Planprogram. Planprogram for detaljreguleringsplan for SeaWalk i. Ulvikapollen. Oppdragsgivar Cruise Ventures AS Oppdrag

Like dokumenter
Planprogram. Planprogram for detaljreguleringsplan for SeaWalk i. Ulvikapollen. Oppdragsgivar Cruise Ventures AS Oppdrag

Varsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av bustadfelt B1, Kolset

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

2. Referat frå oppstartsmøte

Planprogram. Planprogram for Lund masseuttak. Oppdragsgivar Alvin Drage AS Oppdrag. Detaljregulering med planprogram Rapport type

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje

REGULERINGSPLAN FOR SANDTAK VIE, GBNR 43/1, 43/3 M.FL. FØRDE KOMMUNE

DETALJREGULERING I SJØ, LAUSANAKKEN JONDAL KOMMUNE PLANID:

REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR.38 BNR.8 MFL., EGGESBØNES I HERØY KOMMUNE (TILRETTELEGGING FOR ETABLERING AV NYTT NÆRINGSAREAL OG KAIANLEGG)

Planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.

Forslag Planprogram. Skipavika næringspark, Gulen kommune Gnr 79 bnr 4,33

Kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan for Ytre Øyrane gbnr. 21/305 m.fl.

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

Vedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte

Radøy kommune Saksframlegg

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

SAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

PLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

På vegne av tiltakshavar Line Tools vert det søkt om oppstart av privat planarbeid for del av Opsalmarka gnr. 34 bnr.

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Varsel om oppstart Detaljregulering for Rovde Industripark

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

Saksnr. Utval Møtedato 011/15 Plan og utvikling

PLANPROGRAM. Detaljreguleringsplan Smedstad gbnr 22/30, 52, 214 Førde kommune. Planoppstart

Ny kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan Voss Rafting Senter, i Skulestadmo i Voss kommune

PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLANNGSPLAN Detaljreguleringsplan for landbasert oppdrettsanlegg, Oksneset PlanID

Varsel om oppstart detaljregulering utviding gravplass, Kjølsdalen, Eid kommune

Varsel om oppstart for detaljreguleringsplan - del av Søreide skuleområde

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

SeaWalk og Cruiseskip fortøyningssystem

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

NESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1

1. GONGS HANDSAMING REGULERINGSPLAN BUSTADFELT KLUBBEN

Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 034/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet 083/17 Bystyret PS

SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Hyttefelt Vassel gard, 1 gongs handsaming, planid

MERKNADSVURDERING ETTER OPPSTARTSVARSEL

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Detaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Kulturminne og kulturmiljø

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4

Kvam herad. Sakspapir

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 013/16 Plan- og. PS samfunnsutvalet

SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutvalet for Teknisk og Næring /09. Saka vert avgjort av: Det faste utval for plansaker

Radøy kommune Saksframlegg

Dykkar ref. Vår ref. Arkiv: Dato 18/52-5 /GHÅ/18/437 N

SVAR PÅ PRINSIPPSØKNAD FOR OPPSTART AV REGULERINGSPLAN FOR UTVIDING AV INDUSTRIOMRÅDE KVERNAVIKA GNR.100,BNR.2 M.FL. ØKLAND

Kunngjering av planoppstart for ein privat detaljreguleringsplan for Leirdalen gnr. 61, bnr. 8 mfl. i Førde kommune

Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for Prinsen camping i Ratvika, Ålesund

Saksnr. utval Utval Møtedato 001/16 Planutvalet Detaljregulering Angedalsvegen 47 og 49 - offentleg ettersyn

PLANPROGRAM FOR DETALJPLAN FOR RÆSTADHAGEN HYTTEFELT Detaljregulering av ein teig av gnr. 27, bnr. 4 på Ræstad i Midsund kommune.

E6 Kvithammer - Skatval, gang- og sykkelveg

PLANPROGRAM. Detaljreguleringsplan for Engelvågen, del av gnr 62 bnr 1. Askvoll kommune

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 010/17 Plan- og miljøutvalet PS

Søknad om godkjenning av oppstart - Reguleringsplan for Strandebarm gamle skule gnr 120/121 bnr 001, 002/171, 169, mfl Kvam Herad.

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

INNHALD 1 SAMANDRAG NØKKELOPPLYSNINGAR BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET BAKGRUNN INTENSJONEN MED PLANFORSLAGET...

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Planprogram. Skjåk kommune Endring av reguleringsplan III for Bismo. Oppdragsgivar Skjåk kommune Oppdrag Skjåk skule 1-10 Rapport type

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Radøy kommune Saksframlegg

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal

Detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming

SAKSGANG. 1. gongs utlegging til høyring og offentleg ettersyn - reguleringsplan Årvikneset

Innspel til planprogrammet for kommunedelplan for vann og vassmiljø

Saksnr. Utval Møtedato 032/17 Plan og utvikling

Dato: Nordfjordeid. Ålesund Førde Vågå. Nordplan AS. Eidsgata 455 Postboks 224

Granvin herad. Planprogram. Detaljreguleringsplan Skielva, PlanID

FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS

Planprogram. Forprosjekt Val av planområde for SeaWalk i Ulvikapollen. Alt. 2 Pallefabrikken. Alt. 1 Brakanes. Alt. 3 Øyni

Sakspapir. SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) /18 Kommunestyret (KS)

Austevoll kommune. Opus v/ Gunnar Wiederstrøm Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/906-4

Kommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram

Detaljreguleringsplan Vadheim Akvapark

Radøy kommune Saksframlegg

: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND

Varsel om igangsetting av privat detaljreguleringsarbeid.

