541 Saksmappe: 2015/ /2016 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 117/17 Formannskapet PS Kommunestyret

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

PS 66/13 - ÅRSBUDSJETT 2014, ØKONOMIPLAN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2019 og økonomiplan behandling i formannskapet

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

1. Rådmannens framlegg til budsjett for 2014 og økonomiplan vert godkjent med følgjande endringar:

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

Offentleg møteprotokoll

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 108/2016 Formannskapet PS Kommunestyret

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Støtteeining økonomi og personal. Formannskapet Tenesteleiarane. ØP-notat nr 3 Økonomiplan Årsbudsjett 2012

Møteprotokoll for Formannskapet

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 11/828-6

Protokoll Tysnes kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Møteprotokoll for Formannskapet

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Tertialrapport 2 tertial 2015

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Møteprotokoll for Formannskapet

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandlar: Åge Erstad Remvik Arkiv: K1-150 Arkivsaksnr: 16/838 16/ Budsjett 2017 og økonomiplan

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Protokoll Tysnes kommune

Behandling i Formannskapet den

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kjell Sverre Snøtun Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 14/1778

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 12/

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Saksnr. utval Utval Møtedato 18/023 ELDRERÅDET /019 RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR Satsane gjeld frå

Transkript:

Fjell kommune Arkiv: 102.1 Saksmappe: 2012/1636-22412/2012 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: 25.10.2012 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 97/12 Komite for finans og forvaltning 06.11.2012 63/12 Komite for drift 06.11.2012 2/12 Administrasjonsutvalet 06.11.2012 Arbeidsmiljøutvalet 64/12 Formannskapet 12.11.2012 Kommuneplanen sin handlingsdel 2013, Årsbudsjett 2013 - Økonomiplan 2013-2016 og Planstrategi 2013-2015 Samandrag av saka: Saka gjeld Kommuneplanen sin handlingsdel 2013, årsbudsjett 2013, økonomiplan 2013 2016 og Planstrategi 2013-2015. Saka skal til parallell handsaming i komité for drift og komité for finans og forvaltning 06.11.2012. Formannskapet handsamar saka i møte 12.11.2012 og sender dokumenta på offentleg høyring. Komité for finans og forvaltning handsamar budsjettinnspela i møte 04.12.2012 før endeleg handsaming i KS 13.12.2012. Budsjettet for 2013 er basert på ei vidareføring av aktivitetsnivået i 2012 med innarbeidde politiske vedtak og heilårsverknad av lønsoppgjeret i 2012. Skatteanslaget er strekt maksimalt og basert på god skatteinngang gjennom heile 2013. Budsjettet for 2013 er gjort opp i balanse med førebels bruk av disposisjonsfond på 10,8 mill. Det er knytt risiko til både utgiftspostar og inntektspostar i 2013 budsjettet, til dømes frie inntekter, renteutgifter og utgifter knytt til barnehageområdet og samhandlingsreforma. I budsjettet er det lagt inn auke i eigenbetalingar og gebyr for å styrke inntektssida. Hovudtyngda av allereie vedtekne budsjettinnsparingar er vidareført i 2013 budsjettet. Det er gjort stillingsnedtrekk på 23,7 årsverk og vidareført vakansar på 4,5 årsverk, til saman 28,2 årsverk. I investeringsbudsjettet er det lagt vekt på å redusere låneopptaket gjennom å auke graden av eigenfinansiering. Målsetjinga over tid er å få redusert dei årlege låneopptaka ned til nivået for betaling av avdrag. Ut frå den totale økonomiske stoda bør Fjell kommune budsjettere i balanse eller pluss for å betre eigenkapitalsituasjonen og likviditet. Hovudfokuset må vera å sikra stabilitet og kvalitet i det eksisterande tenestetilbodet over tid, og gjennom strukturelle grep gjere organisasjonen budd på å møte dei store økonomiske utfordringane, særleg knytt til tenesteområda omsorg og helse.

