Vinje kommune. Sluttrapport



Like dokumenter
Flora kommune. Sluttrapport. Elektronisk meldingsutveksling mellom lege og omsorgsteneste

Vinje kommune. Prosjektbeskrivelse Forprosjekt

Stryn Kommune. Sluttrapport for forprosjektet: Førebu elektronisk samhandling mellom lege og pleie-omsorg i Stryn

Voss Kvam og Granvin. Sluttrapport. Sampel

Steigen Kommune. Sluttrapport. Samspillkommune 30

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Stange kommune Sluttrapport for forprosjektet

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

«Ny Giv» med gjetarhund

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Verdal kommune. Sluttrapport. Prosjektbeskrivelse forprosjekt - Innføring av elektronisk meldingsutveksling (ELIN-k) i Verdal kommune

Valdres vidaregåande skule

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Sogn lokalmedisinske senter

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Meldingsløftet kva skjer i Sogn og Fjordane?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

mmm...med SMAK på timeplanen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Forslag frå fylkesrådmannen

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Saltdal Kommune. Sluttrapport. Elektronisk meldingsutveksling i kommunen

Saksnr Utval Møtedato

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Osterøy kommune. Sluttrapport. Forprosjekt Elin-k

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

1. Mål med samhandlingsreforma

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

Sluttrapport Forsøk med fleksible arbeidstidsordningar i Vestnes kommune.

Den nye seksjon for applikasjonar

Les for livet - del 2 (Ref # )

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Stryn kommune 1

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Styresak. Styresak 51/05 B Styremøte I føretaksmøtet 17. januar 2005 er det stilt følgjande krav til internkontroll i Helse Vest RHF:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brødsbrytelsen - Nattverden

Eigersund Kommune. Sluttrapport. Forprosjekt ELIN-k Egersund

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Kva er økologisk matproduksjon?

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Bustadområde i sentrum. Vurdering

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Vurdering av allianse og alternativ

Til deg som bur i fosterheim år

Transkript:

Vinje kommune Sluttrapport 28.05.2008

Innhold 1. Sammendrag... 3 2. Gjennomføring i henhold til prosjektplanen... 3 3. Målrealisering... 4 4. Prosjektorganisering... 5 5. Erfaringer som samspill kommune... 6 6. Viktige erfaringer... 6 7. Regnskap... 7 8. Avslutning... 7 Vedlegg... 7

1. Sammendrag Vinje har delteke i forprosjektet som ein av dei kommunane som har samarbeidd med andre kommunar. For vår del har dette vore nabokommunen Tokke. I forprosjektet har vi hatt fokus på grunnlagsmaterialet, det som bør vere på plass av rutiner og prosedyrer ved oppstart av elektronisk meldingsutveksling. Vi visste på førehand at vi hadde mykje rutiner, og vi har hatt fordelen av å ha nytta elektronisk fagprogram i mange år. Samstundes hadde vi over tid sett trongen for å systematisere arbeidet vårt meir enn det som hadde vore tilfellet. Vi har hatt sterkt fokus på Norm for infomasjonssikkerhet, og har gått gjennom alle prosedyrer KITH har utarbeidd og tilpassa dei til oss. Vi har og sett på interne samarbeidstilhøve og blitt klar over styrker og svakheiter i eigen organisasjon. Det er etablert samarbeidsavtaler mellom pleie- og omsorgstenestene og kommunehelsetenesta og legevakt i dei to kommunane. Det er inngått avtale med Norsk Helsenett og Visma i høve til kjøp og etablering av tekniske løysingar. Vi har ikkje hatt som mål å starte opp meldingsutveksling i perioden. 2. Gjennomføring i henhold til prosjektplanen Vi har i utgangspunktet fulgt planen. Undervegs har vi oppdaga at det vi ved oppstart meinte var sentralt kanskje ikkje var så viktig likevel, og har endra fokus noko i høve til enkelte punkt. Vi har brukt mest tid på prosjektplan og på prosedyrer og gjennomgang av desse, mindre på tekniske ting. Gjennomføring: Prosjektplanen er utarbeidd av prosjektleiar, i samarbeid med prosjektmedarbeider. Vi har brukt mykje tid på denne. Prosessen tok tid, og telefonmøtene var viktige i høve til dette. I ettertid ser ein at ein god prosjektplan er særs viktig for det vidare arbeidet. Ta i bruk alle delar av den elektroniske pasientjournalen: Ved oppstart hadde ikkje sjukeheimen i Vinje, samt pleie- og omsorgavdelinga i Tokke tatt i bruk elektronisk medisinkardex. Vi laga ein opplæringsplan for dette, avklarte rutiner og rutineendringar, og nytta eige personell til opplæring i Vinje og Tokke kommune. Oppkopling mot Norsk helsenett: Her gjorde vi bestilling i januar 08, men er enda ikkje i mål. Vi reiknar med at dette kjem i orden ca. september 08. Undervegs i prosessen vart vi klar over at det skulle inngås avtale med underleverandør, noko som vel er den direkte årsaka til forsinkinga. Installering av Profilkom og Unique Link: Kontakten er etablert, men elles må denne prosessen gå paralellt med Norsk Helsenett. Prosjektplanen for hovudprosjektet er under utarbeiding.

