PROSJEKTRAPPORT FORPROSJEKT - NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND AUSTEVOLL BØMLO ETNE FITJAR KVINNHERAD STORD - TYSNES



Like dokumenter
Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Fylkesmannen i Telemark. Kommunereforma. Temadagar i Grenland

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND FREDAG 12. DESEMBER 2014 KL

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Kommunereforma. Balestrand 4. mars 2015 Kåre Træen

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Kommunereform. Ope møte i Volda

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Kommunereforma felles formannskapsdag i Sogn regionråd

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

Kommunereform og regionreform to sider av same sak? Oppgåver og forvaltning kva no?

Vår dato: Vår ref: Arkiv: Sakshandsamar: / / Andreas Moe Larsen

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Avtale mellom Fitjar og Stord kommunar om kommunesamansla ing

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/15 Drifts- og miljøutvalget PS Plan- og økonomiutvalget Kommunestyret Administrasjonsutvalget

Referat frå folkemøta:

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2016.

Møteinnkalling Formannskapet

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Utredning Indre Agder kommunereform. Presentasjon til folkemøte og møte med tilsette våren 2015

Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

«Nordhordland kommune»

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FRDAG 10 JUNI KL , HØGSKULEN STORD/HAUGESUND, ROMMETVEIT

Mandat kommunereformen i Lesja og Dovre kommuner

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE. Kommunereforma. Fagforbundet Lærdal Fylkesmannen Kåre Træen prosjektleiar

Intensjonsavtale for ny kommune. Forhandlingsutvala i kommunane Fusa og Os

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 23. MAI KL

NY Landkommune arbeidsnotat økonomi

Forsand kommune Saksframlegg

Kommunereforma prosess og innhald

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Kommunereform. Informasjonsmøter mars 2015

Forslag frå fylkesrådmannen

Østre Agder Verktøykasse

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Prosjektplan. Kommunereforma i Møre og Romsdal

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Tysnes kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Kommunereforma i Sunnfjord og Hafs. Status oktober 2015

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa kommune. Høyring av fellesdelen

Kommunereforma. Forstudium

MØTEBOK Tysnes kommune

Saksnr Utval Møtedato

Informasjonsnotat / orientering

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Kommunereforma Førde bystyre

Muligheter og utfordringer

Aurland kommune Rådmannen

Utgreiing av kommunestruktur

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

Utgreiing nord Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin (40% koordinator Joakim Øren, rådmann i Ulvik)

? Foto: Simen Soltvedt?

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Transkript:

PROSJEKTRAPPORT FORPROSJEKT - NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND AUSTEVOLL BØMLO ETNE FITJAR KVINNHERAD STORD - TYSNES 1

INNHALD 1. BAKGRUNN Side 4 1.1 Konsekvensar av ekspertutvalet sine vurderingar Side 5 1.2 Framdriftsplan og milepælar Side 7 1.3 Tidsplan for kommunereforma Side 7 1.4 Løp 1: Kongeleg resolusjon våren 2016 Side 7 1.5 Løp 2: Proposisjon om ein heilskapeleg kommunestruktur til Stortinget våren 2017 Side 8 2. PROSJEKTARBEIDET I SUNNHORDLAND Side 9 2.1 Kommunale vedtak Side 9 2.2 Organisering Side 9 2.3 Prosjektet sitt mandat Side 10 2.4 Prosjektet sin framdriftsplan Side 10 2.5 Kommunikasjonsstrategi Side 11 2.6 Tillitsvalde Side 11 2.7 Formannskapsmodellen Side 12 2.8 Grunnlag og føresetnadar for oppgåveoverføring til kommunane Side 12 2.9 Redusert statleg styring Side 12 2.10 Statlege grenser 2.11 Deling av kommunar Side 12 2.12 Samkøyring av prosessarbeidet Side 12 2.13 Folkemøte Side 12 2.14 Ungdom Side 13 2.15 Næringslivet Side 13 2.16 Kyrkja Side 13 2.17 Kommunane sin status i dag Side 13 2.18 Kommuneøkonomi Side 14 2.19 Pensjonar Side 17 2.20 Kommunale tenester Side 17 2.21 Administrasjon og styring Side 17 2.22 Tenester kva kan samlokaliserast og kva kan desentraliserast i ein ny Kommune Side 18 2.23 Demokratiet lokaldemokratiet i nye kommunar Side 20 2.24 Myndigheitsutøving Side 22 2.25 Samfunnsutviklarrolla Side 22 2.26 Planverk Side 22 2.27 Samferdsle Side 22 2.28 Næring Side 22 2.29 Endring av kommune-/fylkesgrenser Side 23 2.30 Kostra-tal Side 23 2.31 Metodar for prosjektgruppa Side 23 2.32 Mogelegheitsbilete Side 23 3. MOGELEGHEITSBILETA Side 24 3.1 Status Austevoll kommune Side 24 3.2 Mogelegheitsbilete 1 0 alternativ Austevoll kommune Side 27 3.3 Status Bømlo kommune Side 33 3.4 Mogelegheitsbilete 1 0 alternativ Bømlo kommune Side 36 3.5 Status Etne kommune Side 42 2

3.6 Mogelegheitsbilete 1 0 alternativ Etne kommune Side 45 3.7 Status Fitjar kommune Side 51 3.8 Mogelegheitsbilete 1 0 alternativ Fitjar kommune Side 54 3.9 Status Kvinnherad kommune Side 60 3.10 Mogelegheitsbilete 1 0 alternativ Kvinnherad kommune Side 63 3.11 Status Stord kommune Side 69 3.12 Mogelegheitsbilete 1 0 alternativ Stord kommune Side 72 3.13 Status Tysnes kommune Side 78 3.14 Mogelegheitsbilete 1 0 alternativ Tysnes kommune Side 81 3.15 Mogelegheitsbilete 2 Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Tysnes Side 88 3.16 Mogelegheitsbilete 3 Austevoll, Bømlo, Fitjar, Stord, Tysnes Side 96 3.17 Mogelegheitsbilete 4 Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Tysnes Side 104 3.18 Mogelegheitsbilete 5 Bømlo, Fitjar, Stord, Tysnes Side 111 4. FRAMLEGG TIL VIDARE DRIFT Side 119 VEDLEGG TIL PROSJEKTRAPPORTEN 1. Spørjeundersøking næringslivet 2. Forslag til intensjonsavtale 3

