RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR"

Transkript

1 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak Arkivnr. 520 Saksh. Langaas, Eva Melvær Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR SAMANDRAG Fylkestinget vedtok i samband med budsjettet for 2011, at det skal gjennomførast eit forsøk med anonyme heildagsprøvar ved tre vidaregåande skolar i Hordaland. Skolane som har delteke i forsøket er Bergen Handelsgymnasium, U.Pihl videregående skole og Fusa vidaregåande skule. Forsøket blei planlagt, gjennomført og vurdert i eit samarbeid mellom Opplæringsavdelinga og deltakarskolane våren Det omfatta 3 heildagsprøvar i norsk på Vg2 og samanlikning av tre oppgåvesett i matematikk frå ulike skolar. I norsk blei det etablert eit samarbeid mellom lærarane frå dei tre deltakarskolane samt ein ekstern lærar. Kvart oppgåvesvar vart vurdert av to lærarar og drøfta i etterkant. I matematikk var det Faggruppa (FAU) for realfag, som er ein del av systemet for kompetanseutvikling for dei vidaregåande skolane, som stod for vurderinga av oppgåvene. Under følgjer ein presentasjon av forsøket og tilbakemeldingar frå elevar og lærarar som har delteke. I tillegg blir det peika på aktuelle problemstillingar knytt til bruk av anonyme prøvar i lys av sentrale intensjonar i forskrift til opplæringslova kap og FORSLAG TIL VEDTAK Opplærings- og helseutvalet tek saka til orientering. Paul M. Nilsen Inger Øvsthus Tønder

2 FYLKESRÅDMANNEN, : 1. Innleiing Fylkestinget vedtok i samband med budsjettet for 2011, at det skal gjennomførast eit forsøk med anonyme heildagsprøvar ved tre vidaregåande skolar i Hordaland. Bergen Handelsgymnasium, U.Pihl videregående skole, og Fusa vidaregåande skule sa seg villige til å delta i forsøket. Representantar frå opplæringsavdelinga og ein av dei deltakande skolane hadde eit førebuande møte for å sjå nærare på korleis eit slikt forsøk best kunne gjennomførast. I møtet kom det fram ulike vinklingar til kva skolar og skoleeigar kan lære gjennom ei slik forsøksordning, og det vart uttrykt ønske om at forsøket skulle vere utforma slik at det gjekk inn i ein heilskapleg tilnærming til korleis ein kan oppnå einskapleg vurdering internt i klassar og mellom klassar og skolar i Hordaland fylkeskommune. Det vart difor bestemt at ein i tillegg til å gjennomføre anonyme prøvar ville utforme forsøket slik at det oppmuntra til profesjonell læring på tvers av skolar for dei lærarane som deltok. I tillegg vart det ytra ønske om at ein gjennom forsøket kunne samanlikne nivået på oppgåvene som blir gjeve ved heildagsprøvar, då dette er ein faktor som kan påverke vurderinga av elevarbeid. Fylkestinget la til grunn at forsøket skulle gjennomførast våren Omfanget måtte difor avgrensast på ein slik måte at det var mogeleg å gjennomføre innan tidsramma. Det vart bestemt at forsøk med anonyme prøvar skulle gjennomførast i norsk på Vg2, og at det i tillegg til faglærar skulle vere ein lærar frå ein annan skole som vurderte svara og drøfta dei med faglærar. Det er viktig å understreke at den eksterne læraren i dette forsøket berre hadde rådgjevande funksjon. Det var faglærar som hadde ansvar for å sette endeleg karakter på prøven. Då skolane og lærarane allereie hadde lagt planar for gjennomføring av prøvar og organisering av undervisninga, måtte vi bruke dei ordinære, allereie planlagde prøvane. I tillegg vart det bestemt at ein i forsøket skulle sjå nærare på og samanlikne nivået på oppgåver som deltakarskolane hadde gitt til heildagsprøvar i matematikk. Målet var å finne ut om det kan vere ulik vanskegrad på heildagsprøvar i matematikk frå skole til skole. FAU realfag fekk i oppdrag å samanlikne nivå på dei oppgåvene som blei gjeve i matematikk 2P på Vg2. 2. Tilbakemelding frå lærarane Oppsummeringa under er basert på refleksjonsnotat frå to av faglærarane og tilbakemeldingar i møte mellom representantar frå opplæringsavdelinga og dei deltakande lærarane. 2.1 Erfaringar med anonymisering av prøvesvar i eigen klasse Ingen av lærarane i forsøket hadde gjennomført anonyme prøvar i eigne klassar tidlegare. Lærarane oppgjer at ei av årsakene til at dei valde å delta var at det kunne vere interessant å rette oppgåvesvar frå eigne elevar anonymt. Dei meiner at det i enkelte høve kan vere nyttig å vurdere prøvar anonymt, fordi vurderinga kan opplevast meir objektiv både for elev og lærar. Ein av lærarane trekte fram at ho trur at elevane set pris på få denne prøven vurdert anonymt og at dei opplever at det er ei meir objektiv vurdering. Dersom ein ser på resultatet, har elevane erfart at anonyme prøvar ikkje automatisk gjev betre karakterar (i motsetnad til det 2

