SCENARIO SUNNHORDLAND STRUKTURREFORMA OG LOKAL STYREFART



Like dokumenter
Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND FREDAG 12. DESEMBER 2014 KL

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

torsdag 28. november kl på Grand Hotel, Leirvik. Då vert føre: Godkjenning av referat frå møte i Samarbeidsrådet 10. oktober d.å.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM

KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

KS si rolle i kommunereforma sentralt og lokalt

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 14. MARS 2014 KL PÅ GRAND HOTEL, LEIRVIK

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Kommunereform. Ope møte i Volda

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Tysnes kommune

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 10. MARS 2017 KL

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Kommunestyra i dei deltakande kommunar

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Prosjektplan. Kommunereforma i Møre og Romsdal

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 9. DESEMBER 2016, SKÅNEVIK FJORDHOTEL

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Vår dato: Vår ref: Arkiv: Sakshandsamar: / / Andreas Moe Larsen

Kommunestyra i Eid, Selje, Vågsøy og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Sakspapir. Kommunestruktur i Nordhordland mv. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saksopplysningar:

Utgreiing nord Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin (40% koordinator Joakim Øren, rådmann i Ulvik)

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 27. NOVEMBER KL I MATRE

HARAM KOMMUNE Sakspapir

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 11. JUNI 2015 KL FITJAR FJORDHOTELL, FITJAR

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Mandat kommunereformen i Lesja og Dovre kommuner

Kommunelovutvalet. Utvalsleiar Oddvar Flæte. NKRF-konferansen

Kommunereform og fylkesmansstruktur

Utredning Indre Agder kommunereform. Presentasjon til folkemøte og møte med tilsette våren 2015


Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 062/14 Formannskapet PS /14 Bystyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 3. NOVEMBER KL , PÅ SOLSTRAND HOTEL, OS

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 21. JUNI 2019 KL , ETNE OMSORGSSENTER

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

fredag 10 mai kl i golfhuset, Sveio

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 MELA Giske kommunestyre

Kommunereforma. Balestrand 4. mars 2015 Kåre Træen

Kommunereforma. Forstudium

Informasjonsnotat / orientering

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 25 MAI KL PÅ HYDRO HUSNES

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND, FREDAG 10 MAI 2019 KL I GOLFHUSET PÅ HAUGALAND GOLFBANE, SVEIO

Folkemøte Presentasjon av intensjonsavtalar Rådmann Oddbjørn Ese

044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FRDAG 10 JUNI KL , HØGSKULEN STORD/HAUGESUND, ROMMETVEIT

Fylkesmannen i Telemark. Kommunereforma. Temadagar i Grenland

Ny kommune i indre Sunnfjord. Fylkesarkivet sin kontaktkonferanse

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 15 MARS 2013 KL SVEIO RÅDHUS

Vår ref: Deres ref: Saksbehandlar: Dato. 2014/347/28/026 Astrid Abelsclh Kommunereforma - retningsval og forhandlingar for Midsund kommune

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Kommunereforma felles formannskapsdag i Sogn regionråd

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/15 Drifts- og miljøutvalget PS Plan- og økonomiutvalget Kommunestyret Administrasjonsutvalget

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Kommunereforma i Sunnfjord og Hafs. Status oktober 2015

Saksnr. utval Utval Møtedato 139/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 2 FEBRUAR 2018 kl , ADVANTEC STORD

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 24 JANUAR 2014 KL SVEIO RÅDHUS

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

NOTAT. Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/ / ADM/RSJ

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Transkript:

