leselyst sommar 2013

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "leselyst sommar 2013"

Transkript

1 leselyst sommar 2013 LESELYST ER REISEMÅLET OPPGÅVEHEFTE

2 Leselyst 2013 OPPGÅVEHEFTE Innleiing Sommarleselyst skal skape motivasjon og leselyst for dei som går i femte og sjette klasse i vår. På skulen arbeider elevane heile året systematisk for å nå kompetansemåla som læreplanen set for alle elevar. Med sommarleselyst får elevane tid til å dvele ved ein sjølvvald tekst og bli kjend med boka utan at det er krav til noko meir enn ei god leseoppleving i augeblinken. Sommarleselyst vil hjelpe foreldre og lærarar til å stimulere barna til leseaktivitet også utanfor rammene for skuleåret. Vi oppfordrar alle norske femte- og sjetteklassingar til å delta i årets sommarlesing. Leselyst er reisemålet! Lærarrettleiing Skule og heim må samarbeide for å nå måla i kunnskapsløftet. I sommarferien har foreldra betre tid, og det er vinn vinn for alle når leseopplevingane kan delast samtidig som ein får oppfylt intensjonane i læreplanen. I denne lærarrettleiinga finn du tips til korleis du kan bruke aktivitetsheftet. Målsetjinga med oppgåvene er at barna skal få eit meir medvite forhold til kva sjangrar dei liker å lese, og kva for bøker som passar for dei. Gjennom å drøfte oppgåvene i fellesskap kan elevane hjelpe kvarandre med å finne spennande bøker som dei kan lese i sommar, og bli betre kjende med leselystbøkene. Oppgåvene kan forhåpentleg pirre nyfikna og gi inspirasjon til å delta i konkurransen om å bli årets Leselystskule og kjempe om å vinne plass som deltakar i NRKs Superkviss. 2

