SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 15/ Rekneskapsrapport for 2 tertial 2015 vert teken til vitande.

Like dokumenter
SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 12/ Budsjett 2012, Økonomiplan (ikkje vedlagt)

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Kristian Ølmheim Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 18/765-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 14/952-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 12/975-1

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 14/627-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 07/350-4

Tertialrapport 2 tertial 2015

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 08/290-6

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 11/928-1

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Oversyn over økonomiplanperioden

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 15/ Budsjett og økonomiplan TILRÅDING:

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 14/1132-1

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

HEMSEDAL KOMMUNE. MÅNEDSRAPPORT nr. 4/2017

SAKSFRAMLEGG. Finansrapport 1.tertial Forvaltning av aktiva. Kortsiktig finansiell aktiva (ikkje del av aktiv forvalting)

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

Budsjett 2012, økonomiplan

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Rekneskapsrapport pr. 1. kvartal Arkiv: 210 Arkivsaksnr.: 2012/1339 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 13/598-1

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 09/2798

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 11/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

PØ-049/10 VEDTAK: Budsjettet for Samnanger kommune for 2011 vert som fylgjer:

Rekneskapsrapport pr. juni 2016.

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2008

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2014 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2013 for Sogndal kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 12/1113-6

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 11/828-6

Personal- og økonomiutvalet drøfta moglege framtidige inntekter for å sjå kva evt. handlingsrom kommunen har utover i perioden.

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

SAKSFRAMLEGG. Kommunestyret vedtek auka løyving i investeringsbudsjettet:

Budsjettjusteringer desember 2014

Leikanger kommune Innbyggjarar

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 18/

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 08/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Leikanger kommune

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

MØTEBOK - TITTELBLAD - Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 14433/2015

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 13/999-3

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Tore Eriksen Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 08/ Kommunestyret vedtek slike endringar i driftsbudsjettet for 2008:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 12/1010-2

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 15/1083-1

Vedlegg til budsjett for Meland kommune 2015

Budsjettskjema 1B Rekneskap Rev. Budsjett Budsjett

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 108/2016 Formannskapet PS Kommunestyret

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

REKNESKAP. Vedteke av Surnadal kommunestyre xx.xx.2014

FORMANNSKAPET

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Tingsalen Møtedato: Tid: 13.00

Hemsedal kommune Årsmelding kortversjon

Budsjett 2011, økonomiplan og planleggingsprogram

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 065/13 FORMANNSKAPET Thomas Martin Larsen

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ).

Utval Møtedato Utvalssak Drifts- og forvaltningsutvalet Kommunestyret

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Budsjettnotat frå rådmann datert

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 13/371-1

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

1. Rådmann sitt framlegg til økonomiplan og budsjett 2014 vert vedteke slik det framgår av heftet med følgjande endringar:

Finansrapport 2. tertial 2015

TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET:

VEDLEGG 3 TIL MØTEPROTOKOLL FOR SAMNANGER KOMMUNESTYRE

Vedlegg 7.1 Økonomiplan drift

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

UNIVERSITETET I BERGEN Universitetsmuseet i Bergen. Arkivkode: Styresak: 27/2012. Rekneskap Universitetsmuseet i Bergen per 31.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 15/983-1 Rekneskapsrapport 2.tertial 2015 TILRÅDING: Rekneskapsrapport for 2 tertial 2015 vert teken til vitande. Det vert tilrådd fylgjande budsjettendring: Ansvar 800, Tilskot flyktningearbeid (inntekt) Ansvar 240, Ymse tilrettelegging for flyktningar (utgift) Ansvar 900, Avsetting til seinare bruk (fond), (utgift) - kr.1.200.000 kr.1.000.000 kr.200.000 DOKUMENT: Økonomirapportar. Rapportering frå tenesteleiarane SAKSUTGREIING: Drift Budsjett 2015 byggjer på budsjett 2014. Årsbudsjett for 2015 vart vedteke i sak 49/14 den 11.12.2014. I tillegg til rapportar tekne ut frå økonomisystemet, er rapporten basert på kommentarar tenesteleiarane har komme med i samband med den månadlege elektroniske rapporteringsrutinane. Rådmann har gått gjennom rekneskapen for 2. tertial 2015. Inntekter og utgifter vil variere fordi aktiviteten endrar seg og avdi forbruksmønsteret ikkje fordeler seg likt over heile året. Ein vil difor ikkje kunne framføre rekneskapen pr. 31.08.2015 og komme fram til eksakt sluttrekneskap for året. Økonomirapport for 2.tertial vil likevel kunne vise tydeleg retning innafor dei aller fleste område.

Opprinneleg budsjettet for 2015 er balansert mot fond med ca. 5,2 mill kroner og det er lagt inn kr.3,5 mill. i avkastning frå kraftfondet. I tillegg er årets premieavvik budsjettert med ei inntekt på 4,1 mill. kroner. I samband med økonomirapport for 1.tertial 2015, vart driftsbudsjettet auka opp med kr.3,1 mill kroner. Midlane vart langt på veg nytta til ulike tiltak innafor flyktningetenesta, introduksjonsprogram, tilrettelegging mm. I tillegg vart det sett av kr.560.000 til styrking av budsjettet for pleie og omsorg. Ved utgangen av august er kostnaden med sentrale lønsforhandlingar i kap.4 utgiftsført, medan lønsreserven enno ikkje lagt til budsjettet. Det er ikkje halde lønsforhandling i kap. 3 og 5. Økonomiplan 2015-2018 et gjort opp med bruk av fond, totalt kr. 25,6 mill kroner. Leikanger kommune har då eit driftsnivå som langt på veg krev alle økonomiske reservar. Slik den økonomiske situasjon for Leikanger kommune framstår, bør alle budsjettendringar løysast med omfordeling av midlar, eventuelt ved nye inntekter. Samla økonomisk oversikt for heile kommunen etter kontogruppe Fordeler ein forbruket jamt over heile året, vil forbruk pr. 31.08 vere ca. 67% av budsjett. Lønn (fastløn) vert fordelt over 11 mnd, og vil pr. 31.08. med jamn framskrivng av forbruket, vere ca. 64% av budsjettet. Løn og sosiale utgifter I oppsettet over er det ikkje korrigert for refusjonar frå NAV og tabellen vil difor vise noko høgare lønsutgift enn det reelt er. Det er heller ikkje korrigert for budsjettert premieavvik. Oppstillinga under vil difor vise medgått løn korrigert for desse postane:

Forbruk løn pr.31.08. på vel 66% er i overkant kva ei jamn framskriving vil tilsei. Løn tom august vert framskrive med 7/11, forbruk på 63,6%. Vel 66% vil tilseier at vi har eit forbruk så langt i året, som er i overkant av forventa forbruk. Pr.31.08 står det framlseis att noko utbetaling til ferievikarar. Avsette midlar til inndekking av lønsoppgjeret for 2015, er ikkje fordelt. Sjå omtale under dei einkilde områda. Kjøp av varer og tenester er pr. 31.08 innafor forventa forbruk, 63 %. Tenester som erstattar kommunal tenesteproduksjon 59 %, innafor forventa forbruk. Overføring til andre I tillegg til overføring til kyrkja, vil det meste av posten gjelde mva på kjøp av varer og tenester. Forbruk på 44 % er godt innafor forventa forbruk. Finansutgifter og finansieringstransaksjonar vert langt på veg rekneskapsført etter faste avtalte terminar. Med unnatak av lån i Husbanken, forfell renter på lån to ganger i året, mars og september. Ved utgangen av august vil det framleis vere om lag 50% av renteutgiftene for 2015 som enno ikkje er betalt og utgiftsført i rekneskapet. Vurdert under eitt, ligg forbruk pr.31.08. på ca.65%. Salsinntekter på bortimot 60% er ok på dette tidspunktet. Kommunale avgifter er inntekterført for 1.halvår medan 2.halvår manglar. Foreldrebetaling for barnehage og SFO er noko lågare enn forventa i høve budsjett. Husleige på kommunale buster og omsorgsbustader er langt i året ok. Refusjonar. Leikanger kommune budsjetterer ikkje med sjukeløn/foreldrepengar og refusjonar vil difor alltid bli over det som er budsjettert. Tom august har Leikanger kommune motteke refusjon sjukeløn med 2,9 mill kroner og 1,6 mill kroner i refusjon foreldrepengar, totalt om lag 4,5 mill kroner. Andre refusjonar skal vere budsjettert og gjeld f eks refusjon for utgifter til Sogn Kulturskule og refusjon for betalt mva. Overføringar. Inneheld overføring og tilskot til kommunen som ein mottek uanhengig av konkret tenesteproduksjon, f.eks skatt på inntekt og formue og rammetilskot. 63 % tilseier noko mindre inntektsføring enn budsjettert. Sjå kommentar under «Frie inntekter». Finansinntekter og finansieringstransaksjonar. Her finn ein mellom anna avkastning av Kraftfondet, andre renteinnekter samt postar som er relatert til årsoppgjeret (motpost avskriving, kalk. renter, bruk av disposisjonsfond). Samla økonomisk oversikt pr. område (Det vert i hovudsak kommentert på områda som har avvik/vesentlege beløp)

