Nordfjordeid Ålesund Førde Vågå Sjå adresseliste Dato: 25.09.2017 Vår ref: Siri Gausemel Dykkar ref: Varsel om oppstart detaljregulering næringsområde/masseuttak på Kviane område B13, Eid kommune Nordplan vil i medhald av plan og bygningslova 12-8 varsle oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for eit næringsområde på Nor/Kviane i Eid kommune. (gnr/bnr 4/8, 13, 20, 21 og 23, samt 5/5 og 6). n:\2017\17014 nor kviane regplan massetak\8 plandata plan_infrastruktur\dokument\varsling\annonsering oppstart detaljregulering 17014.docx Norsand AS er tiltakshavar og Nordplan AS er utførande konsulent. Oppstart er annonsert i avisa Fjordabladet. Informasjon vert også å finne på Eid kommune sine internettsider, www.eid.kommune.no, og på Nordplan sine sider http://www.nordplan.no/. Naboar og berørte partar vert med dette varsla direkte. Føremålet med reguleringsplanen er å utvikle eit næringsområde. For å nytte ressursane i området best mogleg og for å legge til rette for næringsaktivitet vert området fyrst nytta som masseuttak. Overgangen til næring vil vere gradvis, etterkvart som deler av området oppnår tilfredsstillande arrondering og t.d. tilfredsstillande støyforhold. Ein vil gjennom utarbeiding av reguleringsplanen også vurdere utbetringstiltak ved Fv 663. Annonsert planområdet tek høgde for utviding/etablering av gangveg langs fylkesvegen. Dette vert vurdert nærare, slik det er lagt opp til i kommuneplanen sin arealdel. Det er uvisst om gjennomføringa av evt. vegutbygging vil vere avklara gjennom planarbeidet. Lokalisering Planområdet ligg på Nor, om lag 5,3 km aust for Eid sentrum i luftlinje. Oversiktskart Lokalisering vist med orange, på utsnitt henta frå http://www.fylkesatlas.no/ Nordplan AS Eidsgata 45 Telefon 57 88 55 00 NO 948 081 768 MVA Postboks 224 post@nordplan.no Bankkonto: 3790 05 03459 6771 Nordfjordeid www.nordplan.no
Nordplan side 2 av 6 Annonsert plangrense med rosa strek vist i kartutsnitt frå Fylkesatlas. Annonsert plangrense med rosa strek vist i kartutsnitt med flyfoto, frå Fylkesatlas. Tilhøvet til overordna planar Den delen av planområdet som er markert «eksisterande anlegg» under avsnittet om planavgrensing er regulert gjennom Masseuttak på nord, som gjeld frå 22.06.2006. Øvrige areal er ikkje regulert før. I aust grensar planen opp i mot reguleringsplan for Nor bru, med plan ID 2014003, som tredde i kraft 28.04.2016. I gjeldande kommuneplan for Eid kommune er arealet innanfor område BA13, som er avsett til «Bygningar og anlegg» med underformål «Råstoffutvinning» og «Næringsbygningar».
Nordplan side 3 av 6 Utsnitt frå kommuneplanen sin arealdel. Eid 2015 2027. Planavgrensing Annonsert planavgrensing går fram av figuren under. Planområdet har eit areal på om lag 85 daa. Det vil truleg vere aktuelt å redusere omfanget av planområdet i løpet av planarbeidet.
Nordplan side 4 av 6 Hovudpunkt i planarbeidet Ein legg i planarbeidet opp til : Nær dialog med statens vegvesen og Eid kommune i forhold til å legge til rette for ei tilfredsstillande trafikkløysing langs planområdet. Det vert i tidleg fase utarbeidd ei trafikkvurdering for området som synleggjer ny trafikk og konsekvensar av denne. Ein tek sikte på å identifisere tilstrekkelege avbøtande tiltak spesielt med tanke på mjuke trafikkantar langs vegen på planområdet. Dersom ein kjem til at det vil vere hensiktsmessig å fråvike N100 vert det utarbeidd fråvikssøknad til SVV. Ein legg opp til ei ny avkøyring som vist på figuren over, og stenging av eksisterande avkøyring til 4/24. Å utarbeide planframlegget parallelt med driftsplan for massetaket. Det skal utarbeidast ekstern støyrapport, og planframlegget skal utformast i samsvar med tilrådingar i denne, slik at planlagde tiltak kan gjennomførast utan å vere i konflikt med vedtekne støygrenser. Forskrift om konsekvensutredninger (KU-forskrifta) Saka er vurdert etter KU-forskrifta. Med føresetnad om at dei føremåla ein legg opp til er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel, ser ein at planarbeidet ikkje vil vere omfatta av 2. I forhold til 3 c) har vi vurdert saka også etter vedlegg III, med bakgrunn i dei opplysningane som vi kjenner til. Det er vår vurdering at konsekvensane av tiltaket er tilfredsstillande vurdert på kommuneplannivå, ved at det i føresegnene til kommuneplanen er peika på område som vil krevje nærare utgreiing (trafikk). Eid kommune samtykte med denne vurderinga, i oppstartsmøtet. Planen vert dermed ikkje utarbeidd under vilkåra for konsekvensutgreiing og planprogram, jf. pbl 4-1. Konsekvensar med særskilt fokus i planarbeidet På oppstartsmøtet var ein samde om å legge vekt på følgande emne ved utarbeiding av plandokumenta. Biologisk mangfald Friluftsliv Landskap Trafikk, Gang og sykkeltrafikk, Parkering Born og unge sine interesser Kulturminne og kulturmiljø ROS Ureining Støy Geotekniske tilhøve Flaum Nabotilhøve Vassdrag
Nordplan side 5 av 6 Innspel til planarbeidet Det er høve til å kome med innspel/merknader til varsel om planstart. Alle skriftlege innspel vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga. Når eit framlegg til reguleringsplan er utforma, blir dette behandla av Eid kommune med sikte på utlegging til offentleg ettersyn. Det vert høve til å uttale seg til planen også ved offentleg ettersyn. Merknader eller innspel til planarbeidet skal vere skriftlege, og sendast: på e-post til: sg@nordplan.no evt. i brev til Nordplan AS, Perhusvegen 24, 6783 Stryn med kopi til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, eller på e-post: post@eid.kommune.no Frist for innspel er sett til fredag 06.11.2017 Med helsing for Nordplan AS Siri Gausemel Arealplanleggar Kopi til: Norsand AS, post@norsand.no
Nordplan side 6 av 6 Mottakarar: Offentlege instansar: Namn Adresse Postnr/Sta d Fylkesmannen Sogn og Fjordane v/miljøvernavdelinga, landbruksavdelinga og beredskapsavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune v/kulturavd, plan og samfunn og eigedomsavd. Statens Vegvesen Region Vest (1443 6/6) Njøsavegen 2 6863 Leikanger Plan og samfunn Fylkeshuset 6863 Leikanger Askedalen 4 6863 Leikanger NVE Region Vest Naustdalsveie n 1B SFE Nett Bukta 6823 Sandane Telenor kabelnett Postboks 7150 5020 Bergen Direktoratet for mineralforvaltning Eid kommune seksjon for kommunalteknikk Naturvernforbundet Sogn og Fjordane E-post 6800 Førde rv@nve.no fmsfpost@fylkesmannen.no Postmottak.sentraladm@sfj.no Firmapost-vest@vegvesen.no kabelnett@telenor.com mail@dirmin.no post@eid.kommune.no sognfjordane@naturvernforbundet.n o Lokale høyringspartar: Namn Gnr/bnr Leif Jon Nord 4/8, 13 Kolbjørn Reidar Nord 4/18 Eid kommune 4/20, 21 Norsand AS 4/23 og 5/6 Karsten Sørland 4/24 og 5/5 Ole Herman Ludvigsen og Monica Haugland Ludvigsen 5/1 Sogn og Fjordane Fylkeskommune 6/6 Statens Vegvesen region Vest 6/6 Eid Energiverk 57/3