Innstilling: Straume, den 25.10.2012 Steinar Nesse rådmann Svend-Fredrik Untiedt økonomisjef Handsama i Komite for finans og forvaltning - 06.11.2012: Britt Svendsen FrP kom til sak 97/12 (siste sak før ymseposten). Årsbudsjett og økonomiplan vart drøfta i komiteen. Ulike spørsmål frå medlemmene vart svara på av rådmannen. Rådmannen vart særskilt beden om ei juridisk vurdering av spørsmål om gebyrauke sett i forhold til fondsmidlar. Framlegg frå H, KrF og FrP v/tom Georg Indrevik H: 1. Aktivitetsnivået frå 2012 skal oppretthaldast i 2013 2. Midlar til trafikksikring skal aukast og samlast i ein pott 3. Auke ressursar til vedlikehald av kommunale bygg- 1 mill 4. Starte planlegginga av nytt bu tilbod til rusavhengige 5. Avsetting av investeringsfond til Sotra Brannvern 670 000 6. Starte et prosjekt for å sondere moglegheitene for ein kommunesamanslåing i samband med valet 2016 0,5 mill til planlegging 7. Base Camp og Homestart skal oppretthaldast og vidareutviklast 8. Avgiftene vert auka med 4 % SFO, Mat, Feiing, Inst. Opphald, heimehjelp 2,035 mill 9. Redusere bruken av fondsavkasting frå 14 til 10 mill. 10. Fjerne bruken av disposisjonsfond på 11 mill. 11. Det skal gjennomføres tiltak innan strukturendringar, omstilling og konkurranseutsetting som til saman utgjør 20 mill. KFF skal ha månadleg orientering om framdrifta i dette prosjektet. 12. I forkant av endeleg budsjettbehandling skal investeringssøknaden frå Soknerådet vurderast vidare. Det må opnast for moglegheitene for andre aktørar å drive SFO. Desse må gjevast kompenasjons på linje med det kommunale tilbod. Framlegg frå SL v/tove Iren Vindenes Endringar/tillegg til årsbudsjett 2013 og handlingsprogram/økonomiplan 2013-2016 Fjell kommune har framleis ein solid økonomi til å ta hand om finansielle dårlege tider, men fonda bør ikkje nyttast til å auka drifta. Den langsiktige strategien må framleis vera å oppretthalde driftsnivå også i dårlege tider. SL er framleis bekymra for bruken av fonda.

1. Kommunestyret føreset at gjeldande økonomske aktivitetsnivået i 2012 vert framskrevet til nivå for 2013 med budsjettframlegg i balanse. 2. Kommunestyret vil ha en oversikt over prioritert tiltak/investeringar som er naudsynt i ein kortsiktig og ein langsiktig strategi for å imøtekoma aukande behov for tenester. 3. Kommunestyret ynskjer å få belyst følgjande tiltak for å sikra framtidig tenestebehov: 1. Konkurranseutsetjing 2. Oversikt over ikkje pålagt kommunale oppgåver som kommunen i dag driftar eller bidreg økonomisk 3. Syne til regionalt samarbeid som kan gje effektiviserinsgevinst. 4. Inntekspotensiale ved sal av kommunale eigedomar 5. Oppretting av eit eigedomselskap for helse og sosialbygg 6. Oppretta eit kommunalt eigdomsselskap for strategisk oppkjøp med tanke på framtidig investeringar 7. Alternativ finansforvaltning av kommunal kapital 8. Oppkjøp i kraftselskap med tanke på langsiktig avkastning. 9. Konsekvenser ved viderefør minimumsavdrag 10. Potensiale ved gebyrauking 11. Oversikt over tenestebehov i eit 4 års perspektiv. 12. Konsekvenser ved endra skulestruktur 13. Konsekvansene av å nytta fond til drift og investringar. 14. Finansiering av samhandlingsreformen. 15. Oppretting av eit bomselskap/driftselskap for å avvikle køane. 16. Potensiale ved eventuell nedbemanning av administrasjonen i kommunen. 17. Kommunal aktivitet/forretningsvirksomhet som generer inntekter. 4. Kommunestyret vedtek å starte opp arbeidet med eit lokal medisinsk senter på Straume. 5. Det vert innført 24-timers omsorgsgaranti i Fjell kommune. Alle med omsorgbehov skal få vurdert behovet for omsorg same dag. 6. Kommunestyret opprettar eit beredskapskontor som skal formidle alle former for omsorgstenester. De vert fremma eiga sak. 7. Det vert oppretta ei utviklingsavdeling innan helse- om omsorgstenester. Det vert fremma eiga sak. 8. Kommunestyret vil be om ein sak angåande samordning av tildeling av kommunale bustader, eventuelt å opprett eiga tildelingskontor. 9. Ordet sjukeheim vert avvikla. Sjukeheim vert erstatta med heildøgns tenester i omsorgsbustadar. 10. Kommunestyret vedtek å opprette ein regional barnevernsvakt. Det vert fremja eiga sak. 11. Fjell kommune har framleis store trafikale utfordringar før eit nytt Sotrasamband er på plass. Det må satsast på kollektive løysingar gjennom ein strakspakke med fokus på Parker og køyr og betre rutetilbod. Fjell kommune stiller 30 mill kroner til rådvelde til strakstiltak over ein fire års periode. 12. Starte reguleringsarbeid i 2013 for følgjande prioriterte tiltak:

1. Kolltveit/Straume (Park&ride) 2. Skålevika - Møvika (Fv 210) 13. Starte arbeidet med å planlegge nytt regionalt kulturhus. KD set ned eit utval kor bl.a næringslivet, kulturinstitusjonar og administrasjonen er representert. 14. Starte et forprosjekt for eit nytt kystkultursenter i 2013 15. Innføre fleksibel bruk av barnehageplassane i 2013 16. Gjennomføre prosjekt i vedtatt VA-planen som ikkje er starta opp: 1. Møvik - Åse 2. Landro - Solsvik 3. Apelvågen - Eide 17. Kommunestyret vedtek å opprette eit kommunalt eigedomsselskap som skal forvalte alle kommunale eigedomar. Fjell budstadstifting vert vurdert avvikla. Eigedomane i Fjell bustadstifting vert overført til det nye eigdomsselskapet. 18. Trafikksikring vert auka med 10 mill. kroner. Øremerka til tiltak på Store-Sotra. 19. Vedlikehaldsbudsjettet vert auka med 10 mill. kroner. 20. Kommunestyre ynskjer å delta i budsjettprosessen straks årsbudsjettet er vedtatt etter følgjande oppsett: 1. Januar: Gjennomgang av budsjettvedtaket og strategisk planlegging Gjennomgang av handlingsplanen 2. Mai: Tertialrapport om rikets tilstand 3. Juni: Handsaming og godkjenning av revidert budsjett 4. September: Tertialrapport om rikets tilstand Drøfting av budsjettrammen for neste budsjettår. 5. Oktober: Budsjettseminar med politiske føringer for neste årsbudsjett 6. Desember: Budsjettmøte Komite for finans og forvaltning skal førebu møta. Formannskapet som skal formelt oversende årsbudsjett til Kommunestyret Investeringsbudsjettet og saldering vert å koma attende til. Komiteen realitetsbehandla ikkje framlegga frå H/KrF/FrP og SL, men var samd i å la framlegga følgje saka vidare til behandling i formannskapet og så vidare ut på høyring. Tilråding i Komite for finans og forvaltning - 06.11.2012: Saka vert vidaresendt til formannskapet med dei innspel som kjem fram i behandlinga. Handsama i Komite for drift - 06.11.2012: Det kom følgjande innspel frå Eva Vik (AP):

I Handlingsprogrammet 2013-16, under avsnittet Politiske fellesprioriteringar rus, vil AP endre ordlyden til Det skal skaffast fleire bustader til vanskelegstilte AP er ikkje positiv til at Konkurranseutsetting av inntil 6 skulefritidsordningar skal utredast innan 2013, jf. avsnittet om skulefritidsordninga (SFO) i handlingsprogrammet 2013-16 Komiteen var samd i å sende innspelet frå AP vidare til behandling i formannskapet, og tok deretter saka til orientering. Vedtak i Komite for drift - 06.11.2012: Saka vert teken til orientering. Handsama i Administrasjonsutvalet - 06.11.2012: To representantar frå arbeidstakarorganisasjonane orienterte om deira syn på årsbudsjett 2013. Det var semje i administrasjonsutvalet om å ta saka til orientering med ein uttale frå arbeidstakarorganisasjonane som føljer: Arbeidstakarorganisasjonane meiner at det begynner å bli for mange vakansar og begynner å sjå at smertegrensene er nådd. Vedlikehald på bygg og anlegg må takast inn igjen i budsjettet. At ein sparar i eit par år går nok greitt, men over tid blir forfallet for stort. I utgangspunktet er organisasjonane skeptiske til kostnadseffektiv drift fordi det då dannar eit lavt grunnlag for utbetaling av kommunalt tilskot til private barnehagar. Organisasjonane er redde for at det kan bli ei belastning på dei tilsette og vaksentettleiken vert for lav pr barn. Konkurranseutsetjing må unngåast. Kommunen må sjå på Agenda Kaupang sin rapport som seier at det ikkje er noko å hente i økonomisk vinning. Det vil bare skape usikkerheit blant dei tilsette og skape stor uro. Det vert vist til bussbransjen som eksempel. Der er sjukefråværet kjempehøgt og sjåførar og andre sluttar. Det vert ein ond sirkel pga. anbod i høve til konkurranseutsetjing. Vedtak i Administrasjonsutvalet - 06.11.2012: Administrasjonsutvalet tek saka til orientering og legg ved ei uttale frå arbeidstakarorganisasjonane slik det går fram av handsaminga. Handsama i Formannskapet - 12.11.2012: Saka vart drøfta og det vart fremja endringsforslag. Forslaga vart ikkje stemt over, men føl saka vidare ut på høyring. Framlegg frå AP v/marianne S. Bjorøy BUDSJETT 2013 FJELL ARBEIDERPARTI Fjell kommune har gjennom mange år hatt en stabil langsiktig økonomisk strategi som har sikret forutsigbar drift både i gode og dårlige tider. Dette har gitt innbyggerne i Fjell forutsigbare kommunale tjenester med god kvalitet. De siste 5 årene har økonomien i Fjell endret seg fra å være langsiktig og forutsigbar til å bli kortsiktig og uforutsigbar. Dette vil gå ut over tjenestene Fjell kommune skal tilby innbyggerne. Fjell Arbeiderparti er bekymret for denne utviklingen.

