BUDSJETTFRAMLEGG 2018

Like dokumenter
Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

KVAM HERAD - BUDSJETT 2012

Til veljarane i Tysnes

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Budsjett 2017 Økonomiplan

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

BEREKRAFTIG UTVIKLING

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl: 12.30

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Saksprotokoll. Sak: 84/18 SAKSPROTOKOLL - BUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Jølster kommune Saksutgreiing

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

SUNN KOMMUNEØKONOMI - OPPVEKST

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato:

Oversyn over økonomiplanperioden

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

Offentleg møteprotokoll

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 064/15 Formannskapet PS HØYRINGSUTTALE - FORSLAG OM Å ENDRE EIENDOMSSKATT PÅ VERK OG BRUK

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandlar: Åge Erstad Remvik Arkiv: K1-150 Arkivsaksnr: 16/838 16/ Budsjett 2017 og økonomiplan

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

Ole Aasaaren Regionsjef

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Plan for forvaltningsrevisjon

Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Magne Reiten NESTL SP Frits Inge Godø MEDL V Helge Orten LEDER H Aslaug Jenset Sanden MEDL H

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Tertialrapport

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar. Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Politisk program for Jølster KrF

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

BÆREKRAFTIG UTVIKLING

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Aud Sissel Løvoll Suoranta Medlem AP

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Utval: Møtestad: Teknisk, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt: 12:45

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 014/17 Formannskapet PS /17 Bystyret PS

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 12/

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Hans Ekeberg Ap Gustav Folkestad V

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

Møteprotokoll for Formannskapet

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

May Britt Vihovde(V) fremmet Venstre sitt forslag til budsjett 2013 og økonomiplan

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Transkript:

BUDSJETTFRAMLEGG 2018 1.0 Innleiing KrF og Senterpartiet legg med dette fram eit felles forslag til endringar og prioriteringar i Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018. Framlegget vårt tek utgangspunkt i Rådmannen sitt budsjettframlegg presentert i kommunestyre 31.10.2017. Budsjettet er presentert på ein god og informativ måte. Vi fekk også ei utfyllande orientering om drifta i kommunen på budsjettseminaret i november. Vi vil gje vår tilslutning til størsteparten av dei prioriteringane rådmannen tek til orde for, men vil likevel komme med nokre innspel til endringar i drifts- og investeringsbudsjett. I tillegg har vi nokre verbalframlegg. Vi har ikkje gjort endringar på framlagt avgiftsbudsjett. 2.0 Kommentarar til Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2018: Utgangspunktet for 2018 budsjettet og dei kommande åra i økonomiplanperioden, er ein økonomisk situasjon for Os kommune der driftsutgiftene vert stadig høgare enn dei varige driftsinntektene. Som rådmannen viser til er dette ikkje berekraftig over tid. Vi har eit stort press på tenestene vi pliktar å levere. Budsjetta våre har vakse mykje dei siste åra, og lånegjelda er høg. Vi deler rådmannen si bekymring for auke i lånegjelda, og ser at det ikkje er rom for auke i investeringsbudsjettet. Rådmannen har gjort greie for inntektsgrunnlaget og sett eit skatteanslag. Til forskjell frå tidlegare år har Rådmannen for 2018 lagt til grunn ein venta vekst i folketalet fram til 01.01.2018. Dette har redusert handlingsrommet vi politikarar har hatt i tidlegare års budsjettframlegg. Ein konsekvens av den høge folkeveksten i kommunen er eit aukande press på einingane med fare for ei utarming av dei kommunale tilboda til innbyggjarane. Folkeveksten fører også til eit stort press på areala våre, med dei føljer dette får for vern av jord, kulturminne, strandsone og vassdrag. Krf og Sp vil har ei grønare utvikling med ein kontrollert vekst for å skape forutsigbarhet både for innbyggar og utbyggjar. Vi støttar difor rådmannen sitt framlegg om å styrkje planarbeidet i kommunen. 1

