Høyringsutkast (korrekturlest) Strategi for realfag barnehagar og skular i Meland - Berekraig realfagsstrategi
Innhald 1 Innleiing... 3 2 Formål... 3 3 Situasjonsskildring (nå-situasjon)... 3 4 Målgruppe... 4 5 Hovudmål (overordna mål)... 4 6 Innsatsområde... 5 7 Resultatmål... 5 8 Organisering... 6 9 Medspelarar... 6 10 Evaluering og læring... 7 11 Rapportering... 7 12 Handlingsplan 2017-2020... 8 2
1 Innleiing Dette er eit strategidokument for arbeid med realfag i barnehagar og skular i Meland kommune. Bakgrunn for å starte arbeid med ein realfagsstrategi var eit vedtak fatta i Meland kommunestyre september 2015. Kommunestyrevedtaket 66/2015 seier: «(.) Løfte fleire elevar over meistringsnivå 1 i rekning og ( ) utarbeide strategiplan for realfag». Strategien gjeld for perioden 2017-2020. Kommunen er av Utdanningsdirektoratet (Udir) valt ut til å vere realfagskommune, og Udir har hjelpt kommunen med rettleiing og faglege innspel i strategiarbeidet. Arbeidsgruppa som har laga strategien: Camilla Smith-Strøm (styrar i Marihøna barnehage), Beate Jacobsen (dagleg leiar Leirdalen barnehage), Liv Veland (realfagslærar på Meland ungdomsskule), Magne Lædre (rektor på Sagstad skule), Mette Marei Træland (barnehagefagleg rådgjevar) og Reidun E. Johannessen (skulefagleg rådgjevar og leiar av arbeidsgruppa). Strategien har vore på høyring veke ( ) 2017. Planen er endeleg godkjend i Utval for levekår (dato) 2 Formål Meland kommune ønskjer å ha ein berekraftig realfagsstrategi, det vil seie ein strategi som er haldbar slik at endringane blir varige. Formålet er å auke motivasjon, læringsresultat og den didaktiske 1 kompetansen i realfag. Gjennom realfagssatsinga ønskjer kommunen å sjå heile opplæringsløpet (0-16 år) i samanheng. I regjeringa sin strategi for i realfag i skule og barnehage «Tett på realfag» (2015-2019) er det sett fire hovudmål: 3 Situasjonsskildring (nå-situasjon) Meland kommune ligg like nord for Bergen kommune, i region Nordhordland. Talet på innbyggjarar er 7946 (per 3. kvartal 2016, SSB). Vi har fem offentlege grunnskular og ein friskule (ungdomsskule). Vi har ni barnehagar der ein er kommunal og resten er privateigde. Det er over 600 barnehageborn i kommunen, og over 1 216 elevar skuleåret 2015-2016. Nå-situasjonen er analysert ved bruk av Udir sin «Ståstadsanalyse» (med tilleggsdelen knytt til realfag). Lærarane ved den einskilde skule har kartlagt deira utfordringar og styrker gjennom ein 1 «Generelt omhandler didaktikk sammenhengen mellom undervisningens begrunnelse, innhold og gjennomføring» (Kjelde: Stor norsk leksikon) 3
forenkla SWOT-analyse., og vi har sett på resultat frå eksamen i matematikk og naturfag, og nasjonale prøvar. Utfordinga er resultat frå eksamen og nasjonale prøvar dei siste åra, og særskilt eksamen matematikk 10. trinn. Resultat på nasjonale prøvar 5. trinn har vist ein nedgang skuleåret 2015. Andel elevar som skårar på nivå ein i rekning haust 2015, auka med 20,1 % samanlikna med resultat frå haust 2014. Dette tyder på at nær halvparten av elevane i 5. trinn dette året er på nivå ein. I swot-analyse fremjar lærarane forslag om å samordne undervisinga i naturfag og matematikk på barne- og ungdomsskulen og ta i bruk nytt læreverk og utsyr (t.d. vekt, måleband, litermål m.m.). Dei foreslår vidare at naudsynt realfagsutstyr vert kjøpt inn og at det etablerast nettverk mellom realfaglærarar. Evaluering av eksamen våren 2015 viser at elevane treng å arbeide meir med digital kompetanse, samansette tekstar i matematikk og problemløysingsoppgåver. 