Rekneskapsrapport pr. juni 2016.
|
|
|
- Tomas Erlandsen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2016/ Saksbehandlar: Karl Viken Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Rekneskapsrapport pr. juni Samandrag I samsvar med rapporteringsrutinane legg fylkesrådmannen fram rapport om rekneskapsutviklinga etter 1. halvår Prognosen etter fyrste halvår er eit negativt budsjettavvik i 2016 for HFK på 25 mill. kr. Prognosen er justert i høve til det som låg i rapport for 1.tertial som vart handsama i fylkestinget i juni. Det vart då rekna med eit negativt avvik på 40 mill. kr. Den betra årsprognosen for fylkeskommunen skuldast endring av skatteoverslaget. I revidert nasjonalbudsjett vart skatteanslaget for kommunesektoren for 2016 auka, og skattetala til Hordaland fylkeskommune i mai og juni samsvarer med denne auken. Prognosen for skatteinngangen er no samsvar mellom budsjett og rekneskap og dette betrar den samla prognosen med 15 mill. kr samanlikna med tertialrapporten. Det er god kontroll på dei fleste budsjettområda. Det vert arbeidd med tiltak på dei områda og i dei sektorane som pr. fyrste halvår ligg an til budsjettoverskridingar. Det er framleis mange utfordringar i den økonomiske situasjonen til HFK, men det er likevel ikkje grunnlag for å frykte eit rekneskapsunderskot for Dette grunna i at det er sett av 90 mill. kr til finansiering av investeringar som kan strykast dersom det vert trong for det. Forslag til vedtak Fylkesutvalet tek rekneskapsrapporten pr. juni 2016 til orientering. Rune Haugsdal fylkesrådmann Ingrid Kristine Holm Svendsen fylkesdirektør økonomi og organisasjon Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Hordaland fylkeskommune ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Agnes Mowinckels gate 5 PB Bergen Tlf: e-post: [email protected] Org.nr. NO mva. Kontonr
2 Side 2/5 Fylkesrådmannen, Rapporteringsrutinane inneber at ein i tillegg til tertialrapportane til fylkestinga i juni og oktober skal rapportera til fylkesutvalet ved utgangen av månadane februar, juni og oktober. Fylkesrådmannen legg med dette fram rekneskapsrapporten pr. juni Det vedlagde tabelloversynet, som viser rekneskapen etter 1. halvår, gjev ein peikepinn på utviklinga. Ved jamt forbruk gjennom heile året skal omlag 50% av budsjettet vera brukt ved halvårsskiftet. I hovudsak samsvarer rekneskapstala pr. juni med dette. På nokre område kan det variere noko kva tid på året store inntekts- og utgiftspostar vert førte. I desse tilfella vil det følgjeleg førekoma tekniske avvik mellom rekneskap og budsjett. I 1. tertialrapport til fylkestinget i juni rapporterte fylkesrådmannen at prognosen for 2016 var eit meirforbruk på 40 mill. kr for driftsbudsjettet totalt sett. I hovudsak er denne prognosen uendra, med unnatak for skatteinngangen. Her har tala betra seg noko i høve til tala som prognosen pr. 1. tertial var basert på. Årsprognosen pr. utgangen av juni er 25 mill. kr i meirforbruk. Under følgjer ein kort gjennomgang av dei ulike sektorane og områda. Ein gjennomgang av driftsøkonomien, investeringar og eventuelle behov for budsjettjusteringar vil fylkesrådmannen kome attende til i 2. tertialrapportering pr. august til fylkestinget i oktober. Status for dei ulike driftsområda Sektorar utan større budsjettavvik pr. juni Innanfor dei to sektorane Regional utvikling og Kultur og Idrett er det pr. d.d. liten risiko for større avvik i forhold til budsjettet. Ut frå forbruk pr. juni og samanlikna med forbruk tidligare år ligg ein ikkje an til å få betydelege overskridingar på desse områda ved utgangen av året. Politiske organ og administrasjon Samla sett er det god budsjettkontroll for dei sentrale administrasjonsbudsjetta. Årsprognosen er eit positivt budsjettavvik på 3 mill. kr. Gjennomgåande er det merksemd på kontinuerleg forbetring og gevinstrealisering, og ein reknar med at dette gjev utslag i budsjettmessig mindreforbruk. Eigedom Eigedomsavdelinga rapporterer eit meirforbruk i Dette kjem som følgje av fleire økonomiske utfordringar i sektoren; mellom anna svikt knytt til husleige, personalkostnadar, skysstasjonar/ terminalar og drift av fleire skulebygg som no ikkje vert nytta til opplæring lenger. Totalt vert det meldt ein negativ årsprognose på 5 mill. kr. Samferdsel I 1. tertialrapport var prognosen for året eit positivt budsjettavvik på 15 mill. kr. Positive moment i sektoren var at talet på reisande var aukande og at inntektssida var høg. Vidare vart det meldt om lågare kostnadar enn budsjettert mellom anna i høve til kontraktar, oljepris, renter og løn. I negativ retning vart det teke høgde for tilleggskostnadar knyt til oppstart av bybanedrift til Birkelandsskiftet og tilhøyrande bussopplegg fram til Flesland. I tillegg vart det meldt om eit meirforbruk innanfor vegvedlikehaldet. Fylkesrådmannen er tilfreds med den økonomiske trenden innanfor kollektivtransporten. Framleis held ein fast på førre prognose som tilsa eit negativt avvik for fylkesvegvedlikehald på 19 mill. kr og positivt avvik for kollektivtransporten på 34 mill. kr. Samla sett for samferdselsområdet vert då årsprognosen pr. 1. halvår framleis eit positivt resultat på 15 mill. kr. Tannhelse For tannhelsesektoren syner tala eit negativt budsjettavvik etter fyrste halvår av Pr. 1. tertial vart det meldt ein negativ årsprognose på 9 mill. kr. Fylkesrådmannen vil, som nemnt i 1. tertialrapport, vurdere ei
3 Side 3/5 større budsjettendring til sektoren ved 2. tertialrapportering. I tillegg er det uvisse rundt kor mykje som må tapsførast i sektoren etter gjennomgang av uteståande krav m.v. Eit siste moment med risiko er økonomien rundt TK Vest i Desse momenta vert nærare gjennomgått i 2. tertialrapport. Fylkesrådmannen legg førebels til grunn prognosen som vart sett ved rapporteringa for 1. tertial. Opplæring Årsprognosen pr. 1. tertial for opplæringssektoren var ei budsjettoverskriding samla sett på 43 mill. kr. Det er ikkje nye opplysningar pr. d.d. som skal tilseie endringar i høve til førre prognose. Fylkesrådmannen vil koma attende med ein grundigare prognose for sektoren etter 2. tertial. Moment som kan endre prognosen vil då verta klårare. Viktige område vil framleis vera samla resultat for skulane, vaksenopplæring, fagopplæringstilbod og inntakstala for skuleåret 2016/2017. Skatt og rammetilskot Ser ein på faktisk skatteinngang pr. utgangen av juni, og korrigerer for stipulert inntektsutjamning, har skatteinngangen vore noko høgare enn det som var budsjettert. Grunna denne positive utviklinga i skatteinngangen sidan førre rapportering vert det ei justering av årsprognosen på dette området pr. juni; frå eit negativt avvik på 15 mill. kr til balanse. I revidert nasjonalbudsjett vart skatteoverslaget for kommunesektoren oppjustert. Om denne auken viser att også i Hordaland fylkeskommune sine skatteinntekter, kan ein vona på ei vidare positiv utvikling i skatten. Totalt er budsjettet for frie inntekter på 6 mrd. kr., og små konjunkturutslag kan gje større budsjettavvik på dette området. Renter og avdrag For dette området er framleis prognosen at fylkeskommunen får ei netto innsparing i renter og avdrag på 15 mill. kr. i Dette slik som meldt i 1. tertialrapport. Fylkeskommunal næringsverksemd/ konsesjonskraftinntekter Det er budsjettert med netto inntekt på 50 mill. kr i Prognosen for 2016 er på knapt 40 mill. kr, og dermed svikt i budsjettet for kraftinntekter på 10 mill. kr. Det er ikkje teikn til at prisane vil stiga med det første; tvert om heller at det vert eit varig lågt prisbilete for kraft. Pensjon Det vert pr. juni lagt til grunn at berekningane til pensjonsleverandørane KLP og Statens Pensjonskasse framleis held seg, og at desse ikkje endrar seg så mykje at vi vi får vesentlege budsjettavvik. Prognosen er difor at dette området endar opp i balanse. Fellesfunksjonar/ Lønsavsetjing På dette området er prognosen ei innsparing på knapt 9 mill. kr. i høve til budsjett. Dette er grunna i semja som vart oppnådd i dei sentrale lønsforhandlingane for kommunesektoren. Semja gjev ein stipulert årslønsveksten på 2,4 %, medan HFK i budsjettet har teke høgde for ein lønsvekst på 2,7 %. Oppsummering Alle sektorar og område oppsummert gjev ein årsprognose lik eit meirforbruk på 25 mill. kr; som vist i tabellen nedanfor. Samla sett er prognosen betra med 15 mill. kr samanlikna med 1. tertial.