1. BAKGRUNN Kommunereforma er ein velferdsreform som handlar om betre velferdstenester der folk bur no og i framtida. Den handlar også om organisering i områder der innbyggjarar og næringsliv dagleg kryssar kommunegrenser. I regjeringa si Sundvollen-erklæring står det: Regjeringen vil gjennomføre en kommunereform, hvor det sørges for at nødvendige vedtak blir fattet i perioden, jamf samarbeidsavtalen (Venstre og KrF). Regjeringen vil ha gjennomgang av oppgavene til fylkeskommunene, fylkesmennene og staten med sikte på å gi mer makt og myndighet til mer robuste kommuner. Denne ambisjonen har regjeringa sett seg under målet om å fornya, forenkla og forbetra offentleg sektor. Frå regjeringa si side er det blitt poengtert at det er særs viktig med lokal forankring for at ein skal få til ei vellukka reform, og at arbeidet med kommunereforma vert basert på kunnskap og fakta. Regjeringa la i mai 2014 fram kommuneproposisjonen med ein heilskapleg plan for ei kommunereform i denne stortingsperioden. Reforma har som mål å gi meir robuste kommunar for framtida. Viktige tema er mellom anna ein enklare kvardag for folk flest og eit levande lokaldemokrati. Alle kommunane i landet blir invitert til å delta i prosessar med sikte på å vurdera og avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Det er eit fleirtal på Stortinget for ein kommunereform og det er brei politisk tilslutnad til at det er trong for endringar i kommunestrukturen, måla i reforma, og at prosessane skal starte opp hausten 2014. Regjeringa utnemnde eit ekspertutval som kom med delrapporten «Kriterier for god kommunestruktur» i mars 2014. Sluttrapport frå denne gruppa vart lagt frem i desember 2014. I sitt arbeid har utvalet sett på kva kriterium som må vera på plass for at kommunane skal løysa kvar av dei rollene kommunane skal ta seg av; tenesteyting, mynde, samfunnsutvikling og demokrati, og kva som må liggja til grunn for at kommunane skal kunne få nye oppgåver og meir sjølvstyre. Kriterium for kommunane; 1. Nok kapasitet 2. Relevant kompetanse 3. Nok distanse 4. Effektiv tenesteproduksjon 5. Økonomisk soliditet 6. Valfridom 7. Funksjonelle samfunnsutviklingsområde 8. Høg politisk deltaking 9. Lokal politisk styring 10. Lokal identitet 4

Dei aktuelle kriterium kan t.d. vera knytt til økonomi, bu- og arbeidsmarknadsregionar og andre føresetnader for god oppgåveløysing, som kapasitet, effektivitet, kompetanse og storleik på fagmiljø. Utvalet har også vurdert geografiske og lokale tilhøve, som avstandar, busetjing og kultur. Kommunal- og moderniseringsministeren sette også ned ei referansegruppe for ekspertutvalet. Gruppa var sett saman av ordførarar frå alle parti og med representasjon frå alle delar av landet. På bakgrunn av gjennomgongen av desse kriteria rår utvalet til at: 1. For å sikra god oppgåveløysing bør kommunane i utgangspunktet ha minst 15 000-20 000 innbyggjarar. 2. Kommunestrukturen bør i større grad nærma seg funksjonelle samfunnsutviklingsområde. 3. Staten bør redusera detaljstyringa og ordningar for politisk deltaking bør vidareutviklast for å sikra gode og slagkraftige demokratiske arenaer. Regjeringa la i mars 2015 fram ei melding til Stortinget med framlegg til nye oppgåver til kommunane. Stortinget vil då ha handsama framlegget før kommunane oppsummere sine prosessar og gjer vedtak om samanslåing. Etter Stortingsbehandling har departementet slått fast at alle kommunar skal sluttføra prosessen med å diskutere og vurdere ny kommunestruktur og samanslåingar, samt gjera vedtak om dette innan våren 2016. Stortinget har slutta seg til desse overordna måla for reforma: 1) Gode og likeverdige tenester for alle innbyggjarane 2) Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling 3) Bærekraftige og økonomisk robuste kommunar 4) Styrka lokaldemokrati Kommunereforma er lagt fram som ei velferdsreform. Det handlar om betre velferdstenester der folk bur, no og i framtida: - gode barnehagar, gode skular og god pleie og omsorg. Det handlar også om kva som skal til for å ta vare på dei innbyggjarane som treng det aller mest: Barn som treng barnevernet, rusavhengige, menneske med psykiske helseutfordringar og dei som fell utanfor. Kommunereforma handlar også om betre organisering i område der både innbyggjarar og næringsliv dagleg kryssar kommunegrenser og der større kommunar vil kunne gi meir heilskapleg og god planlegging for sine innbyggjarar. Departementet har utarbeida ein Rettleiar for utredning og prosess. I denne syner ein til at Ekspertutvalet for kommunereforma har satt opp ti kriteria som alle kommunar må vurdera. 1.1 Konsekvensar av ekspertutvalet sine vurderingar Utvalet har tatt utgangspunkt i kriteria frå delrapporten i vurderinga av eksemplar på oppgåver det kan vera aktuelt å overføre til kommunane. Utvalet har ikkje gjort ein fullstendig vurdering av alle samfunnsmessige forhold knytt til oppgåvene, blant anna dei økonomiske og administrative konsekvensar av eventuelle oppgåveendringar. Med utgangspunkt i at ulike oppgåver kan krevje ulikt innbyggjartal, slik gjennomgangen av eksempla syner, finn utvalet det nærliggjande å skissera konsekvensar av tre ulike kommunemodellar. Modell 1 er ei vidareføring av generalistkommuneprinsippet der alle kommunar (unnateke Oslo) har ansvar for same oppgåveportefølje. I tråd med utvalet sine tilrådingar frå delrapporten blir det 5

føresett at kommunane må ha ein minstestorleik på 15 000 20 000 innbyggjarar. Alle kommunane inngår som i dag i eit fylke/region. Modell 2 opnar for at kommunar har ulike oppgåver ut frå kor mange innbyggjarar dei har (oppgåvedifferensiering) og overføring av fleire oppgåver til storkommunar. Alle kommunane (unnateke Oslo) inngår som i dag i fylket/regionen. Modell 2 tek utgangspunkt i at nokre av dei vurderte oppgåvene berre kan overførast til kommunar med eit vesentleg høgare innbyggjartal enn minstestorleiken på 15 000 20 000 innbyggjarar. Differensiert oppgåvefordeling kan vera at storkommunar overtek ansvaret for einskilde fylkeskommunale eller statlege oppgåver og tenester, medan ansvaret for dei same oppgåvene ligg til fylkeskommunane/regionane eller staten for mindre kommunar. Storkommunane inngår i fylket/regionen. Fylkeskommunen/regionen vil framleis ha ansvaret for nokre oppgåver som også vert tilbydd i storkommunane, og innbyggjarane i storkommunane vil på same måte som i øvrige kommunar vera med på å velja representantar til dei folkevalde organa i fylkeskommunen/regionen. Eksemplar blant oppgåvene utvalet har vurdert og kor differensiert oppgåvefordeling blir aktualisert, er vidaregåande opplæring og kollektivtransport. Oppgåveoverføring føreset i disse tilfella at storkommunane har minst 100 000 innbyggjarar og at dei utgjer funksjonelle samfunnsutviklingsområde. Modell 3 opnar også for oppgåvedifferensiering og tildeling av Oslo-status til fleire. Modellen inneberer tildeling av Oslo-status til fleire storkommunar. Oslo har i dag alle fylkeskommunale oppgåver (unnateke regional plan) i tillegg til kommunale oppgåver. Skilnaden mellom modell 2 og modell 3 er altså at storkommunane i modell 3 ikkje inngår i fylket/regionen. Ekspertutvalet nemner at det er sannsynleg at ein storkommune med Oslo-status i liten grad vil opptre som ein drivkraft for samfunnsutviklinga utover eigne grenser, sidan denne ikkje er ein del av den større regionen/fylket. I så fall vil noverande storkommunar si betyding som regionale motorar svekkjast, med tilhøyrande negativ effekt for det omkringliggjande fylket/regionen. Det kan vera aktuelt for Sunnhordland, dersom Stavanger og Bergen dannar storkommune i sør og nord. Det er teoretisk mogeleg å tenkja seg modellar med meir omfattande oppgåvedifferensiering enn modell 2 og 3. Det kan leggjast inn fleire tersklar for innbyggjartal ( trappetrinn ) der kommunane får tilført nye oppgåver etter kvart som dei overstig eit visst innbyggjartal. Utvalet finn imidlertid at ein slik trappetrinns-modell vil auka kompleksiteten i forvaltningssystemet og skape ein uoversiktleg situasjon for innbyggjarane både som veljarar og brukarar av tiltak og tenester. Utvalet har difor ikkje vurdert slike modellar nærare. Etter at rapporten vart lagt fram har det kome signal frå regjeringa, at det er lite aktuelt å gå for modell 3. Modell 1, generalistkommunen, er den mest aktuelle. Det er også framheva at det ikkje skal vera så stort fokus på antall innbyggjarar som ekspertutvalet legg opp til. 1.2 Framdriftsplan og milepælar To løp innan sommaren 2016 og innan våren 2017 Dei regionale prosessane koordinert av fylkesmenna starta hausten 2014 og vert avslutta ved utgangen av 2016. Det er lagt opp til to ulike løp i reformperioden: Kommunar som vedtek samanslåing seinast hausten 2015 blir følgt opp med kongelege resolusjonar. 6

