Kalender Mars.. 20 Kalender April......22 Kalender mai....24 Kalender Juni...26 Kalender August.....6 Kalender September... 8 Kalender Oktober...



Like dokumenter
Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Månadsbrev for Rosa september 2014

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Informasjonshefte Tuv barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Månadsbrev for ROSA mars 2015

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss:

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Halvårsplan for INNSET BARNEHAGE

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Vi bruker ofte smågruppepedagogikk, dvs. at vi deler barna inn i smågrupper sammen med en voksen.

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

NATUR, MILJØ OG TEKNIKK HVA GJØR VI I BARNEHAGEN? BARNEHAGENS MÅL

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Periodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember

Årsplan Venåsløkka barnehage

SYKEHUSBARNEHAGEN INFORMASJONSHEFTE. VELKOMMEN TIL OSS!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Leikande, glade barn og natur hand i hand

PROGRESJONSPLAN GAUTESETE BARNEHAGE

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Plassebakken Barnehage

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Til deg som bur i fosterheim år

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kommunikasjon, språk og tekst

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Plassebakken Barnehage

Du må tru det for å sjå det

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

ÅRSPLAN FOR KREKLING

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

INNHALDSLISTE: Kalender mai 26 Sommarfest, stenging/ oppstart 27 Kalender Juni 28 Årshjul 29

KANUTTEN PRIVATE FAMILIEBARNEHAGE. Årsplan

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Mehamn barnehage Årsplan 2007/2008. Årsplan

PERIODEPLAN FOR AVDELING LEK, AUGUST DESEMBER 2012

Årsplan for. Hjartevarmen

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

torsdag, 20. januar 2011 Progresjonsplan Øye barnehage Plan som visar kva barnehagen vil legge vekt på innanfor kvart fagområde.

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Periodeplan for HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være. (Årsplan for Leksdal barnehage)

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Storstuggu. Vår 2011

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Bli kjent med Orre Barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Sandeid skule SFO Årsplan

Hvordan skal vi jobbe med rammeplanens fagområder på Tyttebærtua i 2013/2014?

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Hei alle sjøstjerneforeldre

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Tilbakeblikk på mars:

Stokkalandsmarka barnehage

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Periodeplan for avdeling Lykke, januar til juni 2013

Periodeplan for Januar til Juni 2013.

AUGUST Tema: Tilvenning. Tilvenning. Tilvenning

Blåbærskogen barnehage

Periodeplan for avdeling Glede, august desember 2013

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE

Transkript:

INNHALDSLISTE: Barnehagen sin historikk...2 Telefon nummer,faks, mail, besøk adresse Samarbeidspartner Utlån av barnehagen Informasjon.......3 Pedagogisk plattform,... 4 Sosial kompetanse, Samspillsmetoden dialog Omsorg Leik og foreldrekontakt.... 5 Opp start, Avisa Kalender August.....6 Foreldre medverking....7 Samarbeidsutvalet, foreldremøte Kalender September... 8 Natur, miljø og teknikk....9 Foreldre/ barns medverking, FN dagen. Kalender Oktober...10 Kropp, bevegelse og helse.... 11 Dokumentasjon, observasjon Kalender November..12 Etikk, religion og filosofi...13 Sjukdom, barnepass i eksamensperioder, Lucia, nissefest Kalender Desember.. 14 Kommunikasjon, språk og tekst...15 Eventyr Kalender Januar....16 Nærmiljø og samfunn...17 Bursdag feiring, solfest, skule førebuende aktivitet Kalender Februar..18 Tall, rom og form....19 Barnehagedag, ake-dag, påske frukost. Kalender Mars.. 20 Kunst, kultur og kreativitet.. 21 Kalender April......22 Overgang barnehage skule, Dugnad, 17 mai Kalender mai....24 Sommar- fest, stenging/ oppstart, årshjul Kalender Juni...26 Er du nøgd med oss, - sei det til andre,..er du ikkje nøgd med oss, - fortel det til oss!... 1

SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein av 5 avdelingar under Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, samskipnaden er ein velferdsorganisasjon for studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei andre avdelingane er; kantine, bustad, helse, bokhandel. Sogndal Studentbarnehage er ein barnehage med 44 plassar, fordelt på tre avdelingar. Det er to småbarnsavdelingar 0 3 år med plass til 20 barn (SOL og STJERNE), medan 3 6 års avdelinga har plass til 24 barn (MÅNE). Historikk. Sogndal Studentbarnehage opna 1. mars 1995. Då hadde vi lokale på 2 stader, ein småbarnsavdeling (10 plassar) i Sogndal sentrum, medan dei andre barna (34 plassar) hadde plass i ein barnehage på Kjørnes. 1. august 2003 opna vi eigen barnehage i Dalavegen 10 (bak studentheimen), barnehagen ligg lunt til, i sentrum, nært til skog, butikk, høgskule, helsestasjon, skule med meir. Bruk av barnehagen: Barnehagen er stengt alle ettermiddagar og helgar. Då er det fritt fram for foreldre å låne barnehagen, enten det er for å vere der sjølv med dykkar barn, eller de ønskjer å vere her saman med fleire. De er mogleg å feire bursdagar, barnedåpar, konfirmasjonar eller andre tilstellingar. Det er gratis å låne barnehagen, men du må rydde og vaske etter å ha brukt lokalet. Dette får du informasjon om når du låner nøklar. HAR DU PROBLEM MED BRINGING / HENTING I PRAKSIS ta kontakt med styrar. EKSAMENSGARANTI Er barnet ditt sjukt den dagen du skal ha eksamen eller vi har planleggingsdag, - ta kontakt med styrar SAMARBEIDSPARTNARAR Sogndal Studentbarnehage har eit tett samarbeid med fleire instansar, slik som PPT, BUP, helsestasjon, Sogndal kommune, barnevernet mm.. HSF Vi er øvingsbarnehage for Høgskulen i Sogn og Fjordane, dette gjer at det i periodar er studentar i barnehagen. Dette synes både vaksne og barn er kjekt. Dei vaksne får oppdatering på det faglege, og barna får vera med på endå meir spennande aktivitet enn ein har anledning til ved vanleg bemanning. Studentane har teieplikt og dersom eit av barna vert intervjua eller dei skal lage rapportar, vil vi ha avklart dette med dykk føresette først. Studentbarnehagen er open frå kl. 07.30 til kl. 16.15. Adresse: Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL E-post: post@sisof.no Kontor: 901 61 334 Web: www.sisof.no Måne:480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 Studentbarnehage avisa: Annakvar månad kjem det ut ei avis. Her er det ein generell informasjonsdel frå styrar og ein spesiell del frå avdelinga. Her blir den siste perioden evaluert, samtidig som planar for dei neste 2 månadane blir presentert. For nettutgåve av avisa: sisof.no 2

