Finnøy framleis aleine?

Like dokumenter
-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar

-Større råderett over økonomien. -kan klare oss økonomisk åleine.

Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunereforma. Forstudium

Kommunereforma. Premissar ved å halde fram som eigen kommune

Krevjande økonomisk men gode muligheter

Folkemøte Presentasjon av intensjonsavtalar Rådmann Oddbjørn Ese

Kommunereforma. Balestrand 4. mars 2015 Kåre Træen

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Rennesøy 2020 Fortsatt liten selvstendig kommune eller Grønn bydel i ny storkommune på Nord Jæren eller????

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Referat frå folkemøta:

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Kommunereform. Ope møte i Volda

Litt enklare å rekruttere større miljø kommunesenter noko nærare regionsenter. God kompetanse, noko større fagmiljø, mindre sårbar

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

KOMMUNEREFORM 2016 INFORMASJON TIL INNBYGGARANE. Kvar står Hareid kommune om 20 år?

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Sak 031/ 16 Kommunereform kva vil Samnanger kommune. Samnanger vil halda fram som eigen kommune

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2

Velkomne til folkemøte om kommunereforma

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Region Nordhordland Helsehus

Program for Masfjorden Venstre

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 020/16 Kommunestyret PS

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Oppsummering interkommunalt samarbeid. Oppsummering av spørreundersøkinga i Vest-Telemark

Livleg Engasjement Grendelag som utviklingskraft i lokalsamfunn

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Utredning Indre Agder kommunereform. Presentasjon til folkemøte og møte med tilsette våren 2015

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

SWOT frå Kommunestyret, rådmannen si leiargruppe og hovudtillitsvalte. Alt. a) Fusa åleine, evt. med grensejusteringar (Kvam, Kvinnherad)

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Siv Ragnhild Bjerga K /8073

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

Resultat fra folkemøte 8. april 2015

STRATEGISK PLAN

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Kommunereforma. Utviklingsarbeid i kommunane

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Kommunereform. Lokal utgreiing for Leikanger

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Innovasjonsmetoden vår

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE. Resultat av SWOT-analyse

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

VÅGSØY KOMMUNE - VIDAREFØRING AV DAGENS KOMMUNESTRUKTUR

Innbyggerundersøkelse Kommunereformen

Frivilligpolitisk plattform

PSU. Fredag

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Kommunereforma - prosess i Vanylven kommune. Tilråding: Saka er lagt fram utan tilråding.

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/ Kommunestyret 11/


Framlegg til Planprogram. Kommunedelplan. Helse-sosial-omsorg Rådmannen. Vedteken xx.xx.15, P-sak /2015

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 058/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 022/2016 Kommunestyret PS

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Kommunereform Hareid, Ulstein, Sande, Herøy og Vanylven SWOT-ANALYSE AV REFORMALTERNATIVET YTRE SØRE SUNNMØRE.

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Felles formannskapsmøte Flora og Vågsøy

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Transkript:

Finnøy kommune Finnøy framleis aleine? Vurdering av konsekvensar

Finnøy Mål og prioriteringar Som eigen kommune vil mål og prioriteringar i gjeldande styringsdokument liggje til grunn. Hovudmål i kommuneplanen: «Finnøy skal oppretthalda busettingsmønsteret og fremja bulyst, livskvalitet og lokal utviklingskraft i alle delar av kommunen.» Fire prioriterte satsingsområde: Folkehelse, Oppvekst, Næringsliv og Natur/kultur/miljø. 2

Åtte fordelar Kort avstand til kjernetenester som betyr mest for folk. Kvaliteten på kjernetenestene held jamt godt nivå. Lokal kunnskap, oversikt og entusiasme er ein viktig ressurs. Kort avstand på tvers av fagmiljø og mellom folkevalde og administrasjon. Kommunen set i hovudsak sin eigen dagsorden. Lite byråkrati ein kan snu seg fort rundt. Aktivt nærdemokrati med brei geografisk representasjon. Kommunen vil framleis ha ei stemme inn mot regionale og sentrale organ. 3

Åtte utfordringar Stadig strammare kommuneøkonomi. Krevjande å møta stadig nye krav og utfordringar utanfrå. Små og sårbare fagmiljø truar kapasitet, kompetanse og rekruttering. Kommunen blir meir avhengig av interkommunalt samarbeid. Effektiviseringspotensialet er marginalt. Kjennskap og vennskap har både positive og negative sider kan mellom anna svekkja habilitet og profesjonalitet. Lite kapasitet og kompetanse til plan- og utviklingsoppgåver. Finnøy si stemme i regionen kan bli endå svakare. 4

Kommuneøkonomi Finnøy vil gå glipp av statlege gulrøter til kommunar som slår seg saman. Endringar i inntektssystemet har lågt utslag for Finnøy men bortfall av småkommunetilskott frå 2017 gir milliontap. Økonomiske innstrammingar vil koma til å ramma tenesteproduksjonen. Inntektsnivået (gebyr, avgifter og eigedomsskatt) vil framleis måtta leggjast på eit høgt nivå. Med Finnøy som sjølvstendig kommune må ein ta høgde for mindre økonomiske rammer enn i dag, med konsekvensar også for tenestetilbodet. Avgiftsnivået vil framleis vera høgt. Samtidig kan ingen i dag seia noko sikkert om kva økonomiske konsekvensar dei andre alternativa vil bety for Finnøysamfunnet. Også nabokommunane, ikkje minst Stavanger, har store utfordringar og vil måtta innstilla seg på svært stram økonomi. 5

