ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Wenche Solheim Arkivsak: 2017/1133 Løpenr.: 7252/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Levekårsutvalet Ørsta kommunestyre 30.05.17 07.06.17 15.06.17 Saka gjeld: VELLE SKULE UTVIDING KLASSEROM TILRÅDING TIL VEDTAK: Ørsta kommunestyre vedtek å bygge fire nye klasserom med grupperom, garderobar og toalett på Velle skule, til saman om lag 500 m2. Prosjektet omfattar også oppgradering av kapasitet på ventilasjonsanlegg, lukking av branntekniske avvik, etablering av arbeidsrom for tilsette og solskjerming.
Saksvedlegg: 1. Notat om skulebygg frå seksjonsleiar skule 2. Notat om Hovden skule, seksjon eigedom 3. Illustrasjon klasserom Uprenta vedlegg: 1. PS 46/16 saksprotokoll Ørsta kommunestyre 16.06.2016 Saksopplysningar: Seksjonane eigedom og skule har saman utarbeida prioriteringsliste for skulebygg. Saka vart handsama i kommunestyret 16.juni 2016 (PS 46/16) med følgjande vedtak: Prioritert liste over tiltak i del C av saksutgreiinga legg føringar for økonomiplan og budsjett. DEL C: Samla prioritering frå seksjon eigedom og seksjon skule med enkel framdriftsplan for økonomiplanperioden 2017-2020 Seksjonane er einige om desse kriteria for prioritering av framdrifta: 1. Manglar når det gjeld lover og føresegner for helse, miljø og tryggleik må i alle høve vere det som veg tyngst. 2. Den særs krevjande situasjonen på Velle og Vikemarka skular m.o.t. kapasitet, må vege tungt. Vi er nøydde til å ha lovleg skuleplass til dei nær 600 elevane. 3. Dersom ein kan få til praktiske og raske tiltak som løyser utfordringar for flest mogleg elevar og tilsette, tel det tungt. 4. Det må vere viktig å sjå på dei ulike behova og få til ei best mogleg arbeidsfordeling for seksjon eigedom etter kva tiltak som er akutte og kan løysast raskt og høvesvis billig, og kva tiltak som treng lenger utgreiingstid eller er så dyre at plasseringa i økonomiplanen er meir krevjande. Tabellen med prioriteringane står på side 1 i notat frå seksjonsleiar skule, vedlegg 1. I budsjettet for 2017 er det lagt inn 3 750 000 til brannsikring og klasserom på Velle skule. Prosjektet er planlagt fullført i 2018, jamfør økonomiplan 2017 2020 der det er sett av 25 mill. I budsjettvedtaket for 2017 er det også sett av midlar til forprosjekt til Hovden og Sæbø skular. Det er ei klar målsetting at dette arbeidet kjem i gong i 2017. Viser elles til vedlegg 2 (Hovden skule) der ein beskriv korleis avvik er tenkt lukka. Der er stor semje mellom politikarar og administrasjon om at vi må lukke alvorlege avvik og at vi må ha plass til elevane slik at vi sikrar forsvarlege læringsmiljø. Velle og Vikemarka skular har akutte behov for meir plass. Det vert jobba med ei løysing for Vikemarka på kort sikt i samsvar med vedteke budsjett. Velle skule har fleire rom som er for små i høve auka elevtal, og det er kritisk at arbeidsromma for personalet på loftet av skulen kan verte stengde på kort varsel pga branntekniske tilhøve. Samtidig med behov for lukking av avvik har vi no kome til det stadiet der vi må opprette introduksjonsklasse for nyankomne framandspråklege elevar. Sjå eiga sak. Einaste mogelege lokasjon til ei slik klasse er ved Velle skule.
Rådmann og seksjonsleiarane for skule og eigedom har drøfta korleis vi på ein rasjonell måte kan stette behova og samtidig lukke fleire avvik innafor ein akseptabel kostnad. Vi har vurdert ulike alternativ som paviljongar og lettbygg. Dette vil ha ein kostnad på minimum 4 mill og vil dessutan ikkje lukke avvik. Ut frå dette er det difor mest fornuftig å bygge fire klasserom med grupperom, garderobar og toalett i samsvar med tidlegare planar. Dette vil gi lovlege arbeidsrom for personalet, lovleg plass til elevane i dei 14 klassene skulen har no, og rom til ei introklasse. Prosjektet bør kunne ha ei byggetid på 9-10 månader, og vere klart til skulestart i 2018 om vi får starta planlegginga før ferien. I påvente av ferdigstilling av bygget må personalet ha tilhald på loftet 1 år til, kunst og handtverk vert flytta til kulturhuset, og introklassa får eit av dei klasseroma som i utgangspunktet er for lite til ei ordinær klasse. Planlagd tilbygg gir ingen auka kapasitet på Velle skule utover at der vert lovleg plass til normale klassestorleikar. Men ein ser for seg at flytting av Ørsta vidaregåande skule på sikt vil gi rom for utviding av skulen slik at denne kan vere ein «buffer» for toppane til både Vikemarka, Hovden og eventuelt Dalane skular. Dette er likevel eit stykke fram i tid, men ei forklaring på kvifor ein ikkje foreslår ei meir omfattande utbygging no. Det er dessutan vanskeleg å finne plass til ei større utbygging mot elva med tanke på storleiken til skulen sitt uteområde. Den 9. mai var det arbeidsmøte i formannskapet der også gruppeleiarar deltok. Politikarane var inndelte i tre grupper der dei skulle prioritere dei viktigaste investeringsprosjekta i neste økonomiplan. Alle gruppene hadde Velle og Vikemarka skular på plass nr ein. Arbeidet med grupperom på Vikemarka skule er prioritert oppgåve i 2017. I samsvar med klare signal frå det politiske arbeidsmøtet og den akutte situasjonen for sentrumsskulane fremjar rådmannen no sak om prioritering av tilbygg ved Velle skule. Vurdering og konklusjon: Fleire av skulane har avvik knytt til branntilsyn, mattilsyn, inneklima og universell utforming. Det er viktig å kombinere investeringar med lukking av avvik og samtidig sikre at vi har plass til elevar og tilsette. Likestillingsmessige sider ved saka: Sikrar universell utforming og tilgong for alle, både elevar og tilsette. Konsekvensar for folkehelsa: Lukkar avvik knytt til Forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar. Betre arbeidsmiljø for elevar og lærarar. Ein viser til rapport etter tilsyn og systemrevisjon av miljøretta helsevern, datert 28.09.2015. I rapporten går det mellom anna fram at enkelte klasserom har svært konsentrert utnyttingsgrad som ikkje er god verken ut frå omsynet til borna eller læringsmiljøet. Revisjonen rår også til at ein får på plass manglande solskjerming og evt oppgradering av kapasitet på ventilasjonssystemet for gamlebygget.
Ein viser til tilsynsrapport frå brannmynde, datert 16.11.2015 og brannteknisk tilstandsvurdering utført av Rambøll i 2015. Ut frå tiltaksplan utarbeida av Rambøll er det lista opp konkrete tiltak for å lukke avvik. Dette gjeld utskifting av enkelte vindu og dører til element med brannmotstand, komplettering av brannceller, branntetting av rørgjennomføringar, supplering av branndetektorar og ledesystem, orienteringsplanar må reviderast. Dagens bruk av 3. etg til arbeidsrom/kontor og bruk av sløydsal i underetg (gamlebygget) er ulovleg i høve regelverk. Nytt tilbygg til Velle skule gjev 4 nye klasserom med tilhøyrande grupperom og garderober/toaltt som stettar dagens arealkrav. Dette vil m.a. frigjere 4 små klasserom i gamlebygget. Tre av desse er planlagd nytta til arbeidsrom for tilsette, og skal fullt ut erstatte dei ulovleg etablerte kontora i 3. etg. Det fjerde klasseromet er tenkt nytta til introduksjonsklassa. All varig personopphald i 3. etg vert avvikla og branntekniske avvik for etasjen vert såleis lukka. Ein må også implementere å lukke andre branntekniske avvik i dette prosjektet, desse er i 2015 kostnadsrekna til om lag kr 435.000,-. Det er viktig å merke seg at denne kostnaden ikkje inkluderer å lukke avvik for sløydsal i underetasjen. Sløydsal manglar tilfredsstillande rømingsveg og er ikkje godkjend slik den er i dag. Behova for spesialrom som sløydsalar og liknande, må vurderast for alle skulane i Ørsta samla når dei nye fagplanane er klare i 2019/2020. Revisjonen rår til at ein får på plass manglande solskjerming og oppgradering av kapasitet på ventilasjonssystemet for gamlebygget, dette bør også implementerast i prosjektet. Miljøkonsekvensar: Prosjektet inneheld energimerking av bygget. Avvik med frist 2015 frå NVE kan lukkast. Økonomiske konsekvensar: I budsjett og økonomiplan er det sett av til saman 28.750.000 til Klasserom og brannsikring på Velle skule. Det ein no foreslår vil redusere kostnadane med 4-5 mill. Utan tilbygg må ein pårekne å sette opp paviljong i samband med oppretting av introklasse, kostnad til dette er stipulert til 4 mill. Beredskapsmessige konsekvensar: Politiet sin objektplan for skulebygg må oppdaterast, like eins skulen sin krise- og beredskapsplan. Konsekvensar for barn og unge: Større klasserom gir mindre «knuffing» og betre inneklima og læringsmiljø. Klasseroma får lovleg storleik i samsvar med elevtalet i klassene og Forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar. Garderobar og grupperom gir generelt ein betre skulekvardag for alle. Ut frå ei samla vurdering har rådmannen følgjande tilråding til vedtak: Ørsta kommunestyre vedtek å bygge fire nye klasserom med grupperom, garderobar og toalett på Velle skule, til saman om lag 500 m2. Prosjektet omfattar også oppgradering av kapasitet på ventilasjonsanlegg, lukking av branntekniske avvik, etablering av arbeidsrom for tilsette og solskjerming.
Ørsta, 23.05.2017 Wenche Solheim Rådmann