For dei andre kommunane vert det lagt opp til at kommunane fattar vedtak innan sommaren 2016. Regjeringa planlegg å fremje ein samla proposisjon til Stortinget om ny kommunestruktur våren 2017. 1.3 Tidsplan for kommunereforma Vår 2014: Stortingshandsaming av mål for reforma og opplegg for vidare arbeid. Haust 2014, 2015 og vår 2016: Regionale prosessar med KS, fylkesmenn og kommunar. Det vert oppsummert av fylkesmenna hausten 2016. Vår 2015: Regjeringa legg fram framlegg til nye oppgåver for kommunane. Stortingshandsaming av meldinga i juni. Haust 2015 og vår 2016: Kommunale vedtak om samanslåing. Vår 2016: Vedtak i kongelege resolusjonar om samanslåing av kommunar for dei kommunar som er tidleg ute med lokale vedtak. Vår 2017: Regjeringa legg fram proposisjonar om ny kommunestruktur og om nye oppgåver til kommunane. Stortingshandsaming av proposisjonane. Januar 2020: Ny kommunestruktur trer i kraft (fase 2). Departementet har som utgangspunkt at kommunane vil ha behov for å drøfta utfordrings- og mogligheitsbilete i ca eitt år før det vert gjort vedtak om kva kommunar dei vil slå seg saman med. Dei regionale prosessane vert avslutta ved utgongen av 2016. 1.4 Løp 1: Kongeleg resolusjon våren 2016 Kongen i statsråd har mynde til å vedta samanslåingar der kommunane er samde. For kommunar som gjer kommunestyrevedtak i løpet av hausten 2015, vil departementet leggje til rette for at samanslåing skal kunne bli vedteke på nasjonalt nivå i løpet av våren 2016. Med dette løpet vil samanslåingane kunne tre i kraft frå 1. januar 2018. For å kunne gjennomføre eit slikt løp, må vedtaka vera like i dei aktuelle kommunane. Departementet vil deretter gjera ei vurdering om dei føreslåtte samanslåingane er i tråd med måla for reforma. Dei kommunale vedtaka skal bli sendt inn til departementet via fylkesmannen, som hjelper med å oppsummera tilbakemeldingane frå kvart fylke. Fylkesmannen vil også bli bedt om å gjera ei vurdering på sjølvstendig grunnlag av dei samla tilbakemeldingane. Dersom det kjem mange søknadar om samanslåing på tvers av fylkesgrenser, vil det kunne bidra til å forseinka prosessane sjølv om framlegga er i tråd med måla med reforma. Departementet har mynde til å flytta ein kommune over til eit anna fylke ved ein samanslåing. Samanslåingar som er meir omfattande, må avgjerast av Stortinget. Kommunale vedtak om samanslåing som ikkje er i tråd med måla i reforma, eller vedtak om samanslåingar som føre til at meir enn ein kommune blir flytta til eit nytt fylke, vil dermed ikkje kunne avgjerast ved kongeleg resolusjon våren 2016. 1.5 Løp 2: Proposisjon om ein heilskapleg kommunestruktur til Stortinget våren 2017 Regjeringa planlegg å fremje ein samla proposisjon om ny kommunestruktur til Stortinget våren 2017. Kommunale vedtak som vert fatta hausten 2015, men som ikkje vert følgt opp av kongeleg resolusjon våren 2016, vil også verta inkludert i proposisjonen. 7

I utarbeidinga av beslutningsgrunnlag for Stortinget vil det bli lagt til grunn at einskildkommunar ikkje skal kunne stansa endringar som er ønska og hensiktsmessige ut frå regionale og nasjonale omsyn. I proposisjonen vil det dermed kunne bli gjort framlegg om samanslåingar av kommunar som avviker frå dei lokale vedtaka. Departementet legg til grunn at samanslåingane som eit utgangspunkt vil bli sett i verk seinast frå 1. januar 2020. Dersom det er ønska lokalt, vil det kunna vera aktuelt at einskilde samanslåingar kan bli satt i verk frå 1. januar 2019. Dette vil vera avhengig av kor langt dei ulike kommunane har kome i sine prosesser. For Sunnhordland ser det ut som løp 2 peikar seg ut som det aktuelle løp. 8

2. PROSJEKTARBEIDET I SUNNHORDLAND Samarbeidsrådet for Sunnhordland har ved fleire høve hatt kommunestruktur på sakskartet. Prosessen i Samarbeidsrådet for Sunnhordland førte til følgjande vedtak 28.11.2013 der Samarbeidsrådet for Sunnhordland går inn for at det vert gjennomført eit scenarioarbeid med fokus på ein eventuell ny kommunestruktur i Sunnhordland. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Bømlo, Fitjar og Stord kommunar. Arbeidet til denne gruppa enda opp i eit dokument, Ny kommunestruktur Demokratireform eller meir sentralstyring. Kritisk gjennomgang av Ekspertutvalet sitt mandat, som vart lagt til grunn for eit felles møte mellom formannskapa i dei 8 kommunane i Sunnhordland 7. mars 2014. I dette møte vart formannskapa samde om å senda følgjande framlegg til mandat til godkjenning i kommunane. I vedtaket stod m.a. 1. Kommunane i Sunnhordland er positive til at det i regi av Samarbeidsrådet vert henta inn kompetanse som kan gjennomføra eit scenario som skal vera vedtaksgrunnlag for val av vidare prosess knytt til kommunestruktur. 2. Arbeidet må ta føre seg ulike sider ved ny kommunestruktur slik at det gjev eit grunnlag til å gå vidare med ei utgreiing av ei eller fleire kommunesamanslåingar, eller å fortsetje som sjølvstendige kommunar med auka interkommunalt samarbeid. Som eit ledd i det å få organisert arbeidet med å få utarbeidd eit felles saksframlegg for dei 8 kommunane i Sunnhordland fatta Samarbeidsrådet for Sunnhordland følgjande vedtak i sitt møte 14. mars 2014; 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland ber rådmennene laga eit felles saksframlegg som går til kommunane for endeleg godkjenning. I dette sakframlegget låg det framlegg til prosjektorganisering, framdriftsplan og mandat for arbeidet. 2.1 Kommunale vedtak Kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes gjorde alle vedtak om å gå samla inn i kommunereformprosjektet. Sveio kommune vedtok då å gå i samtalar med kommunane på Haugalandet. Seinare har kommunestyret også vedteke å vurdera eit alternativ som også omfattar heile Sunnhordland. 2.2 Organisering Prosjektet hadde oppstart 1. oktober 2014 og har hatt følgjande organisering: Prosjektgruppe med ordførar og ytterlegare ein politikar frå kvar kommune pluss 2 representantar frå fagrørsla. I tillegg har varamenn møtt ved fråver. Prosjektgruppa har følgt opp Stortinget sitt vedtak om at alle kommunar skal utgreia sin status i høve til kommunereform, og gruppa har også vore oppteken av å fylgje departementet sin rettleiar. 9