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID UTVIDING AV PLANGRENSE

Transkript:

Planprogram for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Oppdragsgivar Cruise Ventures AS Oppdrag Detaljreguleringsplan Rapport type Planprogram Prosjektnr. 16178 Dato 14.11.16/revidert 23.06.2017 Planprogram Ulvikapollen Illustrasjon av Cruise Ventures AS

Nordplan side 2 1.1.1 Cruise Ventures AS Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Innhald: side 1 Innleiing 3 1.1 Planprosessen fram til i dag 3 1.2 Føremål med planprogram og prosjektet 3 Planprogram 3 Prosjektmål og lokalisering 3 SeaWalk konstruksjon og konsept 4 1.3 Lovgrunnlag og krav til prosess 5 Lovheimel 5 Krav til prosess 5 1.4 Organisering av planprosess 5 Arbeidsopplegg 5 Framdriftsplan 6 Medverknad 8 2 Overordna planar og føringar 9 2.1 Planavgrensing og alternativer til lokalisering 9 2.2 Grunnlag for detaljreguleringsplanen 11 Reguleringsstatus 11 Vurdering etter KU-forskrifta 13 3 Eksisterande situasjon 13 3.1 Bruk og tilkomst 13 3.2 Kulturminner og -miljø 14 3.3 Landskap og topografi 15 3.4 Forureining 16 3.5 Natur- og biologisk mangfald 16 4 Framtidig bruk og tema i plan 18 4.1 Framtidig bruk og bakgrunn for planarbeid 18 4.2 Reguleringsføremål 18 4.3 Sentrale tema i planarbeidet 18 5 Forslag til planprogram 20 5.1 Planavgrensing 20 5.2 Reguleringsføremål 20 5.3 Utgreiingsbehov 20

Nordplan side 3 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen 2 Innleiing Planprogram for detaljregulering for SeaWalk i Ulvikapollen er utarbeidd av Nordplan AS ved arealplanleggar May-Britt Drage Bakke på vegne av Cruise Ventures AS. Kontaktperson hjå oppdragsgjevar er Harald Christensen. Ansvarleg styresmakt for behandling og godkjenning av planprogrammet er Ulvik herad. 2.1 Planprosessen fram til i dag Det vart i august 2016 heldt møte angåande mogleg etablering av SeaWalk, mellom Ulvik herad og Cruise Ventures AS. Til stades på møtet var John Grimeland og Jarle Grevestad frå kommunen. For Cruise Ventures AS stilte Arthur Kordt og Harald R. Christensen. Planområdet omfatta på dette tidspunktet eit mindre område ved Brakanes, samt sjøareal. Det vart i etterkant av møtet kunngjort planoppstart for eit mindre område ved Brakanes. Varslingsbrev vart sendt ut til offentlege høyringsinstanstar og aktuelle grunneigarar med merknadsfrist 20.10.16. Nordplan AS har i etterkant av nemnte varsling blitt hyra av Cruise Ventures AS for å utarbeide reguleringsplanen. Etter første kunngjering planoppstart har planområdet utvida seg frå varsla område ved Brakanes til eit større areal langs og i Ulvikapollen. Varsla avgrensing har grunnlag i merknad frå Ulvik formannskap, der dei krev at planen blir utvida frå Prestakaia til Røvarneset, for å sjå om det er fleire moglege plasseringar for SeaWalk (jf. møte 26.10.2016 - sak 050/16.) Varsla område ved Brakanes er framleis del av planområdet, og presenterast i planprogrammet som alternativ 1 for lokalisering av SeaWalk i Ulvikapollen (jf. kap 3.1). Sjå kap. 2.4 for framdriftsplan og merknader, samt vedlagt innspelskjema. 2.2 Føremål med planprogram og prosjektet Planprogram Føremålet med planprogrammet er å: avgrense planoppgåva klargjere konsekvensar og problemstillingar avklare utgreiingsbehov i forhold til miljø og samfunn fastsette rammer og føringar for planarbeidet gi høve til tidleg medverknad sikre ei politisk forankring Prosjektmål og lokalisering Prosjektet sitt hovudmål er å leggje til rette for cruiseverksemd i Ulvik indre hamn. Ein ønskjer mellom anna å opne for etablering av bevegeleg uttrekkbar bryggekonstruksjon (SeaWalk), for å kunne ta imot cruiseskip.

Nordplan side 4 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Figur 1 Planområdet ligg i Ulvik herad, inst i Ulvikapollen. Om lag omriss av aktuelt område er markert med organsj farge på kartet. SeaWalk konstruksjon og konsept SeaWalk er ein flytande uttrekkbar landgang som består av tre bruseksjonar som kviler på totalt ni til ti pongtonger. Den er rekna for saumlaus transport av passasjerar, bagasjehandtering og mannskap fra eit cruiseskip til land. Cruiseskipet blir fortøya mellom to bøyer evt. i mellom ein bøye og pullerter på kaia. Figur 2 Illustrasjon av SeaWalk som er trekt ut til cruiseskip (Cruise Ventures AS). SeaWalk blir lagra samanfolda inntil kaia (ca. 90m x 20m i samanfolda leie) og manøvrerast ut til skipet ved hjelp av to diesel-hydrauliske thrustera, som er plassert på den ytre bruseksjonen. SeaWalk blir fortøyd til cruiseskipet i ønska posisjon og landgangene senkast i fra skallportane ned på SeaWalk - slik at passasjerane kan gå i land. Total lengde av alle bruseksjonane er ca. 230 m. Avstand i frå land til cruiseskip varierar i mellom ca. 70 100m. To bruseksjonar er ca. 72 m lang og 4,2 m brei. Den tredje og ytterste bruseksjonen, som blir fortøya langs skipssiden er 84 m lang og ca. 5,5 m brei. Ytterst ved maskinhuset er det eit vende-område for bagasjevogner. Bruseksjonene er kobla saman i linkpongtonger.

