Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) 12.09.2019 098/19 Arkiv: FA - L13, KOM - 1259, PLANID - 20190003, PLANNAVN - Arseta sør Sakshandsamar: Sven Selås Kallevik Arkivsaknr: 19/1125-9 Gnr/bnr 38/389 Arseta Sør - fullmakt frå UDS til 1. gangs handsaming og vedtak om offentleg ettersyn Utgreiing: Saka gjeld framhald av sak 081/19 frå møte i utval for drift og samfunnsutvikling den 25.06.19. Ny informasjon ligg sist i saka. Saka gjeld 1. gangs handsaming av planforslag til detaljregulering for kryssløysing Arseta sør. Detaljreguleringa er utarbeida av Asplan Viak på vegne av tiltakshavar Øygarden kommune. Reguleringa er naudsynt for å realisere tiltaket to-plans kryssløysing under fylkesveg 561. Krysset er eit krav for å realisere eit større bustadprosjekt i Vikane, aust på Rongøy. Bustadprosjektet vert planlagt i pågåande områderegulering for Vikane, planid 20190001. I utval for drift og samfunnsutvikling 25.06.2019 vart det gjeve fullmakt til rådmannen å handsame og legge framlegg til detaljregulering for Arseta sør ut til høyring og offentleg ettersyn. Fullmakta gjaldt fram til neste utvalsmøte den 05.09.19. Utvalsmøte den 05.09.19 er flytta til 14.09.19. Saka vert likevel no meldt opp til handsaming då planframlegget av fleire grunnar ikkje har blitt ferdigstilt i perioden fram til no. Kryssløysing for Arseta sør er ei vidare detaljering av kommunedelplan (KDP) Rongøy, der arealet er sett av til veg- og infrastrukturformål. Detaljreguleringa følgjer dette formålet. Dokument vedlagt saka: Dok.dato Tittel Dok.ID 09.09.2019 20190004_Føresegn_060919 111673 09.09.2019 20190004_Plankart_060919 111674 09.09.2019 Gnr/bnr 38/389 m.fl.kryss Arseta sør - offentleg ettersyn av detaljregulering Arseta sør 111663 1
Bakgrunn for plan I kommunestyret den 31.10.2018 vart sak 069/18 Kommunedelplan (KDP) for Rongøy endeleg vedteke. KDP Rongøy hadde vore gjennom ein om lag ti år lang prosess og er eit av Øygarden kommune sitt aller viktigaste styringsdokument. Planen legg opp til mykje utvikling både i Rong sentrum og på Rongøy generelt. Ein stor del av denne utviklinga skal skje innanfor B13-feltet (seinare kalla «Vikane»). B13-feltet ligg på austsida av fylkesvegen med krav til områderegulering. Områdereguleringa for Vikane er starta opp og oppstartsvarsel til reguleringa er ute på høyring no. Merknadsfrist er 28. juni 2019. Tilkomst til B13-feltet skal vere gjennom toplanskryss under fv. 561. Dette er ei løysing kravd av Statens vegvesen. Vidare krevjar dei i utarbeiding av KDP Rongøy at noverande avkøyrsler (to stk.) til Austmarka og Arsetlia skal sanerast og trafikken skal førast opp til ny kryssløysing. Detaljregulering for Arseta sør skal regulere kryssløysing med tilhøyrande tilkomstveger frå Austemarka. Det var lenge intensjonen at ein kunne starte anleggsarbeid med berre ein godkjend teknisk plan lagt til grunn. Altså utan at det ligg føre ein detaljreguleringsplan slik kravet er i følgje KDP Rong. Statens vegvesen har gått tilbake på denne ordninga med berre teknisk plan, og krev ein godkjent reguleringsplan for veganlegget før tiltak kan settast i gong. Intensjonen var at dei godkjende tekniske teikningane skulle innarbeidast i tidlegare omtalt områderegulering for Vikane, men med eit detaljeringsnivå som tilsvarar ein detaljreguleringsplan. Dette førte med seg krav til eigen detaljregulering for Arseta sør for å komme i mål med planlegginga. Områdereguleringar er meir omfattande og det vil ta meir tid å gjennomføre heile planprosessen. Ein har på bakgrunn av nemnde utfordringar fått avgrensa tid til å gjennomføre tiltak etter endeleg vedteke plan. Det er av dette svært interessant å kunne få til gode og effektive løysingar i prosessen vidare.
Skråfoto av planområdet, datert 10.07.18. Planen sitt innhald Sjølve planen vil i all hovudsak innehalde vegformål og sideareal til veg. Utfordringane ligg i utforminga av to-planskrysset og tilførselsvegen til Austemarka som har umiddelbar nærleik til eksisterande fv. 561. Ny veg vil og mest truleg utløyse krav til støyskjerming til rørde bustader. I tillegg til dette vil det vere utfordringar med omsyn til 300kv-kabel. Kabelen ligg i bakken på austsida av fylkesvegen og har ein omsynssone på 8 meter som er markert i plankartet. Det er ikkje høve til å foreta inngrep knytt til den så lenge det ikkje er starta drift
på alternativ strømkjelde til industrilokaliteter frå 420kv-kabel frå Mongstad og Modalen. Det er tentativ driftsstart på denne i 2020. Som vist i førebels plankart under. Skal det og leggast til rette for eit gjennomgåande gangog sykkelvegnettverk, både nord-sør og aust-vest. Det skal leggast til rette for at kryssingar av fylkesvegen skal skje trygt i nord og sør. Førebels utkast til plankart, datert 03.06.2019.
Vidare planprosess Den vidare planprosessen er avhengig av framdrift med utarbeiding og godkjenning av dei tekniske planane for infrastrukturen i planen. Under har ein skissert ei tenkt plan for milepæler framover. Gitt at rådmannen får fullmakt frå utval for drift og samfunnsutvikling til å handsame og gjere vedtak om offentleg ettersyn vil ein kunne legge planen ut så snart planforslag er oversendt Øygarden kommune. Slik ser dei førebelse milepælane ut: 1. HR prosjekt ferdigstiller teknisk plan 2. HR prosjekt innhenter godkjenning av teknisk plan frå Statens vegvesen. 3. HR prosjekt oversender teknisk plan til Asplan Viak. 4. Asplan Viak ferdigstiller planforslag til 1. gangs handsaming. 5. Asplan Viak oversender planforslag til Øygarden kommune. 6. Øygarden kommune handsamer og legg planforslag ut til offentleg ettersyn. Høyringsperiode og merknadsfrist må rådmannen sette i høve kva dato ein klarer å sende ut på høyring. Etter lova er det krav til minimum seks veker høyringsfrist. Det er i midlertid vanleg å legge til nokre ekstra veker på høyringsfrist i fellesferien, jf. tidlegare omtalte skriv frå Fylkesmannen og Statens vegvesen. Samla vurdering: Rådmannen meiner det er forsvarleg av utval for drift- og samfunnsutvikling å tildele rådmannen fullmakt til å gjere vedtak om offentleg ettersyn for detaljregulering for Arseta sør, planid 20190004. Dette er ein plan som kommunen sjølv er tiltakshavar i og plankonsulentane er innleigd av kommunen. Det meste av arealet som skal regulerast er allereie avklart i overordna plan for kommunedelplan for Rongøy. Det er meldt oppstart for området og det vil vere mogleg for både UDS, statlege- og regionale mynde og private å medverke i planarbeidet når det er første gangs handsama og lagt ut til offentleg ettersyn. Behandlinga av reguleringsplanforslag etter plan- og bygningslova 12-10 er delegert til utval for drift og samfunnsutvikling i kapittel 10.7 i politisk delegasjonsreglement for Øygarden kommune (2016-2019). Rådmannen gjev følgjande innstilling til vedtak: Behandling i Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) 25.06.2019: Jamfør forvaltningslova 6, erklærte Inger Helene Dalen seg ugild då mannen er eigar av gjeldane område. Førespurnaden vart innvilga. Ho tredde frå under handsaminga av denne saka. Det var 6 røysteføre i møtet under handsaminga. Innstillinga vart samrøystes vedteke. Vedtak i Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) - 081/19 Utval for drift- og samfunnsutvikling gjev rådmannen fullmakt til å handsame og legge framlegg til detaljregulering for Arseta sør, planid 20190004, ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova 5-2 og 12-10. Fullmakta gjeld fram til neste utvalsmøte den 05.09.19. Vedtak i Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) - 081/19
Utval for drift- og samfunnsutvikling gjev rådmannen fullmakt til å handsame og legge framlegg til detaljregulering for Arseta sør, planid 20190004, ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova 5-2 og 12-10. Fullmakta gjeld fram til neste utvalsmøte den 05.09.19. Utvalet har forståing for Fylkesmannen og Statens vegvesen sine brev med ønskje om 4 veker ekstra uttalefrist til reguleringsforslag lagt ut i sommar. UDS ber likevel om at denne planen vert prioritert og helst gjeve uttale til innan 6 veker, slik utgangspunktet er i følgje plan- og bygningslova. Administrasjonen set ein uttalefrist på 6 veker ved høyring.
Revidert plankart datert 06.09.19. FRAMHALD AV SAK TIL MØTE I UDS DEN 12.09.19: Av grunnar utanfor Øygarden kommune sin kontroll har det vore forseinkingar i framstilling av eit endeleg planforslag for kryssløysing Arseta sør til 1. gangs handsaming. Forseinkingane
kjem som ei følgje av utfordringar med teknisk plan og sjukdom hjå konsulentar. Sidan sist har plankart og føresegn vore revidert. Administrasjonen har sidan førre UDS-møte hatt løpande dialog med begge konsulentar. I arbeidsmøte 29.08.19 vart det aller meiste av planframlegget avklart i samråd med konsulent. Det er semje om løysingane og det er berre det komplette planforslag ein ventar på. Det er venta at ein vil motta dette innan kort tid. Så snart ein har motteke komplett framlegg vil rådmannen behandle forslaget og legge dette ut til offentleg ettersyn. Revidert plankart og føresegn ligg vedlagt. Med bakgrunn i dette ber rådmannen om ein utvida frist for fullmakta gjeve i UDS-sak 081/19 den 25.06.19. Fullmakta bør gjelde fram til neste UDS-møte den 03. oktober 2019. Rådmannen gjev følgjande innstilling til vedtak: Innstilling til vedtak/tilråding: Utval for drift- og samfunnsutvikling gjev rådmannen fullmakt til å handsame og legge framlegg til detaljregulering for Arseta sør, planid 20190004, ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova 5-2 og 12-10. Fullmakta gjeld fram til neste utvalsmøte den 03.10.19. Administrasjonen set ein uttalefrist på 6 veker ved høyring. Behandling i Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) 12.09.2019: Innstillinga vart samrøystes vedteke. Vedtak i Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) - 098/19 Utval for drift- og samfunnsutvikling gjev rådmannen fullmakt til å handsame og legge framlegg til detaljregulering for Arseta sør, planid 20190004, ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova 5-2 og 12-10. Fullmakta gjeld fram til neste utvalsmøte den 03.10.19. Administrasjonen set ein uttalefrist på 6 veker ved høyring. Siri Fahlvik Pettersen Rådmann Sven Selås Kallevik Sakshandsamar Dokumentet er elektronisk godkjent, og krev difor ingen signatur.