Saksutskrift Arkivsak-dok. 15/01842-11 Arkivkode. 10 Saksbehandler Morten Mastrup Saksgang Møtedato Saknr 1 Formannskapet 23.11.2015 79/15 2 Kommunestyret Budsjett og økonomiplan med sparekatalog 2016-2019 Saka vert avgjort av: Kommunestyret. Vedlegg: Rådmannens forslag til økonomiplan og budsjett 2016-2019. Sparekatalogen 2016 med alle tiltak. Dokument i saka: Økonomiplan frå avdelingane Underlagsmateriell frå administrasjonen sitt arbeid. Statsbudsjettet og Grønt Hefte ( berekningar frå inntektssystemet). Budsjett og økonomiplan for interkommunale selskap og samarbeid. Referat frå utval sine budsjettkonferansar Prognosemodell frå KS. Rådmannen sitt notat til budsjettkonferansen i okt. Gjeldande budsjett og økonomiplan 2015-2018 Tidligare vedtak i økonomiplanutvalet Budsjettrundskriv 2016. Søknader og innspel til budsjettet frå interessegrupper som har postar i budsjettet. Saksopplysningar: Rådmannen viser til dei opplysningar som ligg i økonomiplandokumentet. For budsjettansvarlege vart rammene formidla gjennom budsjettrundskrivet i august - 2015. Formannskapet som økonomiplanutval heldt sin årlege budsjettkonferanse 19. og 20. oktober, der rådmannen la fram eit budsjett utan saldering og med ein underbalanse på ca.11 millionar kroner. Etter justeringar og tiltak lagt inn i budsjettet frå formannskapet og administrasjonen sto kommunen med eit finansieringsbehov på 14,765 millionar kroner. Utfordringar på drift og investeringssida vart drøfta, og rådmannen har arbeidd fram eit budsjettgrunnlag i balanse etter innsparingstiltak jf. vedlagte sparekatalog 2016 og bruk av utbyggingsfond. Økonomiplan og budsjett vert lagt ut til offentleg høyring etter handsaming i formanskapet. Endringar frå rådmannen sitt forslag vil følgje budsjettdokumenta og saka fram til endeleg vedtak i kommunestyret 17. desember. 1
Kommunestyret vedtek driftsbudsjettet på netto rammenivå og investeringsbudsjettet på brutto løyving pr.prosjekt. Forhold til overordna plan: Kommuneplanen og sektorplanar er grunnlaget for økonomiplanen, saman med overordna statlege mål og rammar kommunisert gjennom statsbudsjettet. Miljøkonsekvensar: Rådmannen sitt forslag inneber ein lågare takt på gjennomføringa av klimaplanen. Helse-/miljø og beredskapstilhøve: Ingen kjente Økonomiske konsekvensar: Rådmannen sitt budsjettgrunnlag med dei prioriterte tiltaka i sparekatalogen, gjev eit budsjett i balanse og tiltaka kan gjennomførast i organisasjonen utan vesentleg svikt i tenestetilbodet. Katalogen inneheld utgiftskutt og styrka inntekt på 10,170 millionar kroner. Rådmannen ser styrka behov for finansiering i planperioden,serleg innan helsesektoren og finansområdet ( renter,avdrag og fondsoppbygging). Det er lagt inn 2,5 millionar kroner til taksering av eigedom med tanke på innføring av generell eigedomsskatt frå budsjettåret 2017. Ytterligare vurderingar kring økonomien i planperioden vert drøfta i vedlagte plandokument og sparekatalog. Vurdering: Økonomisk drift i balanse gjev handlefridom og er ein viktig føresetnad for lokal styring og utvikling. 