AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 011/15 Formannskapet 12.02.2015 008/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/37-15/635 K1-025, K3 - &30, GBNR - 12/18 Haakon Skjerdal 57 63 29 71 04.02.2015 Førespurnad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om tilskot til ekstraordinært vedlikehaldsarbeid av eksisterande bygningsmasse på Sogn jord- og hagebruksskule Kort samandrag Fylkestinget handsama i møte 9.-10.12.14 sak 48/14 Sogn jord- og hagebruksskule. Pkt. 3 i vedtaket lyder: Aurland kommune og Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening må innan 31.01.2015 klårgjere om dei vil bidra med tilskot til å finansiere eit slikt ekstraordinært vedlikehaldsarbeid av eksisterande bygningsmasse på Sogn jord- og hagebruksskule om dette blir realisert, og i tilfelle med kor mykje ein vil kunne yte i tilskot. Eventuelle statstilskot vil komme i tillegg. Rådmannen vurderer førespurnaden til å vera av ein så prinsipiell karakter at det er kommunestyret som må ta stilling til han. Sidan kommunestyret ikkje har noko møte før 12. februar, har rådmannen bedt om og fått innvilga ei utsetjing av fristen for å gje tilbakemelding til 13.02.2015. 1
Rådmannen meiner prinsipielt at alt vedlikehaldsarbeid på ein skule kjem inn under drift, og at det er skuleeigar som har ansvaret for dette. Rådmannen kan difor ikkje tilrå at kommunen yter midlar til dette. Rådmannen si tilråding: Kommunestyret meiner prinsipielt at alt vedlikehaldsarbeid på Sogn jord- og hagebruksskule kjem inn under drift, og at det er skuleeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune som har ansvaret for dette. Aurland kommune finn difor ikkje å kunne bidra med midlar til ekstraordinært vedlikehaldsarbeid på SJH. Aurland kommune ber Sogn og Fjordane fylkeskommune om enno ein gong å vurdera Aurland kommune sitt vedtak i sak KS-012/14, om å oppretta ei stifting med føremål å tryggja og utvikla Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) som landbruksskule for økologisk landbruk og berekraftig næringsutvikling i landbruket. 12.02.2015 Formannskapet Framlegg frå Noralv Distad: Sogn Jord- og hagebruksskule ( SJH) skaper verdiar for framtida, som landslinje for vidaregåande opplæring i økologisk landbruk og som eit nasjonalt senter for økologisk landbruk og berekraftig næringsutvikling. Aurland kommune er glad for at skuleeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune no vil sikra framtida for SJH, jfr. vedtak i fylkestinget. Aurland kommune er og glad for løyvinga på statsbudsjettet og den flotte innsatsen som er gjort av venneforeningen VennSJH og Redd Økoskulen for å skaffa støtte og midlar til SJH. Aurland kommune stadfestar at ein vil støtta opprustinga av SJH med inntil 5 millionar kroner. Kommunen sitt primære ønskje er nybygg eller andre langsiktige løysingar. Kommunen vil drøfta med Sogn og Fjordane fylkeskommune og evt. andre aktørar korleis ein kan få størst mogleg effekt av midlane. Endeleg løyving frå Aurland kommune skal godkjennast av kommunestyret. Aurland kommune vil snarast greia ut eit alternativ med samlokalisering barnehage og SJH. Det vert sett av inntil kr. 75.000,- kostnadsdekning konsesjonsavgiftsfondet. Samrøystes 2
FS-011/15 Vedtak: Sogn Jord- og hagebruksskule ( SJH) skaper verdiar for framtida, som landslinje for vidaregåande opplæring i økologisk landbruk og som eit nasjonalt senter for økologisk landbruk og berekraftig næringsutvikling. Aurland kommune er glad for at skuleeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune no vil sikra framtida for SJH, jfr. vedtak i fylkestinget. Aurland kommune er og glad for løyvinga på statsbudsjettet og den flotte innsatsen som er gjort av venneforeningen VennSJH og Redd Økoskulen for å skaffa støtte og midlar til SJH. Aurland kommune stadfestar at ein vil støtta opprustinga av SJH med inntil 5 millionar kroner. Kommunen sitt primære ønskje er nybygg eller andre langsiktige løysingar. Kommunen vil drøfta med Sogn og Fjordane fylkeskommune og evt. andre aktørar korleis ein kan få størst mogleg effekt av midlane. Endeleg løyving frå Aurland kommune skal godkjennast av kommunestyret. Aurland kommune vil snarast greia ut eit alternativ med samlokalisering barnehage og SJH. Det vert sett av inntil kr. 75.000,- kostnadsdekning konsesjonsavgiftsfondet. 12.02.2015 Kommunestyret Tilleggsforslag: Endringsframlegg frå Terje Horvei: 3, siste avsnitt: Aurland kommune legg til grunn at Sogn og Fjordane fylkeskommune tek initiativ til drøftingar med Aurland kommune og eventuelt andre aktørar om korleis ein kan få størst mogleg effekt av midlane. Framlegg frå Moncia Gjesdal Larsen: Siste punkt i framlegget frå formannskapet går ut. RØYSTING Avsnitt 1,2,3 og 4: Samrøystes 3
Avnitt 5: Avsnitt 6: Avsnitt 7: Framlegg frå Terje Horvei: vedteke mot 1 røyst Samrøystes Vedteke mot tre røyster KS-008/15 Vedtak: Sogn Jord- og hagebruksskule ( SJH) skaper verdiar for framtida, som landslinje for vidaregåande opplæring i økologisk landbruk og som eit nasjonalt senter for økologisk landbruk og berekraftig næringsutvikling. Aurland kommune er glad for at skuleeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune no vil sikra framtida for SJH, jfr. vedtak i fylkestinget. Aurland kommune er og glad for løyvinga på statsbudsjettet og den flotte innsatsen som er gjort av venneforeningen VennSJH og Redd Økoskulen for å skaffa støtte og midlar til SJH. Aurland kommune stadfestar at ein vil støtta opprustinga av SJH med inntil 5 millionar kroner. Kommunen sitt primære ønskje er nybygg eller andre langsiktige løysingar. Aurland kommune legg til grunn at Sogn og Fjordane fylkeskommune tek initiativ til drøftingar med Aurland kommune og eventuelt andre aktørar om korleis ein kan få størst mogleg effekt av midlane. Endeleg løyving frå Aurland kommune skal godkjennast av kommunestyret. Aurland kommune vil snarast greia ut eit alternativ med samlokalisering barnehage og SJH. Det vert sett av inntil kr. 75.000,- kostnadsdekning konsesjonsavgiftsfondet Vedlegg: Saksutgreiing til fylkestinget des. 2014 Utgreiinga Verdiar for framtida Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Saksopplysningar Fylkestinget handsama i møte 9.-10.12.14 sak 48/14 Sogn jord- og hagebruksskule 4
og gjorde slikt vedtak: 1. Fylkesrådmannen får i oppgåve å utgreie kva ekstraordinært vedlikehaldsarbeid som kan gjerast på eksisterande bygningsmasse ved Sogn jord- og hagebruksskule innanfor ei økonomisk ramme lik summen av løyving frå fylkeskommunen og ev. tilskot frå Aurland kommune, Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening og ev. andre. 2. Fylkestinget er for eigen del innstilt på å løyve 20,0 mill. kr til ekstraordinært vedlikehald av eksisterande bygningsmasse på Sogn jord- og hagebruksskule. Denne løyvinga må finansierast ved låneopptak. Kapitalkostnadane knytt til eit slikt låneopptak må innarbeidast i framtidige budsjett og økonomiplanar. Det vert løyvd 0,5 mill. kr over budsjett 2015 til kjøp av rådgivingstenester i samband med utgreiingsarbeidet, jf. punkt 1 over. Løyvinga på 0,5 mill. kr vert mellombels finansiert over bufferfondet. Dersom ekstraordinært vedlikehald vert realisert, vil nemnde løyving inngå i det samla låneopptaket. Ein føresetnad for å realisere det ekstraordinære vedlikehaldsarbeidet er at utgreiinga viser at dette kan gje grunnlag for tilfredsstillande og forsvarleg drift på skulen i ein 10-12 års periode. 3. Aurland kommune og Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening må innan 31.01.2015 klårgjere om dei vil bidra med tilskot til å finansiere eit slikt ekstraordinært vedlikehaldsarbeid av eksisterande bygningsmasse på Sogn jord- og hagebruksskule om dette blir realisert, og i tilfelle med kor mykje ein vil kunne yte i tilskot. Eventuelle statstilskot vil komme i tillegg. 4. Fylkestinget vil handsame sak med utgreiing av ekstraordinært vedlikehald på eksisterande bygningsmasse ved Sogn jord- og hagebruksskule i juni 2015. Som oppfølging av fylkestinget sitt vedtak i saka ber fylkesrådmannen om at Aurland kommune og Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening innan vedteken frist (31.01.2015) gjev ei tilbakemelding i høve vedtakspunkt 3, første del. Denne saka handlar om punkt 3 i fylkestingsvedtaket. 5
Bakgrunn for denne saka: Punkt 1 og 2 i KS-12/14 lyder: 1. Aurland kommune tilrår at det med utgangspunkt i det føreliggjande prospektet vert oppretta ei stifting med føremål å tryggja og utvikla Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) som landbruksskule for økologisk landbruk og berekraftig næringsutvikling i landbruket. 2. Aurland kommune er innstilt på å delta som medstiftar med inntil 5 mill. kroner. Handsaming i fylkestinget I sakstilfanget til sak FT 48/14, Sogn Jord- og hagebruksskule - oppfølging av fylkestinget sitt vedtak i sak 48/14 (vedlagt), kan ein m.a. lesa fylgjande på s. 6: Stifting 1. Aurland kommune har tilrådd at det vert oppretta ei stifting med føremål å tryggje og utvikle Sogn jord- og hagebruksskule. Stiftingsalternativet er omtala i saksutgreiinga til FT-sak 14/14. Der heiter det m.a. at fylkesrådmannen «rår sterkt frå at fylkeskommunen går inn som medstiftar slik Aurland kommune ønskjer. Dette fordi ei slik løysing gir lite bidrag økonomisk, medan ho i stor grad avgrensar fylkeskommunen sitt handlingsrom i høve drift og utvikling.» 2. Ei stifting er sjølveigande og har såleis ikkje noko operativt eigarorgan, som tilsvarar general-forsamling for aksjeselskap. Opprettarane av stiftinga kan først og fremst ivareta interessene sine gjennom val av medlemer til styret. 3. I debatten i tilknyting til sak 14/14 viste fylkestinget uvilje mot å organisere skulen som ei stifting. 6
Fylkesrådmannen sin konklusjon i den same saka lyder: Grunna fylkeskommunen sin økonomiske situasjon og manglande ekstern finansiering er det, etter fylkesrådmannen si vurdering, ikkje grunnlag for å arbeide vidare med ei løysing i tråd med alternativ 1 Full utbygging og renovering av bygningsmassen. Alternativ 2 Avvikling av skuledrifta, vil ha store negative konsekvensar både for lokale, regionale og nasjonale omgjevnader, og for dei tilsette. På bakgrunn av dette vil fylkesrådmannen rå til at alternativ 3 Ekstraordinært vedlikehald av eksisterande bygningsmasse vert vidare utgreidd. Dette inneber at det må utgreiast kva ekstraordinært vedlikehaldsarbeid som kan gjerast på eksisterande bygningsmasse ved Sogn jord- og hagebruksskule innanfor ei økonomisk ramme lik summen av løyving frå fylkeskommunen og eventuelle økonomiske tilskot frå andre partar. Fylkesrådmannen rår til at fylkeskommunen, dersom vedlikehaldsalternativet vert realisert, løyver inntil 20 mill. kr til føremålet. Frist for klargjering av om Aurland kommune og venneforeininga vil bidra med tilskot bør setjast til 31.01.2015. Fylkesrådmannen vil rå sterkt i frå at det vert oppretta ei stifting i samband med ev. realisering av vedlikehaldsalternativet, då stifting ikkje medfører økonomiske fordeler og er ei ordning som gir juridiske bindingar og auka administrative kostnader. Dersom utgreiinga viser at den økonomiske ramma ikkje gir rom for å oppfylle kravet om at ein etter at vedlikehaldet er gjennomført kan ha tilfredsstillande og forsvarleg drift på skulen i ein 10-12 års periode, er det fylkesrådmannen si vurdering at vedlikehaldsalternativet ikkje kan realiserast. Fylkesrådmannen vil i så fall meine at framtida for skulen må vurderast. Sak med utgreiing av vedlikehaldsalternativet må leggjast fram for fylkestinget i juni 2015. 7
Utgreiingsarbeidet som skal gjerast er omfattande og må ha høg prioritet for å halde naudsynt framdrift. Fylkesrådmannen meiner det må setjast av 0,5 mill. kr i 2015 til kjøp av rådgivingstenester i samband med utgreiingsarbeidet. Fylkesrådmannen meiner midlane som vert nytta til kjøp av slike tenester må finansierast av den fylkeskommunale ramma på 20,0 mill. kr, om vedlikehaldsalternativet vert realisert. Tilrådinga frå fylkesrådmannen inneber at elevinntaket til skulen hausten 2015 går som normalt. Samandrag av : 1. Skuleeigar SJH (Sogn og Fjordane fylkeskommune) vender tommelen ned for kommunen sitt framlegg til løysing av finansieringsbehova knytte til investeringar på SJH (m.a. oppretting av ei stifting). 2. Skuleeigar SJH føreslær i staden å løyve midlar til ekstraordinært vedlikehald som skal sikre forsvarleg drift på skulen i 10 12 år (jf vedlegg). 3. Skuleeigar SJH ber Aurland kommune (og Venneforeining SJH) klårgjere om dei vil bidra med tilskot til å finansiere eit slikt ekstraordinært vedlikehaldsarbeid av eksisterande bygningsmasse på Sogn jord- og hagebruksskule om dette blir realisert, og i tilfelle med kor mykje ein vil kunne yte i tilskot. Økonomiske konsekvensar Dersom kommunen vedtek å løyve midlar til ekstraordinært vedlikehald på SJH, må desse pengane finansierast over drifta. Vurdering Midlar til vedlikehald går normalt over driftsbudsjettet, og rådmannen finn det svært spesielt at skuleeigar (fylkeskommunen) ber kommunen der skulen er lokalisert om å bidra til dette. Eit anna moment her, er at Aurland kommune sjølv slit med eit etterslep på vedlikehald av eigen bygg- og anleggsmasse på om lag 20 mill kroner. Dersom Aurland kommune likevel skulle ønskje å bidra med midlar til ekstraordinært vedlikehaldsarbeid på SJH, kan ein innfallsvinkel her vera å sjå dette i eit 8
næringspolitisk perspektiv. I kommunedelplan for næring, s. 7, peikar på at utviklingsmoglegheitene innanfor næringslivet m.a. ligg i vidareutvikling av småskala foredling av råvare produsert lokalt kopla opp mot kompetansen på Sogn Jord- og hagebruksskule. Det ville såleis ikkje vera heilt unaturleg å finansiera eit ev tilskot over konsesjonsavgiftsfondet. Eit kommunalt tilskot måtte likevel knytast opp mot ein klar føresetnad av at skuleeigar (Sogn og Fjordane fylkeskommune) bidreg til dette arbeidet med minimum 20 mill kroner. Pr i dag er konsesjonsavgiftsfondet langt på veg bunde opp mot investeringar i Handlingsdel med økonomiplan 2015 18, så eit vedtak i kommunestyret finansiert over dette fondet, vil reint formelt då krevje endringar i dei prioriteringane som alt er vedtekne. Kommunal forskottering av fylkeskommunale tiltak kan vera ein annan måte å løysa denne saka på. Dei siste åra har me hatt to prosjekt som har vorte framskunda og finansierte på denne måten: Rassikring Vassbygdvegen (3,2 mill) Utbetring vegen Vangen Stegastein (6 mill) Låna var rentefrie, og vart etter avtale tilbakebetalt etter om lag fem år. I statsbudsjettet for 2015 er det løyvt 5 mill kroner til SJH, Venneforeninga SJH har pr i dag samla inn vel 800 000 kroner og fylkeskommunen har signalisert at ein vil setja av 20 mill kroner. I tillegg kjem eit tilskot frå Aurland kommune på 5 mill kroner, dette rett nok knytt opp mot at det vert oppretta ei stifting. Det må likevel vera rett å seia at det pr i dag ligg nær 31 mill kroner i SJH-potten. Det verkar både undarleg og lite framtidsretta at det skal brukast så mykje pengar på ei så pass snever tidsramme som 10 12 år. Aurland kommune merkar seg elles med glede at det bles ein vind av velvilje for SJH over landet for tida. Denne velviljen har ikkje kome av seg sjølv, men mest som eit resultat av målretta blestarbeid frå venneforeininga SJH og deira støttespelarar. 9
Inntrykket av velvilje for økofyrtårnet SJH vert ytterlegare forsterka ved den veksande mengda kjeldemateriale som dokumenterer skulen sin eineståande posisjonen, både som utdanningsinstitusjon for heile landet og som ressurs- og inspirasjonssenter innan heilskapleg økologisk landbruk og næringsutvikling (Jf utgreiinga Verdiar for framtida, som er vedlagt denne saka). Dersom kommunestyret vel å yte tilskot til det ekstraordinære vedlikehaldsarbeidet som fylkeskommunen har planar om, vil det vera naturleg å sjå dette som eit tiltak i samanheng med den tidlegare nemnde næringsplanen. I tillegg bør kommunen i det minste oppmode fylkeskommunen sterkt om at dette (arbeidet) har ei innretning som bidreg til å tryggja og utvikla Sogn Jord- og Hagebruksskule som landbruksskule for økologisk landbruk og berekraftig næringsutvikling i landbruket ut over dei 10 12 åra som vedlikehaldet er tenkt å dekka. 10