Lindås kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 2009/286 Frøydis Ones 11.02.2009 Utvalssak nr. Utval Møtedato 84/09 Plan- og miljøutvalet 25.02.2009 Reguleringsplan for området Lonelva, Juvikvarden - Knarvik (endring og erstatning av reguleringsplanar) Saksdokument vedlagt: Kartutsnitt over føreslege planområde Brev frå Miljøverndepartementet av 27.01.2009 Overgang til ny plandel av plan- og bygningsloven Saksdokument ikkje vedlagt: Ingen Saksutgreiing: Plan- og miljøutvalet tek stilling til spørsmålet om oppstart av reguleringsplanarbeid, og avgrensinga av planområdet. Spørsmålet om lokaliseringa av kyrkja i Knarvik har vore eit tema i fleire ti-år. No er det gjort økonomiske prioriteringar i budsjettet for Lindås kommune som inneber at arbeidet med kyrkja skal startast opp i 2010. Intensjonen i planarbeidet dei siste åra (kommunedelplan Knarvik-Alversund vedteke 2007 og 2008) har vore at kyrkjelokaliseringa skal vere eit delelement i analyse- og planarbeidet for Knarvik (tilsvarande eit utvida transformasjonsområde, jf. kommunedelplanen vedteke i 2007 og 2008). Bjørgvin bispedømmekontor kom med motsegn til kommunedelplan for Knarvik- Alversund fordi kyrkja ikkje hadde fått ei sentral plassering i Knarvik. I brev av 11.10.2007 vart motsegnet trekt: 1
Med utgangspunkt i dette har administrasjonen lagt til grunn at kyrkja også kan lokaliserast meir sentralt i sentrumskjernen av Knarvik. Utgangspunktet for dette er at vi gjennom transformasjonsprosessen vil kunne få eit meir kompakt sentrum. Gjennom analysearbeidet som er gjennomført så langt i prosessen, har spørsmålet om kyrkjelokalisering ikkje vore eit hovudelement i arbeidet. Analysearbeidet har fram til no hatt preg av ei overordna tenking, der det også har vore fokus på enkeltståande utfordringar for den vidare utviklinga. Vurdering: Med bakgrunn i den politiske målsettinga om at arbeidet med kyrkja skal startast opp i 2010 er det grunnlag for å sjå på dette som ei sak ein plan - som startar opp og går isolert. Å tenkje seg kyrkja plassert meir sentralt enn dei to områda som konkret er nemnt av bispesømmekontoret vert då ikkje aktuelt. Juvikvarden (Knarvikhøgda) er i kommunedelplan for Knarvik Alversund lagt som føremål friområde. Vi er og kjent med at skulen i området nyttar dette friområdet som uteareal. Eit stinett i området synleggjer og at arealet er i bruk. Vi har registrert at Juvikvarden er ein populær naturleikeplass/ byggeleikeplass for born. Området har ein stor verdi som friområde i ei elles kompakt sentrumsutvikling, og bør slik administrasjonen ser det framleis vere ein viktig del av Knarvik sin grønstruktur. Å få omgjort eit friområde til offentleg område eller område for almen nyttig føremål, kan verte vanskeleg sidan friområde er viktig for skulen i tillegg til at det ligg nært opp til sentrumsområdet. Kvernhushaugane ved Nordhordlandshallen er både i godkjent reguleringsplan og kommunedelplan lagt til offentleg område. Det vil med utgangspunkt i det truleg ikkje verte nokon stor diskusjon om arealbruksføremålet i dette området. I PM sak 228/08, der kommunen vedtok å dele frå areal til lokalisering av den nye Knarvik barnehage, er det i vedtaket (punkt 2i) sett som vilkår at reguleringsplan for området skal utarbeidast: PS 228/08 Dispensasjonsvurdering - deling av areal til barnehageføremål - gnr/bnr 188/743 - Knarvik Rådmannen gjer slikt framlegg til vedtak: 1. I medhald av plan- og bygningslova 7 vert det dispensert frå kommunedelplan for Knarvik-Alversund vedteke i 2007. Det vert vist til saksvurderinga for grunngjeving. Følgjande vilkår vert sett for dispensasjonen: a. Vegframføring. Plassering av tomten må ikkje hindre framtidig framføring av veg på nokre sider av tomten. Det skal vere ein avstand på minimum 10 meter mellom den nye tomten og tomten som det er bygd PU bustader på. 2