4 Side 4/5 Tabell med status pr. 30. juni etter funksjonsgruppe (tal i heile tusen) Rekneskap Forbruk i % Prognose Rekneskap Prognose budsj.avvik juni 2016 Årsbudsjett av årsbud budsj.avvik juni 2015 Pr 1. tertial Politiske organ og adm. Kostnader: ,5 % Inntekter: ,2 % Netto ,8 % Eigedom Kostnader: ,9 % Inntekter: ,7 % Netto ,1 % Regional utvikling Kostnader: ,2 % Inntekter: ,2 % Netto ,6 % Samferdsel Kostnader: ,3 % Inntekter: ,9 % Netto ,8 % Kultur og idrett Kostnader: ,3 % Inntekter: ,8 % Netto ,8 % Tannhelse Kostnader: ,4 % Inntekter: ,8 % Netto ,2 % Opplæring Kostnader: ,7 % Inntekter: ,6 % Netto ,3 % Skatt og rammetilskot Inntekter: ,2 % Netto ,2 % Renter og avdrag Kostnader: ,0 % Inntekter: ,0 % Netto ,0 % Kraftinntekter Kostnader: ,3 % Inntekter: ,5 %
5 Side 5/5 Netto ,2 % Fellesfunksjonar/lønsavsetj. Kostnader: ,3 % Inntekter: ,8 % Netto ,2 % NETTO FYLKET TOTALT
Finansrapport 2. tertial 2015
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-6 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 23.09.2015 Fylkestinget 13.10.2015 Finansrapport 2. tertial
Godkjenning av tre prosjektrekneskap
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2015/12709-3 Saksbehandlar: Pål Andre Kleive Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 21.09.2016 Godkjenning av tre prosjektrekneskap Samandrag
Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs Ombygging for tilrettelagt opplæring
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2015/12709-5 Saksbehandlar: Pål Andre Kleive Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 03.05.2017 Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs
Finansrapport 1. tertial 2016
ØKONOMI - OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-9 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2016 Fylkestinget 14.06.2016 Finansrapport 1. tertial
Finansrapport 2. tertial 2017
ØKONOMI - OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-15 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 20.09.2017 Fylkestinget 03.10.2017 Finansrapport 2. tertial
Finansrapport 1. tertial 2017
ØKONOMI - OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-14 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 23.05.2017 Fylkestinget 13.06.2017 Finansrapport 1. tertial
Fylkesvegane - Plan- og byggeprogram 2016
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22536-3 Saksbehandlar: Lise Fauskanger Ådlandsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 11.11.2015 Fylkesutvalet 18.11.2015 Fylkestinget
Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016
Trafikktilbod - Skyss Arkivnr: 2014/278-42 Saksbehandlar: Stine Karoline Olsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 15.03.2017 Fylkesutvalet 30.03.2017 Fylkestinget
Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013
Budsjett 2014 Økonomiplan 2014-2017 Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Innleiing Fylkesrådmannen la fram Budsjettgrunnlaget for 2014 og økonomiplan for perioden 2014 2017 den 10. oktober 2013.
OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte
Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/34309-1 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget 13.12.2016
Jondalstunnelen AS- Takstreduksjon
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/34254-25 Saksbehandlar: Matti Torgersen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 05.09.2018 Fylkesutvalet 19.09.2018 Jondalstunnelen
Finansforvaltninga i 2016
ØKONOMI - OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-12 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 22.02.2017 Fylkestinget 07.03.2017 Finansforvaltninga i 2016
Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/14018-4 Saksbehandlar: Inger Lena Gåsemyr, David Aasen Sandved Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 14.09.2016
Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/297-2 Saksbehandlar: Helge Inge Johansen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 12.02.2014 Fylkesutvalet 19.02.2014 Bømlopakken - Gang- og sykkelveg
ØKONOMIAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget
ØKONOMIAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-4 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 18.02.2015 Fylkestinget 10.03.2015 Finansforvaltninga i 2014 Samandrag I saka
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1 Planlagt behandling: Formannskapet Kommunestyret BUDSJETTENDRING/TERTIALRAPPORT 2-2016 Vurdering: Oppsummering Samla venter
Omklassifisering av fylkesveg til riksveg
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/11976-38 Saksbehandlar: Helge Inge Johansen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 11.11.2015 Fylkesutvalet 03.12.2015 Omklassifisering
FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.
Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet
SKYSS Arkivnr: 2014/278-34 Saksbehandlar: Gudrun Einbu Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 06.09.2016 Fylkesutvalet 21.09.2016 Fylkestinget 04.10.2016 Kostnader for
Fv 550 Kråkevik Syreflot ferdigstilling av planarbeid
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/19360-4 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 19.11.2014 Fv 550 Kråkevik Syreflot ferdigstilling av planarbeid Samandrag
Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet
Fysisk sikring av Askøybrua
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/392-8 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 09.09.2015 Fylkesutvalet 23.09.2015 Fylkestinget 13.10.2015 Fysisk sikring
Sal av aksjar og rettar i AS Strandgaten 196
EIGEDOMSAVDELINGA Arkivnr: 2015/5926-10 Saksbehandlar: Guro Klyve Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 21.09.2016 Fylkestinget 04.10.2016 Sal av aksjar og rettar i AS Strandgaten 196
Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10276-15 Saksbehandlar: Knut Djuve Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 15.03.2017 Fylkesutvalet 30.03.2017 Omklassifisering av eksisterande
Elev- og lærlingombod i HFK
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16
Fylkesvegane i Hordaland - Plan- og byggeprogram 2017
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22536-6 Saksbehandlar: Lise Fauskanger Ådlandsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget
NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201208607-8 Arkivnr. 025 Saksh. Jon Rune Smørdal Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 25.09.2013-26.09.2013 15.10.2013-16.10.2013 NY PENSJONSORDNING
Endring i sonestruktur
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/15892-2 Saksbehandlar: Tom Arne Steinstad Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 13.05.2014 Fylkesutvalet 20.05.2014 Fylkestinget 11.06.2014 Endring
Søknad om samtykke til utviding av handelsareal i Fjord n senter, Eikelandsosen - Fusa kommune
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/14561-96 Saksbehandlar: Per Nordmark Saksgang Saksframlegg Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 06.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Søknad
Bomringen i Bergen - lågare inntekt i Bergensprogrammet etter innføring av tidsdifferensierte takstar
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22642-2 Saksbehandlar: Bjørn Inge Midtgård Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 28/17 21.02.2017 Fylkesutvalet 37/17 22.02.2017 Fylkestinget
Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over avslag på søknad om løyvefritak
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2018/10009-13 Saksbehandlar: Sigrid H Aardal Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Klagenemnda 49/18 11.09.2018 Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over
Kollektivterminalanlegg på Nonneseter - kjøp av bygningsmasse og feste av grunn
ØKONOMIAVDELINGA Arkivnr: 2015/3373-1 Saksbehandlar: Helge Haavardtun Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 22.04.2015 Fylkestinget 09.06.2015 Kollektivterminalanlegg på Nonneseter
Søknad om samtykke til detaljhandel- Kleppestø sentrum områdeplan Plan Askøy kommune
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/488-18 Saksbehandlar: Tina Sinclair Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 06.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Søknad
Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-1 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 22.09.2015 Opplærings- og helseutvalet 29.09.2015 Strategiplan
Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/5369-4 Saksbehandlar: Sunniva Schultze-Florey Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 18.08.2015 Fylkesutvalet 27.08.2015 Oppmoding om
FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-1 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 29.09.2010-30.09.2010 12.10.2010-13.10.2010 FINANSRAPPORT PR.