3. Målrealisering Hovudmål: Legge grunnlaget for oppstart av elektronisk meldingsutveksling mellom pleie- og omsorgstenesta og helsetenesta, og mellom kommunale pleie- og omsorgstenester og sjukehusa. Målet er nådd, ved at vi har gjort klart grunnlagsmaterialet så langt råd, før vi startar testing. Kommunal forankring: Prosjektet er godt forankra, i både kommunane. Dette målet var i utgangspunktet realisert før oppstrt av forprosjektet Utarbeide prosjektplan: Etter ein del prøving, vart prosjektplanen til slutt ferdig og godkjend. Å lære seg teknikkar for å utarbeide prosjektplanar, er nyttig, og ein ser verdien av ein god prosjektplan. Ta i bruk alle delar av den elektroniske pasientjournalen: Slå på EPJ: For oss i kommunen var dette eit viktig målepunkt i starten. Undervegs i prosessen har ein vel sett at dette meir var ei arbeidsoppgåve, ikkje eit mål med forprosjektet. Derimot har det vore viktig å lære opp personell, og ta i bruk elektronisk medisinkardex i alle delar av pleie- og omsorgstenesta for slik å få ein fullverdig elektronisk journal. Målet er nådd. Få på plass oppkopling mot Norsk helsenett: Dette punktet har vore krevjande. Særleg har vi opplevd at kontakten med Norsk Helsenett har vore annleis enn vi trudde det skulle bli. Dette har noko noko med at vi som kommune ikkje besitter den kompetanse som leverandør gjer, og at vi dermed ikkje kan stille dei rette spørsmåla. Konsekvensen er at det vi fekk forespegla skulle ta 6 til 8 veker, har tatt eit halvt år å få på plass. Vi reiknar med at det kjem i orden i september. Målet er dermed ikkje nådd. Få installert naudsynt programvare for kommunikasjon via fagsystem: Kontakten med leverandør av fagprogram har vore grei, vi har gjennomførd oppstartsmøte, men har etterpå måtta stoppa opp litt grunna forsinkingar i høve til helsenett. Målet er delvis nådd. Få på plass avtale med kommunehelsetenesta og legevakta for Tokke og Vinje: Målet er nådd Godkjend plan for hovudprosjektet: Er under utarbeiding. Målet er ikkje nådd

4. Prosjektorganisering Vi har i prosjektperioden vald å organisere oss med ein prosjektmedarbeider, i tillegg til prosjektleiar. I tillegg til aktivitetane i styringsgruppa, har vi vald å kalle inn aktuelle fagpersonar til kortare møter innom dei ulike aktuelle arbeidsfelta, -sjå organisasjonskart. Prosjektansvarleg Kommunalsjef Sissel Bitustøyl Prosjektleiar Kari Dalen Fagperson PROFIL Tokke og Vinje Helen S. Mathisen Niina Laaksonen Fagperson PROFDOC Helsesjef + MFR Inger Opsahl Gunvor Mandt IT Aasmund Kroken Grunde Seltveit Kontaktperson PROFIL Tormod Bekken Kontaktperson PROFDOC Jo Erik Hesthagen Helse Blefjell STHF Systemansvarleg Randi Juvik Helen S. Mathisen Vurdering av val av organisering: Vi har sett saman ei prosjektgruppe der vi har forsøkt å femne over dei fagområde og avdelingar som vil bli mest berørt av, og seinare få mest glede av, elektronisk meldingsutveksling. Prosjektorganisasjonen gjev oversyn over dei som har vore del av styringsgruppa. Det er alltid ei vurdering kor mange som skal sitte i ei slik gruppe. For oss har dett fungert greit. Hadde vi lagt opp til at dette skulle vere ei arbeidsgruppe der alle skulle levere likt, hadde den vore for stor for våre forhold. Den modellen vi har vald, har gjeve oss høve til å nå ulike delar av organisasjonen, og gje rom for å spille på lag. Det har vore viktig for oss. Vi synest vi har hatt ein prosjektorganisasjon som har spegla den kompetanse som har vært naudsynt å ha med. Ikkje minst har arbeidet i gruppa styrka samarbeidet med ITavdelingane i kommunane. Dette er viktig og naudsynt. Alt i alt er vi nøgde med val av organisering.