2016 er fjerde året med sparekatalog og Ål kommune har dei siste fire åra stramma inn budsjettet med omkring 30 millionar kroner. Vidare innsparing, rasjonalisering og styrka handlingsrom krev større og strukturelle grep. Rådmannen vil jobbe vidare med dette ut frå vedtak i pkt. 11 i innstillinga. Rådmannen si innstilling: Ål kommunestyre vedtek formannskapet sitt framlegg til Økonomiplan 2016 2019 og årsbudsjett 2015. I tillegg til taldelen vedtek kommunestyret følgjande: 1. Med heimel i Eigedomsskattelova (esktl.) 3 første ledd bokstav c, vedtek kommunestyret å skrive ut eigedomsskatt i eigedomsskatteåret 2016 for verk og bruk etter ein sats på 7. 2. Formannskapet får delegert fullmakt til å disponere frå teneste 1805, til formannskapet sin disposisjon, for løyvingar inntil 100.000 kroner. 3. Rådmannen får i samsvar med økonomireglementet, og i samråd med formannskapet, mynde til å disponere inntil 300 000 kroner som eit disposisjonsbeløp, finansiert frå disposisjonsfond og budsjettert under 14900-1010-1201, reserverte midlar. 4. Rådmannen får fullmakt til å fordele / disponere felles utstyrspott innanfor ei ramme på 900 000 kroner. Midlane skal takast frå utbyggingsfond og kan nyttast til både drift- og investeringsformål. 5. Kommunen sine betalingsordningar, eigenbetaling, avgifter og gebyr, blir handsama i eigne saker der dette er naudsynt utover dei retningsliner som ligg i budsjettdokumentet. 2
6. Kommunestyret godkjenner følgjande låneopptak: Frå Husbanken til vidareutlån (Startlånordninga), med inntil 8 millionar kroner i 2016. Dette lånet har 22- års avdragstid. 101,2 millionar kroner til gjennomføring av investeringsplanen jf.skjema 2b. Som hovudregel nyttar kommunen 25 års avdragstid på sine lån. 7. Busetjing av flyktningar i planperioden kan skje innafor ei ramme på inntil 25 flyktningar pr. år (inkl. familiesameining). 8. Kommunestyret vurderer kommunen sin likviditet som tilfredsstillande for å dekkje løpande behov og utbetalingar. 9. Rådmannen skal gjennom heile 2016 fylgja opp gjennomføring av innsparingstiltaka og vurdera ytterlegare reduksjonar i driftsbudsjettet der det er mogleg. 10. For kommunale investeringar skal det ikkje takast opp nye lån. Unnateke herifrå er: Investeringar som får dekka inn rente- og avdragskostnader ved leigeinntekter. Helsetunutbygginga ( prosjekt 192) Dansesal i kulturhuset ( prosjekt199) Investeringar innanfor sjølvkostområda, til dømes for vatn og kloakk. Årleg investeringsnivå i kommunen skal normalt ikkje overstige forventa og disponibelt årleg overskot frå Ål kraftverk. 11. Fygjande spare -og omstillingstiltak skal utgreiast vidare i planperioden 2016-2019 1.) Skule -og barnehagestruktur. 2.) Eigedomsskatt. 3.) Felleskjøkken (rasjonalisere drifta). 4.) Rasjonalisering av bassengdrift. 5.) Slå saman økonomi, rekneskap -og lønsfunksjon med andre kommunar. 6.) Generelle rasjonaliseringstiltak på tvers av kommunegrensene. 12. Det budsjetterast med 2,5 mill.kr i taksering av eigedom i 2016, med formål om innføring av generell eigedomsskatt frå 1.januar 2017. Det budsjetterast med 2,5 mill.kr i taksering av eigedom i 2016, med formål om innføring av generell eigedomsskatt frå 1.januar 2017. Ål, 16.11.2015 Tone Tveito Eidnes rådmann Morten Mastrup økonomisjef 3