Prosjektgruppa har hatt denne samansetninga: o o o o o o o o o o o o o o o o o o Ordførar Renate Klepsvik, Austevoll kommune Liv Bente Storebø, Austevoll kommune Ordførar Odd Harald Hovland, Bømlo kommune Inge Reidar Kallevåg, Bømlo kommune Ordførar Sigve Sørheim, Etne kommune Siri Klokkerstuen, Etne kommune Ordførar Wenche Tislevoll, Fitjar kommune Harald Rydland, Fitjar kommune Ordførar Synnøve Solbakken, Kvinnherad kommune Peder Sjo Slettebø, Kvinnherad kommune Ordførar Liv Kari Eskeland, Stord kommune Sigbjørn Framnes, Stord kommune Ordførar Kjetil Hestad, Tysnes kommune Tore Atle Humlevik, Tysnes kommune Per Jarle Valvatne, LO Sunnhordland Bjørn Olav Tveit, Utdanningsforbundet Odd Henry Dahle, prosjektleiar Reidun Rykkje, adm. i Samarbeidsrådet Det er nedsett ei referansegruppe i kvar kommune. Hovudsakleg har dette vore formannskapet saman med representantar frå fagrørsla. 2.3 Prosjektet har hatt følgjande mandat: Få utarbeidd eit faktabasert grunnlag, som i neste omgang skal gjera interesserte kommunar i stand til å vedta framtidig kommunestruktur i Sunnhordland. 2.4 Prosjektet sin framdriftsplan 10

2.5 Kommunikasjonsstrategi Kommunikasjonsstrategien til kommunereformprosjektet i Sunnhordland er basert på openheit og tydelegheit overfor innbyggjarar, organisasjonar, næringsliv, media o.a. Det er ein føresetnad for eit levande folkestyre. Det inneberer målretta satsing på ekstern og intern informasjon. Innbyggjardialog Lokaldemokratiet er grunnleggande. Kommunereformprosjektet vil legge til rette for gjensidig kommunikasjon og dialog mellom innbyggjarane og dei ulike tenestene i kommunen. Prosjektet vil vurdera kva metodar som er godt eigna til: å få fram representativ informasjon å skapa dialog at innbyggjarane sine standpunkt byggjer på kunnskap og innsikt å gje informasjon om styrken i innbyggjarane sine standpunkt og kva argument som er utslagsgjevande Her vil ein vurdere ulike metodar som; Folkeavstemming Opinionsundersøkingar Utvida folkehøyring, søkekonferansar og visjonsseminar Fokusgrupper Høyring Referansegrupper og innbyggjarpanel Kommunereformprosjektet vil i prosessen vurdera kva av desse prosjekta ein vil nytta. Organisering Prosjektgruppa legg fortløpande ut informasjon om kommunereformprosessen på eiga område på Samarbeidsrådet sine heimesider. Dette vert også kopla mot ei eiga Facebook side. Prosjektgruppa har ansvar for kommunikasjon om prosessane i prosjektet totalt sett. Den einskilde kommune har ansvaret for kommunikasjon om prosessen i den einskilde kommune. Det gjeld både informasjon på grunnlag av henvendingar og aktiv informasjon på eiga initiativ internt eller eksternt. Openheit Kommunereformprosjektet må sørgja for ein openheitskultur som bidreg til god tilgjengelegheit for media. Prosjektet har ansvar for å legga til rette for og sjølv delta i ein open og opplyst offentleg samtale. Media har lik rett til innsyn og alle skal behandlast med respekt og bli tatt godt i mot når dei etterspør informasjon. Som hovudregel bør informasjonen gjerast tilgjengeleg for alle media samstundes. Ytringsfridom Tilsette sin ytringsfridom er omfatta av dette alminnelege vernet om ytringsfridomen, og utgangspunktet er at dei har ytringsfridom på lik linje med alle andre. Dei tillitsvalde er et talerøyr for arbeidstakarane. For dei må difor ytringsfridomen vera stor. 2.6 Tillitsvalde Prosjektgruppa har bestått av kommunepolitikarar og tillitsvalde. Gruppa er av den meining at tillitsvalde med sin kompetanse er viktige aktørar også i den vidare prosessen mellom kommunane. 11

2.7 Formannskapsmodellen Prosjektgruppa har konkludert med at ein eventuelt ny kommune må styrast etter formannskapsmodellen. 2.8 Grunnlag og føresetnadar for oppgåveoverføring til kommunane I arbeidet i prosjektgruppa, har ein også gått inn for desse føresetnadene: Generalistkommuneprinsippet Faglege og økonomiske ressursar samt naudsynte støttestrukturar fylgjer med Rammestyring økonomisk og juridisk Fullfinansiering av oppgåver, inkl. overgangskostnadar Kommunane kan løyse oppgåvene sjølv eller gjennom interkommunalt samarbeid Må bidra til redusert byråkrati, nedbygging av direktorat og tilpassing av ulike statlege instansars inndeling og oppgåver. 2.9 Redusert statleg styring Grunnlaget for større kommunar skal også vera: Fridom til å løysa oppgåvene etter lokale forhold og prioriteringar Sikre at skjønn vert utøvd av lokale og regionale folkevalte organ Avgrensa statlege retningsliner og rettleiarar Avgrense staten sin tilgang til å overprøva lokale vedtak og planar Gi kommunane moglegheit til å prøve sin sak mot staten Fjerne, forenkla, samordna rapporterings- og dokumentasjonskrav Avgrense Fylkesmannen og direktorata sin rolle ovanfor kommunesektoren 2.10 Statlege grenser Dei ulike statlege etatar, institusjonar, m.m. har svært ulike geografiske grenser. For Sunnhordland går dei ulike grensene på kryss og tvers gjennom regionen. Dette hemmar den regionale samhandlinga, og av den grunn meinar kommunane at den regionale, statlege organiseringa må justerast. 2.11 Deling av kommunar For nokre kommunar kunne det også vera ein tanke å dela delar av kommunen ut til andre kommunar. Dette har ikkje vore vurdert i dette forprosjektet. 2.12 Samkøyring av prosessarbeidet I forprosjektet har dei 7 kommunane samkjørt prosjektet tidsmessig. 2.13 Folkemøte Alle 7 kommunane har haldt eit eller fleire folkemøte om kommunereforma og prosessen. I alle kommunar har det møtt eksterne ressurspersonar Statsråd Jan Tore Sanner kommunal- og moderniseringsdepartementet, Fylkesmann Lars Sponheim saman med prosessrettleiar Ole Bakkebø eller leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen Helge Andre Njåstad. På møta har det møtt mellom 30 og 200 møtedeltakarar. Møta har opna med orienteringar om reforma og prosessen, og ein har gått vidare til spørsmålsrundar frå møtelyden til paneldeltakarar. I panelrunden har innlegga i størst grad dreidd seg rundt lokaldemokrati, rundt kva tenester som blir i nærleiken av folka, rundt økonomi og rundt areal/samferdsel. Kommunane har vore tilfredse med møteavviklingane. 12

