ENDELEG TILSYNSRAPPORT
|
|
|
- Ingvar Hovland
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2015/ Dykkar referanse Osterøy kommune Rådhuset 5282 Lonevåg ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til ikkje-kommunale barnehagar Rettslege krav til vedtak Osterøy kommune Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: Telefaks: Utdanningsavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: E-post: Internett:
2 Innhald 1 Innleiing Om tilsynet med Osterøy kommune Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit Tema for tilsyn Om gjennomføringa av tilsynet Om tilsynsrapporten Etterleving av rettsleg krav ved tilskot til ikkje-kommunale barnehagar Rettsleg krav Fylkesmannens vurderingar Krav til skriftlege vedtak Krav til grunngjeving Underretning av vedtaket Underretning om moglegheita for å klage på vedtaket Fylkesmannens konklusjon
3 1 Innleiing Fylkesmannen har i perioden frå 7. mai 2015 til dags dato gjennomført skriftlig tilsyn med etterleving av dei rettslege krava til å fatte vedtak om tilskot til ikkje-kommunale barnehagar i Osterøy kommune. 2 Om tilsynet med Osterøy kommune 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova 9 andre ledd. Fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er tilsyn med det lovpålagde, jf. kommunelova 60 b. Fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er utøving av myndigheit og skjer i samsvar med reglane for dette i forvaltningsretten. Tilsynet skal vere prega av openheit, likebehandling og at det er etterprøvbart og effektivt. I dei tilfella der Fylkesmannen konkluderer med at eit rettsleg krav ikkje er oppfylt, blir dette sett på som lovbrot, uavhengig av om det er barnehagelova eller forskrifter fastsett i medhald av denne lova som er brotne. 2.2 Tema for tilsyn Tilsynet skal undersøkje om kommunen som barnehagemynde etterlever dei rettslege krava som er sett med omsyn til å fatte vedtak om tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar, jf. barnehagelova med forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlige tilskudd til ikkje-kommunale barnehagar (tilskotsforskrifta), og forvaltningslova. Temaet er valt ut fordi utrekninga av det kommunale tilskotet etter barnehagelova er eit utfordrande område, både for kommunar og eigarar av barnehagar. Utmålinga av tilskot er ei omfattande oppgåve som har store konsekvensar for ikkje-kommunale barnehagar. Det er ikkje alle barnehagar som har tilgang til den same kompetansen som kommunane har, og det er viktig at vedtaka er skrive på ein måte som gjer at mottakarane kan skjønne tildelinga av det kommunale tilskotet. For å sikre rettstryggleiken til barnehagane må kommunen etterleve sakshandsamingsreglar i lov og forskrift når dei fattar vedtak om tilskot. Forvaltningslova gir fleire grunnleggjande reglar om sakshandsaming for offentlege organ. Formålet med forvaltningslova er fyrste omgang å leggje tilhøva til rette for ein trygg sakshandsaming i forvaltninga. Fylkesmannen har difor, etter ein vurdering, funne grunnlag for å sjå nærmare på vedtaka kommunane treff når dei yter tilskot. 2.3 Om gjennomføringa av tilsynet Tilsyn med Osterøy kommune vart opna gjennom brev 7. mai Kommunen er blitt pålagd å leggje fram dokumentasjon for Fylkesmannen med heimel i kommunelova 60 c. Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på skriftleg dokumentasjon. Følgjande dokument inngår i dokumentasjonsgrunnlaget for tilsynet: 3