3 mange av dei hadde forventningar om), noko som kan gje større tillit til læraren si evne til å vurdere objektivt. (sitat frå lærar) Det er og interessant å merke seg at lærarane meiner at i den grad andre forhold enn sjølve oppgåvesvaret påverkar vurderingar i norsk skole, så vil det i dei fleste tilfelle komme elevane til gode, fordi dei fleste lærarane ønskjer det beste for elevane sine, noko som kan vere ei kjelde til noko meir positiv vurdering. Likevel er alle lærarane tydelege i tilbakemeldinga om at bruk av anonyme prøvar berre må nyttast i sjeldne høve. Med ei slik prøveform mister faglærar oversikt over den einskilde elev si faglige utvikling, og det vil vere vanskeleg å oppfylle dei intensjonane som er klart uttrykt i vurderingsforskrifta, nemlig at vurdering skal fremje elevane si læring. Denne personlige dialogen mellom lærar og elev er sjølve grunnlaget for å lukkast med ei læringsfremjande vurderingspraksis. 2.2 Erfaringar med å vurdere saman med faglærar frå annan skole Det var høg motivasjon blant lærarane i forsøket for å komme saman med andre faglærarar for å drøfte oppgåveutforming, vurderingskriterium og karaktersetjing, og det var denne delen av forsøket lærarane rapporterte som ein viktig motivasjon for å delta i forsøket. Dette er lærerikt og kan føre til endra og kanskje meir einskapeleg praksis med omsyn til oppgåveutforming og vektlegging av vurderingskriterium, noko som også vil gagne elevane (sitat frå lærar) På spørsmål om kva dei meiner kan vere viktige tiltak i Hordaland fylkeskommune for å oppnå ein meir einskapleg vurderingspraksis, svarar dei til dømes at det å evaluere elevarbeid på tvers av klassar internt på ein skole kan sikre meir felles praksis når det gjeld utarbeiding og fortolking av vurderingskriterium og karaktersetting. Dei trekkjer og fram at nyutdanna lærarar har fått lite formell opplæring og erfaring med vurdering gjennom utdanninga, og slik det fungerer i dag er dei prisgitt at erfarne kollegaer er villige til å avsjå tid til å komme med råd og rettleiing. Dette kan svekke kvaliteten på utviklinga av eigen vurderingspraksis. Det er viktig å understreke at det er store variasjonar med omsyn til grad av samarbeid kring vurderingspraksis mellom utdanningsprogram og at ein ikkje kan trekke generelle konklusjonar på grunnlag av dette forsøket. 3. Tilbakemeldingar frå elevane Denne oppsummeringa er basert på skriftlig tilbakemelding frå 50 elevar frå dei tre skolane som deltok i forsøket. Dei svarte på følgjande spørsmål i etterkant av forsøket: 1. Kva forventningar hadde du til å delta i forsøk med anonyme prøvar? 2. Er det noko du vil trekke frem som positivt med å delta i forsøket? 3. Er det noko du vil trekke frem som negativt med forsøket? Hovudinntrykket er at elevane på spørsmål 1 gjev uttrykk for at dei ikkje hadde spesielle forventningar til å delta i forsøket. Nokre av elevane seier at dei var spente på om ei anonym vurdering ville ha innverknad på karakteren. På spørsmål om det var noko dei såg som positivt ved forsøket var elevane svært positive til at det vart lagt til rette for anonym vurdering av denne heildagsprøven i norsk. Det skuldast både at oppgåvesvara var anonyme og at dei visste at ein annan lærar og skulle vurdere 3