Nordplan side 5 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Designbelastning er 300 kg/m2, som tilsvarer maks 3500 personer på landgangen samtidig. Når den er tom flyt bruseksjonane omtrent 2,2 m over vassflata. Konstruksjonen er designet slik at helling til den første gangbru-seksjonen er mindre enn 1:10 ved normalt høgt/lavt tidevatnnivå. Figur 3 SeaWalk som ligg ved kai før montering (foto frå Cruise Ventures AS). Ved montering av konstruksjonen, vil det vere behov for etablering av bruforbindelse til land (viser ikkje på bildet). 2.3 Lovgrunnlag og krav til prosess Lovheimel Heimlar for krav om planprogram er plan-og bygningslova 4-1. Krav til prosess Det skal utarbeidast ein detaljreguleringsplan med planprogram. Vedtaksmynde er Ulvik herad. Planprogrammet følgjer kunngjering planoppstart. Vurdering av tiltak opp mot KU-forskrifta framgår av kap. 3.2. 2.4 Organisering av planprosess Arbeidsopplegg Detaljreguleringsplanen vil bli utarbeidd i samarbeid med oppdragsgjevar Cruise Ventures AS ved Harald Christensen.

Nordplan side 6 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Planprogram og høyringsforslag av detaljreguleringa vil bli forankra gjennom handsaming i Ulvik herad. Samarbeidet med offentlege instansar vil i hovudsak skje i form av innspel i samband med høyringar og oppstartsvarsel. For å halde ønska framdrift, vil ein i planprogrammet skildre ønska lokalisering av SeaWalk, samt to alternative lokaliseringar med bakgrunn i nemnte vedtak i formannskapsmøte 26.10.2016. I etterkant av frist for innsending av merknad til planprogram, vil Nordplan gjennom eit forprosjekt gjennomføre ei enkel vurdering av dei ulike alternativa som framgår av planprogrammet, samt eventuelle innspel. Vurderingane vil bli basert på kjent kunnskap. Formålet med forprosjektet er å vurdere kva alternativ som vil vere best eigna til å gå vidare med i sjølve planutforminga. Det endelege planområdet vil kreve konsekvensutgreiing i samsvar med KU-forskrifta. Meir utfyllande informasjon om arbeidsprosess framgår av tabellen under neste punkt. Framdriftsplan Tabellen under gjev ei oversikt over gjennomført og planlagd framdrift for detaljreguleringsplanen. Det er store avvik i tidsskjema samanlikna med framdriftsplan i varsla planprogram, då forprosjektet og naudsynte avklaringar undervegs har krevd meir tid enn venta. Grøne felt i tabellen markerar gjennomgførte oppgåver. Oppgåve Frist Utførast av Kommentar Utarbeiding av utkast til planprogram Veke 45 Nordplan KU-forskrifta vart gjennomgått og ein tok utgangspunkt i eksisterande grunnlagsdata for vurdering av risiko- og sårbarhet i planområdet/dei ulike alternativa som blir del av planprogrammet. Gjennomgang av utkast 11.11.2016/ veke 45 Oppdragsgjevar Oppdragsgjevar gjennomgjekk utarbeidd materiale og gav Nordplan tilbakemelding. Oversending av 14.11.2016/ Nordplan Planprogrammet vart oversendt til kommunen planprogram til kommunen veke 46 for sakshandsaming Utarbeiding av varslingsbrev/annonse Veke 46 Nordplan Kommunen krevde ingen justeringar i planprogrammet før utlegging. Nordplan utarbeidde varslingsbrev. Kunngjering planoppstart 6 veker 01.12.16-15.01.17/ veke 47-1 Nordplan Ny varsling av planoppstart med planprogram.. Merknadsfrist var 15.01.2017 Gjennomgang av innkomne Veke 3-4 Nordplan Vi gjennomgjekk merknadane. merknader. Oppdragsgjevar Oppstart av forprosjekt/ vurdering av alternativ Veke 3-8 Nordplan Nordplan har gjennom eit forprosjekt gjennomført ei enkel vurdering av dei ulike alternativa som framgår av planprogrammet, samt eventuelle innspel. (Vurderingane vil bli basert på kjent kunnskap. Formålet med forprosjektet er å vurdere kva alternativ som vil vere best eigna til å gå vidare med i sjølve planutforminga. Det endelege planområdet vil kreve konsekvensutgreiing i samsvar med KUforskrifta. Sjå vedlagt rapport.

Nordplan side 7 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Utkast til rapport vart oversendt til oppdragsgjevar utkast til oppdragsgjevar 27.02.2017 Synfaring og møte Veke 8 Oppdragsgjevar Mellom anna med bakgrunn i Nordplan si tilråing i utkast til rapport, valte oppdragsgjevar å ha eit møte i Ulvik med eigar av Skeie Tre AS omtalt som alternativ 2/Pallefabrikken. Målet med møtet var å undersøke nærare moglegheitene for etablering av SeaWalk på dette området. (Sjå kap. 5.7 i forprosjektet for grunngjeving for alternativ 1 Brakanes). Tilbakemelding på Veke 8-12 Oppdragsgjevar Oppdragsgjevar går gjennom oversendt oversendt materiale/ materiale og gjev Nordplan tilbakemelding. Telefonmøte 23.03.2017 Revisjon av forprosjekt Veke 13-14/ Veke 14-16 Nordplan/ Oppdragsgjevar Reviderer dokumentet i samsvar med oppdragsgjevar sine tilbakemeldingar. Oversendt på ny til oppdragsgjevar for gjennomgang. Oversendt til teknisk sjef 20.04.2017 etter oppdragsgjevar si godkjenning av reviderte dokument. Gjennomgang av kommunen Veke 16-17 Kommunen Teknisk sjef gjekk gjenoom dokumentet og gav Nordplan tilbakemelding på spørsmål knytt til lokale forhold. Avklaringar knytt til oppankringspunkt og revisjon av forprosjektet Veke 18-23 Oppdragsgjevar Avklaring knytt til kablar i sjø Revisjon av planprogram og forprosjekt Veke 23-24 Nordplan Innhenting av data knytt til kabelsystem i sjø Veke 25 Nordplan Nordplan reviderte dokument og sendte det over til oppdragsgjevar for gjennomgang. Gjennomgang utkast Veke 25 Oppdragsgjevar Oppdragsgjevar gjennomgjekk reviderte dokument og godkjente dei før oversending til kommunen. Oversending av planprogram og forprosjekt til kommunen for gjennomgang og tilbakemelding Veke 26 Nordplan Revidert planprogram og rapport for forprosjekt vart oversendt til kommunen for sakshandsaming. Eventuelle rettingar vil bli gjort når vi får tilbakemelding. Fastsetting av planprogram September Kommunen Ulvik herad fastset revidert planprogram m/forprosjekt 2017 m/forprosjekt. Utarbeiding av September- Nordplan Plandokumenta blir utarbeidd. detaljreguleringsplan oktober 2017