FAGOMRÅDA GJENNOM ÅRET: Barnehagen vil jobbe med fagområdet heile året, men i nokon månader vil vi legge hovudfokus på einskilde fagområder, korleis dette fungera i praksis vil du sjå om du klikkar deg inn på dokumentet periodebestemt arbeidsplan på : sisof.no, under generell informasjon OKTOBER: NATUR, MILJØ OG TEKNIKK NOVEMBER: KROPP, BEVEGELSE OG HELSE DESEMBER: ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI JANUAR: KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST FEBRUAR: NÆRMILJØ OG SAMFUNN MARS: TALL, ROM OG FORM APRIL: KUNST, KULTUR OG KREATIVITET FORELDREMEDVIRKING OG EVALUERING AV BARNEHAGEN Kvart år evaluera barnehagen saman med foreldra korleis barnehagen har fungert. Evalueringa og medverkinga kan skje på mange måtar, og slik gjer vi det i studentbarnehagen: - Gjennom daglege samtalar som vi har i bringe og hente situasjon kjem foreldra med tankar om kva ønskjer foreldre har til aktivitetar i barnehagen og korleis dei opplev arbeidet som vert gjort, det som kjem fram i desse samtalane vert notert ned og teken med i den fortløpande arbeidet i barnehagen. - Anna kvar månad kjem vurderinga av arbeidet til dei tilsette fram i barnehageavisa. Sjå: sisof.no under generell informasjon; avis. - Idear for neste års arbeid vert lagt på vent og teke fram når vi planlegg neste barnehage år i perioden mai august. - Kvar månad har barnehagen personalmøter, her har vi ein fast agenda som går ut på å vurdere fortløpande arbeidet som er gjort på avdelingane. Dette vert teke fram når vi planlegg neste barnehage år i perioden mai juni. - Samarbeidsutvalet i barnehagen (beståande av foreldre, tilsette, styrar, direktør og medlem av styre i SISOF) har eit eige evaluering møte, då evaluera ein både innhald og resten av drift(representantar for foreldrerådsutvalet er òg med å evaluera), dette vert teke fram når vi planlegg neste barnehage år i perioden mai august. Sjå; sisof.no under generell informasjon dokument Styringsdokument for foreldremedverking og evaluering av barnehagen SATSINGSOMRÅDE Kvart år har barneahagen eit satsingsområde, dette er fagområder som vi er forplikta til og jobba med saman med dei andre barnehagane i kommunen. Kurs og opplegg i barnehagen vert farga av desse satsingsområda. For meir informasjon sjå; sisof.no under generell informasjon, Innhald og oppgåver i barnehagen TEMA I BARNEHAGEN Kvart år har vi nokon tema som vi ønskjer å fordjupe oss i. Grunnen til at ein vel tema kan vere mange, det kan vere ønskje i foreldregruppa, eller det kan vere tilsette som har ønskje om gjere eit prosjekt. Det kan vere strømmingar ute i samfunnet, som vi ønskjer å jobbe med inn i barnehagen. Det kan vere barn som snakkar om tema som vi ser er lurt å jobbe med over lenger tid. For å sjå kva vi ønskjer å jobbe med dette året sjå inn på; sisof.no under generell informasjon dokumentet Tema for barnehageåret. HANDTERING AV KONFLIKTER Om konflikt skulle oppstå og ein har vanskar med å få løyst den, har barnehagen laga ein skjematisk oppskrift over korleis ein skal gå fram. Sjå: sisof.no under generell informa- sjon Konflikt handtering 3

Studentbarnehagens pedagogisk plattform Årsplanen skal bygge på rammeplan for barnehagen, dei felles kommunale satsingsområda, og barnehagen sine egne utviklingsplanar/satsingsområdar. Vi må ta omsyn til barnegruppa, enkelt barn, foreldre, personalressursar, bygningar, uteleikeplassen, nærområdet til barnehagen og økonomi. VÅR HOVUDMÅLSETNING I vår barnehage vil vi at barna skal stå i fokus. Dei skal oppleve ein tryggleik og ein omsorg, som gjer at dei kan utvikla seg individuelt og saman med andre. Me skal ha respekt for at vi er ulike og vi skal alle ha eit ansvar for kvarandre. Foreldra skal oppleve barnehagen som ein stad der barna trives mens dei sjølv er i ein travel studiesituasjon. Foreldra skal oppleva at deira barn får lov å seie sin meining og bli teken på alvor av personalet. Sosial kompetanse For å jobbe mot våre verdiar i barnehagen, nyttar vi oss av teoriane til Kari Lamer i alle situasjonar i barnehagekvardagen. Utvikling av sosiale ferdigheiter skjer i leik, i samspel mellom barn/vaksne, i samspel mellom barn/ barna, i rutinesituasjonar og i vaksenstyrte aktivitetar. Personalet i barnehagen er rollemodellar og skal gjennom eigen væremåte bidra til auka sosial kompetanse hos barna. Viktige eigenskapar vi tek ut gangspunkt i er: Empati Prososial handling Sjølvhevding Sjølvkontroll Leik, glede og humor Problemløysing Samspelmetoden dialog For å nå tak i måla om god sosial kompetanse, nytter vi samspillsmetoden dialog. (Jamf. samspelsmetoden i kvardagen av Sigrid Hviding). Dette er ei metode personalgruppa har vore kursa i, og som vi jobbar ut frå i kvardagen. Metodens 7 prinsipp: 1. Vis at du bryr deg om barnet 2. Juster deg etter barnet 3. Snakk positivt om det barnet gjær eller er oppteken av 4. Gi ros og anerkjenning 5. Felles fokus 6. Gi meining til barnets opplevingar 7. Set positive grenser OMSORG Omsorg er alle handlingar som er knytt til stell og pleie, og som har ei psykisk side. Omsorga er når personale er lydhøre og nær og har evne og vilje til samspell. Omsorg skal prege alle situasjonar i barnehagen sitt indre liv. Personale i barnehagen skal ta vare på borna, vi skal beskytte barna, og vi skal sjå deira behov. Vi kan sjå omsorg i dei grunnleggande aktivitetane som det å skifte bleier, å lage eit hyggeleg måltid eller å trøste eit barn. Denne omsorga er viktig for at born skal oppleve trivsel og kunne utvikle kreativitet og dermed også deira evne til læring. Dette krev at personalet i barnehagen, både i formelle og uformelle situasjonar, er omsorgsfulle og samspelar med barna. Vi stiller krav til at personalet er oppmerksame og opne for det unike i kvart barn. Dette krev at personalet er bevisst si rolle og jobbar systematisk for å heile tida utvikle sin omsorgspraksis. Omsorg er ein nødvendig føresetnad for all læring. DANNING I barnehagen har sine styringsdokument begrepet danning erstatta oppdragelse begrepet. Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåte, både i samspel med sine omgivnader og med andre menneske. Barn dannast inn i eit samfunn prega av etiske og kulturelle variasjonar. Dei skal utvikle evne til å forholda seg til og å bidra til dette mangfaldet på ein konstruktiv og inkluderande måte. Barnehagen er ei sers viktig kultur arena der barn og vaksne i fellesskap og ut frå sine ulike føresetnader kan utforske begrepet som dannar grunnlaget for korleis vi forstår verda. 4