3 Slik kan du bruke oppgåve 1: Spør elevane om kva forfattarar dei liker aller best. Be dei grunngi meiningane sine. Be elevane anbefale ei bok av yndlingsforfattaren sin til andre elevar i klassa. Utfordre elevane til å gjette kva som kan bli den neste tittelen til denne forfattaren, og be dei skrive begynninga på denne boka i same stil som forfattaren. Slik kan du bruke oppgåve 2: Snakk med elevane om ulike måtar å skrive på og aktiver omgrepet sjanger for dei. Kva er fiksjon, fakta, fantasy, historie, biografi? Få dei til å reflektere over forskjellar og likskapar mellom dei ulike sjangrane. Få fram kva som er kjenneteikn på dei ulike måtane å skrive på. Be elevane uttale seg om kva for sjangrar dei liker best, og be dei grunngi dette. La elevane svare på oppgåve 2. Dersom det er skulebibliotek på skulen, kan dette vere ei fin oppgåve å gjere der. Gjennomgå lister som elevane har skrive, og snakk saman om kva slags bøker dei liker, og kva slags sjangrar det kan vere lurt at dei lærer seg meir om. Slik kan du bruke oppgåve 3: Be elevane velje seg draumereisemål for sommaren. Det kan vere verkelege stader, historiske stader, fantasistader. Be elevane om å gå saman to og to, og foreslå bøker dei kan lese som minne om draumereisemålet sitt. Be elevane fylle ut oppgåveark 3. Slik kan du bruke oppgåve 4: Snakk med elevane om evna deira til å førestille seg ting. Dette stimulerer fantasien vår, og kan vere med på å inspirere oss på ulike måtar. Forklar elevane korleis dei kan lage eit tankekart. Be dei lage eit tankekart over den ideelle draumeferien sin, der dei har lov til å blande fantasi og røyndom. Slik kan du bruke oppgåve 5: Før sommarferien bør elevane få bli kjende med bøkene som skal delast ut. Det kan gjerast med ein heilt enkel quiz. Alle svara finn ein ved å lese om bøkene på no og bla i bøkene på nettet. Quizane er knytte til dei seks leselystbøkene som barna kan få i sommargåve: Salamandergåten, Jørn Lier Horst Villheks, Eldprøva, Lene Kaaberbøl Barna som forsvant, Lars Joakim Grimstad Samuel Sekel og flukten fra Paris, Tina Trovik Marg og bein, Kjøtt og blod, Ingunn Aamodt Pym Pettersons mislykka familie, Heidi Linde Oppgåve 6: Hjelp barna å bli betre kjende med leselystbøkene. Dei seks leselystbøkene skal dekkje ulike sjangrar og ulike vanskegrader. På nettsidene til leselystaksjonen er det mogleg å lese litt frå alle bøkene, det er også mogleg å laste ned ein smakebit. Ved å gå igjennom øvingane under vil barna bli kjende med bøkene på førehand og lettare kunne velje den boka som passar best for dei. I tillegg blir det på nettsida presentert nærmare 30 andre nyare bøker som passar for aldersgruppa. Kanskje finn barna draumeboka si der. Oppgåvene kan de anten gjere i fellesskap i klassa eller i lesegrupper ved å hjelpe kvarandre gjennom teksten for å få djupare innhaldsforståing. Gruppa som skal samarbeide, får nokre kort som er eit slags sett med nøklar til leseforståing. Dei første øktene er læraren leiar. Læraren skal gjere elevane merksame på at teknikkane som blir viste, skal dei meistre på eiga hand etter kort tid. Læraren er der berre for å hjelpe dei til å fungere som ei uavhengig gruppe i framtida. RAUD NØKKEL: Føreseie handlinga Gruppeleiaren ber dei andre elevane om å lese overskrifta, sjå på eventuelle bilete, eller på undertittel dersom det finst. Gruppa diskuterer kva dei trur teksten handlar om, og kva dei veit om dette frå før. BLÅ NØKKEL: Lese Eleven som har nøkkelkortet, fortel resten av gruppa at dei skal lese fram til eit avtalt punkt i teksten. Det er opp til gruppeleiaren å avgjere kor langt, men det bør vere minst tre avsnitt av teksten i kvar runde. Her kan ein velje å lese gjennom teksten på ulike måtar, dei kan lese stilt, enkeltvis for gruppa, til ein partnar eller som korlesing. Dette gjer ein for å skape litt variasjon. Gruppeleiaren avgjer. GUL NØKKEL: Vanskelege ord og omgrep Dette nøkkelkortet gir lesarane høve til å sjå nærmare på nokre ukjende ord, uttrykk eller uttale av ord som dei synest er vanskelege i teksten. Gruppeleiaren ber elevane notere ord dei ikkje forstår, eller ord dei synest ser interessante ut, eller ord dei vil vite synonym til. Gruppeleiaren har ansvaret for å leie oppklaringsrunden der elevane finn ut kva orda og omgrepa tyder. Dersom elevane ikkje ser ut til å vilje komme fram med at det er ord dei ikkje forstår dei første par gongene dei jobbar med denne strategien, plukkar læraren ut eit ord eller ein sekvens i teksten og ber gruppa om å forklare. SVART NØKKEL: Kvar? Kva? Kven? Korfor? Korleis? No skal elevane stille spørsmål til det dei har lese. Svara skal vere munnlege, slik at alle opplever å få felles forståing av innhaldet. Eleven som har nøkkelkortet, sørgjer for å innhente svar frå dei andre elevane. GRØNN NØKKEL: Oppsummere No skal elevane samanfatte dei viktigaste punkta, skrive dei ned som eit tankekart, eller som notat, punkt eller liknande. Sirkelen er slutta. Prosessen kan begynne på nytt. 3

4 Oppgåve 1 Finn favorittforfattaren din Å bli kjend med favorittforfattaren sin er ein viktig del av det å erobre verda av bøker. Ved å svare på spørsmåla under vil du bli meir klar over korfor du liker enkelte bøker betre enn andre. 1. Kven er yndlingsforfattaren din? 2. Kva er spesielt med han eller henne? 3. Kva er tittelen på den første boka du las av denne forfattaren? 4. Kven vil du anbefale å lese denne boka? Korfor? 5. Dersom boka du anbefaler, er illustrert, ber vi deg seie kva du synest om illustrasjonane. 6. Kan du seie litt om måten forfattaren din skriv på? I så fall ber vi deg om å seie kva som er spesielt ved skrivemåten. 7. Er det andre bøker du har lese som minner om måten yndlingsforfattaren din skriv på? 4