1. Formannskapet har behandla saka i møte 23.11.2015 sak 79/15 Behandling Vedtaka frå sektorutvala vart delte ut. Sparekatalogen: Spare- og omstillingstiltak framover i planperioden 2016-2019: Torhild Helling Bergaplass (H) la fram Høgre sine alternativ til budsjettsaldering gjennom innsparingar på spesifikke område i drifta. Framlegg om eit nytt punkt 7: Ål kommunestyre vil: A. Vurdere kostnadane med Ål kommune sine køyretøy, spesielt maskiner og bilar tilknytta Drift og Utvikling. Inntektene frå evt sal skal setjast av på fond. B. Vurdere tenestene i veg og park. Vurderinga skal gå på nivået av tenestene og tilhøvet mellom tenester utført av kommunalt tilsette og kjøp frå andre. C. Vurdere alle kommunale bustader i høve tilstand og gjere ei vurdering av sal. Inntektene skal brukast til å styrke fond. D. Vurdere tenesta byggforvaltning. Vurderinga skal gå på nivået av tenesta og tilhøvet mellom tenester utført av kommunalt tilsette og kjøp frå andre. E. Vurdere tenestene utført av ansvar utvikling. Vurderinga skal gå på nivået av tenesta. F. Ha ein gjennomgang av flyktningetenesta sitt budsjett, og gjennom dette styrke dei avdelingane som har pålagde oppgåver knytt til tenesta. G. Ha ein gjennomgang av vikarbruken i helse og sosial, og vurdere om noko av pengane bør brukast til styrking av grunnbemanninga. H. Vurdere dei administrative stillingane i heile kommunen. Vurderinga skal innehalde kva type leiarar me har behov for og forslag til ei evt justering med tanke på meir kostnadseffektiv drift. I. Få ein gjennomgang av VAR-tenestene. Vurderinga skal gå på nivået av tenesta som direkte påverkar dei avgiftene innbyggjarane i Ål betalar. J. Få ein gjennomgang av Kulturfeltet. Framlegg frå Ole Egil Trintrud (SP): Erstatte punkt 1 Skule- og barnehagestruktur med Vurdering av oppvekstsektoren. Framlegg frå Dagfinn Bøygard (AP): Vil stryke punktet: Vurdere barnehage og skulestruktur. ( Sparekatalogen, tiltak: Framlegg til endringar: Tilråding frå SHO: Reduksjonen på kr 500 000 til drift av dagsenter blir omdisponert innanfor sektoren sine rammer. Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Ta ut sparetiltaket på kr 500 000 til reduksjon i dagsentertilbodet frå sparekatalogen. Dagfinn Bøygard (AP) : Ta ut reduksjon i kulturtilskot til lag og organisasjonar på 50 000. Inndekning: Rådmannen sin utstyrspott blir redusert frå kr 900 000 til kr 850 000. 4
Torhild Helling Bergaplass (H): Ta ut av sparekatalogen: «auka inntekter utviklingsavdelinga (200 000), nytt gebyr snøscooterløyve 150 000, redusert næringstilskot (900 000), arrangementstilskot (100 000)». Nye innsparingsframlegg: Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Aktivitetsplikt på sosialhjelp: Redusere sosialhjelpsbudsjettet med kr 500 000. Innsparing i stillingar i drifts- og utviklingsavdelinga på kr 800 000. Innsparing på 2,5 millionar til taksering i samband med eigedomsskatt. Framlegg frå Torleif Dalseide (V): Aktivitetsplikt på sosialhjelp: Redusere sosialhjelpsbudsjettet med kr 200 000. Framlegg frå Solveig Vestenfor (AP): Framlegg om å overføre kr 100 000 til driftsbudsjettet til kyrkja finansiert frå flyktningefondet. Midla skal øyremerkast til integreringsarbeid. Investeringsbudsjettet: Framlegg frå Anne Vetteren Grøthe (SP): Landsdelscene for dans går ut. Framlegg frå Anne Vetteren Grøthe (SP): Det blir sett av kr 300 000 til forprosjektering av oppgradering av Leveld skule i 2016. Det blir sett av kr 2 millionar i 2017 og kr 6,4 millionar i 2018 til ventilasjon og garderobar på Leveld skule. Framlegg frå Anne Vetteren Grøthe (SP): Det blir sett av kr 100 000 til leikeapparat i 2017. Framlegg frå Torleif Dalseide (V): Det blir arbeidd vidare med utbygging for kulturskulen i kulturhuset (alternativ C) og sett av kr 300 000 til prosjektering i 2016 og kr 12 millionar til utbygging i 2017. Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Det blir arbeidd vidare med ei redusert utbygging (alternativ B) av Ål kulturhus. Votering Sparekatalogen: Spare og omstillingstiltak framover: Framlegg frå Ole Egil Trintrud (SP): Erstatte punkt 1 Skule- og barnehagestruktur med Vurdering av oppvekstsektoren. Framlegget vart tilrådd med 4 røyster (1 Sp, 1 Krf, 1 V og 1 H) Framlegg frå Dagfinn Bøygard (AP): Vil stryke punktet: Vurdere barnehage og skulestruktur. Framlegget fall med 3 røyster (2 Ap, 1 Sp) Punkt 2: Eigedomsskatt. Rådmannen sitt framlegg vart tilrådd mot ei røyst (1 H). Punkt 3-6: Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. 5
Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H) om eit nytt punkt 7 i spare- og omstillingstiltak framover: Nytt punkt 7, Struktur og organisering av tenester i Ål kommune: Punkt 7 A: Fall mot 1 røyst (H) Punkt 7 B: Fall mot 1 røyst (H) Punkt 7 C: Fall mot 1 røyst (H) Punkt 7 D: Fall mot 1 røyst (H) Punkt 7 E: Fall mot 3 røyster (1 H, 1 V, 1 SP) Punkt 7 F: Tilrådd mot 2 røyster (1AP, 1 V) Punkt 7 G: Fall mot 1 røyst (H) Punkt 7 H: Fall mot 2 røyster (1 H, 1 V) Punkt 7 I: Fall mot 1 røyst (H) Punkt 7 J: Fall mot 1 røyst (H) Sparekatalogen: Endringar: Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Ta ut sparetiltaket på kr 500 000 til reduksjon i dagsentertilbodet frå sparekatalogen. Framlegget framlegg frå SHO: Reduksjonen på kr 500 000 til drift av dagsenter blir omdisponert innanfor sektoren sine rammer. Kommunestyret ber SHO om å finne inndekning. Vart tilrådd med 5 røyster (2 Sp, 2 Ap, 1 V, 1 Krf) Dagfinn Bøygard (AP) : Ta ut reduksjon i kulturtilskot til lag og organisasjonar på 50 000. Inndekning: Rådmannen sin utstyrspott blir redusert frå 900 000 til 850 000. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Torhild Helling Bergaplass (H): Ta ut av sparekatalogen: «auka inntekter utviklingsavdelinga (200 000), nytt gebyr snøscooterløyve (150 000), redusert næringstilskot (900 000), arrangementstilskot på kr 100 000». Nye innsparingsframlegg: Torhild Helling Bergaplass (H): Aktivitetsplikt på sosialhjelp: Redusere sosialhjelpsbudsjettet med kr 500 000. Torleif Dalseide (V): Aktivitetsplikt på sosialhjelp: Redusere sosialhjelpsbudsjettet med kr 200 000. Framlegget vart tilrådd med 5 røyster (1 V, 2 Sp, 2 Ap) 1 Krf stemte mot. Innsparing i stillingar i drifts- og utviklingsavdelinga på kr 800 000. Innsparing på 2,5 millionar til taksering i samband med eigedomsskatt. 6
Torleif Dalseide (V): Kommunestyret ber administrasjonen starte eit arbeid med sikte på å avvikle særavtalen om redusert arbeidstid på Tingstugu i 2016. Framlegget vart tilrådd med 4 røyster (2 Sp, 1 V, 1 H) Solveig Vestenfor (AP): Framlegg om å overføre kr 100 000 til driftsbudsjettet til kyrkja finansiert frå flyktningefondet. Midla skal øyremerkast til integreringsarbeid. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Torhild Helling Bergaplass (H): Ta ut tiltaket energitiltakstilskot på kr 600 000 frå sparekatalogen. Investeringsbudsjettet: Anne Vetteren Grøthe (SP): Landsdelscene for dans går ut. Framlegget vart tilrådd med 4 røyster (1 V, 1 Sp, 2 AP) Anne Vetteren Grøthe (SP): Det blir sett av kr 300 000 til forprosjektering av oppgradering av Leveld skule i 2016. Det blir sett av kr 2 millionar i 2017 og kr 6,4 millionar i 2018 til ventilasjon og garderobar på Leveld skule. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Anne Vetteren Grøthe (SP): Det blir sett av kr 100 000 til leikeapparat i 2017. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Torleif Dalseide (V): Det blir arbeidd vidare med utbygging for kulturskulen, i eller utanfor kulturhuset, og sett av kr 300 000 til prosjektering i 2016 og kr 12 millionar til utbygging i 2017. Framlegget vart tilrådd med 4 røyster (1 V, 1 Sp, 2 Ap) Torhild Helling Bergaplass (H): Det blir arbeidd vidare med ei redusert utbygging (alternativ B) av Ål kulturhus. Framlegget fall med 3 røyster (1 H, 1 Sp, 1 Krf) Votering over budsjettvedtaket: 1. Med heimel i Eigedomsskattelova (esktl.) 3 første ledd bokstav c, vedtek kommunestyret å skrive ut eigedomsskatt i eigedomsskatteåret 2016 for verk og bruk etter ein sats på 7. 2. Formannskapet får delegert fullmakt til å disponere frå teneste 1805, til formannskapet sin disposisjon, for løyvingar inntil 100.000 kroner. 3. Rådmannen får i samsvar med økonomireglementet, og i samråd med formannskapet, mynde til å disponere inntil 300 000 kroner som eit disposisjonsbeløp, finansiert frå disposisjonsfond og budsjettert under 14900-1010-1201, reserverte midlar. 7
4. Rådmannen får fullmakt til å fordele / disponere felles utstyrspott innanfor ei ramme på 850 000 kroner. Midlane skal takast frå utbyggingsfond og kan nyttast til både drift- og investeringsformål. 5. Kommunen sine betalingsordningar, eigenbetaling, avgifter og gebyr, blir handsama i eigne saker der dette er naudsynt utover dei retningsliner som ligg i budsjettdokumentet. 6. Kommunestyret godkjenner følgjande låneopptak: Frå Husbanken til vidareutlån (Startlånordninga), med inntil 8 millionar kroner i 2016. Dette lånet har 22- års avdragstid. 101,2 millionar kroner til gjennomføring av investeringsplanen jf.skjema 2b. Som hovudregel nyttar kommunen 25 års avdragstid på sine lån. 7. Busetjing av flyktningar i planperioden kan skje innafor ei ramme på inntil 25 flyktningar pr. år (inkl. familiesameining). 8. Kommunestyret vurderer kommunen sin likviditet som tilfredsstillande for å dekkje løpande behov og utbetalingar. 9. Rådmannen skal gjennom heile 2016 fylgja opp gjennomføring av innsparingstiltaka og vurdera ytterlegare reduksjonar i driftsbudsjettet der det er mogleg. 10. For kommunale investeringar skal det ikkje takast opp nye lån. Unnateke herifrå er: Investeringar som får dekka inn rente- og avdragskostnader ved leigeinntekter. Helsetunutbygginga ( prosjekt 192) Investeringar innanfor sjølvkostområda, til dømes for vatn og kloakk. Årleg investeringsnivå i kommunen skal normalt ikkje overstige forventa og disponibelt årleg overskot frå Ål kraftverk. 11. Fygjande spare -og omstillingstiltak skal utgreiast vidare i planperioden 2016-2019 1.) Organisering i oppvekstsektoren. 2.) Eigedomsskatt. 3.) Felleskjøkken (rasjonalisere drifta). 4.) Rasjonalisering av bassengdrift. 5.) Slå saman økonomi, rekneskap -og lønsfunksjon med andre kommunar. 6.) Generelle rasjonaliseringstiltak på tvers av kommunegrensene. 7.) Ha ein gjennomgang av flyktningetenesta sitt budsjett, og gjennom dette styrke dei avdelingane som har pålagde oppgåver knytt til tenesta. 8
