SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 09.06.2016 055/16 Etne kommunestyre 21.06.2016 055/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201406, GNR - 032/143, N - 504, Hist - 14/1317 15/1146 Detaljregulering for Planteskulesvingen bustadområde. 2. gongs handsaming. TILRÅDING FRÅ RÅDMANNEN: Planteskulesvingen bustadområde, plan id 201406, godkjend slik det ligg føre. 09.06.2016 Komite Forvaltning KF- 055/16 Vedtak: Tilråding frå Komite Forvaltning til Kommunestyret: Samrøystes Planteskulesvingen bustadområde, plan id 201406, godkjend slik det ligg føre. 21.06.2016 Etne kommunestyre K- 055/16 Vedtak: Samrøystes
Planteskulesvingen bustadområde, plan id 201406, godkjend slik det ligg føre. SAKSUTGREIING: Innleiing (bakgrunn for saka) 2. gongs handsaming av Detaljregulering for Planteskulesvingen bustadområde. Gnr / bnr: 32/143. Planen blei 1. gongs handsama i komité forvalting i sak 015/15 den 19.03.2015. og blei lagt ut til offentleg høyring med merknadsfrist 11.05.2015, Det har kome inn 6 merknader der alle var frå offentlege instansar. NVE kom med motsegn mot planen. Søknad om trekking av motsegn blei sendt 30.03.2016 og den blei trekt av fylkesmannen 02.05.2016. Sjå kommentar til merknadane nedanfor for detaljer rundt motsegna. Problemstilling Fagkunnig har kommentert dei innkomne merknadane: «Kommentarar til innkomne merknadar og motsegn til detaljregulering for Planteskulesvingen. Viser til epost datert 13.05.2015 med oversendte innspel og motsegn frå NVE til offentleg ettersyn av detaljregulering for Planteskulesvingen bustadområde. Det er oversendt i alt 6 innspel/merknadar. 1. Opplysningsvesenets Fond Ikkje merknadar til planen. 2. Mattilsynet Har ikkje merknadar til reguleringsføresegner. 3. Fylkesmannen i Hordaland, Kommunal- og samfunnsavdelinga Har ingen merknadar til planen. 4. Statens vegvesen, Region vest Skriv at det tidlegare er gitt løyve til utvida bruk av avkjørsla frå fylkesvegen, med krav om sikt 4x110 meter i ei høgd på 1.1 meter. Ber om at det vert tatt inn i føresegna eit rekkefølgjekrav om at det skal ordnast sikt i høve gjeldande krav til frisikt. Vår kommentar: Heile den omtala frisiktsona vil ligga i eksisterande vegareal og ikkje innafor planområdet,
så vedlagt illustrasjon med innteikna frisiktsoner. Avkjørsla er allereie opparbeidd og nytta av fleire bustadar, næring og gardsbruk, og det er i dette høve berre snakk om 2 nye bustadparsellar. 5. Hordaland fylkeskommune, Regionalplanavdelinga Har ikkje vesentlege merknadar til planforslaget. 6. Fylkesmannen i Hordaland, samordna uttale, med motsegn frå NVE som vedlegg Fylkesmannen sender statleg samordna motsegn på grunnlag av motsegn frå NVE. Grunnlaget for motsegna er at planen ikkje sikrar at naudsynte tiltak for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik mot erosjon kan skje innafor miljømessige akseptable rammer i verna vassdrag. NVE syner her til rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag, og vassressurslova 11 om kantvegetasjon. Dersom byggjeområdet og byggegrensa vert trekt attende frå bekken, samt at kantvegetasjon vert sikra i planen, fell grunnlaget for motsegna bort. Vår kommentar: Motsegna frå NVE går i hovudsak ut på at det ikkje må tillatast bygging så nært bekken i området, då bekken vert rekna som ein del av verna vassdrag, Etneelva. NVE meiner at det må setjast av eit belte langs bekken der det ikkje skal byggjast, for mellom anna å oppretthalda eit belte med kantvegetasjon. For å sjå nærare på dette har me føreteke ei ny synfaring og innmåling av eksisterande skråningsfot og skråningstopp i området ned mot bekken, og me har føreslått å ta ut av planområdet eit belte langs bekken mot dagens skråningsfot. Dette området vert då liggande med status som LNF-område ifølgje den gjeldande kommunedelplanen. Bekken i området kjem frå lokal drenering av dyrka mark i områdene rundt. Kanalen i aust kjem frå drenering i den tidlegare planteskuleeigedomen like over vegen, og det renn lite vatn i denne. Bekken frå sør kjem frå drenering i dyrkningsområder i sør. Det kan også opplysast om at deler av bekken i sør nyleg er lagt i røyr i samband med dyrkning, og me tykkjer difor det er underleg om det må haldast så stor avstand frå bekken i reguleringsplanområdet når det er tillete å leggja bekken i røyr lenger sør. Om byggegrensa til bekken må settast større, så vil det vere vanskeleg å få ei god utnytting av tomta lengst aust, då forma og høgdeskilnadar gjer at ein treng plass til fylling/murar. Når det gjeld faren for erosjon, så har me føreslått ei justering i føresegnene, slik at det er presisert at det er fyllingsfoten innafor byggjeområdet mot bekken som må erosjonssikrast.» --- Kommentarar til merknadane slutt. Vurdering Det som er endra i planen sidan utlegginga er plankartet og ein føresegn. I plankartet er plangransa med bustadarealet trekt 6 meter ifrå bekken i sør. Dette er gjort for å imøtekoma NVE sin motsegn. Planområdet er dermed redusert frå 2,96 daa til 2,59 daa. Ein føresegn er endra, det er 4.22. Den går på erosjonssikring av fyllingsfoten mot bekken i sør. Den er endra frå «Fyllingsfot mot bekken i sør må erosjonssikrast» til «Fyllingsfot eller mur innafor avsett
byggjeområde må erosjonssikrast slik at ikkje erosjon frå bekken kan undergrave fylling/mur.». Sjølv om NVE ville ha 12 meter frå bustadområdet til bekken så fann dei at 6 meter er tilstrekkeleg til å kunne plassere bustadane trygt for erosjon. Sjå elles fagkunnig sin kommentar til den samordna merknaden med motsegn for detaljar om vurderingane som er gjort rundt dette frå fagkunnig si side. Ovanfor: Dette er plankartet som låg ute på høyring. Ovanfor: Dette er det nye plankartet dagsett 04.03.2016. Endringa er at plangrensen og bustadarealet er trekt 6 meter frå bekken i sør. Innkomne merknader er handsama, og planframlegget er justert i tråd med desse, slik at det no kan gjerast endeleg vedtak for Detaljregulering for Planteskulesvingen bustadområde.
Vedlegg i saka: Dok.dato Tittel Dok.ID 25.05.2016 Plankart rev. 04.03.2016 1352414 25.05.2016 Føresegner - planteskulesvingen bustadområde 1352415 15.03.2016 25.05.2016 Kommentarar etter off etttersyn 15032016sign 1352416 25.05.2016 Fylkesmannen_Trekking av motsegn - Etne - 1352417 Planteskulesvingen bustadområde - Reguleringsplan 25.05.2016 NVE trekker innsigelse til detaljreguleringsplan for Planteskulesvingen - Etne k 1730341_6_1 1352418 Saksgang: Komité forvaltning Kommunestyre Utskrift til: Sakshandsamar