Søknad om fritak frå verv som medlem i fylkesutvalet i Hordaland - Mari K. Kjellesvik
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2017/732-175 Saksbehandlar: Merethe Helland Nordnæs Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Valnemnda 02.10.2018 Fylkestinget 02.10.2018 Søknad om fritak
Klagesak - Klage på vedtak av om tildeling av drosjeløyve R-214 knytt til Odda Taxilag AS
Kommunikasjonsseksjonen - Øk - og Org avd Arkivnr: 2015/8927-12 Saksbehandlar: Sigrid H Aardal Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Klagenemnda 15.03.2016 Klagesak - Klage på vedtak av 11.01.16
Tertialrapport pr. april rekneskapsprognose.
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2016/4742-1 Saksbehandlar: Karl Viken Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2016 Fylkestinget 14.06.2016 Tertialrapport pr. april 2016
Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/840-2 Saksbehandlar: Rolf Rosenlund Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 28.04.16 Fylkesutvalet 19.05.16 Brukarkvotar i Transportordninga
Tilskot til regionale prosjekt knytt til folkehelse/ sykkelvanar for barn og ungdom
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/957-10 Saksbehandlar: Hanne Espe og Britt Karen Spjeld Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 08.06.2016 Tilskot
Nye namn på skular i Hordaland fylkeskommune 2019
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2018/15305-41 Saksbehandlar: Guro Kjellerød Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 05.02.2019 Fylkesutvalet 20.02.2019 Fylkestinget 06.03.2018
Tertialrapport 2 tertial 2015
Tertialrapport 2 tertial 2015 for Balestrand kommune Rådmannen TERTIALRAPPORT 2. tertial 2015, periode 8/2015 1. Innleiing Det skal leggast fram rapport om rekneskapen i høve til budsjett og den kommunale
Forvaltingsrevisjon av Regionale utviklingsmidlar - handlingsplan for oppfølging
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2016/8763-1 Saksbehandlar: Jostein Farestveit Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 21.09.2016 Fylkestinget 04.10.2016 Forvaltingsrevisjon av Regionale utviklingsmidlar
Klagesak. Klage på vedtak - avvisning av klage - Askøy kommune, Fv. 219 Gnr. 18 Bnr. 22
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2015/293-8 Saksbehandlar: Merethe Helland Nordnæs Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Klagenemnda 19.10.2016 Klagesak. Klage på vedtak - avvisning av klage - Askøy
Forskrift om mellombelse bompengetakstar i Bergen - høyring
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/4913-4 Saksbehandlar: Thorbjørn Aarethun Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 16.11.2016 Forskrift om mellombelse bompengetakstar i Bergen - høyring
Planar for bybåtsambanda og turistrute Hardanger
Skyss Arkivnr: 2014/278-39 Saksbehandlar: Stine Karoline Olsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 06.10.2016 Fylkesutvalet 20.10.2016 Planar for bybåtsambanda og
Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.
Sakshandsamar, telefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 01.06.2017 Dykkar dato 29.05.2017 Vår referanse 2017/6833 331.1 Dykkar referanse Osterøy kommune, Rådhuset, 5282 Lonevåg OSTERØY KOMMUNE - BUDSJETT
ÅRSREKNESKAPEN 2008 FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE, UTTALE FRÅ KONTROLLUTVALET
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Sekretariat for kontrollutvalet Arkivsak 200804237-18 Arkivnr. 123 Saksh. Breistein, Roald Saksgang Møtedato Kontrollutvalet 06.05.2009 ÅRSREKNESKAPEN 2008 FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE,
Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/11453-89 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2017 Utval for opplæring og helse 05.09.2017 Fylkesutvalet
Bevaringsprogram for utvalgte arkeologiske kulturminne (BARK) - Prioritering av søknader til Riksantikvaren 2016
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2015/8551-23 Saksbehandlar: Solveig Lohne Rongved, David Aasen Sandved Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 19.01.2016
