Plan for kvalitetsutvikling 2010/2011

Like dokumenter
Plan for kvalitetsutvikling 2011/2012

Plan for kvalitetsutvikling 2012/2013

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Rettleiing i forkant av FNT

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Handlingsplan for grunnskulen i Vestnes 2010/2011

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

"Arbeide for ein skule der alle viser ansvar, omsorg og respekt for kvarandre, og saman utviklar eit trygt og inspirerande arbeidsmiljø

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

1. Innleiing. Planen si oppbygging: Tresfjord, Anny Aklestad. -rektor/driftsleiar- Planen er sist oppdatert: mai 2015

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Verksemdsplan. for. Ålvik skule

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

STRATEGIPLAN Straumen skule

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Pedagogisk tilstandsrapport 2017

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Regelverksamling Oppvekstsjef Olav Fure

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Rådmannsutvalet Førde

Skolebasert vurdering i Lierneskolen

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Årsmelding Tellnes skule 2017

ORDENSREGLAR TRESFJORD OPPVEKSTSENTER

SKULE I UTVIKLING Skulebasert kompetanseutvikling, Rubbestadneset skule

Ungdomstrinnsatsinga

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

Skuleutvikling i arbeidet med dei fire prinsippa i VFL

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Plan for kvalitetsutvikling

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Årsmelding Misje skule 2018

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Transkript:

Plan for kvalitetsutvikling 2010/2011 1. Innleiing Endringane i forskrifta til opplæringslova om vurdering har hatt fokus i 2009 i skulane i Vestnes. Målet er at eit klart og tydeleg regelverk skal bidra til ein motiverande og læringsfremjande vurderingspraksis. Alle lærarane deltek i prosjektet Utvikling av ein betre vurderingskultur. Denne etterutdanninga blir avslutta med ein felles studiedag for kommunane Vestnes og Rauma 21. juni 2010, men det vil vere naturleg å halde fram med vurdering som satsingsområde heile neste skuleår. Parallelt med dette vil satsinga på PedIT halde fram. Å ta i bruk den nye versjonen og innarbeide gode rutinar for korleis læringsplattforma kan nyttast for å betre kommunikasjon mellom brukargruppene i skulen og dermed auke læringsutbyttet for elevane, er hovudutfordringa. 2. Overordna visjon for skulen Vi vil arbeide for å skape eit trygt og stimulerande lærings og oppvekstmiljø. Målet t er at gjennom allsidige aktivitetar og varierte arbeidsmåtar skal elevane trivast og bli motiverte til å lære ved skulen. RAPPORTERING 3. Arbeid med læringstema Det overordna perspektivet for utviklingsarbeidet ved Tresfjord skule er tilpassa opplæring. Satsinga på læringsplattforma PedIT er ein del av skulen sin plan for å nå måla om tilpassa opplæring. 3.1 Mål Skulen har arbeidd med 4 utvalde satsingsområde som delvis utfyller kvarandre; Godt læringsmiljø, lokale læreplanar, pedit og vurdering. Målet med arbeidet har vore nært knytt opp i mot skulen sin visjon om trivsel og tryggleik. Målet med satsinga på PedIT og vurdering er at det skal utviklast ein ny vurderingskultur som peikar framover og fremjar læring. 3.2.Gjennomførte tiltak Tresfjord skule har laga eit årshjul for sosiale aktivitetar som er nedfelt i handlingsplanen. Miljøprisen er oppretta som eit fast tiltak for å halde fokus på skulemiljøarbeidet. Skulemiljøet er fast tema på elevrådsmøta. På klassemøta om en blir resultata av elevundersøkinga gjennomgått og drøfta.