Rådmannens har lagt frem forslag til budsjett for 2013 basert på videreføring av dagens driftsnivå fra 2012 2013. Det innbærer at budsjettet for 2013 bygger på bruk av fond på 14 mill og saldering ved bruk av driftsfond på 10,8 mill, og med fortsatt 28,2 ubesatte stillinger. For å sikre stabil drift i fremtiden må finansavkastning trekkes ut av driftsbudsjettet og bruk av fond til drift skal kun benyttes for å sikre stabile tjenester i vanskelige økonomiske tider. Med solide driftsfond og god forvaltning av våre kapitalfond, vil Fjell kommune sikre seg et unikt handlingsrom for å imøtekomme fremtidens utfordringer med en sunn og god økonomi. Forslag: 1. Fjell Arbeiderparti slutter seg til kommuneplanens handlingsdel og handlingsprogram 2013 2016 som betyr prioritering av strakstiltak for trafikkavvikling, etablering av lokalmedisinsk senter, satsing på sosial boligbygging og boliger til vanskeligstilte og ellers de prioriteringer som fremgår av programmet. 2. For å imøtekomme formannskapets tilslutning til utredning av kommunesammenslåing, foreslås det innføring av eiendomsskatt på verk og bruk fra 01.06.2013. 3. Eiendomsskatt på verk og bruk skal i årene 2013 2016 benyttes til å fase ut finansavkastning og bruk av driftsfond i driften, samt å bidra til medfinansiering av tiltak som fører til en mer smidig trafikkavvikling til nytt Sotrasamband står ferdig. Kortsiktige strukturelle grep: 4. Komité for finans og forvaltning og Komité for drift slås sammen til en komite. 5. Avvikle ordningen med kommunal kontantsstøtte fra 01.07.2013 6. Redusere komitlederhonoraret til kr. 100.00,- pr. leder, fra 01.01.2013 7. SFO-prisen for 2013 skal økes på lik linje med andre gebyr. 8. Etablere nytt botilbud for mennesker med rusproblemer. Framlegg frå H, KrF og FrP v/tom Georg Indrevik H: Opprettheld framlegget i KFF. 1. Aktivitetsnivået frå 2012 skal oppretthaldast i 2013 2. Midlar til trafikksikring skal aukast og samlast i ein pott 3. Auke ressursar til vedlikehald av kommunale bygg- 1 mill 4. Starte planlegginga av nytt bu tilbod til rusavhengige 5. Avsetting av investeringsfond til Sotra Brannvern 670 000 6. Starte et prosjekt for å sondere moglegheitene for ein kommunesamanslåing i samband med valet 2016 0,5 mill til planlegging 7. Base Camp og Homestart skal oppretthaldast og vidareutviklast 8. Avgiftene vert auka med 4 % SFO, Mat, Feiing, Inst. Opphald, heimehjelp 2,035 mill 9. Redusere bruken av fondsavkasting frå 14 til 10 mill. 10. Fjerne bruken av disposisjonsfond på 11 mill. 11. Det skal gjennomføres tiltak innan strukturendringar, omstilling og konkurranseutsetting som til saman utgjør 20 mill. KFF skal ha månadleg orientering om framdrifta i dette prosjektet. 12. I forkant av endeleg budsjettbehandling skal investeringssøknaden frå Soknerådet vurderast vidare. Det må opnast for moglegheitene for andre aktørar å drive SFO. Desse må gjevast kompenasjons på linje med det kommunale tilbod.