3.0 Våre prioriteringar 3.1 Kommunal kontantstøtte : KrF/Sp vil la familiane velja sjølv korleis dei vil prioritere tid og økonomi som småbarnsfamilie og vil difor oppretthalde den kommunale kontantstøtta. Vi trur at foreldre er fullt ut i stand til å gjere gode val for borna sine og familien sin. Born er forskjellege, og familiar er forskjellege. Difor må vi ha velferdsordningar som gjer at folk har ei reell moglegheit til å velgje løysingar som faktisk passar situasjonen deira. Rådmannen hevdar at det er betre for små born å gå i barnehagen enn å være heime med foreldra. Det er KrF/Sp usamde i, tvert imot viser nyare forsking det motsette. Vidare hevdar Rådmannen at ordninga med kontantstøtte hindrar integrering i Os. KrF/Sp kjenner ikkje til at det er framlagt dokumentasjon som underbygger dette. KrF/Sp meiner dette er ei avsporing. God integrering må løysast gjennom betre tilgjenge til arbeidsmarknaden og gratis kjernetid i barnehagen, kombinert med god språkopplæring til barn og vaksne ikkje ved å fjerne valfridom for foreldre. 3.2 Barnehage: Uro kring tilhøva i ein av barnehagane i kommunen, har ført til at det er stilt spørsmål ved om borna våre får eit fullgodt og kvalitetssikra tilbod uavhengig av kva barnehage dei får plass i. KrF/Sp meiner vi må ha eit spesielt fokus på tilbodet til dei minste borna for å sikre at det er tilstrekkeleg bemanning til at dei får eit trygt og godt opphald i barnehagen. 3.3 Ad hoc utval: Dei siste åra har det vore diskusjon kring Os kommune sin auka bruk og nytte av ad hoc utval. Det er ting som tyder på at prosessar vert lukka og at det oppstår usikkerheit om i kva grad vedtak er tufta på gjeldande lover og reglar. KrF/Sp ynskjer å signalisere at vi, i motsetnad til føresetnaden i Rådmannen sitt framlegg, vil redusere bruken av denne type utval til fordel for faste utval og administrativ prosjektleiing. Slik kan ein betre leggje til rette for opne prosessar. 3.4 Kultur / turisme - Rosemålarverkstad på Lyngheim : Ei av hovudmåla i kommunen si satsing på næringsutvikling er å gjere Os til eit attraktivt reisemål. Vi er på god veg, med blant anna satsinga på Liv på Øyro. Ei av dei kulturbaserte verksemdene våre, Os elvar-verkstaden, er komme på Unesco si verdsarvliste. Vi har også hjørnesteinsbedrifta Solstrand som er blitt medlem i Dei historiske hotell. I dei seinare år har Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim gjort ein beundringsverdig dugnadsinnsats med reisinga av Lemstova frå Tveit. Alle som her er nemnt er gode bidragsytarar til utvikling av det kulturbaserte reiselivet. KrF/ Sp meiner det er viktig at Os kommune gjev eit signal om at vi ynskjer å støtte søknaden frå Stiftinga Det historiske tunet om midlar til å bygge ein verkstad for rosemåling. Dette prosjektet vil bidra til å ta vare på lokale handverkstradisjonar og har eit stort potensiale for næringsutvikling, ikkje berre for eiga verksemd, men også for anna næringsaktivitet i byda. 2

3.5 Bølgje brytarar : Kommunen er i ein krevjande situasjon økonomisk. I tida framover må vi prioritere dei primære lovpålagde kommunale oppgåvene. KrF/ Sp meiner vi må redusere lånebehovet, for slik å frigjere midlar på driftsbudsjettet. Prosjektet Bølgjebrytarar Os ytre hamn har hatt ei stor kostnadsauke. Vi har komme til at det då er betre å ta prosjektet ut av kommunen sitt investeringsbudsjett. 3.6 Oppgradering av vegar mv.: Kommunen er i gang med eit godt arbeid for å ruste opp det kommunale vegnettet. Trygg skuleveg for borna våre må ha første prioritet. Vi har difor lagt inn ei auke frå 5 til 7 mill. på posten for oppgradering vegar/kai mv. i investeringsbudsjettet. Dette for å styrkje arbeidet med rassikring, trafikksikring og re-asfaltering. 3.7 Skule aust om elva: Etter Krf/Sp sin vurdering vil ein ikkje komme i gang med bygging av skule aust om elva i 2018 og vi foreslår difor å forskyve investeringane med eitt år. Det er urealistisk å komme i gang så snart som i 2018. Dette vil frigjere ca. 1,5 MNOK i reduserte kapitalkostnader. Desse foreslår vi å overføre til fond til bruk til å dekke inn forventa underskot i 2019 og vidare. 4.0 Endringar i driftsbudsjett Reduksjon formannskapet 800.000 sitt disposisjonsfond Tilskot rosemålarverkstad 400.000 Lyngheim Redusert drift grunna lågare 1.200.000 låneopptak bølgebrytarar Folkevalde organ 200.000 Kommunal kontantstøtte 1.800.000 5.0 Endringar i investeringsbudsjett 2018 Skule aust om elva 30. 000.000 (utsett start til 2019) Kjøp av tomter og bygg 2.000.000 Red frå 12 til 10 mill. Oppgradering vegar/ kai/mv. Økning frå 5 til 7 mill. Bølgje-brytarar 22.000.000 2.000.000 3

6.0 Verbalforslag 6.1 Kommunal kontantstøtte KrF/Sp vil la familiane velje sjølv korleis dei vil prioritera tid og økonomi som småbarnsfamilie og vil difor oppretthalde den kommunale kontantstøtta. Vi trur at foreldre er fullt ut i stand til å gjere gode val for borna sine og familien sin. Born er forskjellege, og familiar er forskjellege. Difor må vi ha velferdsordningar som gjer at folk har ein reell moglegheit til å velgje løysningar som faktisk passar situasjonen deira. Os kommunestyre ber Rådmannen om å oppretthalda ordninga med kommunal kontantstøtte for 2-3 åringar. 6.2 Rosemålarverkstad på Lyngheim Os kommunestyre støttar Stiftinga Lyngheim sitt initiativ til etablering av rosemalarverkstad på Lyngheim med eit tilskot på kr 400 000 dekka inn med ned trekk på formannskapet sitt disposisjonsfond. 6.3 Lærarnorm i skulen I tråd med KrF og Sp sin skulepolitikk ligg det i regjeringa sitt budsjettforlik inne eit gjennomslag for lærarnorm som sikrar maksimalt 15 elevar per lærer i 1.-4. trinn og 20 elevar per lærer i 5.-10. trinn, i snitt per skule. Lærarnormen skal innførast delvis i 2018, og med full verknad i 2019. Det ligg også inne eit mål om auka innføring av 1 time fysisk aktivitet per dag i skuletida. Os kommunestyre ber rådmannen utgreie kva dette medfører for skulane i Os og legge dette fram for kommunestyret. 6.4 Barnehagar. Etter KrF/Sp sitt syn er det viktig at barn blir sett av vaksne og ikkje overlat til seg sjølv i en barnehagekvardag. Det må difor være nok vaksne til stades til ei kvar tid. Det er eit lovpålagt krav om at bemanninga skal være tilstrekkeleg til at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Etter KrF/Sp sin oppfatning bør det difor innførast eit krav for tal born pr. vaksen i barnehagane i Os. Os kommunestyre ber Rådmannen saksutgreie ei ordning med krav til maksimalt tal born pr. vaksne for alle barnehagar i Os. 4

6.5 Bølgjebrytarar Forslag til vedtak Kommunestyret tar prosjektet Bølgjebrytar Os ytre hamn ut av kommunen sitt investeringsbudsjett. 5