5 Oppgåve 2 Bli kjend med ulike sjangrar Dei aller fleste bøker set fantasien i sving. Slik er det anten det dreiar seg om fiksjon (bøker som er dikta opp av forfattaren) eller faktabøker (bøker som handlar om noko som faktisk har skjedd). I alle høve er det viktig å lære seg å skilje mellom fakta- og fiksjonsbøker. Det finst mange forskjellige måtar å skrive bøker på. Vi kallar dei ulike skrivemåtane for sjangrar. I lista under ser du nokre hovudsjangrar. Set eit kryss for kvar sjanger som viser om det er fiksjon eller fakta. Til slutt skriv du opp ei bok du har lese i den aktuelle sjangeren. Sjanger Fiksjon Fakta Tittel Eventyr Biografi Fantasy Historie Humor Krim Natur Vitskap Sport Ha det gøy i sommar og utforsk dei boksjangrane du liker best. Her kan du begynne på ei liste over bøker du kan tenkje deg å lese i sommar:: Fiksjon Fakta Tittel 5

6 Oppgåve 3 Å leve seg inn i rollene til andre Anten ei bok er fiksjon eller fakta, gir lesing oss høve til å leve oss inn i, eller førestille oss, korleis livet er for den eller dei personane boka fortel om. Tenk på fem personar du har lese om i bøker eller forteljingar som du har fått interesse for. Gjer greie for kva du har felles med kvar person, og kva som er forskjellig. 1. Person/karakter Likskapar Bok Forskjellar 2. Person/karakter Likskapar Bok Forskjellar 3. Person/karakter Likskapar Bok Forskjellar 4. Person/karakter Likskapar Bok Forskjellar 5. Person/karakter Likskapar Bok Forskjellar 6

7 Oppgåve 4 Mitt ferietankekart Lesing kan ta oss med på reiser til alle slags reisemål. Både dei bøkene som er fri fantasi, og dei som handlar om noko som kan hende i røynda, har evna til å verke slik på oss. Lesing kan også gi deg som lesar skrivelyst. Mange forfattarar lagar tankekart før dei set i gang med å skrive forteljingane sine. Eit tankekart er ei visuell oversikt over tankar og idear. Det kan du bruke når du skal lage ein disposisjon til for eksempel ei tekstoppgåve, eit foredrag eller kva som helst anna oppgåve. Bruk plassen nedst på dette arket til å lage draumeferiekartet ditt. Du kan bruke element frå den verkelege verda, og du kan leggje til fri fantasi. Det kan vere noko i fortida, fjerne land eller oppdikta draumestader. Sjå på tankekartet ditt og bruk det til å skrive begynninga på ei fiksjonsforteljing frå sommarferien. Tenk over og ta med deg inn i forteljinga di: 1. Kven skal reise til denne staden? (Fortel om personen, utan å avdekkje alle detaljar.) 2. Kven møter han eller ho? 3. Noko uventa skjer. Hovudpersonen finn ein mystisk stein. 4. Kva slags stein er dette? 5. Skriv ei begynning på feriereisa. 6. Du skal ha presentert hovudpersonen (tenk på likskapar mellom deg sjølv og personen du skildrar). 7. Du skal ha sagt noko om reisa (sjå på kartet ditt). 8. Hovudpersonen finn ein mystisk stein (denne skal få noko overraskande til å skje på reisa). Skriv her. Treng du meir plass, kan du bruke side 10 og 11, Mine notat 7

8 Oppgåve 5 Sommarquiz Salamandergåten 1. Salamandergåten høyrer til sjangeren: Humor Krim Fakta 2. Gåte er eit anna ord for: Vits Mysterium Gråte 3. Jørn Lier Horsts yrke ved sida av å vere forfattar er: Lærar Politi Lege 4. Hendingane i Salamandergåten skjer om: Sommaren Vinteren Hausten 5. Dersom du set saman forbokstavane til hovudpersonane i boka, blir det til det engelske ordet: Nice Clue Summer Villheks 1. Villheks er: Eit eventyr Ei krimhistorie Fantasy 2. Hovudpersonen i boka heiter: Arla Carla Lene 3. Undertittelen til boka er: Skammaren Eldprøva Svartkatten 4. Forfattaren har tidlegare skrive: Skammarserien Samuel Sekel Åndejegerane 5. Forfattaren av boka heiter: Ingunn Aamodt Linn Sunne Lene Kaaberbøl Barna som forsvant 1. I boken les vi om Finn Fahr som er: Taxisjåfør Statsminister Tannlege 2. Boka er skriven av: Aschehoug Lars Joakim Grimstad Tina Trovik 3. Boka handlar om at barn: Forsvinn Reiser Gjer opprør 4. Forfattaren av boka har tidlegare vore: Fotballspelar Kunstmålar Lærar 5. Denne boka er debuten til forfattaren. Det vil seie at han har skrive: 10 titlar 50 titlar 1 tittel 8

