Kontrollutvalet i Leikanger kommune Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune Sakshandsamar Møtedato Saknr Bente Hauge 02.05.2013 08/2013 KONTROLLUTVALSSEKRETARIATET SI INNSTILLING: Kontrollutvalet vedtek fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune slik den ligg føre. Fråsegna vert sendt over til kommunestyret, med kopi til formannskapet. VEDLEGG: Nr. Dok. Dato Avsendar Tittel 1 02.05.13 Kontrollutvalet Fråsegn frå kontrollutvalet om rekneskap, årsmelding og revisjonsmelding (utkast) 2 Leikanger kommune Årsrekneskap 3 Leikanger kommune Årsmelding 4 15.04.13 SF Revisjon Revisjonsmelding Vedlegg 2, 3 og 4 vart sendt frå kommunen sin administrasjon til medlemmane i kontrollutvalet per post den 25.04.2013. BAKGRUNN I samsvar med kommunelova og forskrift om kontrollutval kap. 4, 7 skal kontrollutvalet gje ein uttale til kommunerekneskapet. Uttalen skal sendast til kommunestyret, med kopi til formannsskapet. Fråsegna skal vere formannskapet i hende tidsnok til at formannskapet kan ta omsyn til den før formannsskapet gjer innstilling til kommunerekneskapet. Leikanger kommune har lagt opp til at årsrekneskapen skal handsamast i formannskapet 16. mai og i kommunestyret den 13. juni. AKTUELLE LOVER, FORSKRIFTER, AVTALER MV. Kommunelova Forskrift om kontrollutval Forskrift om revisjon
SAKSUTGREIING Sekretariatet mottok årsrekneskap og årsmelding 23. april og revisjonsmelding 15. april. Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen for Leikanger kommune i 2012 er basert på årsrekneskapen for 2012, årsmelding 2012 frå rådmann og på revisor si revisjonsmelding. I fråsegna er det teke omsyn til følgjande punkt: Netto driftsresultat Netto driftsresultat viser kva kommunen sit igjen med av løpande inntekter etter at alle løpande utgifter er trekt i frå. I tillegg til inntekter og utgifter vedrørande den ordinære drifta, det vil seie til administrasjon og tenestetilbod, inngår også finansinntekter og finansutgifter (renteutgifter, avdrag på lån m.v.) i resultatomgrepet. I tillegg er netto driftsresultat korrigert for avskrivingar slik at desse ikkje gjev resultateffekt. Netto driftsresultat vert og brukt som samanlikningsgrunnlag mellom kommunar. Netto driftsresultat kan nyttast til finansiering av investeringar eller avsettast til seinare bruk og gir dermed ein indikasjon på kommunen sin økonomiske handlefridom. For Leikanger kommune var netto driftsresultat for 2012 positivt med kr 11 324 268 medan talet for 2011 var negativt med kr 4 669 298. Rekneskapsmessig mindreforbruk i 2012 var på kr 7 231 630, mot eit mindreforbruk i 2011 på kr 0. Resultatet i 2012 er såleis betydeleg betre enn i 2011. KS og Kommunal- og regionaldepartementet har sett opp eit mål på 3 % for nøkkeltalet netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene. Skal kommunen ha økonomisk handlingsrom og kunne avsetje til investeringar, tiltak som kjem utanom planane og ivareta formuesbevaringsprinsippet i kommunelova, bør netto driftsresultat opp på 3 % av driftsinntektene over tid. I Leikanger kommune var netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene på 6,6 % i 2012. Ser ein tilbake i tid har netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene utvikla