Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 028/17 Formannskapet 09.02.2017 012/17 Kommunestyret 09.02.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/150-3 Reguleringsplan for hamn i Erdal - oppstart av planarbeid Kort samandrag: EcoInoWaste AS har sendt førespurnad til kommunen om oppstart av reguleringsplanprosess for etablering av hamneanlegg i Erdal. Rådmannen si tilråding: Kommunestyret stiller seg positiv til framtidig etablering av hamneanlegg i Lærdal, men meiner det ikkje ligg til rette for oppstart av planarbeid for etablering av hamneanlegg og næringsareal i Erdal før det er gjort overordna konsekvensutgreiingar knytt til plassering, behov, utforming osv. av eit hamneanlegg i Lærdal kommune. Dersom det likevel vert starta planarbeid, må tiltakshavar sjølv utføre planarbeidet og ta kostnadane knytt til dette. 09.02.2017 Formannskapet Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FS-028/17 Vedtak: Formannskapet si tilråding: Kommunestyret stiller seg positiv til framtidig etablering av hamneanlegg i Lærdal, men meiner det ikkje ligg til rette for oppstart av planarbeid for etablering av hamneanlegg og
næringsareal i Erdal før det er gjort overordna konsekvensutgreiingar knytt til plassering, behov, utforming osv. av eit hamneanlegg i Lærdal kommune. Dersom det likevel vert starta planarbeid, må tiltakshavar sjølv utføre planarbeidet og ta kostnadane knytt til dette. 09.02.2017 Kommunestyret Framlegg frå Trond Øyen Einemo (H): Kommunestyret stiller seg positiv til framtidig etablering av hamneanlegg og tilhøyrande næringsareal i Lærdal. Kommunestyret ber om at det blir vurdert lokalisering av eit slikt anlegg. Kommunestyret ber vidare om det blir lagt til rette for oppstart av planarbeid med frist til neste møte i kommunestyret. Røysting: Tilrådinga frå Formannskapet falt med 7 mot 10 røyster. KS-012/17 Vedtak: Kommunestyret stiller seg positiv til framtidig etablering av hamneanlegg og tilhøyrande næringsareal i Lærdal. Kommunestyret ber om at det blir vurdert lokalisering av eit slikt anlegg. Kommunestyret ber vidare om det blir lagt til rette for oppstart av planarbeid med frist til neste møte i kommunestyret. Vedlegg: Reguleringsplan for hamn i Erdal [Untitled].pdf Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan- og bygningslova 12 Saksutgreiing Kommunen har fått ein førespurnad frå Simas IKS/EcoInoWaste AS om å starte eit planarbeid for å etablere hamn i Erdal. EcoInoWaste AS er avhengig av hamn med lagringsmoglegheiter for å kunne skipe ut pellets ved ein eventuell etablering i Håbakken. Det er aktuelt å nytte same kaiområde til inn- og ut-skiping av tømmer. EcoInowaste meiner området i Erdal er truleg best eigna til hamn, og ynskjer å nytte tomta for gamle steinfabrikken og grushola på andre sida av vegen. Det er behov for pellets-siloar som kan plasserast i grushola. EcoInoWaste har infomert grunneigarane om planane.