9 Oppgave 5 Sommerquiz Samuel Sekel 1. Boka tilhøyrer sjangeren: Biografiar Historiske bøker Fantasy 2. Byrået, skulen Samuel begynner på, ligg på: Hamar Hardangervidda Røros 3. Samuel reiser i tid og man lærer også mye om: Blomster Historie Kjærlighet 4. Samuel Sekel er: 12 år 13 år 14 år 5. Samuel Sekel flyktar frå: Paris London København Marg og bein, Kjøtt og blod 1. Bøkene i Marg og bein-serien er skrivne av: Ingunn Aamodt Jon Ewo Arne Svingen 2. I Kjøtt og blod har to barn fått ein nabo som er: Postmann Kannibal Lærar 3. Kva for ein av desse titlane er ikkje i Marg og bein-serien: Dukken Grusom spådom Skipsvraket 4. Boka er: Ei humorbok Ei fantasybok Ein grøssar 5. Kor mange sider er det i Kjøtt og blod? Pym Pettersons mislykka familie 1. Boka er skriven av: Tina Trovik Jon Ewo Heidi Linde 2. Eg trur boka handlar om: Tidsmaskiner Keisam familie Kjærleik 3. Boka er: Ei humorbok Ei fantasybok Ei krimhistorie 4. Pym synest mykje i livet hennar er skikkeleg: Morosamt Spennande Mislykka 5. Kor mange er det i familien til Pym?

10 Treng du meir plass å skrive på? Mine notat 10

11 Treng du meir plass å skrive på? Mine notat 11

leselyst sommer 2013 LESELYST ER REISENS MÅL OPPGAVEHEFTE

leselyst sommer 2013 LESELYST ER REISENS MÅL OPPGAVEHEFTE leselyst sommer 2013 LESELYST ER REISENS MÅL OPPGAVEHEFTE Leselyst 2013, OPPGAVEHEFTE Innledning Sommerleselyst skal skape motivasjon og leselyst for vårens femte og sjetteklassinger. På skolen arbeider

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Av en født forbryters dagbok

Av en født forbryters dagbok Kompetansemål etter 10. årstrinn Av en født forbryters dagbok ei novelle av Johan Borgen Munnlege tekstar Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: Delta i utforskande samtaler om litteratur, teater

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg Lytting C1 Eg kan følgje eit munnleg innlegg eller ein samtale av noka lengd, sjølv når innhaldet er ustrukturert og det ikkje finst nokon tydeleg raud tråd. Eg kan forstå eit stort spekter av idiomatiske

Detaljer

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Utgangspunkt 1 Ein roman er ei lang forteljing som er ofte delt inn i kapittel. Den kan ha fleire handlingar og hovudpersonar. Hilde Hagerup har skreve tre bøker

Detaljer

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Me satsar på lesing! Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Anne-Cath Vestly 1 Lesing for livet

Detaljer

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt Å skrive brev Oppgåve 10 og I mål-oppgåve i kapittel 1 «Send ei helsing» Å skrive kort og brev Skrive stad, tid, opningshelsing og underskrift Skrive ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning Eg greier

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn Regionalt fagnettverk Den første lese- og skriveopplæringa Norsk 1.-2. trinn 23.01.2018 Dagsorden Oppstart og presentasjon Gjennomgang av mellomliggjande arbeid Høgtlesing og bruk av småbøker Oppsummering

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Å velje lesemåte. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. (Kan knytast til mange oppgåver) Læringsmål:

Å velje lesemåte. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. (Kan knytast til mange oppgåver) Læringsmål: Å velje lesemåte (Kan knytast til mange oppgåver) Å velje lesemåte Når nokon fortel meg kva lesemåte eg skal velje, greier eg å bruke rett lesemåte. Når eg veit kvifor eg skal lese ein tekst, greier eg

Detaljer

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Lesarhistoria -ny veg til lesaren Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Kven er vi? Lesarhistoria Kverndokken den enkelte si historie som lesar ligg til grunn for vidare lesing. -interesser,

Detaljer

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten Instruks for munnleg eksamen for lærar Frå forskrift til opplæringslova 3-18. Lokalt gitt eksamen Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar.