NOTAT - FELLES FORMANNSKAPSMØTE I SUNNHORDLAND Fredag 7 mars 2014 Stord Hotel SCENARIO SUNNHORDLAND STRUKTURREFORMA OG LOKAL STYREFART Bakgrunn: Regjeringa vil ha ein kommunesektor som er tilpassa framtidas utfordringar. I Sundvollen erklæringa står det: Regjeringen vil gjennomføre en kommunereform, hvor det sørges for at nødvendige vedtak blir fattet i perioden, jamf samarbeidsavtalen (venstre og KrF) Regjeringen vil ha gjenomgang av oppgavene til fylkeskommunene, fylkesmennene og staten med sikte på å gi meir makt og myndighet til mer robuste kommuner. Regjeringen vil omtale arbeidet med kommunereformen i kommuneproposisjon 2015. Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal vurdera kriteria for god oppgåveløysing i kommunane. I kommuneproposisjonen som skal leggjast fram i mai vil regjeringa gå igjennom kvifor det er behov for ei reform, måla for reforma og ein plan for gjennomføring av reforma. Regjeringa vil legga til rette for regionale og lokale prosessar, der kommunane skal drøfta kva kommunar dei ynskjer å slå seg saman med. Ekspertutvalet skal levera første delrapport i løpet av våren. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har i løpet av 2013 hatt kommunestruktur på sakskartet, og hatt møter der det har vore gjeven informasjon om prosessen og andre kommunar og regionar si tilnærming til tema. Stortinget kan vedta ny kommunestruktur. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner difor at det er viktig å få utreda kva ein ny kommunestruktur vil seia for kommunane i Sunnhordland. Ikkje minst er det viktig at kommunane i regionen set seg i førarsete for å få til ei ønska utvikling. Difor konkluderte rådet med at det bør gjennomførast ein forstudie/ forprosjekt der ein ser på utfordringane og moglegheitene for ein ny kommunestruktur i Sunnhordland. Vedtak i Samarbeidsrådet 28.november 2013: Samarbeidsrådet for Sunnhordland går inn for at det vert gjennomført eit scenarioarbeid med fokus på ein eventuell ny kommunestruktur i Sunnhordland. Det vert sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Bømlo, Stord og Fitjar som skal utarbeida eit mandat for det vidare arbeidet. Finansiering av arbeidet kjem opp som ny sak når mandatet for arbeidet er vedteke. Kommunane peikte ut følgjande medlemmer til arbeidsgruppa: Ordførar Odd Harald Hovland, Bømlo, Harry Herstad, Stord formannskap, ordførar Wenche Tislevoll, Fitjar og Gro J. Gjerde, Samarbeidsrådet for Shl. Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes A Postboks 444, 5403 Stord T 53 45 67 90 Orgnr. 971 492 910 E firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no W samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Gruppa har hatt tre møter og legg på bakgrunn av drøfting, informasjon om liknande prosessar i andre kommunar, samt dokumentet: Ny kommunestruktur Demokratireform eller mer sentralstyring. Kritisk gjennomgang av Ekspertutvalget sitt mandat. Kommentarer utdypinger Vurderinger Tilrådinger Medvirkning til grunn for si tilråding. Dokumentet er utarbeidd av Harry Herstad. I dette dokumentet har Herstad analysert og drøfta mandatet til Ekspertutvalet og søkjer å sjå styringssignala og føringane i mandatet opp mot verdiane knytt til det lokale sjølvstyre og dei overordna måla for lokal forvaltning. Arbeidsgruppa vil trekkja fram følgjande frå sin gjennomgang av Mandatet: Ekspertutvalet skal på fritt grunnlag gjennomgå og føreslå prinsipp og kriteria for ein ny kommuneinndeling. I sum skal desse kriteria ivareta kommunane sine fire hovudfunksjonar eller roller som: Demokratisk arena Tenesteytar Samfunnsutviklar Myndighetsutøver Arbeidsutvalet les/tolkar mandatet vidare slik: Kommunane skal gjennom den føreståande reforma kunna henta tilbake oppgåver og myndigheit som i dag er lagt ut i interkommunale organ eller som over tid er avgitt til staten (regionalt og sentralt) gjennom den stadig aukande øyremerking, tilsyn og kontroll, regel- og detaljstyring. Vidare vert det hevda at Lokalforvaltninga si framtidige legitimitet og rolle i styringsverket er avhengig av ei sterk kompetansemessig oppbygging som sikrar likebehandling og rettssikkerhet, like tenester og levekår for innbyggarane landet over. Dei 428 kommunane i landet definerer seg alle i dag som generalistkommune. Reforma si underliggande påstand er at dette begrepet eller kjenneteiknet ikkje er dekkande for tingas tilstand. Talet på kommunar må difor reduserast vert det hevda - gjennom samanslutningar, samling og fornying av kreftene. Landet må gjennomgå ein organisatorisk konsentrasjon og sentralisering - for at ei ny desentralisering av oppgåver, ansvar og myndigheit kan finna stad. Ei omfattande myndiggjering, fagleg opprusting og vitalisering av kommunal sektor er ihht Sundvoldenerklæringa og reformmandatet - ein fundamental føresetnad for eit styrka lokaldemokrati. Arbeidsgruppa meiner å sjå: 4 underliggjande prinsipp for den nye kommunestrukturen Færre men sterkare og meir robuste kommunar Prinsippet om generaliskommune skal vidareutviklast og styrkast Kommunane skal sjølv løyse sine lovpålagte oppgåver fullt ut Større samsvar mellom kommunestruktur og bu og arbeidsmarknadsregion.

Vidare ser arbeidsgruppa 4 overordna Mål for reforma: Mindre behov for statleg styring Fleire kommunale oppgåver Meir samordna samfunnsutvikling - integrert planlegging Mindre behov for interkommunalt samarbeid Kriteria som Ekspertutvalet no skal søkja etter må følgjeleg dreie seg om kva som skal til innan kvart hovudområde /funksjon for at desse overordna måla og prinsippa skal kunne realiserast. Desse kriteria må samstundes underbyggje kvarandre og trekke i same retning. Alt skal etter utsegna i mandatet målast opp mot det overordna målet for reforma demokratireforma!: Spørsmålet vidare blir då korleis kommunane skal sjå ut/ riggast til m.o.t. : Inndeling - storleik - folketal Oppgåver oppgåvefordeling (omklassifisering, nivåendringar m.v.) Finansiering - fullfinansiering av den nye oppgåveporteføljen (fordeling/omfordeling) Styring i og av kommunane Sikring av eit reelt lokaldemokrati og sjølvstyre Kva skal så til for å oppnå dette innan kvar av dei fire beina eller søylene denne demokratiplattforma skal stå på?: Det som skal til innan Tenesteyting (søyle 1) og Myndigheitsutøving (søyle2): Tilstrekkelig systemkapasitet: fagmiljø - stabilitet - tilgjenge Relevant kompetanse: kvalitet og bredde Effektiv tenesteproduksjon: Valfridom: Likeverd/profesjonalitet/ Armlengdeprinsippet: Rettssikkerheit: Habilitet, forsvarlig saksbehandling, intern- kontroll Det som skal til som samfunnsutviklar: Krav om heilskapleg areal-, transport- og samfunnsplanlegging Samhandling og samordning Tilstrekkelig kapasitet Relevant og stabil kompetanse Proaktiv som næringsutviklar, aktive i nettverk og partnarskap, samspel med frivillige Mandatet: Det som skal til for å fornye lokaldemokratiet: Back to basic : vektige, meiningsfylte oppgåver og vitalisert sjølvstyre Lokal politisk styring, prioritering og organisering Auka økonomisk handlingsrom Høg politisk deltaking auka tillit til dei folkevalte styrka lokal identitet Auka medverknad og deltaking også mellom vala

Førebels konklusjon : Arbeidsgruppa konkluderer med utgangspunkt i desse problemstillingane at kommunane i Sunnhordland bør koma saman for å sjå på moglegheitene for å oppfylla desse kriteria, prinsipp og målsettingar. Kva kombinasjonar er mogeleg? Kva vil vera best for innbyggjarane? Kva løysing vil vera best for lokaldemokratiet og velferdskommunen? VIKTIG Arbeidet må få fram moglege skisser til samanslåing som vil gje innbyggjarane eit betre tenestetilbod. Ein eventuell ny kommunestruktur må gje ytingar som held høg kvalitet, sikre rettstryggleik, lokaldemokrati og ei styrkja økonomi. Ny kommunestruktur må og setja kommunane i betre stand til å utføra kvalitetskontroll og spela ei større rolle som samfunnsutviklar i eigen regi. Ein grundig gjennomlesing av heile mandatet gjer det klart at omgrepet strukturreform er for snevert. Strukturomgrepet vektlegg organisering, avgrensing og storleik. Det er ein meir omfattande kommunereform som trer fram når ein legg heile mandatet under lupa. Reforma gjer klare signal om ei nedskalering av statlege kontrollorgan og styring ettersom kommunane sin kapasitet og evne vert styrka. Det kommunale territorium skal utvidast statens territorium eller styringsområde skal tilsvarande reduserast. Dersom denne statlege tilbaketrekkinga ikkje finn stad parallelt med samanslutningane på kommunenivå vil dette føre til ei omfattande nedbygging av lokalstyre - og ein direkte overgang til føretaks- eller konsernstyring av Kommune - Noreg. Stortinget må difor tidleg i den vidare prosessen konkretisera dei (nye) oppgåvene som dei nye kommunane skal ha. Det kommunale inntektssystemet må sjølvsagt også endrast i tråd med dette. Dette vert ein særs krevjande og omfattande reformprosess. Arbeidsgruppa er på denne bakgrunn glad for at KS sentralt i desse dagar har tatt eit landsomfattande initiativ til å samle Kommune - Noreg om eit felles opprop til Stortinget om snarast å Grunnlovsfeste lokaldemokratiet jfr. Dokument nr.12:13 (2007-2008). Dette oppfattar vi som sjølve grunnsteinen i den nye Kommunereforma. Forslaget som KS vil at den einskilde kommune vedtek oversendt Stortinget lyd slik: Til Stortingsrepresentantane Det lokale folkestyre er ein grunnstein i eit levande og aktivt demokrati. Grunnlova av 1814 tok ikkje heilt ut omsyn til at eit fullverdig nasjonalt demokrati også må koma til uttrykk lokalt. Manglande regulering av lokaldemokratiet er framleis ein mangel ved konstitusjonen. Framlegg om grunnlovsfesting er tidlegare foreslått av representantar frå alle partia på Stortinget. Så langt har likevel ingen av desse framlegga fått fleirtal. Ved markeringa av Grunnlova sitt 200-års jubileum er det på tide å tetta dette holet. Stortinget kan no røysta over tre ulike framlegg om grunnlovsfesting av kommunalt sjølvstyre/lokaldemokrati (Dokument 12:5 (2011 2012), Dokument 12:19 (2011 2012) og Dokument 12:26 (2011 2012). Me oppmodar stortingsrepresentantane på det sterkaste om at det no vert naudsynt fleirtal for eit av desse forslaga. Prosessen vidare Arbeidsgruppa rår til at kommunane i Sunnhordland på denne bakgrunn får utarbeidd eit scenario som kan utgjera eit betre vedtaksgrunnlag for val av vidare prosess knytt til kommunereforma. Arbeidet må ta for seg dei ulike sider ved denne omfattande kommunereforma som kan gje den einskilde kommune eit grunnlag til å gå vidare med ei utgreiing av aktuelle samanslåingar i regionen, eller avklaring på om ein skal fortsetje som sjølvstendige kommunar med betre samarbeid og organisering, auka interkommunalt samarbeid m.v. Det må takast kontakt med kompetansemiljø som kan gjennomføra dette arbeidet.

