VESTNES KOMMUNE Formannskapet Innkalling til møte i Formannskapet Møtestad: Dato: Kommunestyresalen, Rådhuset, 30.11.2009 Kl.15:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post gunn.westnes@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 12 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: tone.roaldsnes@vestnes.kommune.no, eller tlf. 90 98 40 00. ordførar Side 1
Orientering: Frå kl 15 vert det felles orientering til DFU og formannskap om adm.sjefens framlegg til driftsbudsjett for 2010. Orienteringa vil finne stad i kommunestyresalen. Det vil også bli gitt ei kort orientering om den økonomiske situasjonen pr november 2009 (rekneskap og finansforvaltning) Saksliste Saksnr Innhald Lukka PS 80/2009 PS 81/2009 RS 6/2009 PS 82/2009 PS 83/2009 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Bekymringsbrev frå KFU - Vestnes Tildelingsreglar for bustadtomter - nye Næringsprisen 2009 frå Vestnes kommune PS 84/2009 Investeringsbudsjett 2010 PS 85/2009 Driftsbudsjett 2010 PS 86/2009 KS - Uttale til dialoghefte - "Kommunesektoren ser muligheter" Side 2
Side 3
PS 80/2009 Godkjenning av innkalling PS 81/2009 Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 4
Til Vestnes Kommunestyre Sak^^nr: ^ /(^ 37' 1 9 NOV, 2a VESTNES KOMMUNE 15.11.2009 Bekymringsbrev frå KFU i Vestnes Det er med sterk bekymring, frustrasjon, oppgitthet og fortvilelse KFU no skriv dette brevet til Vestnes Kommunstyre. Vi, som alle andre, forstår at kommunen er i ein vanskeleg situasjon økonomisk. Det å spare når "krybba er tom" er vel nesten ei umulig oppgåve! Likevel ber vi dykk om å tenke dykk godt om før dei sparetiltaka som er foreslått for skulane i Vestnes, blir vedtatt, og sett ut i live. Vi trur at det å spare meir i skulane no, vil gje større utfordringar for Vestnes Kommune i dei kommande åra. Når det no skal sparast inn i alle skulane i Vestnes beløp som tilsvarer nedskjæringar på 220 timar skule i 2009/2010, og 362 timar skule i 2010/2011, så skjønar ikkje vi korleis dette skal kunne la seg gjere når vi tenker på kor mykje skulane allereie har redusert sine kostnader dei seinare åra. Kan dette gjerast utan å bryte gjeldande reglar og lover som gjeld for drift av skule? Vi kan ikkje dokumentere at dette vil skje, men det vil vere grunn til å tru at dei innsparingane som no er foreslått, vil gje enda fleire elevar som må få ekstra hjelp/tiltak dei kommande åra, på grunn av at tiltak ikkje blei satt inn når dei skulle pga. økonomi. Dette må vel vere tungt for våre folkevalde og ta med seg vidare? Vi har ikkje forståelse for at Vestnes kommune sparar i skulen slik som no blir gjort. I valgkamp for stortingsvalg og for kommunevalg heiter det så fint at "vi skal satse på skulen". Det ligg dessutan føringar frå sentrale myndigheter på at "tiltak" skal inn i skulane tidlegare enn før, slik at elevar som sliter, skal få hjelp før det går for lang tid. Det Vestnes kommune no bestemmer, er det stikk motsette etter våre meiningar. Vestnes kommune bygger no ned skulen, heller enn å bygge den opp. Det som no skjer vil også påverke arbeidssituasjonen til våre lærara, som gjer så godt dei kan i ein pressa situasjon. Vestnes kan oppleve fleire lærarar som blir sjukemeldte og utbrende, eller som finn seg anna arbeid. Det kan bli vanskeleg å få inn kvalifiserte lærarar når økonomien er slik som no foreslått. Det må ikkje komme som ei overrasking på våre folkevalde at skulane i Vestnes for framtida gjer det dårleg på Nasjonale prøver og andre testar som gjeld skulane i fylket og på landsbasis opp i mot kvarandre. Det må heller ikkje komme som ei overrasking at elevar frå Vestnes ligg høgt oppe i "fråfall frå vidaregåande opplæring" i åra som kommer. Vi trur at alle desse faktorane høyrer saman med kvarandere, og det som kunne ha bidratt til endring positivt, er tiltak inn i skulane tidleg!! Vi ber dykk no om å tenke dykk godt om, det er ikkje for seint å snu enda!! For KFU i Vestnes Bjørn Inge Olsen, Tresfjord - leiar Heidi Bårdnes, Tomrefjord - nestleiar Marianne Sæter, Helland - medlem Ann Elisabeth Bjerkevoll, Fiksdal - medlem Rita Blø, Fiksdal - meldem Rune Valle, Tresfjord - medlem Ellen Taklo, Tomrefjord - medlem Torunn Vereide, Helland - medlem Side 5
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: L83 Arkivsaksnr.: 2008/97 Saksbehandlar: Einar Aagård Dato: 04.11.2009 Tildelingsreglar for bustadtomter - nye Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet 30.11.2009 82/2009 Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling Nye reglar, datert 26.10.09, vert vedtekne som nye reglar for tildeling av bustadtomter i kommunale bustadfelt. Desse erstattar reglane frå 14.04.86. SAKSUTGREIING: I kommunestyret sitt vedtak frå 24.01.2008 heiter det: 1. Ansiennitet/tomteliste fell bort frå 24.01.2008. 2. Tomter skal framleis seljast til fastpris. Dersom det er fleire interessentar på same tomt, gjeld tildeling ved loddtrekning. 3. Tomtene på Helland Vest skal tildelast etter gamalt regelverk, dvs ansiennitet/tomteliste pr. 31.12.07. 4. Reglar for tildeling av bustadtomter i Vestnes må rullerast og tilpassast etter det nye vedtaket. I det gamle regelverket frå 14.04.86 går det fram at det skulle opprettast tomtelister, inndelt i 5 soner av kommunen. Ved å stå på lista fekk søkjarane ansiennitet/forkjøpsrett til å kjøpe nye tomter. Det var særleg i sone C (Helland og omegn) lista var aktiv. Etter kvart som tida har gått og tilbod og etterspurnad har jamna seg ut, har listeføringa i høg grad mista verdi. Då dei 5 tomtene i Hellandhaugen Vest vart tildelt, jfr. pkt. 3 ovanfor, var det to personar frå tomtelista som nytta forkjøpsretten. Dette blei då dei to siste. I samband med vedtaket ovanfor er det no utarbeidd framlegg til nye reglar for tildeling. Kort om endringane: Side 6
- Dei gamle reglane er i hovudsak vidareført med nokre endringar: - Dersom fleire melder interesse for same tomt, innan annonsert frist, vert tildelinga no avgjort ved loddtrekning. (Tomtesøkjarregisteret fell bort.) - Då tidlegare Teknisk styre er gått ut, rår administrasjonssjefen til at mynde til å tildele bustadtomter blir lagt til formannskapet. FSK delegerer dette til administrasjonssjefen når det gjeld tildeling etter hovudregelen. - Tildeling av tomter til byggefirma/utbyggarar skal gjerast av FSK. (Ny) - Reglane om byggefrist og forkjøpsrett (IV c og d) er noko omskrive med presiserande tekst. - Tomta skal som hovudregel overtakst slik den ligg føre pr. sals-/overtakingsdato. (nytt pkt g) Vedlegg: 1 Forslag til nye Tildelingsreglar for bustadtomter 2 Gamle Tildelingsreglar for bustadtomter Side 7
REGLAR FOR TILDELING AV BUSTADTOMTER I VESTNES KOMMUNE I ANSVARSFORHOLD Mynde til å tildele bustadtomter er tillagt formannskapet. (FSK) FSK delegerer dette til administrasjonssjefen når det gjeld tildeling etter hovudregelen. Avgjerder gjort i medhald av dette regelverket kan påklagast til kommunestyret. FSK skal handsame klaga på førehand. II KUNNGJERING Tildeling av tomter skal skje når tomtefeltet er annonsert klart for tildeling med rimeleg søknadsfrist. Søknad skal skrivast på fastsett søknadsskjema. Før utlysing finn stad, skal salsvedtak og tomtepris vere fastsette av FSK, eller vere prissett etter gjeldande vedteken kalkulasjonsmetode. III TILDELING a) Hovudregelen ved tildeling av bustadtomt skal vere til den søkjaren som melder seg innan fristen, fastsett med dag og tid. Har fleire søkjarar meldt seg som kjøpar til same tomt, blir tildeling avgjort ved loddtrekning desse imellom. Tildeling av tomter på vilkår utanom hovudregelen kan berre gjerast av FSK. b) Sosiale grunnar Unnatak frå hovudregelen kan gjerast på sosialt grunnlag og der det kan påvisast særlege vanskelege eller helsefarlege butilhøve. Før tildeling blir gjort på slikt grunnlag, skal det ligge føre fråsegn frå NAV/sosialkontor, lege, etc. c) Vertskommuneforpliktingar/næringslivet og liknande Det kan gjerast unnatak frå hovudregelen i einskilde høve for at kommunen skal kunne etterkome ansvaret som vertskommune eller som arbeidsgjevar. Næringslivet kan i særlege høve etter søknad få tildelt tomter framføre private, slik at det i rimeleg grad blir teke omsyn til utviding, nyetablering eller andre særlege forhold til verksemder. Tildeling av tomter til utbyggarar/firma skal gjerast av FSK. d) Erstatningstomter I nye bustadområde har kommunen høve til å reservere tomter som erstatningstomter og liknande. Slik reservering kan ikkje vare i meir enn fem år. - 2 - Side 8
Dersom ingen melder seg som kjøpar etter første gongs utlysning, kan tomtene deretter seljast til den første som melder seg, etter først til mølla -prinsippet. IV GENERELLE OVERTAKINGSVILKÅR a) Tomtegrunn og tekniske anlegg blir stilte til disposisjon for kjøparen mot kontant betaling av kjøpesummen og elles på dei vilkåra som går fram av kjøpekontrakten. Slikt oppgjer skal skje med ein betalingsfrist på 60 dagar etter at kommunen har mottatt melding om at kjøparen tek ved tilbodet. I motsett fall går tomta utan vidare tilbake til kommunen for ny tildeling, etter at kjøparen er varsla og gitt ein siste betalingsfrist. b) Tomta blir seld fri for pengehefte. c) Vestnes kommune skal ha forkjøpsrett til tomt som ikkje er bebygd dersom eigar vil selje tomta. Ubeygd tomt kan difor ikkje seljast vidare til andre utan samtykke frå kommunen. Kommunen kan ikkje hevde forkjøpsrett dersom det føreligg byggeløyve og bygging er starta opp. Dersom kommunen nyttar forkjøpsretten skal oppgjer skje som i pkt. d. d) Tomt som det ikkje er bygd på innan 2 år, rekna frå overskøytingsdato, skal gå tilbake til kommunen for same kostnad/kronebeløp som det tomtekjøparen har hatt ovanfor kommunen, dersom kommunen ønskjer det. Betalt tinglysningsgebyr og dokumentavgift til Staten vert ikkje refundert. e) Kommunen, straum- og teleleverandørar har, på særlege vilkår, rett til å kome fram over tomtene med vedlikehaldsarbeid eller for å legge nye kablar, røyrleidningar og kummar. Det blir elles vist til vilkåra i kjøpekontrakten. f) Privatperson kan eige berre ei byggeklar bustadtomt i kommunalt byggefelt. g) Tomta skal som hovudregel overtakast slik den ligg føre pr. sals-/overtakingsdato. 26.10.09 Side 9
VESTNES KOMMUNE TILDELINGSREGLAR FOR BUSTADTOMTER Side 10
REGLAR FOR TILDELING AV BUSTADTOMTER I VESTNES KOMMUNE I ANSVARSFORHOLD Mynde til å tildele bustadtomter er tillagt teknisk styre. Teknisk styre kan delegere dette til teknisk sjef når det gjeld tildeling etter hovudregelen. Avgjerder gjorde i medhald av dette regelverket kan påklagast til formannskapet. Teknisk styre skal handsame klaga på førehand. II KUNNGJERING Tildeling av tomter skal skje når tomtefelt er annonsert klart f or tildeling med rimeleg søknadsfrist. Søknad skal skrivast på fastsett søknadsskjema. Før utlysing finn stad, skal. salsvedtak og utparselleringspris vere fastsette av teknisk styre. III TILDELING a) Hovudregelen ved tildeling av bustadtomt skal vere etter ansiennitet som tomtesøkjar. Tildeling av tomter på vilkår utanom hovudregelen kan berre gjerast av teknisk styre. Står fleire. søkjarar likt, bli. tildeling avgjort ved loddtrekning desse imellom." b) Sosiale grunnar Unnatak frå hovudregelen kan gjerast på sosialt grunnlag og der det kan påvisast særlege vanskelege eller helsefarlege butilhøve. Før tildeling blir gjort på slikt grunnlag, skal det liggje føre fråsegn frå sosialkontor/helseråd. c) Vertskommuneforpliktingar / næringslivet o.l. Det kan gjerast unnatak frå hovudregelen i einskilde høve for at kommunen skal kunne etterkome ansvaret som vertskommune. Side 11
Næringslivet kan i særlege høve etter søknad få tildelt bustadtomter utanom prioritering, slik at det i rimeleg grad blir teke omsyn til utviding, nyetablering eller andre særlege forhold til verksemder. d) Erstatningstomter I nye bustadområde har kommunen høve til å reservere tomter som erstatningstomter o.l. Slik reservering kan ikkje vare i meir enn fem år. IV TOMTESØKJARREGISTER a) Registrert som tomtesøkjar blir ein ved å fylle ut fastsett søknadsskjema. Mottaksdatoen blir avgjerande for plassen i søknadskøen. b) Av søknadsskjemaet skal det gå fram innanfor kva del av kommunen ein ønskjer å opparbeide ansiennitet. Overføring av slik ansiennitet frå ein del av kommunen til ein annan kan skje etter særskild søknad til teknisk styre. c) Berre personlege søkjarar som er fylte atten år kan bli registrerte på tomtesøkjarlista. +.; d) Plassen på tomtesøkjarlista kan ikkje overdragast til andre. V AVSLAG PÅ TILBOD Dersom nokon trekkjer seg frå tilbod om tomt seinare enn fjortan dagar etter at rekommandert melding om tilbodet er motteke, blir søkjaren stroken som tomtesøkjar. Vedkomande må eventuelt melde seg på nytt for å bli registrert som tomtesøkjar. Ein har høve til å seie frå seg tilbod om tomt inntil to gongar (innan fristen på Side 12
fjortan dagar) utan å bli stroken som tomtesøkjar og såleis miste opptent- ansiennitet. Det kan gjerast unnatak frå dette ved særlege høve som sjukdom, arbeidsløyse eller andre grunnar som vil gjere det urimeleg at søkjaren skal miste ansienniteten sin. VI OVERTAKINGSVILKÅR a) Tomtegrunn og tekniske anlegg blir stilte til disposisjon for kjøparen mot kontant betaling av skøyte og på dei vilkåra som går fram av dette. Slikt oppgjer skal skje innan seksti dagar etter at kommunen har motteke melding om at ein tek ved tomta. I motsett fall går tomta utan vidare tilbake til kommunen for ny tildeling, og søkjaren blir stroken som tomtesøkjar. ) Tomta blir seld fri for pengehefte. c) Tomta kan ikkje omsetjast utan at det ligg føre byggjeløyve, og bygging-er starta opp. d) Tomt som det ikkje er bygd på innan to år går tilbake til kommunen for same kostnad/kronebeløp som det tomtesøkjaren har hatt overfor kommunen. Tomta kan så tild.elast på nytt. e) Kommunen,. el. verket og televerket har, på særlege vilkår, rett til å kome fram over tomtene med vedlikehaldsarbeid eller for å leggje nye kablar, røyrleidningar og kummar. Det blir elles vist til vilkåra i kjøpekontrakten. Privatperson kan eige berre ei byggjeklar bustadtomt i kommunalt byggjefelt. 14.04.86 Side 13
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 2009/1254 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 10.11.2009 Næringsprisen 2009 frå Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet 30.11.2009 83/2009 Administrasjonssjefen si innstilling Næringsprisen frå Vestnes kommune for 2009 blir tildelt. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Vestnes kommunestyre godkjende oppretting av ein årleg næringspris i 2004 og delegerte oppfølgingsansvar og vedtaksmynde til Vestnes formannskap. Gjeldande vedtekter ligg ved saka. Vurdering: Desse har fått Vestnes kommune sin næringspris: 2004: Villa Leppefisk, Johan Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik. 2005: Sigbjørn Akselvoll. 2006: Kjell Tore Daugstad 2007: Sivertsens Fargehandel AS 2008: Eva Langstein Næringsprisen for 2009 har no vore kunngjort på kommunen sin nettstad og i lokale media. Innkomne kandidatforslag innan fristen, vil bli omdelt i møtet for vurdering. Denne delen av saksbehandlinga blir handtert som B-sak, der namn på kandidatar som ikkje nådde opp, ikkje vil bli kunngjort av kommunen. Ordføraren søkjer umiddelbart kontakt med prisvinnar for å melde frå og gratulere. Pristildelingsvedtak og grunngjeving frå forslagstillar(ar) blir kunngjort gjennom ei pressemelding etter møtet. Det har vore tradisjon å overrekke næringsprisen i det siste kommunestyremøtet før jul, i same møtet som kulturprisen blir overrekt. Ordførar og adm.sjef avtalar detaljane kring overrekkinga. Side 14
Særutskrift til: Vedlegg: 1 Vedtekter for Næringsprisen frå Vestnes kommune Side 15
VEDTEKTER FOR NÆRINGSPRISEN FRÅ VESTNES KOMMUNE NAMN Namnet på prisen er Næringsprisen frå Vestnes kommune. FØREMÅL Føremålet med prisen er å fokusere på næringsutvikling og kunne gje ros til bedrifter og einskildpersonar som etablerer, utviklar og tryggjer arbeidsplassar og aktivitet innan industri, handel, landbruk, reiseliv og anna næringsverksemd i Vestnes kommune. ORGANISERING Vedtak som gjeld næringsprisen og næringsprisutdelinga er delegert til Vestnes formannskap. STORLEIK Prisen fastsettast av kommunestyret og består pr. dato av ein næringsprisdiplom og ein statuett. KVEN SOM KAN FÅ PRISEN Næringsprisen kan gjevast til bedrifter og einskildpersonar eller grupperingar av personar/ bedrifter som har vist særleg evne og vilje til å etablere og/eller trygge arbeidsplassar og aktivitet i Vestnes kommune. KVEN SOM IKKJE KAN FÅ PRISEN Næringsprisen kan ikkje gjevast til offentlege institusjonar eller organisasjonar som i hovudsak finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar. Næringsprisen kan heller ikkje tildelast personar som er engasjert av det offentlege for å drive med næringsarbeid. KUNNGJERING Vestnes formannskap syter for å gjere prisutdelinga kjent og fastset frist for kandidatframlegg. FRAMLEGG PÅ KANDIDATAR Framlegg på kandidatar kan fremjast av einskildpersonar, bedrifter eller organisasjonar. Framlegg skal vere skriftlege og med grunngjeving. Berre kandidatframlegg som kjem fram i utlysingsåret blir vurdert. VEDTAK I VESTNES FORMANNSKAP Vestnes formannskap gjer kvart år vedtak om næringsprisen skal utdelast og kven som skal få prisen. I tilfelle prisdeling skal det avgjerast kor stor del kvar kandidat skal få. Prismottakar må ha eit fleirtal av røystene bak seg ev. ved omval mellom dei som har fått mest stemmer. Avrøystinga mellom kandidatane skal ikkje offentleggjerast. Det skal ikkje knytast særlege vilkår til korleis mottakaren skal nytte prisen. GRUNNGJEVING Vestnes formannskap skal grunngje vedtaket om tildeling av næringsprisen og offentleggjere årets prismottakar og tilhøyrande forslagstillar(ar.) Side 16
VESTNES KOMMUNE Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 2009/1457 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 19.11.2009 Saksframlegg Investeringsbudsjett 2010 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet 30.11.2009 84/2009 Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre vedtek eit investeringsbudsjett for 2010 med ei brutto investeringsramme på16,1 mill. kr. Følgjande tiltak er føreslått: Framlegg Finansiering Prosjekt 2010 Lån Tilsk. m.m 1 Tomrefjord barnehage 6 000 000 6 000 000 2 Kjøkkenbygg HH utv. Oppussing 300 000 300 000 3 Enøk tiltak, lage plan 200 000 200 000 4 Avløp, renovering og utbygging 1 500 000 1 500 000 5 Fiksdal, skifte avløpssystem 900 000 900 000 6 Asfaltering 500 000 500 000 7 Industrifelt, restløyving ferdiggjering 500 000 500 000 8 kjøp av grunn 500 000 250 000 250 000 9 Strandbo, mindre utbedringar av bygg 500 000 500 000 10 Vakt og mannskapsbil 200 000 200 000 11 Teknisk utegruppe (Misfj. Skog) garderobe 1 000 000 1 000 000 12 Utstyr traktor, plog, komprimeringsutst 200 000 200 000 13 IKT, hovuddataanlegg 900 000 900 000 14 IKT skulane, tråløs nettverk og oppgr. 600 000 600 000 15 Utskifting PC lærarar og elevar 500 000 500 000 16 Lærebøker 400 000 400 000 17 Utstyr til BUT, ressurssenteret 700 000 350 000 350 000 18 Ivartun, 2 bekkenspylarar 250 000 250 000 19 Utstyr sjukeheim, kjøkken og trygdeheim 200 000 200 000 20 Kyrkja 250 000 250 000 16 100 000 15 000 000 1 100 000 Tiltaka er nummerert, men ikkje prioritert. Side 17
2. Investeringane vert finansiert ved låneopptak på 15,0 mill. kr og tilskott/salsinntekter på 1,1 mill. kr. 3. Ordførar får fullmakt til å godkjenne låneopptaket. SAKSUTGREIING: Side 18
Innleiing I økonomiplanen for 2010 2013, som kommunestyret vedtok i møte 22.10.09 (sak KST 56/09) er det lagt ei ramme for årlege låneopptak på 15,0 mill. kr. Med denne ramma vil låneopptaket om lag tilsvare avdragsbetaling og vi aukar ikkje lånegjelda vår. Dei siste 3 åra har vi auka lånegjelda vår. Det vil også skje i 200 der vi reknar med eit låneopptak på rundt 44,0 mill. kr, då er med fullfinansiering av brannstasjon og opprusting Vestnes ressurssenter. Framlegg til investeringar 2010 I arbeidet med investeringsbudsjett for 2010 har administrasjonssjefen bedt om å få innspel frå heile organisasjonen. Dette for å få best mogeleg oversikt over behov for investeringar. Administrasjonssjefen gav imidlertid tydeleg uttrykk for at det også i 2010 kom til å bli svært få nye investeringstiltak som vart føreslått. Truleg av denne grunn er det i år innmeldt færre investeringsprosjekt enn tidlegare år. Administrasjonssjefen har i år prioritert Opprusting av Tomrefjord barnehage, og utviding av ant. barnehageplassar enten ved Tomrefjord barnehage eller 4. avdeling ved Helland barnehage. Opprusting av IKT og data nett på skulane, og utskifting av PC-ar her. Ikkje mange nye prosjekt som krev mykje tid for tekniske tenester i planlegging og/eller utføring. Dei har no ein svært pressa arbeidssituasjon og det bør prioriterast at dei får ferdigstilt prosjekt som det allereie er gitt løyvingar til tidlegare. Følgjande prosjekt vert føreslått: Framlegg Finansiering Prosjekt 2010 Lån Tilsk. m.m Merknader 1 Tomrefjord barnehage 6 000 000 6 000 000 2 Kjøkkenbygg HH utv. Oppussing 300 000 300 000 3 Enøk tiltak, lage plan 200 000 200 000 4 Avløp, renovering og utbygging 1 500 000 1 500 000 Gebyrfinansiert 5 Fiksdal, skifte avløpssystem 900 000 900 000 Delvis gebyrfinansiert 6 Asfaltering 500 000 500 000 7 Industrifelt, restløyving ferdiggjering 500 000 500 000 Sal tomter 8 kjøp av grunn 500 000 250 000 250 000 Sal grunn 9 Strandbo, mindre utbedringar av bygg 500 000 500 000 10 Vakt og mannskapsbil 200 000 200 000 11 Teknisk utegruppe (Misfj. Skog) garderobe 1 000 000 1 000 000 Delvis gebyrfinansiert 12 Utstyr traktor, plog, komprimeringsutst 200 000 200 000 13 IKT, hovuddataanlegg 900 000 900 000 14 IKT skulane, tråløs nettverk og oppgr. 600 000 600 000 15 Utskifting PC lærarar og elevar 500 000 500 000 16 Lærebøker 400 000 400 000 17 Utstyr til BUT, ressurssenteret 700 000 350 000 350 000 Fond 18 Ivartun, 2 bekkenspylarar 250 000 250 000 19 Utstyr sjukeheim, kjøkken og trygdeheim 200 000 200 000 20 Kyrkja 250 000 250 000 16 100 000 15 000 000 1 100 000 Tiltaka er nummerert, MEN det er ikkje prioriteringar frå administrasjonssjefen. Side 19
Fleire prosjekt som det var ynskje om er ikkje med i framlegget til investeringar i 2010. Dette grunna at administrasjonssjefen ser det som viktig å holde den ramma som vart sett i økonomiplanen. Nemner likevel at ombygging av lokala ved tidlegare Helland symjebasseng ikkje er prioritert i 2010 slik som tidlegare tenkt. Dette grunna at kommunestyret i økonomiplanen vedtok at det ikkje skulle skje endring i ungdomsskulestrukturen før hausten 2012. Tiltaket kan difor utsettast, og ein får bruke tid på planlegging. Ferdigstilling av Kjøpmannsgata med toppdekke m.m. er heller ikkje med i investeringsbudsjettet. Det har si årsak i at sentrumsnemnda arbeider med planane for dette tiltaket, men er enno ikkje ferdig med framlegg til planløysing og kostnadsoverslag. Dette vil komme i 2010 og vil då bli lagt fram som eiga sak. 3. Finansiering Brutto investering kr 16 100 000,- Vert finansiert slik: Låneopptak kr 15 000 000,- Sal grunn kr 250.000,- Sal industritomter kr 500.000,- Bruk av fond kr 350.000,- kr 16 100 000,- Administrasjonssjefen rår til at ordførar får fullmakt til å godkjenne låneopptak 4. Kommentarar til investeringane 1. Tomrefjord barnehage Her føreslår administrasjonssjefen at det vert avsatt 6,0 mill. kr. Tomrefjord barnehage er nedslitt og er vel den driftseininga som no har størst behov for rehabilitering. Alle dei andre kommunale barnehagane er oppussa, Tomrefjord har vore utsett av økonomiske grunnar. Der er det 2 alternativ pusse opp eksisterande barnehage, kostnadanslag ca 3,0 mill. kr Pusse opp eksisterande og utvide med ca 100m2, og dermed også utvide ant. plasser Administrasjonssjefen er ikkje helt sikker på om utvidinga av barnehageplassar skal skje ved Tomrefjord barnehage eller om ein skal ferdiggjere 4. avdeling ved Helland barnehage. Her vil administrasjonssjefen ut på nyåret vurdere nærare kvar behovet er størst. Fødselstal i 2009 på desse to plassane vil også ha innverkning på vurderinga. Det vil bli lagt fram for kommunestyre til endeleg avgjerd. Så langt administrasjonen har vurdert det vil avsatt sum dekke rehabilitering av Tomrefjord barnehage og utviding av ant. plassar, enten ved Tomrefjord barnehage eller Helland barnehage. Bruk av Likofa bygget i Tomrefjord, som kommunen eig, kan være aktuell å bruke for barnehagen i byggeperioden. Side 20
2. Kjøkkenbygget på HH, utvendig oppussing Dette er eit tiltak som har stått på prioriteringslista i mange år, men som har vorte utsett. Kjøkkenbygget er det store kvite bygget midt på Hellandheim området. Det er stort behov for opprusting av bygget, i første omgang rår administrasjonssjefen til at det vert avsatt midlar til utvendig oppusssing/maling og skifting av vindu så langt løyvinga rekk. 3. ENØK tiltak I økonomiplanen er eit av sparetiltaka i perioden framover innsparing på energikostnader som følgje av gjennomføring av ENØK tiltak. For å klare dette må det gjerast tiltak, som også vil krevje investeringar i kommande år. Før vi startar med dette bør det lagast ein plan for kva tiltak ein bør gjennomføre og kva spareeffekt dei vil gje. Administrasjonssjefen rår til at det vert avsatt kr 200.000,- slik at ein kan leige inn kompetent konsulenthjelp til å gjere slike vurderingar og lage plan. 4. Avløp, renovering og utbygging av kloakknettet Ei generell avsetning til tiltak innan avløpssektoren. Skal dekke tiltak som vil komme og som ein må gjere i løpet av året. Arbeidet i Kjøpmannsgata ligg utanfor denne løyvinga, her er tidlegare gitt løyving. Kapitalkostnadane for dette tiltaket vert dekka av kloakkavgiftene. 5. Fiksdal, skifte avløpsnett I 2009 er det løyvd 1,5 mill. kr til gangveg i Fiksdal. Føresetnaden var at ein fekk dekka halvparten ved tilskott frå staten. Ein nådde ikkje opp i slik prioritering i år, men vonar at ein får det i 2010. Løyvinga frå 2009 vert overført til 2010. Når ein skal lage nemnde gangveg, vil det også være fornuftig å skifte avløpsnett i same området. Føreslår difor avsatt 0,9 mill. kr til dette. Føresetning for bruk av midlane er at det vert oppstart av gangvegen. Delar av kapitalkostnaden vert dekka av kloakkavgiftene. 6. Asfaltering Avsatt 0,5 mill. kr til asfaltering. Behovet er nok langt større, men vi fann ikkje rom for å avsette meir skal vi klare å holde totalramma. 7. Industrifelt, restløyving Så langt ein vurderer det vil det være behov for ei restløyving på industrifelta Gjermundnes og Trohaugen for å gjere ferdig det som er vedtatt tidlegare. Kostnaden er føresett dekka inn att når ein sel tomter. 8. Kjøp av grunn Det vil alltid være behov for å kjøpe inn ein del mindre areal i løpet av året. For å sleppe mange små saker om løyving har det vore vanleg at det vert avsatt ein rund sum til å dekke dette. Det vert også solgt grunn som dekker delar av kostnaden. 9. Strandbo, mindre utbedtringar av bygget Strandbo er det bygget på Hellandheimen som vert brukt til dagtilbud for psykisk utviklingshemma. Bygget er nedslitt og har nok behov for omfattande rehabilitering dersom det skal dekke dagens krav. Det positive med bygget er at det har mykje areal og så sett godt eigna til formålet. Side 21
Vi er avhengig av å bruke bygget enno i mange år framover til dagtilbud for psykisk utviklingshemma. Det kan ikkje forsvarast økonomisk ei omfattande rehabilitering av bygget, men det må gjerast mindre bygningsmessige tiltak slik at forholda for både brukarar og personale vert bedre. Likedan utbetre for miljøkrav. Det er tidlegare avsatt kr 250.000,-, føreslår ytterlegare kr 500.000,- i 2010. Teknisk sjef avgjer kva tiltak som skal prioriterast. Ein må også pårekne ytterlegare løyvingar i kommande år. 10. Vakt og mannskapsbil Innkjøp av ny bruktbil til brannvernet. Noverande mannskapsbil er helt nedslitt og det vil ikkje være økonomisk rett prioritering å bruke meir pengar på vedlikehald av den bilen. 11. Teknisk utegruppe(misfjord skogen) garderobe og personalavd Føreslått avsatt 1,0 mill. kr til å lage garderobe og personalavdeling for teknisk utegruppe i Misfjordskogen. Det er ma. krav frå arbeidstilsynet om dette. Føresett at ein gjer ein del av arbeidet med eigne tilsette. 12. Utstyr traktor, plog, komprimeringsutstyr Tekniske tenester har behov for utskifting av ein del teknisk utstyr, m.a. plog og komprimeringsutstyr. Avsett kr 200.000,- til dette. Generelt er det lite midlar som vert avsatt til tekniske tenester. 13. IKT, hovuddataanlegg Det er behov for løyving til IKT kvart år, i hovudsak til nødvendig utskifting av utstyr i kommunen sitt hovuddataanlegg (servere med mer.) Dette anlegget tener i tillegg til kommunehuset også legesenter, pleie- og omsorg, delar av skulane med mer. Anlegget må heile tida være i drift. Difor særs viktig at dataanlegget vert oppgradert og vedlikeholdt. I tillegg til sjølve anlegget må det også regelmessig fornyast lisensar og nye fagprogram kjøpast. 14. IKT skulane, Administrasjonssjefen prioriterer i 2010 midlar til IKT på skulane, det er i tråd med tidlegare signal frå politikarar m.a. når det vart løyvd midlar til å legge fiber ut til alle skulane. Løyvinga på kr 600.000,- er m.a. tenkt nytta til Ta i bruk fibertilknytning ved alle skulane (berre Helland som har det i dag) Ny server for administrasjon på skulane (felles), inkl lagring og backup Ny epostløysing for lærarane Trådlause soner på skulane Feide (felles elektronisk identitet) 15. Utskifting av PC-ar til lærarar og elevar For nokre år tilbake vart det løyvd store summar til kjøp av bærbare PC-ar til alle lærarar og mange stasjonære maskiner til elevbruk. Det er ca 150 bærbare og 300 stasjonære maskiner ved skulane. Dei bærbare maskinene reknar ein har ei levertid på 3 4 år. Snitt på bærbare PC-ar ved skulane er no 3,5 år. Det vert også kravd at elevane skal kunne bruke datamaskiner ved prøver, eksamen og landsomfattande prøver. Maskinparken må være oppdatert og fungere. Det vil i kommande år være behov for årlege summar til utskifting av PC innan grunnskulen. Side 22
16. Lærebøker Siste åra har det vore avsatt ein sum på kr 400.000,- til lærebøker i grunnskulen. Tidlegare år var det med i driftsbudsjettet, men grunna stramme rammer vart det trekt ut derifrå og overført til investeringsbudsjettet. Rår også til same sum i 2010. 17. Utstyr til BUT Vestnes ressurssenter er no under rehabilitering og ombygging. Alle kontortilsette skal samlast på eit bygg. Tidlegare er godkjent kostnadsramme og finansiering for sjølve ombyggingsarbeidet. Inventar og utstyr skulle takast med i investeringsbudsjett for 2010. Driftsleiar har grundig gått gjennom behovet for inventar, utstyr, kopiering data med mer. Nøkternt vurdert behov for kr 700.000,-. Vi har ein del midlar, ca kr 350.000,- på bundne fond som gjeld gjeld ressurssenteret og som kan brukast til dette. Resten dekka ved ordinært låneopptak. 18. Ivartun, 2 nye bekkenspylarar Midlar til utskifting av bekkenspylarane ved Ivartun. Dei er gamle, slitt og fungerer ikkje tilredstillande. 19. Kyrkja Vestnes kyrkjeleg fellesråd har kome med ynskje om å få Kr 100.000,- til forprosjekt for utviding avgravplassen ved Fiksdal kyrkje Kr 250.000,- til nytt varmeanlegg i Vike kyrkje Kyrkjesektoren har, etter administrasjonssjefens vurdering, fått rimeleg grei utteljing på sine ynskje om investeringsmidlar siste åra. Tiltaka som er omsøkt for 2010 er sikkert behov for, og må takast i løpet av kort tid. Administrasjonssjefen rår til at det vert løyvd kr 250.000,- og så må fellesrådet prioritere bruken. Det bør også vurderast om fellesrådet kan bruke av eigne midlar/driftsbudsjett til å dekke delar av investeringa. 20. utstyr til sjukeheim, sentralkjøkken og trygdeheim Driftsleiar ved sjukeheimen har kome med ynskje om ein del nytt utstyr på institusjonane og sentralkjøkken, nemner m.a varmeskap, oppvaskmaskin, senger, personløftar, medisinskap. Administrasjonssjefen rår til ei løyving på kr 200.000,- og at driftsleiar får prioritere kva utstyr ein skal kjøpe. Særutskrift til: Side 23
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 2009/637 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 02.11.2009 Driftsbudsjett 2010 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet 30.11.2009 85/2009 Drifts- og forvaltningsutvalet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes kommunestyre vedtek driftsbudsjett for 2010 med følgjande hovudtal: Driftsinntekter eksterne Skatt 140 000 Rammeoverføring 93 000 Vertskommunetilskott 96 400 Momskompensasjon 4 500 Ressurskrevande brukarar 6 600 Tilskott barnehageutbygg 6 100 Komp eldreutb/skule med mer 3 700 350 300 Finansinntekter Kalkulatoriske renter 4 600 Avkastning "kraftfondet" 8 200 Utbytte VEAS 3 500 Ekstraord utbytte VEAS 3 000 Renteinntekter 1 500 20 800 Sum eksterne inntekter 371 100 Sentraladm/fellesutg 25 800 Kyrkjelege føremål 3 600 Grunnskule, barnehage,kulturskule,kultur 84 500 Barne og ungd tenester 20 900 Pleie- og omsorg, helse, NAV 184 300 Bustaddrift -4 700 Tekniske tenester 7 850 Kjøp tenester Tremek 3 200 Avsatt til lønsoppgjer 2010 7 000 Inndekking delar av underskott 2008 9 500 Renter og avdrag 28 900 370 850 Resultat 250 Side 24
2 SAKSUTGREIING: Side 25
1. Innleiing 3 Innleiing Administrasjonssjefen kjem med budsjettframlegg for 2010. DFU kan kome med uttale til budsjettet Formannskapet legg sitt framlegg fram for kommunestyret; jf kommunelova 45, pkt 2 Budsjettframlegget byggjer på økonomiplanen for 2010 2013 som vart vedteken av kommunestyre 22. oktober i år, sak KST 56/09. Sparetiltak som vart vedteke i økonomiplanen er innarbeidd i budsjettframlegget. I tillegg er det korrigert for endringar som kom i statsbudsjett for 2010 som vart lagt fram etter at økonomiplanen var utarbeidd. Det gjeld spesielt inntektsanslaga som må nedjusterast noko. Men det er også nye oppgåver, og dermed kostnader, som kommunane vert pålagt. Kostnader som ikkje var med når økonomiplanen vart behandla. Hovudoversikt Administrasjonssjefen sitt budsjettframlegg har følgjande hovudtal: Rekneskap Budsjett Budsjett 2 008 2 009 2 010 Skatt/rammeoverf/vertsk. tilskott 296 086 318 400 329 400 Andre statlege overføringar 19 331 20 700 20 900 Finansinntekter -2 939 17 811 20 800 Sum inntekter 312 478 356 911 371 100 Driftsutgifter 322 801 328 541 325 450 Renter og avdrag 36 483 28 071 28 900 Avsatt til lønsoppgjer 7 000 Inndekking av underskott 9 500 Sum utgifter 359 284 356 612 370 850 Resultat -46 806 299 250 Budsjettframlegget er i balanse. I økonomiplanen var det rekna med eit overskott på 2,6 mill. kr i 2010. Overskott som skulle brukast til å dekke inn meirforbruk seinare i økonomiplanperioden. Grunna at vi må skrive ned inntektsanslaga og ta med nye kostnader har vi ikkje greidd å budsjettere med slikt overskott som føresett i økonomiplanen. Dette vil også endre balansen i økonomiplanen. Administrasjonssjefen er ikkje sikker på om dette vert godkjent av Fylkesmannen. Det er spesielt skatt- og rammeoverføring som er for høg sett i høve til det som no vert vedteke i statsbudsjettet. Administrasjonssjefen meiner i utgangspunktet at budsjettframlegget er realistisk. Ho vil likevel på det sterkaste understreke at det er svært usikkert om vi klarer å gjennomføre alle sparetiltak som er innarbeidd i budsjettet, så raskt og med den spareeffekt som føresett. Det gjeld spesielt på institusjonsdrifta og i grunnskulen. Side 26
2. Inntekter 4 Hovudoversikt Rekneskap Budsjett Budsjett 2008 2009 2010 Driftsinntekter eksterne Skatt 123 826 139 000 140 000 Rammeoverføring 118 914 86 000 93 000 Vertskommunetilskott 53 346 93 400 96 400 Momskompensasjon 4 369 1 500 4 500 Ressurskr. Brukarar 4 500 9 000 6 600 Tilskott barnehageutbygg 5 451 5 900 6 100 Komp eldreutb/skule med mer 5 011 4 300 3 700 Driftsinntekter 315 417 339 100 350 300 Finansinntekter Kalkulatoriske renter 5 342 4 600 4 600 Avkastning "kraftfondet" -17 016 6 500 8 200 Utbytte VEAS 6 900 2 900 3 500 Ekstraord utbytte VEAS 3 000 3 000 Renteinntekter 1 835 1 500 1 500 Finansinntekter -2 939 18 500 20 800 Sum eksterne inntekter 312 478 357 600 371 100 Eksterne inntekter aukar med 13,4 mill. kr frå 2009. Her er også innrekna 3,0 mill. kr i ekstra avkastning frå kapitalplasseringa som skal brukast til å dekke inn delar av underskott 2008. Korrigert for dette er auken 2,9 %. Auken er mindre enn forventa prisauke, og dekker på ingen måte ekstra oppgåver som kommunen er pålagt. Inntektsanslaga byggjer som sagt på det som vart vedtatt i økonomiplanen, men korrigert der det er komme nye opplysningar etter at den vart utarbeidd. Spesielt gjeld det statlege overføringar som er korrigert etter at statsbudsjettet vart lagt fram. Rammeoverføring og skatteinntekter Rammeoverføring og skatteinntekter må sjåast ilag då desse vert samordna. Dette grunna i at Vestnes har låg skatteinntekt pr. innbyggjar, og vert rekna som minsteinntektskommune. Vert skatteinntektene lågare enn rekna med, får vi kompensert det meste av dette i auka rammeoverføring, og motsatt dersom skatteinntektene hos oss aukar meir enn landsgjennomsnittet. Vi får reell reduksjon i rammeoverføringane i kommande år grunna reduksjon i barnetalet. Endra regler for utrekning av rammeoverføringane gjer at reduksjonen vert jamn utover i perioden, uavhengig av ulik reduksjon i barnetalet frå år til år. Side 27
5 Vestnes kommune er ein av dei kommunane i Møre og Romsdal som får minst nominell auke i skatt- og rammeoverføring i 2010, faktisk mindre enn forventa løns- og prisauke. Det er budsjettert med følgjande inntekter: Rekneskap Budsjett Budsjett 2008 2009 2010 Skatt 123,8 139,0 140,0 Rammeoverføring 118,9 86,0 93,0 242,7 225,0 235,0 Skatt og rammeoverføring vert ofte noko høgre enn signal frå regjeringa. Anslaga for 2010 er sett 1,7 mill. kr høgre enn oppgitt i statsbudsjettet. Ressurskrevande brukarar Frå 2004 vart det innført ei ny toppfinansieringsordning slik at kommunar med svært ressurskrevande brukarar skal få dekka meir av sine kostnader. Kommunane får dekka 85 % av kostnadane over kr 835.000,-. I statsbudsjettet er det føreslått at ordninga skal endrast slik at vi får dekka 80 % av det som er over kr 865.000,-. Endringa skal også gjelde for 2009. Vestnes kommune taper mellom kr 400.000,- og kr 600.000,- på denne omlegginga. Budsjetterer med 6,6 mill. kr i tilskott for ressurskrevande brukarar. Summen byggjer på dei brukarane vi har pr. i dag, og redusert med kr 400.000,- frå det vi rekna med i økonomiplanen. Momskompensasjon Ordninga med at momsrefusjon på investeringane kan brukast i drifta skal gradvis avviklast frå 2010 til 2013. Kommunestyret har tidlegare vedteke at momsrefusjon frå bygging av brannstasjon og renovering av Vestnes ressurssenter skal brukast til å dekke inn delar av underskott frå 2008. Ved utrekning av momsrefusjon føreset vi årleg investeringsramme på 15,0 mill. kr. Reknar med momskompensasjon på 4,5 mill. kr, av dette skal 2,5 mill. kr overførast til å dekke delar av underskottet frå 2008. Side 28
6 Rentekompensasjon Stortinget har vedteke fleire ordningar der kommunane får dekka renter og delvis avdrag på lån som er oppteke for å gjennomføre reformer og større tiltak Stortinget har vedteke. Rentekompensasjonen følgjer markedsrenta. I budsjettet har vi brukt 3,5 % rente både på låna våre og på den kompensasjonen vi får. Vi får slik refusjon: 2010 Omsorgsbustadar 1 911 Kyrjebygg 325 Skulebygg 597 6 -åra skulereform 507 Vestnes ressurssenter 310 3 650 Vertskommunetilskott Vertskommunetilskottet var fram til 2005 overført som eit eige tilskott. Frå 2005 vart delar av tilskottet (ca. halvparten for vår kommune) lagt inn i rammeoverføringa. Vertskommunane var ikkje samde i denne ordninga, og frå 2009 vert heile summen igjen utbetalt som eige tilskott. Også reglane for reduksjon/avtrapping av tilskottet når ant. brukarar vert redusert, har endra seg fleire ganger i den tida vi har hatt vertskommuneansvar (frå 1991). Frå svært gunstige ordningar for kommunane første åra til raskare avtrapping no. I statsbudsjett for 2010 er det føreslått ny endring tilskottsordninga. Vert no føreslått årleg teljing av brukarar og reduksjon eit år etter. Første teljing ved årsskifte 2009/2010 og reduksjon i 2011. I tillegg vert det føreslått ein sikringsregel som går på at ingen kommune skal få større årleg reduksjon enn kr 300,- pr innbyggjar i kommunen. For Vestnes kommune betyr det årleg reduksjon på 2,0 mill. kr. Denne omlegginga er meget gunstig for vår kommune. Reduksjonen i 2011 vert då 2,0 mill. kr mot rekna med ca. 7,0 mill. kr etter gamle ordninga. Tilskott nye barnehageplassar Sommaren 2003 inngjekk partia på Stortinget eit forlik om framtidig rammevilkår for barnehagesektoren. Det vart innført ei ordning med ekstra skjønstilskott slik at den skulle dekke ekstra kostnader kommunane får når dei utvidar tal på barnehageplassar. Dette tilskottet vert truleg lagt inn i ordinære rammeoverføringar frå 2011. Budsjetterer med eit tilskott på 6,1 mill. kr. Det tilsvarer årets forventa tilskott justert for prisauke. Side 29
7 Utbytte frå Vestnes Energi AS (VEAS) Utbytte frå VEAS har variert ein del frå år til år, det er også teke ut ekstra utbytte somme år. Strategien for VEAS er gi eigaren avkastning som tilsvarer renta på ein langsiktig statsobligasjon --- Utbyttet skal vere max 60 % av avkastninga. Styret i VEAS har garantert minimum årleg utbytte på 2,0 mill. kr. I tillegg til årleg avkastning har kommunestyret vedtatt at det skal være eit ekstra utbytte på 3,0 mill. kr i 2009 og 2010. Det er budsjettert med eit utbytte frå VEAS på 3,5 mill. Det samsvarer med det vi har fått opplyst frå VEAS som forventa utbytte, og same som vedteke i økonomiplan. I tillegg er det eit ekstraordinært utbytte på 3,0 mill. kr som generalforsamlinga i VEAS har vedteke. Avkastning kraftfondet Salssum Vestnes kommune selde i 2001 aksjane i Tafjord kraft AS. Salssum etter skatt var 142,3 mill. kr. Summen er plassert i kapitalmarknaden, delvis aksjer, obligasjoner og pengemarknadsfond. Vi har engasjert 3 forvaltarar som gjer arbeidet for kommunen. Siste åra har vi brukt heile avkastninga frå denne kapitalen til drifta av kommunen. Utviklingsfond Av kraftfondet er 15 mill. kr avsett til eige utviklingsfond. Summen er plassert i lag med resten av fondet og avkastninga vert også ført i lag. Årleg vert kr 700.000,-, tilsvarande 5 % avkastning, overført Vestnes Næringsforum. Summen vert utgiftsført på sentraladministrasjonen. Avkastning Ca. 60 % av kapitalen er plassert i pengemarknaden og resten i aksjer. Det er lagt vekt på forsiktig og sikker plassering. Dette for å unngå store svingningar i inntektene. Avkastninga må sjåast i lag med det generelle rentenivået og ikkje minst utviklinga i aksjemarknaden. Med plassering i aksjar må vi rekne med at det kan bli år med negativ avkastning, slik som vi opplevde i 2008. I økonomiplanen var det føresett avkastning på 5,2 mill. kr, tilsvarande om lag 3,5 %. I tillegg er det budsjettert med 3,0 mill. kr ekstra som skal avsettast til å dekke delar av verditapet i 2008. Tilsaman budsjettert avkastning på 5,6 %. Side 30
8 3. Utgifter 3.1 - Renter og avdrag Innleiing Renter og avdrag utgjer ein vesentleg del av kommunen sine utgifter. Renta har variert mykje siste 10 åra, og kommunen sine renteutgifter endrar seg i takt med dette. Når renta er låg får vi frigjort midlar som vert brukt i drifta. Når renta aukar må meir brukast til å dekke rentekostnaden. Då må vi redusere drifta, med alle dei vanskar det fører med seg. Nemner at vi i 2005 betalte 7,3 mill. kr i renter, og i 2008 23,5 mill. kr. Det meste av auken skuldast auke i rentesatsen. Lånegjeld Lånegjelda pr 01.01.09 var 373,6 mill. kr. Lånegjelda var kr 55.519,- pr. innbyggar. Det er over fylkesgjennomsnittet, kr 36.937,- og landsgjennomsnitt, kr 32.204,-. Låna var fordelt på følgjande låneinstitusjonar - Kommunekreditt (no KLP kommunekreditt) 209,5 mill. kr - Noregs Kommunalbank 136,2 mill. kr - Husbanken 27,9 mill. kr Sum renter og avdrag Rekneskap Budsjett Budsjett 2008 2009 2010 Renter 23 539 14 100 14 000 Avdrag 12 944 13 100 14 900 36 483 27 200 28 900 Det er budsjettert med innsparing på kr 700.000,- (i økonomiplan vart det budsjettert med kr 300.000,-) i renter og avdrag fordi vi skal selge eigedommar og ned betale lån. I økonomiplanen er det frå år 2012 og utover føresett innsparing på 1,0 mill. kr pr. år i renter og avdrag grunna sal eigedommar. Det betyr at vi aktivt må arbeide med å få solgt unna eigedommar som gir salsinntekt. Renter For å unngå dei store variasjonane i rentekostnaden og også for å få betre kontroll på kommunen sine kostnader, Inngjekk vi i slutten av mars 2009 ein avtale om fast rente i 5 år for 250,0 mill. kr av lånemassen vår. Rente 3,5 %. Også på resten av låna våre budsjetterer vi med ei rente på 3,5 %. Avdragstid Avdragstida på kommunen sine lån er så lang som vi kan ha i.h.t. forskriftene. Snitt avdragstid er 32 år. Side 31
9 3.2 - Avsatt til lønsoppgjer I økonomiplanen var driftsutgiftene i 2009 kroner og det avsatt 12,0 mill. kr til å dekke løns- og prisauke i 2010. Det skulle dekke lønsoverheng frå 2009, lønsoppgjer våren 2010 og generell prisauke. I føreliggande budsjettet er lønsoverheng og prisauke innarbeidd i rammene til sektorane. Det er avsatt 7,0 mill. kr til å dekke lønsoppgjer pr. 1. mai 2010. Det vil dekke eit lønstillegg på 3,5 %. Dette er om lag det KS antyder kan bli resultat. Men ut frå tidlegare erfaring er administrasjonssjefen redd for at det er avsatt for lite til å dekke kommande lønsoppgjer som er eit hovudoppgjer. 3.3 - Inndekking av underskott 2008 Vestnes kommune hadde eit underskott på 48,6 mill. kr i 2008. Kommunestyret vedtok i møte 28.05.09, sak KST 31/09, korleis underskottet skal inndekkast. Delar av underskottet vart vedtatt skulle dekkast inn over drifta i perioden 2010 2012. I tillegg var det rekna med at tapet på kraftfondet, kr 17,0 mill. kr, skulle dekkast inn ved at fondet auka tilsvarande meir enn det som er budsjettert avkastning i same periode. I 2010 skal vi etter denne planen overføre følgjande frå drifta til å dekke inn underskott: Sum i 1000 kr Innsparte renter 1 500 Reduksjon drifta 2 500 Momsrefusjon 2 500 Meiravkastning fond 3 000 9 500 Administrasjonssjefen er redd for at med det stramme budsjettet i 2010 kan mange sektorar ha vanskar med å holde budsjettrammene. Vert det underskott på drifta i 2010 kan ein ikkje føre over meir til inndekking av tidlegare års underskott enn at 2010 rekneskapen går i balanse. I fall det skjer vert det enno større summar som må dekkast inn over drifta i 2011 og 2012. Side 32
10 3.4 - Pensjonspremie Det er budsjettert med 12 % premie til statens pensjonskasse, gjeld lærarar 15 % premie til KLP, andre kommunalt tilsette 3.5 - Driftsutgifter Budsjett for sektorane er utarbeidd i trå med dei rammene som vart sett i økonomiplanen. Sparetiltak som også vart vedtatt der er innarbeidd i budsjettframlegget. For å få balanse i budsjettet har administrasjonssjefen nokre plassar redusert noko meir enn det som låg i økonomiplanen. Hovudoversikt Rekneskap Budsjett Budsjett Formål 2007 2008 2009 2010 Sentraladm/fellesutg 24 232 25 476 26 205 25 800 Kyrkjelege føremål 2 248 3 762 3 590 3 600 Grunnskule med SFO 63 682 67 574 66 918 66 050 Barnehage 7 924 10 565 11 978 12 450 Vestnes kulturskule 4 361 4 934 3 378 3 400 Kulturtiltak 2 249 2 515 2 832 2 600 Barne og ungd tenester 18 985 20 404 21 412 20 900 Helsevern 6 323 6 429 7 013 7 200 NAV sosial-kommune 4 413 3 762 4 473 4 350 Pleie- og omsorg 157 415 167 059 173 145 172 750 Bustaddrift -2 445-2 622-4 411-4 700 Tekniske tenester 8 495 9 193 8 244 7 850 Kjøp tenester Tremek 4 200 3 750 3 200 3 200 Løns- og prisauke 7 000 302 082 322 801 327 977 332 450 Ut over det som låg i økonomiplanen har vi innbudsjettert ein del ekstra kostnader som vi er blitt kjent med etter at økonomiplanen vart utarbeidd. Det gjeld i hovudsak saker som kom i statsbudsjettet, nemner m.a.: Tiltak i samband med samhandlingsreforma, kr 300.000,- Auka timetal i skulen og gratis leksehjelp SFO kr 300.000,- Auka lovpålagt bruk av bedriftshelseteneste kr 300.000,- Auka driftstilskott fysioterapeutar kr 200.000,- Viser til meir detaljerte taloversikter og kommentar på påføgjande sider. Side 33
11 Sentraladministrasjon/politisk styring og fellesutgifter Her vert budsjettert utgiftene til sentraladministrasjonen, alle utgifter til dei politiske styringsorgana og fellesutgifter. Sistnemnde er også ein stor del kostnader som gjeld heile kommunen, m.a. gjeld mykje av datautgiftene, telefon m.a. også driftseiningar utanfor kommunehuset Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2010 Formål 2 008 2 009 Utgifter Inntekter Netto Ordførar 1 399 1 316 1 356 0 1 356 Politiske styringsorgan 1 166 873 679 0 679 Politiske støttefunksjonar 495 33 0 0 Overformynderiet 153 135 135 0 135 Tiltaksarbeid 710 700 700 0 700 Reiselivsretta verksemd 238 225 225 0 225 Kontrollutval og Revisjon 456 434 450 0 450 4 617 3 716 3 545 0 3 545 Administrasjonssjefen 5 037 5 444 5 201 0 5 201 Plansaksbehandling 335 464 456 0 456 Rekneskap 1 270 1 408 1 757 390 1 367 Skatt 866 1 042 1 040 0 1 040 Løn 854 986 1 098 35 1 063 Personal 647 981 993 0 993 IKT 1 181 1 269 1 209 0 1 209 Plan og bygning 221 12 750 750 0 Planlegging utbyggingsområder 75 70 80 0 80 Landbruksoppgåver 855 910 1 004 20 984 11 341 12 586 13 588 1 195 12 393 Lærlingar 1 185 0 0 0 Fellesutgifter 2 885 3 007 3 365 525 2 840 Tilleggsløyvingar og nye løyvingar 0 113 300 0 300 Utgifter hovudtillitsvalte 709 740 745 0 745 Hovudverneombud 19 87 105 0 105 IKT felles drift 1 533 2 060 1 600 0 1 600 Interkomm. IT-samarb. - Internt 0 150 170 170 6 331 6 157 6 285 525 5 760 Sum 22 289 22 459 23 418 1 720 21 698 Budsjettramme I budsjettet er det innarbeidd følgjande reduksjonar som vart vedtatt i økonomiplanen 20 % reduksjon i godtgjersle politikarar kr 120.000,- Legge ned eit politisk utval kr 150.000,- Sentraladministrasjonen, holde vakant stilling kr 250.000,- Redusere felleskostnader kr 300.000,- Redusere kjøp av avviser, tidsskrift, annonser kr 100.000,- Side 34