LEIK Leiken har en viktig plass i barns liv. Leiken har eigenverdi og er viktig i barnekulturen. Den er ein grunnleggande livs- og læringsform som barn kan uttrykke seg gjennom. I Rammeplanen står det at barnehagen skal gi Lær med kroppen og det sitter i hodet barna moglegheit for leik, livsutfoldelse og meiningsfulle opplevingar og aktivitetar i trygge og samtidig utfordrande omgjevnadar. Leiken har mange uttrykksformer som kan føre til forståing og vennskap på tvers av alder, språklig og kulturell ulikskap. Å få delta i leik og få venner er grunnlaget for barns trivsel og for å få ein meiningsfull kvardag i barnehagen. I samhandling med kvarandre legg ein grunnlaget for læring og sosial kompetanse. Ute leik/aktivitet er en viktig del av barnekulturen som ein må ta vare på. I barnehagen snakkar vi om den formel leiken, der dei vaksne har laga rammer for kva leik/ aktivitet som skal skje, og den uformelle leiken der barna sjølv er både planleggar og deltakar. Barnehagens innhald bør inspirere til fantasi, skaparglede og å utforske livet. Personalet må være tilgjengelige ved å støtte, inspirere og oppmuntre barna i deira leik. Vaksenrolla er ein viktig med skapar til kor leiken tek vegen og å vidareutvikle den. Fordi barna oppheld seg på golvplan og har perspektiv derifrå, sit vi vaksne saman med dei der. På den måten sikrar vi god kontakt med kvart enkelt barn. Gjennom leiken bruker barna kroppen sin, og får motorisk trening og kunnskap om korleis kroppen fungerer. Barna vil stadig prøve nye ting, og vil til slutt meistre det. Dei vil utvikle dugleiken, sjølvkjensla og dei vil utvikle sin eigen identitet. Vi tek små turar utanfor barnehagen for å gi barna opplevingar og andre impulsar (turar kan vere planlagde eller spontane). Det er også gjennom leiken vi lærer om fagområda som vi vil ta føre oss i dei neste sidene i årsplanen. GLEDE OG HUMOR Glede og humor er viktige kjenneteikn på tilverelsen til barn i barnehagen. Her er det like ofte barna som dei vaksne som tek initiativet og styrer. Det du tror om meg, slik du er mot meg, korleis du ser på meg, kva du gjer mot meg, slik blir eg OPPSTART/ TILVENNING Me ønsker at alle både barn og foreldre/ føresette skal få ein god oppstart, så vi prøver å sette av god tid til alle i første møtet med barnehagen. Me legg vekt på: Å sette av tid til å snakke med foreldre og føresette om vanar og behov til den einskilde. Å lære inn nye rutinar i barnehagen. Å få i gang ein god leik med dei andre i barnehagen. I barnehagen må barna ha med seg: - Mat - Bleier (ikkje up & go) - Anti-skli sokkar - Ekstra byteklede, helst to sett - Skotøy og ute klede som høver for < vær og årstid HUGS: Merk alle klede og sko. KJERNETID Kjernetida i barnehagen er frå kl. 09.30 til 14.00. Dersom nokon ein dag ikkje kan kome til kl. 09.30, eller vert henta før kl. 14.00, må me ha melding om dette i god tid, då kjernetida vert brukt til organisert aktivitet, besøk, turar m.m. MATSERVERING Barna får servert mjølk og frukt i barnehagen kvar dag (frukt et vi to gonger for dagen). Ein dag i veka får alle barna servert eit varmt måltid, dei andre dagane har ungane med eigen matpakke. Sjå etter oppslag om frukosttid på den avdelinga som barnet går på. Ta med eigen matpakke til frukost. For meir informasjon sjå; sisof.no under generell informasjon, Innhald og oppgåver i barnehagen 5

August Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 2 3 Barnehagen stengt 4 Barnehagen stengt 5 Føtste barnehagedag 5 5 1/ 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 TIPS: Informasjonsutveksling, informer oss om: Hektiske periodar knytt til studium (praksis, eksamens ), jobb eller fritida Hendelser som er viktige for barnet (våkenatt, nye tenner, fått husdyr, besøk av beste- foreldre el.) Du har skaffa deg nytt mobilnummer, jobb nummer eller e-post adresse, bustad add. Dette er informasjon som både gir oss eit felles utgangspunkt for å snakke med barnet om dei tinga barnet er opptatt av, samtidig som det hjelper oss å møte kvart barn på en god måte. Forandringa i familiesituasjonen 6

