Bergen, Medlemmer av fylkestinget, Hordaland fylkeskommune,

Like dokumenter
Budsjettuttale frå Utdanningsforbundet Hordaland. Fylkesbudsjett for 2013 og økonomiplan for

Uttale om Årsbudsjett for 2015/økonomiplan frå Utdanningsforbundet Hordaland

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Balestrand kommune Sagatun skule

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Høyring - Forskriftsendringar. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfaget m.m.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Delrapport 2 Modell 2

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Velkomen til dykk alle!

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Elev- og lærlingombod i HFK

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

EVALUERING AV RETNINGSLINENE FOR FORDELING AV BUDSJETTMIDLAR TIL SKOLANE.

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Utviklingsplan

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Hå kommune Vigrestad storskule

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Til Kunnskapsdepartementet

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Ny Giv i vidaregåande opplæring!

Retten til spesialundervisning

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Rådmannsutvalet Førde

IKT-strategi. for opplæringssektoren

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET MÅNDAG 5. NOV KL PÅ NORDBYGDO UNGDOMSSKULE, BIBLIOTEKET

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

Vedlegg 2. Utdrag frå elevundersøkinga

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

PRAKTISERING AV ARBEIDSTIDSAVTALEN INNHENTING AV INFORMASJON FRÅ REKTORAR OG TILLITSVALDE

Redusert eigendel elev-pc

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Arsmelding Valen skule

Saksnr Utval Møtedato Ud-8/13 Utdanningsutvalet

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

INTERNASJONAL STRATEGI

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

VURDERING AV SKULANE SIN BUDSJETTMODELL

Pedagogisk plattform

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

Transkript:

Bergen, 07.11.2013 Medlemmer av fylkestinget, Hordaland fylkeskommune, Budsjettuttale frå Utdanningsforbundet Hordaland Fylkesbudsjett for 2014 og økonomiplan for 2014-2017 I denne uttalen ønskjer Utdanningsforbundet å greie ut om konsekvensar av kutt i budsjettet for 2014 og bakgrunnen for krava våre. Reduksjon i budsjett for opplæring Budsjettforslaget for 2013 gav stramme rammer for dei vidaregåande skulane i fylket. Etter politisk handsaming vart det varsla nedtrekket på om lag 10 millionar tilbakeført etter kloke vedtak av fylkespolitikarane. Budsjettframlegget for 2014 gir dessverre dårlege signal i år også. Nedtrekk på 12 mill kan slik økonomien til opplæring er no, få dramatiske konsekvensar for det som er hovudmålet for den vidaregåande opplæringa ; auka læringsutbytte og gjennomføring. Mistilhøvet mellom ambisjonar og økonomisk realitetar vert forverra i åra framover, og dette er frustrerande både for skuleleiarar og lærarar som skal realisere fylkeskommunalt vedtekne ambisjonar om auka læringsutbyte og satsing mot fråfall. Det er utsikter til at nedskjeringane vil halde fram og til og med bli endå sterkare i åra framover. Utdanning er investering i framtida, og såleis er det avgjerande at politikarane no tek ansvar på tvers av partilinjene. Slik Utdanningsforbundet ser det, må ein for 2014-budsjettet anten investere det minimum som trengst for å realisere mange av dei ambisiøse planane, eller gjere smertefulle val mellom ulike onder, og ta ansvaret for desse vala i ettertid. Det er umogeleg å halde oppe 1

ein god og desentralisert skulestruktur, satse massivt mot fråfall og realisere ambisiøse samferdsleprosjekt innafor dei budsjettrammene ein no legg opp til. Me veit at det fylkeskommunale økonomiske handlingsrommet i høg grad også handlar om utilstrekkelege statlege overføringar. Nettopp difor er det viktig at fylkespolitikarar set dei systemiske utfordringane på dagsorden. Alle både folkevalde, tilsette, elevar og føresette må stille grunnleggjande spørsmål om rammevilkår og konsekvensar på den politiske dagsorden i åra framover. Satsing mot fråfall, auka læringsutbytte og gjennomføring? Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland fylkeskommune for 2013-2015 er auka læringsutbytte og fullføring. Hordaland fylkeskommune har vore eit føregangsfylke med omsyn til satsing mot fråfall. Det er høgst usikkert kor mykje statlege midlar som vert tilført skulane i framtida. Fleire av innsparingstiltaka som vert nytta i HFK i dag, går allereie hardt ut over elevar som er i faresona for fråfall. Tiltaka for auka gjennomføring som er lista opp i forslag til budsjett 2014, er gode. Utdanningsforbundet ser at tiltaka er naudsynte dersom ein skal nå målet om 80 % gjennomføring i 2015. Grunngjevinga for eit nedtrekk i ramma på 10 mill. kr hausten 2014, er at det er venta nedgang i elevtalet og auke i talet på lærekontraktar. Ordninga med stykkprisfinansiering fører då til at fleire skular vil få mindre pengar i 2014. Dette vil i urimeleg grad gå ut over skular der fråfallet allereie er stort. Skuleleiarar vil prøve å spare inn der dei kan, og uheldige innsparingar på lærartimar vert lett ein konsekvens. Dei tre tiltaksområda som får særskild merksemd skuleåra 2013 2015 er klasseleiing, vurdering for læring og bruk av IKT i læringsarbeidet. Når økonomien vert dårlegare, er det viktig å gjere rette prioriteringar. Ein ikkje til dømes ikkje satse på vurdering for læring, og gje så stamme budsjett til skulane at rektorar kuttar i lærartimar og etablerer praksis som gjer at kutt i lærartimar vert den lettaste måten å spare pengar på. Læraren er viktig og spelar kanskje den største rolla i arbeidet mot fråfall. Tett oppfølging på skulen og på praksisplassar er avgjerande for ei meiningsfull og utviklande vurdering og gode relasjonar som skapar tryggleik og gode læringsmiljø for elevane. I alle tiltaka for auka gjennomføring 2

som er lista opp i forslaget til budsjett, ser me at tett oppfølging av fagleg kompetente lærarar er avgjerande for det utbytte elevane kan få. Media har i det siste fokusert på at det er aukande fråfall også på studiespesialiserande. Stykkprisfinansieringa gjer at mange studiespesialiserande skular overfyller klassane. 30 34 elevar er ikkje uvanleg på mellom anna sentrumskulane. Når ein har så store klassar, vert det vanskeleg til å sjå den einskilde eleven. Lærarane har ansvar for elevsamtalar, fagsamtalar, vurdering og eigenvurderingssamtalar mm. Hordaland fylke kan ikkje ha som mål å auke elevtalet i klassane meir. Det er ikkje foreineleg med økonomiplanen der ein ønskjer å auke fullføringsprosenten frå dagens 71,5 til 80 % i 2015. Systemet med fritt skuleval gjer at såkalla Ny Giv-elevar ikkje vert likeleg fordelt mellom dei vidaregåande skulane. Skulane med dei lågaste inntakspoenga får flest av dei svake elevane. Desse skulane må treng ekstraløyvingar til oppfølging. Samanslåing av yrkesfaglege klassar i fellesfag som norsk og matematikk Høgst alarmerande er den årelange praksisen med å slå saman yrkesfaglege klassar i fellesfaga og no også i yrkesteori. Undersøkingar som Utdanningsforbundet har hatt på alle dei vidaregåande skulane i fylket, viser at samanslåing av klassar i fellesfag som norsk og matematikk på yrkesfag er svært mykje brukt. Dette innsparingstiltaket går hardt ut over kvaliteten på undervisninga, og gjer det svært vanskeleg å yrkesrette fellesfagundervisninga. Når elevtalet i gruppa vert dobla og lærarane skal yrkesrette til dømes engelsk både for frisørar og bilmekanikarar samstundes, vert dette ei bortimot umogleg oppgåve. Med eit stadig nedtrekk i budsjetta for skulane, vil store grupper bli ein av konsekvensane. Det blir då lite høve til individuell tilpassing for einskildeleven. Altså mindre tid til oppfølging av elevar med særskilde behov. Heilt konkret vil eit nedtrekk på opplæringssektoren, saman med ordninga med stykkprisfinansiering og karakterbasert fritt skuleval, gjere det svært vanskeleg å planleggje drifta ved dei einskilde skulane. Stykkprisfinansieringa gjev nye spørsmål om fordelinga av midlane. Vi veit gjennom HFK at det er lagt inn justeringar (ekstraløyvingar) for 3

distriktskular, og at ein også har ein tilskotskonto til dei med få parallellar. Spørsmålet er om dette er tilstrekkeleg. Prosjekt til fordjuping samarbeid skule og- praksisplass Faget prosjekt til fordjuping PDF, er eit stort fag på yrkesfag 6 timar på VG1 og 9 timar på VG2. Elevane skal plasserast ut i bedrifter og på institusjonar for å få djupare kjennskap til ein mogleg arbeidsplass i framtida. På desse praksisplassane er det særs viktig at lærarane har tett oppfølgjing av kvar elev. Mellom anna for å sikre at dei er tatt godt vare på, og at dei får rett undervisning/praksis og vurdering. Det er svært øydeleggande for motivasjon og læring dersom samarbeidet skule og praksisplass ikkje fungerer. Mange elevar kjenner då at faget vert meiningslaust og dei fell frå. Utdanningforbundet er særs uroa for dette faget. Det har spreidd seg ein uheldig praksis i fylket der fleire skular særleg store yrkesfagskular med stramme budsjett, vel å kutte i lærartimar som lagt ut for såleis å spare pengar. Så godt som alle skulane har eit lite kutt på om lag ein time på VG2, men altfor mange kuttar mykje meir. Dette fører til at elevar får lite eller ikkje oppfølging på praksisstaden. Elevar som treng særskild oppfølging og som ikkje kan vere ute i praksis, vil heller ikkje få tilbod om relevant undervisning på skulen. Fleire av praksisplassane har meldt at dei ikkje ønskjer å ta inn elevar dersom dei får ansvar for vurderingsarbeid som dei ikkje har føresetnader til å gjere. Utan praksisplassar, har ikkje dette faget noko framtid. Utdanningsforbundet meiner at faget er særs viktig for gjennomføring dersom det er tett samarbeid mellom skule og praksis. Då er det oppsiktsvekkjande at økonomien til skulane i fylket skal vere så dårleg at skuleleiarar ser på PDF som eit fag der det er mogleg å spare pengar. Dette går ut over elevane, og gjer arbeidet med auka gjennomføring svært vanskeleg. Minoritetsspråklege elevar OT/PPT uttrykkjer sterk uro for denne elevgruppa. Minoritetsspråklege elevar har eit meiningslaust stort fråfall i vidaregåande opplæring. I budsjettframlegget kjem det ikkje fram øyremerka tiltak for denne gruppa. Dersom politikarane verkeleg meiner at desse elevane skal gjennomføre, må dette komme tydeleg fram i budsjetta. Alle som får 4

opplæringsoppgåver for elevar med eit anna morsmål, treng naudsynte ekstraressursar og tid for å kunne fokusere særskilt på læringa til desse elevane. Dersom ein ikkje sørgjer for gjennomføring også for dei minoritetsspråklege, kan det få store samfunnsmessige konsekvensar. Nybygg, eksisterande bygg og utstyr på skulane Fleire skular er no inne på investeringsbudsjettet for 2012-15. Det er også sett av midlar til inneklimatiltak og brannsikringstiltak for dei vidaregåande skulane. Nybygga er dristig satsing for framtida. Det er også mange uløyste behov i eksisterande skulebygg, der fleire skular ikkje held mål etter helsevernlova og forskrifta om godkjende bygg. Utstyrssituasjonen for yrkesfag er uakseptabel. Ein må kunne tilby praktisk opplæring med moderne utstyr slik næringslivet krev. Etter at Arbeidstilsynet hadde varsla tilsyn med dei vidaregåande skulane i HFK, fann dei feil og manglar i utstyr på alle skulane. Det er mykje utdatert og til dels farleg utstyr i verkstadene. Det kom pålegg om utbetringar og utskiftingar for å oppfylle forskriftene. Særleg på skular som ikkje har eigne midlar, er det fylket sitt ansvar både å sikre tryggleik og syte for tidsmessig utstyr. Konsekvensane av budsjettkutta for opplæringssektoren i 2014 Å utsetje opplæringssektoren for endå eit budsjettkutt - denne gong ei innsparing på 12 millionar - er slik me ser det, politisk uansvarleg. Dei vidaregåande skulane i Hordaland har alt i dag eit samla underskot på 34 millionar. I tillegg melder skulane om at programområda i utgangspunktet er underfinansiert og at elevsatsen er for låg. Den einskilde skulen må ta ei eventuell ny innsparing ved å overfylle klassar å slå saman klassar i fellesfaga (norsk, samfunnsfag, engelsk..osv) i yrkesfag å redusere lærartimar knytt til faget Prosjekt til fordjuping å ikkje setje inn tiltak som kan auke gjennomføring for utsette elevar som til dømes minoritetsspråklege ikkje setje inn vikarar når lærarar er borte 5

Utdanningsforbundet vil sterkt åtvare mot dette dersom hovudmålet for skuleåret 2014-15 er auka læringsutbytte og fullføring. Difor må Fylkestinget no gjere nødvendige vedtak i samband med budsjetthandsaminga: Fylkestinget må dette året vedta at skulane ikkje skal slå saman klassar i fellesfaga. Fylkestinget må syte for at elevane på yrkesfag får alle timane dei har krav på i faget Prosjekt til fordjuping. Fylkestinget må sikre at det er ressursar nok på budsjettet til å vedlikehalde skulane og modernisere utstyr ikkje minst på skular med yrkesfag. Fylkestinget må syte for at skular/klassar med minoritetsspråklege elevar får tildelt tilstrekkelege ressursar. Fylkespolitikarane må ta på alvor konsekvensane av den årvisse nedskjeringa på skulebudsjettet. Med helsing Utdanningsforbundet Hordaland (sign) Turid Strømmen Leiar medlemsråd VGO 6