2.14 Ungdom Det har vore møter der ein har møtt representantar for ungdomsråda i nokre av kommunane, der ein planla ein ungdomskonferanse 23 april. Grunna kollisjonar med andre føremål vart denne avlyst. Det vil diverre ikkje vera mogleg å gjennomføre ein ungdomskonferanse før rapporten skal oversendast til kommunane. 2.15 Næringslivet I forprosjektet har ein også hatt ei opinionsundersøking i næringslivet. Svara på denne undersøkinga er lagt ved denne rapporten. 2.16 Kyrkja Sunnhordland prosti omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kyrkjeverjene har gitt uttrykk for at dei ynskjer å verta invitert med når spørsmål knytt til kommunesamanslåing står på agendaen. 2.17 Kommunane sin status i dag Kommunane har svart på spørsmål om sin status i dag. (Sjå vedlegg). Svara frå kommunane har vore handsama i dei respektive formannskapa. I dette kapittelet kjem ei kort oppsummering om kva dei fleste kommunane har svart. Det er bygd på vedlegget til dette dokumentet. Den einskilde kommune sitt svar vert også teke med under status og mogelegheitsbilde i null-alternativet for kvar kommune. Spørsmålsstillingane var sendt ut før regjeringa la fram framlegg til nye tenester. Kommunane nemner at dei har positive sider på tenesteområdet og på samfunnsutviklarområdet, men også at dei har utfordringar på desse områda. Det blir gitt uttrykk for eit godt og viktig næringsliv. Når det gjeld tenesteytarrolla er det mykje positivt som skjer på mange lovbestemte områder i dag, men det blir også gitt uttrykk for at ein er sårbar med omsyn til kapasitet og kompetanse på tenesteområda, sårbar med omsyn på å rekruttere nøkkelpersonell og tilgong på spisskompetanse. Alle kommunane ser for seg vekst eller stabilitet i folketalet, og den demografiske utviklinga framover blir sett på som utfordrande. Det vert gitt uttrykk for at større faglege miljø/spesialområde kan vera ein fordel. Sunnhordlandsregionen har også eit omfattande interkommunalt samarbeid. På økonomisida er det slik at inntektene varierer i tråd med det kommunale inntektssystemet slik at dei mindre kommunane har større inntekter pr. innbyggjar enn dei større. Ingen av kommunane kan karakteriserast som svært velståande kommunar, og det er heller ingen av kommunane som har akkumulert underskott. Det er ulikskap mellom kommunane når det gjeld arbeidsgjevaravgiftssone, distriktsindeks, eigedomskatt og konsesjonskraft. Når det gjeld myndigheitsutvikling gir alle kommunane uttrykk for at dei har juridisk kompetanse. I einskilde høve er det mangel på kompetanse og kapasitet. Dei har få klager på sakshandsamingstid, og også få problem med habilitet. I samfunnsutviklararbeidet blir det hovudsakleg gitt uttrykk for at kommunane har vanskeleg for å driva aktiv, langsiktig og heilskapeleg utvikling for kommunen og regionen. Det blir også gjeve uttrykk for utfordringar som treng felles løysingar på tvers av kommunegrensene. Det blir gitt uttrykk for at kommunar har for liten tyngde når det gjeld kampane for betre samferdsel, kommunikasjon og andre samfunnsutviklingsarbeid. Lokaldemokratiet blir det hovudsakleg gitt uttrykk for at fungerer. Det blir gitt uttrykk for at det kan vera noko vanskelegare å rekruttera til partilister. 13

Når det gjeld spørsmålet om kva område som kan betrast ved ei kommunesamanslåing, svarar kommunane samferdsle og anna infrastruktur, beredskap, overordna samfunnsplanlegging, heilheitstenking, fleire tenesteområde og økonomiske stordriftsfordelar. 2.18 Kommuneøkonomi Økonomi i framtidige kommunar Ei av dei overordna måla for kommunereforma er: Bærekraftige og økonomisk robuste kommunar Ved ei kommunesamanslåing er dei økonomiske verkemidla i reformperioden eingongskostnader, reformtilskot og inndelingstilskot. Eingongskostnader Det vil bli gitt tilskot til dekning av eingongskostnadar etter ein standardisert modell, utan søknad. Tilskotet er eit eingongstilskot. Tilskotet blir differensiert etter talet på kommunar og talet på innbyggjarar i samanslåinga. Talet på kommunar og innbyggjarar i samanslåinga, med tilskot: To kommunar, 0-19999 innbyggjarar kr. 20 mill. To kommunar, 20000-49999 innbyggjarar kr. 25 mill. Tre kommunar, 0-19999 innbyggjarar kr. 30 mill. Tre kommunar, 20000-49999 innbyggjarar kr. 35 mill. Fire kommunar, 0-19999 innbyggjarar kr. 40 mill. Fire kommunar, 20000-49999 innbyggjarar kr. 45 mill. Fem kommunar, 0-19999 innbyggjarar kr. 50 mill. Fem kommunar, 20000-49999 innbyggjarar kr. 55 mill. Dersom innbyggjartalet i samanslått kommune blir mellom 50 000 og 99 999 innbyggjarar, vil tilskotet auke med kr. 5,0 mill. i forhold til beløp over. Reformtilskot Det vil bli gitt reformtilskot ved samanslåing av kommunar. Dette vil erstatta tidlegare tilskot til infrastrukturtiltak knytt til kommunesamanslåing. Tilskot blir gitt etter ein standardisert modell - ikkje søknad - med utbetaling på tidspunkt for samanslåinga. Talet på innbyggjarar i samanslåing med reformtilskot: 0-14999 innbyggjarar kr. 5 mill. 15000 29999 innbyggjarar kr. 20 mill. 30000 49999 innbyggjarar kr. 25 mill. Over 50000 innbyggjarar kr. 30 mill. Inndelingstilskot Inndelingstilskotet vil erstatte bortfall av basistilskot og småkommunetilskot. Dersom det er 2 kommunar som slår seg saman, vil det vera eit basistilskot som fell bort og må erstattast. Dersom det er 3 kommunar som slår seg saman, vil det vera to basistilskot som fell bort og må erstattast o.s.v. Inndelingstilskotet vert vidareført i 15 år for så å bli nedtrappa til null i løpet av dei neste 5 åra. Inndelingstilskotet blir prisjustert kvart år. Småkommunetilskotet er i 2015 kr. 5.475.000,-. Småkommunetilskotet blir gitt til kommunar som har under 3200 innbyggjarar (pr.01.januar året før) og eit gjennomsnittleg skattenivå for dei siste 3 åra under 120 prosent av landsgjennomsnittet. Dersom tidlegare kommune(r) har hatt småkommunetilskot, vil også det inngå i inndelingstilskotet. 14