Nordplan side 8 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Gjennomgang av utkast til November Oppdragsgjevar Oppdragsgjevar gjennomgår reviderte detaljreguleringsplan. 2017 dokument før oversending til kommunen for vedtak. Justering av plan før Desember - Nordplan Vi utfører eventuelle nødvendige justeringar i offentleg ettersyn. januar 2017 samsvar med politisk vedtak. Offentleg ettersyn Januar-februar Kommunen Tidspunkt for utlegging til offentleg ettersyn er 2018 avhengig i når det blir fatta vedtak om offentleg 6 veker ettersyn og omfanget av evt. nødvendige justering av plandokumenta. Justering av plan før 1-5 dager Nordplan Omfanget av dette arbeidet vil avhenge av det endeleg vedtak Estimert tidsbruk politiske vedtaket som blir gjort, og er ikkje mogleg å forutsjå. Dette arbeidet blir derfor fakturert etter medgått tid. Oversending til kommunen for endeleg vedtak Mai 2018 Nordplan Eventuelle nødvendige justeringar blir gjennomført og plandokumenta blir oversendt til kommunen for endeleg vedtak. Fakturerast etter medgått tid og er ikkje del av vårt kostnadsoverslag. Vi har i framdriftsplanen teke utgangspunkt i endeleg valt planområdet, jf. vedlagt forprosjekt. Etter vår vurdering er det ikkje behov for ny varsling av utvida planområde, då det omfattar sjøareal. Ein kan eventuelt varsle Sjødirektoratet, Kystverket og Fylkeskommunen (Sjøfartstmuseet) direkte. Vidare framdrift kan òg bli påverka av mellom anna tidspunkt for gjennomføring av arkeologiske undersøkingar innanfor planområdet, jf. merknad frå Hordaland Fylkeskommune. Avtaler knytt til gjennomføring vil bli gjort etter vedtak av planprogram m/forprosjekt, då avgrensing for planområdet blir endeleg avklart først på dette tidspunktet i planprosessen. Medverknad Planprogrammet vart lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker samstundes som oppstart av detaljreguleringsplan for SeaWalk Ulvikapollen blir kunngjort. Private og offentlege partar og interessentar vart tilskrivne og invitert til å kome med innspel og synspunkt knytt til planarbeidet. Planprogrammet og varsel om oppstart vart kunngjort i avisa Hordaland, samt på nettsida til Nordplan AS (www.nordplan.no/kunngjeringar) og Ulvik herad. Det kom inn i alt 9 merknader. Sjå vedlagt innspelskjema for våre kommentarar. Varsla partar framgår av varslingsbrevet for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen (datert 29.11.16).

Nordplan side 9 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen 3 Overordna planar og føringar 3.1 Planavgrensing og alternativer til lokalisering Planområdet omfattar på dette stadie eit større areal på land og i sjø i Ulvikapollen, som strekk seg frå Prestakaia i nordaust til Røvarneset i sørvest. Innanfor avgrensa areal skal lokalisering for SeaWalk vurderast. 3 2 1 Det er på dette tidspunkt eitt hovedalternativ for lokalisering av SeaWalk i Ulvikapollen; Brakanes sentrum, ved promenaden (jf. alternativ 1 nedanfor). I tillegg har oppdragsgjevar, i samsvar med vedtak i formannskapsmøte 26.10.2016, vurdert to andre lokalitetar som attraktive for ønska tiltak. Desse framgår av presentasjon av alternativ 2 og 3 nedanfor. I etterkant av merknadsfrist for planoppstart og planprogram vil vi starte med eit forprosjekt, der målet er å avgrense planområdet. Endeleg planområde vil omfatte nødvendig areal i sjø for SeaWalk og ankringsplass til cruiseskip, samt område på land til nødvendig infrastruktur som mellom anna bussoppstillingsplass og parkering. Figur 4 Kart som viser avgrensing for område der lokalisering av SeaWalk skal vurderast i Ulvikapollen. Kart oversendt av Cruise Ventures AS og samsvarar i stor grad med avgrensing vist i figur 17 kap. 6. Raude omriss viser om lag plassering av alternativ 1-3. Innspel om eventuelt andre aktuelle alternative lokaliseringar enn dei som framgår av planprogrammet, vil bli kommentert i planen. Innspel som blir av oppdragsgjevar vurdert som aktuelle for etablering av SeaWalk, i samråd med Nordplan og Ulvik herad, blir teke med vidare i vurderingsprosessen (forprosjektet, jf. kap. 2.4). Alternativ 1: Brakanes sentrum, ved promenaden: Brakanes sentrum er oppdragsgjevar sitt hovudalternativ for lokalisering av ønska tiltak. Ved å etablere SeaWalk ved promenaden, er viktige tilbod som museum og forretningar i umiddelbar nærleik. Figur 5 Kart som syner om lag planavgrensing for alternativ 1 ved Brakanes (skravert område). Sjå figur 4 for illustrasjon av plassering av SeaWalk ved Brakanes. Nøyaktig framlegg til planavgrensing er ikkje avklart på dette tidspunkt, men nye tiltak vil i hovudsak omfatte kommunal grunn. Innanfor forslag til planomriss er òg mellom anna eksisterande næringsareal på Brakanes, Ulvik kyrkje og Olav H. Hauge-senteret. Dette er områder der gjeldande føremål er planlagd vidareført i ny plan.

