Politisk program for Jølster KrF
|
|
|
- Inger-Lise Claussen
- 10 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Politisk program for Jølster KrF Jølster har vakker og særmerkt natur; vatn og elv, daler og lier, fjell og bre. Jølster er strategisk plassert i fylket der Skei er eit naturleg knutepunkt for Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det er viktig at Jølster har eit godt omdøme overfor innbyggarane, dei som vurderer å flytte inn, turistar og andre. Jølster KrF byggjer politikken sin på dei grunnleggande verdiane menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar. KrF vil ha eit samfunn som er trygt forankra i dei kristne verdiane. KrF sine hovudsaker i valåret er oppvekst og eldre Noko av det aller viktigaste vi som samfunn kan gjere, er å legge til rette for at barna våre får ein trygg og god oppvekst. Ein god barndom varer heile livet. Alle menneske fortener ein verdig alderdom. Ingen skal uroe seg for å bli gamal i Norge! Difor treng vi ein god og tilpassa eldreomsorg, og vi må ta i bruk den ressursen eldre menneske utgjer i samfunnet. 1
2 Jølster KrF vil arbeide for desse sakene i valperioden: Kommunestyret sitt arbeid I lag med dei andre partia vil vi skape eit samfunn bygd på rettferd, ærlegdom og vilje til samarbeid, ansvar og toleranse. Nær kontakt med innbyggarane er viktig for at folket skal kjenne at dei høyrer til og vil ta medansvar i lokalsamfunnet. Arbeide for eit samfunn som prioriterer livskvalitet Effektiv sakshandsaming God informasjon til innbyggarane Arbeide for gode løysingar i høve kommunereforma Heim, familie og oppvekst Familien er den grunnleggande eininga for fellesskap og samfunnsbygging. Kommunen må legge eit grunnlag for god oppvekst. Det som er godt for borna er godt for alle. Vere vakne for familiar som treng støtte og avlastning Legge til rette for at ulike instansar samarbeider for å fange opp dei som treng hjelp Minske sosial ulikskap Barnehagar og skule Barnehage og skule skal, saman med heimane, gje borna kunnskap og gode haldningar for å greie seg i eit stadig tøffare samfunn. Det er viktig at dei kristne verdiane får sin plass i barnehage og skule. Trygge skulevegen Støtte til haldningsskapande prosjekt Legge til rette for tenleg bruk av alle 3 skuleanlegga 2
3 Innvandring - asylsøkjarar Jølster har ei stor oppgåve i å legge til rette for dei som bur på mottaka på Skei og Vassenden, og dei som er busette i kommunen. Skulane må settast i stand til å gje asylantane eit godt tilbod Asylantane må få eit tilfredstillande helsetilbod Kommunen må syte for høvelege bustader Helse, omsorg og tryggleik Mange oppgåver innan helse vert løyst internt i kommunen, men store oppgåver i høve samhandlingsreforma er det tenleg å løyse i fellesskap med andre kommunar. Det førebyggande arbeidet må prioriterast Rehabiliteringsplassar for utskrivingsklare pasientar God kvalitet og pasienttryggleik Få fagfolk i alle stillingane og fokusere på tiltak for kompetanseheving Avlastingsplassar Gje menneske med psykisk og fysisk handikap eit verdig og sjølvstendig liv Heildøgnteneste i heimesjukepleien Aktivitet for demente både heime og på institusjon Det er av stor verdi å stimulere frivillig arbeid. Mange treng nokon å snakke med. Misbruk av rusmidlar er eit stort helseproblem i samfunnet. Alkohol er det rusmiddelet som fører til mest skade. Lett tilgjenge av alkohol gir auka forbruk og misbruk. Haldningsskapande arbeid mot rusmiddel og støtte til rusfrie arrangement Arbeide for å redusere opningstid for sal av alkohol. Følgje opp og gjere vedtak ut frå alkoholpolitisk handlingsplan Kyrkje og kristenliv Kristendomen har vore grunnlaget for utviklinga av samfunnet vårt, og er også fundament for framtida. Difor er det viktig å gje kyrkja gode arbeidsvilkår og fridom til å arbeide ut frå sin ståstad. Føre vidare det positive samarbeidet mellom barnehage, skule og kyrkja. 3
