Periodeplan for Prestekrage

Like dokumenter
Periodeplan for Prestekrage

Periodeplan for Blåklokke

Periodeplan for Prestekragegruppa

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Periodeplan Kvistveis

Månadsbrev for ROSA mars 2015

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Månadsbrev for Rosa september 2014

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Periodeplan. Solsikke. Øyra Barnehage. Oktober 2015 Februar 2016

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

AVDELINGSPLAN

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Periodeplan. Kvitveisane. Oktober2014- januar Øyra barnehage

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

ANSVAR OMSORG - GLEDE

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Bjørnehiet SFO - informasjon

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Stokkalandsmarka barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Månadsbrev for Februar

Kvifor (henv.til rammeplan) Bli kjent med bøker, songar, bilete, media o.a. Rammeplanen s.41

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Trollnytt for januar og februar

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Periodeplan for avdeling Lek Januar- juni 2014

Månadsplan for Hare November

ÅRSPLAN FOR KREKLING

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Då kan me ønska oktober velkommen allerede! Den 17. august starta alle 2015 borna på grønn gruppe. Med seg fra blå fekk dei Britt-Anna som de kjenner

Månadsbrev for Blå, april 2016

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

HALVÅRSPLAN TUSSI VÅR 2017

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Månadsbrev Januar 2017

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MÅNEDSBREV NOVEMBER 2010

MÅNEDSPLAN FOR MARS 2015 HJØRNETANNA

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

ÅRSPLAN FOR TIRILTOPPEN BARNEHAGE/SFO

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Sjå Rammeplanen for meir informasjon om kvart fagområde, mål for å fremje barnas utvikling og læring, samt presisering av personalets ansvar.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Månadsplan for juni -Nøtteliten-

Periodeplan for Kløver. September 2014 februar 2015.

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

PERIODEPLAN 0-3 ÅR MARS JULI 2014

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Månedsbrev Bikuben april 2016

Periodeplan Kvitveis September 2015 Februar 2016

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss:

Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:

Periodeplan. Solsikkene. Februar- juni Øyra barnehage.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Periodeplan Vinterbro barnehage. Januar - Mars 2010

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. september 2018 ********************************************************************************************************

Transkript:

Periodeplan for Prestekrage FEBRUAR AUGUST 2016 ØYRA BARNEHAGE 1

Evaluering Dette halvåret har gått fort. Og gjengen på Prestekrage har fylt dagane med leik, utforsking, inntrykk og uttrykk. Det er ein fin samanspleisa gjeng, og borna er flinke til å inkludere kvarandre i leiken. Gode venskap har dukka opp og borna er svært opptekne av å vere ilag. Vi har hatt fokus på vennskap og det å vere gode og snilde med kvarandre. Dette er noko som vi ser har gitt resultat. Alle treng ein ven! Vi har brukt mykje tid på å vere ute. Og det er ein gjeng som er veldig glad i å vere ute og spør kvar einaste dag kvar tid vi skal ut. Vi har hatt mykje kjekke leik og opplevingar både i barnehagen, og på tur i nærmiljøet. Saman med studentane har vi i haust hatt fokus på å utvikle uteområdet på oppsida av barnehagen. Dette var spennande å vere med på. Vi har samlingsstund der vi snakkar om ting som opptek oss, syng songar vi likar godt og eventyr som er spennande å høre. Vi har jobba kontinuereleg med å gjere funksjonsromma innbydande og invitere til leik. Vi vaksne er tilstade og hjelper i leiken. Vi ser at dette er noko vi skal fortsette med. Gjennom funskjonsromma har vi prøvd å gjere leikekvardagen til borna meir oversiktleg. Dei veit kvar dei skal gå når dei vil leike med ulike leikar. Ved å styrke fokuset på leiken og gjennom funskjonsromma lage gode rammer for leik, ser vi at det strykar venskapa, roa på basen og at vi vaksne er meir tilstade i leiken. Gjennom heile hausten har vi hatt fokus på temaet «på veg». For oss har det vore trollet. Det har vore mykje rolleleik, samtalar og fantasering kring dette temaet. Borna har leika fram denne leiken og vidareutvikla den. Vi har lest mykje om «bukkane på badeland» og «bukkane vender tilbake». Utifrå desse bøkene har der spunne ut nye idear og leikar kring dette temaet. Spennande! Og vi er enda ikkje ferdig med dette temaet. Det har utvikla seg til å handle om brann og brannmann. Så borna har leika mykje brannmann og brannbil i leiken sin. Dette har spunne ut blant anna frå bøkene frå bukkene bruse. For der brant trollet rumpa si! 2