Nordplan side 10 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Alternativ 2: Pallefabrikken Pallefabrikken blir vurdert som aktuelt alternativ med bakgrunn i nærleik til Brakanes sentrum, samt etablert infrastruktur som kai og vegareal. Det har på dette tidspunkt i planprosessen ikkje vore kontakt med grunneigarar som blir berørt i dette framlegget til avgrensing. Elveløpet til Tysso skiljer området ved Pallefabrikken frå Brakanes. Det er gang- og sykkelveg frå frå planområdet til sentrum. Figur 6 Grovt omriss for planområdet til alternativ 2 ved Pallefabrikken. Landareal ved Øyni vil ikkje inngå i dette alternativet. Til venstre er illustrasjon av plassering av SeaWalk og skip. Avgrensing og illustrasjon er utarbeidd av Cruise Ventures AS. Alternativ 3: Øyni I likskap med dei to andre alternativa, har det siste framlegget infrastruktur i området som vil vere naudsynt ved etablering av SeaWalk. Øyni er det alternativet som ligg lengst unna Brakanes, som vil vere ein viktig stoppestad for cruiseturistar. Det er etablert gang- og sykkelveg frå Øyni til sentrumsområdet ved Brakanes. Figur 7 Grovt omriss for planområdet til alternativ 3 ved Øyni. Til venstre er illustrasjon av plassering av SeaWalk og skip. Avgrensing og illustrasjon er utarbeidd av Cruise Ventures AS.

Nordplan side 11 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Det har på dette tidspunkt i planprosessen ikkje vore kontakt med grunneigarar som blir berørt i framlegg til avgrensing for Øyni. 0-alternativet: Ingen utbygging av SeaWalk med tilhøyrande tiltak Det skal i planprosessen òg vurderast eit fjerde alternativ som omfattar ingen tiltak. Endeleg val av planavgrensing og lokalisering av SeaWalk vil ved konsekvensutgreiinga bli vurdert opp mot 0- alternativet. 3.2 Grunnlag for detaljreguleringsplanen Nasjonale og regionale rammer og retningslinjer På dette tidspunkt vurderer vi følgjande rammer og retningslinjer for mest relevante for det framtidige planarbeidet: Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen. Vannressursloven, forurrensningsloven Statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen Naturmangfaldlova Laks- og innlandsfiskelova Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging Sjøfartsdirektoratet si kartlegging av utslepp og miljøpåverknad på cruisenæringa (mars 2017) jf. Merknad frå fylkeskommunen datert 22.12.2016 Reguleringsstatus Heradsplanen sin arealdel vart revidert i 2016 (2016-2028). Gjeldande reguleringsplanar for alternative lokaliseringar er vidareført. Sjøareal innanfor område som er vist i kap. 3.1 er del av av reguleringsplan for Ulvikapollen (vedteken 22.02.01). Figur 8 Utsnitt frå plan for Ulvikapollen. Ankringsområder for cruiseskip er vist med sirkel i fjord (to områder i Ulvikapollen).

Nordplan side 12 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Områder på land omfatter flerie ulike reguleringsplanar: Alternativ 1 ved Brakanes: Området er del av eldre reguleringsplan for Brakanes sentrum vedteken 30.04.1998. I eksisterande reguleringsplan er landareal mellom anna vist som promenade og grønstruktur, samt infrastruktur som vegareal og parkering. Område i sjø er regulert til hamneføremål, samt trafikkareal for offentleg kai med ruteanløp (T4). Ankringsområde for cruiseskip er ikkje innanfor planområdet. Figur 9 Utsnitt frå gjeldande plan for Brakanes sentrum (vedteken 30.04.1998). Alternativ 2 ved Pallefabrikken: Arealet for eksisterande fabrikk er del av av «Reguleringsplan vest for Tysso» vedteken 14.02.2004, der ein innanfor skissert avgrensing har industriførmål, samt vegareal og grønstruktur. Alternativ 3 ved Øyni: Det siste alternativet er òg del av «Reguleringsplan vest for Tysso», der ein innanfor skissert avgrensing er regulert til forretning, kontor og industri, samt bustadformål og landbruk. I tillegg viser gjeldande plan areal for tilhøyrande infrastruktur. Figur 10 Utsnitt frå gjeldande regueringsplan i område for alternativ 2 og 3: Reguleringsplan vest for Tysso (vedteken 14.02.2004).

