Saksmappenr: 2017/449-6 Arkiv: 201401 Sakshandsamar: Åsulv Aas Saksframlegg Valle kommune Saksnummer Utval Møtedato 81/17 Plan og miljøutvalet 11.07.2017 45/17 Kommunestyret 20.09.2017 2. gangs handsaming av "Detaljregulering for Jarnsverk parkeringsområde-id 201401 Saksprotokoll i Kommunestyret - 20.09.2017 Handsaming: Svenn Magne Brokke ber kommunestyret vurdere sin habilitet då han er ein av dei som står bak reguleringsplanen. Svenn Magne Brokke vart samrøystes funne ugild til å handsame saka og forlot møtet. Tilrådinga vart samrøystes vedteke. Vedtak: Saksprotokoll i Plan og miljøutvalet - 11.07.2017 Handsaming: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Vedtak: Rådmannen tilrår:
Saksutgreiing: 1. Bakgrunn for saka Plankontoret Hallvard Homme AS har på oppdrag for Brokke Aktivitet AS utarbeidd forslag til detaljregulering eit større parkeringsområde ved Jarnsverk attmed fv 337 Brokke-Suleskarvegen. Formålet med planen er å lukke avvik frå gjeldande plan, utvide parkeringsområdet for å dekke etterspurnad etter garasjeplassar, vinterparkeringsplassar for veglause hyttefelt, samt gjeste- og dagparkering. Planen omfattar eit område på 142daa, av dette er 42 daa sett av til parkeringsareal. Ei brei sone (50 100 m) ned mot Fisstøylåni /Myklevassåni er sett av til landbruk, natur og friluftsområde. Varsel om planarbeid vart sendt ut 23.01.2014. Det kom inn fire innspel, som er kommentert i planomtalen (side 11-12). Planen vart av plan- og miljøutvalet vedtatt sendt på høyring den 14.03.17 under sak 37/17. Frist for merknadar vart sett til 08.05.17. Det har kome 4 innspel til høyringa. 2. Kva for verknader har denne saka for utviklinga av Valle kommune? Planen er i samsvar med kommunens langsiktige mål og retningsliner jf. kommuneplan 2016-2028. Ny plan vi utløyse behov for utbyggingsavtale jf. PBL kapittel 17. 3. Tilhøvet til gjeldande planar og lovverk Planen omfattar gnr/bnr 62/315 og del av 62/7. Ny plan vil erstatte «Reguleringsplan for Jarnsverknausen massetak og parkeringsanlegg» planid 80, vedteken 28.06.2006. 4. Vurderingar Merknadar Aust-Agder Fylkeskommune Dato 05.05.17. Seksjon for plan saknar ei grundig analyse av parkeringsbehovet og størelsen på parkeringsplassen. Anbefaler kommunen å sjå på korleis areala kan utformast slik at det i minst mogleg grad blir visuelt utsett. Eit alternativ kan være å setje etappevis utbygging av parkeringsplassen. Fylkesmannen i Aust- og Vest Agder Dato 08.05.17. Rådmannens kommentarar opp til ei trinnvis utbygging. Kommunen har tidlegare gjennomført ei kartlegging med utgangspunkt i planlagt felt for fritidsbustader og vidare parkeringsbehov.
Fylkesmannen vurderer følgeleg at behovet for ein parkeringsplass av ei slik storleik er lite underbygga. Fylkesmannen oppmodar til å knytte rekkefølgje-føreseng til utbygginga av delområda SPA2 og SPA3, som sikrar at desse områda ikkje vert reallisert før ein kan dokumentere behovet. SVV Dato 31.05.17. (etter utsett frist) For å unngå at ikkje området vert dimensjonert utover naudsynt kapasitet, kan ein tydeliggjere den trinnvise utbygginga og utsette bygging av SPA3. Planen vidarefører byggegrense på 20 meter. Det er naudsynt at jordvoll mellom vegen og parkeringsområdet vert slak og ikkje avviser snøen som må leggjast i eit belte langsmed vegen. SVV vil tilrå at ein sett krav til at det utarbeidast ein meir detaljert plan for parkering og gangtrafikk på parkeringsområda. SVV tilrår at dette kjem som eit nytt punkt i føresegna. Det er ønskjeleg at avkøyrselen i den vestre enden vert stengt i barmarksesongen. Tilrår at avkøyrsel til SPA3i søt og veg SKV4 utgår. Når eventuelt SPA3 skal byggjast må ein gjere ein ny vurdering av trafikktilhøva og då avgjere om det er naudsynt med to avkøyrsler. opp til ei trinnvis utbygging. SPA 2 er allereie delvis utbygd. opp til ei trinnvis utbygging. SPA 2 er allereie delvis utbygd. For å avbøte problem med at snø kan rase ned frå jordvollen er føresegnene (Pkt. 1.3.5 a)) endra slik at minimumshøgda på jordvollen er sett til 2,5 m. Det vert ikkje sett krav om detaljert plan for disponering av parkerings- og trafikkområdet. Det er tilføyingar til pkt. 1.3.3 i føresegna som seier korleis dette vert løyst. Det er stilt krav om at SKV2 og SKV4 er stengt i barmarkssesongen (pkt. 1.1.3 a). Frisiktsonene er justert slik at dei ikkje er i konflikt med annan arealbruk. SVV sitt forslag til føresegner er lagt inn i pkt 1.6.1. a) Avkøyrsel SKV4 er ikkje tatt ut men det er stilt rekkjefølgjeføresegner til vurdering av evt. bygging i pkt. 1.1 g). Det er lagt inn to korridorar mellom parkeringsområda der ein kan etablere jordvollar. Det er lov å byggje adkomstveg og gangveg gjennom desse jf. pkt. 1.3.2. b). Område for service og renovasjon er utvida og byggegrensa flytta bort frå hovudinnkøyringa slik at det vert meir opphaldsareal for menneske utanfor trafikkareala.
Alida H Harskamp Dato 21.04.17. Forventer skjerming mot sin hytte (gbnr 64/7) ved andre siden av Fissøylåni/Myklevassåni Det vil ikkje være mogleg å foreta ein ytterlegare skjerming av parkeringsområdet utover det som allereie er lagt inn i planen av jordvollar, og samstundes få til ei skånsam utbygging. Om ein skulle take omsyn til alle omgjevnadane ville jordvollane kring parkeringsområdet bli veldig høge og ruvande. Jordvollar mot elvesida vil i tillegg være til strot hinder for ei hensiktsmessig snøbrøyting. Kommunen har i samråd med forslagstiller innarbeidd i det nye planforslaget, dei oppmodingane til endringar som er satt fram av regionale mynde. Ei trinnvis utbygging saman med skjermingsvoller vil gjere området mindre visuelt utsett og ikkje større enn nødvendig. Planen legg til rette for gode løysingar for å dekke eksisterande og framtidig parkeringsbehov for sumar- og vinterturister, samstundes med at ein får eit betre servicetilbod for turistar og dagsbesøkande, ved at det etablerast eit servicebygg med WC, dusj/garderobe samt renovasjon. Planen må sjåast i ein overordna samanheng og er særs viktig i det at Brokke- Suleskarvegen er vinterstengt vest for parkeringsområdet. Vidare transport for hytteturistar og dagsbesøkande er på snøskoter eller ski/gange. Rådmannen vil med utgagnspunkt i dei endringane som er innarbeidd i planforslaget etter høyringsperioden, tilrå at planen vert vedteke. Valle, den 29.06.2017 Aud Sunniva Fuhr rådmann Åsulv Sveinung Aas rådgjervar 1 Uttale til høyring og offentleg ettersyn til Jarnsverk parkeringsområde 2 Jarnsverk parkeringsområde - uttale til offentleg ettersyn av detaljregulering 3 Alida H Harskamp vedr detaljregulering for Jarnsverk parkeringsområde 4 Fylkeskommunen uttale til høyring og offentleg ettersyn til Jarnsverk parkeringsområde 5 2606 RpDr Føresegner Jarnsverk Parkeringsområde_rev 22.06
6 2606 RpDr Plankart Jarnsverk Parkeringsområde_rev 22.06 7 2606 RpDr Planomtale Jarnsverk parkeringsområde siste_rev 22.02