Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student og lærarvurderingane som vart gjennomført vårsemesteret 2012. Sensorvurdering er ikkje gjennomført då denne vert gjort i samanheng med eksamenssamarbeidet mellom Austevoll, Bergen, Måløy og Kristiansand. 1.0 Generelle kvalitetsindikatorar Kvalitetssystemet etterspør kvantitative data på tal og nivå på søkarar, eksamensresultat og gjennomstrømming. Leiinga har sjølv vurdert kva som er kritisk verdi for utdanninga og om det er naudsynt med korrigerande tiltak. Totalt tal studentar [2011-2012]: 44 Tal på søkarar til 1. klasse: 25 Tal på studentar tatt inn: 25 Tal på uteksaminerte studentar: 40 ( 1. og 2. år ) Tal på studentar med bestått vitnemål: 18 ( 2.år) Leiinga si kommentar/oppsummering: Dette skuleåret var svært utfordrande for Austevoll maritime fagskule. Den 12. desember vart heile avdelinga skada av brann. Heile simulatorparken, serverrom, arkiv, kontor og klasserom vart råka. Med kreative løysingar og velvilje frå alle tilsette ved skulen var studentane attende i undervisning etter 2 dagar. Tross dette er vi nøgd med studentane sine resultat. Fagskulen har ein god lærarsituasjon. Vi har tilsett nye lærarar med oppdatert kompetanse. Desse jobbar både i fagskulen og på vgs. Dette gjer at vi i større grad kan vidareføre planar om eit betre samarbeid mellom skulane og vi er betre rusta til å møte utfordringane som vi møter når to av våre nautiske tilsette går av med pensjon våren 2013. Austevoll maritime fagskule er no flytta inn att i avdelinga som vart brannskada. Vi har utvida det eine klasserommet og nye kontor er på plass. Det som står att er sjølve tårnet. Her er det planlagd nye simulatorar og vi ser fram til at det arbeidet vert sett i gong. Vi tok inn 25 studentar i 2011. Av desse var det 2 som ikkje møtte og 2 slutta fyrste halvår. Sluttarane gjev som grunn økonomi.
2.0 Vurdering av utdanningstilbodet I det fylgjande vert det gjeve ei framstilling av student- og lærarevalueringane. Spørjeskjema for studentar og lærarar har fleire samanfallande punkter, og svara vil derfor verte framstilt under eitt. Deretter vert sensorane sine evalueringar formidla og til slutt gjev leiinga si vurdering og oppsummering av evalueringane. A. Innhald i utdanninga - Studentane sin kjennskap til opplæringsplan Studentar1. år: 1 (Svært dårleg) 0 2 22.2 3 33.3 4 44.4 5 0 6 (Svært godt) Studentar 2. år: 1 (Svært dårleg) 0 2 5.9 3 35.3 4 23.5 5 29.4 6 (Svært godt) 5.9 - I kva grad meinar studentane at opplæringa er i samsvar med opplæringsplanen 1 (Svært liten grad) 0 2 5.6 3 16.7 4 55.6 5 22.2 6 (Svært stor grad) 0 1 (Svært liten grad) 0 3 23.5 4 35.3 5 23.5 6 (Svært stor grad) 17.6 - Lærar si vurdering av skulen sin opplæringsplan 1 (Svært dårleg) 0
3 0 4 67.6 5 19.1 6 (Svært god) 13.3 Eventuelle styrker/svakheiter ved opplæringsplanen (lærar): Lærarane ser fram til bruk av nye planar skuleåret 2012-13. Vi ynskjer å betre resultata for kjennskapen til opplæringsplanen. Større bevisstgjering av denne til alle studentar. Lettare tilgjengeleg i alle fag på It`s learning. Nye læreplanar vert tatt i bruk skuleåret 2012-2013. Faglærarane har vore med i utviklinga av desse saman med alle maritime fagskular i landet. Det er ein del endringar i desse planane. Det er m.a større fokus på e-navigasjon i F1 og her er det kome inn 2 nye kurs; ECDIS og BRM. For å tilby dette for studentane må ein oppjustera simulatorutstyret noko. B. Undervisninga - Studentane si tilfredsheit med opplæringa Studentar 1. år: 1 (Svært misnøgd) 3.9 2 8.7 3 19.1 4 39.8 5 20.5 6 (Svært nøgd) 8.0 2 4.8 3 23.5 4 28.5 5 23.6 6 (Svært nøgd) 19.6 - Studentane sin meining om framdrifta i opplæringa Studentar 1.år 1 (Svært misnøgd) 8.7 2 11.9 3 19.0 4 29.9 5 19.8 6 (Svært nøgd) 10.8