Nordplan side 13 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Vurdering etter KU-forskrifta Vi har gjennomgått Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningslova (01.01.15) med bakgrunn i planomriss vist i figur 4 og 17: 2 Planar som alltid skal handsamast etter forskrifta: 2e) Ikkje aktuell 2f) Tiltak i Vedlegg I pkt. 21: Nyetablering av farleder, havner og havneanlegg, der skip på over 1350 tonn kan seile og anløpe. 3c) Reguleringsplanar for tiltak i Vedlegg II: Planen opnar ikkje for tiltak i vedlegg II. 4: Vurdering etter Vedlegg III: a) Naturmangfald Ikkje registrert område som er verna eller midlertidig verna. Ingen truga eller prioriterte artar innanfor planområdet. Del av gyteområde for kysttorsk. b) Kulturminne Avhengig av lokalisering, då det er fleire registrerte kulturminner innanfor planavgrensinga. Det er ingen registrerte kulturminner innanfor planen sine 3 alternativ for lokalisering utover SEFRAK-registrerte bygg. Det er i tillegg arkeologisk kulturminne Ulvik kyrkjestad, samt Ulvik kyrkje som er freda innanfor alternativ 1 ved Brakanes. c) Laks Ikkje aktuell problemstilling. Det er ikkje registrert vassdrag med vandrande laksefisk eller fiskeplasser for sjølaks. d) Naturtypar Ikkje registrert utvalde eller truga naturtypar. e) Ikkje naturområde som er særlig viktige for utøvelse av friluftsliv. f) Ikkje særlig verdifulle landskap, store samanhengande naturområde med urørt preg eller verna vassdrag. g) Samiske næringar - Uaktuell problemstilling. h) Større omdisponering LNF - Uaktuell problemstilling. i) Auka belastning ureining Aktuell problemstilling, då planlagde tiltak legg til rette for cruiseaktivitet. Støv, støy og utslepp i samband med cruiseskip og trafikkavikling på land. j) Klimagassar Aktuell problemstilling knytt til utslepp frå cruisetrafikk. k) ROS Blir vurdert som del av planomtalen. Sjå kap. 5 og 6 for vurdering av kva tema som skal vere del av ROS. l) Folkehelse - Uaktuell problemstilling. m) Miljømessig sårbarheit - Uaktuell problemstilling. n) Bandlegging av naturressursar - Uaktuell problemstilling. o) Miljøverknad annan stat - Uaktuell problemstilling. p) Tilgjenge - Uaktuell problemstilling. q) Statlige planretningslinjer Aktuell problemstilling, då planen vil legge til rette for tiltak i strandsona (Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen). Planlagde tiltak utløyser etter vår vurdering krav om konsekvensutgreiing og planprogram. Aktuelle tema i planarbeidet framgår av 2 bokstav f) og vedlegg III bokstav b), i), j) og q). Viser til kapittel 5 og 6 for ytterlegare vurdering av omfang av utgreiing i planen. 4 Eksisterande situasjon 4.1 Bruk og tilkomst Planområdet omfatter eit større areal med variert bruk. Langs Ulvikapollen er det bustadområder, næring- og industriaktivitet, samt landbruksareal. Bygda Ulvik ligg inst i fjordarmen og er administrasjonssenteret i kommunen. Jordbruk og turisme er viktige næringsvegar i kommunen. Dei tre lokaliseringsalternativa omfattar ikkje landbruksareal, utover ein mindre del av Øyni sitt omriss (alternativ 3).

Nordplan side 14 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen I Ulvikapollen er det i dag ingen låssetjingsplassar, men nokre fritidsbåtar ligg i mindre småbåtanlegg innanfor planen sitt sjøareal. Nordplan har fått opplyst at hurtigbåten, i samband med Norway in a nutshell, legg til ved heradskaia enkelte dagar i sommarhalvåret. Cruiseskip kjem i dag inn i Ulvikapollen og turistar blir frakta i mindre båtar inn til hotellhagen ved Brakanes. Herifrå blir dei vidare frakta med shuttel-buss til andre destinasjonar i nærområdet. Gjennom planområdet går fylkesveg 572, som er tilkomstveg til alle tre alternativa for planavgrensing (jf. kap. 3.1). 4.2 Kulturminner og -miljø Ulvik er ei bygd som er rik på kulturminner. Utover SEFRAK-registrerte bygg, er det ikkje verna kultuminner eller -miljø innanfor ønska planområder. Ønska avgrensing for alternativ 1 ved Brakanes omfattar Ulvik kyrkjestad som er registrert som arkeologisk kulturminne. Ulvik kyrkje ligg på same stad og er freda. Figur 11 Oversikt over registrerte kutlurminner i og i nærleiken av aktuelle områder for lokalisering av SeaWalk. I Ulvikapollen, ved planområdet sin nordaustlege grense ved Prestakaia, er det registrert arkeologisk kulturminne under vatn. Enkeltminnearten er «skipsvrak» som er datert året 1920 (kulturminneid 139831-1). Vernestatus er «ikkje freda».

Nordplan side 15 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Figur 12 Skipsvrak er registrert som arkeologisk kulturminne, markert med raud firkant (Miljøstatus Norge). 4.3 Landskap og topografi Eit landskap er «et område, slik folk oppfatter det, hvis særpreg er et resultat av påvirkningen fra og samspillet mellom naturlige og/eller menneskelige faktorer» (tekst frå Den europeiske landskapskonvensjonen, Firenze, 2000). Planområdet omfattar eit større areal med fjordlandskap, som strekk seg frå sørvest mot nordaust. Ulvikapollen er del av landskapsregion 23 Indre bygder på Vestlandet, der høgreiste fjordsider er eit typisk topografisk trekk. Landskapsregionen har store bergrunnsvariasjon og skaper med dette ulike formelement i landskapet, som igjen bidreg til særprega forskjellar innanfor eitt og same landskapsrom (jf. NIJOS rapport 10/2004). Inst i fjorden er det ei større flater, som i stor grad er nytta til landbruksareal og busetnad. Hellingsgrad og fleire elveløp gjev konsekvens for naturfarer innanfor planområdet. Med fokus på dei tre alternativa, er alle dei tre områda innanfor aktsemdsoner for flaum (jf. NVE kart i figur 12).

Nordplan side 16 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Figur 13 Aktsemdområder i Ulvikapollen. Kart henta frå skrednett (NVE). 4.4 Forureining Det er ikkje registrert forureining i grunn i eller i nærleiken av planområdet i sin heilskap. Det er ikkje kjennskap til at det har vore aktivitet innanfor dei aktuelle lokaliseringsalternativa som kan ha ført til ureining i grunn i sjø eller på land. Det er i dag ikkje registrert høge verdiar knytt til utslepp av svevestøv frå skipsfart i Ulvikapollen (Miljøstatus Norge). CO2 frå innanriks sjøfart ligg på mellom 0,33-0,62 tonn (innanfor areal på 5x5 km). 4.5 Natur- og biologisk mangfald Det er ifølgje data frå Miljøstatus Norge ingen truga eller prioriterte artar innanfor dei aktuelle alternativa for lokalisering. I nærområdet er det mellom anna blitt observert vipe, havørn og stær (gul firkant, figur 14). I sjø er det registrert funn av sothøne, svarbak og fiskemåke. I sjø er det òg oberservert kanadagås - som er svartelista (grøn firkant, figur 14).

