Arealdelen av kommuneplanen Plan- og miljøvernleiar Kjersti Sande Tveit
Utgangspunkt Arealdel frå 1994 Kommunedelplan for sjøområda (kystsoneplan) frå 1999 Kommunedelplan for Bulandet og Værlandet frå 2010 Samfunnsdelen av kommuneplanen frå 2011
Føremål med planarbeidet Sette av areal til bustader og næring Sette av areal til fritidshus (avgrensa mengde) Sette av areal til småbåthamner Avklare bruken av strandsona (kor det kan byggjast og kor det ikkje kan byggjast)
Mål Ikkje fråflyttingskommune lenger så vidt Marginal etablering - liten toleranse for krav Liten kapasitet i administrasjonen Ingen krav om områderegulering Minst mogeleg krav om detaljregulering IKKJE FLEIRE DISPENSASJONSSAKER!
Eit stykke att til «perfekt» plan «Vegen vert til medan vi går»
Kva skal konsekvensutgreiast Framlegg til planprogram: «Ut frå det ein ser i dag, er tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag godt nok til å gjennomføre planarbeidet, og konsekvensvurderingane av utbygging det medfører, på dette plannivået. Det er ikkje trong for utgreiingar for spesielle tema utover det som vil inngå i konsekvensutgreiinga meir generelt.» Fylkesmannen: «Nokre viktige utgreiingstema er nemnde i kapitlet om fokusområde side 6 og 7, men vi saknar ei utfyllande oversikt over kva tema som skal utgreiast i konsekvensutgreiinga og ei vurdering av vidare utgreiingsbehov.»
Gjennom konsekvensutgreiinga skal ein vurdere verknader som planen kan få for miljø og samfunn. Følgjande utgreiingstema er aktuelle: Ureining Transportbehov og infrastruktur Kulturminne og kulturmiljø Naturverdiar og biologisk mangfald Landskap Sikring av jordressursar Folkehelse Friluftsliv og rekreasjon Universell utforming Beredskap og ulykkesrisiko Risiko ved havstigning Barn og unges oppvekstvilkår Arkitektonisk og estetisk utforming Næringsutvikling og sysselsetting Det skal gjerast konsekvensvurderingar både for kvart enkelt utbyggingsområde og for planområdet som heilskap. Ulike utbyggingsområde kan ha ulike utgreiingsbehov. Vurderinga av konsekvenser skal baserast på kjende registreringer (databasar, rapportar mv.) i kommunen og hos regionale styresmakter, faglege skjønn, synfaringar i området og andre kjende opplysningar. Gjennom planprosessen vil det truleg òg komme fram ny informasjon/kunnskap. For større tiltak må private forslagsstillarar rekne med at kommunen ber om nødvendig dokumentasjon, slik at kommunen kan vurdere og skildre verknadene av forslaget. Ein føreset at forslagsstiller kostar framskaffinga av denne dokumentasjonen. Tilhøve til nasjonale mål og retningsliner, fylkesplanar, kommuneplanar og andre relevante planar skal kort gjerast greie for i konsekvensvurderinga. Det skal gjerast greie for i kva grad tiltaket samsvarar med gjeldande planar og sikrar måloppnåing i høve til nasjonale og andre overordna målsettingar/føringar. Avbøtande tiltak skal vurderast der konsekvensutgreiinga finn at føreslått arealbruk kan få negative konsekvensar. Konsekvensutgreiinga skal ta utgangspunkt i metodikken i Statens vegvesen si handbok 140, og tilpassast plannivået og utfordringane i planområdet. Risiko- og sårbarheitsanalysen skal utførast i samsvar med «Samfunnssikkerhet i arealplanlegging. Kartlegging av risiko og sårbarhet», utgjeve av Direktoratet for sivil beredskap. Analysen skal omfatte vurderingar både av risiko som bebyggelsen kan verte påverka av, og risiko som utbygginga kan føre til.