seg slik: 2008 2009 2010 2011 2012-19,7 % 12,4 % 9,7 % -3 % 6,6 % Kommunen sitt resultat er sterkt påverka av marknadssvingingane knytt til verdipapir. I 2012 er det bokført ein gevinst knytt til verdiendringar på kr 8 mill, mot budsjettert kr 4 mill. I 2011 vart det derimot bokført eit tap på kr. 4,9 mill. Endring i resultateffekt frå 2011 til 2012 knytt til verdiendring verdipapir er såleis på heile kr 13 mill. I 2008 og 2011 måtte kommunen bokføre tap på verdipapir, medan 2009, 2010 og 2012 gav gevinstar:
2008 2009 2010 2011 2012-17 mill. +16 mill + 11 mill -5 mill +8 mill Utan gevinst/tap på verdipapir ville kommunen sitt netto driftsresultat og nøkkeltalet netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene sett slik ut: 2008 2009 2010 2011 2012-9,3 mill. 2 mill. 4 mill. 0,2 mill. 3,3 mill. -7 % 1,4 % 2,6 % 0 % 1,9 % Forutan i 2011 har kommunen hatt ei vesentleg resultatforbetring sidan 2008. Men utan gevinst frå verdipapir har ikkje kommunen klart å oppnå det nivå som er anbefalt av KS og KRD for nøkkeltalet "netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene". Det er og verdt å merke seg at resultatet for 2012 er positivt påverka av føring av eit høgt positivt premieavvik på pensjon (ca kr 4 mill. mot tilsvarande ca. kr 0,6 mill i 2011, jfr note 2 til årsrekneskapen). Rekneskapen sett mot revidert budsjett Drifta på tenesteområda viser samla sett eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 0,4 mill. kr. Til samanlikning var mindreforbruket på kr. 2,2 mill. i 2011. Det er spesielt sentral administrasjon, fellestenester og byggforvaltning som skil seg ut med positive avvik. Einingane med størst meirforbruk er vegar og miljø, areal og næring. For andre inntekter (som går til fordeling drift, jfr rekneskapsskjema 1A) har ein eit mindreforbruk (les auka inntekter i høve til budsjettet) med ca. kr 6,8 mill. Dei viktigaste forklaringsfaktorane er skatt og rammetilskot som vart kr. 1,2 mill høgre enn revidert budsjett, gevinst frå verdipapir som vart kr 4 mill. høgre enn revidert budsjett samt høgre renteinntekter og lågare rentekostnader enn budsjettert med samla kr 1,2 mill. Betring av arbeidskapitalen Arbeidskapitalen gir uttrykk for likviditeten i kommunen, dvs deira evne til å betale gjeld ved forfall. Arbeidskapitalen omfattar bankinnskot, verdipapir og fordringar etter frådrag for kortsiktig gjeld. Arbeidskapitalen har betra seg med omlag kr 19,5 mill og var positiv med kr 105 mill per 31.12.12. Til samanlikning var den positiv med kr 85,5 mill i 2011. Betring i arbeidskapitalen kan hovudsakleg forklarast med gevinst på verdipapir og auke i bankbehaldninga (som alle aukar omløpsmidlane). Den kortsiktige gjelda har og auka noko. Det er verdt å merke seg at kr. 4 mill. har påverka arbeidskapitalen positivt men at dette ikkje er ei reell betring då det kjem som fylgje av føring av premieavvik. Premieavviket skuldast at departementet har gitt reglar om fordeling av pensjonskostnader over tid, som medfører at kommunane balansefører betalte pensjonskostnader, i staden for å kostnadsføre desse. Premieavviket representerer difor ikkje reell arbeidskapital. Korrigert for premieavviket er arbeidskapitalen betydeleg betre i høve til året før.
