SOTRA BRANNVERN IKS MØTEBOK Organ Møtedato Saknr. Arkivnr. Saksbeh. Sotra Brannstyre 07.09.2011 22 2011 550.1 Bjørn Olav Paulsen DRIFTSBUDSJETT 2012 Trykte vedlegg: Ingen Saka gjeld driftsbudsjett for 2012 for selskapet. Budsjettet legg opp til brutto auke i tilskotet frå eigarane våre på 2,5 % + eit tillegg for framhald av lærlingeordning. Sjå elles sak 15-2010. Brannsjefen rår styret til gå inn for driftsbudsjettet for 2011 for Sotra Brannvern IKS slik det ligg føre. SAKSOPPLYSNINGAR: Brannsjefen har i arbeidet med driftsbudsjettet for 2012 lagt til grunn følgjande: o Årsbudsjett for 2011. o Varsla auke i sløkkjeavtale (aukar med 3,5 % ) og andel til Alarmsentral Brann Hordaland o Heilårsverknad av lønsoppgjeret frå 2011. o Avsetnad til lønsoppgjeret i 2012 med 3,3 % heiltid 2,9 % deltid Årsaka til skilnaden på heiltid og deltid er at det i deltid ligg inne faste satsar i beredskapsgodtgjersla som ikkje blir justert prosentvis kvart år. 2012 er eit såkalla hovudoppgjer. o Budsjettet blir saldert med å leggje inn ein mindre sum i stipulert renteinntekt, sal av kurs og andre tenester, og bruk av driftsfond o Vi reknar med å driftsmessig gå ut i null i 2011. Det blir difor ikkje budsjettert med inndekning av tidlegare års meirforbruk o Det er budsjettert med ein auke i overføringane frå eigarane på 2,5 %, men så kjem nødvendige tillegg for å vidareføre lærlingeordninga og eit tilpassa Sotra Brannvern Juniorkorps, som gjev ei overføring på 3,5 % samla for alt. Driftsinntekter Sotra Brannvern IKS (SBv.) får i all hovudsak sine driftsmidlar frå følgjande forhold: 1. Overføring frå eigarane utgjer 93,3 % i 2012. 2. Inntekter frå sal av tenester, assistansar, andre refusjonar o.a. utgjer 6,7 % av budsjettet. Finansinntekter- og utgifter Brannsjefen har estimert finansinntekter til ca. 95 000 (0,5 %). Våre renteinntekter vil til ei viss grad følgje den rente Noregs Bank legg seg på, så dersom renta går opp er det grunn til å tru at også våre renteinntekter vil auke noko. I tillegg vil auke i volumet på budsjettet også ha litt positiv verknad på renteinntektene. Vi må rekne med ei viss renteoppgang i 2012. Kort om Prisregulativ for leverte tenester: I regulativet går det fram at Sotra Brannstyre kvart år under behandling av driftsbudsjettet for det komande år, skal fastsette nye satsar for våre leverte tenester. Regulativet blei justert i 2010, og brannsjefen legg ikkje op til justeringar i fram mot budsjettbehandlinga for 2013 (september 2012) Sjå elles eige sak 19-2011 om dette.
side 2 av 6 Vedtak i amu sak 12-2011: Amu rår Sotra Brannstyre til å rå representantskapet til å godkjenne driftsbudsjettet for 2012 Fjell kommune kr 14 808 000 + kr 149 000 (lærlingar og juniorkorps) = kr 14 947 000 Sund kommune kr 3 977 000 + kr 39 000 (lærlingar og juniorkorps)) = kr 4 016 000 Samrøystes vedteken VURDERINGAR: Avdelingane For administrasjonsavdelinga er det budsjettert med renteinntekter. Dette er usikre tall, men vi føler oss rimeleg trygg på å nå 95 000. Vi leiger også ut vårt undervisningslokale, Eldstaden, frå tid til annan. For 2012 budsjetterer vi med dette kr 67 000. Dette er vesentleg høgare enn i 2011, men erfaringstal viser at det er stor interesse for å leige lokalet. Vi kan elles merke oss at kostnader til konsulenttenester (KS-bedrift, økonomitenester, it-tenester, KOMTEK-database, bedriftshelseteneste) aukar noko. SBV vil også i haust gå over til eit elektronisk hms-system, og har inngått avtale med HMS-kontoret om programvare og serverfunksjon for dette. Fellesnemnaren er at avdelingane i stor grad held dei vanlege driftskonti til utstyr, energi, reinhald, samband etc. på om lag same nivå som for 2010. Under er vist ein tabellarisk framstilling av budsjettet fordelt per avdeling og funksjon Tal i heile kr 1 000 Bud Bud Endring Endring Merkn. 2012 2011 i kr i % Administrasjonsavdeling (funk. 1200) 2 259 2 189 +70 + 3,2 % Feiing og tilsyn (funk. 3380) 2 819 2 864-45 - 1,6 % 1 Førebyggande avdeling (funk. 3381) 2 453 2 352 + 101 + 4,3 % 2 Lærlingar (funk. 3382) 213 0 + 213 1 Beredskapsavdeling (funk. 3390) 12 224 12 150 + 74 + 0,6 % - Skogsskiftet brannstasjon 3 449 3 419 + 30 + 0,9% - Ågotnes brannstasjon 8 775 8 731 + 44 + 0,5 % Oljeverndepotet (funk. 3391) 363 385-22 - 5,7 % 3 Brutto driftsbudsjett 20 331 19 940 + 391 +2,0 % Inntekter og refusjonar 1 368 1 613-245 - 15,2 % Netto driftsbudsjett 18 963 18 327 + 636 + 3,5 % Tilskot frå eigarane 18 963 18 327 + 636 + 3,5 % 4 1. Det er oppretta ein eigen funksjon for lærlingekostnadar. Dette forklårar reduksjonen i funk. 3380 2. Inklusiv Sotra Brannvern Juniorkorps med nettoverknad kr 30 000 3. Har inga praktisk avgjerd for kostnaden for SBV. sidan dette i sin heilskap blir dekt av Kystverket 4. Gjeld dersom ein vedtek framhald av lærlingeordninga og Sotra Brannvern Juniorkorps
side 3 av 6 Netto auke i driftsbudsjettet er kr 637 000. Ei auke på 3,3 % i forhold til 2011. Feie- og tilsynstenesta er avgiftsfinansiert og då blir nettokostnad for eigarane som følgjer: Eigar Andel Innbyggjartal Bruttokostnad Fråtrekk Nettokostnad* per 01.01.2009 (eigarane sitt driftstilskot) Fjell 78,48 % 1 21 507 14 947 2 206 12 768 2 Sund 21,52 % 5 899 4 016 598 3 418 2 1 Andelen er reelt sett noko høgare fordi Fjell kommune svarar for ein større del av lånet til kjøretøy. 2 Summen er inklusiv framhald av lærlingeordninga og Sotra Brannvern Juniorkorps. Estimert kostnad for Sotra Brannvern Juniorkorps er netto kr 30 000 for 2012. Figuren til høgre viser fordeling av kostnader til dei respektive avdelingane. I prosent utgjer dette: - brannførebygging inkl. feiing og tilsyn med fyringsanlegg og lærlingar: 27,0 %. - beredskap inkl. oljeverndepot: 61,9 % - administrasjonsavdelinga: 11,1 %. 61,9 % 11,1 % Driftsbudsjett SBv 2012 (tal i kr 1 000) 27,0 % 338 - Brannførebygging inkl. feiing 339 - Beredskap inkl. oljeverndepot 120 - Administrasjon Vi har eit klart mål om å vere lærebedrift innan feiarfaget i åra som kjem. Dette er eit positivt signal til dei som ønskjer å ta ei utdanning innan dette fagfeltet, og særleg for dei ungdommane som ønskjer å ta utdanninga lokalt. Det er lærerikt for vår organisasjon å ha lærlingar, men diverre også ei kostnad. Vi har inngått lærekontrakt med ein lærling som tok til i september 2010. Intensjonen var opphavleg å ta inn ein ny lærling til hausten 2011, men vi har avventa dette av fleire årsaker. Nytt i 2012 er at vi har etablert ein eigen funksjon for lærlingar 3382. I denne funksjonen ligg inne utgifter i samband med lærlingeordninga. For 2012 er desse budsjettert til kr 213 000. Av dette må eigarane finansiere kr 148 000 (fordelt med kr 32 000 frå Sund kommune og kr 116 000 frå Fjell kommune). Kostnaden aukar etterkvart som lærlingane kjem lengre i sitt lærelaup. Vår erfaring er at det er lærerikt, både for lærlingane, men også for organisasjonen, at det blir teken inn ein ny lærling når den første har gått eitt-to år. Vi tek ikkje inn ein lærling i 2011, men reknar med å ta inn ein ny lærling i 2012. Slik sikrar vi både lærlingekontinuitet, og at lærlingane lærer av kvarandre. Lærlingane går tre år i lære hos SBv.
side 4 av 6 Nettokostnad for ein lærling er omlag kr 400 000 fordelt over tre år. En naturlig lærlingepool for SBv. vil være som følgjer: Lærlingeplan Sotra Brannvern IKS År 2012 2013 2014 2015 2016 2017 Månad Månad Månad Månad Månad Månad Lærling 1-8 9-12 1-8 9-12 1-8 9-12 1-8 9-12 1-8 9-12 1-8 9-12 A 1 1 1 1 1 1 B 1 1 1 1 1 1 C 1 1 1 1 1 1 D 1 1 1 1 1 Sum lærl. 1 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 Estimert årskostnad (i kr 1 000) Moment 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Lønn 208 324 260?? Utstyr og opplæring 113 132 149?? Stønad -63-126 -126-126?? Estimert nettokostnad?? Kostnad for eigarkommunane (tal i heile kr 1 000) Kommune 2012 2013 2014 2015 2016 2017 Fjell 116?? Sund 32?? Løna til ein lærling er ei prosentvis sats av grunnløn for ein fagarbeidar. Ver difor merksam på at tala nok er nok usikre sidan ein ikkje veit kva lønsutvikling ein fagarbeidar får når ein planlegg over så vidt mange år fram i tid. Vi har lagt til grunn ein generell lønsvekst på å 3,0 %. Nytt tiltak: I det vidare vil brannsjefen gjere greie for eit prosjekt som SBv. ønskjer særskilde driftsmidlar til: Sotra Brannvern Juniorkorps Dette prosjekt blei først lansert som eit prøveprosjekt 2010 2011. Eit pilotporsjekt som, så langt vi veit, ikkje har sitt like i Noreg. SBV fekk kr 30 000 i stønad frå Gjensidigestiftelsen, mens resten blei teken over eiga driftsbudsjett. Det blei også inngått ein særskilt avtale om løn for instruktørar som barre gjeld dette prosjektet. Førebyggjande avdeling har no evaluert prosjektet og fått tilbakemeldingar frå både barna, foreldre/føresette, instruktørar og leiargruppa ved SBV. Hovedkonklusjonen er at dette var særs vellukka og særs arbeidskrevjande.
side 5 av 6 Vi gjekk høgt ut på bana, med eit ambisiøst opplegg, og merke at det var mykje arbeid. Dei tilbakemeldingane vi har fått både frå barna, foreldre/førsette, instruktørar og får fagtidsskrifte Brannmannen, er at opplegget var: godt planlagt ambisiøst innhaldsrikt lærerikt spanande Sjå elles sak 21 2011 for meir informasjon om evalueringa av prosjektet. Leiargruppa har samla inn informasjon og trekt den konklusjon at eit modifisert opplegg har livets rett. Tanken er å leggje opp til ein noko enklare modell, med færre samlingar og noko færre barn. Vi spissar dei viktige områda og fjernar ein del tema. Sett krav til oppmøte m.m. Det er likevel klart at dette går utover dei direkte lovpålagte oppgåvene vi har, og brannsjefen har så stramme rammar at det ikkje kan prioriterast å ta driftsmiddel til dette opplegget frå den generelle drifta. For 2012 er det budsjettert med 2,5 % auke i overføringane frå eigarane. Dette dekkjer berre kostnadar til den ordinære drifta, utan lærlingar og juniorkorps. Tillegget for lærlingar og juniorkorps vil vere kr 178 000 netto for eigarane våre. (kr 148 000 for framhald som lærebedrift og kr 30 000 for juniorkorpset) Brannsjefen legg til at juniorkorpsprosjektet vårt har vakt interesse over heile landet, m.a. med ein fin artikkel i fagtidsskriftet Brannmannen, og fleire føl difor med på om Fjell og Sund kommunar tek seg råd til eit framhald av denne opplæringa, om enn i ein noko endra utgåve. Oppsummering: Tabellane under viser kostnadseffektar for dei ulike tiltak. SBV treng eit tilskot frå eigarane på samla kr 18 785 000 for framhald av drifta utan lærlingeordning eller juniorkorps. Dette utgjer i så fall ei auke på 2,5 % i forhold til 2011. Dersom eigarane vel å halde fram med lærlingeordninga og juniorkorpset treng SBV i tillegg kr 178 000 fordelt på kr 147 000 frå Fjell kommune og kr 39 000 frå Sund kommune. Samla sett kr 18 963 000. Driftstilskot Lærlingar Juniorkorps Totalt inkl. tillegg Fjell kommune Kr 14 808 000 Kr 116 000 Kr 23 000 Kr 14 947 000 Sund kommune Kr 3 977 000 Kr 32 000 Kr 7 000 Kr 4 016 000 Tabell 1
side 6 av 6 Fjell kommune utan framhald lærlingeordning og Sotra Brannvern Juniorkorps Kr 14 808 000 Sund kommune utan framhald lærlingeordning Kr 3 977 000 Tabell 2 Fjell kommune med framhald lærlingeordning og Sotra Brannvern Juniorkorps Kr 14 947 000 Sund kommune med framhald lærlingeordning og Sotra Brannvern Juniorkorps Kr 4 016 000 Tabell 3 Brannsjefen gir følgjande INNSTILLING Sotra Brannstyre rår representantskapet til å godkjenne driftsbudsjettet for 2012 Fjell kommune kr 14 808 000 + kr 149 000 (lærlingar og juniorkorps) = kr 14 947 000 Sund kommune kr 3 977 000 + kr 39 000 (lærlingar og juniorkorps) = kr 4 016 000 VEDTAK Sotra Brannstyre rår representantskapet til å godkjenne driftsbudsjettet for 2012 Fjell kommune kr 14 808 000 + kr 149 000 (lærlingar og juniorkorps) = kr 14 947 000 Sund kommune kr 3 977 000 + kr 39 000 (lærlingar og juniorkorps) = kr 4 016 000 Samrøystes vedteken. Sotra Brannvern IKS 07.09.2011 Bjørn Olav Paulsen brannsjef Rett utskrift Kopi til