4 Målgruppe Målgruppa for strategien er barnehageborn (0-6 år) og personalet i barnehagane, elevar og lærarar på barnetrinnet (1.-7. trinn) og elevar og lærarar på ungdomstrinnet (8.-10. trinn). Det er eit overordna mål å sjå heile utdanningsløpet i samanheng. Difor vil mål, innsatsområde og fleire tiltak vere felles for alle aldersgrupper. Pedagogar i barnehage og skule skal saman få moglegheit til å dele erfaringar, få idear, motivasjon og skape ny kunnskap i lag gjennom kommunalt realfagsnettverk. 5 Hovudmål (overordna mål) Overordna mål for strategien byggjer på nasjonal strategi for realfag, lokale politiske vedtak, kvalitetsplan for barnehagane i Meland og analyse av nå-situasjonen (situasjonsskildring). Gi barn og unge ei meir variert og motiverande læring i realfag Auke born og unge sin digitale kompetanse i arbeid med realfag Auke born og unge sin språklege kompetanse i arbeid med realfag 4
6 Innsatsområde Å velje innsatsområde er ei viktig prioriteringsøving som strammar inn strategien og forenklar gjennomføringa. Innsatsområda er vegen vi vel å gå. Analyse av situasjonen her og nå (situasjonsskildringa) dannar grunnlag for val av innsatsområda. Digitale verktøy Språk og sansar Innsatsområde Undring og utforsking Kreativitet og problemløysing Dei svake resultata på eksamen og nasjonale prøvar i kommunen handlar mykje om svak digital kompetanse og vanskar med problemløysningsoppgåver, difor er desse overordna tema valt. Det å leggje til rette for undring (og utforskande arbeidsmåtar) og aktiv bruk av fleire sansar (saman med språket), vil ein nå dei overordna måla med å skape engasjement og motivasjon for realfag. 7 Resultatmål Resultatmåla skal sikre at vi når dei overordna måla og er direkte kopla til innsatsområda. Innsatsområde Resultatmål Korleis veit vi at mål er nådd? Tid Digitale verktøy Produsere data med bruk av digitale verktøy Lese og tolke informasjon frå digitale kjelder Dokumenterer praksis gjennom bilete, intervju /samtalar, video og konkrete produkt som vert vist fram 2018 Språk og sansar Bruke faglege omgrep Bruke varierte uttrykk 2 Undring og utforsking og sansar 3 Stille opne spørsmål Kome med eigne innspel Dokumenterer praksis gjennom bilete, intervju /samtalar, video og konkrete produkt som vert vist fram Dokumenterer praksis gjennom bilete, intervju /samtalar, video og konkrete produkt som vert vist fram 2 Eit (fast) samband av ord, ein frase, ei formulering eller eit ytre teikn, eit signal, ein manifestasjon 3 Evne til å sjå, høyre, kjenne, lukte eller smake 2018 2020 5
