JOTUNHEIMEN BUSTADPROSJEKT Nye, eksklusive sjølveigarleiligheiter i Øvre Årdal Framtidsretta bukvalitetar Heis, terrasser, gasspeis, garasje Adresse, Elvavegen 2-6 Utbyggar: JDV 2 AS
Jotunheimen bustadprosjekt Bustadkomplekset er arkitektteikna av det lokalkjente arkitektkontoret Erling Haugen AS. Dei har brukt sin lokalkunnskap og lagt vekt på å få fram framtidsretta bukvalitetar. Felles innkøyring til garasjekjeller, heis frå kjeller og direkte til kvart plan i alle tre bygga. Store uteplasser, både på felles grøntareal og private terrasser og balkonger. Beliggenheiten er svært flott med turstiar rett utanfor, fiskeelva Utla som renner forbi og med Jotun Stadion som næraste nabo, er det kort veg for å få seg ein dukkert, ein treningstime eller vere tilskuar i det aktive idrettslaget. Nokre få gåminuttar til sentrum og ein har tilgang til alle servicefunksjonar.
Type eigedom Sjølveigarleiligheiter. Pr. 1. november 2009 er 16 leilighetar selde. Adresse Elvavegen 2-6 Matrikkel Gnr 18 Bnr 331 Snr i Årdal Kommune. Bustadane er seksjonerte. Bebyggelse Dei tre bygningane i sameige vil bli tilpassa eit veletablert bustadområde. Jotun Stadion blir næraste nabo. Byggemåte Det er i prosjektet lagt vekt på at bustadkomplekset skal passe for bebuarar i alle aldersgrupper og med ulike behov. Difor er det mange ulike type leiligheiter i prosjektet, både når det gjeld planløysning og størrelse. Bygga har ulikt fasadeuttrykk og i samme bygning kan uteplasser, balkonger og terrasser vere usymmetrisk plassert. Bygningane er bygd av bindingsverk og utvendig kledd med ein kombinasjon av plater og panel. Nye byggeforskriftskrav som vil kome i framtida, blir nytta i byggingen. Innhold Prosjektet inneheld tilsaman 23 leiligheter fordelt på tre bygningar: Bygg A er i tre etasjer og inneheld 6 leiligheiter Bygg B er i fire etasjer og inneheld 11 leiligheiter Bygg C er i tre etasjer og inneheld 6 leiligheter. Alle leiligheitene har biloppstillingsplass og boder i kjeller. Herfra går det også heis til kvar bygning og leilighet. 2-roms: 3 leiligheiter 3-roms: 11 leiligheiter 4-roms: 8 leiligheiter 5-roms: 1 leiligheit Vi viser til skjema/illustrasjon seinare i prospektet som viser dei ulike leiligheitene i dei ulike bygga. Arealer Leiligheitene sin størrelse, etasje og pris fylgjer av prisliste. Sportsbod Alle leilighetene vil få kvar sin sportsbod i kjeller. Her vil det også bli felles sykkelparkering. Standard Bustadkomplekset i sin heilheit vil ha høg standard. Forskriftskrav som vil komme, men enno ikkje er innførte vil bli fulgt under byggingen. Det er lagt store ressursar og mykje vekt på å utforme bygningane som estetisk flotte og tilpasssa eit etablert bustadområde. Uteområde/fellesareal skal ha høge kvalitetar med grøntområde, granitt og stein. Oppvarming Alle leiligheitar vil ha varmekabler på bad/vaskerom. Gassomn/peis i stove. Elles elektrisk oppvarming. Tomten Festetomt, der grunneigar er Årdal Kommune. Sameige har avtale om kjøp av tomten. Parkering Felles garasjeanlegg i kjeller inkl. sykkelparkering. Sameige Alle seksjonseigarar vil måtte betale fellesutgifter etter sameigebrøk/faktisk forbruk. Fellesutgifter vil blant anna vere kommunale avgifter som vatn, kloakk, renovasjon, eigedomskatt, straum i fellesareal, snømåking, avsatt til framtidig vedlikehold etc. Da sameige er nytt, er det usikkert kva som vil vere dei rette fellesutgiftene. Erfaringsmessig vil dei ligge på ca kr. 15/kvm. Dette betyr at ein leiligheit på 80 kvm vil betale kr. 1200,- pr mnd i fellesutgifter. Hefte Sameige vil ikkje ha fellesgjeld. Sameige har lovbestemt panterett tilsvarande folketrygdens grunnbeløp og/eller tinglyst panterett. Panteretten fylgjer seksjonen og kan ikkje slettast. Rettar og plikter Sameigarane må fylgje vedtekter, sameigeavtalar og bestemmelsar som blir vedtekne i styret. Kjøpekontrakt Kjøpekontrakt blir utarbeida i henhold til Lov om bustadoppfølging. Oppgjer Terra Eigedomsmegling, Årdal skal foreta kontrakts- og oppgjersarbeidet. Innbetalingar skal skje til megler sin klientkonto. Ved utbetalingar til utbyggar vil det vere krav om garanti og dermed ingen risiko for kjøpar.
Forbehold Alle bilder og illustrasjonar kan ha mindre avvik fra faktiske forhold. Regulering Eigedomen er regulert til bustad. Reguleringføresegner kan ein få hjå utbygger. Overtakelse Ved kjøp kan ein pårekne innflytting 2-3 månadar etter kontraktskriving. Ferdigattest Brukstillatelse vil foreligge før overtakelse og seksjonering skal vere gjennomført og tinglyst. Omkostningar Då dette er nyoppført bustad, så betalar ein berre dokumentavgift av tomteverdien (og ikkje av den totale kjøpesummen). Tinglysing av skøyte, kr. 1548,- Tinglysng av pantedok, kr. 1935,- Pantattest, kr. 172,- Forbehold om endring av statens satsar Betalingsvilkår: Kjøpesummen skal betalast i rater : 1. 10 % ved kontraktskriving 2. Rest ved innflytting Utbygger: JDV 2 AS Forsikring Eigedomen blir forsikra i sameige. Kvar seksjonseigar må forsikre sitt innbu. Ligningsverdi Ikkje fastsatt Eigne notater
Beskrivelse av leiligheiten Golv: Olja eikeparkett med eik golvlist Bad: Fliser type Høganæs el tilsv Bod: Vinylbelegg Vegger: Måla miljøstrie på plater/betong Bad: Fliser type Høganæs el tilsv. Himling: Måla gipsplater Vindauge og terrassedører: Trekarm innvendig, aluminium utv. U-verdi, 1,4 Måla karmar, foringar og listverk. Innvendige dører: Glatte dørblad av bjørk. Måla karmer, foringar og listeverk. Mattforkromma beslag. Kjøkken: Kjøkkeninnredning vil ha høg standard av kjent merke. Kvitevarer er inkludert. Bad: Baderomsinnredning vil ha høg standard av kjent merke. Vegghengt toalett og dusjkabinett. Gass: Alle leiligheiter vil vil ha gassomn i stove. Det vil også bli lagt opp ledningsnett til kjøkken for den som måtte ynskje å ha gasskomfyr. Fleksibilitet I prosjektet vil det bli lagt vekt på at kvar kjøpar vil få stor medbestemmelse i valg av interiørløysingar. Innanfor ei gitt vare-/prisgruppe, kan kjøparvelge alt fra kjøkken-/baderomsinnreiing til innderdører og golvtype. Beskrivelse av bygningane Bærande konstruksjon Hovedberesystem i brannbeskytta stål og betong. Kjeller/garasje av plassbygd betong med overliggande holdekke. Yttervegger Yttervegger av bindingsverk med 250 mm mineralullisolasjon, kledning med trepanel og plater. Tak Lett-tak element med 400 mm steinull, folietekking og innvendige nedløp. Etasjeskilje Betongdekke med trinnlydisolasjon og nedlekta gipshimling. Skiljevegger mellom husvære: Betong eller lydvegger av stendarverk/plater Vegger i husvære Lettvegger av stendere /stå/tre) med gips og måla miljøstrie. Balkonger/terrasse Balkongplater av prefabrikert betong. Betongheller på terrassegolv. Innvending takhøgde 250/270 cm i opphaldsrom. 225 cm i bad, bod og gang Fellesareal Overdekka inngangsparti. Hydraulisk heis fra garasje til alle etasjer. Mål innvending heisstol 110 * 140 cm. Betongtrapper med skifer i trinn. Skifer på golv i felles gangareal. Måla vegger og himlingar. Felles postkasseanlegg ved hovedinngang. Utomhusareal Utbyggar vil legge stor vekt på å få til eit utomhusområde som er tiltalande og funksjonelt. Ein har difor nytta landskapsarkitekt for utforming av heile uteområdet. I korte trekk kan nemnast naturstein på gangareal. Kantstein av råstein og granitt. Opparbeida køyrevegar for bil. Flott belysning rundt heile anlegget. Beplantning, møblering og leikeareal. Meir info om dette hjå utbyggar.
Seld
Seld
Seld
Seld Seld
Seld Seld
Seld Seld 3
Seld Seld
Seld Seld
Seld
Seld Seld
Kontakt: Jotunheimen bustadprosjekt v/jdv 2 AS Ole Vidar Øren mobil 41 41 33 79 Eilert Olsen mobil 911 33 770