4 Svar på varsel om tilsyn Osterøy kommune Vedlegg 1: Vedtak Osterøy gårds og friluftsbarnehage AS med vedlegg Vedlegg 2: Vedtak Reppen barnehage med vedlegg 2.3 Om tilsynsrapporten Fylkesmannen gjer merksam på at ein i dette tilsynet ikkje har vurdert om utrekninga av tilskotet som vert ytt i vedtaket er korrekt. Fylkesmannen har heller ikkje kontrollert utrekninga av dei kommunale satsane eller dei data frå barnehagane som kommunen har brukt tilskotssatsane på. Lokale retningsliner er berre brukt som bakgrunnsinformasjon om kommunen sitt tilskotssystem, og Fylkesmannen har ikkje vurdert om desse i samsvar med lovkrava. Konklusjonane i tilsynet har sitt grunnlag i eit gitt kjeldemateriale, og er gitt med utgangspunkt i status på tidspunktet for avslutning av tilsynet. Alle lovbrot er derfor ikkje nødvendigvis avdekka. 3. Etterleving av rettsleg krav ved tilskot til ikkje-kommunale barnehagar 3.1 Rettsleg krav Barnehagelova 14 synar kommunen sin finansieringsplikt til ikkje-kommunale barnehagar. Lova heimler også «forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlig tilskudd til ikkje-kommunale barnehagar» (forskrift om tilskot). Formålet med forskrifta er å sikre at godkjende ikkje-kommunale barnehagar vert handsama likeverdig med dei kommunale barnehagane. Den årlege rapporteringa per 15. desember kvart år dannar grunnlaget for utmålinga av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar året etter. I forskrift om tilskot 8 fyrste ledd heiter det at «kommunen skal ( ) fatte vedtak om tilskudd til ikke-kommunale barnehagar i samsvar med 4 og 5». Forskrift om tilskot 4 og 5 heimlar korleis kommunen skal utmåle tilskot til driftskostnader og kapitalkostnader. Det årlege vedtaket om tilskot til ikkje-kommunale barnehagar etter 4 og, utmålar tilskot for eit år om gangen, dersom ikkje kommunen i lokale retningsliner har innført fleire telletidspunkt som fører til nye vedtak gjennom året. Kommunen si tildeling av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova 2 fyrste ledd bokstav b, sjå også forskrift om tilskot 12. Kommunen si tildeling av tilskot etter barnehagelova 14 med tilhøyrande forskrift vert supplert av reglane i forvaltningslova. Når kommunen yt tilskot i vedtak, må forvaltningslova sine reglar i kapittel V «om vedtaket ( 23-27b)» følgjes. Dette stiller mellom anna krav til at vedtaket er grunngjeve og at det blir vist til dei reglar vedtaket byggjer på, med mindre parten kjenner reglane, og at klageadgang, klagefrist, klageinstans og nærmare framgangsmåte ved klage er nemnt. Kommunen er forskrift om tilskot 2 gitt ein særskild dokumentasjonsplikt. Denne plikta vert supplert av krava til grunngjeving i forvaltningslova. Dette inneber at kommunen i alle fasar av sakshandsaminga skal grunngjeve og dokumentere tilstrekkeleg at barnehagane kan vurdere om reglane i forskrifta er følgd. Forvaltningslova stiller krav til at ein sak skal vere så 4
5 godt opplyst som mogleg, og at grunngjevinga skal sette parten i stand til å forstå vedtaket. Dette stiller krav til at kommunen på ein god og forståeleg måte viser korleis utrekninga av tilskotet er gjort i vedtaket. Vurderinga av om kommunen har følgd dei nemnte sakshandsamingsreglane vert gjort under punkt 3.2 i rapporten. 3.2 Fylkesmannens vurderingar Krav til skriftlege vedtak Det følgjer av forvaltningslova 23 at vedtak skal vere skriftleg. Det er sjølve avgjersla som skal vere skriftleg. Kravet er fyrst og fremst stilt for å sikre at innhaldet i vedtaket er klårt og eintydig som mogleg. Eit anna omsyn er å sikre at vedtaket kan bli etterprøvd. Kravet til skriftleg vedtak er oppfylt når kommunen skriv brev til barnehagen om kva vedtaket går ut på. Osterøy kommune har sendt inn to vedtak som har blitt sendt ut til kommunens ikkjekommunale barnehagar. Begge vedtaka er skriftleg, og er såleis ikkje noko lovbrot etter forvaltningslova 23. Fylkesmannen konkluderer difor med at det ikkje føreligg noko lovbrot etter forvaltningslova 23 krav til skriftleg vedtak Krav til grunngjeving I forvaltningslova 24 er det stilt krav om at «[e]nkeltvedtak skal grunngis». Kravet må sjåast i samanheng med forvaltningslova 25 som har minimumsreglar om kva grunngjevinga skal innehalde. Ei grunngjeving inneberer at parten får ei utgreiing om kva vedtaket byggjer på. Formålet med kravet til grunngjeving er blant anna at mottakaren av vedtak vert sett i stand til å forstå kvifor det er fatta vedtak og at vedtaket er riktig, og at det er høve for mottakaren til å vurdere klagesak. Etter 25 skal grunngjevinga vise til dei reglane vedtaket byggjer på, med mindre parten kjenner reglane. Det følgjer også av føresegna at, «i den utstrekning det er nødvendig for å sette parten i stand til å forstå vedtaket, skal begrunnelsen også gjengi innholdet av reglene ( )». Forvaltningsorganet som fattar eit vedtak skal med andre ord setje mottakaren av vedtaket i stand til å forstå kvifor og korleis rettsreglane er brukt i saka. Osterøy kommune har i vedtaka vist til lov om barnehagar, lov om endringar i barnehagelova (finansiering av ikkje-kommunale barnehagar) og forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlege tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Desse rettskjeldene er vist til på en generell måte utan å nemne spesifikk føresegn i lova. Kommunen har ikkje vist til barnehagelova 14 fyrste ledd, som heimlar kommunens plikt til å yte tilskot til godkjende ikkje-kommunale barnehagar. Kommunen har heller ikkje vist til tilskotsforskrifta 4, 5 eller 8. Unntaket er at kommunen har nemnt 3 i tilskotsforskrifta, utan at føresegna er sitert etter sin ordlyd. Føresegna er innteken i vedtaka gjennom kommunens eiga forklaring til innhaldet i regelen. Fylkesmannen vurderer at dette ikkje er optimalt, men at det ikkje kvalifiserer til lovbrot etter plikta til grunngjeving i fvl. 25 fyrste ledd. Kommunen bør være meir nøyaktig i tilvisinga til føresegn i lov og forskrift. 5
6 Fylkesmannen konkluderer såleis med at Osterøy kommune oppfyller minimumsreglane til grunngjeving i forvaltningslova 25 fyrste ledd når dei synleggjer føresegna vedtaket byggjer på. Det følgjer av 25 andre ledd at kommunen skal nemne dei «faktiske forhold» som vedtaket byggjer på. Det betyr at kommunen i vedtaket må framstille dei fakta som er lagt til grunn så fullstendig at det det er mogleg for mottakaren av vedtaket å forstå at vilkåra i lova er oppfylte. Denne plikta er også presisert gjennom forskrift om tilskot 2, kor kommunen er gitt ei særskild dokumentasjonsplikt når dei tildeler tilskot. Det følgjer av forskrift om tilskot 4 at kommunen skal rekne ut driftstilskotet ut i frå «gjennomsnittlige driftskostnader per heltidsplass i tilsvarende kommunale barnehager. Grunnlaget for beregningen er kommuneregnskapet fra to år før tilskuddsåret». Ein bør merke seg ei regelendring som ble innført 1. januar Før var tilskot rekna ut frå budsjetterte kostnadar. No er ordninga slik at kommunen skal fatte vedtak om tilskot for 2015 basert på kommunerekneskap og barnetalet frå 2013 i dei kommunale barnehagane. Rekneskap for 2013 skal oppjusterast med utrekninga av pris- og lønnsvekst i kommunesektoren (kommunal deflator) for 2014 og 2015, jf. 4. Udir har i rundskriv Udir opplyst at deflatoren blir kunngjort i nasjonalbudsjetta kvart år. Etter at tilskotssatsane er rekna ut, gir kommunen tilskot basert på barnetalet for 2015 i dei ikkje-kommunale barnehagane. I rundskriv Udir står det at «[k]ommunen må vise at alle relevante kostnader for driften i de kommunale barnehagene er inkludert i tilskuddsberegningen, jf. forvaltningsloven 25». Kommunen må gjøre det mogleg for dei ikkje-kommunale barnehagane å vurdere kva for kostnadar som er lagt til grunn. Dokumentasjonen til kommunen må vere av ein slik art at den gir dei ikkje-kommunale barnehagane, som tilskotsmottakar, eit reelt høve til å vurdere om kommunen har oppfylt krava i føresegna. Osterøy kommune opplys i sine vedtak at satsane for tilskot for 2015 er basert på rekneskap for kommunale barnehagar i 2013, med ei justering av prisvekst på 3 % for 2014 og Når kommunen skriver at dei tar utgangspunkt i rekneskap ikkje budsjett viser kommunen at dei etterlever forskriftsendringa som ble innført 1. januar Vidare har kommunen rekna ut tilskot basert på barnetal per I vedtaket er det satsane for driftstilskott gitt for både store og små barn, i tillegg til kapitaltilskott per barn. Sjølve utrekninga er vist til i to vedlegg. Driftstilskotet for små og store barn er utheva i rekneskapsvedlegget, som også viser at kommunen har gitt eit påslag for administrasjonskostnadar på 4 % ved utrekninga. Kapitaltilskotet er rekna ut per barn, og utheva i rekneskapsvedlegget. Både driftstilskot for små og store barn og kapitaltilskot er med i sjølve vedtaket. Kommunen har utheva det totale tilskotet som barnehagen får for 2015 utan at sjølve utrekninga for den totale summen er vist i vedtaket. I so høve viser kommunen berre til vedlegg som viser utrekninga. Fylkesmannen meiner at ei slik ordning ikkje er optimal fordi det føreligg ein risiko for at eit vedlegg kan forsvinne, og det kan oppstå spørsmål om kva slags vedlegg som gjeld. Det mest optimale er at kommunen viser ei forenkla utrekning i 6
7 sjølve vedtaket, slik at barnehagen slepp å bla seg fram i rekneskapsvedlegg for å finne ut om utrekninga er korrekt. Sjølv om vedtaka ikkje er optimalt grunngjeve, meiner Fylkesmannen at dette ikkje kvalifiserer til lovbrot etter fvl. 25 andre ledd all den tid vedlegget viser utrekninga. Fylkesmannen konkluderer derfor med at Osterøy kommune oppfyller plikten i forvaltningslova 25 andre ledd Underretning av vedtaket Det følgjer av forvaltningslova 27 kommunen som forvaltningsorgan skal sørge for å underrette barnehagane, som er part i saken, om vedtaket så fort som mogleg. Hovudregelen er at underretninga vert gjeven skriftleg. Med skriftleg underretning siktes det til brev. Osterøy kommune har fatta enkeltvedtak i skriftleg form. Vedtaka er formulert «[k]ommunalt tilskott 2015 [namn på barnehagen]». Overskrifta på vedtaka taler om at brevet gjeld tildeling av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar, utan at orda «ikkje-kommunale» er brukt. Samtidig er det klart at vedtaket gjeld tildeling av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar, og utgjer soleis ikkje noko lovbrot Underretning om moglegheita for å klage på vedtaket Det følgjer av forvaltningslova 27 tredje ledd at underretninga skal gi opplysningar om «klageadgang, klagefrist, klageinstans og nærmare fremgangsmåte ved klage, samt om retten etter 18, jfr 19 til å se sakens dokumenter». Osterøy kommune opplyser i sine vedtak at tildeling av tilskot er eit enkeltvedtak som barnehagane har rett til å klage på til Fylkesmannen. Kommunen har nemnt retten til å klage og klageinstans. Vidare har kommunen opplyst om klagefrist på tre veker. Skildringa av klageordninga i vedtaket er i tråd med krava som følgjer av forvaltningslova 27. Fylkesmannen ser at kommunen ikkje opplyser mottakar om retten til å sjå dokumenta i saka etter fvl. 18 og 19 i vedtaka. Fylkesmannen ser at mangel på ei slik tilvising ikkje er optimal, men meiner at dette ikkje kvalifiserer til lovbrot på fvl. 27. Fylkesmannen konkluderer derfor med at Osterøy kommune oppfyller plikten i forvaltningslova 27 tredje ledd om opplysningar om moglegheita for å klage. 4. Fylkesmannens konklusjon Fylkesmannen vurderer at Osterøy kommune for 2015 har fatta vedtak i samsvar med dei rettslege krava som er sett med omsyn til å fatte vedtak om tilskot til godkjente ikkjekommunale barnehagar. Med helsing Marianne Svege Jarle Berggraf Marte Bauge Tilsynsleiar Rådgjevar Rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. 7
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 12.10.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Os kommune Postboks 84 5202 OS ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot
ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Fitjar kommune 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fitjar kommune. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 18.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Bergen kommune Postboks 7700 5020 Bergen ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 20.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse 13/756 Bømlo kommune Leirdalen 1 5430 BREMNES ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Bømlo kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Bømlo kommune. Rapporten gir ingen fullstendig tilstandsvurdering
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 20.05.2016 Dykkar dato 08.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Fedje kommune 5947 Fedje ENDELEG TILSYNSRAPPORT Reduksjon
ENDELIG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskudd til godkjente ikke-kommunale barnehager. Askøy kommune
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskudd til godkjente ikke-kommunale barnehager Askøy kommune 1. Innledning Rapporten er utarbeidet etter tilsyn med Askøy kommune. Rapporten gir ingen fullstendig tilstandsvurdering
ENDELIG TILSYNSRAPPORT
ENDELIG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskudd til godkjente ikke-kommunale barnehager Bergen kommune 1. Innledning Rapporten er utarbeidet etter tilsyn med Bergen kommune. Rapporten gir ingen fullstendig tilstandsvurdering
TILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Samnanger kommune
TILSYNSRAPPORT Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne Samnanger kommune Bergen, 6. november 2017 Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Samnanger kommune... 3 2.1
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Stord kommune - Langeland skule 20.02.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Stord kommune Langeland skule...
TILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Tysnes kommune
TILSYNSRAPPORT Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne Tysnes kommune Bergen, 6. november 2017 Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Tysnes kommune... 3 2.1 Fylkesmannen
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Vinje kommune ved rådmann Vinjevegen 192 3890 Vinje ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemynde barnehagelova 8, barnehagelova 18 og forskrift om mellombels og varig dispensasjon og unntak frå utdanningskravet
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Fjell kommune Knappskog skule 20. februar 2015 1 Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Fjell kommune Knappskog skule...
TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Årdal kommune
TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemyndigheit Årdal kommune 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Årdal kommune... 4 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit...
Saksbehandlar: Linn Kvinge Vår dato: Vår referanse: /5571 Dykkar dato: Dykkar referanse: TILSYNSRAPPORT. Hosanger Montessoriskule
Saksbehandlar: Linn Kvinge Vår dato: Vår referanse: 04.02.2015 2013/5571 Dykkar dato: Dykkar referanse: Hosanger Montessoriskule ved styreleiar Hosanger 5282 Lonevåg TILSYNSRAPPORT Hosanger Montessoriskule
Lovlegkontroll - vedtak i bystyresak vedtakspunkt 6h, v) Skolebruks-plan
Sakshandsamar, innvalstelefon Line Sperre, 5557 2085 Vår dato 28.02.2017 Dykkar dato 05.10.2016 Vår referanse 2016/12983 323 Dykkar referanse Bergen kommune v/ Bystyrets kontor Bergen Rådhus 5020 BERGEN
Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan
Vår dato: Vår ref: 11.06.2019 2019/12340 Dykkar dato: Dykkar ref: Lindås kommune Kvernhusmyrane 20 5914 ISDALSTØ Saksbehandlar, innvalstelefon Alan Khaderi, 5764 3107 Varsel om felles nasjonalt tilsyn
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Norddal kommune v. rådmann Postboks 144 6211 Valldal ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Norddal kommune Eidsdal skule Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing
Opphevinga er gjort med heimel i forvaltningslova (fvl) 35 fjerde ledd andre setning.
Sakshandsamar, innvalstelefon Christian Johan Alstad, 5557 2112 Trond Håkon Stadheim, 5557 2189 Vår dato 31.08.2016 Dykkar dato 30.08.2016 Vår referanse 2016/11221 421.3 Dykkar referanse 16/1341 Kvinnherad
Endeleg TILSYNSRAPPORT
Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune Endeleg TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Hjartdal kommune September 2017 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kravet om skulefagleg kompetanse, jf. opplæringslova 13-1 fjerde ledd. Gjemnes kommune Saksnr.: 2015/3332 Molde, 12.08.2015 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Gjemnes kommune...
Krav om dekking av sakskostnader - Kvinnherad kommune - reguleringsplan - gnr 81 bnr Rosendal hyttetun og camping
Sakshandsamar, innvalstelefon Karen Elin Bakke, 55 57 21 26 Vår dato 10.12.2013 Dykkar dato 07.11.2013 Vår referanse 2012/14851 421.4 Dykkar referanse Kvinnherad kommune Rådhuset 5470 Rosendal Krav om
TILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Austrheim kommune
TILSYNSRAPPORT Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne Austrheim kommune Bergen, 9. november 2017 Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Austrheim kommune... 3 2.1
TILSKUDD TIL PRIVATE BARNEHAGER ENDRING FRA BUDSJETT TIL REGNSKAP
TILSKUDD TIL PRIVATE BARNEHAGER ENDRING FRA BUDSJETT TIL REGNSKAP Barnehagesamling Bergen 3.desember 2014 1 Barnehageforliket 2003 Maksimalpris på foreldrebetaling Økonomisk likeverdig behandling av ikkekommunale
9A- 3 TREDJE LEDD. Privatskolesamling
9A- 3 TREDJE LEDD Privatskolesamling 07.03.2013 1 9a-3 2.ledd 3.ledd Skolen oppdager krenkande åtferd. Elev eller foreldre ber om tiltak mot krenkande åtferd. Skolen sett i verk tiltak for å hindre krenkande
TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemynde
TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemynde - Kommunen sine verkemiddel for å sørgje for regelverketterleving, jf. barnehagelova 8 - Kommunen sitt tilsyn med barnehagane, jf. barnehagelova 16 Bø kommune
Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.
Sakshandsamar, innvalstelefon Hugo Morken, 55 57 21 17 Vår dato 27.09.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/11766 323 Dykkar referanse Jondal kommune v/ordførar Jon Larsgard Kommunehuset 5627 Jondal Lovlegkontroll
Rådmannen får i oppdrag å utarbeide overgangsordningar med plan for iverksetjing som skal leggjast fram for KOIK til orientering så raskt som råd.
Sakshandsamar, innvalstelefon Jannicke Haaland Haarr, 5557 2272 Vår dato 03.07.2013 Dykkar dato 30.05.2013 Vår referanse 2013/5956 323 Dykkar referanse 12/2616 Osterøy kommune Rådhuset 5282 Lonevåg Lovlegkontroll
Tilleggsinnkalling av Formannskapet
OSTERØY KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet Møtedato: 07.02.2018 Møtestad: Osterøy rådhus - heradsstyresalen Møtetid: kl. 13.30 kl. 18.00 Eventuelle forfall må meldast til Marie Koksvik Thorsen
Tilsynsrapport. Bjugn kommune. Kommunen som barnehagemyndighet Forvaltningskompetanse
2 Fylkesmannen i Sm---Trøndelaq Tilsynsrapport Bjugn kommune 06. april 2017 Kommunen som barnehagemyndighet Forvaltningskompetanse 3 Innhold 1 Om tilsynet med Bjugn kommune 4 1.1 Fylkesmannen fører tilsyn
Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.
Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.
FYLKESMANNEN I ROGALAND TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit
FYLKESMANNEN I ROGALAND TILSYNSRAPPORT Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit Bokn kommune 2013 1 Innhald 1. Tema for tilsynet: Kommunen som barnehagemyndigheit... 3 1.1 Kommunen sitt ansvar... 3
Fylkesmannen i Buskerud Oppvekst- og utdanningsavdelingen
Fylkesmannen i Buskerud Oppvekst- og utdanningsavdelingen TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskudd til ikke-kommunale barnehager Øvre Eiker kommune Innholdsfortegnelse Sammendrag... 4 1 Innledning... 5 2 Om tilsynet
ÅMLI KOMMUNE Oppvekst
ÅMLI KOMMUNE Oppvekst DELEGERT VEDTAK Kommunestyret delegert 16/217 Saksbeh.: Ingeborg Heltzer Anderssen Direkte tlf.: 37185200 Klokkargarden barnehage E-post: [email protected]
Avslag på søknad om reduksjon av gebyr - gbnr 146/37 Fosse Ytre
Sandanger Advokatfirma DA v/bendik Holstad Lars Hilles gate 19 5008 BERGEN Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Nora Gjerde 27.05.2015 Vår: 14/2583-15/20250 [email protected] Avslag på
Endelig TILSYNSRAPPORT
Endelig TILSYNSRAPPORT Myndighetsansvar Øvre Eiker kommune Desember 2016 Side 1 av 7 Fylkesmannen i Buskerud Besøksadresse: Grønland 32 Drammen Postadresse: Postboks 1604 3007 Drammen Telefon: 32 26 66
TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med Inderøy kommune som barnehagemyndighet. Tema: Kommunalt tilskudd til private barnehager rettslige krav til vedtak
TILSYNSRAPPORT Tilsyn med Inderøy kommune som barnehagemyndighet Tema: Kommunalt tilskudd til private barnehager rettslige krav til vedtak Dato : 11.03.2019 Utgiver : Fylkesmannen i Trøndelag Antall sider
RUTINE FOR TILSYN MED BARNEHAGAR I MIDTHORDLAND KOMPETANSEREGION
Samnanger Vaksdal Os Fusa Austevoll Tysnes RUTINE FOR TILSYN MED BARNEHAGAR I MIDTHORDLAND KOMPETANSEREGION Lov og regelverk, KD og Udir Kommunen som barnehagemynde Barnehageeigar Barnehage Vedteke av
Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.
Sakshandsamar, innvalstelefon Nina Vadøy, 5557 2316 Vår dato 07.10.2013 Dykkar dato 30.09.2013 Vår referanse 2012/9227 472 Dykkar referanse Trond Leganger Ragn-Sells AS Postboks 49 2001 LILLESTRØM Mellombels
TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskilt tilrettelegging
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskilt tilrettelegging Vågsøy kommune Bryggja skule Sak 2015/616 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Saksbehandla r: Linn Kvinge Vår dato: Vår referanse: 21.02.2014 2013/5616 Dykkar dato: Dykkar referanse: 04.10.2013 Vestborg Vgs AS ved styreleiar Hevsdalsvegen 11 6200 Stranda ENDELEG TILSYNSRAPPORT Vestborg
Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste
Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 03.05.2012 2012/732-610 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032
Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging
Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT RETTEN TIL SÆRSKILD SPRÅKOPPLÆRING FOR GRUNNSKULEELEVAR FRÅ SPRÅKLEGE MINORITETAR Lindås kommune 15.05.14 1 Innhald 1. Tema, grunngjeving for val av tema samt formålet med tilsynet...