Personalet på Prestekrage Kristin Ertresvåg, Mette Lise Øyen, Bente Kiperberg, Liridon Shala Barnegruppa på Prestekrage Født 2013-2014 Oline Leana Kasper Elias David Johannes Pedagogisk leiar Assistent Assistent Fast vikar Jonas Aleksander Elias Marcus Eva Sofie Prosjektarbeid på Prestekrage: Eit prosjekt gir rom for mange slags aktivitetar, vi kan teikne, måle, ha fysisk aktivitet. Alle fagområda vil naturleg kome til syne gjennom prosjekt arbeid. Vi kjem til å legge til rette for ulike småprosjekt på funksjonsromma og i gruppene. Nokre vert satt i gang av oss vaksne og andre er det interessa til borna som avgjer kva prosjekt vi skal jobbe med. Vi jobbar vidare med temaet «På Veg». Dette er eit tema som kan by på mykje spennande. Vi på Prestekrage jobbar vidare med «utvikling gjennom bruk av sansane». Borna lærer gjennom smak, lukt, kjenne på, høre og sjå på. Gjennom dei ulike funksjonsromma og dei aktivitetane og leikene som er der, kan vi legge til rette for ny og spennande oppdaging. Gjennom dei ulike turane og opplevingane vi gjer både ute i barnehagen og utafor barnehagen, får borna bruk for sansane sine i læringa. Vi har i den siste tida sett at borna er opptekne av brann og brannmann og ild. Vi har lest ulike bøker som har temaet om brann, og borna leikar mykje brannbil og brannmann. Dette har ført oss inn på tanken om å jobbe vidare med temaet dei fire elementa ild, luft, jord og vatn. Her er det rom for mykje spennande forsking. Vi kjem til å starte med ild og vatn, sidan dette er det borna har gitt utrykk for å interessere seg for. Vi skal bruke dukkene Eldar og Vanja som utgangspunkt for dette prosjektet. Dette er dukker som omhandlar temaet ild og vatn på ein barnevenleg måte. For å gjere borna kjemte med dette temaet skal vi bruke dei ulike fagområda og 3

funksjonsromma. Som ein slutt skal vi besøke brannstasjonen når det lir mot vår. Kor lenge vi brukar på kvart element og om dette vil fengje borna, veit vi ikkje. Tida vil vise. Vi held dykk oppdatert. Sosial kompetanse: Vi jobbar vidare med Sosial kompetanse. Sosial kompetanse er viktig for å motvirke utvikling av diskriminering og mobbing i barnehagen. Barnehagen har ein samfunnsoppgåve med omsyn til førebygging på dette området. Vi vaksne er rollemodellar og bidreg gjennom eigen væremåte til borna si læring av sosiale ferdigheiter. Anerkjenning og støttande relasjonar er eit grunnlag for utvikling av sosial kompetanse. Vennskap: På Prestekrage jobbar vi for at alle borna skal utvikle vennskapsrelasjonar. Vennskap skjer først og fremst gjennom den frie spontane leiken og eit godt samspel. I det sosiale samspelet gjer borna seg erfaringar som er viktige faktorar i den sosiale læringsprosessen. Vi vil at borna både skal utvikle seg som individ og til å kunne fungere i ei gruppe. Vi ynskjer at borna utviklar positive holdningar til det å hjelpe, oppmuntre og dele med kvarandre. Vi vil oppmuntre dei til å hevde seg sjølv og eigne meiningar på ein god måte. Borna skal lære seg å bry seg om kvarandre, løyse konfliktar og ta andre sine perspektiv. «VI ER STADIG PÅ VEG!» Språk: Småbarnsalderen er den grunnleggande perioda for språkleg utvikling. Kroppsspråk og leike med lydar er ein vesentlege del av måten barnet nærmar seg andre menneske på. Vi skal gi borna varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Vi legg stor vekt på å stimulere borna sitt språk. Både talespråket og kroppsspråket. Språket utviklar seg best gjennom her og no situasjonen. Samtale med borna der vi vaksne er medvitne på korleis vi ordlegg oss, er viktig for utviklinga. Bornet utviklar språket gjennom song, lese bøker og samtalar. 4

Øyra barnehage i eit fleirkulturelt perspektiv: Vi har born med ulike nasjonalitetar og tru, derfor er det viktig at vi syner toleranse og er opne med kvarandre. Borna skal lære å respektere kvarandre og at vi alle er ulike. Markering av høgtider: Borna skal få kjennskap til vår kulturarv, ved at vi marerar dei største og viktigaste kristne høgtidene. Og at dei få kjennskap til dei kristne grunnverdiane og dei kulturelle tradisjonane som er i barnehagen. I julehøgtida får borna kjennskap til det kristne innhaldet og tradisjonen ved jula. Vi har fokus på å glede kvarandre. I påsketida har vi fokus på nytt liv. Vi snakkar om at naturen vaknar til liv, dyr vert født og fuglane kjem tilbake. Dei ulike funksjonsromma: Vi har fokus på dei ulikefunksjonsromma. Romma tilbyr ulike aktivitetar. Gjennom funksjonsromma skal vi prøve å gjere leikekvardagen til borna meir innbydande og oversiktleg. Samtidig har vi fokus på at personalet er tilstade, engasjerte og leikande. Vi vaksne er fordelt utover romma og syt for at borna får ei interessant og engasjerande oppleving på funksjonsrommet. Funksjonsromma skal inspirere borna til leik og oppleving. Og vi vaksne legg til rette for leik og læring gjennom det borna interesserar seg for. Formingsrom: Vi brukar mykje tid på la borna bli kjend med dei ulike materiala. Vi jobbar stadig det å gjere materiella meir tilgjengeleg for dei. Vi legg vekt på at borna gjennom dei ulike sansane gjer seg kjente og bruke ulike materiell for å uttrykke seg. Med hovudtemaet «på veg» er eit av måla å gjere borna kjente med forming og materiell. Det som er unikt med forming og skapande aktivitetar, er at gjennom aktivitetar har borna moglegheit til å utvikle heile seg. Oppleving har gitt inntrykk som stimulerer 5

språket, den motoriske, spesielt den finmotoriske utviklinga blei stimulert og kjenslene kunne få utløp. Lesestund: Vi les mykje til borna på gruppa. Ei lesestund saman med borna er ei lita og koseleg hyggjestund i kvardagen. Å ha ei god lesestund er avhengig av at vi vaksne kan formidle teksta og bilete på ein levande måte, slik at borna kan få danne seg indre bilete av det som skjer. Vi les ulike bøker. Vi vekslar med boker som har bilete og lite eller meir tekst. Vi har også peikebøker som let borna få trene på ulike omgrep. Dette styrkar språket deira. Å lese høgt til borna styrkar relasjonen mellom oss og binder oss tettare saman. Å lese er også å gje borna språket si gåve! Difor er det viktig at vi må ta tid til å lese saman med borna og bøkene skal vere tilgjengeleg og å ha bøker som fengja deira si leselyst. Musikk-, drama- og rolleleikrom: Borna er veldig glad i song og musikk, spesielt songleik. Her har me lagt vekt på å syngje songar som borna kan, samtidig har vi introdusert ny songar. Vi brukar mykje sonar som vi har samla på gjennom året som har gått. I tillegg har vi leita fram ulike instrumentar som borna har fått leike seg med og har prøvd å spele ulike lydar og korleis dei ulike instrumenta hørtes ut. Det er ekstra kjekt med tromma som vi prøvar å holde takta til songane med. I drama/rolleleik har borna fått kjennskap til ulike eventyr og fortellingar som «Dei tre Bukkane Bruse»(og bukkane bruse bøkene), «Emma og Tomas», «lille larven aldri mett» «Brannbilen»o.l 6