b. Landskapstilpassing skal visast i byggesøknaden. Tiltak på eigedomen skal ha ei god estetisk utforming, og som er tilpassa omgjevnadene. c. Justering av tomtegrenser. Det må påreknast justering av tomtegrenser ved regulering i området. d. Tomtestorleiken vert sett til maksimum 6,5 mål. Grensene vert som kartvedlegg datert 22.10.2008. e. Avtrafikkering (av- og påstigning) må skje på eigen grunn. f. Vedtaket skal sendast naboar og gjenbuarar, og regionale mynde til uttale. g. Dersom eigedomen vert nytta til allmennyttig føremål, må det leggjast fram reguleringsplan som viser dette før det vert gjeve byggeløyve. Arbeidet med reguleringsplanen må tilpassast arbeidet med arealanalyse som er under arbeid for Knarvik. Planen kan ikkje vedtakast før analysen ligg føre. h. Det må leggjast fram revidert situasjonsplan med tilstrekkeleg areal til av- og påstigning (punkt e) og plass til veg (punkt a) til godkjenning før kartforretning kan gjennomførast. i. Kommunen skal starta opp regulering av dei ubygde områda aust i planen Knarvik sentrale deler. Det vert ein føresetnad at det er sett av midlar til denne planen i kommunen sitt budsjett for 2009. Reguleringsplanarbeidet må tilpassast arbeidet med analyse over Knarvik. 2. Med heimel i plan- og bygningslova 93 jfr. 63, vert søknad om deling av eigedom godkjent på følgjande vilkår. 1. Eigedomen og bygg på eigedomen skal knytast til offentleg vassleidning ( 65, 2. ledd). 2. Utvida bruk av eksisterande avkjørsle frå kommunal vegmynde ligg ikkje føre. Dette må vere på plass før gjennomføringa av kartforretninga. (jf. Plan og bygningslova 66 nr.1). 3. Tomten skal knytast til offentleg avløpsanlegg. 4. Det skal ordnast med tinglyst rett eller anna sikra tilkomst fram til tomten (jf. PBL 66 nr 1). 5. Rett til framføring av leidningar over privat grunn må dokumenterast. Avtalane skal tinglysast. 6. Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell samtykket bort. 7. Oppmålinga kan ikkje finne stad før vilkåra i punkt 2 og 1 h er stetta. I føresegna til kommunedelplan for Knarvik Alversund (punkt 2.3.4.) er det sett krav om analyse som grunnlag for reguleringsplanarbeid. Som nemnt i uttalen frå Bjørgvin bispedømekontor er det i punkt 2.3.12 sagt noko nærare om det vidare arbeidet med utvikling av Knarvik, inkludert lokalisering av viktige offentlege bygg som kyrkje, kulturhus. I punkt 2.3.14 er idrettsområdet i Knarvik spesielt omtala. Når det først vert gjennomført analysearbeid med føremål å lokalisere kyrkja, vil det vere føremålstenleg å få vist moglegheiter for korleis andre offentlege bygg kan leggjast i planområdet. Vi treng ein gjennomgang av om det er tilstrekkeleg areal til kyrkje, barneskule, fjernvarmeanlegg, skøytebane, kommunale bustader, m.m. Ikkje minst er det viktig å få sett lokaliseringa av dei ulike bygga inn i ein heilskapleg samanheng. Kommunestyret fekk i 2006 utarbeidd ulike alternativ til lokalisering av offentlege bygg i Knarvik utan at det vart konkludert. Dette arbeidet vert gjort tilgjengeleg for analyse- og reguleringsplanarbeidet vidare. Problemstilling knytt til parkering og infrastuktur er og svært viktig å få sett inn i ein heilskap for heile området. Planavgrensing Administrasjonen finn det riktig å tilrå planområdet som vist på vedlagt skisse, med avgrensing til dei offentlege områda (Knarvik barneskule) i sørvest og sør, Rv 57 og Juvikvarden i vest, vegen inn til Juvikstølen i nordvest, og vidare nord for idrettsanlegget og til Stallane bustadfelt i søraust. Vidare ei sørleg grense mot bustadfeltet Stallane, og areala som er i offentleg eige fram til vegen opp til rådhuset. Gjennom ei slik planavgrensing vil det vere rom for å vurdere lokalisering av dei offentlege bygga på eit overordna nivå, og det vil kunne vere mogleg å få fram alternative lokalitetar. Samstundes vil vi få eit høve til å sjå nærare på trafikk- og parkeringstilhøva i ein heilskap. 3