Sentraladministrasjon og styring Økonomiavdelinga er reduset medein1 100% stilling og område vil difor få mindre utgifter siste halvår 2015 enn det det var 1.halvår 2015. Utgifter til taksering av ny kraftlinje er ført på dette området ( ikkje budsjettert). Fellestenester Området har pr.31.08 eit forbruk på 118%. Meirforbruket skuldast mellom anna manglande føring av premieavvik. Årets premieavvik og amortisert premieavvik er budsjettert med ei inntekt (netto) på ca. 2,3 mill kroner og vil så lenge det ikkje er ført i rekneskapen, framstå som eit avvik mot busjett ( meirforbruk). Frå KLP er det signalisert at premieaavviket vert mindre enn budsjettert. Dvs mindreinntekt i høve budsjett. Det er vidare kome signal på at også forventa årlig premieinnbetaling vil bli lågare enn fyrst berekna. Eksakte tal vil fyrst føreligge i samband med årsoppgjeret. Redusert krav til innbetaling av premie vil kunne dekke opp for mindreinntekt frå årets premieavvik. Sjølv om ein korrigerer for premieavvik, kan sjå ut til at området er underbudsjettert pga ein ser at kontingentar og ansvarsforsikringar, porto mm vert noko høgare enn budsjettert. Undervisning ligg totalt sitt innafor si ramme. Begge skulane har totalt sett eit forbruk om lag som foreventa (64-65%). Lønsutbetalingar ligg noko høgare enn forventa men der må ein ta omsyn til refusjonar frå NAV, samt at ramma ikkje er auka som fylgje av lønsoppgjeret 2015. Ved ungdomsskulen er det fleire nytilsette lærarar og det vil difor vere noko usikkert korleis lønsnivået vert resten av året. Barnehagane held seg så langt i året innafor ramma. Begge barnehagane ligg noko høgt på løn, men også her må ein ta omsyn til refusjonar frå NAV og endring av ramme som fylgje av lønsoppgjeret.