Det vil vera nivået på basistilskotet og småkommunetilskotet på tidspunkt for samanslåing som inngår i inndelingstilskotet. Basistilskotet for 2014 var ca. kr. 12,3 mill. og for 2015 ca. kr. 12,8 mill., for kvar kommune. Eksempel; Vindafjord kommune får i 2015 eitt inndelingstilskot som er lågare (i underkant av kr. 9,4 mill. i inndelingstilskot) enn noverande basistilskot. Det skuldast at samanslåing mellom Vindafjord og Ølen skjedde på eit tidlegare tidspunkt, då basistilskotet var på eit lågare nivå enn no. Inndelingstilskotet vil også erstatta netto inntektstap av distriktstilskot Sør-Noreg. Det vil her vera netto tapet som inngår i berekninga av inndelingstilskotet, det vil seia differansen i distriktstilskot mellom dei gamle distriktstilskota for dei tidlegare kommunane og distriktstilskot for ny kommune. Dersom distriktstilskotet i ny kommune skulle bli høgare enn i dei tidlegare kommunane samla, vil denne gevinsten gå til frådrag når ein bereknar inndelingstilskotet. Ordninga med inndelingstilskot vart innført med verknad frå og med 2002 i høve samanslåing av kommunane Ramnes og Våle til Re kommune. Opphavleg var varigheita 10 år, med årleg prisjustering. Frå 2005 er varigheita på inndelingstilskot i 10 år oppretthaldt men utvida med 5 år nedtrapping (varigheit = 10 år + 5 år). Frå 2012 vart varigheita på inndelingstilskotet ytterlegare forlenga, det vil seia til 15 år på uendra nivå (med prisjustering) og deretter nedtrapping til null over 5 år (varigheit = 15 år + 5 år). Vindafjord kommune har frå 2006 fått inndelingstilskot etter at Ølen kommune og tidligare Vindafjord kommune vart slått saman. Tilskotet var i 2006 ca. kr. 6,9 mill. Med prisjustering er inndelingstilskotet i 2015 kome opp i underkant av kr. 9,4 mill. Ordninga med inndelingstilskot har vore over ein lang periode (over 10 år), men i kommuneproposisjonen for 2015 er det uttalt om denne etter reformperioden:»ordningen strammes inn, omfang og innretning vurderes». Dei kommunane som på dette tidspunktet (etter reformperioden) allereie har inndelingstilskot frå tidlegare vil få det vidareført i samsvar med opphavleg plan. Det er vanskelig å seia noko bestemt om korleis ordninga vil bli for kommunar som slår seg saman etter reformperioden. Økonomi i framtidige kommunar Regjeringa legg også opp til ein heilskapeleg gjennomgang av det samla inntektssystemet for kommunane i løpet av 2016 med verknad frå 2017. Gjennomgangen av inntektssystemet vil sjåast i samanheng med kommunereforma. Kva utslag dette vil gje for dei einskilde kommunane er umogleg å seia på noverande tidspunkt. Kommuneøkonomien i Sunnhordlandskommunane Kommunane i Sunnhordland varierer ikkje svært mykje i kommuneøkonomien. Dette kjem fram på oversikta over status i kommunane. (Vedlegg). Ingen av Sunnhordlandskommunane er kommunar med svært høge inntekter utanom det dei har i skatt og ramme. Stord kommune er registrert for godkjenning og kontroll etter kommunelova. Dei vil truleg bli tatt ut av registeret i løpet av året, men dette må vurderast når årsrekneskap for 2014 er vedteken av kommunestyret. Når det gjeld eigedomsskatt har desse kommunane ulik praksis. Desse kommunane er i ulike intervall i distriktsindeksen. Desse kommunane er i ulike sonar for arbeidsgjevaravgift. 15

Kommune Arbeidsgjevaravgift - Sone Distrikts Indeks * Eigedomsskatt grunnlag Austevoll 1 69 7 promille (verk og bruk) Bømlo 1 59 4 promille (alle eigedommar) Etne 1 45 3 promille (bustad og fritidseigedommar) 7 promille (verk og bruk) Fitjar 1 55 6 promille (verk og bruk inkl vindmøller). 2,5 promille på bustad og fritidseigedom. Kvinnherad 2 37 7 promille (verk og bruk og anna næringseigedom) Stord 1 71 4 promille (verk og bruk, annan næringseigedom og ikkje utbygd grunneigedom) 2 promille for bustad og fritidsbustad) Tysnes 2 37 3,8 promille (Alle eigedommar) Eigedomsskatt innkome 2014 3,2 mill 0 28,4 mill 0 6,4 mill 4,0 mill 14,4 mill 0 61,6 mill 9,0 mill 40,7 mill 0 9,9 mill 0 Andre direkte og indirekte skatter (herunder konsesjonskraft) *Distriktsindeksen er eit uttrykk for distriktsmessige utfordringar i den einskilde kommune. Den er oppdatert pr. 1 januar 2013. Dess lågare indeks, dess større distriktsmessige utfordringar. Kommune Indeks for berekna utgiftsbehov Austevoll 1,1430 Bømlo 1,0839 Etne 1,1360 Fitjar 1,12276 Kvinnherad 1,0777 Stord 0,9836 Tysnes 1,1866 Indeks for berekna utgiftsbehov vil vera 1,0 dersom kommunen har eit berekna utgiftsbehov som er likt landsgjennomsnittet. Dersom f.eks indeksen er 1,1 er utgiftsbehovet 10% høgare enn landsgjennomsnittet. Dersom f.eks indeksen er 0,9 er utgiftsbehovet 10% lågare enn landsgjennomsnittet. 16

2.19 Pensjonar Tenestepensjonane for tilsette er tariff- og lovfesta. I den grad kommunar som vel å slå seg saman har ulike pensjonsleverandørar, kan ein kommune koma borti utfordringane med å få ein leverandør. I Sunnhordland er alle kommunane knytt til KLP. Kommunane har ulik praksis relatert til premieavvik. 2.20 Kommunale tenester Ei av dei overordna måla for kommunereforma er: Gode og likeverdige tenester for alle innbyggjarane Når ein vurderer kommunesamanslåingar er det ei felles målsetjing å få mest mogeleg teneste ut av kvar krone, og hente ut stordriftsfordelar ved ei meir effektiv drift, større og sterkare fagmiljø og betre tenester. Kostra syner at det som oftast er mindre kostnadar pr. innbyggjar til tenester i store kommunar enn i små. Ein kan vurdera tenester ut frå mange ulike forhold, m.a.: effektivitet, tilpassing av tenestene til innbyggjarane, og kvalitet på tenestene. Sjølv om det kan vera rett å snakke om stordriftsfordelar i større kommunar, vil slike vurderingar ha mange usikre moment i seg. Det kan til dømes vera: ulik økonomi ulik demografi ulik organisering som t.d sentralisert og desentralisert Slike forhold gjer at det ikkje alltid er lett å setje to strekar under svara. 2.21 Administrasjon og styring Eit område det er viktig å fokusera på, er kva ressursar kommunane nyttar til administrasjon pr. innbyggjar. Administrasjon slik Kostra definerer det er utgifter til politisk styring, kontroll og revisjon, administrasjon, forvaltningsutgifter i eigedomsforvaltning og administrasjonslokale. I tabellen nedanfor er gjennomsnitt pr. innbyggjar for 2013: Netto driftsutgifter til administrasjon og styring i kr. pr. innbyggjar: Kommune Kommunekassen Konsern Austevoll 6163 6178 Bømlo 3407 3417 Etne 5386 5403 Fitjar 5181 5197 Kvinnherad 5072 5081 Stord 3020 3415 Tysnes 6352 6370 Sunnhordlandskommunane rapporterer svært ulike administrasjonsutgifter i KOSTRA. Som ein ser er det også forskjell mellom kommunekasse-tala og konsern-tala. 17

Konsern omfattar rekneskapstal frå kommuneregnskapet og rekneskapa frå kommunale føretak (KF), interkommunale samarbeid og interkommunale selskap (IKS). AS er derimot ikkje med. For å få med rekneskapstala uavhengig av organisering er det difor mest korrekt å velje konserntal så langt det er råd. Dersom ein ser føre seg ein storkommune av alle desse kommunane (58 000 innbyggjarar) administrasjonsutgifter pr. innbyggjar på same nivå som konserntala til Stord og Bømlo, kunne ein spare inn monaleg med administrative ressursar som kunne gått over i direkte tenesteproduksjon og utviklingsarbeid. Her må ein også ta inn i vurderingane at dei ulike kommunane kan rapportere ulike faktorar under administrasjon. Det er også viktig å ha med at utgiftsbehovet i kommunane er ulike, jfr. Indeks for berekna utgiftsbehov, side 16. Nokre kommunar er relativt «rimelege» å driva som følgje av ung befolkningssamansetning og konsentrert busetting/geografi med korte reiseavstandar. Andre kommunar er tilsvarande «dyre» å drive med omsyn på alderssamansetning m.m. Administrasjonskostnadane kan vera påverka av kor rimeleg eller dyr kommunen er å drive ut i frå desse faktorane. 2.22 Tenester Kva kan samlokaliserast og kva kan desentraliserast i ein ny kommune Ved vurdering av kommunesamanslåingar vil ein vurdera kor dei ulike tenestene skal lokaliserast. Dette vil vera gjenstand for forhandlingar mellom kommunane. Vanlegvis vil basistenester som barnehagar, skular, sjukeheimar og andre pleie- og omsorgstenester vera desentraliserte. Geografiske forhold som f. eks. øyar utan god tilkomst til resten av kommunen, kan også verke til at fleire tenester blir desentraliserte. Sjølv om ein sentraliserer tenester og administrasjon i den nye kommunen, treng ikkje desse tenestene bli sentraliserte til same stad. Det er eksemplar på at kommunar som går saman til ny kommune, gjer avtalar om at kommunehusa i dei opphavlege kommunane skal nyttast, og at kvar av dei tidlegare kommunane skal fortsetje å ha like mange tilsette som før. Her er eit framlegg til samlokalisering/desentralisering av tidlegare og nye tenester i kommunen: TENESTEOMRÅDE KAN SAMLOKALISERAST KAN DESENTRALISERAST Områder som er i kommunane i dag Rådmann x IKT x x Servicetorg Lønskontor x Personal-/organisasjonskontor x x Økonomikontor x PPT x x Barnehagar x Skular x Kulturskular x Kulturkontor x Idrettskontor x Aktivitetshus x x Bibliotek x x Frisklivssentral x x Helsetenester x x Rus-/Psykiatri x 18

Tiltak for funksjonshemma x x Legevakt x Øyeblikkeleg hjelpesenger x Sjukeheimar x Omsorgsbustader x Teknisk Planavdeling x Teknisk driftsavdeling x Brann og redning x x Veg x x Vatn x x Renovasjon x Landbruk X x Kyrkjeleg fellesråd x x Oversikt over oppgavene nevnt i St.mld Kommunereformen: Nye oppgaver til større kommuner Velferd: Tannhelse x x Rehabilitering x x Forsøk DPS x Hjelpemidlar x x Bustadtilskot x x Varig tilrettelagt arbeid x x Arbeids- og utdanningsreiser x Finansieringsansvar pasienttransport x x Statlig barnevern x Familievern x Lokal utvikling: Forenkling av utmarksforvaltning x Lokal nærings- og samfunnsutvikling x Motorferdsel i utmark x Forenklingar innan plan- og bygningsloven: x Revisjon av forskrift om konsekvensutredningar og utviklingsavtaler på planområdet Vannscooter x x Tilskot til nærings- og miljøtiltak skogbruk, x Tilskot til -tiltak i beiteområde x Tilskot til kulturlandskap jordbruk x Tilskot til verdensarvområda x Konsesjonsbehandling småkraftverk x Myndigheit til einskilde utsleppstillatelsar, x forureiningslova Naturforvaltning: små verneområde, økt x ansvar etter innlandsfiskeforskrifta og jakt- og fangstider for einskilte framande arter Tilskot til frivilligsentralane x Andre oppgåver 19

Vigselrett Notarialforretningar Godkjenning symjeanlegg Sivile politioppgåver Anna Vidaregåande opplæring Skoleskyss Kollektivtransport x x x x x x x Avkryssingane ovanfor er skjønsmessige, og meint som eit utgangspunkt for å syna korleis ein kan fordela tenestane. Her fins det ikkje fasitsvar. Fagmessige, politiske og geografiske vurderingar vil vera avgjerande. Det må også understrekast at om ein går inn for samlokalisering av nokre tenesteområde, kan desse plasserast i ulike kommunar dersom det er ynskjeleg. 2.23 Demokratiet lokaldemokratiet i nye kommunar Det er eit overordna mål i kommunereformprosjektet at ein skal styrka lokaldemokratiet. Dette har vore tema på alle folkemøta om kommunereformprosjektet i kommunane i Sunnhordland. Det blir sagt at det er sterkare lokaldemokrati med større lokal deltaking i små kommunar, og det blir sagt at lokaldemokratiet i større kommunar har langt større innflytelse. På den eine sida kan det hevdast at lokaldemokratiet blir styrka ved at: 1) Kommunane får større oppgåver overført frå fylke og stat, og det styrkjer lokaldemokratiet ved at den folkevalde styringa kjem nærare p.g.a. at ein handsamar det i kommunestyret og ikkje i fylkestinget eller Stortinget. 2) Små kommunar i større grad enn større kommunar må løyse oppgåvene gjennom interkommunalt samarbeid, og det er ein større lokaldemokratisk utfordring enn når ein løyser oppgåvene i eit kommunestyre sjølv om det då er i ein større kommune. 3) Med større kommunar skal staten i mindre grad drive detaljstyring overfor kommunane. Makta i kommunestyret og lokaldemokratiet vil med det styrkast. På den andre sida kan det hevdast at lokaldemokratiet vert svekka ved at: 1) Kommunar som i dag har eit visst tal kommunestyrerepresentantar pr. innbyggjar, vil med ein kommunesamanslåing få færre representantar inn i ein ny og større kommune, og med det tape innflytelse. 2) Det blir lengre veg mellom innbyggjarar og beslutningstakarane som står for folkestyret til menneske der dei bur. 3) Småkommunar i dag ikkje meinar at interkommunalt samarbeid svekker den folkevalde innflytelsen. Desse vurderingane har også ført til innspel for å styrke lokaldemokratiet i ein stor/samanslått kommune: 1) Partia kan gjennom sine nominasjonsprosessar leggje til rette for at heile kommunen blir representert på val-listene. 2) Kommunen kan etablera nærdemokratiordningar som kan styrka lokaldemokratiet. Nærdemokratiordningar Nærdemokratiske ordningar som bydels-/grendeutval er nytta fleire stadar i Noreg og andre samanliknbare land. Distriktssenteret syner m.a, til modellen med lokalsamfunnsutval og lokalsamfunnskoordinatorar i Fredrikstad, og modellen med lokalfora, dialogutval og lokalforumkonsulentar i Holbæk i Danmark. 20