Kjernetenester Kjernetenestene innan oppvekst, helse og omsorg held jamt god kvalitet. Lokal oversikt og kunnskap er kvalitetsdrivarar. Lettare å få til tverrfagleg samarbeid (eks. tidleg innsats) i små enn i store kommunar. Kort avstand mellom einingane og fagadministrasjonen. Større fagmiljø kan gi meir fleksibilitet og omstillingsevne i organisasjonen. Lite planleggings- og styringskapasitet kan på sikt svekkja utviklingskrafta. Det er lite grunnlag for å forventa at kommunesamanslåing på kort sikt vil gi betre kvalitet på kjernetenestene enn om Finnøy blir ståande aleine. På lengre sikt vil likevel manglande fag-, planleggings- og utviklingskapasitet ha konsekvensar for kjernetenestene. 6

Spesialiserte tenester Utfordringane innan psykisk helse, rus, barnevern og NAV er stadig meir krevjande. Små og sårbare fagmiljø gjer det vanskeleg å sikra rekruttering og stabil bemanning av personale med etterspurd spesialistkompetanse. Knappe ressursar fører til at brannsløkking må prioriterast framfor førebygging. Utfordringane krev auka bruk av interkommunalt samarbeid. Dersom Finnøy skal halda fram som eigen kommune, er det behov for ein fagleg gjennomgang av korleis kommunen i samarbeid med andre kommunar kan vidareutvikla eit berekraftig og forsvarleg tenestetilbod for innbyggjarar med behov for spesialisert hjelp og oppfølging. Dei mest aktuelle tenesteområda er barnevern, rus og psykiatri, tenester i regi av NAV, spesialiserte helsetenester som følgje av Samhandlingsreforma, spesialpedagogiske oppgåver/ppt og kommunepsykologoppgåver. 7

Myndigheitsutøving Stadig fleire faglege og formelle krav utanfrå medfører auka press mot kapasitet og kompetanse i kommunen si rolle som myndigheitsutøvar. Lokal kunnskap og kjennskap er både ein ressurs og ein trussel mot profesjonalitet (mellom anna habilitet/inhabilitet). Kommune med god generalistkompetanse, men sårbar når det gjeld meir spesialisert fagkompetanse og forvaltningskompetanse. Administrasjonen blir oftast ramma mest av økonomiske innstrammingar. Også innan myndigheitsutøving vil eit Finnøy som står aleine ha behov for ein gjennomgang av type og omfang av interkommunalt samarbeid for å møta stadig nye utfordringar. Kva slags forvaltningsoppgåver kan/bør kommunen framleis løysa aleine, og kva slags funksjonar er det mest naturleg å samarbeida med andre kommunar om? Kven er det mest naturleg å samarbeida med, og korleis kan eit utvida interkommunalt samarbeid organiserast? 8

Samfunnsutvikling Ein liten administrasjon vil verken ha kapasitet eller kompetanse til å prioritera samfunnsutviklingsoppgåvene så høgt som ønskeleg. Kommunen vil framleis vera avhengig av å kjøpa konsulenttenester i eit betydeleg omfang. Fagmiljøet knytta til lokalt næringsliv og Ryfylke Næringshage er ein viktig ressurs. Det ligg eit betydeleg utviklingspotensial i tett samarbeid og samhandling mellom kommunen, aktive grendelag og andre lokale organisasjonar. 9 Finnøy vil ikkje som eigen kommune vera sjølvforsynt med den plan- og utviklingskompetansen som trengst for å møta mange nye og store utfordringar i eit samfunn der endringstakten blir stadig større. I den viktige samhandlinga mellom kommune og andre lokalsamfunnsaktørar (næringsliv, grendelag, frivillig sektor) utgjer lokalkunnskap, nærleik og kontakt mellom aktørane ein stor positiv forskjell. Her har «Finnøy-alternativet» fordelar framfor ein kommune der avstanden mellom kommunen og nøkkelaktørar i lokalsamfunnet er langt større.

Lokaldemokrati Eit sterkt nærdemokrati er ein av Finnøys viktige samfunnsressursar. Lokaldemokratiet har ombodstanken som sentral berebjelke. Dei folkevalde ser på seg som representantar for folk i sine lokalsamfunn. Dei lokale perspektiva kan bli så sterke at politikarane kan ha problem med å løfta blikket og tenkja heilskapleg. Interkommunalt samarbeid medfører ei viss svekking av lokaldemokratiet, men gir samtidig framleis Finnøy kommune ei stemme rundt bordet. 10 Ved å halda fram som eigen kommune vil Finnøy framleis ha eit lokaldemokrati med relativt mange lokale folkevalde. I ein større kommune er det usikkert kor sterk representasjon kommunen vil få i dei folkevalde organa som har mest å seia for utviklinga på øyane. Som ein liten kommune i regionen vil Finnøy på den eine sida ha relativt liten påverknad i interkommunale organ som bestemmer den regionale utviklinga på Nord Jæren og i resten av Ryfylke. På den andre sida vil kommunen framleis vera sikra tilgang til regionale og sentrale organ og ha høve til å fremma øyane sine interesser der. I ein storkommune kan denne stemma lettare stilna heilt.