Og vi ser at borna brukar mykje dramatisering og rolleleik i leiken sin. Og vi ser at det vi fortel at eventyr og forteljingar, kjem igjen i leiken. T.d. kan dei leike brannmann som slukker brannen, eller trollet som har brent seg. Konstruksjonsrom: I konstruksjonsromet skal borna få moglegheit til å bygge med mange ulike materialar og størrelsar. Her kan dei lage hytter dei kan sitte i, vegar til både bilar og tog, bygge høge tårn, lange slangar, bilkø, o.l. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar har borna opplevd glede over å erfare og utforske rommet dei helde til. Borna lærer å sortere og samanlikne størrelsar, fargar og kvalitet på dei ulike materiella vi held på med. Turdag og friluftsliv Måndag har vi turdag. Gjennom hausten har vi hatt fokus på fleire ting når vi er på tur. Vi har trena på å gå i staden for å sitte i vogn. Og at vi må holde i hendene når vi har gått. Det er så mykje meir ein kan studere langs vegkante når ein går. Så i haust har vi oppdaga at der er mykje bær langs vegen til Tuespretten. Vi kjem til å ha ulike turmål denne våren. Vi tilpassar turane etter borna. Nokre turar bli lenger enn andre. Vi vil at borna skal få undre seg over kva som skjer i naturen og bli betre kjend med landskap, dyr, årstider og vèr. Det er så spennande å sjå korleis vennskap vert utvikla og nye leikar blir til på turane vår. Borna er oppdagar stadig noko nytt for kvar tur. Og vi vaksne følgjer med på deira ferd. Det er mykje spennande å oppleve på tur. Småbarn elskar å vere ute. Her får dei automatisk trening i å bruke kroppen på ulike måtar i og med at der er ulendt terreng. Dei treng den oppleving det gir å vere ute i all slags ver. Dei treng å vere mykje ute for å bli sunne, friske og robuste. 7

Organisering av dagen og veka Opne- og lukketid i barnehagen: Barnehagen opnar kl. 7.15 og held open til kl: 16.45. Det er viktig at ein respekterar desse opningstidene. Frukost i barnehagen: Frå kl 07.15 og fram til ca kl 09.00 har vi frokost i barnehagen. Borna har med seg mat i matboks. Vi har fokus på ei roleg morgonstund der vi snakkar saman rundt bordet før vi sett i gang med leik. Organisering av dagen: Morgonen: Dei av borna som enten har ete frukost heime eller er ferdige og ete frukost, gir vi eit godt og meiningsfullt tilbod der me delar inn i små grupper på tvers av alder fordelt på dei ulike funksjonsroma på basen. Her er det vaksne på kvart rom som er med i leiken til borna og organiserar ulike aktivitetar etter borna sine interesser og ynskje. Gruppetid: Gruppetida startar frå 09.30-10.30. I løpet av veka vekslar vi mellom å dele borna i reine aldersgrupper og i grupper på tvers av alder. Gruppene skal vere i passeleg størrelse. Og slik at borna blir både sett og hørt godt Vekerytme for Prestekrage MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG TURDAG for Prestekrage: Vi går på tur i nærmiljøet, snakkar om det me ser og utforskar i lag. Alle må vere komne til kl. 09.30. Vi delar i grupper og leikar. Vi har fokus på å vere nær borna i leiken. Vi delar i grupper og leikar. Vi har fokus på å vere nær borna i leiken. TURDAG for Blåklokke. Prestekrage er igjen i barnehagen og deler seg i grupper. Vi skal besøke storbarn framover og gjere oss litt kjent der før vi startar der til hausten. Varmmat; Vi lagar god og sunn varmmat. Menyen varierer frå veke til veke. Nokre gongar bakar vi og. Vi har ordensbarn og 2 åringane skal vere med å lage til. 8

OVERSIKT HAUSTHALVÅR FEBRUAR: 11. februar - Eva Sofie 3 år Veke 8: 22.2-26.2 - Vinterferie 18. Februar - Karneval i barnehagen. MARS 1. Mars - Barnehagedagen 3. mars - Kasper Elias 3 år 17. Mars - Påskefrukost Onsdag 23. Mars vi stenger kl 12.00 24.3,25.3,28.3 - Barnehagen er stengt pga. påskeferie. APRIL 11.4-15.4 (veke 15) - 3. kl barnehagelærar-studentar 22. April - David 3 år MAI 5. Mai - Kristi himmelfartsdag barnehagen er stengt 6. Mai - Planleggingsdag: Barnehagen er stengt. 13. Mai Vi øvar oss til 17. Mai. 16. Mai - 2. pinsedag barnehagen er stengt 17. Mai - Grunnlovsdag barnehagen er stengt Foreldresamtalar JUNI 10. Juni - Planleggingsdag: Barnehagen er stengt. Sommarfest JULI 19. Juli - Jonas 3 år 30.Juli - Aleksander 3 år 9