Når det gjeld tilskot til den privagte barnehagen, så vil avrekning i samband med årsoppgjeret vise om overføringa frå kommunen tilfredsstiller kravet. Helsetenester. Vurdert under eitt, er området godt innafor tildelte rammer. Sosialkontortenester. Som fylgje av plan om mottak av fleire flyktningar, fekk området tildelt nye midlar i juni 2015. I tillegg til styrking av skule og barnehageområda, vart det lagt ekstra midlar til introduksjonsordningen, kvalifiseringsprogrammet samt til generell finansiering av nødvendige tiltak innafor flykningearbeidet. Nytt vedtak i juni om mottak av fleire flyktningar, vil krevje at området får tilført ytterlegare midlar og ressursar. Vedtak i juni: Leikanger kommune vedtek å ta i mot 15 flyktningar i 2015 og 2016, i tillegg til dei 20 flyktningane som det alt er vedteke at vi skal ta i mot. Leikanger kommune tek i mot 6 flyktningar i 2015 og 9 flyktningar i 2016. Som fylgje av dette vedtaket vil og integreringsstønaden auke og ein må vidare forvente at også utgiftene til området aukar. Barnevern Kjøper tenester frå Sogndal og betalar pr. halvår. 2.halvår er enno ikkje betalt. Pleie og omsorg. Området ligg totalt sett på eit forbruk på 68%. Når det gjeld lønsoppgjeret for 2015, så er området ikkje tilført midlar til inndekking av auka lønsutgift. For pleie og omsorg vil det utgjere ca. 800.000. Kommunestyret sette i juni av kr.560.000 til inndekking av meirforbruk. Reknar vi inn desse midlane, samt auke som føgje av lønsutvikling i perioden, er totalt forbruk nede på 65,7%. Det er spesielt sjukeheimen som dreg opp med eit forbruk på 71,45%. Som nemnt i rapporten for 1.tertial, har det vore overbelegg på sjukeheimen store deler av året. Gjennom sommaren har det vore over 30 pasientar på heimen samt ein ekstra utfordring med urolige pasientar på dementavdelingen. Det har medført fleire personar inne på kvar vakt og ein ser at det er meirforbruk på alle tilleggsmidlar som overtid, ekstrahjelp osv. Korrigert for refusjonar frå NAV, er forbruk løn på 69%. På dette tidspunktet i året, skal alt helgedagstillegg vere innrekna og det aller meste av utgifter til ferievikar skal vere medkome. Heimebasert omsorg ligg på eit forbruk på 67%. Alle særtiltaka ligg godt innafor forventa forbruk medan tiltak for funksjonshemma ser ut til å få eit meirforbruk med at forbruk så langt i året på 74,5%. Slik situasjon for Pleie og omsorg er i dag, ser ein at området mest sannsynleg vil gå mot eit meirforbruk. Ein har likevel valt å avvente budsjettendring fram til ein ser korleis situasjon vert når konsekvensar av lønsoppgjer er rekna inn og avsette midlar er fordelt til området. Det er og kome melding om nytt nødvendig tiltak i kommune som ein enno ikkje veit omfanget av. Kultur og bibliotek. Området ligg godt an i høve budsjett.

Byggforvaltning. Området har no eit forbruk på 74%, men for byggforvaltning vil det vere slik at ikkje alle ugifter fordeler seg likt ut over året. Ein forventar at området totalt held seg innafor tildelte rammer. Vegar ligg no på 94%. For dette området vil det normalt vere slik at det meste av utgiftene vil kome i gjennom dei fyrste månandane i året (brøyting) og eventuelt noko asfaltering i løpet av sommarhalvåret. Manglar fordelte innekter samt refusjon frå Statens Vegvesen for vedlikehald av fylkeskommunale vegar. Brannvern har betalt to av tre overføringar til Sogn Brann og Redning IKS. Forbruk i høve budsjett er ok. Miljø, areal og næring er ok. Forbruk totalt på 44%. Enkelte teneste har eit meirforbruk mendan andre ligg godt innafor det som er budsjettert forbruk. Kyrkja ok. Tilskot 2015 er overført til kyrkja slik det er planlagt og budsjettert. Frie inntekter Skatteinngangen er om lag på nivå med 2014 og det er usikkert om Leikanger kommune når opp i budsjettert skatteinngangen på 56,9 mill kroner. For 2014 var skatteinngangen totalt på kr.54,2 mill kroner. Eigedomskatt ok. Har i løpet av sommaren fakturert Statnett for e-skatt på den delen av linjetraseen som er oppført. Slik linja framstod ved årsskiftet, skal Statnett betale ca.kr.300.000 i eigedomsskatt til Leikaner kommune i 2015. Rammetilskot vert utbetalt i faste summar, fordelt over 10 terminar. Skatteutjamning vert utbetalt samtidig og vert samordna med skattenivået elles i landet. Tilskot til flyktnkingearbeid vart som fylgje av planlagt mottak av fleire flyktningar i 2015 auka opp av kommunestyret i juni 2015. Då det no føreligg nytt vedtak om mottak av fleire flyktningar, må posten justerast i samsvar med vedtekne planar. Stipulert auke tilskot til flyktnignearbeidet er for 2015 rekna til 1,2 mill. kroner. Av dette vil om lag 1 mill kroner gå til auka utgifter innafor flyktningearbeidet. Finansinntekter og utgifter

Renter inneheld både betalte renter på lån, renter på innskot samt avkastning frå Kraftfondet. Renter er betalt for halve året og nytt forfall no i september. Det har vore eit fallande rentemarked og så langt ser det ut til at rentekostnaden vert lågare enn det er budsjettert med. Leikanger kommune har to fastrenteavtalar, og desse er slik rentesituasjon har utvikla seg prisa over markedsrenta for flytande rente. Tabellen over viser ikkje siste utvikling i Kraftfondet. Ved utgangen av juli var avkastningen på ca1,4 mill kr (i pluss). I etterkant av juli har det vore ein uroleg marknad, og marknadsverdien på aksjane har endra seg. Slik situasjon ser ut pr. 01.09.2015, ser det ut til å bli ein negativ verdiendring på ca. 2,9 mill siste mnd. Året under eitt gir då ei negativ verdiutvikling på 1,5 mill kroner. Med eit budsjett på 3,5 mill, vil dei seie at slik situasjon er pr. i dag, må det dekkast inn ca. 5 mill kroner. Avdrag er betalt i samvar med budsjett. Rente- og avdragskompensajon, bruk/avsetning til disp.fond og overføring til kapitalrekneskapen vert ført i samband med årsoppgjeret. Investering 2015 Kommentar til prosjektregnskap pr.26.08.2015. Prosjekt 12312 Prosjekt 12333 Prosjekt 13260 Prosjekt 13390 Berlehagen bustadområde opparbeiding Budsjett 2015 er gjenståande arbeid med asfalttering som ikkje er utført då det foregår gravearbeider i samband med tomtearbeid. Blir ikkje utført i år. Sentrumsutv. Rv5 bankplassen Anlegget er ferdigstilt og sluttfaktura frå entreprenør er bokført. Det gjenstår å fakturera noko utført arbeid til Statens vegvesen. Kommunale bustader Berlehagen Prosjektet er i sluttfasen. Fakturering er i henhold til framdriftsplan og det vil koma utgifter i denne sluttfasen. Opprusting kyrkja Arbeidene starta opp i juni 2015 og skal vera ferdigstilte 1. desember i 2015. Det er skreve kontrakt med totalentreprenør.

Prosjekt 14220 Prosjekt 14320 Ungdomsskulen inneklima Arbeidene pågår og skal vera ferdigstilt i september 2015. Fakturering etter framdrift. Budsjettet er ca. 200.000,- for lavt. Dette er planlagt henta inn att med tilskot frå Enok- fondet til fylkeskommune. Dette tilskotet er vedteke. Budsjetterte kostnader er noko lavt ca. kr. 200.000,- Tinghus II opprusting Budsjettert kostnader skal nyttast til klargjering av bygget etter utleige. Prosjekt 14121 Kommunale bygg opprusting 2014 Dette skal inn på prosjekt 15265. Opprusting bygg 2015 er då totalt forbruk kr. 304.617,- Prosjektet kan avsluttast. Prosjekt 15265 Kommunale bygg opprusting 2015 Sjå prosjekt 14121. Prosjekt 12331/ 14331 Hamrevegen Hamrevegen har totalt hatt ein budsjett på 2,1 mill kroner. Fram til no er det utbetalt ca 2,2 mill kroner. I tillegg står det at kr.100.000 i oppgjer for grunn og fruktre. Arbeidet med byggesteg 1 og 2 er ferdig og byggetrinn 3 er under planlegging. Prosjekt 12330 - Kleppavegen Dette prosjektet vert fullfinansert av Statnett inntil kr.1.100.000. Det står att kr. 92.167.- til vidare opprusting. Budsjettendring I samband med denne rapporten, vert det berre lagt opp til budsjettendring for flyktnigearbeidet. Ansvar 800, Tilskot flyktningearbeid (inntekt) Ansvar 240, Ymse tilrettelegging for flyktningar (utgift) Ansvar 900, Avsetting til seinare bruk (fond), (utgift) - kr.1.200.000 kr.1.000.000 kr.200.000