Norsk institutt for by- og regionforsking har delt nærdemokratiske ordningar slik: 1. Frivillige organisasjonar med eit bestemt underkommunalt geografisk nedslagsfelt, t.d. velforeiningar. 2. Foreiningsbaserte lokalutvals modellar, ofte initiert av kommunen. 3. Organ med delegert beslutningskompetanse og tenesteansvar. (Grende-/bydelsutval) I nærdemokratiordningar bør ein 1. avklare kva ein vil med nærdemokratiutvalet. Kva behov skal ordninga møta. Skal det vera rådgjevande eller beslutningsdyktig? 2. velje ein organiseringsmåte som ivaretek kommunen sine behov 3. gje ordninga nok ressursar og råmer til å gjera ein god jobb Nærdemokratiske ordningar kan m.a. bidra til: Betre kontakt og nærleik mellom folk og kommunane sine politikarar og administrasjon Meir deltaking og større politisk interesse i lokalbefolkninga Representasjon frå eit større område Spesiell ivaretaking av område som blir geografiske ytterpunkt Betre informerte kommunale beslutningar med høgare lokal legitimitet og større forankring Betre kommunale tenester ved tilførsel av lokalkunnskap Større samfunnsengasjement Ta vare på eller byggje opp lokal identitet eller samhald Organisering av oppgåver Det fins ulike måtar å organisere nærdemokratiske oppgåver på, men forsking har synt at det er 3 kriteria som må vera tilstades for at det skal fungera godt: 1. Det må definerast eit ansvarsområde, mandat og ein må oppleve å ha reell innflytelse. 2. Det må vera gode strukturar for god informasjonsflyt 3. Det må vere god tilrettelegging og administrativ støtte Dilemma Nærdemokratiordningar kan ha dilemma som t.d. at ein i ein kommunesamanslåingsprosess kan ynskje å byggje identitet på tvers av gamle grenser, mens ein kan styrkje dei gamle grensene ved dei ovannemnde lokaldemokratiordningar. Ein må også vurdere om det er tenleg med eit ekstra nivå. Andre modellar I tillegg til å tenkje nærdemokrati etter geografiske inndelingar for befolkninga, kan ein også organisera ordningar for grupper som i mindre grad deltek i lokalpolitikken, t.d. innvandrarråd, eldreråd og ungdomsråd. Interkommunale selskap Alternativet til nye og større kommunar er ofte stor bruk av interkommunale selskap. For nokre vil interkommunale selskap bli sett på som ei svekking av demokratiet sidan desse har eige styre der få frå kvar kommune er representert. Andre vil hevda at demokratiet er ivareteke gjennom eigarskapsmeldingar, etc. 2.24 Myndigheitutøving Kommunane må ha tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å drive god sakshandsaming, ha tilstrekkeleg avstand mellom sakshandsamar og søkjar, ha kort sakshandsamingstid, god klagehandsaming og gode rutinar og system for myndigheitsutøvinga som tåler eit tilsyn. 21

2.25 Samfunnsutviklarrolla Ei av dei overordna måla for kommunereforma er: Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling Kommunane har ei sentral rolle med å skape ei heilskapleg utvikling av lokalsamfunnet for å skape gode levekår for dei som bur og arbeider der. Dette gjeld m.a. å leggja til rette for planlegging av bustadområde, samferdsel, næringsområdet, LNFområder, etc. gjennom kommuneplanarbeidet og planhiearkiet for øvrig. Samfunnsutvikling gjeld om å vera ein konstruktiv aktør på alle samfunnsområde i eigen kommune, i regionen og utover regionen. Samfunnsutvikling kan også vera å leggje til rette for ein samordna og balansert utvikling i heile kommunen. Samfunnsutvikling er også å vera ein attraktiv og aktiv samarbeidspartnar i arbeidet for å få samferdsle, heilskapeleg offentleg eller privat næringsutvikling, folketilvekst, bustadutvikling, etc. For at dette skal bli ein suksess, krev det ein handlekraftig kommune. 2.26 Planverk Kommunane og Samarbeidsrådet i Sunnhordland har vore aktive i utvikling av regionale planar i Hordaland og også i Rogaland. Det gjeld t.d. breie fylkesdelplanar og temaplanar som kystsoneplan, senterplan, strandsoneplan, etc. 2.27 Samferdsle Kommunikasjonen i kommunen og inn/ut av kommunen er avgjerande for samfunnsutviklinga i regionen. Kommunane og regionrådet i Sunnhordland har prioritert arbeidet for gode hamner, vegar, tunnelar, bruer, ferjer, flyplass, m.m. Arbeidet med Kyststamvegen og Haukelivegen er prioritert som sers viktig for regionen. Desse stamvegane har stor betyding. Vegane i Sunnhordlandsregionen og i kommunane treng også opprustning, og det vil nok ha stor betydning for innbyggjarane og næringslivet og innverknad for kommunereformprosessen. I særleg grad er det no kommunane Austevoll og Tysnes som gir uttrykk for at vegstandarden må betrast betrakteleg. 2.28 Næring På NæringsNM for 2014 ligg Sunnhordland på 10 plass av 83 næringsregionar i landet. Sunnhordland har kommunar med høg sårbarheitsfaktor på næringane sine. Dette er eit arbeid som må prioriterast for å halde sysselsetjinga oppe. Spesielt har Stord og Austevoll stor sårbarheitsindikator. Dette er ein faktor som vedkjem dei andre kommunane i stor grad. 2.29 Endring av kommune-/fylkesgrenser Før ein går over til å vurdera aktuelle mogelegheitsbilde, vil ein nemna dette: For nokre kommunar kan det vera aktuelt å endre kommunegrensene slik at ein del av kommunen blir flytta til ein annan kommune. For nokre kommunar kan det også vera aktuelt å endre fylkesgrenser. Dei ovannemnde spørsmåla har ikkje vore vurdert i dette forprosjektet, med unntak av at prosjektgruppa 22

ynskjer å viska ut fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland, og også ynskjer å gå vidare til ein landsdelsregion. 2.30 Kostra-tal I denne prosjektrapporten nyttar vi KOSTRA-tal for 2013. Det er p.g.a. at KOSTRA-tala for 2014 framleis er foreløpige tal. Når ein nyttar statistikk-tal frå berre eit år, kan spesielle tilhøve dette året gjere at ein får eit annleis bilete enn om ein hadde nytta tal frå andre år. 2.31 Metodar for prosjektgruppa Prosjektgruppa har følgt departementet sin rettleiar i dette forprosjektet. Kommunane har vore representert med 2 kommunepolitikarar frå kvar kommune og varamedlemmer. Fagforeiningane har vore representerte med 2 medlemmer og 2 varamedlemmer. Av involveringsmetodar har alle kommunane nytta seg av minst eitt folkemøte. Når det gjeld kommunane sin status i dag, har alle kommunane ved sine formannskap svart på spørjeskjema som prosjektgruppa har sendt ut. Her er det generelle spørsmål om kommunen, spørsmål om kommunen som tenesteytar, om kommunen som myndigheitsutøvar, som samfunnsutviklar, som demokratisk arena og som interkommunal aktør. På mogelegheitsbileta vert det lagt vekt på faktabaserte forhold som t.d. Kostra-tal frå 2013. Når ein vurderer faktabaserte data, er det viktig å ta i vurderinga at det kan vera ulike grunnlag for bak dei opplysningane kommunane rapporterer sjølv om ein rapporterer under same overskrift. Det kan t.d. vera ulike organiseringar som gjer utslag, og det kan vera ulik vurdering av funksjonane. Det er også viktig å ha med seg at utgiftsbehovet i ulike kommunar kan vare ulikt p.g.a. at nokre kommunar er rimelegare å driva enn andre som følgje av befolkningssamansetning, busetting/geografi og reiseavstandar. Når ein nyttar statistikk-tal frå berre eitt år, kan spesielle tilhøve dette året gjere at ein får eit annleis bilete enn om ein hadde nytta tal frå andre år. Dette må ein alltid ha med seg når ein vurderer faktabaserte tal. 2.32 Mogelegheitsbilete Prosjektgruppa har bestemt at følgjande alternativ skal greiast ut: 1. O-alternativ 2. Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Tysnes 3. Austevoll, Bømlo, Fitjar, Stord, Tysnes 4. Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Tysnes 5. Bømlo, Fitjar, Stord, Tysnes 23