ÅRSPLAN TREUNGEN BARNEHAGE 2016-2017 LEIK OG SPRÅK Nissedal kommune Eining for barnehagar Side 1
Velkommen til barnehagen "Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver" er retningsgjevande for alle barnehagane i Norge. Ny Rammeplan er under arbeid, og vil gjelde frå hausten 2017. Med utgangspunkt i Rammeplanen skal vi kvart år utarbeide ein Årsplan som konkretiserer arbeidet i vår barnehage. Årsplanen skal vere - ein arbeidsreiskap for personalet for å styre verksemda i ein bevisst og uttala retning - eit utgangspunkt for foreldra til å kunne påverke innhaldet i barnehagen - grunnlag for kommunens tilsyn med barnehagen - informasjon ut om barnehagens pedagogiske arbeid Årsplanen er fastsett av samarbeidsutvalet (SU). Desse er med i SU: (vararepresentantar i parentes) Camilla Sunde Haugstøyl (Olav Gaastjønn Tveit) eitt år til. Hilde Holskar (Roy Åge Homme) for to år. Linda Felle (1.vara: Morten Rygh Pedersen, 2.vara: Turine Wik Kåsa ) eitt år til. Caroline Soest (Jorun Marie Johansson) for to år. Gro Midtsund, styrar, er sekretær. På foreldremøte i april fylte foreldra ut eit "kvalitetskryss" i samband med at barnehagen hadde kommunalt tilsyn. Dei arbeidde i smågrupper og svarte på følgjande spørsmål: Kva fungerer godt? Kvifor? Kva bør fungere betre? Korleis? Fleire av gruppene har ønskje om meir fysisk aktivitet: dans, uteaktivitetar, turar. Dette samsvarar med personalet si evaluering: fysisk aktivitet må få høgare prioritet. På spørsmålet om kva som fungerer godt, blir ord som trygghet, trivsel og omsorg nemnt fleire gonger. Satsingsområde Leik og språk blir òg nemnt. Igjen er det samsvar med personalet sine tankar: Trygghetssirkelen, leik og språk blir med oss vidare. Takk for gode og konstruktive tilbakemeldingar på barnehagen og arbeidet vi gjer. Med utgangspunkt i stikkorda frå dykk og vår evaluering har vi laga denne Årsplanen for Treungen barnehage 2016-17. I N N H A L D Satsingsområde: 3 Leik og språk Mål 3 Pedagogisk grunnsyn 3 Meir om leik og språk 4 Trygghetssirkelen - 6 Circle of security Være sammen 7 Barn sin medverknad 7 7 fagområde 7 Overgang frå barnehage 8 til skule Å by barnet opp til dans, 8 Danseskjema Evalueringsarbeid 9 Dokumentasjon 9 Side 2
Vi vil halde fram med å ha leik og språk som satsingsområde Leik vil alltid vere ein sentral del av barndom og barnehage. Sjølv om vi har arbeidd med leiken i fleire år nå, meiner vi at vi fortsatt har mykje å lære. Vi har òg fått mange tilbakemeldingar, både frå barn, foreldre og fagfolk, om at leik er verdt å satse på. Fram til no har vi hatt mykje teori om leik og leikeutvikling. I kvardagen har vi arbeidd med å få til ei aktiv og god vaksenrolle. Vidare framover vil vi jobbe meir med å bruke leiken bevisst til å bygge relasjonar blant barna. S AT S I N G S - O M R Å D E Språk er valt som eit felles satsingsområde for barnehage og skule i Nissedal kommune. Språk er ein naturleg og nødvendig del av leiken, og vi ser at det er fruktbart å arbeide med desse to områda parallelt. Tre av pedagogane våre deltek på ei kursrekke innanfor realfag. Innhaldet derifrå lar seg fint kombinere med språksatsinga vår. Sjå meir om Leik og språk på side 4. Mål Vi vil skape eit godt leikemiljø fylt av positive relasjonar og gode dialogar Denne målsettinga vil vere overskrifta for personalsamarbeidet og arbeidet med barna dette barnehageåret. Delmål: Personalet skal - skape positive relasjonar (vaksen-barn og barnbarn) - gje barna støtte til gode dialogar - inspirere til og delta i rolleleik - legge til rette for fysiske utfordringar i leiken - leike med og utforske språket saman med barna Avdelingane vil etter kvart planlegge det konkrete arbeidet ut frå desse delmåla. Månadsbreva vi sender til heimane vil innehalde informasjon om dette. Mål: Vi vil skape eit godt leikemiljø fylt av positive relasjonar og gode dialogar Sjå meir om innhald til delmåla på side 4-5 og om Månadsbrev side 9. Pedagogisk grunnsyn Det viktigaste er å få leike Denne haldninga skal prege tankane våre både i planleggingsarbeid og når vi er saman med barna i kvardagen. Side 3