Studentar 2. år: 3 5.9 4 35.3 5 35.3 6 (Svært nøgd) 23.5 - Studentane si tilfredsheit med det faglege nivået på opplæringa Studentar 1.år :.8 3 0.8 4 45.4 5 27.2 6 (Svært nøgd) 19.8.8 3 5.0 4 22.4 5 45.4 6 (Svært nøgd) 26.4 - Lærar si vurdering av undervisningstilbodet 1 (Svært dårleg) 2 3 16.7 4 66.6 5 16.7 6 (Svært god) 0 Eventuelle styrker/svakheiter ved undervisningstilbodet (lærar): Lærarundersøkinga og medarbeidarsamtalar syner at lærarane stort sett er nøgd med undervisningstilbodet. Dei har gjeve uttrykk for at det har vore eit spesielt år grunna brann i avdelinga, men at dette ikkje har påverka undervisningstilbodet nemneverdig. Simulator-avdelinga er noko
redusert etter brannen, då fyrst og fremst i redusert kapasitet grunna nye lokale. Studentundersøkinga viser dårlegast resultat frå 1.år studentar. Etter gjennomgang av kvar einskild modul og støttefag, kjem det fram eit tydeleg avvik frå normalen. Dette er ikkje noko overrasking for leiinga, då dette har vore kjend ei stund. På bakgrunn av samtalar med studentar og lærarar er det gjort tiltak som vil verta nøye fylgt opp vidare. C. Arbeidsmetodar - Studentane si meining om grad av variasjon i arbeidsmetodar 1 (Svært liten grad) 11.1 2 8.7 3 26.2 4 30.0 5 18.4 6 (Svært stor grad) 5.6 1 (Svært liten grad) 5.9 2 7.8 3 25.5 4 21.6 5 19.6 6 (Svært stor grad) 17.6 - Lærar si vurdering av rettleiinga til studentane 1 (Svært dårleg) 2 3 4 14.2 5 71.4 6 (Svært god) 14.4 Eventuelle styrker/svakheiter ved rettleiinga (lærar): Lærarane gjev uttrykk for at dei er nøgd med den rettleiinga dei praktiserer.
- Lærar si vurdering av praksistilbod 1 (Svært dårleg) 2 3 4 5 5 80 6 (Svært god) 15 Eventuelle styrker/svakheiter ved praksistilbodet (lærar): Ein synes at det utvida tilbodet med praktisk navigasjon/behandling av skip om bord i Stø Kurs er svært verdifull læring. Ein er og svært positiv til høgare lærartetthet i simulatorøvingar. Leiinga er nøgd med attendemeldingar ein har fått både studentar og lærarar når det gjeld praksistilbodet. Vi ynskjer å styrke dette meir ved å ha fleire tokt, då spesielt for 1.års studentane som ikkje fekk tilbod om tokt i fjor, grunna omprioriteringar i samanheng med brann. D. Utstyr og anna infrastruktur - Studentane si tilfredsheit med tilrettelegging for bruk av IKT Studentar 1. år: 1 (Svært misnøgd) 16.7 2 5.6 3 38.9 4 22.2 5 16.6 6 (Svært nøgd) 0 1 (Svært misnøgd) 17.6 2 5.9 3 17.6 4 23.5 5 5.8 6 (Svært nøgd) 29.6 - Studentane si tilfredsheit med lokalitetane på skulen 2 11.1 3 11.1 4 22.2 5 44.4 6 (Svært nøgd) 11.2
3 0 4 23.5 5 35.3 6 (Svært nøgd) 41.2 - Studentane si tilfredsheit med utstyret på skulen 2 22.2 3 16.7 4 27.8 5 27.7 6 (Svært nøgd) 5.6 2 11.8 3 17.6 4 41.3 5 11.7 6 (Svært nøgd) 17.6 Leiinga er nøgd med resultata om ein tar omsyn til dei spesielle høva ved skulen dette året. Både lokalitetar og IKT er no utbedra. Vi har ikkje lukkast med å få erstatta alt utstyr og dette må vi ha stort fokus på framover. E. Samarbeid med næringslivet - Studentane si meining om skulen sin grad av samarbeid med næringsliv 1 (Svært liten grad) 0 2 5.6 3 33.3 4 27.8 5 27.7 6 (Svært stor grad) 5.6 Studentar 2. år:
1 (Svært liten grad) 17.6 2 17.6 3 11.8 4 27.8 5 23.5 6 (Svært stor grad) 17.6 - Lærar si vurdering av grad av samarbeid med næringa 1 (Svært liten grad) 0 3 27.9 4 57.1 5 15.0 6 (Svært god grad) 0 Lærestaden har positiv støtte i lokalt næringsliv. Vi har satt i gang eit utvida samarbeid med næringa denne våren og vil ha større fokus på synleggjering av dette for studentar og lokalsamfunnet. Skulen har vore aktiv i fagleg samarbeid knytt til nye fagplanar frå Sjøfartsdirektoratet det siste året. Dette ser vi på som ei særs positiv utvikling. F. Hovudprosjekt - Studentane si meining om grad av fagleg utbytte av hovudprosjekt/fordjupingsmodul 1 (Svært liten grad) 0 3 0 4 5.8 5 64.8 6 (Svært stor grad) 29.4 - Studentane sin tilfredsheit med organiseringa av hovudprosjektet 3 0 4 11.8 5 64.7 6 (Svært nøgd) 23.5