FORELDREMEDVIRKING To omgrep i loven, forståing og samarbeid, dekker ulike sider ved kontakten mellom barnehagen og foreldra. Med forståing meiner vi gjensidig respekt og godkjenning for kvar andre, og ansvar og oppgaver i forhold til bar net. Med samarbeid meiner vi regelmessig kontakt, der vi utvekslar meiningar. Spørsmål knytt til barnet sin trivsel og utvikling samt barnehagen si pedagogiske verksemd, skal drøftas. Samarbeidet skal gi moglegheit til å bygge ei nødvendig, gjensidig forståing for dei dilemma som kan oppstå, når omsynet til eit enkelt barn må sjåast i forhold til barnegruppa. Persona let må arbeide for å finne balansen mellom respekt for foreldra sine prioriteringar, og å ivareta barna sine rettar og grunnleggande fellesverdiar. Foreldre og barnehagen sitt personale har eit felles ansvar for barna sin trivsel og utvikling. Foreldra vert sikra medverking på barnehagen si samla verksemd, gjennom deltaking i foreldreråd og samarbeidsutval. DEN DAGLEGE KONTAKTEN: Den daglege kontakten er den viktigaste Kontakten mellom barnehagen og heimen. Meldingar og hendingar begge vegar kan over bringast. Det kan ofte vere vanskeleg og ta opp ulike ting i garderoben når barna kjem og går, så dersom det er noko ekstra som må snakkast om - be om ein samtale. SAMARBEIDSUTVALET OG FORELDRERÅD Samarbeidsutvalet er samansett av 6 medlemar, 2 valt av foreldre, 2 valt av dei tilsette, ein valt av styret i Sisof og direktør for Sisof. På det første foreldremøtet vert det valt 2 representantar, med kvar sine personlege vararepresentantar. Representantar frå kvar avdeling vert vald inn i eit Foreldrerådsutval. Døme på saker som samarbeidsutvalet kan jobbe med er: Budsjett Endring av vedtekter Store innkjøp Endringar i barnehagen. FORELDREMØTE Det vert kalla inn til eit foreldremøte tidleg på barnehageåret, her går vi igjennom ein del praktiske opplysningar, og korleis og kva barnehagen har tenkt å jobbe med eit år fram i tid. Foreldremøte i Studentbarnehagen. Andre ting som kan vere med på å få til eit godt samarbeid mellom barnehagen og heimen kan vere: Dugnad i barnehagen Invitere til foreldrekaffi. Bli kjent middag. Vart grunnlagt gjennom prosjektet entreprenørskap i barnehagen, dei eldste har eigen kafé drift, vår fokus er på å bygge individ og nettverk til nærmiljø og samfunn. Her er barna med i heile prosessen, det er dei som har ansvar for heile middagen; planlegging, handling, laga middagen, pynting, invitasjon, inngangspeng og mm.. Sjå etter plakat som kjem på døra. Av erfaring veit vi at mange av dei nye som startar i barnehagen ikkje har noko nettverk i starten av barnehageåret, dette gjer at det kan vere vanskeleg å delta på foreldre møte. Vi ordnar det slik; vi deler foreldremøtet over 2 ettermiddagar (frå 16.30 18.00), barna vert passa av dei som jobbar på dei andre avdelingane. HUSK: Skriv deg på barnepass, slik at du kan vere med på foreldremøtet Helsing styrar 7

September Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 8

Natur, miljø og teknikk Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Naturen er ei kilde til skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barn blir kjent med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vær. Det er eit mål at barn skal få en begynnande forståing for betydningen av ein bærekraftig utvikling. I dette inngår kjærleik til naturen, forståing for samspillet i naturen og mellom mennesket og naturen. (Rammeplanen) Korleis jobbar vi med dette i vår barnehage: Etter å ha jobba med pilotprosjektet Entreprenørskap i barnehagen har vi sett kor viktig det er at barna får vere med i heile prosessar, dette for å fremja kunnskap om korleis samfunnet heng saman. Eit døme på dette kan vere at dei plantar i kjøkkenhagen, tek vare på og vatnar plantene, dei haustar, dei behandlar produktet fram til dei foredlar, sel eller serverer produktet. Vi tek utgangspunkt i barnet si nysgjerrigheit og interesse, og oppsøkjer det dei undrar seg over. I tillegg nyttar vi litteratur eller internett for å få informasjon. Barnehagen besøker ein gard/ museet der vi får oppleve dyrelivet. For meir info: fagområda på sisof.no 0-3 år Barn heilt ned i småbarnsalder undrar seg over enkle naturfenomen, slik som is/snø som smeltar, sjå frø som veks, i aktar dyr mm. 3-6 år På stor avdeling er forsking veldig spennande, og det er berre fantasien til dei vaksne som stoppar for kva vi kan halde på med. Vi snakkar om det som skjer i mat produksjon - om liv og død - dei er mykje ute til alle årstider og opplever naturen i forandring. FORELDREKONTAKT Foreldra vert kalla inn til foreldresamtale ein gonger i året. For nye barn vert denne samtalen i oktober, og for dei gamle vert det på våren. Vi set òg opp samtalar etter behov og ynskje frå personalet eller foreldra. Dei fyrste foreldresamtalane vil me gjennomføre tidleg på hausten. Den daglege kontakten med foreldra er likevel den viktigaste både for barna, foreldra og personalet. Me ynskjer difor at barna vert følgde inn på avdelinga om morgonen. BARN SIN MEDVERKNAD Medverknad i barnehagen handlar mest om vaksne sine haldningar og kompetanse til å forstå og tolke barna sine uttrykk. Dei vaksne må vera opne og få med seg det barna kommuniserer både verbalt og non verbalt. Vi må legge til rette for, - og lage rom for at barn skal få komma med sine meiningar, slik at vi kan ta deira meiningar med når vi planlegg barnehagedagen. Barn har rett til å seie si meining, og deira meining skal ein i barnehagekvar dagen ta omsyn til. Foreldra spela og ei rolle på dette området. Foreldra kan bidra som formidlar av barn sine tankar og ynskjer. Å ta barn sin medverknad på alvor føreset god kommunikasjon mellom barn og personalet, og mellom personalet og føresette. FN-dagen På FN-dagen 24. oktober har vi innsamling til FORUT. I samband med denne dagen har vi foreldre kaffe/basar med sal av mat og utlodding av eigenproduserte varer. Stor avdeling snakkar om barn i andre land, og spesielt det landet vi skal samle inn til. Elles ser vi på bilete, video og syng songar. HUGS: Sjå etter oppslag i barnehagen for kva dato dette skjer. Hjarteleg velkomne! 9

Oktober Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 3 4 5 Planleggingsdag Stengt 6 7 8 9 10 11 12 2BLU/ 3BLU 20dg 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 FN- dagen 25 26 27 28 29 30 31 TIPS: Er mitt barn frisk nok til å gå i barnehagen? Generelt kan ein sei at det er barnets allmenntilstand dvs. korleis barnet søv, et og klarer å vera med i leiken, som avgjer om barnet skal vera heime eller ikkje. Eit barn kan vera aktiv heime, men orker likevel ikkje vera med i leiken i barnehagen. Som forelder er du ekspert på ditt barn og kan gjera den rette bedømminga på heimeplan. Personalet ser barnet i ei gruppe, og har som oppgåve å sjå om barnet klarer å vera med i gruppefellesskapet eller ikkje. Ved smittsame sjukdommar som oppkast og diaré held ein barnet heime. Er du usikker på barnehagens praksis ang. sjuke barn/sykdommer, snakk med personalet.. 10

Kropp, bevegelse og helse I løpet av småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motoriske ferdigheiter, kroppsmeistring, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ivareta helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barn verden og seg sjølv å kjenne. Ved sanseinntrykk og bevegelse skaffar barn seg erfaringar, ferdigheiter og kunnskapar på mange områder. Barn sin kontakt med andre barn, startar ofte med kroppslege signal og aktivitetar. Dette har betyding for utvikling av sosial kompetanse. Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile, er av betyding for å utvikle en sunn kropp. Variert fysisk aktivitet både inne og ute er av stor betyding for utvikling av motoriske ferdigheiter og kroppsmeistring. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gir mange moglegheiter. (Rammeplanen) Korleis jobbar vi med dette i barnehagen? Vi freistar å organisere dagen slik at det vert veksling mellom periodar med ro og aktivitet, og måltid/frukttid. Det bidreg til at barna kan tileigna seg haldningar og kunnskap når det gjeld kosthald, hygiene, aktivitet og kvile. Vi legg aktivitetsnivået slik at alle kan nå det, men at det er så utfordrande at barna må strekke seg. Vi går òg turar i nærområdet til barnehagen, for å skaffe dei utfordringane vi ikkje får innan vårt område. Dei vaksne oppfordrar og oppmuntrar barna til fysisk utfordring i trygge omgjevnad. For meir info: fagområda på sisof.no 0-3 år Barn skal få ein positiv sjølvoppfatning, og ein tilrettelegg aktivitet som dei minste kan meistre. Småbarn oppheld seg på golvplan og der er dei vaksne òg. Vi syng og snakkar om kroppen, vi er oppekne av sunn mat og barna får 2 fruktmåltider. Barna øver på grov motorikk i aktivitetsrommet og ute i nærmiljøet, og fin motorikk øver vi på med aktivitetar som pusling maling, perling og påkledning. 3-5 år Barn får større utfordringar både å øve opp grovmotorikken og fin motorikken. Barna får tildelt ulike oppgåver som øver fin motorikken slik som å hakke opp mat, skrelle gulrøter, klypping, teikning, perling, veving mm. Vi går oftare ut av barnehagen på turar i ulent terreng, og vi er i storhallen. Barna får kunnskap om menneskekroppen og får forståing av gode vanar og sunt kosthald. DOKUMENTASJON/VURDERING Dokumentasjon er med på å gi foreldra informasjon om kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen. I barnehagen vil vi bruke bilete for å dokumentere arbeidet vårt og barnas kvardag i barnehagen. I garderoben heng vi opp ein vekerapport med bilete over kva me har gjort i barnehagen den aktuelle veka. På avdelinga har vi ein pc der vi av og til har bildeframsyning, ofte i samband med eit tema. Dette er kjekt å sjå både for barn og foreldre. Vi skal heile tida evaluera og vurdera arbeidet i barnehagen (jf. Studentbarnehage avisa). Vi set av tid til dette på avdelingsmøte og personalmøte. Det er samtidig viktig at foreldra kan komme med tilbakemelding, slik at me heile tida kan forbetre oss. Ved at de som foreldre kjem med ønskjer og tankar om det som føregår, vil de vere med å påverke innhaldet i barnehagen. Barnehagen og heimen har eit felles ansvar for barna sin trivsel og utvikling. Som hjelpemiddel i dette vurderingsarbeidet, har vi ei postkasse i garderoben. Her ønskjer me tilbakemelding på korleis de opplever vår barnehage. Anna kvart år er vi med i ein brukarundersøking for barnehagen, og den er lik i heile kommunen. OBSERVASJON Å observere betyr å sjå og å undersøke noko systematisk. I barnehagen observerer vi barna for å sjå korleis dei kommunisera, kva dei held på med, kven dei er saman med, og på kor dei liker å opphalde seg. Observasjon skal hjelpa oss vaksne til å få betre innsikt i barna sin leik og deira sosiale samspel, og for å vidareutvikle gi ny næring til leik og læring Systematisk observasjon er eit grunnlag for samarbeid med hjelpeinstansar, og foreldresamtalar. 11

November Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 3 4 5 6 2BLU/ 3 BLU SLUTT 7 8 9 1BLU 20dg 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 TIPS: Regntøy strikk under foten hindrar våte bein. Strikk rundt handledd hindrar vatn i å krype oppover gensaren innafor. Helst regnjakke utan snor i halsen. Vel gjerne mellom tjukk regntøy. Tynt regntøy blir fort slitt, lett hull og er ikkje regntett så lenge. 12

Etikk, religion og filosofi Etikk, religion og filosofi er med på å forme måtar å oppfatte verden og menneske på, og pregar verdiar og haldningar. Religion og livssyn legg grunnlaget for etiske normer. Kristen tru og tradisjon har saman med humanistiske verdiar gjennom år hundrar prega norsk og europeisk kultur. Noreg er i dag eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn. Barnehagen skal reflektere og respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa, samtidig som den skal ta med seg verdiar og tradisjonar i den kristne kulturarven. Den etiske rettleiinga barnehagen gir barn, må ta omsyn til barnet sine føresetnader, og den enkelte heim sin kulturelle, religiøse eller verdimessige tilknyting. (Rammeplan) Korleis jobbar vi med dette i vår barnehage: Studentbarnehagen driv etter gjeldane regler og lover. Kvart år har samarbeidsutvalet fastset korleis vi vil formidle og feire høgtider. Dette gjer vi på det første møtet vi har, og det er i september/oktober. Fram til no har vi fokusert på å ha ei roleg tid. Vi syng, baka kaker og laga julegåver og julepynt, og freiste å formidle den kulturelle tradisjonen som høyrer Lucia, jul og påske til. Vi inviterer foreldra på gløggfest i forbindelse med Lucia, og vi har nisse- graut -fest, der nissen alltid kjem på besøk. Dersom barn har ein annan religion og andre tradisjonar, ønskjer barnehagen og å formidle dette, i eit tett samarbeid med heimen. For meir info: fagområda på sisof.no 0-3 år Dei har julekalender på vindauga som dei fyller med hjerter for kvar dag, og dei syng julesongar. 3-6 år Dei har òg julekalender på vindauga. Dei får òg brev frå nissen kvar dag, der det er oppdrag og ting som skal gjerast den aktuelle dagen. Det er ordensvakten som hentar kortet frå nissen i postkassen. SJUKDOM Dersom barnet er sjukt eller har fri, ynskjer vi å få beskjed om dette innan kl. 9.30. Etter denne tid vil vi til tider gå ut av barnehage området. Om vi ikkje har høyrt noko på to dagar tek vi kontakt. For meir info. om sjukdom og smittefare: sisof.no generell informasjon/ smittevern. BARNEPASS I EKSAMENSLESING Barnehagen har fått spørsmål om ikkje vi kan opne for barnepass i eksamens periodar. Dette har vi opna for, men for å få til dette må vi avspasere overtida. Dette har vi ordna ved at ein i juleveka, frå julaftan og til nyttårsdag, og måndagen før påske til påskedag, har personalet i barnehagen pålagt avspasering. LUCIAFEIRING Vi inviterer foreldra til å komme i barnehagen og sjå på Lucia-toget om morgonen. Det vert servert gløgg og lusekattar. Husk: Lucia/Nisse fest Sjå etter oppslag, kle barna i kvite/ lyse klede på lucia og raude klede på nisse festen. Juletre I Studentbarnehagen har vi valgt å ikkje ta inn juletre, for mange foreldre er det tradisjon å ta inn juletre og pynte det på vetle julafta- og dette ønskjer vi ikkje å forskotere. NISSE FEST Vi feirar heile dagen, startar om morgonen med at vi kler oss i raude klede og høyrer på julemusikk, - medan vi ventar på nissen. Han har kome kvart år med godteri- posar. Til lunsj serverar vi graut.. 13

Desember Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 3 4 5 2 1BLU SLUTT 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 Julafta 25 1. Juledag 26 27 28 Stengt 29 Stengt 30 Stengt 31 Nyttår 14

Kommunikasjon, språk og tekst Tidlig og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagen sitt innhald. Kommunikasjon forgår i eit vekselspel mellom å ta i mot og tolke et bodskap, og å sjølv vere avsendar av eit bodskap. Både den non verbale og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnlig språk. Å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå omgrep. Å samtale om opplevingar, tankar og følelsar er nødvendig for utvikling av eit rikt språk. Tekst omfattar både skriftlige og munnlige forteljingar, poesi, dikt, rim, regler og songar. Viktige sider ved kulturformidling er knytt til kommunikasjon, språk og tekst. (Rammeplanen) EVENTYR Forteljartradisjon. I mørketida er det koseleg å tenne stearinlys og skape ei spennande eventyrstund. Vi fortel utan bok, syng og dramatiserer. Barna får næring til ny leik, dei lærer nye omgrep og det gir igjen næring til språket. På småbarnsavdelingane bruker vi mykje eventyret Bukkane bruse. På stor avdeling får dei kjennskap til fleire av dei kjende norske eventyra. Et barn har 100 språk, men treng stimuli for å utvikle dei alle. Forundring og lyst er dei viktigaste kreftene mot kunnskap. Om det ikkje finnes ein gnist som tenner barnets sjel, så blir det utan forståing. (Reggio Emilia) Korleis jobbar vi med dette i barnehagen? For å få på plass god kommunikasjon, treng ein vaksne som er stabile og trygge og som tek seg tid til å kommunisere med barna både verbalt og non verbalt. Vi kommuniserer heile dagen gjennom leik, song, rolleleik. Vaksne er rollemodellar For meir info: fagområda på sisof.no 0-3 år På 0-3 års avdeling vil ein øve på språket gjennom song, lære tur-taking på språk, snakke om det vi held på med og bruke peike bøker. Heile tida vil vi vere merksame på å utvide barna sitt ordforråd og utvikle barn si språkforståing. 3-5 år På stor avdeling gjer vi mykje av det dei gjer på 0-3 års avdelinga. I tillegg vil vi ha ulike tema og aktivitetar, høgtlesing, samlingstund med dramatisering, song og samtalar. I tillegg har barnehagen teke i bruk digitalt verktøy som digital kamera og pc. Dette er viktige hjelpemiddel for å stimulere til kommunikasjon, språk og tekst. KAFÈ- GJENGEN Dei eldste i barnehagen vert på hausten når vi startar opp, medlemar av kafé- gjengen. Dette er eit er forlengelse av eit pilotprosjekt kalla Entreprenørskap i barnehagen som vi starta i 2006. For meir informasjon om dette gå inn på; sisof.no under generell informasjon dokumentet Tema for barnehageåret. Etter nyttår startar vi opp og jobbar systematisk med dei borna som skal over til skulen. (det er viktig at dei borna som skal flytte og starte skule ein annan plass også er med på dette opplegget.) Opplegget vert å reise på turar i lag, spele spel i lag, besøke Trudvang skule, litt bord aktivitet som passar denne aldersgruppa,+ den gode samtalen (samtale om skulen, kva er eit friminutt, kva skal vi gjere på skulen, kva er ein lærar, kan vi leike på skulen, har dei toalett på skulen, et ein mat på skulen, - og masse anna som kan vere lurt å snakke om). For meir info: plan for overgang barnehage skule i Sogndal kommune på sisof.no 15

Januar Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 Nyttårsdag 3 4 Planleggingsdag Stengt 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24/31 25 26 27 28 29 30 TIPS: Levering og henting i barnehagen -Ta kontakt med personalet når du leverer og hentar barnet - Vera ute i god tid ved henting vi ønskjer å formidle korleis dagen har gått (leikekameratar, leikeaktivitet med meir) - Sei tydelig ha det til barnet når du går, dette skaper oversikt for barnet - Gje beskjed dersom det er andre enn føresette som skal hente barnet 16

Nærmiljø og samfunn Barns medverking i det indre liv i barnehagen, kan vere første skritt for å få innsikt i og erfaring med deltaking i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal bidra til at barn møter verden utanfor familien med tillit og nysgjerrigheit. Den skal legge vekt på å styrke kunnskap om og tilknyting til lokalsamfunnet, natur, kunst og kultur, arbeidsliv, tradisjonar og levesett. Barn skal medvirke i å utforske og oppdage nærmiljøet sitt. Barn sine ulike erfaringar frå heim, omgangskrets og reiser vil kunne gje kunnskap om ulike samfunn. Fagområdet vil også omfatte media si betyding for barna sin kvardag. (Rammeplan). Korleis gjer vi det i vår barnehage: Som nemnt tidlegare har barnehagen vore med i prosjektet Entreprenørskap i barnehagen, noko som gjer at barnehagen er bevisst på å få lære/forklare at vi er alle ein del av noko større, vi må alle bidra og vi er alle viktige i ein større samanheng. Barna opplever demokratiet sine spelereglar. Vi er alle like verdt sjølv om vi er ulike, og det er lov å vera ulike og meine ulike ting. Vi opna barnehagen for at det skal verta ein nettverks byggeplass for både liten og stor, både vaksne og barn. For meir info: fagområda på sisof.no BURSDAGFEIRING I barnehagen feirar vi alle barna. Det vert hengt ut flagg, bilde og ballongar om morgonen. Ved frukttid på ettermiddagen (ca. kl. 14.00), vert det ei markering der vi syng bursdag sangar, tenner lys og sender opp rakettar. Kva som vert servert er litt ulikt frå år til år, men det er noko som vert vurdert og snakka med foreldra om. 0 3 år Vi freista å gje alle like mykje merksemd, alle skal ta omsyn til kvarandre, og alle skal få kjensla av å vera viktige og verdifulle i ein større samanheng. 3-6år Vi har dialogar om det å leva i eit samfunn, og dei får kjenne på kroppen kor viktig det er at dei bidreg i ein større samanheng. Alle har noko dei er flinke til, og dette er det viktig å få tilbakemelding på. Vi jobbar for at det skal vera godt å vera i barnehagen. Barnegruppa i lag med dei vaksne, kjem fram til normer for korleis ein har det godt i lag. Vi jobbar med likestilling mellom gutane og jentene i barnehagen. SOLFEST Solfest er ein tradisjon i barnehagen vår. Heile barnehagen feirar at sola har komme tilbake. Vi markerer at vi no går mot lysare tider, og at naturen vaknar til liv. Vi kler oss i gult, lagar god mat, syng og dansar. Dei vaksne kler seg ut og dramatiserer møte mellom kong vinter og dronning sol. Spennande og moro! HUSK: Solfest Fint om de kler barna i noko gult, oransje eller raudt den dagen. 17

Februar Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 3 4 5 6 Samefolkets dag 7 Fastelavnens søndag 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 18

Tall, rom og form Barn er tidleg opptekne av tal og teljing. Dei utforskar rom og form, dei argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar, utviklar barna sin matematiske kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre barn si eiga forsking, og legge til rette for tidleg og god stimulering. (Rammeplan) Korleis jobbar vi med dette i vår barnehage: Barnehagen har ulike leiker og hjelpemiddel som fremjar leik med tal og form. Vi tilbyr barn i leik ulike spel, teknologi, klossar og formingsmateriell, som kan fremje den matematiske undringa. Vi er bevisst vår bruk av matematiske begrep. Personalet freistar å stimulere til matematisk glede i leiken. Vi snakkar om ulike størrelsar og ulike former, og vi tel og veg ting i barnehagen. For meir info: fagområda på sisof.no 0-3 år Vi oppfordrar barn til å telje, og vi syng om tal. Vi teiknar ulike former, vi sorterer og leiker med ulike former i puttekassar. 3-6 år Barna leiker med tal, slik dei leiker med bokstavar. Vi tel kvarandre. Vi lagar mat, der vi veg, tel og sorterer. Vi teiknar og sorterer etter form og størrelse. Ute i sanden leikar dei med former og her lagar vi til vektstong. BARNEHAGEDAGEN Barnehagedagen vert markert på ulik måte år for år. I Sogndal har vi et samarbeid med 1 BLU studentane på HiSF. Ulike tema vert teke tak i på desse dagane. AKEDAG Vi reiser til Hodlekve for å ake og leike i snøen. Der kosar vi oss med pølse og varm saft. Denne dagen blir barna frakta i buss. Det kan bli aktuelt å la dei minste få vere att i barnehagen. Husk: Sjå etter oppslag på døra. PÅSKEFRUKOST: Vi inviterer alle foreldre til frukost i barnehagen siste veka før påske. Det er Kafé- gjengen som har ansvar for å handle inn og lage til. Vi invitera samarbeidspartnarar, ordførar i Sogndal, politi- karar mf.. 19

Mars Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Palmesøndag 21 Stengt 22 Stengt 23 Stengt 24 Skjærtorsdag 25 Langfredag 26 Påskeaften 27 1. påskedag 28 2. påskedag 29 (3LU ped leing 10 dg.) 30 31 20

Kunst, kultur og kreativitet Barnehagen må gi barn moglegheit til å oppleve kunst og kultur, og til sjølv å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og å gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrigheit. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk, vil barn få eit mangfald av moglegheiter for sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet omhandlar uttrykksformer som biletkunst og kunst- handverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. Formidling av kunst og kultur bidreg til å skape fortrulegheit med og tilhørighet til kulturelle uttrykksformer. (Rammeplanen) SIRKELEN Vi illustrerer barnet sin verden i barnehagen med Sirkelen. Her ser ein barnet sine behov og dei vaksne sine oppgåver. Den vaksne er kilen inn til barnet og skal være pålen som ser barnets behov, støtter og stimulerer dei i utviklinga. Slik jobbar vi med dette i vår barnehage: Dagleg er vi gjennom fleire av dei estetiske faga i barnehagen. Det er natur- leg for mange barn å uttrykkje seg gjennom dette faget. I barnehagen vil barn alltid ha tilgang på bilete, musikk, instrument, utkledningsklede og variert formingsutstyr. Det er ofte gjennom dei estetiske faga vi tilegnar oss ny lærdom og får utløp for følelsar. Vi oppmodar borna til å gå inn i denne verden. For meir info: fagområda på sisof.no 0-3 år Vi gjer små barn kjend med dei ulike estetiske faga. Dei syng mykje, vi leikar enkel rolleleik, og titt deg leik. Barna får oppleva å male både med fingermaling og maling med pensel. Og ein fortel enkle eventyr slik som dei tre bukkane bruse og gullhår. 3-6 år På stor avdeling har vi eigne bolkar i løpet av året, der vi har eventyr. Dei er i rolleleik mykje av dagen, og då har dei ofte kledd seg ut før dei startar. Dei malar, teiknar, perlar, vev, mm. 21

April Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30. 22

Overgang barnehage -skule På våren vil det bli lagt opp til at barna som skal ta til i skulen, får reise på besøk. Dette vil skje både gjennom formelle turar som er planlagt med skulen, og spontane turar med barnehagen på skulen sitt uteområdet. Barnehagebarna skal oppleva ein samanheng mellom barnehage og skule. Foreldre som har barn som skal starte i skulen får informasjon igjennom barnehagen. Om det er barn som skal byrja i skulen ein andre plassar hjelper barnehagen med å etablere kontakt. Kontakt styrar så vil du få hjelp. DUGNAD I mai har vi ein ettermiddag som vi set av til enkel dugnad. Vi rakar, plukkar stein, klypper gras og ryddar. Alle set av 1/2 time i forbindelse med henting. Barnehagen serverer frukt og kjeks. Husk: Sjå etter oppslag på døra. SKULEUNGANE På slutten av året vil det verta intensivt med turar både til skulen og andre plassar. Dei ungane som har siste år i barnehagen vil ha ei felles oppleving ein ettermiddag i slutten av barnehageåret. Kva som skjer då, er ein hemmelegheit. Det einaste vi vil sei er: du kan berre byrja og gleda deg om du er ein av Kafé- gjengen til neste år. 17 MAI Før 17- mai øver vi på å gå i tog. Vi lagar oss flagg, et rømme graut og spekemat, og syng nasjonalsongen. HUSK: Sjølve dagen er det foreldra sjølv som har ansvar for, styrar ordnar med fane. 23

Mai Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 3 4 5 Kristihimmelfartsdag 6 7 8 9 1BLU Overg bhg. -skule 10 11 12 13 1BLU SLUTT 14 Pinsafta 15 Pinsdag 16 2. pinsdag 17 Grunnlovsdag 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 TIPS: Bleieavvenning Det finnes ingen fasitsvar på når barn skal slutte med bleie. De fleste barn sluttar når de er klare for det sjølv. Dess meir vi vaksne stressar med det, dess meir stressa blir barnet. Ros og oppmuntring er viktig, sjølv om uhell førekjem. I barnehagen kan det i første omgang vera lurt å begynne å gå utan bleie inne, men ta bleie på når vi er ute/eller søv. Det kan ta tid frå barnet kjenner at det må på do, til at barnet får gitt beskjed til en voksen, kledd av seg ytterkjede og sette seg på do. Ha to ekstra sett med truse, strømpebukse og bukse i barnehagen i overgangsfasen frå bleiebruk til ikkje bleiebruk. Snakk med personalet på avdelinga, når du/de trur barnet er klar for å slutte med bleie. 24

OPPSTART - Oppstart, tilvenning - "Bli kjent middag - Haustakt. - Innhøsting ÅRSHJUL HAUST - Haustsangar - Lage haustbilde -Tema : Kroppen -FN-dagen - Foredling av mat SOMMARFEST Vi har sommarfest i slutten på barnehageåret. Då tek alle med seg grillmat, barnehagen ordnar med store grillar. Kafè- gjengen hakkar opp salat, ordnar med potet- Salat, dressing, saft og fruktfat. Festen startar i det barnehagen sluttar, og vi Held på ut over kvelden. Husk: Sjå etter oppslag på døra for når sommarfesten er. Personalet SOMMAR - Turar - Overnatting i bhg. 6 åring - Sommarfest - Avslutting til dei som skal slutte - Fastelaven - Påske aktiviteter - Påskefrukost -Gardsbesøk - Museumsbesøk - 17-mai feiring -Juleførebuing -Luciafeiring og nissefest -Vintersangar -Lage vinterbilde -Tema: Eventyr -Solfest VINTER STENGING OG OPPSTART Barnehagen har stengt heile juli. Barnehageåret startar opp med 2 planleggingsdagar, Barnehagen er då stengt men du kan nå oss på telefon. Første dag i barnehagen er onsdag 5. august. VÅR 25

Juni Søn. Man. Tir. Ons. Tor. Fre. Lør. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 Siste barnehagedag 26