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s. Farnes Skule Læreplan i: Norsk Trinn: 2. klasse Skuleåret: 2018/19 Årstimetal: 6, 5 t. pr. veke Læreverk: Salto, Gyldendal Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald

Detaljer

Frå dikt til teikneserie

Frå dikt til teikneserie Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar Årsplan i norsk for 8.årssteg. Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar 35 Ulike lesestrategiar Gjere eleven bevisst på

Detaljer

felles fag på 6. og 7. årssteget

felles fag på 6. og 7. årssteget Forsøk med framandspråk som felles fag på 6. og 7. årssteget til foreldre og elevar 2010 2012 Vi reiser meir og møter stadig fleire språk og kulturar. Kontakt med omverda blir viktigare. Barn opplever

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Årsplan i norsk 7-trinn

Årsplan i norsk 7-trinn Årsplan i norsk 7-trinn 2018-19 Periode Emne Innhald/mål Arbeidsmåtar vurdering 34-40 Korleis språket blei til Agora s.8-18 Kunnskap om språk Vite kva språk er Vite korleis talespråket og, skriftspråket

Detaljer

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel Norsk Trinn 5 Kompetansemål Munnlege tekstar Mål for opplæringa er at eleven skal kunna Grunnleggjande ferdigheiter Læremiddel Arbeidsmåtar Tidsplan Eleven: opptre i ulike språkroller gjennom rollespel

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Kan ein del. Kan mykje 2 3-4. Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Kan ein del. Kan mykje 2 3-4. Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving. Engelsk Kompetansemål: Når du er ferdig med denne perioden, skal du kunna: forstå hovedinnhold og detaljer i ulike typer muntlige tekster om forskjellige emner uttrykke seg med flyt og sammenheng tilpasset

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Mappeoppgåve 5 Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Innleiing I denne oppgåva skal me gjere greie for kva ein samansett tekst er. Kva er det den må bestå

Detaljer

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule

Detaljer

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra. Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed

Detaljer

Tema: Lesing i fag i teori og praksis.

Tema: Lesing i fag i teori og praksis. Tema: Lesing i fag i teori og praksis. Sentral ide: Lesestrategiar kan lærast på ein god måte gjennom praksis. Tid: 60 min. Lesestoff: Fagbok i bruk i alle fag i videregående skole s. 8 Sentrale områder

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Halvårsplan, hausten 2011

Halvårsplan, hausten 2011 Halvårsplan, hausten 2011 Skule Straumen skule Rektor e-post Inger Marie Tørresdal imt@tysver.kommune.no Prosjektansvarleg Grete Fjeldheim Vestbø e-post GFVestbo@tysver.kommune.no Skriv kort kva skulen

Detaljer

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret:

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret: Farnes Skule Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret: 2017-2018 Årstimetal: 6, 5 t. pr. veke Læreverk: Salto, Gyldendal Lærarar: Anna N. Bergerud og Signe Endresen TID KOMPETANSEMÅL INNHALD ARBEIDSMÅTAR

Detaljer

Om kartlegging og vurdering

Om kartlegging og vurdering Om kartlegging og vurdering Å ha ein god vurderingspraksis er ein viktig del av den daglege verksemda. Ein god vurderingspraksis betyr å setje mål for opplæringa og formidle måla til elevane slik at dei

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Språkskrinet 1 Skriveutviklingsskjema Språkskrinet 1

Språkskrinet 1 Skriveutviklingsskjema Språkskrinet 1 Annika Mårtensson Marianne Billström GAN Aschehoug BM Annika Mårtensson Marianne Billström GAN Aschehoug BM Annika Mårtensson Marianne Billström GAN Aschehoug BM Annika Mårtensson Marianne Billström GAN

Detaljer

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Å prøva å finna hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst er ein god overordna lesestrategi for lesing av slike tekstar. ARTIKKEL SIST

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Tid 34-37 Kompetansemål Elevane skal kunne: Innhald/Lære Elevane skal arbeide med: Kap.1. LB På biblioteket Lære å bruke biblioteket Lære skilnaden på skjønnlitteratur og faglitteratur Lære om ein forfattar

Detaljer

Lokal læreplan for Norsk, 7.kl. Vartdal skule

Lokal læreplan for Norsk, 7.kl. Vartdal skule 34-36 lytte til andre, uttrykke og grunngi egne standpunkter og vise respekt for andres mening drøfte hvordan språk kan uttrykke og skape holdninger til enkeltindivider 37-38 lese og uttrykkje forståing

Detaljer

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016 Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016 Læreverk: Midgard 6, Aarre, Flatby, Grønland & Lunnan, 2006 Veke Tema Kompetansemål Delmål Arbeidsmåtar Vurdering 34 35 36 37 Bestemme saman (s. 154-175)

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Årsplan i Norsk for 3.klasse

Årsplan i Norsk for 3.klasse Årsplan i Norsk for 3.klasse Læreverk: Zeppelin lesebok + arbeidsbok Zeppelin språkbok + arbeidsbok Akka/bakka/Kva las du no? Løkkjeskrift Vekeord 3 Lær deg å lære 3 (delvis) Ekstra: TubaLuba 3 + «Språket

Detaljer

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE Tidlegdanning. - Å skape trygge bibliotekbrukarar Lesarhistorie - Nordstranda skule Korleis jobbe med Lesarhistorier i denne klassa? Ferske lesarar: - Lytte til elevane -

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar Årsplan i norsk for 8.årssteg. Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar 35 Ulike lesestrategiar Gjere eleven bevisst på

Detaljer

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) 08.12.2015 Elevundersøkinga Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Trivsel Trivst

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

17. mai Kva vil det seie å vere norsk?

17. mai Kva vil det seie å vere norsk? Undervisningsopplegg om norskheit, kultur og nasjonal identitet, 5. 7. trinn 17. mai Kva vil det seie å vere norsk? Til lærar: I samband med 17. mai har Solaris utvikla eit undervisningsopplegg for 5.

Detaljer

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene De Bonos tenkehattar Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene De Bonos tenkehattar Ein metode for å belyse alle sider av ei sak Ei øving

Detaljer

Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015

Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 TID KOMPETANSEMÅL Elevane skal kunne INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med ARBEIDSMÅTAR Aktuelle arbeidsmåtar i faget VURDERING Veke 34-52 Munnleg kommunikasjon

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25 ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) 34 Forord Motivera for arbeid med Språkboka s. 5-7 faget Verta kjend Inn i teksten s.

Detaljer

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering Farnes Skule Læreverk: Salto, Gyldendal, imal ( nettsider ) Klasse/Trinn: 1. klasse Skuleåret: 2017-2018 Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen og Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar

Detaljer

Skjema for eigenvurdering

Skjema for eigenvurdering Skjema for eigenvurdering arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen I denne delen skal du vurdere påstandar om noverande praksis i barnehagen opp mot slik du meiner det bør vere. Du skal altså ikkje

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord. ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord. Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) 33 og 34 Tre på rad kap.1 Finna stoff til eigne skrive- og biblioteket og internett.

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Å halde ein læresamtale

Å halde ein læresamtale Å halde ein læresamtale Oppgåve 3 i kapittel 1 «Lær å lære», I mål-oppgåve 1 i kapittel 2 «Ord i klasser», I måloppgåve 1 i kapittel 5 «Intervju» Å førebu og halde ein læresamtale Eg kan fortelje ein annan

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med Farnes skule Læreverk :Tuba Luba Klasse/trinn : 3 Skuleåret : 2016-2017 Lærar (-ar) : Anna N. Bergerud og Signe Endresen TID KOMPETANSEMÅL Elevane skal kunne INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Detaljer

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Veiledning til læreplanen i samfunnsfag 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Oppdraget vårt Veiledningen skulle lages over fire kapitler Kapittel 1: Innledning Kapittel 2: Fagets egenart Skulle

Detaljer

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. Å laga forbindelser mellom teksten og eleven sjølv Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. ARTIKKEL SIST ENDRET: 10.09.2015 Innanfor

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2016 Åndalsnes 30.06.16 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Gjere seg kjend med nye lærebøker. Lesemotivasjon. Kommunikasjon.

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Gjere seg kjend med nye lærebøker. Lesemotivasjon. Kommunikasjon. Årsplan i norsk for 6.årssteg Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 35-36 Gjere seg kjend med nye lærebøker. Lesemotivasjon. Kommunikasjon. 37-38 Kommunikasjon. Lesestrategiar

Detaljer

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan? Introduksjon av økta Bildet: Klokka er 21.00, kva hender, kven er på bildet og kva er bra? Gruppe: Kva tenkte dei klokka 15.00? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Det er blitt seint og korleis kan

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Vurdering for læring Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Dei fire prinsippa: 1: Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som blir forventa av dei 2: Elevane skal ha tilbakemeldingar

Detaljer

Læreplan i klima- og miljøfag

Læreplan i klima- og miljøfag Læreplan i klima- og miljøfag Føremål: Kunnskap om berekraftig utvikling og innsikt i klima- og miljøspørsmål vert stadig viktigare når komande generasjonar skal velje yrke og delta aktivt i samfunnslivet.

