Austevoll kommune Vår ref. Arkivkode Dykkar ref. Dato 17/588-2019002699/14900 17/588 08.07.2019 Endring av detaljreguleringsplan for gnr. 33 bnr. 0002 m.fl. Økland etter forenkla prosess. Kombinert oppstart og 1. gongs handsaming. - Vedtak: Plan- og byggesakssjefen godkjenner i medhald av delegert mynde og plan- og bygningslova 12-8, 12-10 og 12-14, oppstart av endring etter forenkla prosess og vedtar å sende planforslaget ut til offentleg ettersyn. Plannamn: Mindre endring av detaljreguleringsplan for del av gnr. 33 bnr. 2 Økland. PlanID: 124420180004 Ansvarleg søkar: Nagla AS Forslagsstillar: Toril Økland Ved neste handsaming av planforslaget skal reguleringsføresegn og planskildring ligge ved i wordformat. Alle endringar skal vere merka med raud skrift. Austevoll kommune kunngjer planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har krav på skriftleg varsel (grunneigarar, heimelshavarar, naboar, styresmakter m.m.). Uttalefrist er 8 veker, jf. brev frå Fylkesmannen i Vestland vedrørande uttalefrist i sommarferie, datert 09.05.19. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 05.06.2019 Gnr. 33 bnr. 2 m.fl. Økland. Referat frå førehandskonferanse til oppstart i plansaker 08.07.2019 124420040007_Føresegner_260619 08.07.2019 124420040007_Planskildring_260619 08.07.2019 124420040007_Plankart_080719 Bakgrunn for saka Forslagsstillar ynskjer å endre gjeldande detaljreguleringsplan på fem punkt: Postadresse Telefon Bankgiro E post: postmottak@austevoll.kommune.no 5392 Storebø 55 08 10 00 6518.05.00949 Foretaksreg. NO 941 139 787 MVA
Austevoll kommune Side 2 av 7 1. Utvide gbnr. 33/121 med 22 m 2 slik at tomta går heilt inntil berget i bakkant av etablert fritidsbustad 2. Flytte gbnr. 33/118 lenger sør der det er betre utsiktsforhold. 3. Legge til rette for køyreveg fram til hyttetomtane 4. Flytte plassering av veg til BFF1 til godkjent trasé for vatn og avløp. 5. Ny felles parkeringsplass SPP3 Endring for BFF9 og BFF12, jf. planskildringa, side 10. I tillegg har alle godkjente dispensasjoner blitt innarbeida i planmateriale. Sjå sak 098/12, 059/13 og 056/15 i utval for plan- og byggesaker. Førehandskonferanse blei halde den 08.05.2017. Referat ligg vedlagt. Austevoll kommune har mottatt søknad om dispensasjon for omgjering av gangveg til gbnr. 33/122-126 og gbnr. 33/128-129, til køyreveg, saknr. 17/1158. Kommunen har bedt forslagsstillar om å legge inn køyreveg i planendringa for å få ein heilskapleg arealavklaring. Dagens situasjon Planområdet ligg nord-vest på Hundvåkøy. 11 av 12 frådelte fritidsbustadtomter er solgt. 9 fritidsbustader er oppført. Veg og anna teknisk infrastruktur er opparbeidd.
Austevoll kommune Side 3 av 7 Planområdets plassering i Austevoll (t.v.) og flyfoto frå google maps datert 19.03.2019 (t.h.). Planområdet er illustrert i raudt. Tilkomst til planområdet er via fv. 153. Plansituasjon Planområdet er 58,5 daa. og er detaljregulert. Gjeldande reguleringsplan ble vedtatt den 04.12.2007 (planid 124420040007) og regulerer planområdet til blant anna fritidsbebyggelse, friluftsareal, småbåtanlegg og trafikkområde i sjø. Kommuneplanens arealdel har avsett området til fritidsbebyggelse, LNF i 25-metersbeltet og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Vidare er området omfatta av detaljeringssona Reguleringsplan skal fortsatt gjelde, og det er to bandleggingssoner etter kulturminnelova. Utklipp kommuneplanens arealdel. Utklipp gjeldande plankart. Føresegner til arealdelen i kommuneplanen 1.7 gir at eldre reguleringsplaner gjeld vidare, men kommuneplanen går føre ved motstrid. Det må her bli tatt omsyn til at kommuneplanen legger overordna føringer for arealbruk, som seinare blir detaljeregulert i ein reguleringsplan.
Austevoll kommune Side 4 av 7 Gjeldande reguleringsplan er i tråd med kommuneplanens arealdel, med unnatak av småbåtanlegg i sjø og gangveg ned til sjø. Rådmannen vurderer at avvika er mindre og er av ein detaljeringsgrad som går utover det i kommuneplanens arealdel. Etter å ha sett kommuneplanen opp i mot reguleringsplanen som heilskap, er det rådmannen si vurdering at reguleringsplanen gjeld vidare, utan endringar. Vurdering ut i frå naturmangfaldlova 8-12 Naturmangfaldlova (nml.) 7 gir at prinsippa for berekraftig bruk og forvaltning i nml. 8-12 skal leggast til grunn, og vurderinga av desse skal gå fram. Ansvarleg søkar si vurdering: Ansvarleg søkar har gjennomført ei vurdering etter naturmangfaldlova i planskildringa, side 11: «Det er grunn til å tru at konsekvensane av planen er avgrensa. Arealet av ny og eksisterande plassering av område for frittliggande fritidsbustad er begge i «annet markslag» i skogoglanskap.no. Artsmangfaldet er det same på dei to areala. Noko skrinnare og meir fjell i dagen på arealet for ny tomt. Vidare utbygging vil soleis ikkje ha auka effekt på eksisterande mangfald gjennom arealbeslag. Ein har med dette vurdert kunnskapsgrunnlaget til å vera tilstrekkeleg. I vurdering etter naturmangfaldlova 8-12 kan ein ikkje sjå at planframlegget og utbygging i tråd med det vil ha auka påverknad på naturmangfaldet.» Rådmannen si vurdering: Planområdet består av skrinn fastmark og myr. Per juni 2019 er det i Miljødirektoratet si kartteneste Naturbase ikkje registrert artar av nasjonal forvaltningsinteresse, utvalte naturtypar, verneområder eller kulturlandskap innafor eller i nærleik av planområdet. Utanfor planområdet er det registrert skjellsand som er ein viktig naturtype. Artsdatabanken si kartteneste Artskart viser at det er registrert livskraftege artar utanfor planområdet, samt Gjøk som er ein nær truga art. Utklipp Artskart Utklipp Naturbase Planforslaget legg i hovudssak opp til flytting av ein tomt og omgjering av gangveg til køyreveg. Rådmannen kan ikkje sjå at registrerte artar eller områder med skjellsand skal bli råka av forslaget i nemneverdig grad. Rådmannen vurderer at naturen med si biologiske og økologiske prosesser i området, vert teke i vare grunna planforslaget, og at det ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva verknadar tiltaket kan ha for naturmiljøet, jf. naturmangfoldslova (nml.) 8 og 9. Etter nml. 10 skal ein vurdere tiltaket si påverknad av området saman med allereie eksisterande og
Austevoll kommune Side 5 av 7 andre planlagde tiltak som påverke eller kan påverke området. Nærområdet er regulert og prega av bebyggelse. På bakgrunn av registreringane i området kan ikkje rådmannen sjå at det er risiko for alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfaldet etter ei vurdering av samla belastning. Kulturminne Det fremgår av kulturminneloven 3 at «Ingen må - uten at det er lovlig etter 8 - sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.» I kommuneplanens arealdel er det to båndleggingssoner etter kulturminnelova. Ein av desse kulturminnane kan ikkje synast i plankartet. Som ein del av planprosessen for gjeldande reguleringsplan var det gjennomført registreringer av kulturminner i planområdet. Registreringa gav ingen funn av nye lokalitetar, men hellarlokaliteten som var kjent frå før viste seg å vere kartfesta feil, jf. Hordaland fylkeskommune: Kulturhistoriske registreringar, rapport 6, 2007, s. 7. Bilde som syner opphavleg og korrigert plassering av kulturminnet, jf. kulturhistorisk rapport, side 13. Kommuneplanens arealdel av 2006 viste eit kulturminne, gjeldande kommuneplan viser to. Bandleggingssone lengst sør i gjeldande kommuneplan har tilsvarande plassering i kommuneplanen av 2006. Bandleggingssone lengst nord i gjeldande kommuneplan er same plassering som korrigert plassering av kulturminnet i 2007.
Austevoll kommune Side 6 av 7 Utklipp av kommuneplanens arealdel av 2006 Utklipp av kommuneplanens arealdel av 2006 Basert på funn ovanfor er det rådmannen si vurdering at den same lokaliteten er gitt to bandleggingssoner i gjeldande kommuneplan. Korrekt plassering av kulturminnet er den i kulturhistorisk rapport. Denne er sikra i planforslaget med bandleggingssone og omsynssone. Tomtegrensa er vidare 8 meter frå omsynssona og arealføremålet er naturområde (SOSI kode 3020). Det er rådmannen si vurdering at endringa ikkje vil råke ved kulturminnet eller opne for tiltak i strid med kulturminnelova 3. Vurdering av konsekvensutgreiing Forskrift 21.juni 2017 nr. 854 om konsekvensutredninger angir kva planer som skal konsekvensutgreiiast. Planforslaget utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter 6 eller 8, og omfatter ikkje tiltak etter vedlegg I eller II. Rådmannen si vurdering av forenkla prosess, jf. pbl. 12-14 Etter pbl. 12-14 er det mogleg å vedta endring av reguleringsplan etter ein enklare prosess dersom «endringene i liten grad vil påvirke gjennomføringen av planen for øvrig, ikke går utover hovedrammene i planen, og heller ikke berører hensynet til viktige natur- og friluftsområder.» Det er ikkje kjente natur- eller friluftsområder i planområdet. Endringane i planmateriale er som følgar: 1. BFF12 er flytta for å få betre utsikt. Areal for eksisterande tomt er tilbakeført til grønstruktur. Det er satt rekkefølgekrav til oppheving av eigedomsgrense som sikrar at gbnr. 33/118 blir oppheva før tomt BFF12 blir frådelte. 2. Tomt BFF9 er utvida med om lag 22m² inn mot fjellknaus i aust. Dette arealet er ein liten trekant inn mot veg og naturleg nivåskille i terrenget. Grunna nivåskille i terreng faller dette arealet som ein naturleg del av BFF9. Sjå figur 7-5 i planskildringa. 3. Planmateriale er oppdatert i tråd med godkjente dispensasjoner og byggeløyver. Dette medførar: o Mindre justeringar i vegkurvatur og parkeringsplassar. o o Utnyttingsgrad er endra til 135 m 2 for alle eigedomane. Takvinkel er endra frå saltak og skråtak mellom 27 og 32 grader, til «saltak eller pulttak med takvinkel mellom 4 og 32 grader.»
Austevoll kommune Side 7 av 7 4. Eksisterande gangvegar til fritidsbustadtomter er lagt inn som køyreveg. Køyreveg til BFF1 og BFF9-BFF12 er endra til å ligga over den bygde VA-traseen. 5. Det er høve til å legge til rette for parkering på eigen eigedom. 6. Det er lagt in ny felles parkeringsplass SPP3. Parkeringsplassen er plassert over slamavskillar og området er allereie terrengbearbeida. Det er plan- og byggesakssjefen si vurdering at endringane medfører ein oppdatering og mindre justering av gjeldande detaljreguleringsplan. Køyreveg er lagt der terrenget allereie er bearbeida og endringa frå gangveg til køyreveg vil krevje mindre inngrep i terrenget. Ytterligare parkeringsplassar opnar opnar planområdet og badeplassen for allmenta, gir areal for gjesteparkering eller ekstra parkeringsplassar for hytteeigare ved behov. Endringane sikrar likskapshandsaming ved å innarbeide godkjente dispensasjoner slik at dette gjeld for alle fritidsbustadtomtene. Plan- og byggesakssjefen vurderer at endringane ovanfor ikkje vil gå utover hovudrammane til planen, påverke gjennomføringa av planen for øvrig eller råke viktige natur- og friluftsområder. Vurderinga er at reguleringsplanen kan bli endra etter ein forenkla prosess, med mindre det kjem inn vesentlege innvendingar ved offentleg ettersyn. Plan- og byggesaksavdeling Erik Andreas Kyvig Plan- og byggesakssjef Sunniva Skålnes Samdal Konsulent Dette dokumentet er elektronisk godkjent og treng difor ikkje underskrift.