5. Erfaringer som samspill kommune Å vere deltakar i eit større prosjekt, har vore ei udelt positiv oppleving. Ikkje av di det gjer alt så mykje lettare, men det er spennande og lærerikt ein erfarer mange ting, og det er moro å vera med på noko som er nytt! Informasjon frå Elin-k har i all hovudsak vore tilfredsstillande. Vi har rett nok hatt ei oppleving av at noko informasjon har kome undervegs og nokon gonger litt seint i høve til kvar vi har vore i prosessen. Slik er det vel i denne type prosjekt. Nettverkssamlingane har vore svært bra. Det kunne godt vore slik at ein av nettverkssamlingane strakk seg over to dagar, fortrinnsvis den fyrste. Det ville lette arbeidet for nye kommunar dersom ein ved oppstart kunne få ein del rein informasjon. Det er mykje å sette seg inn i, og det å ha nok kunnskap til å vite kva som er viktig, ville nok redusere ressursbruken totalt sett. Døme på spørsmål: Hva er PKI, virksomhetssertifikater mv. Tilbringer ein meir tid saman, blir ein betre kjend og,- noko som lettar samarbeid ytterlegare. Vi har ikkje enno nytta oss av kontaktopplysningane frå andre kommunar, men har hatt kontakt med einskilde undervegs i høve til enkelttema. Telefonmøtene har vore nyttige, i større gard enn ein hadde forventa på førehand. Det har vore med å gjeve kontinuitet og framdrift datoar å halde seg til er alltid nyttig. 6. Viktige erfaringer Å utarbeide gode prosjektplanar er viktig! Det gjer det mykje lettare å rapportere undervegs, og slik å arbeide konstruktivt for å nå dei måla som er sett for prosjektet. Ein må sette av tilstrekkeleg tid til arbeidet. Vi valde å frigjere ein person til prosjektarbeid ein periode, og meiner dette har vore avgjerande for å lukkast. Samarbeidet med eksterne aktørar,- dei som skal levere noko til kommunen for at vi skal nå våre mål, er ein kritisk suksessfaktor. Dette har vore meir kronglete enn føresett. Kommunar sit med ein annan o kompetanse enn det leverandørane gjer, og er avhengige av å få informasjon som gjer at vi kan gjere dei rette tinga til rett tid. Vinje og Tokke har samarbeidd om prosjektet, med Vinje som prosjektansvarleg. Vi er to små kommunar som samarbeider innom ulike felt gjennom eit Vest-Telemarksamarbeid. Slik kjenner vi

kvarandre relativt godt, noko som heilt klart har vore ein fordel. Det er viktig ved eit slikt samarbeid å ville det same, og til same tid. At ein nyttar tid på å avklare forventningar i starten er avgjerande. Vi har vald ein samarbeidsmodell der mykje av arbeidet har vorte gjort frå Vinje si side, dette og av di Vinje har lenger erfaring i å nytte fagprogram, og har kome lenger på det området. Vi har så overførd kunnskapen inn i Tokke sin organisasjon. Vi har nytta personell på tvers av kommunar for å køyre mellom anna opplæring. På IT-sida er det eit etablert samarbeid frå før, dette har vi nytta aktivt. ITmedarbeidar i Tokke har kompetanse som vi har nytta i stor grad. Å tenke prosjektet som eit fellesprosjekt trur me er viktig, og ikkje vere så opptatt av at vi har tradisjon for å gjere ting noko ulikt i dei forskjellige kommunane. Det har vore ulik grad av samarbeid gjennom ulike delar av prosjektet. Styringsgruppemøtene har vore eit treffpunkt. Periodevis har samarbeidet med IT hatt fokus, i andre periodar har samarbeidet innan pleie og omsorg mellom kommunane vore tettare. 7. Regnskap Budsjett slik det er lagt fram i samband med forprosjektet, ligg som vedlegg. Dei fleste direkte utgifter utgifter vil ligge i hovudprosjektet, knytt opp til inngåing av avtale med Norsk Helsenett og Visma som er leverandør av det fagsystemet vi nyttar. Vi har nytta ca 150 000 til prosjektleiing, 40 000 av desse er kommunens andel. I tillegg har vi friteke ein person i 6 mnd. Kostnad knytt til dette er reikna til ca 150 000. Her er det verd å merke seg at den som har vore prosjektmedarbeidar, har brukt tid på å systematisere, og rydde og endre i etablerte rutiner i høve til fagsystemet - ho har og hatt undervisningsoppgåver. 8. Avslutning Frå september 08 startar vi i hovudprosjekt. Hovudprosjektplanen er under arbeid. Vi har no gjort det vi meiner vi kan gjere før oppstart. Mykje grunnlagsmateriale er på plass. Virksomhetssertifikater er på plass for begge kommunar. Mykje rutiner er utarbeidde og gjort kjende. Det gjenstår framleis nokre punkt, ikkje minst i høve til samarbeidsrutiner med IT, som vi ser det er naturleg å avklare når testing startar og vi er i stand til å sjå korleis dette virkar. Viktig milepeler no, er å få installert Norsk Helsenett, og få dette til å fungere. Avtale med leverandør av fagsystem er på plass, og vi har hatt det fyrste møtet med desse. Målet vårt er å starte testing frå ca. oktober månad. Førebels er planen at prosjektet skal vere avslutta 1.mars 09. Vedlegg Budsjett