Organisering av planarbeidet Konsulent: Asplan Viak v/trygve Andresen m.fl. laga utkast til plandokumenta, alt kartarbeid Styringsgruppe: Komité for plan - diskutert og valt prinsipp i planen. Møte om lag ein gong i veka sidan januar 2013, mest heildagsmøte (9-15). Har gjort planen til sin eigen, og står for alt innhaldet. Administrasjonen: Sekretær og rettleiar - har omarbeidd planomtale og føresegner
Innspel Skriftlege innspel (skjema) Gruppearbeid på folkemøte Munnlege innspel (telefonar, folk innom) Styringsgruppa/administrasjonen sine eigne «innspel»
Sortering av innspel Stort tal innspel, gjerne med fleire område i kvart Mange upresise innspel og mange innspel av typen «eit hus her, eit naust der og ei kai litt lengre bort» eller berre eit kryss eller ein sirkel på kartet, eller heile eigedomen på gardskart Brukte mykje tid på å finne avgrensing av innspela, slå saman ulike innspel og velje rett føremål, dvs. rett og slett definere dei områda som skulle konsekvensutgreiast
Grovsiling av innspel Minimalt med innspel forkasta før KU (7 stk.) Delvis misforståing, delvis urøynde politikarar som ikkje ville si nei for tidleg (såg ikkje heilt dei nei-grunnane som var heilt opplagte for adm. og konsulent ) I staden for ei enkel vurdering av innspela, som vi kunne bruke til grovsiling, fekk vi ei «ferdig» KU for alle områda (ca. 140 stk.)
KU Planen skulle leggast ut før sommarferien - måtte improvisere i siste lita Innarbeidde eit avsnitt om dei innspela som ikkje var gått til KU I staden for å ta ut av KU-dokumentet dei områda som ikkje var med i planen, føydde vi berre til eit avsnitt om styringsgruppa sin konklusjon.
Innspel som er forkasta
Planskildring - omsynssoner
Planskildring - omsynssoner
ROS-analyse
KU - metode
LNF spreidd
Planskildring - byggjegrenser Byggjegrense langs sjø er i utgangspunktet 100m, jfr. pbl 1-8. I planen er det teke inn at nødvendige tiltak for landbruk er lov i 100m-beltet. I byggjeområde er byggjegrensa 100m, men dette kan vurderast ved utarbeiding av reguleringsplan for eit område. I fleire av LNF-spreidd-områda er det sett ei byggjegrense som er lågare enn 100m, ut frå ei konkret vurdering: Hestvika: Potensiell rasfare og byggjegrense langs fylkesveg avgrensar tilgjengeleg byggjeareal. Det ligg busetnad på sjøsida av fylkesvegen frå før. Flokenes: Det ligg allereie busetnad nærare sjøen enn 100m. I tillegg ligg kommunale vegar mellom busetnad og sjøen. Yndestad: Arealet går bratt opp frå sjøen, og er lite tilgjengeleg for allmenta pga. omkringliggande tomter og dyrka mark. Med mindre byggjegrense vil det vere rom for betre utnytting og landskapstilpassing på arealet. Gjervik-Kumle: Det er lite areal tilgjengeleg på oppsida av fylkesvegen. Det ligg dyrka mark på både oppsida og nedsida av fylkesvegen, som ikkje bør byggjast på. I bakkane ned mot sjøen er det areal som kan byggjast ut utan å vere i konflikt med dyrka mark eller allmenne interesser. Melvær nord: Det er ønskjeleg å legge ny busetnad i tilknyting til eksisterande busetnad. Gjelsa: Det er ønskjeleg å byggje ut i samsvar med eksisterande busetnadsmønster. Dersom det skal vere mogeleg å byggje på øya, må det vere nærare sjøen enn 100m. Det ligg allereie busetnad heilt i strandkanten.
Naust
Nye byggjeområde Generell byggjegrense mot sjø 100m Krav om reguleringsplan Nøyaktig byggjegrense og innhald innanfor området kan vi ta stilling til i reguleringsplanen tenkte vi Tabbe vi har ikkje konsekvensutgreidd dette!
Røynsler Ønske om færrast mogeleg dispensasjonssaker og reguleringsplanar (rett frå arealdelen til byggjesak) Avgrensingar i lovverket kan i stor grad berre gje retningsliner, som ikkje gjev heimel for avslag på søknader Anten må vi lage detaljert arealdel med føresegner for dei enkelte områda, eller så må vi lage reguleringsplanar Reguleringsplan det einaste saliggjerande?
Kva no? Fylkesmannen: Konsekvent gått til motsegn mot «alt» i 100m-beltet 27 motsegner til byggjeområde/lnf spreidd 6 atterhald om motsegn på reguleringsplannivå «Forhandlingar» med fylkesmannen om 2-3 veker Så får vi sjå