Kreativitet og problemløysing Opne for improvisasjon 4 og medverknad Sjå eit problem frå fleire sider og søke etter alternative løysingsforslag Dokumenterer praksis gjennom bilete, intervju /samtalar, video og konkrete produkt som vert vist fram 2020 8 Organisering Realfagssatsinga i vil vere organisert som vist i oversikt under. Tema Skildring Roller Politikarar Vedtek realfagsstrategi Rektor- og Referansegruppe for prosjektgruppa styrargruppa Rektorar og styrarar Sikre at lokalt utvikingarbeid på sin skule og i sin barnehage. Lage utviklingsplan for si eining. Prosjektgruppa Utarbeider utkast til realfagsstrategi og har ansvar for å følgje opp strategiarbeidet og evaluere undervegs Prosjektleiar Leiar og koordinerer arbeidet med strategi og realfagskommune Møteplassar og samlingar Prosjektgruppa, rektorgruppa, styargruppa. Det vert arrangert realfagssamling for alle skulane og barnehagane. Første 11. november 2016. Samarbeidspartnar Høgskulen på Vestlandet, Utdanningsdirektoratet, Høgskulen i Tromsø, VilVite, lokale verksemder og kulturavdelinga i kommunen Nettverk Realfagsnettverk vert etablert hausten 2016 med første dato 30.09.2016. Rådgjevar skule og rådgjevar barnehage leiar realfagsnettverka. Det er laga rammeverk for gjennomføring av realfagsnettverket Informasjon Prosjektgruppa lagar informasjonsstrategi i 2017 9 Medspelarar Strategiar handlar også om å kople på andre interessentar eller medspelarar som ikkje er direkte involvert i strategiprosessen, men som kan koplast på dersom behov. Aktuelle eksterne medspelarar er vist oversikten under. Miljø Kontaktpesonar Rolle Høgskulen på Vestlandet Anne Lynngård og Johan Lie Fagleg rettleiar Nordhordland Næringslag Vivian Kårbø Lokale verksemder Nordhordland kompetanseregion Dina Dyrhovden Informasjon om næringslivet og lærlingar Koordinerer felles kurs i regionen Vilvite i Bergen Cathrine Strøm Nøstvold Samarbeid om avtalar 4 Gjere (noko) utan å førebu seg først 6
Kulturavdelinga i kommunen Eirik Bower Utne Utveksle informasjon om aktuelle prosjekt 10 Evaluering og læring Formålet med evaluering er å kunne lære av det vi gjer og stadig forbetre oss. Kvart år vil rådgjevar for barnehage og rådgjevar skule arrangere ein work-shop for leiarane i skule og barnehage. Målet er å lage eit erfaringskart med bruk av GLL-skjemaene. På den måten kan gruppa summere opp kva ein har lært og kva som er lurt å ta med seg i det vidare utviklingsarbeidet Nettverksdeltakarane vil bli bedt om å evaluere etter kvar samling. Formålet er å kunne fange opp om tema, organisering og andre tilhøve bør justerast på for å kunne nå mål sett i realfagsstrategien. 11 Rapportering Barnehage og skule vil årleg leggje fram ein tilstandsrapport som vil omhandle resultat, praksisforteljingar, risikobiletet og plan for vidare oppfølging. Arbeid med realfagsstrategien vil bli eit tema i desse rapportane. I arbeid med data til tilstandsrapporten kan det vere aktuelt å ta i bruk kvantitative data t.d. dialog med lærarar, foreldre og elevar. Skular og barnehage vil i tillegg bli bedt om å rapportere om arbeid med realfagssatsinga i sine årlege rapportar. Ståstadsanalyse (med særleg vekt på realfag) vil bli gjennomført for barnehagar og skular våren 2018. På oppdrag frå Udir vil Rambøll Management Consulting gjennomføre ei følgjeevaluering av tiltaket «Realfagskommune». Meland kommune vil få tilgang til eigen rapport for vår kommune. 7