12. Det budsjetterast med 2,5 mill.kr i taksering av eigedom i 2016, med formål om innføring av generell eigedomsskatt frå 1.januar 2017. Punktet vart tilrådd mot 1 røyst (H). Formannskapet si innstilling: Ål kommunestyre vedtek formannskapet sitt framlegg til Økonomiplan 2016 2019 og årsbudsjett 2016. I tillegg til taldelen vedtek kommunestyret følgjande: 1. Med heimel i Eigedomsskattelova (esktl.) 3 første ledd bokstav c, vedtek kommunestyret å skrive ut eigedomsskatt i eigedomsskatteåret 2016 for verk og bruk etter ein sats på 7. 2. Formannskapet får delegert fullmakt til å disponere frå teneste 1805, til formannskapet sin disposisjon, for løyvingar inntil 100.000 kroner. 3. Rådmannen får i samsvar med økonomireglementet, og i samråd med formannskapet, mynde til å disponere inntil 300 000 kroner som eit disposisjonsbeløp, finansiert frå disposisjonsfond og budsjettert under 14900-1010-1201, reserverte midlar. 4. Rådmannen får fullmakt til å fordele / disponere felles utstyrspott innanfor ei ramme på 850 000 kroner. Midla skal takast frå utbyggingsfond og kan nyttast til både drift- og investeringsformål. 5. Kommunen sine betalingsordningar, eigenbetaling, avgifter og gebyr, blir handsama i eigne saker der dette er naudsynt utover dei retningsliner som ligg i budsjettdokumentet. 6. Kommunestyret godkjenner følgjande låneopptak: Frå Husbanken til vidareutlån (Startlånordninga), med inntil 8 millionar kroner i 2016. Dette lånet har 22- års avdragstid. 101,2 millionar kroner til gjennomføring av investeringsplanen jf.skjema 2b. Som hovudregel nyttar kommunen 25 års avdragstid på sine lån. 7. Busetjing av flyktningar i planperioden kan skje innafor ei ramme på inntil 25 flyktningar pr. år (inkl. familiesameining). 8. Kommunestyret vurderer kommunen sin likviditet som tilfredsstillande for å dekkje løpande behov og utbetalingar. 9. Rådmannen skal gjennom heile 2016 fylgja opp gjennomføring av innsparingstiltaka og vurdera ytterlegare reduksjonar i driftsbudsjettet der det er mogleg. 10. For kommunale investeringar skal det ikkje takast opp nye lån. Unnateke herifrå er: Investeringar som får dekka inn rente- og avdragskostnader ved leigeinntekter. Helsetunutbygginga ( prosjekt 192) Investeringar innanfor sjølvkostområda, til dømes for vatn og kloakk. Årleg investeringsnivå i kommunen skal normalt ikkje overstige forventa og disponibelt årleg overskot frå Ål kraftverk. 9
11. Fygjande spare -og omstillingstiltak skal utgreiast vidare i planperioden 2016-2019 1.) Organisering i oppvekstsektoren. 2.) Eigedomsskatt. 3.) Felleskjøkken (rasjonalisere drifta). 4.) Rasjonalisering av bassengdrift. 5.) Slå saman økonomi, rekneskap -og lønsfunksjon med andre kommunar. 6.) Generelle rasjonaliseringstiltak på tvers av kommunegrensene. 7.) Ha ein gjennomgang av flyktningetenesta sitt budsjett, og gjennom dette styrke dei avdelingane som har pålagde oppgåver knytt til tenesta. 12. Det budsjetterast med 2,5 mill.kr i taksering av eigedom i 2016, med formål om innføring av generell eigedomsskatt frå 1.januar 2017. RETT UTSKRIFT DATO 26.november.2015 10