For å koma vidare, ber EcoInWaste om ein oppstart av reguleringsarbeid i aktuelt område (sjå kartskisse). I brevet til kommunen, vert det vist til at då kommunen har interesse i å betra hamnetilbodet i Lærdal, er det ikkje utenkjeleg at planen vert gjennomførd som ein kommunal plan, og at det vert ei kostnadsdeling mellom kommunen og EcoInWaste for planarbeidet. Området som er tenkt for tiltaket er berre regulert gjennom kommunedelplan for Erdal (rev. 1995). Delar av området er regulert til grusuttak, og noko til industri. Tiltaket som er tenkt er i strid med gjeldande kommuneplan, og vil krevja reguleringsplan med konsekvensutgreiing. Tiltakshavar ynskjer å få prosjektet inn i tilskotsordninga for tømmerkai-utbygging som vert administrert av landbruksdirektoratet. Det skal sendast inn ei skisse av utbyggingsprosjektet for tømmerkaia innan 10. april 2017. Frist for endeleg søknad frå dei skissene som Landbruksdirektoratet vil prioritere vil vere 01. september 2017. EcoInWaste ber såleis om ein rimeleg kort behandlingsperiode, og at vedtaket av reguleringsplan er klart innan 01. september 2017. Viser elles til brev frå EcoInWaste i sin heilheit som vedlegg. Vurdering Administrasjonen er kjend med at det foregår eit utgreiingsarbeid i høve etablering av hamn i Lærdal som Lærdal Næringsutvikling (LNU) gjennomfører. Det er i dette høve blant anna bestilt ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt over moglegheit for etablering av hamn i Lærdal, knytt til det regionale og nasjonale transportnettverket i Noreg. LNU arbeider kontinuerleg med dette utgreiingsarbeidet, og det vert samstundes vurdert om kommunen skal ta over den gamle NATO-kaia ved «Habben», som kan nyttast til noko utskiping, utleige og diverse. Administrasjonen vart gjort kjend med ynskje om hamn i Erdal i møte med EcoInWaste og ordførar 27.01.2017. Det vart på møte lagt fram ynskje om å leggje saka fram til politisk handsaming, for å få ei rask avklaring på vidare prosess. Det kom på møtet fram at EcoInWaste har behov for å transportere pellets frå eit eventuelt tiltak i Håbakken. På ei slik kai, kan ein og ta i mot tømmer, som vert transportert f.eks til Valdres, slik at ein får tilbake flis som kan nyttast i anlegget på Håbakken. Ved hamna er det behov for lagringsplass for pellets. Tiltakshavar ser for seg at grushola i Erdal kan nyttast til lagring, ved å plassere opptil 6 stk pelletssiloar her. Desse vert om lag 15-20 m høge. Administrasjonen er i utgangspunktet svært positiv til etablering av eit hamneanlegg i
Lærdal kommune, dersom dette kan bidra til næringsutvikling utan svært store negative konsekvensar for innbyggjarar, naturen eller reiselivet. Administrasjonen meiner likevel at etablering av hamneanlegg er eit stort tiltak, som må vurderast på eit overordna plan, der alternative plasseringar, utformingar, behov og bruk vert utgreidd og vurdert. Lærdal Næringsutvikling er i gang med eit slikt arbeid, og administrasjonen er av den klare oppfatningen at etablering av eit hamneanlegg i Erdal, må vurderast i ein større samanheng, og i samråd med Lærdal Næringsutvikling sitt utgreiingsarbeid for etablering av hamneanlegg i kommunen. Eit slikt utgreiingsarbeid kan gje svar på for eksempel: Er det behov for hamneanlegg i Lærdal, eventuelt til kva bruk og storleik? Kan eit hamneanlegg i kommunen knytast til det nasjonale transportnettverket? Eller er det berre behov og grunnlag for ei lokal ut-/innskipingskai? Kan behovet for transport sjøvegen dekkjast med eit mindre kaianlegg for lektarar? Kva er den beste plasseringa av eventuelt hamneanlegg i Lærdal? Korleis kan ein plassere eit slikt hamneanlegg utan store negative konsekvensar for innbyggjarane våre, naturen og reiselivet? Dette er heilt avhengig av storleik og plassering av hamneanlegget. Kven skal eige og drifte eit slikt hamneanlegg? Har kommunen behov for ei stor kommunal kai? Har kommunen økonomi til å planleggje, byggje og drifte eit stort hamneanlegg? Kan andre private aktørar eige og drifte eit hamneanlegg? Skal kommunen ta over den gamle NATO-kaia og drifte denne? Kan den gamle NATO-kaia nyttast til noko ut- og innskiping for å dekkje eit behov? Er infrastrukturen vår tilpassa ein eventuell stor auke i transport? Vil dagens E16, RV5 og fylkesvegnettet tole den auka belastningen i høve mengda store køyretøy? Vil det krevja tilpassingar med f.eks gang- og sykkelveg langs vegar som skal nyttast til mykje godstransport? EcoInWaste har ynskje om eit større kaianlegg i Erdal, kring 150 m lang kai, som skal gå eit stykke utover i sjøen, og som må ha ein del lagringskapasitet på land. Kring 6 store siloar som er tenkt plassert i grushola, vil og krevja stor plass. Dette er eit stort tiltak, der konsekvensutgreiing er lovpålagd. Dersom kommunen skal gjennomføre planarbeidet for tiltaket i Erdal, er dette ein stor planprosess som vil krevja store utgreiingar og ein omfattande planprosess. Administrasjonen har vore i kontakt med grunneigarar og naboar til det aktuelle planområdet, og er gjort kjend med at grunneigarane er i mot tiltaket, og ynskjer ikkje å selja sin eigedom til etablering av hamneanlegg for EcoInoWaste. Det er og naboar til området som er sterkt i mot eit slikt stort tiltak i sitt nærmiljø. Når ein vurderer saka sin kompleksitet, er det lite realistisk å laga ein framdriftsplan for planarbeidet, der kommunestyret skal vedta ein plan innan 01. september 2017, slik tiltakshavar ynskjer. I tillegg er det knytt svært store kostnadar til planarbeidet og prosessen. Dersom kommunen skal utarbeide planen, vil det krevja mykje kapasitet frå plankontoret, og det må engasjerast fagkompetanse for ein større konsekvensutgreiing for ulike tema som for eksempel skredfare, vind- og bølgjeaktivitet, havnivåstigning og stormflo, biologisk mangfald, grunnforhold, konsekvensar for natur, samfunn og miljø, støyberekningar osv. Det må påreknast kostnadar til planarbeid kring 5-600 000 kr, grunna kompleksiteten til planprosessen. I tillegg må det påreknast utgifter knytt til advokatutgifter seinare i prosessen. Dersom kommunen også skal byggje og drifte hamneanlegget, må det gjerast vurderingar kring økonomien i dette.
Administrasjonen meiner at det i utgangspunktet er tiltakshavar som skal utarbeide reguleringsplanar for sine tiltak, og at kommunen bør vere prinsippfast kring dette, også for å sikre ein likebehandling av aktørane, og av økonomiske omsyn. Kommunen gjennomfører sjølve kommuneplanar og større områdereguleringar (som f.eks Håbakken), medan tiltakshavarane sjølve gjennomfører detaljreguleringane. Kommunen skal vera tilretteleggjar og administrasjonen vil i samråd med Lærdal Næringsutvikling arbeide for å gjennomføre effektive prosessar kring næringsutvikling i kommunen. Det må likevel sikrast at prosessane ikkje vert for effektive, og at dei viktige og naudsynte grunnlagsvurderingane vert gjort i alle prosessar. Viktige prinsipp i planprosessane er å sikre at tiltak vert forsvarleg utgreidd og å sikre rettstryggleiken til den enkelte (naboar, tiltakshavar, grunneigarar osv). Ein meiner her at ein eventuell oppstart av planarbeid for hamneanlegg i Erdal, må kome i etterkant av ein større vurdering gjort av Lærdal Næringsutvikling og TØI. Administrasjonen meiner og at dersom det vert starta ein planprosess for etablering av hamneanlegg i Erdal, så er det tiltakshavar sjølve som må gjennomføre planprosessen, og sjølve ta kostnadar knytt til dette arbeidet (eventuelt nytte tilskotsordningar). Dersom kommunen skal gjennomføre eit slikt planarbeid, bør det fyrst vedtakast at kommunen skal ha eit kommunalt hamneanlegg i Erdal, planlagd, bygd og drive av kommunen. Administrasjonen meiner det ikkje ligg til rette for oppstart av planarbeid for etablering av hamneanlegg og næringsareal i Erdal og at dersom det likevel vert starta planarbeid, må tiltakshavar sjølv utføre planarbeidet og ta kostnadane knytt til dette. Saka kan stille seg anleis ved eit seinare høve, dersom det kjem fram i overordna vurderingar at det er behov for kommunalt hamneanlegg i Lærdal/Erdal.