"Mange mener at lek er barns arbeid, og at det er gjennom lek barn utvikles og lærer. Lek og læring er separate fenomener, men så tett sammenvevd at de er umulige å skille i barns liv." Sitat frå boka "Det viktigste er å få leke" av Margareta Öhman Her er den: Meir om leik og språk På planleggingsdagen i august arbeidde vi med leik og språk. Spørsmålet "Korleis kan vi skape eit godt leikemiljø fylt av positive relasjonar og gode dialogar?" var utgangspunkt for å tenke høgt saman. Vi brukte dei fem delmåla på side 3 (relasjonar, dialog, rolleleik, fysiske utfordringar i leiken, leik med språket) som disposisjon for ei oppsummering i stikkords form. Personalet skal skape positive relasjonar (vaksen-barn og barn-barn) Tid, felles opplevingar i små og store grupper, gjere barna merksame på kvarandre, personale som viser interesse og har glød og glimt, personale som er aktive og engasjerte, personale som "tenker med hjertet" og har "glada ögon", gje trygghet, fysisk kontakt, positive tilbakemeldingar, god innkøyring ved barnehagestart/god overgang til ny avdeling, gje omsorg, skape tillit, rettleiing og fagkunnskap, lytte, vennskap, inkludere/gje rom for ein til, respektere, vere obs på utestenging Personalet skal gje barna støtte til gode dialogar Tid og "rom" til 1:1 og små grupper, vere bevisste på at vi er rollemodellar, gå vidare på det barnet seier, lytte og tolke og forstå, ta barnets perspektiv, gje gode beskjedar (egbodskap, sei det du vil barnet skal gjere), augekontakt, tenk over språket ditt, speile: bekrefte og setje ord på følelsar, empati, vente på tur/gje tur, felles opplevingar, mimikk og kroppsspråk Personalet skal inspirere til og delta i rolleleik Fagleg påfyll, vere engasjert og leiken, gjere det barna gjer, ta roller, fantasi, lage krokar og "rom" ute og inne, vere "bak/framfor/ved sida av" barna i leiken, tema, rekvisittar, på barnas premisser, seie JA! alt er mogleg Personalet skal legge til rette for fysiske utfordringar i leiken Ha klede og sko til all slags vær, fleksible vaksne, gripe øyeblikket, finne plass til ulik type leik, gje akkurat nok hjelp, legge til rette for alle, mestring, bruke det vi har på nye måtar, musikk og song og dans, drama, leik i skogen, gymsal, herje og boltre, byggje Side 4
"De voksne må delta i leken. De må være med. De må ned på gulvet, sammen med barna. Da skjer det noe!" Sitat Birgitta Knutsdotter Olofsson Personalet skal leike med og utforske språket saman med barna Rim og regler, rime, tulle- og tøyseord, bøker (på fanget og på storskjerm), høyre på lydar, lage historier, framandspråk, smake på nye ord, humor og vitsar, bruke tips og aktivitetar frå realfagkurset (t.d. seie sirkel i staden for runding), "Grep om begrep" for 5-åringane, dramatisering, song og bevegelse. Desse stikkorda skal vi bruke til vidare refleksjon og planlegging. Spørje oss sjølv og kvarandre: - "Kva skal vi/eg prioritere?" "Kva treng enkeltbarn, kva treng gruppa?" - "Kva legg vi i.?" "Korleis kan vi jobbe med det?" - "Kva meiner eg?" - og ikkje minst: "Korleis vil eg vere?" På den måten vil vi arbeide med bevisstgjering av oss sjølv og rolla vår. "Barn, de skal man snakke til som til alle andre folk" Sitat Anne-Cath Vestly Side 5
"Trygghetssirkelen" Som de ser av illustrasjonen under, er Trygghetssirkelen laga med tanke på samspel foreldre barn. Den handlar om tilknyting mellom barnet og viktige vaksne, og korleis vi kan forstå barnets behov. Foreldra vil alltid vere "viktig vaksen nr 1". Personalet i barnehagen kjem kanskje som nr 2? I alle fall gir Trygghetssirkelen gode føringar for kva barnet treng av oss. Vi må arbeide for å vere ein "trygg base sikker hamn": som støttar barnet i utforsking og som tek imot barnet når det kjem til oss. Ein slags ladestasjon for trygghet og omsorg. C I RC L E O F S E C U R I T Y Vi skal alltid vere: større, sterkare, klokare og god. Når mogleg: følg barnets behov, når nødvendig: ta tak/leiing Sitat frå Trygghetssirkelen "Små barn er som el-biler med dårlig batteri. Derfor trenger vi mange ladere" Bård Lyster, psykologspesialist Vi har nå arbeidd med Trygghetssirkelen i to år. Den har vore tema på møter, kurs og planleggingsdagar. Vi har òg brukt den som utgangspunkt for faglege drøftingar og refleksjonar rundt konkrete situasjonar i kvardagen. Dette ønskjer vi å gjere meir av: - trene oss på observasjon og refleksjon med utg.pkt i Trygghetssirkelen - innhald frå boka "Se barnet innenfra" blir i år brukt på avdelingsmøta der heile personalet er med. Side 6
"Blir man ikke sett, er man ingenting" CC Cowboys, Grønneberg "Være sammen" Pedagogar frå alle barnehagane i kommunen skal denne hausten på "Være sammen"- kurs. I løpet av barnehageåret vil alle pedagogane i vår barnehage ha fullført kurset. Det arrangerast i samarbeid med Universitetet i Stavanger, og dreiar seg om kompetanseheving i barnehagen. Kurset går over fire dagar. "Være sammen" har 5 kjernepunkt: den autoritative vaksenstilen relasjonsbygging og kommunikasjon tidleg innsats handtering av utfordrande åtferd implementering og organisasjonsutvikling Teorigrunnlaget i dette opplegget går godt saman med det vi arbeider med frå før. Vi vil bruke avdelingsmøter, assistent- og pedagogmøter til å formidle og drøfte teorien frå kurset. Kanskje det òg vil vere eit aktuelt tema på foreldremøte. Barn sin medverknad I alle drøftingar og situasjonar må vi hugse på barns rett til medverknad. Dei skal få gje uttrykk for kva dei meiner og kva dei vil. Vi må lytte, og vurdere korleis vi best kan ta vare på barnas ønskjer og behov. Barn i barnehagen har rett til å gi utrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet." Barnehagelova 3 7 fagområder Rammeplanen deler barnehagens innhald opp i sju fagområder. - kommunikasjon, språk og tekst - kropp, bevegelse og helse - kunst, kultur og kreativitet - natur, miljø og teknikk - etikk, religion og filosofi - nærmiljø og samfunn - antal, rom og form Rammeplanen inneheld mål og metodar for kvart fagområde. "Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver" finn du på: http://www.regjeringen.no/upload/kd/vedlegg/barnehager/rammeplanen.pdf Side 7
Kvart fagområde dekker eit vidt læringsfelt. I leik og kvardagsaktivitetar er ofte eitt eller fleire av fagområda representert. I barnehagen vil fagområda bli knytt til kvardagssituasjonar som måltid, stell, avog påkledning, leik og kos. Frå 2-3årsalderen er rolleleiken eit godt utgangspunkt for å arbeide med fagområda. For dei eldste barna i barnehagen vil temaarbeid/aktivitetar i 5-årsklubben og elles vere eit naturleg supplement til leiken og kvardagssituasjonane. Gode prinsipp frå Trygghetssirkelen kan òg vere ei rettesnor for korleis jobbe med fagområda: Ettåringen: "La meg vere tett innpå" Frå 1 til 2 år: "Forstå meg og støtt meg i ulike følelsar" Frå 2 til 3 år: "Hjelp meg i leiken" Frå 3 til 6 år: "Fortell meg historier, la meg lære nye ting og leike med dei andre barna, men ver der når eg treng deg" Overgang frå barnehage til skule Nissedal kommune har ein plan for arbeidet med barns overgang frå barnehage til skule. Målet er: Trygg og god skulestart for alle. Planen skisserer diverse aktivitetar for dei som går det siste året i barnehagen, m.a.: førskulegruppe i barnehagen, besøk på skulen, turar og aktivitetar saman med dei andre barnehagane og 1.kl, førskuledagar. Planen blir delt ut til dei som har 5-åringar i barnehagen. Vi har 5-årsklubb for barna som går siste år i barnehagen. Dei aktuelle heimane får tilsendt eit skriv om 5-årsklubben, med informasjon om mål og innhald. Å by barnet opp til dans, "Danseskjema" "Å by barnet opp til dans" (Danseskjema) er eit system for dokumentasjon av barnehagens innsats over tid når det gjeld språkstimulering og utvikling. Ordet "danse" er brukt fordi at å danse saman, krev at ein følgjer kvarandre i bevegelsar og trinn. På same måte er det å snakke saman eit komplisert samspel. Arbeidsmateriellet som fylgjer skjemaet, legg vekt på personalet si rolle og kva dei kan bidra med. Det inneheld metodar som vi meiner står godt saman med satsingsområdet vårt: leik og språk. Skjemaet kan fyllast ut av foreldre, pedagogar og fagarbeidarar/assistentar, og vil vere utgangspunkt for foreldresamtalane. Vi har nå brukt Danseskjemaet i to år. Erfaringane er stort sett positive. I dei fleste tilfella er skjemaet eit godt utgangspunkt for drøftingar i personalet og i foreldresamtaler. Det er lærerikt, men tidkrevjande å bruke Danseskjema med heile personalet på avdelinga. Vi må fordele arbeidet på fleire avdelingsmøter, og ikkje berre i samband med foreldresamtalene. Danseskjemaet blir sendt til heimane saman med invitasjon til foreldresamtale. Då kan de gjere dykk kjent med skjemaet, og evt fylle det ut før samtala. Side 8
Evalueringsarbeid Vi har avdelingsmøte ein gong i månaden. Heile personalet møtast til felles informasjon og fagleg drøfting. Siste del av møtet arbeider vi avdelingsvis. Evaluering av arbeidet vårt skal vere fast sak på desse møta. Vi tek utgangspunkt i målformuleringane i Årsplanen og månadsbreva. Har vi nådd måla? Kva må vi jobbe meir med det? Ser vi andre og nye utfordringar? Denne evalueringa blir grunnlaget for mål og planar for den neste månaden. Månadsbreva, som vi sender til dykk, skal innehalde: - eit kort referat frå førre månad, med refleksjonar og evaluering - mål for månaden som kjem, gjerne med sitat frå Rammeplan eller Årsplan. Vi tek utgangspunkt i delmåla på side 3 og stikkorda på side 4 og 5. - informasjon om kva vi vil gjere, kva vi vil at barna skal oppleve/gjere og tankar om vaksenrolla I fjor fylte foreldra ut eit "kvalitetskryss" som inneheldt spørsmåla: Kva fungerer godt? Kvifor? Kva bør fungere betre? Korleis? Svara vi fekk, brukar vi aktivt når vi no planlegg. Er dette ein god måte å trekke foreldra med i evalueringsarbeidet på? Mot slutten av året må vi, saman med foreldrerepresentantane, planlegge korleis vi kan gjere det våren 2017. I alle fall: Velkommen til oss med tankar og tilbakemelding. På stort og smått. Ris og ros. Vi skal lytte så godt vi kan. Med hovud og hjerte. Dokumentasjon Den beste dokumentasjonen barnehagen kan gi er glade og fornøgde barn. Barn som leikar og som trivast. Kontakt ved bringing/henting, foreldresamtaler, Danseskjema og månadsbrev vil gi foreldre informasjon om barnas kvardag. Møteinnkallingar og -referat gir informasjon om det faglege arbeidet i personalgruppa og i barnehagen. Side 9