4 Gje økonomisk støtte og legge forholda til rette for kyrkja og andre sitt arbeid for barn og ungdom Kyrkja må få midlar som står i høve til arbeidsoppgåvene Kommunen må vere i forkant med planar for utviding av gravplassane Kulturlivet Grunnleggande for kulturlivet er respekt for vår felles kristne kulturarv. Kulturaktivitetane skal bygge og styrke fellesskapet. Legge til rette for vidare drift av kulturskulen Gje støtte til kulturarbeid som blir drivne av frivillige organisasjonar, prioritere barn og unge Vere kreative i bruken av Astruptunet og Eikaasgalleriet Samferdsel og busetnad Vi trur at godt planlagde bustadområde med gode og trygge vegar er viktige for lokalsamfunnet. Kommunen må medverke til gode løysingar for mjuke trafikantar i høve utbetring av E39 Ruste opp kommunale vegar Legge til rette for bustadbygging Arbeid og næringsliv Eit aktivt landbruk er viktig for matproduksjon, busetnad og turisme, og er den beste måten å bevare kulturlandskapet på. Jølster treng arbeidsplassar, og vi vil støtte eit mangfaldig næringsliv. Legge til rette for vidare utvikling i landbruket Legge til rette for ny næring, og ta vare på eksisterande verksemder Legge til rette for turisme ved å støtte dei som har idèane og planane Oppmode næringslivet om å legge til rette for lærlingeplassar og sommararbeid for skuleungdom Legge til rette for arbeidsplassar for funksjonshemma personar 4
5 Miljø og naturvern Jølster har ein flott natur og den skal takast vare på. Vi har område som ligg til rette for eit aktivt friluftsliv. Høveleg areal må ein likevel sette av til næring og ulik verksemd. Rydding av skog langs vegar og vassdrag Rydding og merking av turløyper Vern av produktiv og dyrka mark Legge til rette for betre kjeldesortering og gjenvinning Tenke energisparing og miljøvern i planlegging av nye bustadfelt og kommunale bygg Vi ønskjer kvarandre eit godt val 5
Hemsedal KRF Program 2015-2019
Hemsedal KRF Program 2015-2019 HEMSEDAL KRF MEINER AT: - Hemsedal kommune skal bestå som eigen kommune, og ha gode samarbeidsavtaler med nabokommunane. - det må byggjast gangveg mellom Trøim sentrum og
Bli med på laget TIME SENTERPARTIET
TIME Grunnsyn Senterpartiet vil at Norge skal bygga framtida si på dei kristne grunnverdiane og vårt demokratiske styresett. Målet vårt er å skapa eit betre samfunn der rettferd, jamstilling og retten
Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram 2016-2019
Politisk program Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram 2016-2019 Verdiforankring KrF sin visjon er eit varmt og verdiforankra samfunn der alle har lik verdi, opplever rettferd og at ressursane vert forvalta
FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE
FÅ FART PÅ SVEIO KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE ME TEK SVEIO VIDARE Sveio.arbeiderparti.no SKULAR OG BARNEHAGAR I SVEIO SKAL
Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»
Valle Venstre «Menneska er viktigare enn systemet.» Dette er Valle Venstre: Venstre er eit liberalt parti. Ein liberal politikk tek utgangspunkt i det enkelte mennesket, samstundes med at alle har ansvar
6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur
SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet
Program for. Sykkylven Venstre
Program for Sykkylven Venstre for perioden 2015-2019 Rett tilbod til der folk bur. Ein liten administrasjon, i konstant endring og i samsvar med behova. I dette programmet finn du Sykkylven Venstre sine
Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE
Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE OSTERØY Framtidas Osterøy Høgre vil at Osterøy skal vere ei god kommune å leve i og ei attraktiv kommune å busetje seg og etablere bedrifter i. Tryggleik for den einskilde
Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.
Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg
Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum
Høyanger 2015-2019 KrF Menneskeverd i sentrum KrF er eit kristendemokratisk parti som byggjer politikken sin på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. Alle menneske har den same
Kommunplan Vik Kommune 2013-24. Arealdelen
Kommunplan Vik Kommune 2013-24. Arealdelen Vedlegg 6.1 Konsekvensutgreiing. Utdrag for område A14 og A15 (G17 og G18 på plankart) Utført av: Aurland Naturverkstad AS v/ Christoffer Knagenhjelm, Knut Frode
Til veljarane i Tysnes
Til veljarane i Tysnes Tysnes er ein god kommune å bu i. Samfunnet vårt er stabilt og det er trygt å veksa opp og bu i Tysnes. Tysnes Senterparti vil arbeida for at Tysnes også i framtida skal vera ein
Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti
Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti 2015-2019 Ut av vikariat - inn i fast arbeid Heiltid framfor Deltid Leksefri heildagsskule Døgnope helsetilbod for Ungdom Styrkja kollektivtilbod Rett
Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019
Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde
RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART
Saksnr Utval Møtedato Saksbeh. Utval for plan og miljø OHA Råd for seniorar og menneske med OHA nedsett funksjonsevne 012/14 Ungdomsrådet 08.04.2014 OHA Sakshandsamer: Øystein Havsgård Arkivsaknr 13/1119
Ei god framtid for alle!
