Kvalitetsmelding for Skodjeskulen

Like dokumenter
SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Bente Glomset Vikhagen Arkiv: 430 A20 Arkivsak nr.: 10/440

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Ungdomstrinnsatsinga

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Erfaringsdeling

Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr.: 12/ OPPVEKST - SKULEEIGARRAPPORTEN OM TILSTANDEN I SULASKULEN

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Rapport om måloppnåing og disponering av tildelte prosjektmidlar Høyangerskulen 1-13

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår)

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Hå kommune Vigrestad storskule

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Strategisk Plan Ytre Arna skule

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

SAKSFRAMLEGG. Oppvekst - Skuleeigarrapporten om tilstanden i Sulaskulen

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

Ny skole Dovre - eit styrkingstiltak i grunnskolen

1. Beskriv målet/måla

Tysværvåg barne- og ungdomsskule

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Elev- og lærlingombod i HFK

Ørskog Ørskog. Årsverk for undervisningspersonale 30,0 26,8 27,9 26,5 28, ,5

PPT no og i framtida.

Rådmannsutvalet Førde

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Årsmelding Tellnes skule 2017

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Plan for overgangar. for barn og unge

Pedagogisk plattform

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kvalitetsmelding for 2015

Årsmelding Fitjar Fagskule Helsefag- Eldreomsorg deltid over 2 år.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Årsmelding for Urhei barnehage

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Årsmelding Bjorøy skule 2016

Saman om Ørstabarnehagen

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Årsmelding Misje skule 2018

Arsmelding Valen skule

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

Transkript:

Kvalitetsmelding for Skodjeskulen Kvalitetsmeldinga skal gjev ei oversikt over: 1. Fakta og resultat i Skodjeskulen 2. Vurderingar kring fakta og resultat 3. Målsetjingar 4. Satsingsområde og kompetanseheving 2013/2014 5. Styringsdialog- møteplassar for dette 6. Felles kommunale Planar og retningslinjer i Skodjeskulen Kvalitetsmeldinga og kvalitetssystemet byggjer på ein filosofi om at kvalitet i skulen vert utvikla gjennom dialog og medskaping på mange nivå i organisasjonen. Det er når vi snakkar saman vi utviklar felles kunnskap om skulen. Det er her vi kan signalisere forventningar til kvarandre som skaper motivasjon for endring og utvikling. Kvalitet i skule kan ikkje «vedtakast». Sjansen for å vidareutvikle kvaliteten aukar betrakteleg dersom vi innser at den må «skapast» gjennom dialog. Denne «styringsdialogen» må skje mellom komunestyret og skuleleiing, mellom rådmannsnivå og skule, mellom skuleleiing og lærarar, og mellom skule og føresette. Systemet er ein del av det overordna styringssystemet i Skodje kommune. Dette inneber at vi nyttar dei same målområda som i styringssystemet ( verksemdsplanar og årsmeldingar): Samfunn, medarbeidarar/ organisasjon, tenestemottakarar, økonomi. Overordna mål for grunnskule nedfelt i kommuneplanen sin samfunnsdel: Skulen i Skodje ønskjer å arbeide mot felles mål, og samstundes ivareta den einskilde skule sin identitet og utviklingspotensiale. Det overordna målet for grunnskulen i Skodje er å skape eit utviklande og trygt oppvekst og læringsmiljø. Ein vil skape ein framtidsretta skule for alle - med blikk for den einskilde.

1. FAKTA OG RESULTAT I SKODJESKULEN Å seie noko om status i skulen krev både teljing og forteljing. Med andre ord må vi både rapportere, men og ha dialog. Det er gjennom dialog at tala vi rapporterer vert sett i samanheng med kvarandere og gjev meining. I denne kvalitetsmeldinga vil vi difor synleggjere nokre tal, men og nokre forteljingar i form av bilete som vi representerer områder og aktivitetar i skulen som er viktig å formidle, men kan vere vanskeleg å måle. SKULE Skodje 2012 Gj.snitt land SAMFUNN Skodje 2012 Gj.snitt land Implementere «entreprenørskapsløype» i alle skular Fast program i U sk 2 barneskular har testa ette av programma Prosjektveke Skodje Voi MOT Zippys venner Delvis gjennomført i alle skular Fast-Ungdomstrinnet Fast-Barnetrinnet MEDARBEIDAR Sjukefråver Antall lærarar i heiltidsstilling 64,7 61,6 Andel lærarar med univ/ høgskuleutdanning og pedagogisk utdanning 88,2 87 Tilsette over 60 16,2 12 Medarbeiderkartlegging-resultat U trinn: 4.6 B.trinn: 4.5 U.trinn 4.5B trinn: 4.5 TENESTEMOTTAKARAR/TENESTEK VALITET Foreldreundersøking Resultat ligg som vedlegg Elevundersøking: Nasjonale prøver lesing, rekning og engelsk 5. og 8. trinn resultat ligg som vedlegg Resultat legg som vedlegg Grunnskulepoeng 40,5 40,0 Gjennomsnittleg gruppestorleik 1.- 10. trinn 12,8 13,4 Andel elever i grunnskolen som får spes.ped undervisning 1.-4. trnn 9,5 5,7

Andel elever i grunnskolen som får spes.ped. 14.2 9,8 undervisning 5.- 7. trinn Andel elever i grunnskolen som får spes.ped undervisning 8.- 10. trinn 17,3 11,2 Andel lærartimar til spes.pes undervisning av totalt antal lærartimar ØKONOMI 16,2 18,3 Netto driftsutgifter til grunnskule i prosent av 26,9 25,5 samla netto driftsutg( prioritering) Korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, skolelokaler og skoleskyss,per elev( produktivitet 88703 91852 Opning av Gomerløa. (Grindløe sett opp av elevar frå Skodje ungdomskule) Voi Primary- Skodje kommune sin vennskapsskule i Kenya

Skodje barneskule i Gomersamling Læring og trivsel ved Stette skule Elevar ved Valle skule lagar heimelaga pølse

2. VURDERINGAR SAMFUNN: skulen i samfunnet Skulane i våre tre grunnkrinsar har ei viktig rolle i utviklinga av lokalsamfunnet og i identitetstviklinga til kvar enkelt elev. For samtlege barn i Skodje er skulen ein av dei viktigaste arenaene for sosialisering, kunnskap og forståing for lokale og globale perspektiv. I ei kommune med sterk vekst og mange tilflyttarar er dette spesielt viktig at skulen arbeidet med kjennskap til lokalsamfunnet for å skape ei kjensle av å høyre til. Å løfte blikket mot andre land og andre kulturar er også viktig i Skodjeskulen. Gjennom kjennskap til andre ser ein seg sjølv betre. Slik kan utvikling av lokal identitet og globalt ansvar positivt forsterke kvarandre Til dømes arbeider vi med å implementere Entreprenørskapsløypa i alle skular. Dette er eit program som gjev kunnskap om og innsikt i vårt eige lokalsamfunn, men og i eit større perspektiv, nemleg korleis vi samhandlar med andre land i Europa. Skulen i Skodje en vennskapsskulen med Voi Primary i Voi/ Kenya. Det er utvikla ein felles plan for å bevare vennskapet mellom dei to skulane. Ein viktig milepel er den årlege prosjektveka i Skodje og i Voi, der to årstrinn har globalt miljøperspektiv og kunnskap om kvarandre sine samfunn på dagsorden. Veka skal resultere i eit «produkt ( film, powerpoint ell) som vert utveksla mellom Skodje og Voi. Produkta av veka vert presentert for elevar og lærarar i ei «Gomersamling» Prosjektveka er godt implementert i Voi Primary, som i tillegg har involvert 9 andre skular i Voi i same prosjekt. Skodjeskulen har, gjennom dette vennskapet ein unik sjanse til å få mål i læreplanen til å verte praktiske og meiningsfulle for elevane. MOT i ungdomskulen er ein viktig del av det sosialpedagogiske arbeidet i Skodjeskulen. Skodje kommune er og «eit lokalsamfunn med MOT. Frivillinge lag og organisasjonar vert skulerte i MOT gjennom dette programmet. Dette betyr at elevar kan møte same «filosofien» på andre arena enn i skulen. Dette forsterkar bodskapen bak programmet. På barnetrinnet har Zippys venner og trivselsleiaraprogrammet ein liknande funksjon som MOT på ungdomstrinnet. Målet er å førebyggje mobbing gjennom å gje barn ei trygg sjølvkjensle.

TENESTEMOTTAKARAR: Elevar og foreldre i skulen Grunnskulepoeng i Skodjeskulen over dei 4 siste åra syner at vi ligg på landsgjennomsnittet i score. Dersom vi går nærmare inn i resultat knytt til dei spesifike nasjonale prøvene viser desse at vi over tid har scora lågare enn landsgjennomsnittet i lesing på mellomtrinnet (nasjonale prøver 8.trinn) Dette er vi ikkje nøgde med. Vi bør ta mål av oss om at færre elevar befinn seg på dei to lågaste nivåa i testen. Systematisk arbeid med profesjonsutvikling med fokus på metodar for lesestrategiar og forståing av fagtekstar har difor blitt vedteke som eit eige samtingsområde i tida framover. Foreldreundersøkinga 2012 viste at foreldre i Skodjeskulen er godt fornøgde på dei fleste område. Godt skulemiljø og gode resultat er eit fellesprosjekt mellom skule og heim. Skulene rfarer at foreldra si rolle i dette arbeidet er uvurderleg. Vi ønsker difor å arbeide meir med å avklare forventningar mellom heim og skule, då vi ser i foreldreundersøkinga at for mange svarer at dette er uklart. Med bakgrunn i dette er det utarbeida ein plan for samarbeid mellom heim og skule. Spesialpedagogisk undervisning i Skodje kommune har ein annan «profil» enn landsgjennomsnittet. Vi har ein høg andel elevar med vedtak om rett til spesialundervisning. Antal lærarimar knytta til spes.ped. av totalt antal lærartimar er derimot lågt. Dette tyder på ein praksis der vi tildeler få timar til mange. Profilen vår syner og at talet på elevar og timar stig oppover trinna. Dette tyder på at effekten av innsatsen ikkje er i samsvar med det vi ønsker. Det må difor arbeidast med å leggje til rette for meir tilpassa undervisning for elevar som treng dette, utan at det vert fatta vedtak og spesialundervisning. Dette meiner vi vil gje rom for ei betre utnytting av totalressursen i skulen. Ein unngår stigmatisering, byråkratisering, og gjev rom for variasjon, tilpassing og fleksibilitet som kan gagne alle elevane. MEDARBEIDARAR OG ORGANISASJON: Vi arbeider med å utvikle ein kultur for erfaringsdeling og synleggjering av innhaldet i Skodjeskulen. Dette inneber involvering av alle aktørar frå skuleeigarnivå til den enkelte lærar. Vi må erkjenne at skulen utviklar seg til det beste for elevane dersom vi står saman om dei val vi tek for å utvikle oss vidare. Vi ønsker å utvikle enno betre møteplassar for dette i organisasjonen. Faste nettverksmøte mellom skulane er eit tiltak vi har gjenomført i lese- og skriveutviklingsprosjektet. Dette bør vidareføre som fast ordning. Vi ønsker at alle lærarar skal verte motiverte av, og forplikta til å bidra i arbeidet med dei felles satsingsområda. Vi har mange lærarar over 60. Kompetansekartlegging syner at vi bør satse på kompetanse i basisfaga framover. Aka krav til undervisningskompetanse på ungdomstrinnet krev og at vi stimulerer til vidareutdanning i eigne rekker.

3. MÅL: SAMFUNN: Skodjeskulen skal bidra til at elevane verte gangs menneske gjennom å oppleve meistring og deltaking i lokalt og globalt utviklingsarbeid. (Dette skal gjerast gjennom: -å samarbeide i team om planlegging og gjennomføring av arrangement og førestillingar der lokalsamfunnet vert invitert inn - erfare lokalt og globalt utviklingsarbeid) TENESTEMOTTAKARAR: Elevar og foreldre Færre elevar på dei lågaste meistringsnivå og høgare gjennomsnittsresultat i basisfaga ( norsk, engelsk, matte) Elevar i Skodje skal utvikle og meistre gode arbeidsvanar som td.ha godt oppmøte og gjennomføre etter beste evne Skulen skal samarbeide med heimen om ein felles forståing for at det er viktig å samarbeide om å skape kultur for læring Færre elevar med vedtak om spesialpedagogisk undervisning MEDARBEIDAR /ORGANISASJON: Tilsette i skulen og organisasjonskultur Skulane skal arbeide i nettverk for å sikre kompetanseoverføring Etter- og vidareutdanning av lærarar med satsing på god kompetanse i basisfag ØKONOMI: Budsjettkontroll Viktige resultatindikatorar for desse måla: Meistring ( opplevd meistring vert kartlagd kvart år i elevundersøkinga) Færre elevar på dei lågaste meistringsnivå og høgare gjennomsnittsresultat i basisfaga ( Resultat på dei årlege nasjonale prøvene) Samarbeid med heimen ( Foreldreundersøking gjev tilbakemelding på dette) Spesialpedagogisk undervisning ( Andel elevar og andel lærartimar til spesialpesagogsik undersining kvart skuleår Kompetanse og erfaringsdeling ( medarbeiderkartlegging vert gjennomført kvart årdenne har spørsmål kring dette)

4. SATSINGSOMRÅDE OG KOMPETANSEHEVING 2013/2014: Satsingsområda som er lagt inn for 2013 er eit resultat av både lokale drøftingar, men og av nasjonale føringar. I tillegg kan fylket eller regionsrådet leggje opp til satsingsområde som kommunane må, eller kan vurdere å delta i. Endring og utvikling tek tid, og satsningsområde bør ha eit langsiktig perspektiv. Fleire av satsingsområda bør difor rullerast og vidareførast frå år til år. SAMFUNN ( Skulen i samfunnet) Kven deltek: Kompetansemiljø: Entreprenørskapsløypa Lærarar på trinnet Skulering gjennom der programmet entreprenørskapsprogrammet skal gjennomførast Zippys venner Lærarar 1. trinn Kurstilbod i regionen Zippys venner MOT i ungdomskulen TENESTEMOTTAKARAR ( elevar og foreldre Prosjekt for skuleutvikling med fokus på Lese- og skriveopplæring ( Eigen prosjektplan 2012-2014 er utarbeida) Ny giv ( nasjonalt satsingsområde) Minoritetsspråklege ( regionalt satsingsområde) Vidareutvikle system for tilpassa undervisning To lærarar ved U- skulen, samt politi. Samtlege lærarar 2 lærararungdomstrinnet 1 lærar frå kvar skule Skuleleiing og PPT Kompetanseprogram til MOT sentralt Ulike kompetansemiljø Utdanningsdirektoratet Kursrekke i regi av Sunnmøre regionråd og Regional PPT teneste Intern kompetanse i PPT og i skulane Klasseleiing Samtlege lærarar Inger Bergkaste Vurdering i skulen -implementering av forskrift for vurdering (regionalt satsingsområde) Ein representant frå kvar skule MEDARBEIDARAR OG ORGANISASJON Kompetanse for kvalitet Med 50% statleg finansiering av vidareutdanning ( nasjonalt satsingsområde) 2 lærarar 2013/2014 Mattematikk Norsk Sunnmøre regionråd legg til rette for kursrekker i samband med satsing i regionen på dette feltet Høgskulen i Volda Høgskulen i Vestfold

5. ÅRSHJUL FOR DIALOG KRING KVALITET I SKODJESKULEN: Budsjettprosess med: o kvalitetssamtalar mellom rådmann og skulane, o dialogmøte med kommunestyret o Møte i samarbeidsutval/fauinnspel i budsjettprosessen o Nettverksmøte mellom skulane kring satsingsområda 4.kvarta 1. kvartal o Fagdag for alle lærarar knytt til satsingsområde o Møte i samarbeidsutval/fau og elevråd - tema: kvalitetsutvikling o Dialogmøte mellom kommunestyret, foreldrerepresentantar og tillitsvalde: «Teljing og forteljing» o Nettverksmøte mellom skulanearbeid med satsingsområda o Kvalitetssamtalar mellom rådmann og skulane-oppfølging av kvar enkelt skule sitt arbeid med 3.kvartal 2.kvartal o Fagdag for alle lærarar knytt til satsingsområde o nettverksmøte mellom skulane kring satsingsområda o Kvalitetsmelding til utarbeiding. Ad-hoc utval førebur saka o Nettverksmøte mellom skulane arbeid med satsingsområda o Kvalitetsmelding til vedtak i kommunestyret Kvalitetsyst

6. FELLES KOMMUNALE PLANAR OG RETNINGSLINJER I SKODJESKULEN: Kvalitetsmelding m vidare satsing/ (kvalitetssystem ) for Skodjeskulen Ordensreglement for skulane i Skodje Prosjektplan for lese- og skriveutvikling 2012-2015 Plan for overgang barnehage skule Plan for overgang barneskule til ungdomskule Samarbeid heim-skule Foreldrenettverk Rutiner og oppfølging av elevane si «arbeidsmiljølov» i Skodje kommune Vedteken i kommunestyret Vedtatt i kommunestyret Vedteken i kommunestyret Administrativt behandla Administrativt behandla Administrativt behandla Administrativt behandla Administrativt behandla Elektroniske vedlegg: -elevundersøking -foreldreundersøking -medarbeiderkartelegging -skuleeigaranalyse