Nordplan side 17 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Figur 14 Kart frå Miljøstatus Norge. Oransj runding markerer observert fuglen Heipiplerke ved Vambheim, som er art av særleg stor forvaltningsinteresse (25>% av europeisk bestand i Norge, Miljøstatus Norge). Det er ingen andre truga/sårbare artar innanfor sjølve planomrisset frå Røvarneset til Prestakaia. Det er i Ulvikafjorden fleire fiskeartar. Ulvikapollen, som ligg inst i fjorden, er utbreingsområde for mellom anna nordsjøtorsk, -hyse og -sild, brosme, lange, øyepål og kystorsk. Sjølve planområdet er ikkje del av markert utbreingsområde for nemnte artar, men er del av gyteområde for kysttorsk. Figur 15 Planområdet sitt sjøareal er heilskap er innanfor registrert gyteområde for kysttorsk (Miljøstatus Norge). Kartutsnittet viser området ved alternativ 1-3.

Nordplan side 18 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Figur 16 Det er ikkje registrert viktige eller prioriterte naturtypar innanfor planområdet (Miljøstatus Norge). 5 Framtidig bruk og tema i plan 5.1 Framtidig bruk og bakgrunn for planarbeid Bakgrunnen for planarbeidet er å legge til rette for cruiseaktivitet i Ulvikapollen. Planen skal opne SeaWalk, som er ein ein flytande konstruksjon som kan trekkast ut til besøkande cruiseskip, samt nødvendig infrastruktur på land. Tiltaket vil bli skildra i detalj i planomtalen og skal teiknast opp med plankart i samsvar med gjeldande kartføreskrifter. Det vil òg bli utarbeidd illustrasjonar som syner visuelle verknader for omgjevnader av planlagd SeaWalk. 5.2 Reguleringsføremål Det er ønskjeleg å regulere til område for intern trafikkareal for oppstillingsplassar for buss. Det er òg behov for å opne for feste av SeaWalk inntil land. I sjø skal det opnast for utrekking av SeaWalk og oppankring av cruiseskip. Dette vil krevje omregulering av gjeldande planar (jf. kap. 3.2). 5.3 Sentrale tema i planarbeidet Eksisterande situasjon Situasjonen i det aktuelle området vil bli skildra i planomtalen. Ein vil omtale cruisetrafikken som er i dag i Ulvikapollen og kva utfordringar bygda har med tanke på cruiseaktiviteten. Verknad på stad Planlagde tiltak har som mål å auke cruiseturismen i Ulvik - ei bygd som 11.04.2015 vart formelt godkjent som Cittaslow-kommune. Eitt av måla for Cittaslow-rørsla er å ta vare på mangfaldet og det særpreget kvar kommune har. Hovudmålet er å betre livskvaliteten til innbyggjarane og skapa identitet til kommunen og staden. Kva verknad turismen kan få for staden Ulvik skal vere tema i planomtalen, med bakgrunn i Cruise Ventures AS sine mål for turisme, samt eksisterande stadanalyse for Ulvik. Det vil i tillegg vere viktig å vurdere visuell fjernverknad for planlagde tiltak. Dette vil bli tema i planomtalen.

Nordplan side 19 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Trafikk og infrastruktur Ved oppankring av cruiseskip, kan ein vente opp til ca. 15-20 bussar som skal til og frå SeaWalkkonstruksjonen. Dei trafikkale konsekvensane av etablering av ønska tiltak er med dette eit viktig vurderingstema ved val av alternativ lokalisering, samt konsekvensutgreiing av endeleg fastsett planavgrensing. I samband med alternativ 2 ved Pallefabrikken er det aktuelt å regulere inn ei bru frå industriområdet og over elveutløpet til Brakanes. Dette vil knyte sentrum og dagens fabrikkområde saman, ved å etablere gangforbindelse langs sjø. Sjøområde og strandsone Planlagde tiltak vil ligge i sjøområde og strandsone. Verknadane vil bli vurdert opp mot mellom anna naturmangfaldlova og KU-føreskrifta, samt omtale aktuelle interessemotsetnader. Bevaring av friareal og tilgang for ålmenta vil òg vere tema i planomtalen. Natur, landskap og friluftsliv Verknadar for natur, biologisk mangfald og landskap vil bli skildra i planomtalen. Naturmangfaldlova skal leggast til grunn i planarbeidet. Ein vil òg kommentere eventuelle interesser innanfor friluftsliv i området, og kva verknad planframlegget vil kunne få for dette. I samband med vurdering av natur, landskap og friluftsliv vil det bli gjennomført synfaring, samt sjekke tema opp mot eksisterande registreringar i mellom anna artsdatabanken og Miljøstatus Norge. Det kan bli aktuelt med marinbiologisk kartlegging innanfor endeleg planområdet, i samband med utarbeiding av konsekvensutgreiing for aktuelt alternativ (jf. presentasjon av alternativer til lokalisering i kap. 3.1, samt KU-forskrifta i kap. 3.2). Grunnforhold og terreng Grunnforhold og terreng skal omtalast med bakgrunn i eksisterande opne data som føreligg for området. Ønska tiltak vil ligge i strandsona innanfor marin grense. Då det ikkje er planlagd bygningsmessige tiltak utover feste på land til SeaWalk, vurderer vi det som ikkje naudsynt å gjere geotekniskeundersøkingar etter kvikkleire i grunn. Forureining Planlagde tiltak vil legge til rette for oppankring av cruiseskip i Ulvikapollen. Alle dei tre alternative lokaliseringane ligg i nærleiken til utløp av elv. I tillegg er ønska tiltak i nærleiken av verksemder som Brakanes Hotell og busetnad. Forureining frå cruiseskip i form av støy, utslepp til luft og i sjø må konsekvensutgreiiast (jf. kap. 3.2). Det vil kunne bli behov for innhenting av fagkundige for nemnte vurderingar. Barn og unge Verknader for barn og unge sine interesser skal omtalast i planomtalen. Kulturminner og -miljø Det er ikkje kjennskap til kulturminner innanfor sjølve planområdet, men det vil vere særleg viktig å omtale verknad for Ulvik kyrkje og kyrkjestad ved vurdering av alternativ 1. ROS-analyse Det vil bli utført ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), som blir del av planomtalen. Her vil mellom anna verknad for kulturminner, beredskap for brann, nærleik til elveutlaup, omtale av flaumfare, havnivåendringar og stormflo. Sikringstiltak i forhold til cruiseaktvitet må òg omtalast i ROS-analysen. Plassering av sone for «The International Ship and Port Facility Security» (ISPS) må vurderast i detaljreguleringsplanen.