Demokrati og politisk styring Ei god framtid for alle! * At kommunereforma skal tuftast på frivilligheit og fakta Senterpartiet har som grunnhaldning at samanslåing av kommunar skal vere frivilleg. Vi
Vil du vera med å byggja ein ny kommune?
Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt
Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.
Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på
Os KrF 2015-2019. www.krf.no. INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug
2015-2019 www.krf.no INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug Os KrF YRKJE Doktor ingeniør ALDER 47 år BUSTAD Os 1. kandidat Jakob Enerhaug Ein god oppvekst Os KrF meiner at trivsel og
Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet
Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet Norddalen Skiforening / Skigruppa Mai 2016 Nærmiljøanlegg for skiaktivitet Norddalen skiforening vil etablere eit nærmiljøanlegg
Plan for Liabygda SFO
Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.
PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti
PROGRAMMET VÅRT 2015-2019 Suldal Arbeidarparti 2 Kjære veljar! Suldal er ein god kommune å bu i. Me har god økonomi og gode inntekter frå store kraftutbyggingar i kommunen vår. Dette er midlar som kjem
VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019
VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅRE VERDIAR arbeide for ei trygg og forutsigbar framtid for innbyggjarar, næringsliv og lag/ organisasjonar. Vi engasjerer oss, jobbar for ansvarlege løysingar
Kommunestyrevalget i Tysvær 2003
Kommunestyrevalget i Tysvær 2003 Ta heile Tysvær i bruk! Tone Kringeland Tone Kringeland Tone Kringeland Tone Kringeland GRUNNSYN Senterpartiet byggjer politikken sin på eit menneskesyn med basis i det
Strategidokument Varhaug Misjonshus
Strategidokument Varhaug Misjonshus 2011-2013 Strategidokument_Varhaug_Misjonshus_2011-2013_v1-0.doc Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2010-2015 Innhold 1.Om Varhaug Misjonshus...3 1.1.Visjon...3
Program for Bømlo Venstre
Program for Bømlo Venstre for perioden 2015-2019 Folk først! Venstre er Noregs eldste parti, og har stått bak liberale reformer som parlamentarisme, religionsfridom, juryordninga og ålmenn røysterett.
ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :
Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi
VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet 12.02.
VINJE KOMMUNE Møteinnkalling Utval Stad Dato Kl. Rådet for eldre og funksjonshemma Formannskapssalen 12.02.2013 09:00 Saksliste Saksnr PS 13/2 PS 13/3 Tittel Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet
- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: [email protected] Org.nr.
Kva meiner bygdemøte i Gaupne; 1) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere for Lustrasamfunnet/ Luster kommune? 2) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere
Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: [email protected] Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.
MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon
Vedlegg SNP 2016 2019 Side 1. Strategisk næringsplan 2016-2019
Vedlegg SNP 2019 Side 1 Strategisk næringsplan HANDLINGSPROGRAM Handlingsprogram Vedlegg SNP 2019 Side 2 1. Årdal skal legga til rette for å skapa nye lønsame arbeidsplassar. 1.1. Nyskaping Med nyskaping
Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke
ELDRERÅDET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 17.10.2012 Møtetid: Kl. 10:00 15:15 Møtestad: Heradshuset/bufellesskapet på Byrkjelo Saksnr.: 019/12-022/12 Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans
Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:
Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato: Saksframlegg Rullering av trafikktryggingsplana forslag til plan Utvalsak Utval Møtedato 14/2 Planutvalet 27.01.2014 Forslag til vedtak: Planutvalet
RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE
RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE Bakgrunn for oppretting av forumet Fylkestinget reviderte sektorplan for tenester for rusmisbrukarar i Sogn og Fjordane, våren 1995. Der vart Fylkesmannen
Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP
Alle skal med Bremanger Arbeidarparti 2007 2011 Arbeidarpartiet sine mål er å sikre likeverdige levekår, slik at alle får størst mogleg fridom til å leve eit liv i samsvar med eigne ynskje og behov. Dette
Kommunevalprogram. Vik Senterparti
Kommunevalprogram 2011 Vik Senterparti GRUNNSYN Senterpartiet vil at Noreg skal byggja si framtid på dei kristne og humanistiske verdiar, den nasjonale arven og eit levande folkestyre. Målet for Senterpartiet
Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.
HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal
EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM
EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM 2019-2023 Ynskje du vekst og utvikling for Eidfjord Stem Høgre! Eidfjord Høgre meiner at Eidfjord kommune og denne valperioden er best tent med å vera eigen kommune, men me ynskjer
Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad. - eit friskt pust. mdg.no/meland
Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad mdg.no/meland Grøne visjonar for Meland: Miljøpartiet de grøne er den norske greina av de internasjonale Grøne som opplever vekst over heile verda. Nå har den grøne
TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN
TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN TA FOR KAMPEN EIT SVEIO FOR MED ET VARMT HØGE STAVANGER MILJØMÅL, UTAN KLASSESKILJE Valgprogram OG SOSIAL 2015-2019 URETT Stavanger Sveio SV Valprogram 2015-2019 SV har
Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre
Vaksdal Venstre «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre Eit liberalt Vaksdal Næring og nyskaping Venstre vil legge betre til rette for næring
Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering
Mellom bakkar og berg Felles oppsummering Mål for seminaret Føremålet er å etablere ein arena for dialog om berekraftig og miljøtilpassa bustad- og stadutvikling i bygdemiljø. Seminaret skal auke kunnskapen
BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR
TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer
BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.
BEREDSKAPSPLAN i Jølster Kommune. Vedlegg 3: Plan for psykososial støttegruppe. Vedteken i kommunestyret 01.03.05, K sak 09/05. Revidert juni 2006. 1 Innhald: 1.0 Generelt om støttegruppa:... 3 1.1 Innkalling
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen
Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i
Policydokument/ felles strategi t status 09.05.1105 Status Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i det som det var semje om der utarbeidd ett utkast til policydokument både til
4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ... 1. 4.1. Overordna mål... 2. 4.2. Førebels mål for vasskvalitet... 3
4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ... 1 4.1. Overordna mål... 2 4.2. Førebels mål for vasskvalitet... 3 4.2.1. Område 1. Stranda... 3 4.2.2. Område 2. Liabygda... 4 4.2.3. Område 3. Sunnylvsfjorden... 5 4.2.4.
Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert
Sparetiltak Tiltak Stipulert sparesum Reduserte kostnader 1 Frukt og grønt i skulen, budsjettert med kr 4,-pr elev/dag 300 000 Dette er i tråd med sentrale føringar. Samla utgjer det kr 610 000,- Alternativt
Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge
Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge PROGRAM ULVIK VENSTRE Valbolken 2007-2011 INNHALD Fleire folk til Ulvik... 3 Arbeidsplassar og
EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv
EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv Arve Tokvam, Aurland Prosjektteneste AS Tradisjonsnæringar som verkemiddel for å skape meir attraktive lokalsamfunn! Tradisjonsnæringar?
SOGN driftig raus ekte
SOGN driftig raus ekte Regionalplan for splan 2013-2014 Næringsutvikling Fylkesgrenser grenser hinder eller utvikling? Sogn skal styrka seg som region og bli interessant for nye etableringar. må bli meir
Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga
Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivilligforum 27.05.2008 Synnøve Valle Frivillig sektor: Sentral i samfunnsbygginga? Ja! Den frivillige innsatsen utgjer 5 6 % av antal personar i kommunen
Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM
Lærdal kommune PLANPROGRAM Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 Innhald Innhald... 1 1 Innleiing... 2 2 Overordna føringar og rammer for planarbeidet... 3 2.1 Nasjonale føringar... 3
INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD
INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad sikte på å slå
SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN
SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande
Ål Venstre. Ål Venstre
Ål Venstre Ål Venstre program 2007-2011 Betre Miljø Eit godt miljø skapar trivsel for fastbuande og tilreisande. Ei berekraftig utvikling vil vere avgjerande for livsgrunnlaget for dei som kjem etter oss.
Strategiplan for Apoteka Vest HF
Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka
Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram 2011 2015
Meland Senterparti - eit klokt val Arbeidsprogram 2011 2015 senterpartiet.no/meland Grunnsynet til Senterpartiet Senterpartiet vil byggja framtida på dei kristne grunnverdiane og humanistiske verdiar i
Strategidokument Varhaug Misjonshus
Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR 2016. Satsane gjeld frå 01.01.2016
AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR 2016 Satsane gjeld frå 01.01.2016 Vedtatt i Austrheim kommunestyre 17.12. desember 2015 Alle satsar er inklusiv meirverdiavgift
Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start
Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.
Innspel til stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune V/ samferdsleavdelinga. Att.: Dina Lefdal Frå Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane Dato: 18.5.2016 v/ Audun Heggestad Innspel til stortingsmelding om Nasjonal transportplan
KOMPETANSE I BARNEHAGEN
Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan
MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00
MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.
Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL
Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.