Vi ser ei betring av resultata for både fagleg utbytte og organiseringa av hovudprosjekta. Prosjekta kan verta enda betre ved å knytte næringsaktørar tettare til dette arbeidet. Attendemeldingar frå studentane syner at dei praktiske hovudprosjekta med M/S Stø Kurs får høg score i undersøkinga når det gjeld fagleg utbytte. Vi ynskjer difor å satse meir på slike prosjekt samt å auke bruken av opplæringsfartyet vidare. G. Det totale læringsmiljø - Tilfredsheit med det totale læringsmiljøet 1 (Svært misnøgd) 5.6 2 5.6 3 33.3 4 33.3 5 22.2 6 (Svært nøgd) 0 3 17.6 4 29.4 5 35.3 6 (Svært nøgd) 16.7 Oppsummering av studentane sine kommentarar til utdanningstilbodet Studentane ynskjer å ha betre simulatorfasilitetar og meir bruk av opplæringsfarty. Dei gjev gode attendemeldingar på oppfylginga dei får hos lærarane både i og utanfor skuletida. Nokon synes opplæringa i enkelte modular er einsidig, medan andre synes det har vore litt rot med planlegginga av undervisninga. Nokre 1. år studentar er ikkje nøgd med klassemiljøet. Er nøgd med resultata. Vi legg merke til skilnaden på resultata for 1. og 2. års studentar. Ein direkte årsak til dette synes å være resultata frå undersøkingas kap. B. Vi har og fått attendemelding frå både lærarar og studentar som viser at klassemiljøet på 1.år ikkje er tilfredstillande. Vi må jobbe for å betre denne situasjonen og vi vil ha spesielt fokus på dette når nytt studieår startar i august. 2.1 Sensor si vurdering av utdanninga Fagskulane i landet har eksamenssamarbeid som omfattar utarbeiding av oppgåver og sensurering. Dette for at maritim sertifikatutdanning skal ha innhald og nivå som er tilnærma identisk uansett skule/lærestad.
Austevoll maritime fagskule er med i gruppe av 4 fagskular med felles utarbeiding av oppgåver, sensurering og evaluering. Dei fire er : Austevoll maritime fagskule, Bergen Maritime, Fagskulen i Måløy og Fagskolen i Kristiansand. Ein av skulane koordinerer eksamen kvart år og denne oppgåve går på omgang. Som del av det årlege eksamensseminaret inngår også ei evaluering av fjorårets oppgåver og resultat. I tillegg er det utveksling og samarbeid med tilsvarande regionale grupper fagskular slik at alle fagskulane inngår i eit nasjonalt eksamenssamarbeid. Ei slik vurdering/evaluering av utdanninga frå sensorane vil bli gjennomført når samarbeidskulane møtes på seminar. 2.2 Eksterne interessentar si vurdering av utdanninga Leiinga og faglærarane ved skulen har kontinuerlege samtaler med næringa om innhaldet i utdanninga. Sidan det stadig vert stilt høgare krav til leiing om bord i fartya, ser næringa behov for auka fokus på dette i utdanninga. Elles får skulen gode attendemeldinga frå dei reiarlaga som har kadettar og offiserar utdanna ved Austevoll maritime fagskule. 2.3 Leiinga si oppsummering og vurdering av utdanninga Resultata frå undersøkinga er god på dei fleste områder. Nokon resultat var forventa og tiltak er allereie i gang. Vi meiner andre resultat har direkte samanheng med brann. Vi har flytta inn att i den brannskadde avdelinga. Både kontor og klasserom er teken i bruk att og vi reknar med høgare kvalitet på utdanninga og betre resultat på einskilde områder i undersøkinga skuleåret 2012-13 Studentane fekk gode resultat i år. Lav strykprosent i alle modular. Dette er vi særlig nøgd med dette året. Vi har satsa på praktisk læring dette året og vi ser gode resultat og attendemeldingar på dette. Denne utviklinga ynskjer vi halde fram med. Vi vil auke talet på timar om bord i opplæringsfartyet for 1.års studentar samt halde fram med auka lærartetthet i simulatorøvingar. Nye læreplanar vert tatt i bruk skuleåret 2012-13. ECDIS og BRM kurs vert obligatorisk i utdanninga til dekksoffiser klasse 4 (D4). Det er difor viktig at arbeid med bygging av nytt tårn kjem i gang så rask som mogleg. For å utbetre leiarutdanninga ynskjer vi en intensjonsavtale med Sjøkrigsskolen. Vi ynskjer å dra nytte av deira kompetanse innan leiing og bruk av deira simulatoranlegg ved BRM-kurset. Dette har og store næringsaktørar ytra ynskje om. Håvard K. Rabben Rektor Håvard E. Waage Avd.leiar