Langsiktig gjeld (låneutvikling og pensjonsforpliktingar) Låneutvikling Langsiktig lånegjeld har gått opp med omlag kr. 20 mill. Sett i høve til driftsinntektene har lånegjelda også auka noko. Langsiktig lånegjeld utgjer i 2012 82,5 % av driftsinntektene, mot 79,3 % i 2011. Dette er noko godt over landsnittet på 78,1 % men under gjennomsnittet i Sogn og Fjordane på 93,0 %. Pensjonsforpliktingar Pensjonsforpliktingane til kommunen aukar framleis og utgjer no kr. 202,6 mill. mot kr. 189,1 mill. kr i 2011. Ein auke på kr. 13,5 mill. Samla langsiktig gjeld som inkluderer pensjonsforpliktingane utgjorde per 31.12.12 200,1 % av driftsinntektene, mot 201,7 % i 2011 og 189,5 % i 2010. Det har vore ein svak nedgang samanlikna med 2011. Både pensjonsforpliktingane og øvrig langsiktig lånegjeld har auka, inntektene har og auka og bidreg til at forholdstalet har hatt ein svak nedgang. Til samanlikning var gjennomsnittet for kommunane i fylket på 206,9 % for 2012 og 188,3 % for landsgjennomsnittet (førebelse Kostratal). I årsmeldinga side 3 kommenterer rådmann at netto lånegjeld per innbyggar er på kr 54.966, dette er noko høgare enn gjennomsnittet for kommunegruppe 2 som er på kr. 52.063 per innbyggar. Snittet for Sogn og Fjordane er på kr. 60.637 medan på landsbasis er den kr. 36.120 per innbyggar. Alle tal er henta frå årsmeldinga. Nærare om pensjonsforpliktingane: I balansen står både pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar. Netto pensjonsforplikting kan uttrykkast som pensjonsmidlar fråtrekt pensjonsforpliktingar. Dette forholdstalet har utvikla seg i negativ lei gjennom 2011 og 2012. Per 31.12.2010 var netto pensjonsforplikting i rekneskapen på kr. 16,8 mill. Per 31.12.2011 var netto pensjonsforplikting i rekneskapen på kr. 42,8 mill. Ein auke på kr. 26 mill. Per 31.12.2012 var netto pensjonsforplikting på kr. 46,3 mill. kr. Ein ytterlegare auke på kr. 3,5 mill. Budsjettoverskridingar Rekneskapen (skjema 1B) syner at tenesteeiningane samla sett kom ut med eit mindreforbruk på kr. 0,4 mill. Dei einingane som har hatt størst meirforbruk er: Tenesteeining Meirforbruk Forklaring: Miljø, areal og næring 1,3 mill. kr Årsakene til meirforbruket er kommentert i årsmeldinga side 40. For byggesaker var det ikkje budsjettert med kjøp av tenester frå Sogn Brann og Redning til det interkommunale byggetilsynet. For kart og oppmåling var det for høgt budsjetterte inntekter i forhold til aktiviteten. Vidare er det meirforbruk på vedlikehald av kaianlegget på Hanehaug etter Dagmar.
Det er ikkje kommentert i årsmeldinga kor mykje kvar av desse postane utgjer av det negative avviket på kr 1,3 mill. Vegar 1 mill. kr Meirforbruket kjem av reparasjonar etter Dagmar, jfr kommentarar på side 44-45 i årsmeldinga. Undervisning 0,5 mill. kr Iflg. årsmeldinga side 20 står Leikanger Ungdomsskule for 0,2 mill av avviket og Leikanger barneskule for 0,4 mill. Samla overforbruk på skulane er såleis kr. 0,6 mill. Skulefritidsordninga kom ut med innsparing på kr 0,1 mill. Viser til årsmeldinga side 21 og 22 for ytterlegare kommentarar rundt ressursrammer og overforbruk. Den eininga som har størst innsparing i høve regulert budsjett er byggforvaltning som har eit mindreforbruk på kr.1,3 mill. Årsaka er kommentert på side 40 i årsmeldinga, forklaringa er meirinntekter på kontorleige og noko innsparingar på energiforbruk og vedlikehald. I tillegg har rammeområdet sentrale styringsorgan og fellesutgifter eit mindreforbruk på kr. 1,7 mill. Frå revisor har vi fått opplyst at dette i hovudsak kjem som følgje av inntektsføring på kr. 0,9 mill. knytt til bruk av premiefond (ikkje budsjettert for). Vidare er det inntektsført kr 0,3 mill meir i premieavvik enn budsjettert for. Sjå elles årsmeldinga for nærare detaljar. Revisjonsmeldinga Revisor har per 15. april 2013 avlagt revisjonsmeldinga. Revisor har ikkje merknader til årsrekneskapen for 2012 for Leikanger kommune. Konklusjon: Med bakgrunn i denne saksutgreiinga, årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding er det utarbeidd eit utkast til fråsegn til Leikanger kommune sin årsrekneskap for 2012.