Det nye planområdet vil endra og erstatta følgjande reguleringsplanar: Knarvik sentrale deler, 2001 del av Gjervik Ytre, 1965 del av Knarvik senter, 1974 del av Knarvik aust, 2002 Plannamn I samråd med rådgjevar i staben til rådmannen har vi nytta nemninga reguleringsplan for Lonelva og Juvikvarden. Juvikvarden er nemninga på vestre del av planområdet, medan Lonelva er bekken som renn frå Lonena gjennom heile planområdet. Slik kan namnet vurderast som samlande for området. Organisering av arbeidet Analysearbeidet vert starta med eit møte med viktige aktørar som er i området, og som har interesser i området. Dette vil gje viktig informasjon til konsulentane i analysearbeidet. Det vert sett ned ei administrativ gruppe frå VVA, kultur, skule, byggesak og plan som skal følgje planarbeidet. Dei politiske utvala vil få informasjon om status i arbeidet på kvart utvalsmøte. Det vert og viktig å ha eit møtepunkt med prosjektgruppa i Blest for å sikra ein samanheng mellom områda. Anslått framdrift: Vedtak i PMU 25.02.2009 oppstart av planarbeid Vedtak i FSK 26.02.2009 vurdering av økonomisk løyving til arbeidet Anbodsinnhenting februar/mars 2009 Kunngjering oppstart av analyse- og planarbeid - mars 2009 Analyse gjennomført i mai/juni presentasjon av analysen seinast i juni Offentleg ettersyn vedtak seinast i september 2009 Endeleg godkjent plan i PMU november og Kommunestyret seinast i desember 2009 Administrasjonen har fått sterke politiske signal om å forsere arbeidet med planen, og vi er innstilt på å følgje desse signala. Ny plan- og bygninglov I brev frå Miljøverndepartementet av 27.01.2009 er kommunane gjort merksam på at vi må ta i bruk den nye planlova i handsaminga av planar som ikkje er lagt til offentleg ettersyn før lova er iverksett. Iverksettingsdato er 1. juli 2009. Den nye planlova omtalar oppstart av reguleringsplanarbeid i 12-8. Vurdering av miljøkonsekvensar: Ein problemstilling i området er auka avrenning som følgje av tiltak i området. Ein urbanhydrologisk delanalyse kan vere til hjelp for å få til gode løysingar for området. Trafikk, saman med gang- og sykkelstiar er og eit viktig tema i eit område der det vil ferdast mange mennesker i ulike aldersgrupper. Desse temaene bør difor inn i analyse- og planarbeidet. Gjennom analyse- og planarbeidet vil miljøspørsmål elles verte synleggjort og vurdert. 4
Rådmannen gjer slikt framlegg til vedtak: Plan- og miljøutvalet vedtek i samsvar med plan- og bygningslova 27-1, 2.ledd, (ny planlov 12-2), oppstart av reguleringsplan for Lonelva Juvikvarden, Knarvik. Planen skal erstatta tidlegare reguleringsplanar innanfor det nye planområdet. Handsaming i Plan- og miljøutvalet - 25.02.2009 Notat frå arealplan, dat.25.02.09, vart utdelt i møtet. Tilleggspunkt til rådmannen sitt framlegg: 2. Det er på det noverande tidspunkt uklart forskrift om konsekvensutredninger (2005.04.01 nr 276) får verknad for planarbeidet. Kommunen vil difor vurdera om forskrifta må leggjast til grunn for det vidare analyse- og planarbeidet. Framlegget vart samrøystes vedteke. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Vedtak i Plan- og miljøutvalet - 25.02.2009 1. Plan- og miljøutvalet vedtek i samsvar med plan- og bygningslova 27-1, 2.ledd, (ny planlov 12-2), oppstart av reguleringsplan for Lonelva Juvikvarden, Knarvik. Planen skal erstatta tidlegare reguleringsplanar innanfor det nye planområdet. 2. Det er på det noverande tidspunkt uklart forskrift om konsekvensutredninger (2005.04.01 nr 276) får verknad for planarbeidet. Kommunen vil difor vurdera om forskrifta må leggjast til grunn for det vidare analyse- og planarbeidet. 5