Endelig TILSYNSRAPPORT
Endelig TILSYNSRAPPORT Myndighetsansvar Modum kommune November 2016 Side 1 av 6 Fylkesmannen i Buskerud Besøksadresse: Grønland 32 Drammen Postadresse: Postboks 1604 3007 Drammen Telefon: 32 26 66 00 E-post:
Høring - finansiering av private barnehager
Høring - finansiering av private barnehager Uttalelse - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Status: Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Bekreftet av instans via: [email protected] Innsendt av: John
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunen som barnehagemynde tilsyns- og godkjenningmynde Odda kommune Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Odda kommune... 3 2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som
TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark
Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune v/rådmann Rune Engehult 3692 SAULAND TILSYNSRAPPORT Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver Hjartdal kommune - Sauland skule Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om
Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova
Sakshandsamar: Ove Midtbø Vår dato Vår referanse Telefon: 57643176 03.07.2012 2012/1917-326.1 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Foreldrearbeidsutvalet Lærdalsøyri skule v/hadle
Ny forskrift God, gammel forvaltningslov
Ny forskrift God, gammel forvaltningslov Tema 1 Vedtak om kommunalt tilskudd 2 Kommunens utrednings- og informasjonsplikt 9 Vedtak om sats Forvaltningslovens regler om vedtak Forvaltningslovens regler
TILSYNSRAPPORT. Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform. Klepp kommune
TILSYNSRAPPORT Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform Klepp kommune 2014 1. Tema for tilsynet Når minst 10 elevar på årstrinna 1-7 ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det
TILSYNSRAPPORT. Grytestranda Friskule Sa Skolen sin forvaltingskompetanse Avgjerder om elevar sine rettar og plikter
Saks handsamar : Anita Tøien Johansen Vår dato: Vår referanse: 29.04.2014 2014/493 Dykkar dato: Dykkar referanse: 11.04.2014 Grytestranda ved styreleiar Grytestranda 6265 Vatne Friskule Sa TILSYNSRAPPORT
TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskilt tilrettelegging
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskilt tilrettelegging Sogndal kommune Kaupanger skule Innhald Samandrag... 3 2. Om tilsynet med Sogndal kommune Kaupanger
Endelig TILSYNSRAPPORT
Endelig TILSYNSRAPPORT Myndighetsansvar Hol kommune Desember 2016 Side 1 av 7 Fylkesmannen i Buskerud Besøksadresse: Grønland 32 Drammen Postadresse: Postboks 1604 3007 Drammen Telefon: 32 26 66 00 E-post:
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Saksbehandla r: Linn Kvinge Vår dato: Vår referanse: 21.02.2014 2013/5994 Dykkar dato: Dykkar referanse: 28.10.2013 Sygna Vgs AS ved styreleiar Sygnavegen 15 6899 Balestrand ENDELEG TILSYNSRAPPORT Sygna
TILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 8, 16 og 18
TILSYNSRAPPORT Barnehagelova 8, 16 og 18 Kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova 8 Kommunen som tilsynsmyndigheit, jf. barnehagelova 16 Dispensasjon frå utdanningskravet, jf. barnehagelova
PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE
Side 1 av 5 PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE 1. Delegasjon 1.1. Kva: Delegasjon inneber at nokon (A) med mynde gir ein annan (B) mynde av same art som ein sjølv (A) har. Ein delegasjon frå kommunestyret
Kvinnherad kommune - gnr 171 bnr 14 - Varaldsøy - lager og venterom
Sakshandsamar, innvalstelefon Karen Elin Bakke, 55 57 21 26 Vår dato 11.06.2015 Dykkar dato 20.03.2015 Vår referanse 2015/4398 423.1 Dykkar referanse 12/3241 Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL
