Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16
|
|
- Mina Larsen
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Sakshandsamar: Anne Marte Wiland Sæle Vår dato Vår referanse Telefon: / E-post: Dykkar dato Dykkar referanse Balestrand kommune Kong Beles veg Balestrand Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har motteke krav om lovlegkontroll av Balestrand kommune sitt budsjettvedtak for 2015, når det gjeld manglande tildeling av midlar til Fjordtun og Nessane skule i budsjettet. Saka vart sendt frå kommunen Ved lovlegkontroll skal Fylkesmannen vurdere om innhaldet i avgjerda er lovleg, at ho er teken av nokon som har mynde til å ta slik avgjerd og at avgjerda har kome til på lovleg måte, jf. kommunelova 59, nr. 4. Om det er gjort feil som gjer at vedtaket er ugyldig, skal Fylkesmannen oppheve vedtaket. Konklusjon Balestrand kommune sitt budsjettvedtak av i sak nr. 70/14, når det gjeld manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule, er lovleg. Ettersom det ikkje er gjort endeleg vedtak om nedlegging og flytting av elevar, vil det vere mogleg å krevje lovlegkontroll av det vedtaket dersom det blir gjort. Bakgrunn for saka Kommunestyret i Balestrand vedtok , med 12 mot 5 røyster, årsbudsjettet for Det vart ikkje budsjettert midlar til drift av Fjordtun og Nesse skule frå og med skuleåret 2015/2016. Krav om lovlegkontroll dagsett er underskrive av fem kommunestyremedlemmer. Dei viser til vedtak i sak 70/14 Budsjett 2015, økonomiplan behandla i Balestrand kommunestyre Kravet om lovlegkontroll gjeld mangel på prosess kring nedlegging av Nessane skule og Fjordtun skule. Ved Fjordtun skule er det tre elevar og ved Nesse skule er det ti elevar. Budsjettvedtaket byggjer på ein føresetnad om mellombels flytting av elevar frå desse to skulane til Sagatun skule. Vi forstår kravet om lovlegkontroll slik at det berre gjeld denne føresetnaden i budsjettvedtaket. Kravet om lovlegkontroll vart handsama av kommunestyret Med 12 mot 5 røyster gjorde kommunestyret slikt vedtak: «Kommunen kan ikkje sjå at innhaldet i det aktuelle vedtaket er i strid med opplæringslova. Kommunelova, forvaltningslova, folkehelselova, plan- og bygningslova inneheld ikkje reglar som direkte regulerer innhaldet i eit slikt vedtak». Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: Telefon: Org.nr Telefaks:
2 2/5 Synsmåtar i kravet om lovlegkontroll Kravet om lovlegkontroll gjeld mangel på prosess kring nedlegging av Nessane skule og Fjordtun skule, og sjølve vedtaket om mellombels flytting av elevar frå desse to skulane til Sagatun skule. Det vert vist til kommunelova 59 nr. 4 a og c, og mindretalet meiner at krava til sakshandsaming i ei slik sak ikkje er oppfylt. Dei meiner kommunen burde ha laga ein prosess som sikra alle føreseielege tilhøve, og ber om at vedtaket om mellombels flytting av elevar blir gjort om. I kravet om lovlegkontroll skriv dei at konsekvensane for økonomien og familiane vedtaket råkar, ikkje er utgreidd i grunnlaget for budsjettet. Dei viser til at det i tidlegare politiske vedtak er sett klare krav til ei ny utgreiing dersom det skal vere aktuelt å flytte elevar/legge ned skular. Vidare vert det i kravet hevda at det ikkje er framlagt oversikt over korleis kommunen kjem fram til innsparingssummen på kroner for Fjordtun skule, og kroner for Nessane skule. Dei skriv at administrasjonen på folkemøtet ikkje kunne svare på spørsmål om SFO, rasfarleg skuleveg og følgje på skulebussen. Det vert vist til dei overordna måla i kommuneplanen der det står at det skal vere tilbod om barnehage, skulefritidsordning og skule på Fjordtun, Nesse og i Balestrand sentrum. Som det overordna styringsdokumentet for kommunen vurderer dei at dette skal gi innbyggarar og tilflyttarar føreseielege forhold. Dei viser til at det ikkje har vore noko konsekvensutgreiing i denne samanhengen. Det vert vist til budsjettvedtaket for 2014 der det vart vedteke å utarbeide ein plan for oppvekstområdet, som skulle leggast fram for politisk behandling innan Dei skriv at denne planen ikkje er komme til kommunestyret for politisk handsaming. Mindretalet vurderer at Balestrand utan tilstrekkeleg utgreiing planlegg å flytte elevane frå Fjordtun og Nessane oppvekstsenter til Sagatun skule. Dei meiner kommunen må ha heimel i eigne styringsdokument for å gjennomføre ei slik flytting. Mellombels flytting kan berre gjerast dersom ein skule brenn ned eller det er andre særskilde akutte tilhøve som tilseier dette. Dei vurderer at det ikkje er samanheng mellom overordna styringsdokument for kommunen og vedtaket om flytting av elevar. Vidare skriv dei at kommunen ikkje kan lausrive ei av dei viktigaste sakene ein kommune kan behandle oppveksttilhøva for barn og unge frå å bli grundigare vurdert enn det som ligg føre. I brev av kjem mindretalet med kommentarar til kommunens behandling av kravet om lovlegkontroll. Dei skriv at det ikkje var kommunestyret som har vedtatt å flytte elevar ved grendaskulane ved elevtal under 7, men at dette vedtaket vart gjort i Utval for oppvekst og omsorg. Dei skriv at dei var overraska då rådmannen informerte om at det endelege vedtaket om overflytting av elevar skulle gjerast i april 2015, og at skulane dermed ikkje er nedlagde sjølv om det ikkje er lagt inn midlar til drifta etter 1. august 2015 i budsjettet. Mindretalet stiller spørsmål ved om dette er lovleg. Dei skriv at rådmannen har stadfesta at uavklarte spørsmål om SFO og skuleskyss kan få økonomiske konsekvensar. Mindretalet viser til at desse konsekvensane ikkje er synleggjort i budsjettsaka og heller ikkje i seinare møte. Dei stiller spørsmål om rådmannen meiner det er ein fordel at ei slik alvorleg sak ikkje er godt nok opplyst. Dei viser til at rådmannen har informert om prosessen vidare, som skal ferdigstillast før april Dei skriv at høyringsspørsmålet er kva høyringsinstansane synes om budsjettvedtaket for 2015, og at høyringa ikkje inneheld noko form for utgreiing kring overflytting av elevane,
3 3/5 eller vurdering av barns beste. Dette er heller ikkje omtala i saksutgreiinga eller arbeidsgrunnlaget til budsjettet, skriv dei. Mindretalet meiner dei har synleggjort at avgjerda ikkje har komme til på lovleg måte, og meiner plikta til å syte for at saka er godt nok opplyst før vedtak ikkje er oppfylt. Kommunen sine synsmåtar Kommunen skriv at dei ikkje kan sjå at innhaldet i det aktuelle vedtaket er i strid med opplæringslova. Dei viser til at kommunelova, forvaltningslova, folkehelselova, plan- og bygningslova inneheld ikkje reglar som direkte regulerer innhaldet i eit slikt vedtak. Kommunen skriv at kommunestyret tidlegare har vedteke at det skal skje ei ny vurdering av skulestrukturen når det totale elevtalet på kvar av grendaskulane kjem under sju elevar og det ikkje er elevar på tre årstrinn, eller dersom kommunens økonomiske føresetnader forverrar seg dramatisk. Kommunen viser til at den økonomiske situasjonen har forverra seg dramatisk dei siste åra, og at situasjonen for 2015 er spesielt vanskeleg. Dei skriv at dei difor har sett det nødvendig å vurdere å overføre elevane frå Nessane og Fjordtun til Sagatun for ein treårsperiode. Etter ein slik periode skal ein på nytt vurdere kvar desse elevane skal gå. Kommunen skriv at den førebelse flyttinga er lagt inn i budsjettet for 2015 for å få det i balanse. Endelege vedtak om eventuell overflytting av elevane vert først gjort i kommunestyret den Kommunen skriv at forarbeidet til saka om eventuell overflytting av elevar er komme godt i gang, og at det er sett i gang prosess rundt høyring. Dei skriv at det i utgangspunktet hadde vore ønskjeleg med ei grundigare vurdering av skulestrukturen i forkant av budsjettvedtaket, men at det ikkje var tid til dette når den dramatiske økonomiske situasjonen viste seg hausten Dei økonomiske vurderingane og talmaterialet som ein finn i budsjettet for 2015 og budsjettplanen for , er av overordna og generell karakter, skriv kommunen. Dei viser til at budsjettet er bindande for den kommunale verksemda, men kan endrast av kommunestyret ved behov, jf. kommunelova 47. Kommunen skriv at det ikkje er noko rekkefølgjekrav i lova om at endringar i skulekrinsgrensene må vere vedteke før det kan vedtakast budsjettmessige endringar knytt til dette. Når det gjeld spørsmålet om auka kostnader ved at elevane blir flytta til Sagatun skule, skriv kommunen at dei på grunn av det låge talet elevar det gjeld, og dei heller små klassane på Sagatun, vanskeleg kan sjå at dette vil føre til vesentleg auke i kostnadane. Kommunen skriv at administrasjonen på bakgrunn av rundskriv Udir har informert politikarane om korleis saka blir handtert vidare dersom vedtaket om overflytting blir slik rådmannen har lagt det fram i sitt arbeidsgrunnlag. Rådmann og kommunalsjef var til stades på folkemøtet 17. oktober for å lytte til det som vart sagt. Når det gjeld spørsmåla som vart reiste om SFO, skuleskyss og rasfare, svara administrasjonen at dei ville arbeide for å finne løysningar på dette dersom budsjettframlegget som låg føre vart vedtatt. Kommunen skriv at sjølv om det står i kommuneplanen for at skulestrukturen skal vere uendra i perioden, er det ikkje slik at kommunen ikkje kan gjere endringar i skulestrukturen utan å rullere kommuneplanen. Dei viser til at samfunnsdelen ikkje er rettsleg bindande slik arealdelen er, og viser til plan- og bygningslova 11-6 om rettsverknadane av arealdelen.
4 4/5 Planen for oppvekstområdet er ikkje kommen til politisk behandling innan slik vedtaket var i budsjettmøtet i desember Kommunen skriv at datoen for når planen skulle vere ferdigstilt ikkje var , men at det vedtaket i saka 23/14 står at ein bør ha ei målsetting om å legge fram saka til politisk behandling innan utgangen av Denne målsettinga vart ikkje nådd, og kommunen skriv at dette kan sjåast på som ein fordel. Dei skriv: «På bakgrunn av den krevjande økonomiske situasjonen til kommunen og det tidspresset både politisk og administrativt nivå vart kasta ut i hausten 2014 med å få Budsjett 2015 i balanse, er det tenkjeleg at ferdigstilling av eit planarbeid knytt til vurdering av ny skulestruktur ikkje ville ha vore i tråd med det politiske vedtaket som vart gjort den Den alvorlege økonomiske situasjonen til kommunen var overordna å få løyst». Arbeidet med denne planen er no sett i gang gjennom budsjettvedtaket av Delplan knytt til skulestruktur vert å sjå på som ein del av samfunnsdelen i kommuneplanen, og er såleis heller ikkje rettsleg bindande, skriv kommunen. Rettslege rammer for lovlegkontroll Fylkesmannen har avgrensa overprøvingskompetanse i denne sakstypen. Ved lovlegkontroll skal Fylkesmannen etter kommunelova 59 nr. 4 ta stilling til om: - avgjerda er teken av nokon som har mynde til å ta slik avgjerd - innhaldet i avgjerda er lovleg - avgjerda har komme til på lovleg måte Dersom Fylkesmannen kjem til at vedtaket er ugyldig, skal vi oppheve vedtaket. Fylkesmannen si vurdering Om avgjerda er teken av nokon som har mynde til å ta slik avgjerd Det følgjer av kommunelova 46 at kommunestyret har mynde til å vedta årsbudsjettet. Om innhaldet i avgjerda er lovleg Som nemnt legg vi til grunn at det berre er kravd lovlegkontroll av den delen av budsjettvedtaket som gjeld manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16. Spørsmålet er om kommunen kan vedta eit årsbudsjett der det blir lagt inn innsparing knytt til nedlegging av skular, før det er gjort lovlege vedtak om nedlegging av skulane og endring av skulekrinsgrensene. Det følgjer av plan- og bygningslova 11-1 at kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommunen kan òg ha delplanar for bestemte område, tema eller delar av verksemda, jf. plan- og bygningslova 11-1 tredje ledd. Balestrand kommune har ein kommuneplan for som seier at skulestrukturen skal vere uendra i perioden. Planen skal vere styrande for verksemda til kommunen, jf. plan- og bygningslova 11-3, men det er likevel ikkje slik at kommunen ikkje kan gjere endringar i skulestrukturen utan å rullere kommuneplanen først. Samfunnsdelen er ikkje rettsleg bindande på same måten som arealdelen er det, jf. plan og bygningslova 11-6 om rettsverknadane av arealdelen. Tilsvarande gjeld for delplanen knytt til skulestruktur som kommunen no har sett i gang arbeidet med. Budsjettet er bindande for den kommunale verksemda, men kan endrast av kommunestyret ved behov, jf. kommunelova 47. Det er ikkje noko rekkefølgjekrav i lova om at nedlegging
5 5/5 av skular og endringar i skulekrinsgrensene må vere vedtatt før det kan vedtakast budsjettmessige endringar knytt til dette. Eit viktig innhaldskrav til årsbudsjettet for kommunane er at det skal vere realistisk. Fylkesmannen kan ikkje sjå at den delen av vedtaket som er til kontroll, på nokon måte kjem i konflikt med dette kravet. Fylkesmannen finn ikkje grunnlag for å seie at det er ulovleg å vedta at det ikkje skal budsjetterast med midlar til skulane før det er gjort lovlege vedtak om å legge dei ned og endre krinsgrensene. Vi strekar for ordens skuld under at eventuelle vedtak om å leggje ned dei to skulane mellombels, må følgje vanlege sakshandsamingsreglar for slike avgjerder. Som nemnt er ikkje budsjettvedtaket bindande for ein slik prosess, jf. kommunelova 47. Ettersom det i budsjettvedtaket ikkje er bindande vedtatt å legge ned skular eller flytte elevar, vil ein lovlegkontroll av eventuelt vedtak om nedlegging og flytting av elevar måtte skje etter at kommunen har gjort endeleg vedtak om dette. Om avgjerda har kome til på lovleg måte Fylkesmannen skal prøve om sakshandsamingsreglane er følgde ved handsaming av den aktuelle saka. I samband med fastsetting av budsjett gjeld dette reglane i kommunelova. Det går fram av kommunelova 44 nr. 2 at vedtak om årsbudsjett skal vedtakast av kommunestyret «på grunnlag av innstilling frå formannskapet». Innstilling til årsbudsjett med alle forslag til vedtak som ligg føre «skal legges ut til alminnelig ettersyn minst 14 dager før den behandles i kommunestyret», jf. nr. 3. Formannskapet vedtok si innstilling til budsjettvedtak i møte I formannskapets vedtak punkt 3 står det at «Budsjettutkastet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå , og uttaler må vere kommunen i hende innan ». Kommunestyret gjorde sitt vedtak Dette medfører at vedtaket er blitt til på lovleg måte, og er behandla i samsvar med kommunelova 45 nr. 2 og 3. Vedtak Balestrand kommune sitt budsjettvedtak av i sak nr. 70/14, når det gjeld manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule, er lovleg. Ettersom det ikkje er gjort endeleg vedtak om nedlegging og flytting av elevar, vil det vere mogleg å krevje lovlegkontroll av det vedtaket dersom det blir gjort. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast. Vi ber om at kommunen informerer dei som har kravd lovlegkontroll om vedtaket. Med helsing Gunnar O. Hæreid ass. fylkesmann Anne Kristin Eitungjerde juridisk sjef Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032 Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune Vedlegg: Krav om lovlegkontroll av vedtak i Balestrand kommune
DetaljerLovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser
Sakshandsamar: Anne Marte Wiland Sæle Vår dato Vår referanse Telefon: 57643107 12.09.2013 2013/3007-323 E-post: fmsfase@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 15.08.2013 Askvoll kommune Postboks
DetaljerBalestrand kommune lovlegkontroll av vedtak om mellombels flytting av elevar frå Nesse og Fjordtun oppvekstsenter
Sakshandsamar: Anne Kristin Eitungjerde Vår dato Vår referanse Telefon: 57643172 24.06.2015 2015/481-323 E-post: fmsfaka@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 23.05.2015 Balestrand kommune Kong
DetaljerKonklusjon Lærdal kommune sitt vedtak av i sak nr. 73/16 om å legge ned Ljøsne skule med verknad frå skuleåret , er lovleg.
Sakshandsamar: Anne Marte Wiland Sæle Vår dato Vår referanse Telefon: 57643107 16.12.2016 2016/4213-323 E-post: fmsfase@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 25.11.2016 Lærdal kommune Postboks 83
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 15/386. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 15/386 Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune Vedlegg: Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand
DetaljerLovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Dalen skule
Sakshandsamar: Anne Marte Wiland Sæle Vår dato Vår referanse Telefon: 57643107 17.06.2015 2015/1465-323 E-post: fmsfase@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 20.04.2015 Naustdal kommune Postboks
DetaljerLærdal kommune lovlegkontroll av vedtak om ny forskrift om skulekrinsane flytting av ungdomssteget på Borgund
Sakshandsamar: Anne Marte Wiland Sæle Vår dato Vår referanse Telefon: 57643107 20.07.2012 2012/2653-323 E-post: fmsfase@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 26.06.2012 Lærdal kommune Postboks 83
DetaljerVedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova
Sakshandsamar: Ove Midtbø Vår dato Vår referanse Telefon: 57643176 03.07.2012 2012/1917-326.1 E-post: fmsfomi@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Foreldrearbeidsutvalet Lærdalsøyri skule v/hadle
DetaljerSaksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.
Saksprotokoll Utvalg: Kommunestyret Møtedato: 04.12.2014 Sak: 70/14 Resultat: Arkivsak: 14/479 Tittel: Protokoll: Budsjett 2015, økonomiplan 2015-2018 Handsaming: Arnstein Menes gjorde følgjande framlegg:
DetaljerRevidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur
Revidering av kommunedelplan for oppvekst 2013-2025 - Struktur INNHOLD 1. BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.1 BAKGRUNN... 3 1.2 MÅL... 3 2. FØRINGAR... 3 3. INNHALD... 4 3.1 FOLKETALSUTVIKLING... 4 3.2 TAL KLASSER,
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkivsaksnr.: 15/207. Mellombels flytting av elevar frå Nesse og Fjordtun oppvekstsenter
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkivsaksnr.: 15/207 Arkiv: B12 Mellombels flytting av elevar frå Nesse og Fjordtun oppvekstsenter Vedlegg: Uttale til endring av skulestruktur høyring - Frå
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013
MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset - kommunestyresal Møtedato: 04.12.2012 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet 26.01.2017 008/17 Kommunestyret 09.02.2017 Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr. 13/734-56 Ny forskrift om skulekrinsane/opptaksområde
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkivsaksnr.: 15/207. Mellombels flytting av elevar frå Nesse og Fjordtun oppvekstsenter
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkivsaksnr.: 15/207 Arkiv: B12 Mellombels flytting av elevar frå Nesse og Fjordtun oppvekstsenter Vedlegg: Informasjonsbrev til kommunestyret om korrigert tal
DetaljerSvar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste
Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 03.05.2012 2012/732-610 E-post: fmsfboc@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032
DetaljerKlage på vedtak i Volda kommunestyre Ynskje om lovlegkontroll
Roald Espset Røyslidveien 31 6100 Volda Saksnr Løpenr, VOLDA KOMMUNE -431`4. 15 NOV 2012 15.11.2012 rki : Ti I KlasserifigP: g.-0 Volda kommune 6100 VOLDA postmottak@volda.kommune.no Klassenn S: Klage
DetaljerLovlegkontroll - vedtak i bystyresak vedtakspunkt 6h, v) Skolebruks-plan
Sakshandsamar, innvalstelefon Line Sperre, 5557 2085 Vår dato 28.02.2017 Dykkar dato 05.10.2016 Vår referanse 2016/12983 323 Dykkar referanse Bergen kommune v/ Bystyrets kontor Bergen Rådhus 5020 BERGEN
DetaljerMerknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand
Merknader til Rapport av 04.11.2015 frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Merknader til Rapport av 04.11.2015 frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand Den 05.11.2015 fekk administrasjonen
DetaljerSKULESTRUKTUR - KOMMUNEPLAN ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT
Fitjar kommune ordførar rådmann 5418 FITJAR 17.12.2018 fitjar@fitjar.kommune.no SKULESTRUKTUR - KOMMUNEPLAN ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider med denne saka på oppdrag
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.05.2014 Kl: 10.00-13.45
MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.05.2014 Kl: 10.00-13.45 Medlemmer: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: Merknader: Saker som vart handsama Harald
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming Samnanger kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Samnanger kommune. Rapporten
DetaljerVedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune
Sakshandsamar: Signe Rauboti Vår dato Vår referanse Telefon: 57643188 10.10.2014 2014/2531-423.1 E-post: fmsfsra@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 26.05.2014 Tone Kristin Urheim Fæsteråsen 182
DetaljerKorleis treffe lovlege vedtak i politiske organ
Korleis treffe lovlege vedtak i politiske organ Tema: Lovlege enkeltvedtak i politiske organ Saksførebuing Grunngjeving Habilitet Følgjer av feil Lovlegkontroll Korleis spiller sakshandsamingsreglane inn
DetaljerDersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.
Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 25.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til
DetaljerVedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.
Sakshandsamar, innvalstelefon Hugo Morken, 55 57 21 17 Vår dato 27.09.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/11766 323 Dykkar referanse Jondal kommune v/ordførar Jon Larsgard Kommunehuset 5627 Jondal Lovlegkontroll
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet 26.01.2017 002/17 Kommunestyret 09.02.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 16/155-17 Kommunal planstrategi 2016-2020,
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 20.05.2016 Dykkar dato 08.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Fedje kommune 5947 Fedje ENDELEG TILSYNSRAPPORT Reduksjon
DetaljerMelding om vedtak. Saka vart drøfta
«MottakerNavn» «Adresse» «Postnr» «Poststed» 2017/364-51 Rita Regbo Rita.Regbo@bykle.kommune.no 06.11.2017 Melding om vedtak Endring av detaljregulering Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid 201502)
DetaljerKvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN
Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN Avgjerd av: Kvam heradsstyre Saksh.: Sigrid Laupsa Arkiv: N-210 Objekt: Arkivsaknr
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 18.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Bergen kommune Postboks 7700 5020 Bergen ENDELEG TILSYNSRAPPORT
DetaljerJølster kommune Saksutgreiing
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Utval for Plan og Utvikling 13.06.2012 032/12 TOF Kommunestyret 19.06.2012 050/12 TOF Sakshandsamar: Thor Ove
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson
MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: Rådhuset - kommunestyresal Møtedato: 04.12.2012 Kl: 12.30 14.15 Medlemmer: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. (evt. andre): Ann Margrethe Kråvik Kari
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 20.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse 13/756 Bømlo kommune Leirdalen 1 5430 BREMNES ENDELEG TILSYNSRAPPORT
DetaljerLovlegkontroll av vedtak som gjeld reguleringsplan for rutilutvinning i Engebøfjellet m.m., Naustdal kommune
Sakshandsamar: Arnt Erik Nordheim Vår dato Vår referanse Telefon: 57643168 08.07.2011 2011/2624-323 E-post: fmsfaen@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 17.06.2011 AHK/10/366-55/K2-L82, K3-&01
DetaljerRådmannen får i oppdrag å utarbeide overgangsordningar med plan for iverksetjing som skal leggjast fram for KOIK til orientering så raskt som råd.
Sakshandsamar, innvalstelefon Jannicke Haaland Haarr, 5557 2272 Vår dato 03.07.2013 Dykkar dato 30.05.2013 Vår referanse 2013/5956 323 Dykkar referanse 12/2616 Osterøy kommune Rådhuset 5282 Lonevåg Lovlegkontroll
DetaljerBUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR
Meløy kommune ordførar rådmann 8150 Ørnes 03.12.2014 BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider med denne saka på oppdrag frå Foreldrerådet (FAU) ved Neverdal skule
DetaljerTilsyn med Solund kommune rapport
Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 26.10.2012 2012/2669-611 E-post: fmsfboc@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Solund kommune Postboks 73 6921 Hardbakke Tilsyn
DetaljerVANYLVEN KOMMUNE Servicetorget
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Planleggar Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/24 1872/2014 / 141 SER / AARRAN 31.03.2014 MELDING OM VEDTAK Kommuneplan til 2020 - Arealdelen. Vurdering
DetaljerUtval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2012/2130 Løpenr.: 6278/2017 Arkivkode: 153/19/153/20/ 151/2 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet Sakshandsamar: Lotte Næss Detaljregulering
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:
MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 09.03.2010 Kl: 12.30 13.30 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: 02.03.10 Merknader: Saker
DetaljerTilleggsinnkalling av Formannskapet
OSTERØY KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet Møtedato: 07.02.2018 Møtestad: Osterøy rådhus - heradsstyresalen Møtetid: kl. 13.30 kl. 18.00 Eventuelle forfall må meldast til Marie Koksvik Thorsen
DetaljerI møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE Sakshandsamar, tlf Vår dato Terje Øvrebø - 57 72 32 51 20102008 E-post Dykkar dato tov@fmsfno 15092008 Vår referanse 2008/4004-4220 Dykkar referanse Landbruks- og matdepartementet
DetaljerSaksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.
Høyanger kommune Ordføraren Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 1/729 15/801 026 RIF 30.01.2015 Kommunereform, retningsval m.m. Vedlagt
DetaljerLovlegkontroll av avgjerd om lukking av budsjettmøte, Lærdal kommune
Sakshandsamar: Arnt Erik Nordheim Vår dato Vår referanse Telefon: 57643112 07.11.2016 2016/3909-323 E-post: fmsfaen@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Elektronisk oversending: Lærdal kommune
DetaljerVarsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon
Sakshandsamar: Lill Mona Solberg Vår dato Vår referanse Telefon: 57643105 24.06.2013 2013/2729 - E-post: fmsflms@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Lærdal kommune Postboks 83 6886 Lærdal Varsel
DetaljerSakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Alf Magnar Strand FA - B09, TI - &35 18/410 Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS 11.06.2018 034/2018 Kommunestyret PS 18.06.2018 Samanslåing av ungdomsskular
DetaljerLovlegkontroll av avgjerd som gjeld lukking av møte, Flora kommune
Sakshandsamar: Arnt Erik Nordheim Vår dato Vår referanse Telefon: 57643168 29.10.2013 2013/2721-323 E-post: fmsfaen@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 25.09.2013 13/998 Flora kommune Markegata
DetaljerMØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.
FUSA KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval for plan og miljø Utval: Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 17.06.2014 Tid: Kl. 16:00 Forfall eller inhabilitet: Grunngjeve forfall til møtet, eller inhabilitet, må meldast
DetaljerDetaljreguleringsplan for utviding av masseuttak på Skårhaug, Eid kommune
Sakshandsamar: Ove Midtbø Vår dato Vår referanse Telefon: 57643176 21.11.2016 2016/2321-421.4 E-post: fmsfomi@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Jf. adresseliste nedanfor Detaljreguleringsplan
DetaljerHyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den
Hyllestad kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll Vedteke i kommunestyresak 64/16 den 30.6.16 Innleiing Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for kontrollarbeid med heile den kommunale
DetaljerTilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging
Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune
DetaljerVedtak i klagesak - detaljreguleringsplan for Sandal, Hafslo, Luster kommune
Sakshandsamar: Jorunn Fosse Fidjestøl Vår dato Vår referanse Telefon: 57643156 09.08.2017 2017/2198-421.4 E-post: fmsfjfi@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Advokat Johannes Hauge Postboks 76
DetaljerVedtak i sak som gjeld klager på reguleringsplan for næringsområde på Stokkenes
Sakshandsamar: Terje Øvrebø Vår dato Vår referanse Telefon: 57 72 32 51 06.05.2011 2010/14973-421.4 E-post: omi@fmsf.no Dykkar dato Dykkar referanse Mottakarar i følgje liste Vedtak i sak som gjeld klager
DetaljerForfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet
1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: 02.10.2018 Tid: 13:00 14:15 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Grete
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE
MØTEINNKALLING Utval: PLANUTVALET Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.02.2008 Tid: 09.45 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN
DetaljerSakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Åse Aleheim N - 101 16/153 Saksnr Utval Type Dato 040/16 Hovudutval teknisk/næring PS 05.09.2016 031/16 Hovudutval oppvekst/kultur PS 05.09.2016 099/16 Formannskapet
DetaljerPlan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram 2016-2020
Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram 2016-2020 0 Innhald Bakgrunn for planarbeidet...2 Planprogram...2 Føremål...3 Mandat...3 Føringar og referansar for planarbeidet
DetaljerSAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS 23.03.2017 Kommunestyret PS 023/17 Levekårsutvalet PS 21.03.2017 Saksbehandlar ArkivsakID Irene Wilhelmsen 16/1352 Godkjenning av "Kommunedelplan
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Bømlo kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Bømlo kommune. Rapporten gir ingen fullstendig tilstandsvurdering
DetaljerOpphevinga er gjort med heimel i forvaltningslova (fvl) 35 fjerde ledd andre setning.
Sakshandsamar, innvalstelefon Christian Johan Alstad, 5557 2112 Trond Håkon Stadheim, 5557 2189 Vår dato 31.08.2016 Dykkar dato 30.08.2016 Vår referanse 2016/11221 421.3 Dykkar referanse 16/1341 Kvinnherad
DetaljerDet er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.
Sakshandsamar, innvalstelefon Nina Vadøy, 5557 2316 Vår dato 07.10.2013 Dykkar dato 30.09.2013 Vår referanse 2012/9227 472 Dykkar referanse Trond Leganger Ragn-Sells AS Postboks 49 2001 LILLESTRØM Mellombels
DetaljerProsjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1
Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1 1. MÅL OG RAMMER Målet er å få vedteke ny skulestruktur i Husnes ungdomsskulekrins.
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2015/83 Løpenr.: 9123/2017. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/67 Ulstein formannskap
ULSTEIN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2015/83 Løpenr.: 9123/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/67 Ulstein formannskap 27.06.2017 KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL 2017-2029 - 1.
DetaljerFramlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune
Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: L 71 2010/988 Sveinung Toft 05.01.2011 Utvalssak nr. Utval Møtedato 25/11 Plan- og miljøutvalet 19.01.2011 6/11 Kommunestyret 10.02.2011 Framlegg til bustadbyggjeprogram
DetaljerHøyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd
Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking
DetaljerBremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan 2014 2017
Sakshandsamar: Kåre Træen Vår dato Vår referanse Telefon: 57643004 05.03.2014 2014/30-331.1 E-post: fmsfktr@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 03.01.2014 Bremanger kommune Postboks 104 6721 Svelgen
DetaljerSaksprotokoll. Kommunestyret Sak: 34 / 19. Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID Arkivsak: 16 / 1729
Saksprotokoll Kommunestyret 13.06.2019 Sak: 34 / 19 Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID 1426-2016004 Arkivsak: 16 / 1729 Behandling: Merknad frå adv. Johannes Hauge på vegner av
DetaljerPLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune
PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles
DetaljerNaustdal kommune, Naustdal barne og ungdomsskule. Avslutting av tilsyn.
Sakshandsamar: Helge Pedersen Vår dato Vår referanse Telefon: 57643101 28.01.2015 2014/529-632.2 E-post: fmsfhpe@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 25.11.2014 Naustdal kommune Postboks 43 6806
DetaljerRadøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 062/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.10.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/230 16/12590 Kommunal planstrategi Radøy kommune 2016-2020
DetaljerVågsøy kommune Rådmann
Vågsøy kommune Rådmann Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/2390-4/ FE-025 KNLE1 16/7517-7 11.11.2016 Uttale til intensjonsplan for ein Vestlandsregion
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Fitjar kommune 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fitjar kommune. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehager Krav til sakshandsaming Vaksdal kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Vaksdal kommune. Rapporten
DetaljerMøteinnkalling for Formannskapet
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Formannskapet Møtedato: 26.06.2013 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 09.00 Synfaring sak 053/13. Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den
DetaljerTiltak på gnr. 113 bnr. 6 - bustadhus m/garasje. Klage på vedtak om garasjeplassering i d-sak 427/24.
Rådmannen - plan Dagfinn Kjos, 6873 Marifjøra Kjetil Melheim, Ekrene, 6873 Marifjøra Arkivsak: 14/2819 Løpenr.: 15/11690 Sakshandsamar: Trygve Engesæter Tiltak på gnr. 113 bnr. 6 - bustadhus m/garasje.
DetaljerSkuleåret 2017/2018.
Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva
DetaljerFråsegn til offentleg ettersyn - Reguleringsplan - Omregulering og utviding Langavellen Hyttefelt - Sogndal kommune
Sogndal kommune Postboks 153 6851 SOGNDAL Vår dato: 14.08.2014 Vår ref.: 201305482-4 Arkiv: 323 Dykkar dato: 11.07.2014 Dykkar ref.: 13/2993-12 Sakshandsamar: Terje Systad 1 Fråsegn til offentleg ettersyn
DetaljerReguleringsplan for rutilutvinning i Engebøfjellet i kommunane Naustdal og Askvoll - oversending av sak med motsegn
Sakshandsamar: Nils Erling Yndesdal Vår dato Vår referanse Telefon: 57643120 / 95723372 23.06.2011 2011/750-421.4 E-post: fmsfney@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Miljøverndepartementet Postboks
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. 2/15 14/672 Kommunereforma - organisering, prosess og framdriftsplan
MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 29.01.2015 Tid: 16.30 - Gjennomgang forvaltningsrapport Pleie og omsorg v/ingvill Strand KPMG 16:30 17:00 - Orientering Visit Sognefjord
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/623-15/766 K2 - L12 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63 29 73 05.02.2015 Reguleringsplan(detaljregulering)
DetaljerReferat frå møte
Sakshandsamar: Vår dato Vår referanse Telefon: 57643110 05.09.2013 2012/3824-630 E-post: fmsfjov@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Deltakarar i FORUM Referat frå møte 27.08.2013 Stad Best Western
DetaljerSakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Marianne Aadland Sandvik Gbnr-38/71, FA-L42 19/1236 Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS 15.10.2019 Klage - GBNR 38/71- Klage på avslag
DetaljerFråsegn til føreslegen detaljreguleringsplan for Nedrehagen i Sogndal kommune
Sakshandsamar: Vår dato Vår referanse Heidi Sandvik-tlf. 57643151, e-post: fmsfhsa@fylkesmannen.no 20.05.2014 2014/1643-421.4 Haavard Stensvand - 57643010, E-post: fmsfhst@ylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar
DetaljerSakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Rita Ludvigsen FA-N02 19/233 Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS 17.06.2019 Kommunestyret PS Skuleskyss Masfjordskulane kommunalt vedtak Vedlegg: Journalposttittel
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:
MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 31.01.2008 Kl: 12.30 15.30 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Alle Rådmann Vidar Roseth Pedagogisk rådgjevar
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 08.09.2015 Dykkar dato 16.06.2015 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Osterøy kommune Rådhuset 5282 Lonevåg ENDELEG TILSYNSRAPPORT
DetaljerSAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 08.09.2016 071/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201402, N - 504 15/1726 2. gongs handsaming for del av detaljregulering
DetaljerKRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK
SKODJE KOMMUNE Tilleggsinnkalling Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.02.2015 Tid: 17:00 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 70 24 40 00. Varamedlemmar møter etter nærare avtale.
DetaljerETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Formannskap 21.05.2012 040/12 VIL Kommunestyre 19.06.2012 047/12 VIL Sakshandsamar: Vigdis Lode Arkiv: N-502 Arkivsaknr: 2012000894 KOMMUNAL PLANSTRATEGI
DetaljerKommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.
Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune. Forskriftene regulerer: 1. Omfanget av grunnskuleopplæringa. 2. Målformer i grunnskulen. 3. Ordensreglement. 4. Skulen (krinsgrenser). 1 Punkt
DetaljerTilsynsrapport. Tilsyn med Lærdal kommune. som barnehagemyndigheit. etter. barnehagelova 10, 16 og 18
Tilsynsrapport Tilsyn med Lærdal kommune som barnehagemyndigheit etter barnehagelova 10, 16 og 18 Kontaktperson i kommunen: Torunn Liltved, kultur- og oppvekstleiar Fylkesmannen si tilsynsgruppe: Bodhild
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kravet om skulefagleg kompetanse, jf. opplæringslova 13-1 fjerde ledd. Gjemnes kommune Saksnr.: 2015/3332 Molde, 12.08.2015 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Gjemnes kommune...
DetaljerUtval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00
Fyresdal kommune Møteinnkalling Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: 07.12.2015 Tid: 13:00 Forfall meldast til sentralbordet på tlf.
DetaljerRevisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet
DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis
DetaljerETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Forvaltning 07.02.2013 019/13 FRH Kommunestyre 26.02.2013 005/13 OIV Sakshandsamar: Frida Halland Arkiv: N-504, gbn- 014/001 Arkivsaknr: 2013000206
DetaljerPLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND
PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND 2016-2028 Vedteke: Saks nr: Dato: 04.06.2015 Innhold 1 Innleiing... 2 2 Bakgrunn for planarbeidet... 2 2.1 Krav til planlegging av tenesteområdet... 2 3 Mål
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 028/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 028/17 Formannskapet 09.02.2017 012/17 Kommunestyret 09.02.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/150-3 Reguleringsplan for hamn i Erdal
DetaljerSaksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet /14 Kommunestyret
Årdal kommune Sakspapir Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet 03.06.2014 038/14 Kommunestyret 19.06.2014 Sakshandsamar: Stine Mari Måren Elverhøi Arkiv: K2-L12 Arkivsaksnr. 12/834 Detaljreguleringsplan
DetaljerAustevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet
Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.
DetaljerUtval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00
Tokke kommune Møteprotokoll Oppvekstutvalet Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: 14.01.2014 Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00 Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon
Detaljer