4 oppgåvesvara. Det er greitt å få ei vurdering utan at ein skal uroe seg for kva den som evaluerar veit om resultata dine får før. Då vert det oppfatta som genuin retting (sitat frå elev) I tillegg set fleire pris på det at dei kan vere trygge for at det berre er sjølve oppgåveteksten som blir vurdert og at ein då kan unngå at ein får ein karakter utifrå personlegdom. Nokre av elevane har forventningar om at eit slikt opplegg kan gje ei meir rettferdig vurdering. Det som og er positivt med eit slikt opplegg er at alle startar likt, og ingen kan bli forskjellsbehandla. (sitat frå elev) På spørsmål om det er noko dei ville trekkje fram som negativt, var det forskjell mellom skolane. Ved ein av skolane trekte elevane hovudsakleg fram det faktum at det tok lang tid å få oppgåvene tilbake. Dette skuldast at prøvane ikkje gjekk føre seg på same tidspunkt og at det difor tok lengre tid før alle hadde gjennomført og kunne møtast til felles vurdering. På den andre skolen synst ikkje elevane det var noko negativt, men ein trekte fram at det vart umogleg med personlege tilbakemeldingar, noko vedkommande synst er veldig viktig. Ved den tredje skolen var det meir variasjon i svara. Nokre av elevane uttrykte bekymring for at læraren på denne måten ikkje kunne sjå utviklinga hjå den einskilde eleven. Det er og særleg interessant å sjå at det ved denne skolen er fleire elevar som er bekymra for at ei anonym vurdering vil kunne føre til ein lågare karakter enn dei var vane med. 4. Samanlikning av resultat i norsk Som det blei sagt i innleiinga var ein del av dette forsøket å sjå på vurdering på tvers av skolar. Norsk blei valt fordi vi veit at dette er eit komplekst og krevjande fag å vurdere, og at det difor aldri er realistisk å forvente 100% samsvar. Dei deltakande lærarane sende inn sine karakterforslag til opplæringsavdelinga før dei møttest til felles vurdering. Når ein skal samanlikne resultatet er det viktig å understreke at skolane i forsøket ikkje hadde same oppgåver og at det ikkje var utarbeida noko felles rettleiing og forståing av oppgåva på førehand. Det var heller ikkje stilt krav til at det skulle vere utarbeida kriterium for vurdering utover det som lærarane hadde gitt sine elevar. Det var ut frå overnemnde føresetnader rimeleg grad av samsvar mellom faglærar og ekstern lærar. På den andre sida kan ein argumentere for at det var såpass mykje forskjellar at det var nyttig og lærerikt for lærarane å komme saman og diskutere og grunngje sine vurderingar. I eitt tilfelle kunne ein sjå at ein lærar nesten systematisk ga lik eller noko høgare karakterar enn den andre. I eit anna tilfelle var vel halvparten av vurderingane like og resten ulike. I dette siste tilfellet var det ikkje systematiske forskjellar med omsyn til kven av lærarane som hadde gitt høgast vurdering. 5. Samanlikning av oppgåver i Matematikk 2P Målet for dette forsøket var å finne ut om det kan vere ulik vanskegrad på heildagsprøvar i matematikk frå skole til skole. Skolane sende inn dei oppgåvene dei hadde nytta våren 2011 i 2P. Grunngjevinga for forsøket var at når ein skal samanlikne vurdering mellom ulike skolar er det viktig og relevant at dei oppgåvene som er gjeve har tilnærma lik vanskegrad. Det var FAU realfag som stod for vurdering av oppgåvene. 4

