- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen 2011 for Balestrand kommune
I n n h a l d 1. Innleiing s.2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande opplæring s. 18 4. Prioritering/ressursbruk s.19 9. Øvrige forhold s.21 1
1. Innleiing Utarbeiding av årleg tilstandsrapport er lovfesta. Opplæringslova 13-10, 2. ledd omhandlar ansvaret kommunen har for å ha eit forsvarleg system som sikrar at krava i lova vert oppfølgt. Opplæringslova 13 10: Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter 2-12 har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast. Kommunen / fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter 2-12 skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i 14-1 fjerde ledd. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigar dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane. I årsmelding for Balestrand kommune 2010 finn ein oversikt over barnetalsutviklinga for den einskilde skulen og barnehage og omtale av satsingsområde og prosjekt. I 2010 2011 har det ikkje vore brukarundersøkingar. Det er bestemt at kommunen har det annakvart år. Det har så langt vore gjennomført kvalitetsundersøking i november 2005, november 2007 og november 2009. Denne rapporten har ikkje vore handsama lagt fram- for uttale for rektorane, styrarane eller dei tilsette på einingane. Ein ser det som naturleg at ein i ettertid tek seg tid til å sjå nærare på og drøftar resultata i rapporten. Dette vil vere tema på planleggingsdagane i august 2011 Det er viktig at det vert gjort oppsummeringar og evt. framlegg om konkrete tiltak for vidare kvalitetsarbeid. Resultata i denne rapporten er henta frå Skuleporten kvalitetsportal som ligg under Utdanningsdirektoratet. Kvalitetsreiskapen gjev informative opplysningar ved bruk av grafiske framstillingar. Skoleporten klargjer kva indikatorar som er obligatoriske deler av rapporten. Det er sjølvforklarande materiale som ein på ein enkel måte kan gjere seg nytte av. 2
4. Resultat/læringsutbyte Nedanfor vert grunnskulepoeng nytta som indikator på læringsresultat i skulen. Fram t.o.m. 2005/2006 var dette summen av avgangskarakterar i 11 fag (standpunkt- og eksa menskarakterar). Fo.m. 2007/2008 har ein nytta gjennomsnittskarakter multiplisert med 10. GRUNNSKULEPOENG SAMANLIKNA MED ANDRE Statistikken over grunnskulepoeng viser tendensen om gode resultat i balestrandskulen. 3
STANDPUNKTKARAKTERAR I 10. KLASSE BALESTRAND KOMMUNE Statistikken over standpunktkarakterar viser gode resultat i balestrandskulen. 4
STANDPUNKTKARAKTERAR 2010 SAMANLIKNA MED ANDRE 5
Desse resultata viser at i 2010 var balestrandelevane 10.kl. i ei klasse for seg sjølve Imponerande med eit snitt på 5,1 i naturfag og elles ikkje resultat som ein treng om å uroe seg over EKSAMENSKARAKTERAR.BALESTRAND KOMMUNE Statistikken over eksamensresultata viser gode resultat i balestrandskulen. 6
EKSAMENSRESULTAT 2010 SAMANLIKNA MED ANDRE Ut frå eitt års resultat kan ein ikkje slutte noko om kvaliteten på skulane. Dette fordi det vil vere variasjon i m.a. elevgrunnlaget. Ein tendens over lengre tid kan gje oss ein indikasjon på om det står bra eller dårleg til. Figurane syner at Balestrand har resultat l ved avgangsakarakterar) som låg klart over landsgjennomsnittet, og som og låg over fylkesgjennomsnittet i Sogn og Fjordane. Dette gir ein god indikasjon på bra kvalitet i undervisninga ved skulane. 7
Det er vidare verdt å merke seg at læringsresultata i Sogn og Fjordane over tid har lege høgare enn andre fylke og landsgjennomsnittet. NASJONALE PRØVER Nasjonale prøver er ei anna kjelde til informasjon om læringsutbytet. Dette er standardiserte prøver for alle elevar i landet på 5. og 8. årstrinn for å kartlegge elevane sine grunnleggjande ferdigheter i norsk (lesing) og rekning, i tillegg til engelsk. Ut frå resultata vert elevane plasserte på tre meistringsnivå på 5. trinn og 5 meistringsnivå på 8. trinn. Figurane nedanfor syner gjennomsnittsresultata for Balestrand, samanlikna med fylkesgjennomsnittet og landsgjennomsnittet. NASJONALE PRØVER 5. ÅRSTRINN BALESTRAND KOMMUNE Her ser ein eit noko utfordrande resultat for 2010-2011 8
NASJONALE PRØVER 5. ÅRSTRINN SAMANLIKNA MED ANDRE Når ein samanliknar seg med andre ser ein og` at det finns klare utfordringar FORDELING NIVÅ 5. KL. ENGELSK BALESTRAND KOMMUNE 9
FORDELING NIVÅ 5. KL. LESING 2010 2011 BALESTRAND KOMMUNE FORDELING NIVÅ 5. KL. REKNING 2010 2011 BALESTRAND KOMMUNE 10
NASJONALE PRØVER 8. KLASSE BALESTRAND KOMMUNE NASJONALE PRØVER 8. KLASSE-SAMANLIKNA MED ANDRE 2010-2011 Her ser ein svært gode resultat for balestrandskulen 11
FORDELING NIVÅ 8. KL. ENGELSK BALESTRAND KOMMUNE FORDELING NIVÅ 8. KL. LESING BALESTRAND KOMMUNE 12
FORDELING NIVÅ 8. KL. REKNING BALESTRAND KOMMUNE På 5. årstrinn vart det gjennomført prøver ved alle skulane. Her låg Balestrand på nivå med Sogn og Flordane i engelsk, litt svakare resultat i lesing og rekning. I 2010/011 hadde Balestrand kommune eit svakt resultat i lesing. 8. årstrinn: Om ein ser på 8. trinn, gjeld dette prøver gjennomført ved Sagatun skule. Her ser ein at resultata var svært gode i 2010-2011, i alle tre faga låg ein klart over fylkes- og landsgjennomsnittet. Det er viktig at elevgrupper er å finne på nivå 1. Resultata av nasjonale prøver sett opp på denne måten gir eit forholdsvis avgrensa grunnlag for konklusjonar. Ein ser at resultata varierte frå det eine året til det andre. Desse resultata i seg sjølv synest ikkje å rokke ved konklusjonen om at kommunen over tid har bra læringsresultat, men dei bør likevel danne grunnlag for nærare analyse og vurderingar. Det er mogeleg og vil vere nyttig å analysere resultata av dei nasjonale prøvene vidare. Det kunne vere spennande å ha djupneintervju med lærarar som får dei gode resultata i klassane. Er det metodiske grep i undervisninga deira som andre lærara kan få del i? Resultata har sjølvsagt ein del med elevgrunnlaget å gjere. Ein vil ut frå dei nasjonale prøvene nøye vurdere aktuelle forbetringstiltak ved skular og klasser. 13
ELEVUNDERSØKING BALESTRAND KOMMUNE 7..KL 14
ELEVUNDERSØKING 7. KL 2009-2010 SAMANLIKNA MED ANDRE 15
ELEVUNDERSØKING BALESTRAND KOMMUNE 10..KL. BALESTRAND KOMMUNE 16
ELEVUNDERSØKING BALESTRAND KOMMUNE 10..KL SAMANLIKNA MED ANDRE Det er ikkje store variasjonar over tid eller store skilnader i høve til andre kommunar når det gjeld elevundersøkinga. Men ein ser at oppleving av elevdemografi har lav skår. Det same gjeld vurderinga av motivasjon og faglleg rettleiing. Ein ser ikkje at det er store utfordringar når det gjeld mobbing (skal vere låg score), men det er eit område skulane må ha fokus mot. Samanlikna med andre har elevar i Balestrand på 10. trinn i 2010 ei god vurdering av fysisk læringsmiljø, motivasjon og ikkje minst meistring. Resultata i høve til opplevd mobbing varierer ein del. 17
6. Gjennomføring i vidaregåande opplæring Graden av gjennomføring i vidaregåande opplæring for elevar som kjem frå grunnskulen i kommunen, kan seie noko om kvaliteten i den kommunale opplæringa. Her ser ein prosent av elevane som er i vidaregåande etter avslutta 2. år Ein har ikkje tilgang til offisielle tal for gjennomføring utover dette, men ttilstanden i Sogn og Fjordane er litt betre enn på landsplan når det gjeld fullføring innan normert tid. 18
7. Prioritering og ressursbruk Ser ein på ressursbruken i skulen i form av brutto driftsutgifter pr elev, har denne auka moderat i åra 2006-2008, medan auken i 2010 var større. 19
Når det gjeld spesialundervisning etter enkeltvedtak, er det ingen spesielt stor andel av elevane som får slik undervisning. Men saman-likna med andre er det hos oss eit høvesvist stort tal timar til spesialundervisning sett i høve til det totale talet på lærartimar. Dette viser at ein har prioritert mykje ekstra hjelp til nokre elevar. 20
Ulike indikatorar som viser ressursbruk i skulen. Det er viktig å ta med at om ein samanliknar ressurssituasjonen for ulike skuler, kommunar og fylker finn ein oftast ulike forhold som skolestruktur og kommunestørrelse. 21
9. Øvrige forhold Balestrand kommune har to oppvekstsentra der tal barn/elevar er høvesvis lite. Føremoner og utfordringar knytt til slike einingar har no vore vurdert i fleire omgangar, og etter handsaming i utval for oppvekst og omsorg og formannskapet vinteren 2010 er det avklart at ein ikkje legg opp til endringar i skulestrukturen. Ein vil vurdere tiltak for å sikre best mogeleg kvalitet og stabilitet i drift av oppvekstsentra, og ein ynskjer at det skal vere føreseieleg kva som skal til før strukturelle forhold på nytt vert vurdert. 22