Det har vore arbeidd med lokale læreplanar der kjenneteikn på måloppnåing har hatt fokus. Her står mykje arbeid att, men dette må i det vidare arbeidet sjåast i samanheng med satsinga på vurdering. Skulen var godt i gang med å innarbeide gode rutinar i bruken av PedIT der dette kunne gje pedagogisk meirverdi. Arbeidet stoppa opp då ny versjon skulle innførast, men dette er no i gang att og det vil få høg prioritet framover. 3.3 Vurdering av tiltaka i høve til målsetjinga Skulen ynskjer å utvikle skulemiljøarbeidet vidare og forbetre oss fordi vi meiner at dette er grunnleggjande for eit godt læringsmiljø. Å skape ein ny vurderingskultur i eit tolkingsfellesskap, tar tid. Dette vil vere hovudutfordringa framover. Å involvere elevane i vurderinga av eige arbeid er krevjande og det vil truleg tvinge oss til å tenke nytt. Intensjonen med undervegsvurderinga er at den skal auke motivasjonen og fremje læring. 4. Skulebasert vurdering 4.1 Vurderingsområde Skulen har delteke i dei pålagde vurderingsområda frå sentrale styresmakter. På Skoleporten er det opplysningar om Tresfjord skule ut frå deltaking i elevundersøkinga, Nasjonale prøver, eksamensresultat og andre statistiske opplysningar om ressursbruk. Opplæringslova 13-10 pålegg kommunane å ha eit heilskapleg system for kvalitetsvurdering av grunnskuleverksemda. Som ein del av dette har skuleeigar gjennomført skulebesøk. Tresfjord skule hadde tilsyn frå skuleeigar den 2. mars. Teama hadde arbeidd med utsegner til drøfting og meldt inn problemstillingar til plangruppa/leiinga på førehand. Desse vart gjennomgått og aktuelle tiltak vart drøfta i samband med skulebesøket. 4.2 Mål Målet med all skulebasert vurdering er å få best mogleg oversikt/innsyn i ulike delar av verksemda slik at dette kan brukast til å betre rutinane der det blir avdekt at skulen har forbetringspotensiale. 4.3 Vurdering av tiltaka i høve til målsetjing Skulen må bli flinkare til å setje av tid til å reflektere over eigen praksis. Vi må bli flinkare til å gjere oss nytte av dei opplysningane vi rår over til å stille kritiske spørsmål over eiga verksemd. Å drive systematisk utviklingsarbeid er ein kontinuerleg prosess som må innarbeidast i dei daglege rutinane. Dette er både krevjande og utfordrande. Tronge rammer med nedpinte ressursar gjer at dette blir ekstra utfordrande for heile organisasjonen. 5. Kompetansebehov 2010 2013 5.1 Kartlegging og medverknad Det vart gjennomført kompetansekartlegging av alle tilsette i 2009. Dette skal danne grunnlaget for vidare satsing på etterutdanning/vidareutdanning. Alle lærarane deltek i etterutdanning om vurdering.

5.2 Kompetanseutvikling på sentrale satsingsområde Skulen har med 5 på etterutdanning eller vidareutdanning i engelsk. Skulen har såleis fått styrka kompetansen i dette faget både for småskulesteget, mellomsteget og u- steget. Satsinga på PedIT som læringsplattform held fram. Skuleleiarane får tilbod om etter-/vidareutdanning i skuleleiing. Leiinga ved Tresfjord skule deltek på samlingane, men ingen avlegg eksamen. 5.3 Kompetanseutvikling på skulen sine satsingsområde (jfr. pkt 5.2) 5.4 Styrking av fagkompetansen ved skulen Tresfjord skule vil trenge fagkompetanse på dei fleste felt i framtida t.d. innan realfaga. Vidareutdanning i matematikk har 1. prioritet. Neste skuleår vil skulen også ha stort behov for fagkompetanse m.a. i spesialundervisning. At u-steget skal flyttast frå 2012, kan gjere at det blir vanskeleg å oppretthalde fagkompetansen fram til nedleggingstidspunktet. Ein lærar tek vidareutdanning tilsvarande 30 studiepoeng som YOU-rettleiar. Ho har 40% permisjon frå stillinga si for å gjennomføre vidareutdanninga. Dette er eit flott vidareutdanningstiltak som fleire i kommunen burde få ta del i! HANDLINGSPLAN 6. Læringstema. Vestnes kommune legg opp til to hovudområde det skal satsast på; a) vurdering for og av læring og b) PedIT. Tilpassa opplæring er det overordna perspektivet. Skulens eige satsingsområde er framleis skulemiljøet. (Godt læringsmiljø) 7. Handlingsplan for læringstema Overordna perspektiv: Tilpassa opplæring Tema Tiltak Målgruppe Når Ansvar Samarbeid Godt læringsmiljø Turar/ekskursjonar Sosiale aktivitetar (jfr. aktivitetsplan, årshjul) Skulestart/overgang: -barnehage-skule (jfr. lokal plan og årshjul) -barneskule/ungdomsskule -ungdomsskule/vidaregåande skule siste året i barnehagen 1.klasse 8.klasse 10.klasse Kontakt kontaktlærar kontaktlærar/ YOU rettleiar Barnehagen Vike friskule Vidaregåande skule Ressurs/ vurdering

Handlingsplan mot mobbing - miljøpris/miljødag -brukerundersøkelse -møte (alle klassar) m. fokus på skulemiljø fokus i elevråd/klasseråd - tiltaksplan rektor// kontakt/ kontakter problemhandterarar TE PPT kommunalt nettverk folkebibliotek fylkesbibliotek Leseglede og leselyst Aktiv bruk av skulebiblioteket -Verdas bokdag Heim/skule: - bruk av kontaktboka i PedIT (PIT) - bruk av meldingsfunksjonen (PIT) - tilpassa arbeidsplanar/oppgåver (PIT) - bruk av personleg side - bruk av forum - mappevurdering føresette skuletid / PedIT PedIT ny versjon -opplæring for elevane -heve kompetansen til tilsette og Vår 10 datalærar Norsk nettskule individuell tid Datarom: aktiv bruk av ikt i fag for alle trinn (jfr. plan for fag og momentlista for stega) (jfr. Ny avtale om bruk av datautstyr) flytande ekstraressurs Bruk av ikt: -gjennomgang av personvern - kritisk bruk av ikt - effektiv bruk av ikt - fornuftig bruk av ikt ved skulestart alle kontaktlærar/ datalærar datalærar Skuletid Vurdering for og av læring Studiedag om vurdering 21.juni Vestnes komm. HiVolda skuletid Skulering i eige personale - deltaking i prosjektet "Betre vurderingspraksis" -ettermiddagssamlingar -mellomarbeid / utprøving Tilpassa opplæring -individuelle planar, - varierte vurderingsmåtar - vidare arbeid med halsplanar jan og mars rektor/ HiVolda TTS PPT felles tid/individuell tid

Elevvurdering - nasjonale prøver - kartleggingsprøver haust haust/ Undervegsvurdering -kontaktmøte -eigenvurdering -elevsamtalar ein gong i halet eller v. Behov kontinuerleg kontakt fag/ assistentar el. avspasering Samarbeidsmøte kontakt Kvar veke eller ved behov kontaktlærar assistentar Skulebasert vurdering -skulebesøk -skoleporten: bruk av resultat i vurderingsarbeid rektor kont. Vestnes kommune 8.Økonomi Kostnader Eigenfinansiering Behov komm. midlar Godt læringsmiljø: Miljøpris 4 000 kr Kulturelle arrangement- kulturnistemidlar 10 000 kr Skyss div. arr. 5 000 kr Lesing/bibliotek: Verdas Bokdag Pedit/tilpassa opplæring: Vikarutg. 2 000 kr 5 000 kr Innføring ny læreplan Kunnskapsløftet : Midlar til etterutd./ vidareutdanning + studieavg. YOU-rettleiar Kompetanseutv.midlar Vikarutg. etterutd engelsk + satsing på vurdering Andre reformrelaterte tiltak. Kurs, etterutd/vidareutd o.a. Totalkostnader 2010: 10 000 kr 9. Kompetanseutvikling 2010 2013 9.1 Kompetanseutvikling på sentrale satsingsområde Tresfjord skule vil delta aktivt i det kompetanseutviklingsarbeidet som blir initiert frå Vestnes kommune. Skulen vil bruke felles samrådingstid og studiedagar til arbeidet med satsingsområda a) vurdering og b) pedit. Alle lærarane deltek i prosjektet Utvikling av betre vurderingskultur. 9.2 Kompetanseutvikling på skulen sine satsingsområde Etter- og vidareutdanning i Kompetanseregion Romsdal i engelsk. 5 deltek 9.3 Styrking av fagkompetansen ved skulen ( Sjå pkt 5.4) Tresfjord, 10.03.10 Håvard Siem for plangruppa