Finansiering: Samarbeidsrådet vil venda seg til fylkesmann, KS og andre instansar for å be om tilskot til å gjennomføra ei slik vidare utgreiing. I tillegg til eigne midlar vil ein be om at kvar kommune skyter inn kr. 10.000,- til utgreiinga. Involvering: Eit spørsmål som melder seg i denne samanheng er korleis den einskilde kommune skal handtere/leggje opp den vidare prosess med strukturreforma. Skal ein innhente råd frå innbyggjarane gjennom ein folkerøysting? I kva grad skal ein halde informasjonsmøte osv? Det kan være viktig å gå breidt ut til innbyggarane i kommunen om bodskapen som ligg i den nye reforma som kan føre til samanslåingar og endringar på mange punkt som angår lokalbefolkninga. Innbyggarane bør få vita om tempo og framdrift i reformarbeidet, at det evt vil bli haldt rådgivande folkeavstemning om dette og om tidspunktet for denne (Kommunevalet 2015?). Dette er også bakgrunnen for at kommunar nå må ta fatt på eigne utredningar for å koma i forkant av sentrale politiske føringar, påverke eigen styringsfart, skapa tid og moglegheiter til sjølv å utvikle dei gode løysingane basert på kunnskapsinnhenting om dei aktuelle alternativa. Ein bør også ta stilling til korleis ein best skal starte opp og styre reformprosessen lokalt. Sluttord Fridom til og Fridom frå er ein verdi eller eit omgrepspar som sida 1837 har vært nært knytt til reformarbeidet i lokalforvaltninga. Auka fridom til lokale initiativ, prioriteringar og sjølvstyre heng saman med statleg tilbaketrekning. Med denne reforma kan ein seia at staten stiller strenge vilkår for å trekka seg noko meir tilbake frå den kommunale arena. For å få auka fridom til meir sjølvstyre dvs. styrka lokaldemokrati må kommuneorganisasjonen setjast i stand til å levere kvalitetar på tenestene etter nasjonalt fastsette standardar. I mandatet ser også dette ut til å vera eit viktig siktemål med reforma. Kommunane som iverksetjarar av statleg politikk - gjennomsyrer mandatet for denne kommunereforma. Kommunane må slåast saman for at dei framleis skal kunne krevje fridom til eit meir aktivt sjølvstyre og ein mindre aktiv stat. Ei styrking av kommunane si rolle og evne som iverksetjar av statleg politikk ligg klart som ein del av reforma sitt siktemål. Deira plass eller rolle som ein integrert del av nasjonalstaten går som ein raud tråd gjennom mandatet. Felles formannskapsmøte mellom kommunane i Sunnhordland oversender følgjande framlegg til mandat til godkjenning i kommunane: 1. Kommunane i Sunnhordland er positive til at det i regi av Samarbeidsrådet vert henta inn kompetanse som kan gjennomføra eit scenario som skal vera vedtaksgrunnlag for val av vidare prosess knytt til kommunestruktur. 2. Arbeidet må ta for seg ulike sider ved ny kommunestruktur slik at det gjer eit grunnlag til å gå vidare med ei utgreiing av ei eller fleire kommunesamanslåingar, eller å fortsetje som sjølvstendige kommunar med auka interkommunalt samarbeid. 3. Det må takast kontakt med kompetansemiljø som kan gjennomføra dette arbeidet.

4. Samarbeidsrådet vil venda seg til fylkesmann, KS og andre instansar for å be om tilskot til å gjennomføra ei slik vidare utgreiing. I tillegg til eigne midlar vil ein be om at kvar kommune skyter inn kr. 10.000,- til utgreiinga.