Framlegg frå SL v/jan Utkilen Framlegget frå SL i KFF vert oppretthalde med nokre få justeringar. Endringar/tillegg til årsbudsjett 2013 og handlingsprogram/økonomiplan 2013-2016 Fjell kommune har framleis ein solid økonomi til å ta hand om finansielle dårlege tider, men fonda bør ikkje nyttast til å auka drifta. Den langsiktige strategien skal framleis væra å oppretthalde driftsnivå også i dårlege tider. SL er bekymra for bruken av fonda. 1. Kommunestyret føreset at gjeldande økonomiske aktivitetsnivået i 2012 vert framskrevet til nivå for 2013 med budsjettframlegg i balanse ved å auka skatteanslaget med 12. mill kronar. 2. Kommunestyret vil ha ein oversikt over prioritert tiltak/investeringar som er naudsynt i ein kortsiktig og ein langsiktig strategi for å imøtekoma aukande behov for tenester (planstrategi) i byrjinga av budsjettåret. 3. Kommunestyret ynskjer å få belyst følgjande tiltak for å sikra framtidig tenestebehov: 1. Konkurranseutsetjing 2. Oversikt over ikkje pålagt kommunale oppgåver som kommunen i dag driftar eller bidreg økonomisk 3. Syne til regionalt samarbeid som kan gje effektiviseringsgevinst. 4. Inntektspotensiale ved sal av kommunale eigedomar 5. Oppretting av eit eigedomsselskap for helse og sosialbygg 6. Oppretta eit kommunalt eigedomsselskap for strategisk oppkjøp med tanke på framtidig investeringar 7. Alternativ finansforvaltning av kommunal kapital 8. Oppkjøp i kraftselskap med tanke på langsiktig avkastning. 9. Konsekvensar ved vidarefør minimumsavdrag 10. Potensiale ved gebyrauking 11. Oversikt over tenestebehov i eit 4 års perspektiv. 12. Konsekvensar ved endra skulestruktur 13. Konsekvensane av å nytta fond til drift og investeringar. 14. Finansiering av samhandlingsreformen. 15. Oppretting av eit bomselskap/driftselskap for å avvikle køane. 16. Potensiale ved eventuell nedbemanning av administrasjonen i kommunen. 17. Kommunal aktivitet/forretningsverksemd som generer inntekter. 4. Kommunestyret vedtek å starte opp arbeidet med eit lokal medisinsk senter på Straume i 2013. Jf. handlingsprogrammet. Det vert fremma eiga sak om finansiering. 5. Det vert innført 24-timers omsorgsgaranti i Fjell kommune. Alle med omsorgbehov skal få vurdert behovet for omsorg same dag. 6. Kommunestyret opprettar eit beredskapskontor som skal formidle alle former for omsorgstenester. Jf. handlingsprogrammet. De vert fremma eiga sak. 7. Det vert opprette ein utviklingsavdeling innan helse- om omsorgstenester. Jf. handlingsprogrammet. Det vert fremma eiga sak.

8. Kommunestyret vil be om ein sak angåande samordning av tildeling av kommunale bustader, eventuelt å opprett eiga tildelingskontor. 9. Ordet sjukeheim vert avvikla. Sjukeheim vert erstatta med heldøgns tenester i omsorgsbustader. 10. Kommunestyret vedtek å opprette ein regional barnevernvakt. De vert fremme eiga sak. 11. Fjell kommune har framleis store trafikale utfordringar før eit nytt Sotrasamband er på plass. Det må satsast på kollektive løysingar gjennom ein strakspakke med fokus på Parker og køyr og betre rutetilbod. Fjell kommunen stiller 30 mill kroner til rådvelde til strakstiltak over ein to års periode. Tiltaket vert finansiert med 5 mill kronar i auka låneopptak. Det vert søkt om bompengefinansiering 12. Starte reguleringsarbeid i 2013 for følgjande prioriterte tiltak: 1. Kolltveit/Straume (Park&ride) 2. Skålevika - Møvika (Fv 210) 13. Starte arbeidet med å planlegge eit regionalt kulturhus. KD set ned eit utval kor bl. a næringslivet, kulturinstitusjonar og administrasjonen er representert. 14. Starte et forprosjekt for eit nytt kystkultursenter i 2013 15. Innføre fleksibel bruk av barnehageplassane i 2013 16. Gjennomføre prosjekt i vedtatt VA-planen som ikkje er starta opp: 1. Møvik - Åse 2. Landro - Solsvik 3. Apelvågen - Eide 17. Kommunestyret vedtek å opprette eit kommunalt eigedomselskap som skal forvalte alle kommunale eigedomar. Fjell budstadskifting vert vurdert avvikla. Eigedomane i Fjell bustadstiftinga vert overført til det nye eigedomselskapet. 18. Trafikksikring vert auka med 10 mill. kronar. Øyremerka til tiltak på Store-Sotra. Tiltaket vert finansiert med 10 mill kronar i auka låneopptak. 19. Vedlikehaldsbudsjettet vert auka med 10 mill. kronar. Tiltaket vert finansiert med 10 mill kronar i auka låneopptak. 20. Kommunestyre ynskjer å medvirke i budsjettprosessen etter følgjande oppsett: 1. Februar: Gjennomgang av budsjettvedtaket, planstrategi og planprogram 2. Mai: Årsmelding og handlingsprogram. 3. Juni: Handsaming av revidert budsjett 4. September: Tertialrapport om rikets tilstand Drøfting av budsjettrammen for neste budsjettår. 5. Oktober: Budsjettseminar med politiske føringar for neste års budsjett 6. Desember: Budsjettmøte

Komité for finans og forvaltning skal førebu møta. Framlegg frå Venstre v/tore Turøy Med tanke på dei store utfordringane som vi ser for oss at kommunen vil få dei komande åra, er det særs viktig at kommunestyret gjer vedtak om tiltak som sikrar god økonomisk handlefridom. 1. Kommunestyret vil vidareføra aktivitetsnivået frå 2012 til driftsåret 2013 med budsjett i balanse utan bruk av fondsmidlar. 2. For å styrke økonomien til kommunen og sikre at kommunen har god økonomi til å møte framtidige utfordringar, vedtek kommunestyret å innføra eigedomsskatt på verk og bruk. 3. Kommunestyret ber om at rådmannen utgreier tiltak innan strukturendringar og omstilling i kommunen som kan gje innsparingar utan at det går ut over tenestene til innbyggjarane. Formannskapet var samrøystes i at rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett 2013 og økonomiplan 2013 2016, med dei endringsforslag lagt fram av partia, vert lagt ut på høyring i 14 dagar, jf. Kommunelova. Vedtak i Formannskapet - 12.11.2012: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett 2013 og økonomiplan 2013 2016, med partia sine endringsforslag som vist under handsaminga, vert lagt ut på høyring i 14 dagar, jf. Kommunelova 44 og 45. Dokument vedlagt saka: - Kommuneplanen sin handlingsdel, årsbudsjett, økonomiplan og handlingsstrategi - Innsparingstiltak 2013 - Budsjettsøknad frå Fjell sokneråd - Budsjettsøknad frå Sotra brannvern - Notat frå FjellVar AS med vedlegg - Notat frå gebyrutvalet - Gebyrreglement 2013 for saksfelta areal og regulering, byggesak og kart og oppmåling. Saksopplysningar: Kommuneplanen sin handlingsdel 2013 er avstemt med fellespolitiske drøftingar i strategiog budsjettseminar på Solstrand 18-19. oktober 2012. Det er i årsbudsjettet for 2013 lagt til grunn ei vidareføring av aktivitetsnivået etter budsjettrevideringa i 2012, tidlegare vedtekne budsjettinnsparingar og stillingsnedtrekk. Utgiftene til pensjon er venta å auka ytterlegare frå og med 2012.

Veksten i dei frie inntektene i 2013 er åleine ikkje stor nok til fullt ut å vidareføre aktivitetsnivået frå 2012, sjølv om anslaget for skatteinntekter er strekt maksimalt og difor inneheld risiko. I budsjettet er det og innarbeid auke i gebyr og brukarbetalingar for å kompensere for deler av utgiftsveksten som til dømes løns- og pris vekst. Det er desse satsane som det er mogleg å påverke lokalt. Satsane som er lagt inn i framlegget varierer frå 6-15%. Total inntektsauke som er innarbeid i budsjettet utgjer om lag 4,5 mill. Over tid bør gebyr og brukarbetalingar gradvis ha betre samsvar med kostnaden ved å framstille tenestene. Tenester som allereie nyttar sjølvkost er feiing, plansak, byggesak og kart og oppmåling. I 2013 er det lagt opp til ei investeringsramme på 148,9 mill og eit låneopptak på 84,2 mill eks. formidlingslån. I heile økonomiplanperioden er det lagt opp til ei investeringsramme på 524,3 mill med eit låneopptak på 287,7 mill. Målsetjinga over tid er å få redusert dei årlege låneopptaka ned til nivået for betaling av avdrag. Rådmannen har utarbeidd grunnlagsmateriell for kommuneplanen sin handlingsdel 2013, årsbudsjett 2013, økonomiplan 2013-2016 og planstrategien 2013-2015 til behandling i komiteane, formannskapet og kommunestyret. Dokumentet føl saka som vedlegg. Etter at kommunestyret har gjort vedtak i saka, vert dokumentet omarbeidd i tråd med endeleg vedtak. Det same vil gjelda for innspel til investeringar. Planstrategien 2013-2015 vert lagt fram til handsaming for fyrste gong etter ny plan- og bygningslov, og vil får ei utvida høring i høve dei andre dokumenta i denne saka. I Gebyrreglement 2013 for saksfelta areal og regulering, byggesak og kart og oppmåling er det i tillegg til justeringa av gebyr gjort tekstmessige endringar. Desse går fram av notat frå gebyrutvalet. Vurdering: I dei siste 5-6 åra har Fjell kommune hatt ein høg investeringstakt knytt til skular, helsebygg og no sist fleirbrukshall. Lånegjelda har meir enn dobla seg sidan 2006, og har i 2011 passert 1,3 mrd. Investeringane fører med seg auke i finansutgifter, som renter og avdrag og ordinære driftsutgifter. Desse utgiftene har ført til merkbart kostnadspress i driftsrekneskapen. Driftsrekneskapen for 2011 viste eit underskot på 29,3 mill. Den globale økonomiske situasjonen har vore krevjande sidan 2008, noko som truleg vil vara ved i dei komande åra. Dette vil få økonomiske konsekvensar både for Noreg og Fjell kommune, til dømes gjennom strammare statsbudsjett. I 1. tertialrapport 2011 vart det gjort vedtak om ei rekkje innsparingstiltak for alle sektorar, gjeldande frå sommaren 2011. Dei fleste av desse tiltaka er vidareført med økonomisk verknad inn i 2012 og 2013 budsjettet. Det har lenge vore varsla strammare økonomiske tider og att det er avgjerande å vinne attende budsjettbalansen i driftsbudsjettet mellom inntekter og utgifter frå 2012. Tilsvarande vert det viktig å få ned investeringstakten, og endå raskare opplåningstakten, mellom anna gjennom auka eigenfinansiering som til dømes ved sal av eigedom. Siktemålet er å redusere låneopptaka slik at veksten i lånegjelda vert redusert.