5 Konklusjon frå FAU Ved elles lik vurdering vil Skole 1 sin prøve vere noko vanskelegare enn Skole 2 sin. Skole 3 sin prøve er noko enklare. Alle oppgåvesetta er i og for seg gode prøvesett. Det er berre små forskjellar det er tale om. 6. Oppsummering Deltakande elevar og lærarar har vore positive til gjennomføring av forsøk med anonyme prøvar. Vi har ikkje fått tilbakemeldingar om at forsøket har ført til store endringar med omsyn til den einskilde elev sitt resultat. Forsøket har vist at det kan vere forskjellar i vurderinga frå lærar til lærar, noko som understrekar kor viktig det er at det finst arenaer for samarbeid der faglærarar kan drøfte ulike spørsmål knytt til vurdering. Lærarane er tydelege i si tilbakemelding om at omfattande bruk av anonyme prøvar i vidaregåande skole vil gjere det vanskeleg å oppfylle intensjonane om undervegsvurdering i vurderingsforskrifta. Eit overordna oppdrag til skoleeigar og skolar under Kunnskapsløftet er at vi skal ha auka fokus på formativ vurdering, der vurdering inngår som ein integrert del av undervisninga, ofte omtalt som vurdering for læring i norske styringsdokument. Læraren sin kunnskap om den einskilde eleven si forståing og kunnskapsnivå er avgjerande for å gje den naudsynte støtta, slik at eleven kan bevege seg i riktig retning. Vurderingsforskrifta vektlegg elevane sin rett til undervegsvurdering og at målet for slik vurdering er å fremje læring og utvikling hjå elevane og gje grunnlag for tilpassa opplæring. Det er vanskeleg å sjå korleis omfattande bruk av anonyme prøvar i vidaregåande opplæring skal kunne stø opp om eit slikt formativt perspektiv på vurdering og læring, som legg til grunn at vurderingsarbeidet skal vere med på å forme undervisinga og læringsarbeidet. For å sikre at elevar i HFK opplever vurdering av høg profesjonell kvalitet er det frå eit skoleeigar- og skoleleiingsperspektiv viktig å legge til rette for eit systematisk og målretta samarbeid for å oppnå transparent og einskapleg vurdering. Under prinsipp for opplæringa i læreplanen for Kunnskapsløftet (LK06) heiter det: Skolen og lærebedrifta skal vere lærande organisasjonar og leggje til rette for at lærarane kan lære av kvarandre gjennom samarbeid om planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Eit slikt forpliktande samarbeid ser vi som avgjerande i Hordaland fylkeskommune sitt arbeid for å oppnå einskapleg vurdering. 5

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.02.2012 11651/2012 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet 07.03.2012 Anonym retting av prøver Bakgrunn I ein interpellasjon til

Detaljer

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201102938-1 Arkivnr. 520 Saksh. Wanvik, Torill Iversen Saksgang Y- nemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.03.2011 05.04.2011-06.04.2011

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i

Detaljer

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc Fra: Birthe Haugen [Birthe.Haugen@post.hfk.no] Sendt: 17. januar 2007 16:08 Til: Postmottak KD Kopi: Svein-Erik Fjeld; Inger Øvsthus-Tønder Emne: Høring - endringer i opplæringsloven og friskoleloven -gratis

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13

Detaljer

Skuleåret 2017/2018.

Skuleåret 2017/2018. Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20 Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20 Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018

Detaljer

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201307419-2 Arkivnr. 545 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/862-15 Saksbehandlar: Trond-Harald Alvær Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 09.09.2014 Opplærings- og helseutvalet 16.09.2014 Opplæring

Detaljer

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017 Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS Molde 2. februar 2017 Innleiing - Bakgrunn for fagdagen 10:00-11:00 - Kva veit vi om status i fylket? - Kort regelverksgjennomgang v/ Fylkesmannen i M &

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette

Detaljer

Standpunktkarakterar 2016

Standpunktkarakterar 2016 Standpunktkarakterar 2016 Rettleiing ved behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Innhald 1. Innleiing... 3 Klagefrist... 3 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen...

Detaljer

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Veiledning til læreplanen i samfunnsfag 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Oppdraget vårt Veiledningen skulle lages over fire kapitler Kapittel 1: Innledning Kapittel 2: Fagets egenart Skulle

Detaljer

Elev- og lærlingombod i HFK

Elev- og lærlingombod i HFK OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. 2013-2015 Innleiing Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane i Hordaland

Detaljer

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201108485-2 Arkivnr. 500 Saksh. Nina Ludvigsen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 04.10.2011 13.10.2011 HØYRING - FORSLAG TIL

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200804110-4 Arkivnr. 522 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 27.01.2009 18.02.2009-19.02.2009 ETABLERING

Detaljer

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 200911049-10 Arkivnr. 015 Saksh. Taule, Eva Katrine Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 5.12.2013 FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER

Detaljer

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 1 Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 2 Elevene skal få informasjon om klageretten og hvordan

Detaljer

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra. Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed

Detaljer

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200911238-1 Arkivnr. 523 Saksh. Haugland, Kjersti Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Yrkesopplæringsnemnda Møtedato 02.12.2009 16.12.2009

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte

Detaljer

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Seksjon for opptak Vår referanse Vår dato 14/00186-17 01.06.2017 Deres referanse Deres dato 16/7356 09.03.2017 Høyring - Forslag om endringar i forskrift

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene Uttalelse - Utdanningsforbundet Status: Innsendt av: Innsenders e-post: Innsendt til Utdanningsdirektoratet Innsendt og bekreftet av

Detaljer

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800581-42 Arkivnr. 027 Saksh. Fredheim, Ingeborg Lie, Gjerdevik, Turid Dykesteen, Bjørgo, Vigdis, Hollen, Sverre Saksgang Møtedato Vestlandsrådet 02.12.2008-03.12.2008

Detaljer

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten Instruks for munnleg eksamen for lærar Frå forskrift til opplæringslova 3-18. Lokalt gitt eksamen Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar.

Detaljer

Redusert eigendel elev-pc

Redusert eigendel elev-pc OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3598-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Redusert eigendel elev-pc Samandrag Under

Detaljer

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift- og utviklingsseksjonen Arkivsak 201112362-76 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Opplærings- og helseutvalet Møtedato

Detaljer

CP IT-COMENIUS-C3PP

CP IT-COMENIUS-C3PP 114426 CP-1-2004-1-IT-COMENIUS-C3PP Alle barn og unge har rett til ein skule med ein kultur som fremjar kvalitetsutvikling, og som er basert på synergi mellom eksterne og interne evalueringsprosessar.

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte

Detaljer

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2015

STANDPUNKTKARAKTER 2015 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11 Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) 2011 1 2 Metode Undersøkinga er gjennomført av AUD på oppdrag frå, og i samarbeid med Opplæringsavdelinga. Gjennomføringsperiode:

Detaljer

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet

Detaljer

Vurdering i Prosjekt til fordjuping

Vurdering i Prosjekt til fordjuping Vurdering i Prosjekt til fordjuping - i spenninga mellom opplæring i skulen og opplæring på arbeidsplassar Hordaland fylkeskommune, Opplæringsavdelinga 22. april 2015 Ann Karin Sandal Læringsarenaer i

Detaljer

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt

Detaljer

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210112-3 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring har rett til vurdering etter reglane i

Detaljer

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200606870-3 Arkivnr. 201 Saksh. Mørk Karlsen, Per Willy Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.01.2008 13. - 14.02.2008 HØRINGSUTTALE

Detaljer

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201103360-4 Arkivnr. 522 Saksh. Alver, Inge Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 Opplæring i kinesisk språk (mandarin)

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar. Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar. Søknadsfristen er 1.februar. Nytt for skuleåret 2017-2018: Alle

Detaljer

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage Møte i Bergen kommune 10. mai 2010 Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage 1 http://www.skolenettet.no Vurdering for læring http://skolenettet.no/moduler/vurdering/templates/pages/articlepage.aspx?id=6

Detaljer

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 18/16 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 14.11.2016 116213/2016/062 - Retningslinjer for

Detaljer

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST NOEN ENDRINGER/PRESISERINGER I LOVEN 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017 Velkommen til fagdag om standpunktvurdering Molde 1. februar 2017 10:00-11:00 Innleiing: - Bakgrunn for fagdagen - Kva veit vi om status i fylket? - Kort regelverksgjennomgang - v/ seniorrådgivar Annhild

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen Notat Dato: 02.03.2017 Arkivsak: 2014/12154-17 Saksbehandlar: fromann Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesrådmannen Sjukefråvær

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema... 3 Om sluttvurderinga... 3 Ikkje grunnlag for å setje karakter Krav om varsling...

Detaljer

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-2 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 04.02.2016 Utval for opplæring og helse 10.02.2016 Tiltaksplan

Detaljer

«Mestringsforventningar»

«Mestringsforventningar» Presentasjon av korleis lærararar og leiar på Førde barneskule har opplevd gjennomføringa av forskingsprosjektet: «Mestringsforventningar» Therese Helland- rektor Førde barneskule Mestringsforventningar

Detaljer

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule Utviklingsplan 2013-14 Bremnes Ungdomsskule GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Det faglege fokuset for kommande periode er konsentrert om to område, VFL og faget matematikk. BUS vart med i 3. fase

Detaljer

Standpunktvurdering i Møre og Romsdal

Standpunktvurdering i Møre og Romsdal -Ein tydeleg medspelar Standpunktvurdering i Møre og Romsdal Fagdag om standpunktvurdering, 02.02.2017 Forankring Kvalitetsplan http://mrfylke.no/tenesteomraade/utdanning/satsingsomraade-i-sektoren Oppdragsbrev

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

NY ORGANISERING AV OPPLÆRINGSSEKTOREN - HOVUDPROSJEKT

NY ORGANISERING AV OPPLÆRINGSSEKTOREN - HOVUDPROSJEKT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209344-1 SAKNR 33/12 Arkivnr. 520 Dato: 12. november 2012 Saksh. Vennesland, Eystein Delegasjonsmyndighet Fylkesrådmannen Delegasjonsreglementet

Detaljer

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10160-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 11.02.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Høyring Forslag

Detaljer

Rapport om klage på standpunktkarakter

Rapport om klage på standpunktkarakter Skoleåret 2016-2017 Rapport om klage på standpunktkarakter 1 Innhald Innleiing... 3 Klageinstansen behandlar klage på... 3 Regelverk... 4 Om fastsetjing av standpunktkarakterar... 5 Resultat av klagebehandlinga

Detaljer

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Innleiing Skolane bruker i dag ulike namn på samtale med elevane: fagsamtale, elevsamtale, utviklingssamtale

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen Høgskolen i Sør-Trøndelag Avdeling for lærer- og tolkeutdanning Skriftlig eksamen i MATEMATIKK, MX30SKR-C 0 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN FOR R 03.06.09. BOKMÅL Sensur faller innen 4.06.09. Resultatet blir

Detaljer

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201105600-21 Arkivnr. 715 Saksh. Hage, Torild Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 10.01.2012 26.01.2012 RALLARVEGRÅD

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv

Detaljer

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område: saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet

Detaljer

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule HALBREND SKULE 5.-10. TRINN 440 ELEVAR Første pulje i vurdering for læring. Har arbeidd

Detaljer

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201200580-64 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM

Detaljer

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/1090-106 Saksbehandlar: Tor Ivar Sagen Sandvik, Stig Aasland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.11.2015 Opplærings- og helseutvalet 03.12.2015

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen Rapport frå Fylkesutdanningssjefen Klage på standpunktkarakterar skoleåret 2015/2016 0 Innhald Innleiing...2 Klageinstansen behandlar klage på...2 Regelverk...3 Om fastsetjing av standpunktkarakterar...3

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2016

STANDPUNKTKARAKTER 2016 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2016 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015 BARNEOMBODET Kunnskapsdepartementet E-post: postmottak@kd.dep.no Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/00875-2 Morten Hendis 11. oktober 2015 Svar på høyring av NOU 2015: 8 «Fremtidens skole - fornyelse

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. Standpunktkarakterar. Rettleiing i behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring

Ein tydeleg medspelar. Standpunktkarakterar. Rettleiing i behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Ein tydeleg medspelar Standpunktkarakterar Rettleiing i behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Innhald Innleiing 4 Klagefrist 5 Skjema 5 Klage på fagkarakter 6 Sentrale paragrafar

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-1 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 22.09.2015 Opplærings- og helseutvalet 29.09.2015 Strategiplan

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2011

STANDPUNKTKARAKTER 2011 Fylkesmannen i Møre og Romsdal STANDPUNKTKARAKTER 2011 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen Innhald 1 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Vedlegg: doc; doc

Vedlegg: doc; doc Høyringsuttale Fra: Anne Hjermann [Anne.Hjermann@post.hfk.no] Sendt: 29. oktober 2007 12:02 Til: Postmottak KD Emne: Høyringsuttale Vedlegg: 110205599-4-200705131-2.doc; 110205599-2-200705131-5.doc Vedlagt

Detaljer

HØRING- FORSLAG TIL ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA. HØYRINGSFRÅSEGN.

HØRING- FORSLAG TIL ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA. HØYRINGSFRÅSEGN. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209198-6 Arkivnr. 522 Saksh. Samara, Akylina Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 22.01.2013 31.01.2013 HØRING- FORSLAG TIL

Detaljer

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201202258-3 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 07.05.2013

Detaljer

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes. Opplærings- og helseutvalet 16.01.07 Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte 25.01.07 vedtak ettersendes. INNSTILLING Hordaland fylkeskommune er positiv til ei lovendring som klargjer fagskoleutdanninga

Detaljer

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert!

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert! Skriftleg Eksamen På KNUSK Vår 18 Dette blir supert! Innhald 1: Så du skal ha eksamen... 3 2: Kven skal ha kva?... 3 2: Førebuing... 3 3: Eksamensdagen... 4 3.1: Om engelsk og norsk... 4 3.2: Om matematikk...

Detaljer

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. Engelsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 26.04.2017 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn

Detaljer

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 15.12.2015 2015/7341/ANLR/633.1 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Seniorrådgivar Annhild Merete Lorentzen, 71 25 85 64 «REFDATO» «REF» Vår

Detaljer

Retten til spesialundervisning

Retten til spesialundervisning Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte

Detaljer

Pedagogisk analysemodell

Pedagogisk analysemodell Pedagogisk analysemodell Problemstilling: Det må vere uvisst kvifor det er avvik mellom noverande og ynskt situasjon Analysemodellen sine fasar ANALYSEDEL Formulering av problemstillingar Målformulering

Detaljer