Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:00

Like dokumenter
Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: Tid: Kl. 09:00

Møteinnkalling. Møtet startar med bedriftsbesøk hos Hjelpemiddelpartner i Skarsteinsbygget på Sandane. Sjølve møtet blir i 'kommunehuset' på Søreide.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Gloppen opplæringssenter Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Saksnr. Utval Møtedato 120/17 Formannskapet Årsbudsjettet for utlegging til offenleg gjennomsyn

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

Fitjar kommune Møteprotokoll

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Skarsteinsbygget på Sandane/På Søreide Dato Tid Kl.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

2 av 38 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 013/16 16/339 Faste saker 014/16 16/331 Tilbod på økonomiske analys

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

SELJE KOMMUNE Råd for eldre og funksjonshemma. Møtebok

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:05. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Saksprotokoll. Sak: 84/18 SAKSPROTOKOLL - BUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Austevoll kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Øystre Slidre kommune

Tysnes kommune Møteprotokoll

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Einar Helseth Ottar Kaldhol. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Kontrollutvalet i Sogndal kommune Møtebok

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Ivar Mork Asbjørn Gausdal. Leiar Nestleiar

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 09:00-11:00. Møtestad: Rådhuset, teknisk Saksnr.: 12/15 15/15

Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Magne Reiten NESTL SP Frits Inge Godø MEDL V Helge Orten LEDER H Aslaug Jenset Sanden MEDL H

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

BOKN KOMMUNE Forvaltningsstyre HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Gunn Sande

Austevoll kommune. Innkalling Viltnemnda. Sakliste

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

MØTEPROTOKOLL. Ivar Kvalen, Marit Aakre Tennø, Marianne Bugge, Geir Paulsen, Geir Arve Sandvik, Arne Johannessen, Elin Hauge.

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 09:00 11:30. Møtestad: Rådhuset kommunestyresalen Saksnr.

Tysnes kommune Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:00. Følgjande medlemar møtte

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 9: Møtestad: Rådhuset, Kommunestyresalen Saksnr.: 12/ /2016

Møtedato: Møtetid: Kl Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Samnanger kommune Møteprotokoll

M Ø T E P R O T O K O L L. for KONTROLLUTVALET I VÅGSØY KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

Samnanger kommune Møteprotokoll

Budsjett 2019 og økonomiplan

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Transkript:

Gloppen kommune Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad På Søreide Dato 15.11.2017 Tid Kl. 09:00-11:00 Møtebok Følgjande medlemar møtte Arnfinn Jørgen Brekke Olaf Sigurd Gundersen Marit Straume Vidar Sandal Per Ståle Husevåg Liv Petra Holme Anniken Rygg Frå KRF SP SP SP KRF AP H Andre som møtte Anita Lothe, helse- og omsorgssjef Møteleiar: Arnfinn Jørgen Brekke Underskrift: Arnfinn Brekke Sakliste Sak nr. Sakstittel 033/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 034/17 Referat og orienteringssaker 035/17 Orientering etter gjennomgang og kvalitetssikring av arbeid og rutinar med rapportering til staten kring tenester til særleg ressurskrevjande brukarar, og registrering av tal personar med psykisk utviklingshemming 036/17 Statusrapport for 2. tertial 2017 037/17 Kommunen sitt delegasjonsreglement 038/17 Årsbudsjettet for 2018

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/13282 Saksbehandlar: Anvor Hauge Saksnr. Utval Møtedato 033/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 13.09.2017 Protokoll - Helse- og omsorgsutvalet - 13.09.2017 Utvalsleiar si tilråding: 1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 13. september 2017 2. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 15. november 2017. Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Behandling HOU- 033/17 Vedtak 1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 13. september 2017 2. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 15. november 2017. Vedtaket var samrøystes. Side 2

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/14028 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 034/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Orienteringssaker: Om Hjelpemiddelpartner Budsjett 2018 Første behandling av rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018 kjem som tilleggssak på møtet. Saksframlegget blir skrive når budsjettframlegget er klart. Ordet fritt... Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Behandling Orienteringa om Hjelpemiddelpartner vart utsett. Juletrefesten på omsorgssenteret 5. juledag med start kl 15:00. Planlegginga med ansvarsfordeling er sett i gang. Helse- og omsorgsplanen Arbeidet med planen er litt forseinka, og høyringsutkastet vil ikkje bli klart til utlegging før til første utvalsmøte i 2018. HOU- 034/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 3

Gloppen kommune Arkiv: FA - G00 JournalpostID: 17/11694 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 035/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Orientering etter gjennomgang og kvalitetssikring av arbeid og rutinar med rapportering til staten kring tenester til særleg ressurskrevjande brukarar, og registrering av tal personar med psykisk utviklingshemming Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka I perioden mai 2016 til februar 2017 hadde kommunen inne konsulentar frå rådgjevingsfirmaet Agenda Kaupang til gjennomgang og kvalitetssikring av arbeidet vi gjer med rapportering av tenester til særleg ressurskrevjande brukarar. Arbeidet vart gjort i lag med konsulentane med mål om å lære metoden og utarbeide system og rutinar for å kunne gjennomføre rapporteringa sjølvstendig etter denne gjennomgangen. Korleis er regelverket? Kommunar som gjev særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester til enkelt-brukarar, kan søkje om delvis refusjon av direkte lønnsutgifter knytt til desse tenestene. Det kan i tillegg også søkjast om refusjon for tenester knytt til råd, rettleiing og sosialt førebyggande arbeid, tilbod til personar med rusproblem og arbeidsretta tiltak i kommunal regi. Tilskotet vert forvalta av Helsedirektoratet. Regelverket for ressurskrevjande tenester ligg i årleg rundskriv frå Helsedirektoratet. Kommunen får refundert 80 % av lønnsutgiftene over ein gitt sum (innslagspunkt). I 2017 var denne summen 1 157 000 kroner. Det vert ytt refusjon til og med det året tenestemottakaren fyller 67 år. Kommunen har i tillegg til refusjon knytt til ressurskrevjande tenester, også inntekter gjennom rammetilskotet frå staten til brukarar over 16 år, med diagnosen psykisk utviklingshemming og som har tenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Kommunen rapporterer årleg på begge desse ordningane. Arbeidet med gjennomgangen Arbeidet med rapportering av ressurskrevjande tenester vart gjort av saksbehandlarar, einingsleiarar, helse- og omsorgssjef og økonomimedarbeidar. Desse arbeidde i lag med Agenda Kaupang over tre samlingar med rapporteringa for 2016. Aktivitetane var å finne og identifisere aktuelle vedtak, finne kostnader knytt til vedtaka i rekneskapen og lage rapporten i tilpassa skjema i rekneark. Arbeidet med rapportering og registrering av tal personar med psykisk utviklingshemming vart gjort i eit samarbeid mellom konsulent frå Agenda kaupang, saksbehandlarar, einingsleiarar, helse- og omsorgssjef, fastlegar og økonomimedarbeidar. Arbeidet bestod i å identifiserer aktuelle brukarar og vedtak. Det vart også gjort eit arbeid for å registrere dette rett i fagprogrammet Profil. Når dette vert gjort rett, skal det kunne hentast ut rapportar frå Profil til dette arbeidet framover. Side 4

Kva er konklusjonen? Etter ferdig utarbeidde rapportar informerte vi rådmann og revisor om arbeidet som var gjort, metoden som var brukt og resultatet av arbeidet. Når det gjeld rapportering av ressurskrevjande tenester viste gjennomgangen at vi hadde hatt god kontroll med dette arbeidet også før gjennomgangen, og summen på rapporteringa auka lite. Fleire av dei som var med i arbeidet kjende på at dei fekk ei betre forståing for denne rapporteringa. Dette er viktig for å kunne fange opp framtidige aktuelle ressurskrevjande tenester. I arbeidet med registrering av tal personar med psykisk utviklingshemming avdekka vi dårleg system for registrering. Vi avdekka også ei underrapportering for tidlegare år. Det betyr at kommunen forventar å få ca kr 4000 000 meir i inntekter gjennom gjennom rammetilskotet for 2018. Etter gjennomgangen og arbeidet med rapporteringane har vi laga skriftlege rutiner for dette arbeidet i Gloppen kommune. Her er arbeidet som skal gjerast tidfesta, metoden beskriven og ansvar er plassert. Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Behandling HOU- 035/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Vedtaket var samrøystes. Side 5

Gloppen kommune Arkiv: FE - 212, HIST - 16/534 JournalpostID: 17/13978 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 036/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 034/17 Oppvekstutvalet 15.11.2017 087/17 MULTEK-utvalet 16.11.2017 108/17 Formannskapet 20.11.2017 Kommunestyret Statusrapport for 2. tertial 2017 Vedlegg i saka: 07.11.2017 Rapport 2-2017 Rådmannen si tilråding Kommunestyret tar rapporten for 2. tertial til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Vedlagt er ein kort statusrapport for 2. tertial (januar til august) 2017. Rådmannen har som sist laga ein samla rapport for alle sektorane, med mellom anna oversikter over skatteinngang, bruk av disposisjonsfond og sjukefråværet. Nytt av året er ein status for investeringsprosjekta. Når det gjeld sjukefråværet, kan det leggast fram detaljerte tal for kvart ansvar i budsjettet. Mange av ansvara har så få tilsette at slike detaljerte rapportar ikkje kan leggast fram i opne saker og drøftast i opne møte. --- Rådmannen sin hovudkonklusjon for 2. tertial er at det blir vanskeleg å unngå eit underskot på 2017- rekneskapen. Sjølv om vi har ein gledeleg auke både i folketal og skatteinntekter, aukar utgiftene meir enn rekna med. Det er naturleg nok dei store sektorane som slit med å halde budsjettet. Eg viser til kommenrtarane i rapporten. Investeringsoversikta viser som tidlegare år at vi er for optimistiske når det gjeld oppstart og framdrift på nokre av prosjekta. Vi greier ikkje å bruke så mykje pengar som budsjettert i oppstartsåret. Rådmannen kjem tilbake til kommunestyret med sluttrapport på enkeltprosjekt i lag med rekneskapsavslutninga for 2017. Det er nødvendig å betre den økonomiske styringa og oppfølginga av prosjekt. Dette gjeld både på driftssida og på investeringssida. Rådmannen meiner vi i løpet av 2018 bør få på plass ei controllerstilling på økonomiavdelinga, gjerne som ein trainee. Eg er heilt sikker på at vi vil ha igjen for dette økonomisk. Ei slik stilling både kan og bør finansierast som ein del av alle prosjekta. Rådmannen vil kome tilbake til saka. Side 6

--- Rådmannen seier seg lei for at rapporten ikkje har vore lagt fram tidlegare. Det skal bli betre til neste år. Saka blir lagt fram til orientering. Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Behandling HOU- 036/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet tar rapporten til orientering, men meiner at presset på tenestene i sektoren er så stort at dette burde vore omtala i rådmannen si saksutgreiing. Vedtaket var samrøystes. Side 7

Gloppen kommune Arkiv: FE - 044, HIST - 14/944 JournalpostID: 17/12318 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 037/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 035/17 Oppvekstutvalet 15.11.2017 090/17 MULTEK-utvalet 16.11.2017 Administrasjonsutvalet 111/17 Formannskapet 20.11.2017 Kommunestyret Kommunen sitt delegasjonsreglement Vedlegg i saka: 27.09.2017 Rådmannen sin instruks - Gloppen kommune 07.11.2017 Delegasjonsreglement for Gloppen kommune Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og 1. godkjenner for sin del delegasjonsreglementet for Gloppen kommune slik det er presentert i saka 2. tar til orientering den delegasjonen av oppgåver og mynde som rådmannen har gjort til sin administrasjon 3. opphevar rådmannen si instruks frå 1994. Kommunestyret viser til pkt 3 i sitt vedtak i sak 81/16 der tilrådingsretten i saker som blir lagt fram for folkevalde organ blir lagt til rådmannen. Unntaket frå dette er saker til kontrollutvalet og saker som gjeld val av folkevalde til verv og representasjon. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Etter 39, nr 2 i kommunelova skal kommunestyret sjølv «vedta reglement for delegasjon av avgjørelsesmyndighet og for innstillingsrett innen 31. desember året etter at kommunestyret og fylkestinget ble konstituert». Ei sak om dette vart lagt fram for kommunestyret den 26. september i 2016, og slikt vedtak vart gjort: 1. ( ) 2. Kommunestyret er innforstått med at rådmannen ikkje greier å legge fram eit delegasjonsreglement til politiske behandling innanfor den fristen kommunelova fastset, men ber rådmannen ha klart eit framlegg til politisk behandling seinast 1. mars 2017. 3. Kommunestyret vidarefører ordninga med at rådmannen tilrår i alle saker som blir lagt fram for folkevalde organ, unnateke kontrollutvalet, og vidare unnateke i saker som gjeld val av folkevalde til verv og representasjon. 4. Kommunestyret er samd rådmannen i at saka om ny instruks for rådmannen blir utsett til ny kommunelov er vedteken. Side 8

I samband med gjennomgangen av forvaltningsrevisjonsrapporten om saksgang og dokumenthandtering i kommunestyret den 15. juni i år vart fristen for å legge fram delegasjonsreglementet utsett til 31. desember 2017. Fakta i saka Rådmannen sitt framlegg til delegasjonsreglement er no klart. Reglementet er omfattande og er best tilgjengeleg på nettet under denne linken: https://delegering.kommuneforlaget.no/delegering/publikum?orgid=1445 Reglementet som ligg ved saka er ein utskriftsversjon, som ikkje er fullstendig. Reglementet brukar Kommuneforlaget sitt program KF Delegering. Dette programmet tar utgangspunkt i at det er mynde etter lovverket som skal delegerast. Rådmannen har supplert reglementet med det regelverket kommunen sjølv har vedteke slik at delegasjonsreglementet blir komplett. Til reglementet høyrer det ein framsidetekst som ikkje er med i papirversjonen, altså i vedlegget til saka. Denne ser slik ut: Dette er Gloppen kommune sitt delegasjonsreglement. I utgangspunktet er all kommunal avgjerdsrett lagt til kommunestyret. Fullmakter til administrasjonen frå folkevalde organ skal gjevast til rådmannen og ikkje direkte til andre tilsette. Dette følgjer av 23, 4. ledd i kommunelova. I reglementet ser du korleis avgjerdsretten er delegert. Delegering inndelt etter lovheimel finn du på venstre side og delegering inndelt etter organisasjonsstruktur finn du på høgre side. Sjå retningslinjene for bruk av delegert mynde. Sjå også - reglement for saksbehandling i folkevalde organ og - reglar for saksbehandling. Kommunen sin organisering Gloppen kommune er administrativt inndelt i to nivå under rådmannen: Nivå 1 er sektorleiarane og nivå 2 er einingsleiarane. Organisasjonssjefen har status som sektorleiar. Sektorleiarane er rådmenn for sine fagområde. Til saman utgjer rådmannen og sektorleiarane rådmannen si leiargruppe. Det er to typar «boksar» i organisasjonskartet: Boksar med heil strek rundt er ei organisatorisk eining, medan boksar med stipla linje anten er avdelingar eller funksjonar. Dei organisatoriske einingane har sjølvstendig ansvar for eigen økonomi, administrasjon og personell. Leiaren har eige budsjettansvar med tilhøyrande tilvisingsrett i økonomisystemet og er plassert i kap. 3.4.1 (sektorleiarane) og 3.4.2 (einingsleiarane) i hovudavtalen. Ansvar og oppgåver som etter lovverket er lagde til ein "institusjon" eller ei "teneste", t.d. ein skule etter opplæringslova eller til barnevernstenesta, er lagde til einingsleiar for "institusjonen" eller "tenesta", altså til rektor når vi snakkar om ein skule og til barnevernsleiar når vi snakkar og barnevernstenesta. Avdelingane og funksjonane i organisasjonskartet har som regel eigen fagansvarleg, men har ikkje sjølvstendig personal- eller økonomiansvar. Dette ansvaret litt til leiaren av eininga over. Spesielt om klage Reglane om klage og omgjering av vedtak følgjer av forvaltningslova. Klageorgan på enkeltvedtak etter særlov er Fylkesmannen. Dette gjeld uavhengig av kva kommunalt organ eller stilling som har gjort vedtaket. Side 9

Ein klage skal først behandlast av den som har fatta vedtaket det blir klaga på. Dette er behandling av klagen i underinstansen. I administrative vedtak, der Fylkesmannen er klageorgan, er det aktuelle hovudutvalet underinstans i klagesaka, dersom klagen ikkje er ein brukar-, pasient-, klient- eller elevklage. Klage på avslag om skuleskyss skal likevel behandlast av oppveksutvalet som underinstans. Godkjenning og oppdatering Kommunestyret sjølv skal etter kommunelova 39, nr 2 vedta delegasjonsreglementet i kvar valperiode. Dette er sist gjort i k-sak xx/17. Delegasjonsreglementet blir oppdatert fortløpande av rådmannen. Siste oppdatering er 18. oktober 2017. Slik rådmannen ser det, er det ikkje laga noko «ny rett» i reglementet. Kva som er meint med formuleringa i 11 i rådmannen sin gamle instruks om at «rådmannen har ei generell fullmakt til å utføre oppgåver og fatte vedtak på kommunen sine vegne i alle kurante saker etter særlov, dersom oppgåvene ikkje etter lova er lagt til spesielle organ», er no konkretisert. Det går tydeleg fram kven som «er kommunen» i dei lovparagrafane som opnar for delegering. Viss ikkje noko er sagt, er det kommunestyret som er kommunen. Rådmannen er klar over at ikkje alt kommunalt regelverk er oppdatert, men legg ikkje opp til ein gjennomgåande revisjon av dette. Meininga er å ajourføre det lokale regelverket når ei sak gjer dette aktuelt. Det kommunale regelverket er samla i ein lokal «lovdata»-base, som er lett tilgjengeleg både på heimesida vår og på intranettet. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen som direkte følgjer av denne saka. Rådmannen si vurdering Rådmannen er sjølvsagt lei seg for at det har gått så lang tid før delegasjonsreglementet har vore klar til politisk behandling. Som det forhåpentlegvis går fram av saka, ligg det eit stort og omfattande arbeid bak det reglementet som rådmannen no legg fram. Dette er sjølvsagt årsaka til at reglementet ikkje har kome før. Rådmannen har forhøyrt seg med nabokommunane om deira syn på ein instruks for rådmannen. Ingen av Nordfjord-kommunane har oppdaterte instruksar for rådmannen, og fleire seier i si tilbakemelding av det er delegasjonsreglementet som gjeld og at dette erstattar behovet for ein rådmannsinstruks. Rådmannen tilrår at dette blir gjort på same måten i Gloppen. Eg tilrår derfor at kommunestyret opphevar rådmannen sin instruks frå 1994 når delegasjonsreglementet no blir vedteke. Det følgjer av kommunelova 23, 4. ledd at folkevalde organ berre kan delegere fullmakter og oppgåver til rådmannen, og ikkje direkte til andre i administrasjonen. Når rådmannen no legg fram eit samla delegasjonsreglement til godkjenning, som også viser korleis rådmannen har delegert sine oppgåver og fullmakter, endrar dette sjølvsagt ikkje desse formalitetane. På same måte som folkevalde berre kan delegere til rådmannen, delegerer rådmannen ikkje forbi sine sektorleiarar. Når reglementet t.d. viser utmarksforvaltaren sine fullmakter, går det tydeleg fram at fullmakta går via teknisk sjef og landbrukssjefen ikkje direkte frå rådmannen til utmarksforvaltar. Rådmannen vil oppdatere reglementet forløpande, både når det kjem lovendringar og når det blir gjort nye delegeringsvedtak. For ordens skuld tar rådmannen med i tilrådinga punktet om tilrådingsrett/-plikt slik at saka samla Side 10

omhandlar dei forholda som 39, nr 2 i kommunelova seier noko om. Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Behandling HOU- 037/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet har ingen merknader i saka. Vedtaket var samrøystes. Side 11

Gloppen kommune Arkiv: FE - 151, HIST - 16/971 JournalpostID: 17/14121 Saksbehandlar: Saksnr. Utval Møtedato 038/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 036/17 Oppvekstutvalet 15.11.2017 091/17 MULTEK-utvalet 16.11.2017 028/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 20.11.2017 019/17 Eldrerådet 20.11.2017 109/17 Formannskapet 20.11.2017 Årsbudsjettet for 2018 Vedlegg i saka: 11.11.2017 Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 Rådmannen si tilråding Rådmannen kjem ikkje med tilråding i saka i denne fasen av budsjettarbeidet. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 for kommunestyret den 13. november i år. Det er formannskapet som kjem med framlegg til kommunestyret om årsbudsjett for neste år. Som vanleg er det lagt opp til at råda og hovudutvala kjem med uttale til budsjettframlegget før formannskapet gjer vedtak om utlegging til offentleg gjennomsyn. Saksutgreiing: Rådmannen skriv dette i samandraget i budsjettdokumentet: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 er balansert ved å bruke 7,9 millionar av disposisjonsfondet. Det er likevel ei klar målsetting at det ikkje skal vere nødvendig å bruke dette beløpet til neste år. Dette føreset at rådmannen med sine leiarar, i fellesskap med dei folkevalde, i løpet av vinteren tar ein totalgjennomgang av kommunen si drift. Målsettinga må vere i første omgang å balansere 2018-budsjettet utan å bruke disposisjonsfondet til ordinær drift, og i tillegg sjå på ytterlegare tiltak som kan gje rom for dei investeringane som no er utsette. Tiltaka som skal balansere 2018-budsjettet må vere klare før påske. Det er fleire årsaker til at rådmannen ikkje har greidd å legge fram eit framlegg til årsbudsjett utan å legge inn bruk av disposisjonsfondet: Tilskotet/refusjonen for mottak og busetting av flyktningar går vesentleg ned i høve til 2017, både som følgje av at flyktningane våre no har budd her så lenge at tilskotet tar slutt, og som følgje av omlegginga av tilskotet til mindreårige asylsøkjarar. Vi har ikkje greidd å ta ned utgiftene så mykje som inntektsnedgangen på til saman 8,5 mill. tilseier. I 2017 kom det såkalla Myklebusttunet på Kleivedammen i drift. Føresetnaden som vart lagt til grunn både i budsjettet for 2017 og i sist vedtekne økonomiplan om drift av tilbodet Side 12

har ikkje vore råd å gjennomføre. Drifta av det nye tilbodet kostar rundt 5 mill. i året. Vi har i ei årrekkje lagt alt for lavt tilskot til private barnehagar inn i budsjettet. I 2017 er feilbudsjetteringa rundt 6 mill. I framlegget for 2018 er dette korrekt budsjettert. Tenestene kommunane yter på oppvekstområdet og helse- og omsorgsområdet er i all hovudsak styrde av lovfesta rettar og sentrale reglar. Tilboda kan ikkje takast vekk eller reduserast med grunngjeving i manglande budsjettmidlar. Det er eit faktum at vi ikkje kan drive desse tenestene utan meir ressursar når talet på barn og elevar og behovet for kommunal omsorg aukar. Dette er hovudårsaka til at kommunebudsjetta landet rundt ikkje går i hop når løyvingane ikkje aukar meir enn lønns- og prisveksten og knapt nok det. Tiltak og forutsetningar i rådmannen sitt framlegg I budsjettframlegget er det gjort tiltak og lagt inn fleire forutsetningar for å kome ned på den bruken av disposisjonsfondet som ligg no inne: Skatteveksten ut over det budsjetterte i 2017 (på 5,5 mill. per oktober) er vidareført til 2018 Tilbodet og tiltaka til tidlegare mottekne flyktningar er redusert noko, men ikkje så mykje som inntektsnedgangen tilseier Det er budsjettert optimistisk for lønnsveksten i 2018. 2 % auke er lagt inn frå 1. mai Lønnskostnadene til nokre tilsette som jobbar mykje med prosjekt er ført på prosjekta. Samanlikna med 2017 er dette auka med 1,5 mill. Styret i Trivselshagen har lagt inn ein kraftig auke i husleiga i høve til 2017. For kommunen utgjer auken 1,3 mill. Berre auke for lønns- og prisvekst er lagt inn. Det betyr at styret for Trivselshagen må ta igjen sitt budsjett På grunn av seinare framdrift på nokre av investeringsprosjekta er det lagt inn seinare låneopptak og 1 mill. mindre i avdrag Det er budsjettert optimist på utbytte og på sal av konsesjonskraft Auken i eigedomsskatten på bustader og fritidseigedomar er lagt inn som forutsett i økonomiplanen. Utover dette er 2018-budsjettet i all hovudsak ei vidareføring av drifta frå 2. halvår 2017. Mottak av flyktningar Det er lagt til grunn at vi tar imot 15 nye flyktningar i 2018 slik staten har bede om. To av desse er mindreårige asylsøkjarar. I tillegg til dette kan kome familie til flyktningar som alt er busette her. Dette er ikkje lagt inn i budsjettet, verken på inntekts- eller utgiftssida. Gjennomgangen som Gloppen kommune har vore med på som ein del av berekningsutvalet sitt arbeid med å kartlegge kommunane sine inntekter og kostnader med mottak og busetting av flyktningar, viser at vi går om lag i balanse så lenge staten betalar tilskot. Med god intergering og sysselsetting bør vi då ikkje har ekstrautgifter på mottak av flyktningar. Vi er ikkje der i 2018- budsjettet, men målsettinga må vere å kome dit i den gjennomgangen som rådmannen varsla innleiingsvis. Nye stillingar I budsjettet for 2017 la vi for første gong inn ei oversikt over kor mange årsverk som ligg i budsjettframlegget og samanlikna dette med talet på årsverk i budsjettet frå året før. I årets budsjett ligg det vel 497 årsverk. Tilsvarande for 2017-budsjettet var vel 486 årsverk. Auken er altså nesten 11 årsverk. Mesteparten av dette er i helse og omsorg. I kap. 6 er endringane i årsverk kommentert og forklart. Auken i årsverk har i stor grad skjedd i løpet av budsjettåret 2017. Investeringsbudsjettet Side 13

Sjølv om rådmannen gjer framlegg om å utsette rehabiliteringa av skuleanlegget i Hyen og bygginga av nytt omsorgsbygg, kjem framlegget til investeringsbudsjett for 2018 på nesten 116 mill. Oppsummert ser framlegget slik ut: Sum Finansiering investering Momskomp. Tilskot/ref. Fond Gamle lån Nye lån Sum finansiering Bustader og 18.000-400 -11.500 3.280-380 -9.000-18.000 bustadfelt VAR-området 31.300 - -31.300 31.300 Andre investeringar 66.500-12.600-1.700 - -5.640 - -67.000 1.500 45.060 SUM 115.800-13.000-13.200 1.780-6.020-85.360 115.800 Samla låneopptak er 85,4 mill. Av dette beløpet er vel 25 millionar investeringar som ikkje gjev inntekter som dekkjer renter og avdrag. Dei største prosjekta er i 2018: Prosjekt Budsjettert Beløp i Merknad kostnad 2018 Nytt industribygg 26 mill 26 mill Leigeinntektene skal dekke alle utgiftene Renseanlegget på 27,4 mill 23,4 mill Gebyret skal dekke alle utgiftene Byrkjelo Heradshuset 27,8 mill 14 mill Forsikringa dekkjer 40% av totalsummen (27,8 mill) Ombygging av dagsenteret 12,5 mill 9,2 mill Gjev husleige for 4 nye husvære Oppdatert kostnadsoverslag for nytt omsorgsbygg er i underkant av 81,3 mill. Vi har ikkje oppdaterte tal for skuleanlegget i Hyen. I økonomiplanen er kostnaden lagt inn med knapt 53,8 mill. Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Behandling Saka vart drøfta. HOU- 038/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 14