Nordplan side 20 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen 6 Forslag til planprogram Det skal utarbeidast konsekvensutgreiing, planomtale, plankart og føresegner i samsvar med krav i plan- og bygningslova og KU-forskrifta. Arbeidsopplegg og medverknad skal skje i tråd med opplegget som er skissert under kap. 2.4. 6.1 Planavgrensing Planområdet strekk seg frå Røvarneset i sør til Prestakaia i nord. Etter merknadsfrist og forprosjekt vil planområdet omfatte eit mindre areal (jf. presentasjon av alternativ 1-3 i kap. 3.1). Figur 17 Kart som syner avgrensing for varsla oppstart av detaljreguleringsplan med planprogram. Som det framgår av kapittel 3.1 er det på dette tidspunktet i planprosessen aktuelt å vurdere to alternativ til lokalisering av SeaWalk i tillegg til Brakanes- og 0-altnerativet: Alternativ 1 ved Brakanes Alternativ 2 ved Pallefabrikken Alternativ 3 ved Øyni 0-altnerativet ingen utbygging av SeaWalk og tilhøyrande tiltak 6.2 Reguleringsføremål Aktuelle reguleringsføremål for planframlegget på dette tidspunkt er: Hamneområde i sjø for trafikkareal i sjø. Ankringsområde for cruiseskip. Annan bygg og anlegg festepunkt/område ved land for SeaWalk. Areal for infrastruktur parkering for personbilar og bussoppstilling, interne vegareal. 6.3 Utgreiingsbehov Utgreiingsbehovet går fram under dei ulike punkta i kapittel 5. Ei samanstilling av moglege konsekvensar og utgreiingsbehov er skjematisk framstilt tabellen på neste side, for å gje ei samla oversikt.

Nordplan side 21 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Tema Datakjelder Mogleg omfang/påverknad Utgreiingsbehov Natur og biologisk mangfald 1. Marinbiologisk mangfald 1. Miljøstatus Norge Artsdatabanken 1. Biologisk mangfald skal alltid omtalast i planarbeid. Det kan bli behov for innhenting av fagkundige for å gjere marinbiologisk kartlegging for endeleg planområde. 1. Tema i KU 2. Landskap 2. Synfaring og vurdering av landskap 2. Planlagde tiltak sin konsekvens for landskap, nær- og fjernverknad, skal utgreiiast. 2. Tema i planskildringa Kulturminne 1. Askeladden 1. Ingen kulturminner innanfor planområde utover SEFRAKregistrerte bygg, samt Ulvik kyrkjestad og kyrkje i alternativ 1 ved Brakanes. Folkehelse/Miljøvernfagleg vurderingar 1. Tema i planskildringa. Behov for undersøkingar, jf. merknad frå Hordaland Fylkeskommune 1. Forureining 1. Eksisterande data knytt forureining og støy knytt til oppankring av cruiseskip. Sjøfartsdirektoratet si kartlegging av utslepp og miljøpåverknad frå cruisenæringa (mars 2017) Forureining frå cruiseskip i form av støy, utslepp til luft og i sjø må konsekvensutgreiiast. Etter val av lokaliseringsalternativ, vil ein vurdere om det er behov for fagkundige utgreiingar for å få tilfredsstillande grunnlag. 1. Tema i KU Samfunn og infrastruktur 1. Trafikkavvikling 1. Eksisterande vegdata frå Statens vegvesen og Ulvik herad 1. Planlagde tiltak sin verknad på eksisterande vegnett innanfor endeleg planområde vil bli vurdert i planarbeidet. Venta endring i trafikkmengd vil bli gjort greie for. 1. Tema i KU 2. Nærmiljø 2. Synfaring, stadanalyse for Ulvik evt. andre aktuelle rapportar 2. Verknad på nærmiljø i forhold til tiltak planen opnar for. Vi vil nytte eksisterande kunnskap for å gjere vurdering av planlagde tiltak sin verknad på nærmiljø/stad. 2. Tema i planskildringa/ ROS

Nordplan side 22 Planprogam for detaljreguleringsplan for SeaWalk i Ulvikapollen Risiko- og sårbarheit 1. Flaum 1. Skredatlas/NVE, lokalkunnskap. 1. Planområdet er innanfor aktsemdområde for flaum (NVE). 1. Tema i ROSanalysen 2. Havnivåstigning og stormflo 2. Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). 2. Planområdet omfattar tilak i strandsona og i sjø. Vi vil nytte DSB sin rettleiar «Havnivåstigning og stormflo samfunnsikkerhet i kommunal planlegging» (september 2016) og og rapporten «Sea level change for Norway. Past and present obervations and projections to 2100» (NVVS report no. 1/2015). 2. Tema i ROSanalysen 3. Sikkerhet 3. Cruise Ventures AS og Ulvik herad, samt rapport «Ulvik cruise port» 3. I samråd med oppdragsgjevar og Ulvik herad vil vi gjere vurdering på naudsynt areal/løysing for ISPS-sone innanfor endeleg planområde. Det føreligg ein eldre rapport for sårbarhetsvurdering og sikkerhetsplan for Ulvik Port (datert 2002), som kan vere aktuelt grunnlag for delar av vurderinga. 3. Tema i ROSanalysen Vedlegg: Varslingsbrev utsendt 30.11.2017 Innspelskjema, datert 23.06.2017 Forprosjekt Val av planområde for SeaWalk i Ulvikapollen, datert 23.06.2017

Nordplan AS Telefon 57 88 55 00 www.nordplan.no NO 948 081 768 MVA Telefax 57 88 55 01 post@nordplan.no Bankkonto: 3790 05 03459