Detaljer

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Innleiing Skolane bruker i dag ulike namn på samtale med elevane: fagsamtale, elevsamtale, utviklingssamtale

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal

Detaljer

Stasjonarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar.

Stasjonarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar. NORSKPLAN FOR 3.KLASSE Veke Mål Metode Læremiddel Tips Vurdering 34 40 Opphald mellom ord. -lære å bruke opphald mellom ord -lære å gjenkjenne og sjølv lage samansette ord Setning, stor bokstav, punktum.

Detaljer

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Dette opplegget, som handlar om å kunne jobbe med nynorsk i eit komparativt perspektiv og finne reglar for korleis nynorsk er bygd opp, er blitt til i samarbeid

Detaljer

Skuleåret 2017/2018.

Skuleåret 2017/2018. Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva

Detaljer

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Kafédialog Ungdommens kommunestyre Kafédialog Ungdommens kommunestyre Problemstilling A1: Psykisk helse I UngData svarte elevane på spørsmål om psykisk helse. Særskilt spørsmåla om bekymring, og «føler at alt er eit slit» får høge tal.

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med Veke/ Månad Veke 33-51 Veke 44-46 Felles tema Thorbjørn Egner, 1.-4. klasse. KOMPETANSEMÅL Kompetansemål etter 4. klasse (LK06) Elevane skal kunne Munnleg kommunikasjon Lytte til, fortelje, forklare og

Detaljer

1) Samanlikne bok og film Vel ei bok som er filmatisert og les/sjå begge delar. Skriv om likskapar og ulikskapar i bok og film.

1) Samanlikne bok og film Vel ei bok som er filmatisert og les/sjå begge delar. Skriv om likskapar og ulikskapar i bok og film. Fordjupingsoppgåve i norsk 9. klasse Litterært emne Namn: Mål Du skal kunna presentera resultatet av fordjuping i tre sjølvvalte emne: (8. klasse: Eit forfattarskap, 9. klasse: Eit litterært emne og 10.

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon

Detaljer

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar.

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar. NORSKPLAN FOR 2.KLASSE Veke Mål Metode Læremiddel Tips Vurdering 34 40 Leike, improvisere og eksperimentere med, - vite kva ei setning er - kunne ta bort første lyd og seie kva resten av ordet er - kunne

Detaljer

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Anette, Jarl Vegard, Ola Tobias i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste 1. Innleiing

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Fedje skule LÆRINGSSTRATEGIAR

Fedje skule LÆRINGSSTRATEGIAR Fedje skule LÆRINGSSTRATEGIAR INFORMASJONSHEFTE FOR FORELDRE/FØRESETTE Fedje kommune 2015/2016 Læringsstrategiar handlar om å lære seg å lære! Innleiing "Læringsstrategiar er framgangsmåtar elevane brukar

Detaljer

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for barnehage og skole Notat Saksnr.: 200807521-51 Saksbehandlar: OLHG Emnekode: SARK-2000 Til: Frå: Alle grunnskular Fagavdeling barnehage og skole Dato: 17. august 2010

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: GOD I ORD

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: GOD I ORD ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: GOD I ORD Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) ARBEIDSFORM (Læringsstrategiar ) ANNA (Vurdering, utstyr.) 34 «Firkløver» Henta fram

Detaljer

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis 1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis Dette er ikkje ein teikneserie Kva er ein teikneserie? «sidestillede billedlige og andre

Detaljer

Lærarar: Kjellfrid Gustavsen og Vigdis Hilleren Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

Lærarar: Kjellfrid Gustavsen og Vigdis Hilleren Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s. Farnes Skule Læreplan i: Norsk Trinn: 2. klasse Skuleåret: 2016/17 Årstimetal: 6, 5 t. pr. veke Læreverk: Salto, Gyldendal Lærarar: Kjellfrid Gustavsen og Vigdis Hilleren Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 5. 7. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKJENNSKAP: Ingen AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer