VÅR DATO VÅR REFERANSE 1 10.07.2017 2017/16845 DYKKAR DATO 28.04.2017 VÅR SAKSHANDSAMAR Ingeborg Sofie Hansen tlf 459 74 409 DYKKAR REFERANSE VOLDA KOMMUNE Stormyra 2 6100 VOLDA Att. Oddbjørg Langøy Samtykke til gjennomsnittsutrekning av alminneleg arbeidstid etter arbeidsmiljøloven 10-5 tredje ledd og 10-12 sjuande ledd Volda kommune, butenesta for funksjonshemma, avdeling Sevrinhaugen Arbeidstilsynet visar til søknad datert 28. april 2017, tilleggsopplysningar mottatt 19. juni 2016 og telefonsamtale 10. juli 2017. Om søknaden Volda kommune, butenesta for funksjonshemma, avdeling Sevrinhaugen, organisasjonsnummer 939 760 946, søkjer om samtykke til ein arbeidstidsordning som fråvik arbeidsmiljøloven (aml.) krav til arbeidsfri i 10-8 første ledd og grensa på 13 timar i aml. 10-5 tredje ledd. Søknadsperioden er på tre veker, frå 17. juli 2017 til 6. august 2017. Kommunen er bunden av tariffavtale, men har ikkje inngått avtale om forkorta arbeidsfri med arbeidstakarane sin tillitsvalde etter aml. 10-8 tredje ledd. Søknaden gjeldt ni personar, namngjeven i søknaden, som skal yta hjelp i forbindelse med aktivitetar for brukarane i sommarferien. Arbeidstidsordninga inneber: Lengste daglege skiftlengde er 13,5 timar. I løpet av vaktene på 13,5 timar har arbeidstakarane to pausar på 30 minutt. Arbeidstakarane står til arbeidsgjevar sin disposisjon i pausane. Gjennomsnittleg alminneleg arbeidstid i løpet av åtte veker varierer mellom arbeidstakarane, men ut i frå vedlagt arbeidsplan overstig ingen 48 timar. Gjennomsnittleg alminneleg arbeidstid i løpet av 26 veker varierer mellom arbeidstakarane, men overstig ikkje 36 timar. Arbeidstidsordninga oppfyller ikkje kravet til elleve timar dagleg arbeidsfri, jf. aml. 10-8 første ledd. Arbeidsplanen inneber nattarbeid og søndagsarbeid. POSTADRESSE E-POST TELEFON ORGANISASJONSNR Postboks 4720 Torgard post@arbeidstilsynet.no 73 19 97 00 974771748 7468 TRONDHEIM INTERNETT Noreg www.arbeidstilsynet.no
VÅR REFERANSE 2 Grunngjeving for søknaden Når brukarane har sommarferie tilbyr verksemda aktivitetar utom det vanlege til dei som ynskjer det. Dette kan til døme vera tur til Jazzfestivalen i Molde. Aktivitetane inneber ofte lang reisetid. Det er derfor naudsynt med langvakter for å sikra at både brukarar og tilsette har ein positiv og trygg oppleving utan tidspress. Arbeidstidsordninga er ynskt av arbeidstakarane som er omfatta av søknaden. Verksemda si skildring av arbeidet Det er tre tilsette med på kvar tur. Desse skal hjelpe fire til seks brukarar med ulike hjelpebehov. Det er varierte arbeidsoppgåver ettersom kva behov brukarane har. Arbeidsoppgåvene omfattar blant anna fysisk hjelp til å stå opp, personleg hygiene, hjelp til transport til og frå aktivitetar og fysisk hjelp til å legge seg når dagen er over. Den fysisk tyngste oppgåva er å hjelpe ein rullestolbrukar med personleg hygiene morgon og kveld, men situasjonen er tilrettelagt ved at ein har personløftar eller ved at det er to tilsette til stades. Andre arbeidsoppgåver kan til dømes vera verbal rettleiing og førebuing av måltid. Hovudoppgåve er å skape tryggleik rundt brukarane ved å vera til stades. Verksemda sender av denne grunn berre trygge og kjende tilsette med på turane. Det er lagt fram referat frå drøftingsmøte med tillitsvalde. Rettsleg grunnlag og Arbeidstilsynet si vurdering Vilkår for arbeid om natta og søndagar Arbeidstidsordninga inneber arbeid om søndagar, samt arbeid etter klokka 21:00. Arbeid etter klokka 21:00 vert rekna som nattarbeid, jf. aml. 10-11 første ledd. Arbeid om natta og om søndagar er ikkje tillat med mindre «arbeidets art gjør det nødvendig», jf. aml. 10-10 andre ledd og 10-11 andre ledd. Arbeidet går ut på å hjelpa funksjonshemma brukarar i forbindelse med utflukter i sommarferien. Arbeidstilsynet finn derfor at vilkåra for arbeid om natta og på søndagar er oppfylt. I kva grad arbeidstidsordninga kan vurderast som forsvarleg, er behandla under i punktet Krava om forsvarleg arbeidstidsordning. Timegrensa for gjennomsnittsutrekning Alminneleg arbeidstid må ikkje overstiga ni timar i løpet av 24 timar, og 40 timar i løpet av sju dagar, jf. aml. 10-4 fyrste ledd. Dersom det er behov for lengre arbeidstid, er det mogleg å gjennomsnittsutrekne arbeidstida. Gjennomsnittsutrekning vil seie at arbeidstakarane kan ha lengre arbeidsdagar i visse periodar, mot kortare arbeidsdagar i andre periodar, utan at arbeidstakaren får auka den samla arbeidstida. Arbeidstilsynet kan gje samtykke til gjennomsnittsutrekning av den alminnelege arbeidstida, jf. aml. 10-5 tredje ledd. Den samla arbeidstida kan likevel ikkje overstige 13 timar i løpet av 24
VÅR REFERANSE 3 timar, og 48 timar i løpet av sju dagar. I løpet av ein periode på 26 veker må gjennomsnittleg alminneleg arbeidstid ikkje overstige alminneleg arbeidstid etter aml. 10-4. Som det går fram av punktet «Om søknaden» overstig ikkje gjennomsnittleg alminneleg arbeidstid i løpet av 26 veker grensa i 10-4. Krava til avvikande arbeidstidsordning etter aml. 10-12 sjuande ledd Arbeidsplanen det er søkt om legg opp til vakter på inntil 13,5 timar, og inneber forkorta dagleg arbeidsfri ned til 9,5 timer i løpet av 24 timer. Dette inneber brot på grensa på 13 timar dagleg arbeidstid, og brot på kravet til elleve timar arbeidsfri i løpet av 24 timar. Arbeidstilsynets kan samtykke til avvikande arbeidstidsordningar i tilefeller som gjeldt helseog omsorgssektorane, samt vakt- og overvakingsarbeid, der arbeidet «helt eller delvis er av passiv karakter», jf. aml. 10-12 sjuande ledd. Vidare er det ein føresetnad for samtykke at arbeidstakarane er sikra kompenserande kvile eller anna passande vern. Det er også krav om at dei tilsette må ynskje å gå arbeidstidsordninga, sjå Ot.prp. nr. 91 (2005 2006) side 13. Spørsmålet er om vilkåra for samtykke til avvikande arbeidstidsordning etter aml. 10-12 sjuande ledd er oppfylt. Det er klart at kravet til at arbeidet må vera knytt til helse- og omsorgsarbeid er oppfylt i denne saka. Vidare går det fram av søknaden at arbeidstidsordninga berre vert nytta av tilsette som ynskjer den. Heilt eller delvis av passiv karakter Arbeidstilsynet vurderer først om arbeidet under vaktene på 13,5 timar kan vurderast som arbeid av «helt eller delvis (...) passiv karakter». Kravet om at arbeidet skal vera «helt eller delvis (...) av passiv karakter» tilseier at Arbeidstilsynet kan samtykke ut frå ei heilskapleg vurdering av arbeidet. Arbeidet vil for eksempel vera av passiv karakter i dei tilfella arbeidet krev at arbeidstakarane er til stades, men gjev rom for søvn og rolege periodar. Grada av passivitet må vurderast ut frå kor mykje arbeidstidsordninga fråvik frå reglane i arbeidsmiljølova, jf. Ot.prp. nr. 91 (2005 2006) side 13. Sidan det er tre tilsette med på kvar tur, vert det lagt til grunn at dei tilsette har anledning til å avlaste kvarandre i løpet av langvaktene. Det er opplyst at arbeidstakarane i løpet av langvaktene har passive periodar til dømes ved ferjeturar, måltidssituasjonar og når brukarane har gått til ro om kvelden. Verksemda legg til grunn at omlag tre timar av vakta består av passive periodar. I tillegg har arbeidstakarane ein time pause. Dette inneber at fire av 13,5 timar består av pausar og passive periodar. På bakgrunn av opplysningane vurdere Arbeidstilsynet det slik at vilkåret om at arbeidet må vera av «delvis» passiv karakter er oppfylt.
VÅR REFERANSE 4 Kompenserande kvile «Kompenserende hvile» er dei tilfella der mindre arbeidsfri i enkelte periodar vert kompensert med tilsvarande fri i andre periodar. EU-domstolen har uttalt seg om tolkinga av dette omgrepet slik det er skrive i Arbeidstidsdirektivet, sjå sak C-151/02 Jaeger. Dommen slår fast at den kompenserande kvileperioden må fylgje direkte etter den arbeidsperioden den har til formål å kompensere for. Ved avvik frå kravet til dagleg arbeidsfri, skal den kompenserande kvileperioden i prinsippet avviklast som ein samanhengande periode tilsvarande den aktuelle reduksjonen i dagleg arbeidsfri. Kvileperiodar som vert avvikla på andre/seinare tidspunkt utan samanheng med den arbeidsperioden som er forlenga, vert ikkje rekna som kompenserande kvile i denne samanheng. Arbeidstilsynet har i sin praksis lagt til grunn at reglane for redusert arbeidsfri opnar for to arbeidsperiodar med redusert arbeidsfri etter kvarandre. Arbeidstakaren må så få kompenserande kvile direkte etterpå. Dette inneber at etter arbeidsperiode nummer to er avslutta skal arbeidstakar ha sin ordinære daglege arbeidsfri på elleve timar. I tillegg skal arbeidstakar ha kompensert time for time den arbeidsfri som vart forkorta mellom arbeidsperiode nummer ein og to. Det går fram av arbeidsplanane at ingen av arbeidstakarane har meir enn ein periode med forkorta arbeidsfri i løpet av søknadsperioden. Vidare er arbeidsplanen lagt opp slik at arbeidstakarane tar igjen den reduserte arbeidsfri perioden den direkte påfølgande friperioden. På denne måten er arbeidstakarane sikra kompenserande kvile. Då kravet til kompenserande kvile er oppfylt, vert ikkje vilkåret om «annet passende vern» vurdert. Vilkåra i aml. 10-12 sjuande ledd er oppfylt. I tillegg må kravet til forsvarleg arbeidstidsordning i aml. 10-2 første ledd vera oppfylt. Krava om forsvarleg arbeidstidsordning Arbeidsmiljølova stiller et generelt og overordna krav om at arbeidstidsordninga må vera forsvarleg, jf. aml. 10-2 første ledd. Kravet gjeld uavhengig av kva arbeidstidsordning det vert arbeida etter. Spørsmålet er om arbeidstidsordninga sikrar helsa, velferda og tryggleiken til arbeidstakarane på ein forsvarleg måte, sjå 10-5 tredje ledd, jf. 10-2 første ledd. Arbeidstakarane skal ikkje ha arbeidstidsordninga som ein fast ordning, men berre for ein kortare periode på tre veker. Noko av arbeidet inneber til ein viss grad fysiske belastningar i forbindelse med å hjelpa rullestolbrukar og transport av brukarar, men det vert nytta hjelpemiddel for å dempa belastninga. Arbeidet består i hovudsak av å vera til stade for brukarane i forbindelse med ferieaktivitetar. I tillegg er det tre tilsette med på kvar tur, slik at dei kan avlaste kvarandre. Vidare består omlag fire timer av langvaktene av pausar og passiv tid.
VÅR REFERANSE 5 Arbeidstilsynet er derfor kome fram til at arbeidstidsordninga sikrar helsa, velferda og tryggleiken til arbeidstakarane på ein forsvarleg måte, sjå 10-5 tredje ledd, jf. 10-2 første ledd. Vedtak 1. Arbeidstilsynet samtykker til arbeidstidsordninga det er søkt om. 2. Samtykket gjeldt i perioden 17. juli 2017 til og med 6. august 2017 for ni tilsette, namngjeven i søknaden, som skal hjelpa brukarar i samanheng med ferieaktivitetar i sommarferien. Klage De kan klage på dette vedtaket jf. forvaltningslova 28. Fristen for å klage er tre veker frå de får dette brevet. For nærare informasjon om klageinstans, framgangsmåte ved klage og retten til å sjå dokumenta i saka, sjå www.arbeidstilsynet.no/klage. Informasjon til tillitsvalt Arbeidstilsynet ber om at dette brevet vert gjort kjent for tillitsvalt/tilsette sin representant i tråd med aml. 18-6 åttande ledd. Behov for meir informasjon? De finn meir informasjon om Arbeidstilsynet og krav til arbeidsmiljøet på www.arbeidstilsynet.no, eller de kan kontakta oss på telefon 73 19 97 00. Vi ber om at det blir vist til vår referanse 2017/16845 ved seinere kontakt eller korrespondanse i denne saka. Med helsing Arbeidstidseininga Christine Due Sivertsen avdelingsleder (sign.) Ingeborg Sofie Hansen rådgiver (sign.) Dette brevet er godkjent elektronisk i Arbeidstilsynet og har derfor ingen signatur