Det er viktig å utnytte inntektspotensiale knytt til gebyr og eigenbetaling. Fjell kommune ligg i så måte lågt samanlikna med mange andre kommunar. I framlegget til budsjett for 2013 er det difor føreslege ein auke på mellom 6-15% auke på dei fleste gebyr og eigenbetalingar. Framlegget til budsjett for 2013 balanserer med bruk av disposisjonsfond på 10,8 mill med 1,381 mrd på inntekts- og utgiftssida. For å oppnå dette er inntektsanslaga på dei frie inntektene (skatt og rammetilskot) strekt så langt som mogleg, og utgiftssida redusert med inndraging av stillingar og vakansar. Prioritering både i drifts- og investeringsrekneskapen vert enda meir sentralt for å sikre økonomisk handlefridom og berekraftig vekst for å møte dei store utfordringane som kjem særleg innanfor omsorg og helsesektoren i åra som kjem. Det er venta lågare realvekst i dei frie inntektene i dei førstkomande åra og det vert difor naudsynt å vurdera strukturendringar for å sikre framtidig økonomisk kapasitet. Andre økonomiske målsetjingar vil vere å sikre soliditet, likviditet og bevaring av formuen. Etter rådmannen sin vurdering er 2013 budsjettet relativt stramt og innehar risiko, men er i hovudsak tilpassa dei økonomiske realitetane. Saka vert lagt fram utan innstilling, men rådmannen har nedanfor skissert eit forslag til innstilling: Komité for drift og komité for finans og forvaltning skal handsama kommuneplanen sin handlingsdel 2013, årsbudsjett 2013, økonomiplan 2013-2016 og planstrategien 2013-2015 i møte 6. november 2012. Komiteane kan til dømes gjere følgjande vedtak: Komité for drift/komitè for finans og forvaltning vedtek: 1. Komité for drift/komitè for finans og forvaltning tilrår at kommuneplanen sin handlingsdel 2013 vert godkjent med følgjande endringar... 2. Komité for drift/komitè for finans og forvaltning tilrår at årsbudsjett for drift og investering for 2013 vert godkjent med følgjande endringar... 3. Komité for drift/komitè for finans og forvaltning tilrår at økonomiplan 2013-2016 vert godkjent med følgjande endringar... 4. Planstrategien 2013-2015 vert godkjent med følgjande endringar..., og vert lagt inn som ein del av den årlege revisjonen av kommuneplanen sin handlingsdel. Formannskapet legg dokumenta formelt ut på høyring 12.11.2012. Komitè for finans og forvaltning handsamar høyringsinnspela i møte 04.12.2012 og gjer deretter innstilling til kommunestyret 13.12.2012.

Fjell kommunestyre vedtek: 1. Ved utskriving av kommuneskatt for inntektsåret 2013 vert det nytta høgaste skattøyre. Det er framlegg om 11,6% for 2013. 2. Driftsutgiftene er på kr 1.381.759.000 og driftsinntektene er på 1.370.943.000, inkludert avskrivingar. Budsjettet balanserer med bruk av disposisjonsfond på 10.816.000. 3. Auke i gebyr og betalingssatsar er lagt inn i budsjettet slik: Eigenbetaling 2012 2013 %-vis auke Barnehagar (satsar pr. månad) 41 timar og meir 2 330 2 330 0,00 % Maks 33 timar 2 100 2 100 0,00 % Maks 25 timar 1 805 1 805 0,00 % Maks 17 timar 1 500 1 500 0,00 % Maks 9 timar 660 660 0,00 % Skulefritidsordinga (satsar pr. månad) Heil plass, frå og med 12 timar pr veke 2 000 2 300 15,00 % Delt plass. Til og med 11 timer pr veke 1 500 1 730 15,33 % Fjell kulturskule (satsar pr. år) Pris pr. elev 2 470 2 620 6,07 % Søsken 2 010 2 130 5,97 % Instrumentleige pr år 770 820 6,49 % Heimehjelp (satsar pr. månad) Under 2 G 2 til 3 G 500 530 6,00 % 3 til 4 G 1 010 1 070 5,94 % 4 til 5 G 1 510 1 600 5,96 % Over 5 G 2 010 2 130 5,97 % Max timesats 180 190 5,56 % Betaling for ferdigmat (satsar pr. eining) Suppe/dessert 15 20 33,33 % Frossen middag pr. porsjon 50 53 6,00 % Varm middag pr. porsjon 60 64 6,00 % Institusjonsopphald (satsar pr. dag, jfr statens satsar) Korttidsopphald 129 129 0,00 % Dagsopphald 68 68 0,00 % Frokost 20 21 6,00 % Tryggleiksalarm (satsar pr. månad) Trygleiksalarm lav sats 190 201 6,00 % Trygleiksalarm høg sats 210 223 6,00 % Husleige Bu & Servicesenter 40 m2 - pr.mnd 5 710 6 050 5,95 % 45 m2 - pr mnd 6 520 6 910 5,98 % 55 m2 - pr mnd 7 330 7 770 6,00 % Mat Bu & Servicesenter Full pakke 2 800 2 970 6,07 % Feiing og tilsyn Vanleg hus 490 520 6,12 % Industripipe 730 770 5,48 % Feiing etter oppdrag 970 1 030 6,19 %

I tillegg er gebyra knytt til plansakbehandling auka med 15% og byggesak og kart og oppmåling med 6%. Desse gebyra vil gå fram av Lokale forskrifter om kommunale gebyr. Økonomisk sosialhjelp vert regulert med auke i grunnbeløpet i folketrygda. Alle andre eigenbetalingssatsar vert auka med 6%. 4. VAR gebyra vert fastsett som følgjer: Vassavgift (årsavgift) auke med 6% Kloakkavgift (årsavgift) auke med 10% Renovasjonsavgifter auke med 0% Tømming av private slamavskiljarar auke med 10% Tilknytingsgebyr Vatn auke med 0% Avlaup auke med 0% Gebyr gjenbruksstasjon inga endring Personbil kr 50 pr. lass Personbil med tilhengjar kr 100 pr. lass Liten varebil kr 150 pr. lass Meir enn 2m 3 uavhengig av kjøretøy kr 150 pr. lass Satsane ovanfor er i tråd med gjeldande forskrift og gebyrreglement i Fjell kommune. I sak om ny forskrift om vass- og avlausgebyr i Fjell kommune følgjer framlegg til nytt gebyrreglement. Dersom ny forskrift vert vedteken av kommunestyret vil det nye gebyrreglementet vere gjeldande. FjellVar har mynde til å vedta betalingssatsar for bedriftskundar innanfor renovasjon. Innkrevjing av gebyr skjer 4 gonger pr år. 5. Forslag til tilskotssatsar til ordinære private barnehagar vert fastsett slik: - Driftstilskot små born: kr 173.647 - Driftstilskot store born: kr 85.079 - Kapitaltilskot: kr 7.600 (nasjonal sats) Familiebarnehagar får tilskot etter nasjonale satsar. Endeleg tilskotssatsar vert kunngjort innan 1. februar 2013. 6. Kommunestyret sluttar seg til kommuneplanen sin handlingsdel 2013 7. Kommunestyret sluttar seg til årsbudsjettet for 2013 8. Kommunestyret sluttar seg til Økonomiplan 2013-2016 9. Kommunestyret sluttar seg til Planstrategien 2013-2015 og at Planstrategien vert lagt inn som ein del av den årlege revisjonen av kommuneplanen sin handlingsdel. 10. Kommunestyret gjer vedtak om eit låneopptak for 2013 på kr 84.211.000 til ordinære investeringar og kr 20.000.000 til vidare utlån (Etableringslån).