12 Handlingsplan 2017-2020 Innsatsområde Resultatmål Tiltak Ansvar Tidsramme Ekstra kostnad Digitale verktøy Produsere data ved bruk av digitale Barnehagar og skular deltek i kommunen sitt realfagsnettverk Rektor, styrar 2016-2018 Statlege midlar verktøy Skular og barnehagar prøver ut nye metodar i eigen praksis 2016-2020 Lese og tolke informasjon frå digitale kjelder (aksjonslæring), og deler læringspunkt med personalet og i realfagsnettverket Kurs i aktuelle digitale verktøy Bruk av ressursar frå naturfag- og matematikksenteret 5 Besøk på Vilvite Språk og sansar Bruke faglege omgrep Barnehagar og skular deltek i kommunen sitt realfagsnettverk Bruke varierte uttrykk 6 og sansar 7 Skular og barnehagar prøver ut nye metodar i eigen praksis (aksjonslæring), og deler læringspunkt med personalet og i realfagsnettverket Bruk av «Forskerføtter og leserøtter» i grunnskolen - barnetrinnet (Gjør det! Si det! Les det! Skriv det!) 8 Implementere 9 kommunal språk- og leseplan Besøk på Vilvite Rektor, styrar 2016-2018 2016-2020 2018-2019 2017-2018 Statlege midlar 5 http://www.naturfag.no/ og http://www.matematikksenteret.no/ 6 Eit (fast) samband av ord, ein frase, ei formulering eller eit ytre teikn, eit signal, ein manifestasjon 7 Evne til å sjå, høyre, kjenne, lukte eller smake 8 «Forskerføtter og leserøtter er et forsknings- og utviklingsprosjekt ved Naturfagsenteret hvor utforskende naturfagsaktiviteter kombinderes med grunnleggende ferdigheter.» 9 «Iverksette, realisere» (Kjelde: Stor norske leksikon) 8
Undring og utforsking Stille opne spørsmål Kome med eigne innspel Barnehagar og skular deltek i kommunen sitt realfagsnettverk Skular og barnehagar prøver ut nye metodar i eigen praksis (aksjonslæring), og deler læringspunkt med personalet og i realfagsnettverket Bruk av «Forskerfrø i barnehagen» 10 Bruk av «Forskerspiren i grunnskulen» 11 Bruk av «Forskerfabrikken» elevene får forskardiplom Arrangere realfagsdagar lokalt og kommunalt Bruke prosjekt som metode for å stimulere til allsidig læring Forske med «Nysgjerrigpermetoden» (grunnskulen) 12 Bruke parsellhage i samarbeid med Kultur/Frivilligsentralen Besøk på Vilvite 2016-2018 2016-2020 2017-2020 2017-2020 2017-2020 2018-2020 2018-2020 Kreativitet og problemløysing Opne for improvisasjon 13 og medverknad Sjå eit problem frå fleire sider og søke etter alternative løysingsforslag Barnehagar og skular deltek i kommunen sitt realfagsnettverk Skular og barnehagar prøver ut nye metodar i eigen praksis (aksjonslæring), og deler læringspunkt med personalet og i realfagsnettverket Etablere valfag «Teknologi i praksis» og «Forsking i praksis» Lokale samarbeidsprosjekt 14 Bruk av nettressursar frå naturfag og mattematikksenteret Bruk av ressurspedagogar (t.d. lærarspesialister) Innkjøp av utstyr til bruk i realfag barnehagen og skular Rektor og styrar Rektor ungdomsskule Rektor og styrar Rektor og Styrar 2016-2018 2016-2020 2018-2019 Budsjettprosess Statleg tilskot og ekstra midlar budsjettprosess 10 «Forskerfrø» er Naturfagsenterets satsing på barnehage http://forskerfro.no/ 11 «Forskerspiren legger vekt på at elevene gjennom hele grunnopplæringen skal møte naturfag på en undrende og utforskende måte» http://www.naturfag.no/ 12 «Nysgjerrigper er Forskningsrådets tilbud til barn og unge, og spesielt for elever og lærere i barneskolen» https://nysgjerrigper.no/ Lokal ressurs: Birte Hodnekvam (Haukås skole) 13 Gjere (noko) utan å førebu seg først 14 Samarbeid mellom bedrifter og skole/barnehage, mellom barnehage og skole og mellom barnetrinn og ungdomstrinn. Samarbeid mellom Rossland skule og PUK (9. trinn teiknar bru) 9